R apport Seminar i praktisk og prosessuell restaurering Øygardsstua

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "R apport Seminar i praktisk og prosessuell restaurering Øygardsstua"

Transkript

1 For NHU Målselv Tradisjonshandverk og Musikk DA Roald Renmælmo Lyngstad 9321 Moen tlf: Mobil: e-post: R apport Seminar i praktisk og prosessuell restaurering Øygardsstua veke 37, 2004, Maihaugen, Lillehammer. Mur Vi starta den praktiske delen av seminaret ved å gå opp til den nesten ferdige grunnmuren som var satt opp på grunnlag av den dokumentasjonen som fans og med justeringar i høve til lokale høve og lokale massar. Espen gjorde greie for dei vurderingane som låg til grunn for muringa og korleis han med rot i tradisjonen vurderte dei lokale massane på den aktuelle tomta. Det er mange problemstillingar knytt til å rekonstruere eller restaurere murverk. Gamle murar er alltid tilpassa terreng og tilgang på lokale materialar. Å slavisk kopiere ein gamal mur på ein stad vil verte feil andre stader. Eg viser til utfyllande rapport av Espen Martinsen om grunnarbeid og muring som var lagt ved i kursmateriellet som vart levert ut på kurset. Tak Vi fann ut at vi var i den heldige situasjonen at det er bevart delar av det gamle undertaket på stua. Til alt overmål har desse borda lege som einaste tekking i mange år før dei vart overtekt med tegl. Berre delar av borda var så gode at dei vart teke vare på etter nedplukkinga av stua for 31 år sidan. Dei gamle borda vart undersøkt av deltakarane under leiing av Jon Godal. Dette vart gjort før vi drog ut i skogen for å finne noko tømmer som kunne egne seg til å skjere takbord av. Det var frå før kjørt fram noko tømmer til saga på staden men mesteparten av dette heldt ikkje same kvaliteten som vi fann på dei gamle takborda.

2 Takkonstruksjonen på stua kan ein kalle fotingsrøst utan at vi er sikre på at det er den rette lokale nemninga opphavleg. Namnet er kjent frå andre bygder i området. Det er saksesperrer som står på ein sperrelunn som ligg på tømmerveggen. Sperrelunnen har ikkje haking for å verke som samhald. Sperrelunnen stikk noko utom vegglivet og sperreføtene er tappa ned i denne utom vegglivet. På denne måten vert det løft i spennet til sperrelunnen som også ber loftsgolvet. Skogsarbeid Etter å ha studert virkeskvaliteten i dei gamle takborda frå Øygardsstua reiste vi ut i skogen ikkje så langt frå Maihaugen. Vi hadde avtale med ein skogeigar om å få ta ut eitt tre om vi fann noko som var høveleg. Området vi var i har låg bonitet med ein del blåbærlyng imellom blandingsskog av gran og furu. Jon Godal var frå før kjent i skogen der etter å ha tatt ut nokre tre der tidlegare. Det å kjenne skogen frå før er viktig for å kunne vurdere ein ståande bestand. Vi drøfta dei ulike faktorane som er viktige for at trea skal få dei eigenskapane som vi gjerne er ute etter. Tre som veks i lågare bonitet og som veks relativt seint vil gjerne ha betre eigenskapar enn tre som veks fort. Det lokale klimaet på staden betyr også ein del for korleis eigenskapane vert. Verknaden av at Mjøsa minkar temperaturvariasjonar og held oppe temperaturen om hausten kan være med på å gjere tømmeret seigare (meir langfibra) enn i område som er tørrare og har kaldare haustar slik som oppover Østerdalen. Samansetninga av eit bestand vil og være avgjerande for kvaliteten. Tre som veks opp i eit ope terreng eller med berre tre av lik alder rundt seg vil gjerne vekse raskare og breie utover lange kraftige greiner. Grana midt i bilete har typiske hengande greiner som er eit teikn på mjuk ved. Slik kraftig greinsetting gir gjerne uroleg ved i tillegg til at kvisten i seg sjølv kan lage store problem for handverkaren som skal bruke materialen. I eit bestand der ein har tre av ulik alder vil dei store trea stå som ein skjerm for dei yngre som kjem opp under. Ungtre får ikkje fri tilgang på lys og får heller ikkje bre seg så mykje utover. For å overleve vil ungtre strekke seg oppover for å kome til lyset og sette mindre kvist. Slike tre som veks noko seint og som strekker seg i ungdomen vil gjerne få mange gode eigenskapar.

3 Vi plukka ut ei gran som hadde svært lite og små kvist nest på stammen og som hadde frisk kvist oppover. Grana hadde kvistar som hang nedover og som tyder på at det var mjuk ved og mjuke kvistar til skilnad frå graner som har kvist som peiker rett ut eller oppover. For å vise eit døme på prosessuell restaurering også i handsaminga av tømmeret i skogen vart grana hogd med øks. Dette var etter ein arbeidsmåte som er dokumentert i Målselv og som var i bruk på 1920-talet. Vi har ikkje sett spor etter slik hogging på tømmeret i Øygardsstua men sidan tømmeret vart hogd midt på 1800-talet kan vi være sikre på at det i si tid vart hogd med øks og ikkje med sag. Foto: Hans Marumsrud Sag Vi fekk inn rotstokken som vi hogg i skogen og vurderte korleis han skulle skjerast for å få best mogleg resultat. Sjølv om grana i skogen verka lovande så var det ein del å ta stilling til. Stokken hadde ei tydeleg margsprekk, ei side med ein del tennar og ei side med meir kvist. Vi bestemte oss for å skjere eit margbord i midten parallelt med margssprekka for å unngå problem med denne. Vi fekk då ei side av stokken med bord med lite kvist og utan tennar. I den andre sida vart det litt meir kvist og ei tennarrand i kanten på borda. I den gode sida fekk vi ut 3 gode takbord og i den andre sida fekk vi ut to bord. Vi skar også bord av 2. og 3. stokken av denne grana og då vart det 4 bord av kvar stokk, to på kvar side av mergen. Vi fekk totalt ut 13 gode bord av denne eine grana og fekk ein del igjen for at vi reiste ut i skogen for å plukke ut dette eine treet. Alle stokkane vart skore mest mogleg parallelt med mergen for å få best mogleg virke i 1. og 2. borda. Borda vart skore berre ukanta på saga for at vi ikkje skulle miste verdifull breidd. Borda vart seinare kanta med øks før dei vart høvla ferdig til takbord. Vi hadde og liggande nokre stokkar som var kjøpt frå ein som hogg tømmer i ein gamal fjellskog i området. Dei var i utgangspunktet bestilt for å brukast til takbord og var av ganske grei kvalitet. Ved nærare gransking viste det seg at alle stokkane hadde større eller mindre virkesfeil som i vår samanheng gjorde dei omtrent ubrukeleg. Fjellskogen blir gjerne vanskeleg å bruke til slike formål som takbord.

4 Høvling av takbord Etter å ha granska dei gamle takborda så gjekk vi laus på å høvle nye bord til taket. Vi vurderte det slik at ingen av dei originale borda kunne brukast på taket om det skal stå med berre bordtak utan overtekking. Vi arbeidde med rå material rett frå saga. Vi brukte kritsnor for å merke på for kantinga og hogg kantinga med øks. Vi merka borda slik at vi fekk størst mogleg breidd i begge endar men slik at vi fekk rette sider. Borda fekk på denne måten den avsmalinga som det var på den aktuelle stokken. Dei gamle borda hadde mykje vankant og bar preg av at dei som hogg kantinga på dei ville ha størst mogleg breidd. Vi let det også være noko vankant på det som vert undersida på borda, mens det var rein kant på oversida slik at landet på sutakshøvelen får anlegg. Vi vurderte det slik at alle påborda på originaltaket var høvla med okshøvel på oppsida mens omlag halvparten av underliggarane var høvla. Vi valde også å høvle alle påborda med okshøvel. Det var nok med eit drag med okshøvelen for å ta sagskuren. Påborda vart høvla rand i både på oppsida og undersida. Randa på undersida låg nærare kanten av bordet for at det skal passe med randa oppå underbordet. Underborda hadde høvla rand berre på oppsida og der gjorde vi også det same med dei nye borda vi høvla. Ein detalj som vi kunne studere på det gamle taket var at dei som høvla borda var plaga med dei kvistane som låg ut mot kanten av bordet. Når dei høvla over desse kvistane letta dei på høvelen og let være å høvle akkurat over kvisten. For at vatnet skulle renne av bordet trass i at renna ikkje vart høvla over kvisten skar dei ut ei renne med kniv eller øks til sides for kvisten innover bordet. Vi klarte ikkje å finne ut om det var kniv eller øks som var brukt til dette men vi brukte øksa når vi laga same spora.

5 Vøling Det var ikkje så store råteskadar på Øygardstua ved nedplukking i 1973 men det har vorte meir under lagring på Maihaugen. Vi plukka ned dei stokkane som det var aktuelt å reparere og la dei bort på ein arbeidsbukk som var laga til. Vi vurderte skadeomfang på dei enkelte stokkane og kor vidt vi måtte bytte heile stokkar eller om det gjekk å spunse. Dei stokkane vi starta med kunne alle spunsast på ulike måtar. Vi gjekk fram på den måten at vi prøvde å fjerne det råteskadde treverket for så å finne ut korleis ein eventuell spuns måtte formast. Vi drøfta og at i andre område i landet så var det klimatiske høve som tilsa at ein måtte tenke meir over utforminga av slik spunsing og kanskje og heller bytte heile lengder av stokken. Dei nye bitane vart laga av tørr granplank som var plukka ut til føremålet. Vi prøvde å finne bitar som hadde mest mogleg lik kvalitet som originalstokken og tok ut emnet slik at årringane vart ståande på same måten som i originalen. I løpet av seminaret kom vi ikkje lengre enn å få grovtilpassa spunsane før nagling. Det vart drøfta ulike festemåtar som kan være aktuelle i ulike samanhengar. I denne samanhengen var det trenaglar i kone hål som er bora med 3 4 navar som var mest aktuelle. Det er krav til slike festemåtar at dei skal være bestandige over lang tid og då er trenaglar av det betre ein kan bruke.

6 Teljing Tømmeret i veggane i Øygardsstua er telja av gran som har høveleg dimensjon i høve til at det er arbeidsøkonomisk å telje sidene med øks før det som vert innsida i veggen vert høvla slett. Utvendig vegg vert det ikkje andre verktøyspor enn dei som vi ser etter teljinga. Ulike stader i landet har ein ulike måtar å telje (ry, skante eller bjelke som det også kallast) til slikt tømmer. Gjennom tidene har også reiskap og arbeidsmåtar endra seg. Slike forskjellar vil bli synleg i dei spora som blir att i veggen. Dei verslitne veggane i Øygardsstua har ikkje att så mange tydelege hoggemerke men noko kan vi lese ut av veggane. Det ser ut til å være hogd med bile som har gått ganske på tvers og litt på skrå av veden. Grovhogging med smaløks. Legg merke til at venstre fot er bak. Gjennom eit dokumentasjonsprosjekt som NHU har hatt tidlegare har ein dokumentert lokale tradisjonsberarar (ikkje langt frå der Øygardsstua stod) og arbeidsteknikken dei nytta til å telje tømmer. Denne arbeidsmåten vart nytta til teljinga av det tømmeret som trongs til utskifting i Øygardsstua. Arbeidsmåten går ut på at ein har stokken liggande på bukkar som er litt høgre enn knehøgd eller omlag 60 cm over bakken. Gangen i arbeidet kan beskrivast på denne måten: Ein vel ut stokk som skal teljast før ein har han opp på bukken. Det er om å gjere at tømmeret ikkje er for grovt i høve til det ferdige målet på stokken i veggen. Stokken vert lagd på bukken og vurdert i høve til kva som skal være opp. Som regel vert stokkane lagt med krylen opp i veggen. Om stokken er oval så vert han lagt på høgaste kant så han bygger mest mogleg i veggen. For at kritet skal synast betre kan ein gjerne hogge av ei barkeremse i den kanten snorstreken kjem. Det kan også være like greitt å barke heile stokken med øks eller barkespade før han vert lagt på bukkane.

7 Ein merkar av tjukna på stokken ved å bruke ein vater og halde han i lodd. Ein tenker særleg på å halde margen mest mogleg i senter av stokken for å få ein mest mogleg sprekkfri og stabil veggstokk. Ein skjer hakk i øvrekant av streken slik at kritsnora får styring. Ein mann står i enden av stokken medan den andre står midt på og løftar den strekte kritsnora passe høgt. Han som står i enden passar på at snora vert lyft mest mogleg i lodd før ho vert slept. Når dette er gjort rett får ein ei rett line mellom endane på stokken og ein kan kontrollere dette ved å sikte. Ein brukar ei smaløks til å grovhogge av baken på stokken før ein tar til med bila. Når ein står på same sida som ein øksar på og har stokken såg høgt oppe er det særs viktig at ein står godt og på rett måte. Når du har stokken på høgre side av kroppen og går bakover er det sikrast å ha venstre fot bak og høgre fram. Når øksa glepper i stokken så svingar ein ho ut til sides for å ikkje risikere å hogge seg. Til sjølve teljinga så vart det brukt biler på omlag 3 kilo som var skjefta ein tanke over for å kome betre til. Ein startar også her i toppenden av stokken og går baklengs og teljar slik at teljehona (uttrykk frå Hadeland) vert hengande fast i stokken. Når ein har omlag ein tomme att av veden inn til streken før ein går på med bila så er det gjerne høveleg for å få hona til å henge saman.

8 Vindauge Dei originale vindauga som var i stua vart tekne inn i snikkarverkstaden på Maihaugen og alle gruppene var innom kvar sin tur for å vurdere tilstand og tiltak. Nokre av vindauga var svært verslitne og var vanskeleg å få laga god kittfals utan å gjere for store inngrep i dei. Det var drøfta nokre ulike alternativ til tiltak og dei fleste var positive til å restaurere dei beste vindauga og så lage prosessuelle kopiar av dei som var mest verslitne. Det vert da aktuelt å ta vare på originalane i magasinet på Maihaugen slik at ein seinare kan gå tilbake til desse for å studere detaljar.

9 Dokumentasjon Det var ei eiga gruppe som skulle arbeide med dokumentasjon av det arbeidsgruppene føretok seg på seminaret. Det vart bruka fotoapparat og notat for å dokumentere undervegs. I utgangspunktet skulle det være to som dokumenterte på kvar gruppe men det fall slik at mange av dokumentatorane måtte reise tidlegare i veka så dei to siste dagane var det berre to av dei igjen og berre ein av desse fekk følgje ei gruppe gjennom heile seminaret. For å kome inn i dei problemstillingane som dei aktive deltakarane i gruppene strevde med så måtte dokumentatoren følgje godt med i alle prosessar og i alle drøftingar. Dette var meir krevjande enn det dei hadde tenkt seg på førehand. Når ein skal notere og fotografere så kravs det ein del konsentrasjon og fokus på dette. For å få fullt utbyte av arbeidet med dokuementasjonen burde kanskje dokumentasjongruppa vore involvert i etterarbeidet med å lage ei framstilling av det som vart gjort på seminaret. På denne måten får ein tenkt igjennom dei ulike prosessane på nytt.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring. Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar

Detaljer

HANDHØVLING AV GOLVBORD

HANDHØVLING AV GOLVBORD Roald Renmælmo HANDHØVLING AV GOLVBORD Du har kanskje gått på eit gamalt golv, eit med 6 meter lange bord som er 12 breie, 2 tjukke og smalnar av frå rot til topp? Har du tenkt på korleis dei har klart

Detaljer

Handverksnettverket. Seminar praktisk og prosessuell restaurering Ødegårdstuen 2005 Maihaugen

Handverksnettverket. Seminar praktisk og prosessuell restaurering Ødegårdstuen 2005 Maihaugen Handverksnettverket Seminar praktisk og prosessuell restaurering Ødegårdstuen 2005 Maihaugen Bordtak - ståande sulagde bord av gran Sortering, kanting, høvling og legging av bord. Originalt bordtak frå

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

Skjeltrevegg på grindebygd løe på Skageflå i Geiranger

Skjeltrevegg på grindebygd løe på Skageflå i Geiranger Målselv Tradisjonshandverk og Musikk DA 28.09.2004 Roald Renmælmo Lyngstad 9321 Moen Tlf 77835293 e-post: roalren@online.no Skjeltrevegg på grindebygd løe på Skageflå i Geiranger Fjellgarden Skageflå ligg

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p Norsk etnologisk gransking Desember 1953 Emne nr. 41. R E I P O G T A U R e i p Med spørjelistene nr 41 og 42 vil vi freista få eit oversyn over dei ymse slag tau og reip som har vore nytta på bygdene

Detaljer

2013/3219 25. Rapport fra kurs i. høvelmaking

2013/3219 25. Rapport fra kurs i. høvelmaking 2013/3219 25 Rapport fra kurs i høvelmaking på Buskerud bygningsvernsenter 7. 9. mars 2014 Mål for kurset: Kurs 7. 9. mars 2014 Målet med kurset er å gi en forståelse av kvaliteten og egenskapene til en

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar, Konglesanking Trea i skogen formeirer seg ved å spreie frøa sine med vinden utover skogbotnen. Dei fleste landar «på steingrunn» og berre ein svært liten del av frøa veks opp til eit nytt tre. For å sikre

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Bitraf Resultatregnskap0per031.12.2012

Bitraf Resultatregnskap0per031.12.2012 Bitraf Resultatregnskap0per031.12.2012 Note 2012 Driftsinntekter Medlemskap 1 89,660.56 Bedriftspartner 2 15,000.00 Sum;driftsinntekter 104,660.56 Driftskostnader Husleie 80,714.00 Labutstyr 3 3,327.00

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte Personalia: Testpersonens namn:... Fødselsdato:... Norm:.. Skule/Institusjon:... Klasse:.... Testleiar:... Dato:.. Merknadar: 1. Leseflyt og leseforståing

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet Verneverdige bygningar i kulturlandskapet Byggjeskikk og istandsetjing Stig Nordrumshaugen, restaureringsleiar i kulturavdelinga INNHALD Kva har vi, og kva er viktig å ta vare på? Eldre ressursbruk i kulturlandskapet

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer Pålogging i Altinn For å få tak i

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Kulturhistoriske registreringar

Kulturhistoriske registreringar Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 3, 4, 7 og 8 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.

Detaljer

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011 D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011 Hardanger Fartøyvernsenter Åsmund Kristiansen 1 April og halve mai var siste periode i dette prosjektet. Søndag 15. mai var det arrangement om bord i samband med

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Bilete og figurar i Word

Bilete og figurar i Word Bilete og figurar i Word av Kjell Skjeldestad Ofte har me behov for å setje inn ulike illustrasjonar i teksten vår. Det kan vere bilete, teikningar, diagram osv. Me skal sjå på nokre av dei mulegheitene

Detaljer

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Norsk Bremuseum sine klimanøtter Norsk Bremuseum sine klimanøtter Oppgåve 1 Alt levande materiale inneheld dette grunnstoffet. Dessutan inngår det i den mest kjende klimagassen; ein klimagass som har auka konsentrasjonen sin i atmosfæren

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 1 PROTOKOLL Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 L01/09 Oppnemning av møteleiar, referent, tellekorps og to personar til å skriva under landsmøteprotokollen.

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Tiltak Vurdering Søknadssum/ totalkostnad 1 Loftesnes, hovudhuset Arbeidet med salen er i sluttfasen og fylkesdirektøren vurderer det som viktig at 450

Detaljer

VOLLASETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA I SUNNDAL VOLLASETRA I SUNNDAL Side 1 Skjøtsel 2012 Denne rapporten er ein oppfølgjer av ein liknande rapport frå 2011 og bygger direkte på denne. Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei i 2012

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk S breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk 1 2 Breivik sementvarer Vårt sementvarespekter består av forskalingsblokk (heil, halv- og hjørneblokk), i tillegg til nopsastein.

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Eksamen 23.05.2014. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.05.2014. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.05.2014 MAT1013 Matematikk 1T Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: Rettleiing om vurderinga: Andre opplysningar:

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

DB 836 327 883 604 702 254 597 522 750 184

DB 836 327 883 604 702 254 597 522 750 184 Svineøkonomi Per Herikstad Hå Gardsrekneskapslag Peder Skåre Sparebank 1 SR-Bank Det siste året har vore prega av stort fokus på ubalanse i svinemarkedet. Overproduksjon gir lågare prisar for svineprodusentane

Detaljer

G A M A L E N G K U L T U R

G A M A L E N G K U L T U R Norsk etnologisk gransking Emne nr. 12 Oktober 1948 G A M A L E N G K U L T U R Den gjennomgripande utviklinga i jordbruket dei siste mannsaldrane har ført med seg store omskifte når det gjeld engkulturen.

Detaljer

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN? TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN? Du kan no få oversyn over kva for ressursar og verdiar du har i skogen din. Okt-13 Kva er ein skogbruksplan? Ein skogbruksplan inneheld areal-, miljø- og ressursoversikt

Detaljer

Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle Deres ref.: Dato: 11. september 2015

Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle Deres ref.: Dato: 11. september 2015 Sogndal kommune Tenesteeining Plan Postboks 153 6851 SOGNDAL Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle Deres ref.: Dato: 11. september 2015 SØKNADAR FOR BRÅTANE BUSTADFELT Bråtane Sogn as er endeleg i full gang

Detaljer

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Stråling frå elektronisk kommunikasjon Stråling frå elektronisk kommunikasjon Ei orientering frå Statens strålevern og Post- og teletilsynet Kva er stråling? I kvardagen omgjev vi oss med ulike typar stråling, frå både naturlege og menneskeskapte

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2012 var 481 (snittvekt 5,1 kg). I 2012 vart det fanga 1075 laks (snittvekt 6,5 kg), eit av dei aller beste resultata

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

BEBYGGELSESPLAN FOR B3, KVERNEVATN AUST - 2. GONGS HANDSAMING. Føresegner til bebyggelsesplan for felt B3 - Kvernevatn Aust

BEBYGGELSESPLAN FOR B3, KVERNEVATN AUST - 2. GONGS HANDSAMING. Føresegner til bebyggelsesplan for felt B3 - Kvernevatn Aust Åseral kommune Arkiv: L13 Saksmappe: 06/00596-12 Sakshandsamar: Astrid Marie Engeli Dato: 08.05.2007 BEBYGGELSESPLAN FOR B3, KVERNEVATN AUST - 2. GONGS HANDSAMING Føresegner til bebyggelsesplan for felt

Detaljer

HOLSVATNET RUNDT UNIVERSELL UTFORMA TURSTI

HOLSVATNET RUNDT UNIVERSELL UTFORMA TURSTI Midsund kommune Kart over Otrøya med Holsvatnet i raud ring. HOLSVATNET RUNDT UNIVERSELL UTFORMA TURSTI Midsund Jeger- og Fiskerforening i samarbeid med Friluftsrådet, NN, MM Org.nr. 984 681 828 Status

Detaljer

Hallo i nedslagsfeltet!

Hallo i nedslagsfeltet! Hallo i nedslagsfeltet! Her i Valdres flyg tida av stad, og eg har det supert! Kvar dag skjer det nye og spanande ting, og eg har storkosa meg dei siste vekene, sjølv med ribbeinsbrudd. Logisk nok har

Detaljer

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010 Rapport Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010 Sak: Jotunheimen nasjonalpark. Rydding av gamalt søppel i Fannaråken-området. Rapport. Frå oppsynsmann:

Detaljer

Vi lærer om respekt og likestilling

Vi lærer om respekt og likestilling Vi lærer om respekt og likestilling I Rammeplanen står det at barnehagen skal tilby alle barn eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og

Detaljer

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010

D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010 D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010 Hardanger Fartøyvernsenter Åsmund Kristiansen 1 Arbeidet med innreiing og trearbeid på D/S Stord 1 har gått over fl eire år. Det heile starta på med dokumentasjonsrapporten

Detaljer

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Stord sjukehus

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer