Bykle kommune Rådmannsstaben SPISS Arkitektur & Plan AS Postboks 151 4662 KRISTIANSAND S Melding om vedtak Vår ref: Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2014/616-18 Hanne Heieraas Evju, 37938500 L12 23.04.2015 1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring for detaljregulering Hovden Appartement gnr/bnr 1/113 & 1/116 Rådmannen si tilråding: Med heimel i PBL 12-3, 12-10 og 12-11 vedtek planutvalet å legge reguleringsplan for Hovden Appartement gnr/bnr 1/113 og 1/116 ut til høyring og offentleg ettersyn. Saksprotokoll i Planutval - 20.04.2015 Behandling: Saka vart drøfta Vedtak: Tilrådinga vart samrøystes vedteke Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen brevet kom fram til påført adressat. Det er nok at klaga er postlagt innafor denne fristen. Klaga skal sendast skriftleg til den som har gjort vedtaket. Oppgjev kva for eitt vedtak det vert klaga på. Gjerne med saksnummer, kva klaga gjeld, og grunnen til at De meiner klaga må takast til fylgje. Med helsing Hanne Heieraas Evju Rådgjevar areal og plan
Kopi til: Fylkesmannen i Aust-Agder Postboks 788 Stoa 4809 ARENDAL Hovdeseter Velforening v/tor Knausen 10 1414 TROLLÅSEN Bergstrøm Statens vegvesen Region Sør, serviceboks 723 4808 ARENDAL Aust-Agder fylkeskommune Postboks 788 Stoa 4809 ARENDAL
Arkiv: L12 Saksmappe: 2014/616-15 Sakshandsamar: Hanne Heieraas Evju Dato: 13.04.2015 Saksframlegg Bykle kommune Saksnr. Utval Møtedato 29/15 Planutval 20.04.2015 1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring for detaljregulering Hovden Appartement gnr/bnr 1/113 & 1/116 Rådmannen si tilråding: Med heimel i PBL 12-3, 12-10 og 12-11 vedtek planutvalet å legge reguleringsplan for Hovden Appartement gnr/bnr 1/113 og 1/116 ut til høyring og offentleg ettersyn. Saksprotokoll i Planutval - 20.04.2015 Behandling: Saka vart drøfta Vedtak: Tilrådinga vart samrøystes vedteke SAKSUTGREIING Bakgrunn for saka Det vert fremma forslag til detaljregulering frå Spiss Arkitektur og Plan AS på vegne av Sameiget Hovden Appartement for område Hovden Appartement på Hovden i Bykle kommune. I gjeldane reguleringsplan er planområdet i dag regulert til hotell. Kommunedelplanen for Hovden 2013 2025 vart vedteken 27.02.2014, og syner planområdet som fritidsbustader. Føremålet med planen er derfor å detaljregulere eigedomen til fritidsbustad formål i samsvar med vedteken kommunedelplan for Hovden. Anlegget i dag er seksjonert og selt ut i eit sameige. Eigedommen er i all hovudsak ferdig utbygd og bebyggelsen består av det tidlegare leilegheitshotellanlegget. Planforslaget opnar opp for ei utviding av blokk D som vil kunne rome 8 nye leilegheiter, vidare vert det opna for 8 nye leilegheiter i det som i dag har vori symjehall og fellesareal. Innanfor eksisterande bygningsmasse tillatas det ombygging og endring inntil maksimalt 62 leilegheiter. Totalt tal vil då vere maksimalt 68 leilegheiter. Planen blei varsla 13.11.2014. Det kom innspel frå 3 offentlege instansar og 1 privat til varslinga. Desse er kommentert i tabellen under:
Innspel frå: Innspel: Rådmannens kommentar: Aust-Agder Fylkeskommune Plan og naturseksjonen: har ingen merknader Kulturminnevernavdelingen: kullgrop i den sør-vestre del Vert tatt til orientering Kolgropa skal innarbeidas i plankartet og føresegnene. av planområde skal vises med hensynssone båndleggingssone 730_1. Statens vegvesen Planområdet ligger utenfor deres ansvarsområde da det ikke er i kontakt med rikseller fylkesvegnettet. Det er lite sannsynlig at tiltaket vil føre til økt trafikk som gir negative konsekvenser i tilknytningspunktet ved rv. 9. Vert tatt til orientering Fylkesmannen i Aust-Agder Hovdeseter Velforening Formelt grunnlag Kommuneplan Bykle 2010 2022 Kommunedelplan Hovden 2013 2025 Plan- og bygningslova av 2008 Ellers ingen merknader. Gjør oppmerksom på at det skal gjennomføres risiko og sårbarhetsanalyse for alle planer. Oppfordrer Bykle kommune til å sette krav til obligatorisk medlemskap i den velforening som måtte opprettes i forbindelse med slike omreguleringer, slik at det blir rettferdig kostnadsdeling i forbindelse med snømåking, veivedlikehold og veibom. Søppel bod som eies av Hovdeseter Velforening omfattes i kartet over planområdet. Stiller spørsmålstegn til hvordan denne kan inngå i det avgrensende planområdet. ROS analyse er utarbeida og vedlagt planføresegn Bykle kommunen set ikkje krav, men oppmodar til medlemskap i velforeining. Planområdet har eigen eksisterande velforeining, Sameie Hovden Appartements. Plankartet har avsett egen område til renovasjon som ikkje skal endre eller hindre dagens bruk. Vurderingar og konsekvensar Kommunedelplan for Hovden 2013 2025 vedteke 27.02.2014 legg klare føringar for nye reguleringsplaner og oppmodar til forttetning av eksisterande områder. Planen for Hovden Appartements vert vurdert til å innfri desse føringane, og vil vere i tråd med overordna planar. Ved oppføring av nybygg skal dette ha tilnærma same volum og takvinkel som eksisterande bygg, samt oppført i same material. Planforslaget si føresegn sett krav til at det ved søknad om løyve til tiltak, skal det framleggast dokumentasjon på korleis parkeringsplasser og plassering av desse skal løysast for heile planområdet sett under eitt. Det
skal avsettast 1,5 parkeringsplass per leilegheit, delar av parkeringsarealet kan dekkast gjennom etablering av parkering under terreng. Registrerte kulturminne er innarbeide i føresegna og plankartet, og tatt omsyn til. Regionale og statlege myndigheiter har ingen negative merknader til planforslaget. Planforslaget vurderast å være i tråd med ny kommunedelplan for Hovden 2013 2025, og vert tilrådd lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Bykle, 13.04.15 Tallak Hoslemo Rådmann Vedlegg 1 Hovden Appartements - revidert planbestemmelser og planbeskrivelse 2 3CB36915-AC92-479B-A855-B188F17D79BB[2] 3 image001 4 2066_planbeskrivelse_120315 5 20150312 Hovden Appartement 6 616 Hovden Appartements - detaljregulering 7 Revidert plankart 8 Detaljregulering Hovden Appartements - reviderte plandokument 9 2066_PLANBESTEMMELSER 10 20150312 Hovden Appartement 11 Merknad til opstartsmelding frå seksjon for kultuminnevern 12 Uttale til varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Hovden Appartement 13 Innspel til varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid for gnr/bnr 1/113 og 1/116 - Hovden Appartement 14 Kommentar til varsel om igangsetting av detaljreulering for gnr/bnr 1/113 og 116 - Hovden Appartement Melding om vedtak sendast: Partar i saka