Skjeltrevegg på grindebygd løe på Skageflå i Geiranger

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Skjeltrevegg på grindebygd løe på Skageflå i Geiranger"

Transkript

1 Målselv Tradisjonshandverk og Musikk DA Roald Renmælmo Lyngstad 9321 Moen Tlf e-post: Skjeltrevegg på grindebygd løe på Skageflå i Geiranger Fjellgarden Skageflå ligg omlag 250 meter over havet rett over fjorden for Knivsfossen, som er mest kjent under namnet Syv søstre og er ein av dei viktigaste attraksjonane i Geiranger. Garden var drive alt frå talet og det var kombinasjonen av jordbruk og jakt i fjellområda kring garden som var livberginga her oppe. Garden var i si tid den rikaste i Geiranger. Garden Skageflå i Geiranger sett frå vest med løa til høgre i bildet. Av dei gamle bygningane på garden er det att ei løe, eit brønnhus og to tømra bustadshus. Det var to gamle løer på garden for omlag år sidan, men den eine var så dårleg at ho vart erstatta av ei ny i same storleiken. Den løa vi skal sjå nærare på er ei grindløe med 5 grinder og svaler på begge sidene. Løa står med mønet omtrent i nord-sør retning og har nordveggen mot fjorden. Løa har låve (treskargolv), høybrut (høyrom) og har truleg og hatt kornbrut (kornrom). Løa er bygd på ein heil kistemur med fjøsrom innreidd med båsar. Løa har vore ombygd og reparert fleire gonger i løpet av 1900-talet. Truleg er det lagt blekktak anten på 1930-talet eller kanskje noko seinare. Løa vart gjort noko mindre i samband med ei større vøling og ombygging på 1930-talet. Den øvste (mot sør) grinda vart fjerna og løa vart eit rom kortare. Ein del av sperrene vart reparert eller bytt ut og ein stor del av taktroet vart fjerna i samband med at blekktaket vart lagt. Ein del av kledinga på sørveggen og vestveggen har og vore bytt ut og har no kleding som er spikra med trådspiker. To av veggane, austveggen og røstveggen mot nord ser ut til å være omtrent slik som då løa vart bygd. Vi har inga datering på løa men på grunnlag av kor mykje materialane er verslitne så er ho truleg frå først på 1800-talet. Ein del av materialan ser ut til å være gjenbruk og kan være frå ei eldre tilsvarande løe. Eg kjenner til frå andre område på Sunnmøre at det frå gamalt av var vanleg at løene var bygd utan mura fjøs under. Løa kan ha stått utan fjøsdelen under frå starten.

2 Austveggen til venstre og nordveggen til høgre på løa på Skageflå Skjeltrevegg Austveggen på løa vart objekt for ei større restaurering våren Vi demonterte heile veggen etter ei grundig oppmåling. Vi gjorde dette ved å lage nye støtter under sperrene og jekka opp desse. Vi tok ut stavane i ytterveggen og fekk laus raftallen (øverste stokk i sideveggen, raftestokken) på ytrerafta (ytreraftallen) så vi fekk kome til. Vi laga ein ny raftall i bjørk og felte inn mot dei gamle sperrene. Vi bytta ut to stavar og spunsa inn ein ny bit i ein av dei gamle stavane. Denne veggen er den einaste som er bygd slik alle veggane på løa var opphavleg. Skjematisk snitt av ei sunnmørsk grindeløe med svalar eller skytjer som det vert kalla i Ørsta. Indreraftall vert og kalla storeraftall og ytreraftall vert og kalla likkjeraftallen. Skråband vert og kalla band. Illustrasjonen noko omarbeidd frå Beresystem, Godal og Moldal. Skjeltrevegg er i følge Ivar Åsen den sunnmørske nemninga på ein vegg av ståande bord, plank eller anna ståande material. Skjelter er eit vanleg ord i Nord-Noreg og har same tydinga som på Sunnmøre. Ein snakkar her om skjelterskjå, skjelternaust, skjelterløe eller skjeltervegg. Ein kan ha skjeltreveggar på hus med mange ulike beresystem og med kombinasjonar av stav og liggande tømmer. Når eg brukar ordet skjeltrevegg i denne samanhengen er det med tanke på veggar som ikkje har spikra eller nagla kleding. Nede står skjeltrane i eit spor i syllstokk, sleppstokk, veggstokk eller stokk nagla utanpå stavane som i dette høve. Oppe kan skjeltrane stå i spor, eller festa med band og vidjer, slik som løa på Skagflå.

3 Festemåte for skjeltring. På Skageflå finn vi eit sjeldant døme på ein gamal festemåte for skjeltring i veggar. Nedst på stavane er det felt inn og nagla fast eit band. Om det er riktig å bruke ordet syll om dette bandet er eg usikker på, for det har inga bering av andre delar av konstruksjonen enn skjeltrane. I ein artikkel om grindbygde uthus omkring Mundheim fann eg ordet råmetreet (truleg avleidd av ordet ramme i tydinga ei ramme som held saman stavane) om ein stokk som ligg på muren. Men det er uklart om også stavane stod oppå denne. Denne stokken som er nagla fast nedst på stavane er hogd flat på den sida som vender ut og flata litt mot kvar stav. På oppsida er det hogd eit V-forma spor ikkje ulikt eit medfar. Sporet har breidd på omlag 2 og er omlag like djupt. På austveggen var den eine stokken av bjørk og den andre av selje, på nordveggen var begge stokkane av bjørk. Alle skjeltrane var spissa i nerkant så dei passa inn i skjeltersporet nede. Dei var retta slik at skjeltrane kom omlag like langt ut i veggen og eventuell ujamn tjukn berre vart synleg på innsida. Detalj av ny stav og dei to syllene eller råmetrea som er nagla fast i nerkant av staven. Legg merke til sporet som er hogd ut for skjeltrane og hakk for drenering av vatn som vert samla opp i skjeltersporet. Oversiktsbileta av austveggen før vi tar til med å sette i skjeltrane. Bandet i øvre del av staven er kome på plass og bandet som skal ligge utanpå skjeltrane ligg klar på vandringa på stillinga. I øvre enden gjekk skjeltrane utanpå ytrerafta under takskjegget men var ikkje festa i denne. Dei fleste av skjeltrane var ikkje i kontakt med rafta i det heile. Eit stykke nedanfor ytrerafta var det felt inn eit band av bjørk. Bandet var etter måten smekkert og tydeleg ikkje meint for nagling eller spikring. Skjeltrane var røyst mot dette bandet og så låg det eit enda smekrare band utanpå som var surra saman med vidjer rundt det indre bandet. Dei to banda var hogd til av smekre bjørker. Det ytre bandet var smidd til slik at det var jamntjukt og smidig for at det skulle klemme godt på skjeltrane. Vidjene var vridd av bjørk og var knytt ein eller to gonger rundt banda. Bjørk verkar å være det mest vanlege materialet til slike vidjer. Ein kan som regel sjå på borkrestar og på overflata på veden kva for treslag det er. Ei av vidjene var truleg av hegg. Vidjene var bunde for kvar tredje eller fjerde skjeltre. Det var noko ulike knutar som vart brukt for å låse vidjene. Truleg er ikkje dette så viktig berre vidja held og er lett å stramme.

4 Bildet over viser skjeltrane under oppsetting der vi bind ei vidje for kvar skjeltre og lagar knuten på innsida. Bildet over viser detalj av knuten på ei av dei gamle vidjene. Skjeltrane var berre grovt hogd til på dimensjon og berre justert for bandet slik at alle skjeltrane kom omlag like langt ut i veggen utvendig. Denne måten å feste skjeltrane stiller ikkje særleg høge krav til kvaliteten på skjeltrane. Det meste kan brukast så lenge det held mål og er solid nok til at det kan stå ned i skjeltersporet. Nokre av skjeltrane hadde store skadar etter mottangrep mens andre hadde råteskadar. Trass i desse skadane kunne vi bruke opp mykje av dei originale skjeltrane. Skjeltre i den gamle veggen. Mange av dei hadde spor etter gjenbruk slik som denne som har tre store hol som er bora med ein navar. Skjeltra har også ein del merkelege hakk som vi tolkar som spor etter eit kløyvejern. Skjeltra har kløyvespor på begge sider og er altså frå ein stokk som det vart meir enn to skjeltre av. Storparten av skjeltrane er av kløyvd material. I austveggen var det 43 skjeltrar av dei gamle igjen. Omkring 5 skjeltrar mangla i eit parti av veggen. Av dei 43 skjeltrane var 32 av furu. Av desse var 24 kløyvd etter margen slik at det vart to skjeltrar av kvar stokk, desse hadde berre spor av hogging. 4 av furuskjeltrane hadde spor etter kløyving på begge sider slik at det blir meir enn 2 skjeltre av kvar stokk, mest truleg fekk dei 4 skjeltre av stokken. Nokre av desse skjeltrane hadde nokre spor som kan stamme frå eit kløyvejern. Slike kløyvejern er det ikkje mykje tradisjon på her i Noreg men ein liten utgåve var brukt til kløyving av tynneband og ein litt større var brukt til kløyving av koppstav. I andre land er det fortsatt handverkarar som brukar slike jern til kløyving av forskjellig material. 3 av furskjeltrane hadde spor etter boring som kan ha samband med kløyvinga. Det er særleg i samband med kløyving av halsar til båt at det har vore vanleg å bruke navar til å bore hol med jamne mellomrom langsetter stokken for å styre kløyvinga. Ei av furuskjeltrane hadde margen midt i og var altså hogd til av ein stokk. Det var variabel kvalitet på materialen som var brukt til skjeltrane frå tettvakse utmalma stokkar til meir snarvokse tømmer. I stor grad var det furu som hadde mykje krok og kvist

5 Det var og ein del av skjeltrane som var av andre treslag. 4 av skjeltrane var av bjørk og alle desse var kløyvd etter margen med øks. 2 av skjeltrane var av selje, 2 var av alm, alle kløyvd etter margen. Dei 4 siste skjeltrane vurderte vi til å være enten lind eller older, mest truleg var det to av kvart men det var vanskeleg å vurdere den verslitne overflata på desse. Løa frå innsida med nordveggen lengst bak i bilete. I nedre kant av bilete ser vi støttene for borda som laga skilje mellom låven og høybrotet, låvebrikja. Låvebrikja er sett på høgkant mot støttene. Materialbruk Løa på Skageflå har materialar av nesten alle treslaga ein finn i området og i alle dimensjonar og kvalitetar. Sjølve berekonstruksjonen har stavar av bjørk, alm og ask. Det er sett opp nokre støtter i seinare tid som er i selje, osp, furu og gran. Skråbanda er for det meste av bjørk og er krokvakse. Nokre av skråbanda er av furu men ser ut til å være nyare erstatningar etter at dei gamle er bytt ut. Betane er av bjørk. Raftallane er og av bjørk, kraftige og med ganske store krokar. Raftallar med store krokar er ikkje så vanleg og det vert meir arbeid med å felle ned sperrene slik at taket blir rett. Dei gamle sperrene er for det meste av bjørk men det er og sperrer av ask, osp og alm. Ein del av taket er bytt ut i samband med ombygging og der er det lagt inn sperrer av gran. Det er eit lite plantefelt med gran like ved garden og truleg er grana som er brukt i løa frå dette feltet. Alle trenaglane som vi undersøkte i løa var av bjørk. Skjeltreveggen sett frå innsida. Legg merke til at det er skråband berre i rommet mot nordveggen.

6 I høve til andre grindeløer i området har Skageflåløa ein større variasjon i materialbruk og større variasjon i ulike dimensjonar på materialane. Mykje av emna i dei berande delane er i kraftige dimensjonar. Når ein bygger grindeløer på denne måten kan ein variere ganske mykje på dei dimensjonane ein nyttar når ein passar på at ein held minimum styrkekrav i berekonstruksjonen. Det er berre sperrer og skråband som er nokså jamne på dimensjonane. Til venstre i bilete er det to nye skjeltre av selje. Den mørke skjeltra midt i bilete er av furu og har spor etter boring i samband med kløyvinga. Skjeltre nr. 2 og 3 frå høgre er enten av older eller lind. Lind som bygningsmaterial er lett å arbeide med, har ikkje lett for å sprekke og er relativt råtesterk når han ikkje er i kontakt med jord. Veden er mjuk og egnar seg lite til golvbord og slikt som slitast mykje. Veden er ikkje særleg seig men har relativt stor trykkfasthet. Selje som bygningsmaterial er det lite skriftleg belegg for her i landet. I ei undersøking som skogbruksmuseet har gjort ved å intervjue informantar frå heile landet er det tre informantar på vestlandet som har vore borti bruk av selje til kleding. Det er fleire på vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg som har vore borti selje til bruk i reisverk. Ask som bygningsmaterial har særlege eigeskapar. Veden er lett å arbeide med samtidig som han er særs slitesterk. Av dei materiala som er brukt i løa på Skageflå er det aska som har dei beste eigeskapane for bruk i stavar. Enkelte stader vart det bruka ask til naglar men det er ikkje døme på det på Skageflå. Alm som bygningsmaterial er slitesterkt, elastisk og hardt. Kjerneveden er holdbar også i kontakt med jord. Veden er vanskeleg å kløyve og er sterk mot splintring. Alma egnar seg godt til berekonstruksjonen, men og til kleding om ein får kløyvd og hogd ho til. Kløyving av selje til skjeltrematerial.

7 Skjeltreveggen på løa på Skageflå etter restaureringa sommaren Kjelder: Frimannslund, Rigmor: Grindabygde uthus omkring Mundheim. Artikel i By og Bygd, Norsk Folkemuseums årbok Godal, Jon Bojer: Tre til tekking og kleding, frå den eldre materialforståinga. Landbruksforlaget Oslo ISBN Godal, Jon Bojer og Moldal, Steinar: Beresystem i eldre norske hus. TI forlaget 1994 Gjeitvik, Hans: Bondeliv på Sunnmøre. Volda 1926 Gjerder, Per: Vestnorske utløer i stavverk. Universitetsforlaget ISBN Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, floraen i levende tradisjon i Norge Universitetsforlaget ISBN Kucera, Bohumil og Næss, Ragnar M. : Tre naturens vakreste råstoff. Landbruksforlaget ISBN Nedkvitne, Knut: Selja i norsk natur og tradisjon. Norsk skogbruksmuseum ISBN Standal, Ragnar: Ørsta bygdetun, husa på Brudavollen. Årsskrift frå Ørsta Bygdemuseumslag. Volda 1983 Åsen, Ivar: Norsk ordbok, omarbeidet utgave av Ordbog over det norske folkesprog. Cristiania 1873.

R apport Seminar i praktisk og prosessuell restaurering Øygardsstua

R apport Seminar i praktisk og prosessuell restaurering Øygardsstua For NHU Målselv Tradisjonshandverk og Musikk DA Roald Renmælmo Lyngstad 9321 Moen tlf: 77835293 Mobil: 99518938 e-post: roaldren@online.no R apport Seminar i praktisk og prosessuell restaurering Øygardsstua

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

SKJELTER M Å L S E L V DØME FRÅ STÅANDE BYGG

SKJELTER M Å L S E L V DØME FRÅ STÅANDE BYGG M Å L S E L V T R A D I S J O N S H A N D V E R K SKJELTER DØME FRÅ STÅANDE BYGG R o a l d R e n m æ l m o, Ly n g s t a d, 9 3 2 1 M o e n telefon: 99518938 r o a l d. h a n d v e r k @ g m a i l. c o

Detaljer

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring. Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar

Detaljer

HANDHØVLING AV GOLVBORD

HANDHØVLING AV GOLVBORD Roald Renmælmo HANDHØVLING AV GOLVBORD Du har kanskje gått på eit gamalt golv, eit med 6 meter lange bord som er 12 breie, 2 tjukke og smalnar av frå rot til topp? Har du tenkt på korleis dei har klart

Detaljer

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet Verneverdige bygningar i kulturlandskapet Byggjeskikk og istandsetjing Stig Nordrumshaugen, restaureringsleiar i kulturavdelinga INNHALD Kva har vi, og kva er viktig å ta vare på? Eldre ressursbruk i kulturlandskapet

Detaljer

G A M A L E N G K U L T U R

G A M A L E N G K U L T U R Norsk etnologisk gransking Emne nr. 12 Oktober 1948 G A M A L E N G K U L T U R Den gjennomgripande utviklinga i jordbruket dei siste mannsaldrane har ført med seg store omskifte når det gjeld engkulturen.

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Kulturhistoriske registreringar

Kulturhistoriske registreringar Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Norsk etnologisk gransking. April 1949. Emne nr. 15. G J E R D E

Norsk etnologisk gransking. April 1949. Emne nr. 15. G J E R D E Norsk etnologisk gransking April 1949 Emne nr. 15. G J E R D E Føremålet med denne spørjelista er å få eit oversyn over så mange som mogeleg av dei gjerdetypane som har vore i bruk her i landet. Men det

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland fmnopost@fylkesmannen.no 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den

Detaljer

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum På Åsen Bygdemuseum har ein i løpet av mange års museumsverksemd samla gjenstandar og bygningar som fortel om levesett og tradisjonar i vårt eige nærmiljø gjennom tidene.

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

2013/3219 25. Rapport fra kurs i. høvelmaking

2013/3219 25. Rapport fra kurs i. høvelmaking 2013/3219 25 Rapport fra kurs i høvelmaking på Buskerud bygningsvernsenter 7. 9. mars 2014 Mål for kurset: Kurs 7. 9. mars 2014 Målet med kurset er å gi en forståelse av kvaliteten og egenskapene til en

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Einar Kleiven har leita etter elvemusling i Vest-Agder, nærare bestemt i nokre bekkar i Mandalselva og i Nesheimvassdraget på Lista.

Einar Kleiven har leita etter elvemusling i Vest-Agder, nærare bestemt i nokre bekkar i Mandalselva og i Nesheimvassdraget på Lista. Fra: eve@fmva.no [mailto:eve@fmva.no] Sendt: 7. juni 2012 09:03 Til: bjorn.larsen@nina.no; Rikstad Anton Kopi: pkl@fmva.no; Pål Alfred Larsen; ksg@fmva.no; Ørnulf Haraldstad; ehe@fmva.no; atkr@fmva.no;

Detaljer

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011 D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011 Hardanger Fartøyvernsenter Åsmund Kristiansen 1 April og halve mai var siste periode i dette prosjektet. Søndag 15. mai var det arrangement om bord i samband med

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2 Rolf Lystad 18.09.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

VOLLASETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA I SUNNDAL VOLLASETRA I SUNNDAL Side 1 Skjøtsel 2012 Denne rapporten er ein oppfølgjer av ein liknande rapport frå 2011 og bygger direkte på denne. Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei i 2012

Detaljer

Arbeidsvekebok. Museet, Ny-Ålesund 2014. Tore Storm Jortveit

Arbeidsvekebok. Museet, Ny-Ålesund 2014. Tore Storm Jortveit Arbeidsvekebok Museet, Ny-Ålesund 2014 Tore Storm Jortveit Innleiing Denne arbeidsdagboka tar for seg restaureringarbeidet som er gjort på bymuseet i Ny-Ålesund, med formål å gjere bygget klart for ny

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Design som trøystar. Utsnitt av dekor til Lumina. Design av Scandinavian Surface.

Design som trøystar. Utsnitt av dekor til Lumina. Design av Scandinavian Surface. Design som trøystar Svale kan bety å gjere mildare, lindre, trøyste. Som ein svalande vind på ein varm sommardag, ei mjuk lindring i lengt og sakn, slik vil vi at våre monument skal vere varige, vakre,

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Bilete og figurar i Word

Bilete og figurar i Word Bilete og figurar i Word av Kjell Skjeldestad Ofte har me behov for å setje inn ulike illustrasjonar i teksten vår. Det kan vere bilete, teikningar, diagram osv. Me skal sjå på nokre av dei mulegheitene

Detaljer

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Føredrag på stadnamnmøte i Gaupne, 11.2.2015. Av Randi Melvær, Fylkesarkivet (1) Alle dei 26 kommunane i fylket får publisert nokre av namna sine

Detaljer

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN? TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN? Du kan no få oversyn over kva for ressursar og verdiar du har i skogen din. Okt-13 Kva er ein skogbruksplan? Ein skogbruksplan inneheld areal-, miljø- og ressursoversikt

Detaljer

D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010

D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010 D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010 Hardanger Fartøyvernsenter Åsmund Kristiansen 1 Arbeidet med innreiing og trearbeid på D/S Stord 1 har gått over fl eire år. Det heile starta på med dokumentasjonsrapporten

Detaljer

Setring ved Håbakkselet Hareid

Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Det var ein gong ein liten geitekilling som hadde lært å telje til ti. Da han kom til ein vasspytt, stod han lenge og såg på spegelbiletet sitt i vatnet,

Detaljer

Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Barnevern 2012 Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Fleire barn under omsorg I 2012 mottok 53 200 barn og unge i alderen 0-22 år tiltak frå barnevernet, dette er ein svak vekst på 2 prosent frå 2011,

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Tiltak Vurdering Søknadssum/ totalkostnad 1 Loftesnes, hovudhuset Arbeidet med salen er i sluttfasen og fylkesdirektøren vurderer det som viktig at 450

Detaljer

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

Smakebitar frå Hordaland fylkesarkiv - KGR-registreringar

Smakebitar frå Hordaland fylkesarkiv - KGR-registreringar Smakebitar frå Hordaland fylkesarkiv - KGR-registreringar Aud Karin Skagen Bismervekter og andre stongvekter Vekt som vektreiskap vert brukt til å bestemma eit legeme si masse eller vekt. Offentleg kontroll

Detaljer

Arbeidsrapport for Bur på Urdbø, Vinje kommune, Telemark 2010

Arbeidsrapport for Bur på Urdbø, Vinje kommune, Telemark 2010 Arbeidsrapport for Bur på Urdbø, Vinje kommune, Telemark 2010 Bilde 1) Bur før restaurering. Restaureringen ble utført av: Casper Juul Berthelsen med hjelp fra Jurij Osipov, Hans Marumsrud, Tore Krossli

Detaljer

Fuglestadelva, Hå kommune

Fuglestadelva, Hå kommune Fuglestadelva, Hå kommune Fuglestadelva drenerer sørlege deler av Høg-Jæren og renn ut i sjøen ved Brusand. Elva er naturleg lakseførande opp til fossen ved Åsane (,8 km). Elva er ei av dei faste overvakingselvane

Detaljer

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå? Norsk etnologisk gransking Desember 1953 Emne nr. 42 REIP OG TAU TAU 1. Har det i Dykkar bygd vore vanleg å laga tau av bast, og kva tre var det i tilfelle ein tok bast frå (lind, alm, barlind, furu e.a.)?

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar TIDSUR Dei første norske byane vert grunnlagt Julius Cæsar 10 11 Svartedauden 12 Dei første menneske kjem til Noreg 1 2 9 8 Jordbruk vert innført i Noreg Pyramidane i Egypt vert bygd Skriftspråk vert 7

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR Norsk etnologisk gransking Februar 1955 Emne nr. 48 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR Med denne lista vil vi freista å få greie på dei nemningane ( benevnelsene ) som bygdemålet frå gamalt nytta

Detaljer

Tradisjonell materialkunnskap

Tradisjonell materialkunnskap Tradisjonell materialkunnskap Byggnettverksmøte - 2012 Dovre handverksenter AS Kva slags material er vi ute etter? Varig material Stabil material Material med stor styrke Andre eigenskapar Tilpassa vyrkje

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Vi brukte dette bur som utgangspunkt for tiler, beitski og døråpning (uten dør). Dette bur står ikke så langt fra Rauland sentrum.

Vi brukte dette bur som utgangspunkt for tiler, beitski og døråpning (uten dør). Dette bur står ikke så langt fra Rauland sentrum. 7.1. Beitski og sval - Analogi av bur på Rauland JUUL RESTAURERING Bilde 19) Bur ved Rauland. Vi brukte dette bur som utgangspunkt for tiler, beitski og døråpning (uten dør). Dette bur står ikke så langt

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.

Detaljer

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/11-2005.

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/11-2005. Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/11-2005. Oppgåve 1 a) Rekn ut gcd(788, 116). Finn alle løysingane i heile tal til likninga 788x + 116y = gcd(788, 116). b) Ein antikvar sel ein dag nokre

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland Februar 2007 Om undersøkinga Undersøkinga er gjennomført av arbeidslaget AUD (Analyse, utgreiing og dokumentasjon) på oppdrag frå Europakontoret. Datainnsamlinga

Detaljer

HORDALANDD. Utarbeidd av

HORDALANDD. Utarbeidd av HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Handverksnettverket. Seminar praktisk og prosessuell restaurering Ødegårdstuen 2005 Maihaugen

Handverksnettverket. Seminar praktisk og prosessuell restaurering Ødegårdstuen 2005 Maihaugen Handverksnettverket Seminar praktisk og prosessuell restaurering Ødegårdstuen 2005 Maihaugen Bordtak - ståande sulagde bord av gran Sortering, kanting, høvling og legging av bord. Originalt bordtak frå

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Notat om historie og kulturlandskap

Notat om historie og kulturlandskap Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p Norsk etnologisk gransking Desember 1953 Emne nr. 41. R E I P O G T A U R e i p Med spørjelistene nr 41 og 42 vil vi freista få eit oversyn over dei ymse slag tau og reip som har vore nytta på bygdene

Detaljer

11. Svak nedgang i opplagstala for avisa

11. Svak nedgang i opplagstala for avisa Kulturstatistikk 2004 Aviser og periodika. Svak nedgang i opplagstala for avisa Talet på aviser held seg stabilt i Noreg, medan opplagstala fell. Dei to siste åra har opplagstala gått ned med om lag 67

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer