Ein trygg stad for trivsel, leik og læring

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Ein trygg stad for trivsel, leik og læring"

Transkript

1 Ein trygg stad for trivsel, leik og læring Årsplan

2 INNLEIING Velkomen til eit nytt barnehageår med blanke ark og mange moglegheiter. Vi gler oss til å møte nye barn og foreldre og håpar at alle vil finne seg til rette og trives hos oss. Vi håpar på eit godt samarbeid med deg som foreldre og vil prøve så godt vi kan å imøtekomme dine ønskjer og behov. Ut frå våre forutsetningar vil vi leggje best mogleg til rette for at barna skal få ei god og trygg tid i barnehagen. Barnehagen er ein stor del av barnas barndom og er ein viktig arena for barnas utvikling, leik og læring. Som barnehage er vi avhengig av å ha eit godt og nært samarbeid med dykk foreldre og vi set stor pris på alle tilbakemeldingar vi får. Dette barnehageåret ser det ut til å bli 20 barn ved Fiksdal barnehage. Barnehagen er ein del av Fiksdal oppvekstsenter. Vi prøver derfor å legge til rette for eit godt samarbeid mellom barnehage, skule og SFO. Telefonnummer til barnehagen: Mobilnummer til barnehagen: E-post: E-post: E-post: gunn.havnsund@vestnes.kommune.no tine.baardsnes@vestnes.kommune.no janita.gresdal.skjerve@vestnes.kommune.no

3 Pedagogisk grunnsyn I Fiksdal barnehage er vi opptatt av at barnehagen skal vere ein trygg plass med mykje nærleik og omsorg. Samtidig skal barna få med seg eit mangfald av kunnskap og gode opplevingar som dei kan ta med seg vidare i livet. Barnet skal bli stimulert til å utvikle seg som eit heilt og fullt menneske. Vi jobbar etter Vygotskys og Bruners teoriar. Dette vil blant anna sei: at vi ser på barnet som sosialt frå fødselen av at barnet utviklar seg og lærer seg sjølv å kjenne ved å være i samspel med vaksne og barn For at barnet skal utvikle eit positivt sjølvbilde, kreves det at barnet opplever seg sjølv positivt i samspel med omsorgspersonar og leikekameratar. I følgje Vygotsky er språket eit viktig reiskap i barnas utvikling. Vi vaksne må være bevisste på å sette ord på barnas opplevingar helt frå første dag i barnehagen. Ved å omgrepsfeste deira opplevingar, får barnet eit reiskap til å tenkje tilbake på opplevingar og prate om kva dei har opplevd. Språket er tankens byggjeklosse. Vi ønskjer og gje barna eit vitt grunnlag, det vil sei at vi ikkje bremsar barna i deira ønske om å lære. Vi må observere kvart enkelt barn for å kunne vete kva barnet er interessert i og held på med akkurat no.

4 Dette krev at vi er nær barna gjev omsorg er opptatt av at det aldri er for tidleg å introdusere kunnskap, berre kunnskapen er tilpassa barnas nivå Bruner beskriv oss vaksne som stillas for barn når vi støtter dei. Det vil sei at når dei skal lære ny kunnskap, bygg vi stillas for det enkelte barnet etter kor mykje hjelp barnet treng. Etter kvart som barnet meistrar oppgåva sjølv, bygg vi ned stillaset. Ved å være eit støttande stillas for barnet, kan vi hjelpe det og meistre ting som det ikkje hadde greidd utan hjelp. Dette krev at vi som jobbar i barnehagen kjenner barna vi støtter godt, og veit kva dei treng hjelp til og meistre. Barnas utvikling og læring blir av Bruner omtala som ei trapp. Eit trappetrinn stend for ny læring, altså ny kunnskap. Barnet klatrar opp eit trinn, ofte ved hjelp av eit støttande stillas (ein omsorgsperson), og kviler der mens den nye kunnskapen synk inn. Deretter begynner dei på neste trinn. Vi ønskjer å være dette stillaset for kvart enkelt barn. Dette krev at vi har ei observerandes haldning, og at vi er bevisst på kor viktig vår rolle som omsorgspersonar er for barnas utvikling. Nærleik, omsorg og tryggleik er viktige omgrep for oss.

5 2. BARNEHAGEN SITT SATSINGSOMRÅDE 2017/ Alle barnehagane i Vestnes kommune held fram med prosjektet; Barnehagane i Vestnes er gode når: -vi har eit godt psykososialt miljø for barn og vaksne. I den forbindelse har vi i Fiksdal barnehage utarbeida vår beste praksis som ser slik ut: VÅR BESTE PRAKSIS Kvaliteten på barna sitt psykososiale miljø er god når vi arbeider for gode relasjonar. Dette gjer vi ved og: Være gode rollemodellar Tydlege vaksne som er gode forbilde i måten vi snakkar til kvarandre på, korleis vi opptrer mot kvarandre og til tider korleis vi kler oss. La barna føle trygghet Sjå og lytt til kvart enkelt barn, bygge gode relasjoner, forutsigbarhet, gode rutiner, vise omsorg La barna føle mestring

6 bekrefte og vise glede over det barnet får til, gje ros, framheve det dei er gode på ovenfor andre, gje nye utfordringar. La barna føle livsglede La dei få utfolde seg i leiken, la barna føle at dei er verdifulle, humor og glede I desember 2017 vil det bli utarbeida ein ny «Beste praksis». Den vil bygge på standaren; Barnehagane i Vestnes er gode når barnehagen er sin stad for leik, læring, danning og omsorg. Dette gjer vi ved å implementere den nye rammeplan. 2.2 Handlingsplan mot mobbing I forbindelse med prosjektet «Den gode barnehagen i Vestnes» har det vorte utarbeida ein handlingsplan mot mobbing i Vestnes kommune. Dette er ein forpliktande plan for kommunale og private barnehagar i arbeidet med å førebygge og hindre mobbing i barnehagane. Målet med denne plana er å synleggjere korleis barnehagane i Vestnes arbeider førebyggande mot mobbing, samstundes som den skal vere eit verkty til hjelp når mobbing, utestenging og trakassering blir avdekt. 2.3 Ny rammeplan Årsplana for bygg på den gamle rammeplan. Dette fordi den nye først trer i kraft til hausten og fordi vi skal ha årsplana ferdig før sommarferien. Vi skal sjølvsagt implementere den nye rammeplan litt etter litt når vi tek til på nytt barnehageår og personalet skal både kursast og lese seg opp på innhaldet i den nye plana.

7 Her kjem ei kort oppsummering av det som de kan vente dykk av forandringar når den nye plana skal takast i bruk; Foreldrenes rettigheter blir klarere Den nye rammeplanen som trer i kraft hausten 2017, blir tydlegare på barnehagens forpliktelsar. For eksempel blir det tydeligare at personalet skal førebyggje og stoppe utestenging og mobbing. Det skal vere nulltoleranse for mobbing. Mangfald, språk og vennskap Den nye rammeplanen bygger vidare på den norske barnehagetradisjonen der leiken har ein sentral plass. Den tar samtidig omsyn til at barnehagekvardagen og foreldra sine forventningar har endra seg. Blant anna har andelen blant minoritetsspråklige barn som går i barnehage auka frå 58 prosent til 79 prosent dei siste ti åra. Framtidas barnehagar skal være inkluderande arenaer. Meir merksemd på dei yngste Med den nye rammeplanen blir også arbeidet med dei yngste barna styrka. I dag går 80 prosent av alle norske eitt- og toåringar i barnehagen. Det er ein stor overgang både for barn og foreldre når barnet går frå å være heime med foreldra til å bruke det meste av si vakne tid med andre vaksne og barn. Betre overgang til skulen Den nye rammeplanen skal også bidra til at dei eldste barna får en god overgang til skulen. Barnehagen og skulen skal bli betre til å samarbeide. Dei eldste barna skal få anledning til å glede seg til å begynne på skulen, og dei skal oppleve at det er ein samanheng mellom barnehage og skulen.

8 3.TEMA FOR ÅRET Meg sjølv og kroppen min blir hovudtema dette året. Dette er eit stort tema som vi igjen har delt inn i seks forskjellige kategoriar. 1. Kven er eg? Barnehagen skal vere ein trygt og godt stad å vere. Det skal vere ein læringsarena der barna kan få utviklet seg og få eit positivt sjølvbilete. Det er viktig og sjå at alle barn er forskjellig i forskjellige samanhengar. Kva slags bilde av barna vi velger å sette fokus på, får betydning for alle barn og dermed også korleis vi organiserer virksomheten vår. Ved at dei vaksne saman med barna observerer, tar del i og engasjerer seg i samhandling med barna, kan dei finne ut av kva barna er opptatt av og legge til rette for aktivitetar etter barnas interesse og læringsbehov. Målet vårt må vere at kvart enkelt barn skal få oppleve meistring og glede ved å vere ein del av eit fellesskap. 2. Meg sjølv og familien min Her vil vi bygge vidare på dette med «Kven er eg?» Samstundes vil vi utvide området litt og dra inn den næraste familien til barnet. Vi kjem til å etterspør familieplakatar som vi håper heimen vil ta seg tid til å lage. Med denne plakaten har vi eit godt utgangspunkt for samtale rundt familien til kvart enkelt barn, pluss at vi kan gjere barna merksam på nokre av dei forskjellige familiekonsultasjonane vi har i dag. Som at nokon bor i lag med mor, far og søsken, andre i lag med berre den eine av foreldra osv.

9 3. Sansane våre Ein reknar med at mennesket vanlegvis har fem sansar; syn, hørsel, smak, lukt og følesans. Sansane våre fortel oss korleis verden rundt oss er akkurat her og no. Altså det vi kan sjå, høre, lukte, smake og føle på huda. Barn sansar alt sterkare enn oss vaksne. Dei er nesten som «ein svamp» der alle sanseinntrykk treff barnet og forplantar seg gjennom heile kroppen. Arten og mengda av sanseinntrykk er av den største betydning både for den fysiske, emosjonelle og intelektuelle utviklinga. Barnets aktive og tillitsfulle måte å ta imot omverden på, gjer at vi må legge stor vekt på og gje barna varierte sanseopplevingar av høg kvalitet. 4.Kosthald Vaner og handlingsmønster tek form allereie i tidleg alder. Gode vanar som blir til i barnehagealder, kan vare livet ut. Barnehagen skal bidra til at barna tilegner seg gode vaner, haldningar og kunnskap om kost, hygiene, aktivitet og kvile. 5.Fysisk aktivitet Gjennom fysisk aktivitet ønskjer vi at barna skal oppleve trivsel, glede og meistring ved å få oppleve allsidig bevegelseerfaring, inne og ute, året rundt. Barnehagen skal gje barna tilgang til varierte og utfordrande bevegelsesmiljøer, sanseopplevingar og kroppslig leik i og utanfor barnehageområdet.

10 6.Førstehjelp Her vil vi ta i bruk eit pedagogisk læringsopplegg tiltenkt for barn i barnehagen. Det blir kalla; «Henry førstehjelp for førskulebarn. Formålet med opplegget er å auke barnas Hjelpevilje Bevissthet og kunnskap om førstehjelp Bevissthet om Røde Kors sine humanitære verdiar Til dette opplæringsopplegget følgjer det med ei dokke som heiter Henry. Henrydokka har ein førstehjelpssekk på ryggen som vi skal sjå nærare på, pluss at det høyrer til nokre store plansjar med fine bilete og musikk. 7. Anna Årstidene er eit naturleg og gjennomgåande tema på barnehagen. Kvart år følgjer vi med på forandringane som skjer i naturen vår gjennom dei fire årstidene. Brannvernveke vil bli avvikla i september og juni. Høgtider kjem like sikkert kvart einaste år. På barnehagen vil mesteparten av desember-samlingane gå med på å formidle dei kulturelle verdiane vi har knytt til julehøgtida. Påska blir på same måte, men her brukar vi nok litt kortare tid enn det vi gjer på temaet om jul. Pinse blir ikkje «feira» på barnehagen, men det har vorte tradisjon at førskulegruppa blir innvitert ned i kyrkja på pinsevandring. Så dei vil nok få eit lite innblikk i kvifor vi feirar pinse. Den siste høgtida vi forbereder oss på her på barnehagen er 17. mai.

11 TEMAPLAN August Tilvenning Meg sjølv og kroppen min Oppstart av førskulegruppe September Meg sjølv og kroppen min Haust Oppstart av turgruppe Brannvernveke Oktober/november Meg sjølv og kroppen min Haust Desember Juleførebuing Nissebesøk Julefest Barnegudsteneste Januar/februar Meg sjølv og kroppen min Vinter Mars/april Meg sjølv og kroppen min Påskeførebuing Vår Mai 17. mai førebuing Vår Juni/juli Brannvernveke Sommarfest Sommar

12 4. KOMPETANSEUTVIKLING FOR TILSETTE Personalet skal fortsette å jobbe med refleksjonsgrupper samtidig som vi skal jobbe vidare med «Den gode barnehage i Vestnes» Det vil også bli satt av tid slik at personalet i barnehagen skal få anledning til å sette seg inn i innhaldet i den nye rammeplan. I tillegg til dette blir det: Romsdals barnehagestevne Studie- og planleggingsdagar Rettleiing og medarbeidersamtale 4.1 Studie- og planleggingsdagar Vi har 5 planleggingsdagar kvart barnehage år. Desse dagane er barnehagen stengt. 7. og 8. august. Vi forbereder oss på haustsemesteret. 9. oktober. Romsdalsk barnehagestemne. 2.januar. Vi forbereder oss på vårsemesteret. 25. juni Evaluering av vårhalvåret. Planlegg oppstarten til neste haust.

13 5. DAGSRYTME I FIKSDAL BARNEHAGE Vi ønskjer å kunne dele barna mest muleg inn i mindre grupper. Dette for å legge til rette for eit innhald ut ifrå barnas behov og tilpasse aktiviteten etter barnas alder og modning. Det er stor forskjell på behovet til ein eitt åring og ein fem åring. For å kunne ta i vare kvart enkelt barn på best muleg måte har vi derfor valt å dele barna inn i småbarns- og storbarnsgruppe. I mindre grupper er det mykje lettare å sjå det einskilde barnet og gi rom for språkstimulering, medverknad, individuell tilpassing og god leik. No i oppstarten må vi rekne med å bruke litt tid på å finne ut av korleis vi skal få gruppene til å fungere best muleg saman og kvar for seg. På tidleg morgon og sein ettermiddag vil det vere naturleg at alle barna er i lag, medan vi i kjernetida mellom klokka stort sett vil vere delt. Ønske frå oss som jobbar i barnehagen: Alle barna som skal ete frukost i barnehagen skal vere på plass i god tid før klokka Prøv å unngå å hente barnet midt under fruktmåltidet. Dette skaper unødvendig uro i barnegruppa. Alle klede som barnet brukar i barnehagen skal merkas med navn. Det er foreldra sitt ansvar å halde orden på plassen til barna i garderoben. Støvlar og sko skal hengast opp kvar dag og «posthylla» skal tømmast.

14 Klokke Innhald Mål Korleis? Barnehagen opnar Små og store skal føle seg Ta i mot barna i velkommen garderoben eller Frukost Skape god stemning rundt måltidet, samtale med barna Storbarnsgruppa Småbarnsgruppa Inndeling i grupper. Høgtlesing og samling. Påkledning for dei minste Gruppeglede, alle barn skal bli høyrd og sett. Formidling av aktuelt tema. Trene sjølvstendigheit og sosial kompetanse. inne på avdelinga Store og små sit saman rundt bordet. Dei vaksne oppfordrar til kommunikasjon. Vi oppmodar alle barna til å delta. Barna medverkar sjølv til korleis aktivitetane utformar seg. Barna prøver å kle på seg sjølv og hjelpe kvarandre med påkledning Storbarnsgruppa Uteleik Styrte aktivitetar inne eller ute. (Eks: turdag, formingsaktivitetar, språkgruppe, førskule) Leik og undring Trene sjølvstendigheit, utholdenheit og sosial kompetanse Lunsj/smøremåltid Barna skal bli mette. Lære normal bordskikk. Sosialt samlingspunkt. Rydde etter måltid Kvile/frileik ute. Kvile for dei barna som treng det. Dei andre har frileik ute Mellommåltid med frukt Skape god stemning rundt måltidet, samtale med barna Frileik/ rydding Leik/ lære å rydde opp leikene vi har halde på med Barnehagen stenger Ha kontakt med den vaksne som hentar barnet. Vi legg til rette for leik og er med å undre oss i lag med barna. Vi legg til rette for forskjellige aktivitetar og undrar oss i lag med barna. Store og små sit saman rundt bordet. Dei vaksne oppfordrar til kommunikasjon. Roleg overgang til dei som skal kvile. Vaksne legg til rette for frileik. Ute eller inne. Alle barna må delta i rydding. Sette av tid til å prate med den som hentar barnet.

15 6. BARNEGRUPPA DETTE ÅRET Desse barna har plass ved Fiksdal barnehage dette barnehageåret: Gaute Daniel Elias Håkon Frøya Marius Heine Elias Jakob Ingrid Ina A Oliver Iver Elias Theodor Liva Elizangela Lily Haakon Grete Martinus Håkon 7. PERSONALGRUPPA DETTE ÅRET Driftsleiar 5% Gunn Havnsund Pedagogisk leiar med 60% utvida ansvar Tine Bårdsnes Pedagogisk leiar 80% Janita Gresdal Pedagogisk leiar 100% Gunn Janne Olsen Barne- og ungdomsarb. 100% Marita Tomren Barne- og ungdomsarb. 100% Assistent 20% Mvh Gunn Havnsund - ped.leiar -

16

Ein trygg stad for trivsel, leik og læring

Ein trygg stad for trivsel, leik og læring Ein trygg stad for trivsel, leik og læring Årsplan 2018-2019 INNLEIING Velkomen til eit nytt barnehageår til alle små og store. Vi gler oss til å møte nye barn og foreldre og håpar at alle vil finne seg

Detaljer

ein felles møtestad Årsplan 2011/2012

ein felles møtestad Årsplan 2011/2012 ein felles møtestad Årsplan 2011/2012 INNLEIING Velkomen til eit nytt barnehageår alle saman! Eit nytt og spanande år med nye utfordringar står for døra. I år vil vi gå opp frå 24 til 29 plassar fordelt

Detaljer

ein felles møtestad Årsplan 2013/2014

ein felles møtestad Årsplan 2013/2014 ein felles møtestad Årsplan 2013/2014 INNLEIING Velkomen til eit nytt barnehageår alle saman! Eit nytt og spanande år med nye utfordringar står for døra. I år vil vi ha berre 22 barn, og dette utgjer 24,4

Detaljer

ein felles møtestad Årsplan 2015/2016

ein felles møtestad Årsplan 2015/2016 ein felles møtestad Årsplan 2015/2016 INNLEIING Velkomen til eit nytt barnehageår alle saman! Eit nytt og spanande år med nye utfordringar står for døra. I år vil vi ha 19 barn, og dette utgjer 22,2 plassar.

Detaljer

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse aktivitetane. Revidert haust 2015 BRINGING OG HENTING Kva er

Detaljer

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET Sss Levande kulturarv Frå jord til bord Utforsking og læring gjennom digitale verkty Tarkus - barnas trafikkvenn Vennskap og inkludering FOKUSOMRÅDE Friskus og fysisk

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med nye elevar,

Detaljer

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der

Detaljer

AVDELINGSPLAN

AVDELINGSPLAN AVDELINGSPLAN 2016-2017 AVDELINGSPLAN 2016 2017 Lyngtua Saman får me verdas viktigaste verdiar til å vekse Osterøy kommune LYNGTUA AVDELINGSPLAN 2015 2016 Lyngtua er ein av seks avdelingar i Lonevåg barnehage.

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta

Detaljer

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. 2014 Manifest mot mobbing 2014-2018 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. Barnehage, skule og kultur i Bjerkreim kommune Rune Andersen

Detaljer

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel. Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013 BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel. Vi vil at alle barn skal kunne ta del i eit fellesskap der trygghet og trivsel står i fokus gjennom leik og læring.

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) Denne planen gjeld frå og med januar 2015 til og med desember 2015. I tillegg lagar personalet ein grovplan med meir

Detaljer

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE Gjeldande frå 1. august Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. oktober 2017 Innhald Kva er hensikta med ein rammeplan? Litt historikk

Detaljer

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar 07.15 Ankomst Gi barnet ein god start på dagen Skape gjensidig kontakt mellom bhg og foreldre. Vise merksemd og annerkjenne barnet 08.00 Frokost Ete seg mett

Detaljer

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018 ÅRSPLAN Jostedal barnehage 2017 / 2018 2Innleiing: I denne årsplanen finn de informasjon om barnehagen sine satsingar og konkrete tiltak innafor ulike område, og i planen er det teke omsyn til idear og

Detaljer

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Dette betyr at: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre.

Detaljer

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2014-2015 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2014-2015 3 Bli synlig duå barnehage 3 Leiken 5 Fellessamlinger, Miniprosjekter 6 Gymsal, Barn sin medverknad Førskulegruppa 7 Vurdering

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019 Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med

Detaljer

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen. BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen. Ein vaksen møter barn og foreldre. Personalet opprettar kontakt med barnet. Utveksling av

Detaljer

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017 SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017 ÅRSPLAN 1 1. Opplæringslova om skulefritidsordning (SFO) 13-7.Skolefritidsordninga Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE 2015 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE Wenche Fagerbakk Tysnesbarnehagane 09.11.2015 Hovudmål: Barnehagane har nulltoleranse mot mobbing. Delmål: Alle tilsett skal jobbe aktivt for å oppretthalde

Detaljer

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder: Språk og språkmiljø Vi har språk og språkmiljø som satsingsområde. Det er eit mål å gje barna varierte og positive erfaringar med ord og uttrykk, saman med konkret sanse- og førstehandserfaring, i naturlege

Detaljer

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2015-2016 Kva vi jobbar spesielt med i år 31.08.2015 1 Innhald Satsingsområde 2015-2016 3 Sosial kompetande: Forebygge mobbing i Ågotnes barnehage 3 Få duå under huden og synleggjere arbeidet vårt

Detaljer

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Bakgrunn for meldinga - KD Nesten alle barn går i barnehage Summen små barn i barnehage har auka betrakteleg seinare åra Trygge barnehagar med høg kvalitet For stor skilnad i kvaliteten på det allmennpedagogiske

Detaljer

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015 Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015 Innhald: 1. Visjon 2. Satsingsområde 3. Kompetanseutvikling 4. Oversikt over innhaldet i barnehageåret 2012/2013 5. Avdelingane 6. Vil du vite meir? 7. Samarbeid med

Detaljer

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Bakgrunn for meldinga - KD Nesten alle barn går i barnehage Summen små barn i barnehage har auka betrakteleg seinare åra Trygge barnehagar med høg kvalitet For stor skilnad i kvaliteten på det allmennpedagogiske

Detaljer

Informasjon til foreldre

Informasjon til foreldre Informasjon til foreldre Til deg/dykk som er nye foreldre ved Helland barnehage TILVENNING Det er viktig for oss at de opplever at den første tida i barnehagen går bra. Dette vil danne grunnlaget for at

Detaljer

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. BARNEHAGE: Helland barnehage AVDELING: Havhesten FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: KVALITETEN I HENTESITUASJONEN ER GOD NÅR DEN VAKSNE: Legg

Detaljer

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014. ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal

Detaljer

Du må tru det for å sjå det

Du må tru det for å sjå det Du må tru det for å sjå det Opplysnings- og meldeplikta Assistent Barnehageeiga til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Familie Pedagogisk leiar Fylkesmannen Barnekonvensjonen Diskrimineringsforbodet,

Detaljer

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring. ÅRSPLAN 2006-2007 Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.» Velkommen til barnehageåret 2006-2007!

Detaljer

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO Samling, Atheno, Stord, 22. mai 2019 Petter Steen jr., rådgjevar Sveio kommune 1 Bakgrunnen for at vi har SFO Skulefritidsordninga (SFO) blei gradvis etablert i norske

Detaljer

Bjørnehiet SFO - informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.

Detaljer

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA. Osterøy kommune VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA. F Innhald FORORD... 2 VISJON OG VERDIAR... 3 SATSNINGSOMRÅDAR... 4 UTELEIK:... 4 TIDLEG INNSASTS:... 4 BORNS TRIVSEL

Detaljer

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv. Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv. Innhald Innleiing s. 2 Verdigrunnlag s. 3 Resultatleiing Sjumilssteget

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE 2015-2016 INNHALD Innhald 2 Kort om skulefritidsordninga 3 Opningstider og tilbod i feriane 4 Påmeldingsfristar 5 Personalet ved SFO 6 Hovudmålsetjing 7 Dagsrytmen 8

Detaljer

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur Manifest for eit positivt oppvekstmiljø 2019-2023 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for krenkande åtferd. Barnehage Skule - Kultur Kommunestyret

Detaljer

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME Kvalitetsplanen er eit overordna styringsdokument. Det vert utarbeidd lokale handlingsplanar og årshjul på skulane som konkretiserer innhald og form. Organisering

Detaljer

LEIK OG VENNSKAP I OLDEN BARNEHAGE V/ Kari Samuelsen Nesdal, Kenneth Lie og Signe Opdal

LEIK OG VENNSKAP I OLDEN BARNEHAGE V/ Kari Samuelsen Nesdal, Kenneth Lie og Signe Opdal LEIK OG VENNSKAP I OLDEN BARNEHAGE 2012 2014. V/ Kari Samuelsen Nesdal, Kenneth Lie og Signe Opdal Barnehageloven 1 formål 3.ledd Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.

Detaljer

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Leikande, glade barn og natur hand i hand Leikande, glade barn og natur hand i hand Året 2013-2014 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2013-2014 3 Eventyr 4 Dino /Duå ut til alle 5 Førskulegruppa 6 Vurdering 7 Planleggingsdagar

Detaljer

Årsplan SFO Sevland skule 2017/2018

Årsplan SFO Sevland skule 2017/2018 Årsplan SFO Sevland skule 2017/2018 SFO Då var SFO året 17/18 i gang. Me har ein flott gjeng på SFO, det er til saman 40 barn. Vi opnar kl 7.00 og stenger kl 16.30. Telefonnummer: Sevland skole 52811766

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI) Rettleiar til bekymringssamtale / undringssamtale - til medarbeidarar som arbeider med barn Samtale med foreldre om bekymring for eit barn Nedanfor finn du fleire forslag til korleis personalet i ein barnehage

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING ANDERSHAUGEN BARNEHAGE STORDAL KOMMUNE STORDAL KOMMUNE Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil. Innleing. Utarbeiding av

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen! Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage 2016-2018 Magiske øyeblikk i kvardagen! Årsplan / Utviklingsplan Orre barnehage 2016-2018 Presentasjon av barnehagen Orre barnehage er en kommunal barnehage

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2016-2017 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Måndag til torsdag 06.45 17.00 Fredag 06.45-16.30 Kjøp av tid: Dersom det

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Hei alle saman. No i september har me starta med å gå tur heim til nokon av barna, for å sjå kor dei bur. Det er stas å visa fram heimen sin, og kjekt for dei andre

Detaljer

Klar til skulestart EPHORTE 2011/1767-2. PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Klar til skulestart EPHORTE 2011/1767-2. PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune Klar til skulestart EPHORTE 2011/1767-2 PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune 14.06.2012 Klar til skulestart Formålet med Klar til skulestart: INNHALD: gje det enkelte barnet ein god overgang

Detaljer

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017 Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017 TEMA: «Fysisk aktivitet, psykisk helse og kosthald» «Være sammen» Askeladden Kristoffer, pedagogisk leder Britt Karin, pedagogisk leder Linda, pedagogisk

Detaljer

Skjema for eigenvurdering

Skjema for eigenvurdering Skjema for eigenvurdering arbeidet med språk og språkmiljø i barnehagen I denne delen skal du vurdere påstandar om noverande praksis i barnehagen opp mot slik du meiner det bør vere. Du skal altså ikkje

Detaljer

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Årsplan 2007 2008 ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Vi vardar vegen Varde er nemninga på ein haug med steinar som vert lødd opp som vegmerking. På veg til den store varden der målet er, passerer vi

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Hovedmål: Trollskogen har nulltoleranse mot mobbing Delmål: Alle tilsett skal jobbe aktivt for å oppretthalde eit mobbefritt oppvekstmiljø i Trollskogen. Kva er mobbing? Mobbing

Detaljer

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel. Velkommen til Ulveset SFO SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og er ein del av skulen si verksemd. Skule og SFO har eit tett samarbeid og bidrar til eit heildags tilbod for dei yngste barna

Detaljer

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN 2018 2021 Hunstad barnehage Ravnebjerget barnehage Vinterdalen barnehage Vognstølen barnehage «Hvert barn skal bli sett, hørt og stimulert ut fra egne forutsetninger»

Detaljer

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER Fotograf: Ragnhild Kvålseth5 år ÅRSPLAN FOR BARNEHAGEN 2015-2016 Barnehagen jobbar ut ifrå barnehagelova og forskrifta Rammeplan for barnehagens innhald

Detaljer

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Halvtårsplan våren 2014 Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Leirstaden Barnehage er ein kulturbarnehage. Vi spissar vår kompetanse og prosjekter i denne retninga. I Barnehageloven står det: Barnehagen skal formidle

Detaljer

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE BØ KOMMUNE SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE Folkestad og Bø Skule Gullbring barnehage Folkestad barnehage Veslekroa studentbarnehage Maurtuva barnehage Sandvoll barnehage Bøhamna

Detaljer

Årsmelding for Urhei barnehage

Årsmelding for Urhei barnehage Årsmelding for Urhei barnehage 2014 15 Målekartet byggjer på Prinsippa i «Balansen» og kommunen sin visjon for barnehage, skule, kulturskule og vaksenopplæring: Alle barn/elevar opplever kvar dag læring

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Rammeplan for barnehagen Fagdagane i Loen 7. 8. juni 2017 Rammeplanen som styringsdokument Rammeplan for barnehagens innhold

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO Vi vil med dette ønske alle velkomen til vår skule/sfo. Vi ser fram til å verte kjent med dei nye barna som skal begynne på SFO, og håpar på eit godt samarbeid med dykk som

Detaljer

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM Loar og Garmo barnehage Innhald Felles informasjon om Loar og Garmo Visjon Målsettingar Felles pedagogisk plattform verdisyn, læringssyn, barnesyn Krav i rammeplan Overgang

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Hovudmål: Barnehagane i Fusa har nulltoleranse mot mobbing. Delmål: Alle tilsette skal jobba aktivt for å oppretthalda eit mobbefritt oppvekstmiljø. Kva er mobbing? Mobbing er

Detaljer

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Velkommen til Tussejuv barnehage!

Velkommen til Tussejuv barnehage! Velkommen til Tussejuv barnehage! INFORMASJONSHEFTE Adresse: Brøløsvegen 8, 3840 Seljord Telefon: 35 06 51 80 / -81/ -82 Styrar: Gunhild Sundbø E-post: tussejuv.barnehage@seljord.kommune.no Seljord kommune

Detaljer

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015 Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015 Velkommen til høsten og våren på Trollebo Vi er godt i gang med et nytt barnehageår på Trollebo. For noen av dere er det deres første møte med Sørholtet barnehage.

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Rammeplan for barnehagen Utdannings og oppvekstmøte 31. mai 1. juni 2017 Rammeplanen som styringsdokument Rammeplan for barnehagens

Detaljer

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE Overordna mål for samarbeidsrutinane - Born og foreldre skal oppleve overgangen frå heim til barnehage som trygg og god - Borna skal oppleve

Detaljer

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt. INFORMASJON FRÅ A Å Barnehageåret: går frå 2. helga i august Betaling: de får tilsendt faktura den 1. i kvar månad med 14 dagars betlingsfrist. Uteblir betalinga, vil de få brev frå økonomiavdelinga om

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING PLAN FOR KOMPETANSEHEVING Harøy barnehage, 2014-2020 «En god barnehage krever kompetente ledere og faglig reflekterte voksne. De ansattes kompetanse er den viktigste enkeltfaktoren for at barn skal trives

Detaljer

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule! SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik, respekt og gode utvikligsvilkår. Det blir

Detaljer

Arbeidsmetode: Dagstavle: Vi bruker dagstavle i samling. Der henger det bilder av barna og hva de skal gjøre. Bilder av voksne henger også der.

Arbeidsmetode: Dagstavle: Vi bruker dagstavle i samling. Der henger det bilder av barna og hva de skal gjøre. Bilder av voksne henger også der. PERIODEPLAN PÅ KNALL HØSTEN 2017 Tema: Å skape/bygge gode relasjoner Dagsrytme; NÅR HVA 07.15-07.30 Lunta åpner Knall og Lunta 07.30-08.30 Frokost og frilek 09.30-08.45 Rydding 08.45-09.00 Samling 09.00-09.30

Detaljer

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018 Barns leik og vennskap Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten 2015- våren 2018 Skal vi vere venner? https://www.youtube.com/watch?v=etekkebxz m0 PROSJEKTPLAN MORK BARNEHAGE På leiarmøtet våren 2015

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. Kvinnherad kommune MØTEINNKALLING Utval Komite for oppvekst, kultur, idrett Møtedato 25.01.2011 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post:

Detaljer

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy Kvinnherad kommune Nordsido oppvekstområde www.hatlestrand.oppvekstsenter.no Årsplan for 2018/19 barnehagane i Nordsido oppvekstområde Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy Overordna mål for Nordsido oppvekstområde:

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

De som jobber på Eika er: Janne, teamleder, Bergljot pedagogisk leder og Lotte, assistent og en nyansatt assistent.

De som jobber på Eika er: Janne, teamleder, Bergljot pedagogisk leder og Lotte, assistent og en nyansatt assistent. ÅS KOMMUNE Nå nærmer det seg oppstart for de yngste barna i barnehagen. Vi kommer til å starte på avd. Grana, som vi får låne av de eldste barna. Men 12. oktober da skal den gamle delen være ferdig renovert,

Detaljer

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år Storebjørn Året 2016-2017 Kva vi jobbar spesielt med i år September 2016 1 Innhald Satsingsområde 3 Hakkebakke skogen 3 Førebygge mobbing i Ågotnes barnehage 5 Fellessamlinger, 6 Gymsal, Barn sin medverknad

Detaljer

INDIVIDUELL UTVIKLINGSPLAN - IUP

INDIVIDUELL UTVIKLINGSPLAN - IUP KONFIDENSIELT INDIVIDUELL UTVIKLINGSPLAN - IUP FOR BARN I FØRSKULEALDER BRUKARRETTLEIING OS KOMMUNE 1 HEI! Eg heiter: Namn, alder, avdeling i barnehagen, litt om familien om ønskeleg. Når eg er glad, viser

Detaljer

ÅRSPLAN FOR KREKLING 2013-2014

ÅRSPLAN FOR KREKLING 2013-2014 ÅRSPLAN FOR KREKLING 2013-2014 Godkjent i samarbeidsutvalget 30. oktober 2013 VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR 2013-2014 Vi er kommet godt i gang med nytt barnehageår. Dette barnehageåret vil vi ha ekstra

Detaljer

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19 Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19 SAMAN SET ME SPOR - Fleksibilitet respekt omsorg glede Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som kan være grei for deg når du skal

Detaljer

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015 En trygg start ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015 Litt om Familiebarnehagen: Familiebarnehagen ble startet i 1989 og er en privat barnehage drevet av Klara Magnetun Brotnow. Den ligger sentralt

Detaljer

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Tilleggsinnkalling av Formannskapet MODALEN KOMMUNE Tilleggsinnkalling av Formannskapet Møtedato: 31.01.2017 Møtestad: Formannskapsrommet Møtetid: 09:00-12:00 Det vert eit kort møte i valstyret før lunsj - sjå eiga møteinnkalling. Eventuelle

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn Barnehage til beste for barn Barnehagen inn i framtida Tidleg innsats Best mogeleg barnehagetilbod for alle barn + Starten på utdanningsløpet (i samanhengande læringsmiljø) + Fullført utdanningsløp = Økonomisk

Detaljer

Satsningsområder. Barnehagen ønsker å fremme barns sosiale samspill og styrke den positive selvoppfatningen hos det enkelte barn.

Satsningsområder. Barnehagen ønsker å fremme barns sosiale samspill og styrke den positive selvoppfatningen hos det enkelte barn. Satsningsområder Kremmerhuset barnehage ønsker å utvikle et anerkjennende miljø og bygge gode relasjoner mellom alle i barnehagen. Barn foreldre ansatte.for å oppnå dette jobber vi med: - De Utrolige Årene

Detaljer

Tilbakeblikk på mars:

Tilbakeblikk på mars: MÅNEDSPLAN FOR NØTTELITEN Tilbakeblikk på mars: Tema for mars var «ballaktivitet og påskeførebuing». Me har leika med ballar og ballongar på avdelinga, i gymsalen og i uteleiken. Me har og byrja med påskesamlingar

Detaljer

Barnehagen sitt samfunnsmandat

Barnehagen sitt samfunnsmandat Barnehagen sitt samfunnsmandat «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.» (Lov om barnehager)

Detaljer

Månedsbrev Bikuben september 2016

Månedsbrev Bikuben september 2016 Månedsbrev Bikuben september 2016 Velkomen til eit nytt barnehageår på Bikuben. Spesielt velkomen til dei nye barna frå Knøttene; Emrik, Jonas, Elisabeth, Malvin, Gabriel Ragnar og Vanessa, og til Natanael

Detaljer

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune Hausten 2009 starta alle barnehagane i kommunen opp eit utviklingsprosjekt gjennom konsulentfirmaet Triangel i Molde. Eit prosjekt med fokus på leiing

Detaljer