Jeg angrer ingenting



Like dokumenter
Jeg angrer ingenting

Jeg angrer ingenting

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Melankoliens historie. Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo. Konsert for årstrinn

Frevo. gitarheltar. Konsert for årstrinn

Eplemøya Om jenter og sauer

Mhoo. Heime bra, men borte best

Fannaråken Blåsekvintett

Double Focus. Afrikanske dikt og afrikansk musikk = Rytmisk poesi = Historieforteljing gjennom musikk. Konsert for

SOLO SOLO. - ein griot fortel si historie. Konsert for årstrinn

Ugress. Konsert for årstrinn

Litjtausa. -to feler kan lyfte tak. Marie Forr Klåpbakken- fele Julie Alapnes Normann -fele. Konsert for årstrinn. Foto: Anne Marit Jota

Lyden av Munch. Hvordan ville det høres ut hvis maleriene fikk musikk? Konsert for årstrinn

Captain Credible. Daniel Lacey-McDermott - Captain Credible. Konsert for årstrinn

Musikk på serbisk. Konsert for årstrinn

Besøk frå Brasil. Choro betyr liten gråt, men er eigentleg ein ganske glad og munter musikk

SOFIA JANNOK - Lidenskap og kontraster

Intro klassisk. Ung stjerne. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

RARE DYR. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Livets dans, Edvard Munch. Lyden av Munch. Hvordan ville det høres ut hvis maleriene fikk musikk? Konsert for årstrinn

Klassetrinn klasse

Musikk i bilete. ein konsert med Trondheim Symfoniorkester. Konsert for årstrinn

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene. Kouame møter barna

Rikskonsertane si skolekosertordning 2012/2013

Konsert for årstrinn

Bøygard Røre Ved Deg

Vennskap. SISU perkusjonensemble. Konsert for årstrinn. Foto Morten Eckersberg

Frevo. gitarhelter. Artist - instrument. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

SONGS AND SWEET POTATOES

Transjoik og Sher Miandad Khan. Transjoik lager musikk som er opphissende, vital og kraftfull! Konsert for årstrinn

Lula, Mississippi. Fra Delta til Pop. Erik Harstad - gitar/bass Amund Maarud - gitar Henrik Maarud - gitar/vokal. Konsert for

ZWAI MBULA. Du kan gjøre hva som helst med musikk og instrumenter, spørsmålet er hvordan du gjør det. Zwai Mbula. Konsert for

Bevinget Bach. Woodpeckers Blokkfløytekvartett. Konsert for årstrinn

Klodens kontraster. En konsert til ettertanke, en musikalsk kommentar til de utfordringer vi mennesker og vår alles jordklode står overfor.

YKSI KAKSI KOLMIO Funk fra Finland

Foto John Hughes/Rikskonsertene. Ila Auto. En konsert med bluegrassmusikk spilt av bandet Ila Auto. Konsert for årstrinn

Bassoversveis. Jørun Bøgeberg. Konsert for årstrinn

Lyden av Munch. Anders Lønne Grønseth - saksofon Audun Ellingsen - kontrabass Ulrik Ibsen Thorsrud - trommer. Konsert for

Jeg synger din sang min venn (tidligere tittel Jegvil bygge mitt land)

Raya & the gypsy legacy

Melankoliens historie

Swannsang. Konsert for årstrinn

LIK, LIK, ULIK. Er det bra eller dårlig å skille seg ut? Konsert for årstrinn

SKAKKE SANGER. - både rare, skumle og litt ekle. Konsert for årstrinn

FRA BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Sagoland. The JETS ein jazzkonsert med smak av Sverige. Klassetrinn trinn

Elsker - Elsker ikke. Ragnhild Furholt - sang Jon Solberg - gitar Anders Erik Røine - munnharpe. Konsert for årstrinn

: Frevo. Produksjonsnummer: 109H112 Oslo

Rikskonsertenes Skolekonsertordning KONSERTINFORMASJON. Swannsong. Klassetrinn klasse RIKSIMMTENE. Buskerudfylkeskommune \X)

BULDREBLUES OG BLÅSUS. Arle Hjelmeland vokal, munnspill Stein Urheim strengeinnstrumenter, vokal. Konsert for årstrinn

TO TOBI. Lek og tradisjonsmusikk fra Marokko. Konsert for årstrinn

Captain Credible. Daniel Lacey-McDermott - Captain Credible. Konsert for årstrinn

Konsert for årstrinn

Solo Solo. - en griot forteller sin historie. Konsert for årstrinn

Forest & Crispian New Wave Baber Shop Rock

Radio Musical. Frekvenser fra Bolivia og Peru. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Gode melodier Olav Kallhovd, piano Ola Fjellvikås, sang

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Røverhistorier og raptekster

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Vidar Vang. - Sleepless Songs - Konsert for årstrinn

SPOR. -om oppturer og nedturer. Konsert for årstrinn

Brazalsa samba + salsa = sant

KJERKÅ Ein musikalsk arkitek-tur

DinoSau. Skatten, skatten, Klas har tatt den! Eit surrealistisk eventyr om ein forsvunnen skatt, dinosauer, mafia, aviser og ein kilen kval

Konsertinformasjon MUSIKKMAT. Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Turneen er eit samarbeid mellom. Klassetrinn 1-4 trinn.

Swannsong. Klassetrinn klasse

Blues for barna. Har du en dårlig dag, spill en blues, så blir det kanskje bedre? Konsert for årstrinn

SONGS AND SWEET POTATOES

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Hjemme hos. - en avslappet stuekonsert

The Only Way To Travel

Ekornes i 100. Med én musiker på scenen og 100 trommer presenteres rytmer fra 100 land på instrumenter som er opptil 100 år gamle!

Gode melodier Ola Fjellvikås - sang Merethe Trøan - sang

Intro klassisk. Unge stjerner. Konsert for årstrinn

Eplemøya. Om jenter og sauer. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Petter Carlsen A taste of what s to come

JAZZINTRO. Konsert for årstrinn

SE MIN ILD. - og andre skumringshistorier

Musikkfantasier - for solobratsj elektronikk og elever

MUNTRE MUSIKANTER. konserter med elevmedvirkning. Konsert for årstrinn. Forsvarets musikk

Swannsong. Klassetrinn klasse

Benedicte Maurseth. - Benedicte Maurseth, årets norske folkemusiker Konsert for årstrinn

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Klangbein. Klassetrinn: klasse Produsent: Scene Finnmark Produksjonsnummer: 113HY17

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Nils-Olav Johansen. Utdanningsetaten. Oslo kommune. Konsert for årstrinn

Lyriaka. - en fantasiforestilling på ungdommenes premisser. Konsert for årstrinn

Transjoik og Sher Miandad Khan. Sápmi møter Pakistan. Konsert for årstrinn

SJÅ MIN ELD. - og andre skumringshistorier

Tonje ror aleina. Konsert for årstrinn

Frevo. Gitarhelter. Konsert for årstrinn

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv.

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Hjemme hos. - en avslappet stuekonsert

IKT-kompetanse for øvingsskular

SONGS AND SWEET POTATOES

Swannsong. Klassetrinn klasse

Transkript:

2011 2012 Jeg angrer ingenting - Piaf på norsk Mine minner på borg når jeg tenner en ild, for å brenne min sorg, så hva fører den til? Tenk hva kjærlighet var og om alt gikk omkull, fikk jeg aldri et svar, jeg vil starte på null. Konsert for 8. - 10. årstrinn

: Jeg angrer ingenting - Piaf på norsk PROGRAMMET Edith Piaf blei fødd i 1915 i Paris, Frankrike. Det korte livet hennar var dramatisk og sorgtungt, men også prega av eit liv som superstjerne. Piaf blei forlaten av mor si og oppdregen av farmora som dreiv bordell i Normandie. Frå ho var tre til ho var sju år, var ho blind. Det blir hevda at ho blei kurert då ho blei teken med av dei prostituerte som arbeidde for bestemora, på ei pilegrimsreise til den heilage Teresa. Seinare budde ho ei tid hos den alkoholiserte far sin, som ho så forlét då ho var 15. Då drog ho til Paris og begynte som gatesongarinne. I 1935 blei Edith oppdaga av nattklubbeigaren Louis Leplée, som gav henne tilnamnet La Môme Piaf (den vesle sporven), eit tilnamn som skulle følgje henne livet igjennom. Med den særprega stemma og den intense scenepersonlegdommen blei ho etter kvart enormt populær både i Europa og i USA. Ei lang rekkje av innspelingane hennar er blitt «klassikarar», mellom anna «Non je ne regrette rien», «Milord» og «Trois Cloches». Den kanskje mest kjende songen hennar, «La Vie en Rose», blei skriven mens tyskarane okkuperte Paris under den andre verdskrigen. Ho utnytta deretter den høge statusen sin, også blant tyskarane, til å gjere ein innsats for den franske motstandsrørsla. «Edith Piaf er udødelig. Like udødelig som Paris, byen der hun ble født og ville dø, som hun aldri forlot lenge av gangen. I dag er hun overalt. Aller mest i ånden», skreiv Aftenposten då fi lmen om Piaf, «La vie en rose», hadde premiere i 2007. I produksjonen «Jeg angrer ingenting Piaf på norsk», møter vi musikken og vesenet til Piaf gjennom dei sterke tolkingane til Pernille Heckmann. Førestellinga er dynamisk, dramatisk og skjør, sterk, lidenskapeleg og vakker. Akkurat som Piafs eige liv og skjebne MUSIKARANE Pernille Heckmann, vokal, er utdanna frå Bårdar Akademiet og Complete Vocal Institute i København. Ho har brei konsertbakgrunn og erfaring frå ei rekkje musikalar, som «I blanke messingen» og «Chicago». Pernille underviser også i både song og teater. Sidan 2003 har ho spelt førestellingar med Piaf på norsk. Bjørn Halstensen, tangentar, har spelt med ei rekkje artistar, mellom andre Halvdan Sivertsen, Linn Skåber, Göran Fristorp, Frode Alnæs, Johannes Joner, Alex Rosén, Hans Marius Hoff Mittet og Tine Skolmen. Han har komponert musikk til ei rekkje teaterførestellingar og artistar, og han blir også brukt som kapellmeister og arrangør ved events, konsertar, show og teater. 2 2011 2012

: Jeg angrer ingenting - Piaf på norsk PRAKTISK KONSERTFØREBUING Musikarane treng hjelp av seks sterke elevar til å bere utstyr når dei kjem, og etter konserten Musikarane kjem ca. 45 minutt før den første konserten Musikarane treng tilgang til straumuttak, to gonger 16 ampere Den driftsansvarlege og dei involverte lærarane må få ein kopi av denne konsertinformasjonen. Konserten varer i ca. 40 minutt. Vi ber om at kulturkontakten er tilgjengeleg under besøket. Hugs dessutan at det alltid er hyggjeleg å bli møtt med ein kopp kaffi når ein kjem til ein ny stad KORLEIS SKOLANE KAN STYRKJE SI EIGA KONSERTOPPLEVING Vi ber om at lærarane set seg saman med elevane og er publikum og opplever konserten på lik linje med elevane. Ver vennleg og informer om dette. Bruk konsertinformasjonen og informer elevane, skoleleiinga og lærarane om innhald og praktiske opplysningar. Rikskonsertane har god erfaring frå skolar som bruker elevvertar og elevarrangørar. Sjå www.rikskonsertene.no/eleversomarrangorer for meir informasjon. Gjer elevane på førehand kjende med Edith Piaf. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/edith_ Piaf for meir informasjon, eller sjå videoar på www.youtube.com. Dei førebudde møta er ofte dei beste. Bruk også Bruk konserten-materiellet som ligg ved. Eigarskapen til og effekten av konserten aukar der besøket er forankra i undervisninga og læringsmåla på skolen. I Bruk konserten-materiellet fi nn de også fl eire idear til undervisningsopplegg, www. rikskonsertene.no/brukkonserten. Idé/opplegg: Pernille Heckmann i samarbeid med Guro von Germeten Produsent: Guro von Germeten, Rikskonsertane Bruk konserten-opplegg: etter ein idé av Guro von Germeten og Kristina Cleaverley Velkommen til konsert! 3 2011 2012

: Jeg angrer ingenting - Piaf på norsk SPØRSMÅL OM TURNEPLANEN Turnélegger Hege M. Gagnat Møre og Romsdal fylkeskommune Tlf: 71 25 88 87 / 90 11 40 24 E-post: kultursekken@mrfylke.no SPØRSMÅL OM PROGRAMMET Produsent Morten Brenne Rikskonsertene Tf. 22 02 59 32 E-post: mb@rikskonsertene.no FAKTA Skulekonsertordninga til Rikskonsertane er ein del av Den kulturelle skolesekken og blir gjennomført som eit samarbeidsprosjekt mellom Rikskonsertane og fylkeskommunane. Skulekonsertane utgjer det hovudsaklege musikktilbodet innanfor Den kulturelle skolesekken. Rikskonsertane har det heilskaplege ansvaret for skulekonsertordninga og legg dei faglege rammene for verksemda. Skulekonsertane er statleg fi nansierte gjennom budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet. Fylkeskommunane har ansvar for turnéplanlegging og delar av konsertproduksjonen i sine respektive fylke. Kommunane abonnerer på skulekonsertane til Rikskonsertane, ei ordning som i dag omfattar 99,7 % av alle grunnskolane i landet. 600 000 barn får to årlege besøk av profesjonelle musikarar på skulane sine. Det er skulane sjølve som står som arrangør av skulekonsertane. Kvart år gjennomfører rundt 800 musikarar 10 000 skulekonsertar i Noreg. Du fi nn meir informasjon på www.rikskonsertene.no 4 2011 2012

SONGTEKSTANALYSE OG SPØK Å analysere songtekstar kan gi oss ei betre forståing av kva Edit Piaf ønskte å seie oss med songane sine. Ei slik forståing kan inspirere oss, men også gi oss konkrete verktøy og verkemiddel til korleis vi sjølve kan skape tekstar. Gjer gjerne songtekstanalysen (modul 1) av Jeg angrer ingenting ( Non, je ne regrette rien ) før konserten, for å skape ein eigarskap til og ei førforståing av konserten. Opplegget SPØK (modul 2) kan gjerast etter konserten, som eit middel til å fordjupe seg i tida rundt Piafs liv, rundt og etter andre verdskrigen. FAG EMNE MÅLGRUPPE TIDSRAMME RESSURSAR Norsk, musikk, samfunnsfag Tekst- og musikkanalyse 8. 10. årstrinn Modul 1: ca. 2 timar Modul 2: ca. 2 timar Pennar, ark eller PC, CD-spelar, konsertinformasjon med songtekst og lytteeksempel, Internett, bibliotek MÅL LK06 FRAMGANGSMÅTE Eleven skal lese og tolke eksperimenterande og modernistiske tekstar og kunne bruke desse som utgangspunkt for eigen tekstproduksjon (norsk, 10. årstrinn). Eleven skal skape forteljingar om menneske i fortida og slik vise korleis rammer og vendingar i samfunnet påverkar tankar og handlingar (samfunnsfag, 10. årstrinn). Eleven skal kunne gjere greie for korleis musikk speglar trekk ved samfunnsutviklinga og ungdomskulturen, og korleis dette kan komme til utrykk gjennom ulike former for rytmisk musikk, kunstmusikk og norsk, samisk og andre kulturar sin folkemusikk (musikk, 10. årstrinn). Modul 1: Elevane jobbar ein og ein eller i mindre grupper med den vedlagde teksten. : Elevane jobbar éin og éin eller i mindre grupper med den vedlagde teksten. Elevane skal lage ein skriftleg analyse av songteksten. Bruk gjerne nettet til å fi nne informasjon om artist, songtekstar og ulike innspelingar av songen. Bygg opp analysen på denne måten: Innleiing: kort informasjon om artisten og songen Hovuddel med analyse av teksten: Kva handlar songen om? Formidlar han eit tema, fortel han ei historie eller heller ei stemning? Kva verkemiddel har forfattaren brukt? Enderim? Bokstavrim? Gjentakingar? Metaforar? Kva språktone har teksten? Er han formell eller uformell? Bruker tekstforfattaren slang? Finst det klare referansar til andre songar eller hendingar i teksten? Blir teksten fortald i eg-form? Eller snakkar teksten om eller til nokon? Avslutning som inneheld di subjektive oppfatning av songen. Kva føler du når du høyrer teksten? Kvifor trur du forfattaren skreiv teksten? Korleis verkar oppbygginga av teksten på deg? Har teksten ein klar moral eller bodskap? Modul 2: Elevane jobbar i fi re grupper med å fordjupe seg i tidsperioden rundt Edith Piafs liv, rundt og etter den andre verdskrigen i Frankrike. SPØK er ein læringsmetode som viser dei store samanhengane i viktige hendingar opp gjennom historia. SPØK fokuserer på fi re sider ved historiske eller samfunnsaktuelle hendingar: det samfunnsmessige, det politiske, det økonomiske og det kulturelle. La elevane bruke Internett, bøker og oppslagsverk til å fi nne meir ut om desse elementa i SPØK: 5

S står for dei samfunnsmessige forholda i tidsperioden/området. Korleis lever folk, kva lever dei av? Korleis er familiesamansetjinga? Arbeidsforhold? Kva rettar har dei? P står for den politiske situasjonen i tidsperioden/området. Kva politiske system pregar tida/ området? Kva motsetnadsforhold, hendingar eller politiske samband pregar tidsperioden/ området? Pregar nokon nye lovforslag tidsperioden/området? Ø står for den økonomiske situasjonen. Kva for økonomiske system styrer? Korleis er balansen mellom tilbod og etterspurnad eller import og eksport? Finst det store økonomiske skiljelinjer mellom folk? Eller utprega fattigdom? K står for det kulturelle uttrykket frå tidsperioden/området. Kva kunstuttrykk er gjeldande? Kva for kunstnarar, utøvarar eller komponistar pregar epoken? Kva instrument bruker dei? Korleis blir kunsten verdsett? Er kunsten tilgjengeleg for alle? Gruppene jobbar med kvart sitt element i SPØK. Funna blir presenterte i plenum. Finn ein nokon fellestrekk innanfor alle SPØK-kategoriane? Ta så fram songtekstanalysen frå modul 1 eller ta utgangspunkt i sjølve konsertopplevinga. Kva parallellar og tilvisingar fi nn vi her til samfunnet rundt og SPØK-kategoriane? KVIFOR Elevane blir trena i å dekode kunstverk og får eit språk for omarbeiding av ei kunstoppleving. Dei blir kjende med element og verkemiddel for tekstskriving som dei kan overføre til eiga tekstskaping. Vidare får elevane ei heilskapleg oppleving av musikken og konteksten han er i, og dei blir medvitne om korleis kunsten blir påverka av tida og samfunnet. Elevane set seg også inn i korleis ein kan bruke samfunnstilhøve som inspirasjon for eiga skaping. TIPS FOR VIDAREFØRING La elevane jobbe med å skrive songtekstar eller andre tekstar inspirerte av tidsepoken/ området dei har sett seg inn i, med hjelp av dei verkemidla dei har blitt kjende med i modul 1. www.rikskonsertene.no/brukkonserten 6