Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den 22.09.2005



Like dokumenter
Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Pedagogisk plattform

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

UKEPLANLEGGER. for lærere på ungdomstrinnet. Navn:

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Rådmannsutvalet Førde

KUNNSKAPSLØFTET. reforma i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Den norske grunnskolen. Roy Wiken

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Innhald 1:Innleiing :Vidareutdanning Nasjonal satsing Regionalt samarbeid Regionalt prioriterte

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2014/15

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Strategi for kompetanseutvikling

Balestrand kommune Sagatun skule

STRATEGISK PLAN FOR OPPVEKSTSEKTOREN I LEIKANGER KOMMUNE

KOMPETANSEKATALOG del I 2000 / 2001

Kultur for læring i biblioteket. Kunnskapsløftet

kompetanseplan Kompetanseplan for skulane i Hareid kommune

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Det nye KRL-faget fra 2005*

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

STRATEGI- OG ÅRSPLAN 2015 NORDSTRAND SKOLE. Dato: 6. januar Oslo kommune Utdanningsetaten Nordstrand skole

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag UDIR: Oppdragsbrev Desentralisert ordning for kompetanseutvikling og oppfølgingsordninga

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Psykologisk førstehjelp i skulen

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLINGA I GRUNNOPPLÆRINGA I VESTNES KOMMUNE

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

PRIORITERINGAR OG RETNINGSLINJER FOR VIDAREUTDANNING I GRUNNSKULEN I KVINNHERAD KOMMUNE

Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Retningsliner for grunnskulane i Lindås kommune

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Vågå. - Eit verdival. Årets barne- og ungdomskommune Ordførar, Iselin Jonassen Vågå kommune

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

KRISTIANSUND KOMMUNE UTVIKLINGSSEKSJONEN

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Sandeid skule SFO Årsplan

SØKNAD OM TILSKOT, «REGIONALT LEIARSTØTTEPROGRAM FOR SKULELEIARAR»

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

1. Beskriv målet/måla

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Tiltaksplan

Utviklingsplan

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Barnehageplan for Vinje kommune

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Frå tre små til ein stor.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Transkript:

Masfjorden kommune Kompetanseutviklingsplan for grunnskulen 2005 2008 Kultur for læring Vedteke i kommunestyret den 22.09.2005

Innleiing. Grunnlagsdokument: Generell del av L-97. St.melding nr 30 (03-04) "Kultur for læring". Utkast til fagplanar for den nye læreplanen. F-13/04 "Dette er kunnskapsløftet". Kunnskapsløftet "Kompetanse for utvikling". Arbeidsgjevar(KS) og arb.takarorganisasjonane har utvikla ein strategiplan for kompetanseauken frå 2005 til 2008. OBS! "Sentrale omgrep" side 6. Dokumenta er på www.skolenettet.no og www.odin.dep.no/ufd Mål for kompetanseauken: Personalet i grunnopplæringa skal ha kompetanse som sikrar elevane og lærlingane tilpassa opplæring med høve til å utvikla sine evner og talent i samsvar med generell del L-97, læringsplakaten og læreplanar for fag. Sentrale omgrep i reforma: Kompetanse, Vidareutdanning, Etterutdanning, Uformell læring. Prioriteringar: Skuleeigar skal prioritera kompetanseutvikling av skuleleiarane i 2005. Sentrale emne for kompetanseutvikling for det pedagogiske personalet i grunnopplæringa: Utvikla skulen som ein lærande organisasjon. Tilpassa opplæring. Kompetanse i høve til nye læreplanar med mål for faga. 2. framandspråk. Fysisk aktivitet. Utdannings- og yrkesrettleiing. Vidareutdanning for det pedagogiske personalet i grunnopplæringa: 2. framandspråk. Prioriteringar innan: Matematikk. naturfaga (biologi, fysikk og kjemi), engelsk, norsk, digital kompetanse. Høgskulane har utvikla vidareutdanningstilbod.

Grunnleggjande ferdigheiter: Den nye læreplanen legg vekt på dei grunnleggjande ferdigheitene hjå elevar og lærlingar ved at det vil bli lagt større vekt på utviklinga av evna til å kunna uttrykka seg munnleg å kunna lesa å kunna rekna å kunna uttrykka seg skriftleg å kunna bruka digitale verktøy Grunnleggjande ferdigheiter skal prioriterast i alle fag og integrerast i kompetansemåla - på det enkelte fag sine premissar og på relevante nivå. Alle lærarar og instruktørar har derfor ansvar for at elevar og lærlingar utviklar dei grunnleggjande ferdigheitene gjennom arbeidet med de ulike faga. Dette vil mellom anna seia at arbeidet med systematisk lese- og skriveopplæring startar allereie på første trinn i grunnskulen. Læreplanen sin generelle del skal framleis gjelda. I tillegg kjem læringsplakaten med 11 grunnleggjande krav: Læringsplakaten Skolen! verksemda skal: 1. Gje alle elevar og lærlingar/lærekandidatar like sjansar til å utvikle sine evner og talent individuelt og i samarbeid med andre. 2. Stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane si lyst til å læra, evne til stå eit løp og evne til undring. 3. Stimulera elevane og lærlingane/lærekandidatane til å utvikla eigne læringsstrategiar og evne til kritisk tenking. 4. Stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane i deira personlege utvikling og identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til forståing av eit demokrati og deltaking i eit demokrati. 5. Legge til rette for elevmedverknad og for at elevane og lærlingane/1ærekandidatane kan foreta bevisste verdival og val av utdanning og framtidig arbeid. 6. Fremje tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar. 7. Stimulere, bruke og vidareutvikle den enkelte lærar sin kompetanse. 8. Bidra til at lærarar og instruktørar framstår som tydelege leiarar og som førebilete for barn og unge. 9. Sikre at det fysiske og psykososiale arbeids- og læringsmiljøet fremmar helse, trivsel og læring. 10. Leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre foreldre/føresette sitt medansvar i skulen. 11. Leggje til rette for at lokalsamfunnet vert involvert i opplæringa på ein meiningsfylt måte.

Læringsplakaten skal fylla fleire funksjonar: eit forpliktande grunnlag for lærestadane sitt arbeid med opplæringa. eit utgangspunkt for analyse og vidareutvikling av skular og lærebedrifter som lærande organisasjonar eit godt grunnlag for arbeidet med skulebasert vurdering og kvalitetsutvikling både for skoleeigarar, skuleleiing og lærarar. eit godt utgangspunkt for vurdering av kvaliteten på grunnopplæringa og for eventuelle nasjonale utviklingstiltak. Den generelle delen av læreplanen, læreplanane for fag og læringsplakaten er forpliktande for opplæringa og må sjåast på som ein heilskap. Ny læreplan betyr ikkje at skulen og lærarane skal forkasta dei måla ein har sett tidlegare. Kartlegging av kompetanse Ein stor del personalet i skulen i Masfjorden har både høg utdanning, lang erfaring og stor kompetanse på ulike område. Det som vert oppgåva no, er å sjå vår formelle og reelle kompetanse i lys av den nye læreplanen. Målet for all skuleutvikling er at den skal føra til betre læringsresultat for elevane. Sentrale emne for kompetanseutvikling for heile det pedagogiske personalet i Masfjorden, vil vera: - å utvikla skulen som ein lærande organisasjon - tilpassa opplæring - kompetansedugleik i høve til nye læreplanar med mål for fag Etter kartlegging av behov for etterutdanning og vidareutdanning på skulane vil skuleeigar prioritera etter- og vidareutdanning innan fylgjande fag/emne ved innføring av ny læreplan: 1. Tilpassa opplæring. Tilpassa opplæring er grunnlaget for pedagogisk arbeid. Det er poengtert ved denne læreplanrevisjonen at alle elevane har krav på ei tilpassa opplæring. Dette krev metodisk kompetanse hos lærarane. Slik kompetanse må liggja i botnen for all etterutdanning for alle lærarane. 2. Andre framandspråk Skulane har berre få lærarar med utdanning i 2. framandspråk(tysk/fransk). Etter ny læreplan skal 2.framandspråk gjerast obligatorisk for alle elevane på ungdomssteget. Det blir ei stor utfordring i åra framover å skaffa kvalifiserte lærarar til dette faget. Det må difor satsast på rekruttering av folk som kan undervisa i faget og setjast av midlar slik det blir høve til vidareutdanning og at det blir høve til å ta fulltidsstudie i eit språkfag.(sjå punkt om utdanningsvikariat) Kravet i ny læreplan er å gi ei praktisk retta språkopplæring. Det må difor òg leggjast til rette for metodisk etterutdanning i faget. 3. Spesialpedagogikk. Alle skulane har tilsette med vidareutdanning i spesialpedagogikk. Skulane har likevel alltid behov for å få tilført kompetanse i spesialpedagogikk og etterutdanning i spesialpedagogikk, men det er og viktig med rekruttering. 4. Fagkompetanse. Det er naturleg å sjå barnesteg og ungdomssteg under eitt.

Det trengs etterutdanning /vidareutdanning i: Matematikk Det er viktig å ta påstanden om dårleg kompetanse i realfaga på alvor og Natur og miljøfag. å auka kompetansen i desse faga. Det gjeld både barne- og ungdomssteg. Engelsk Norsk, særleg begynnaropplæring Kunst & handverk. Her er rekrutteringsbehovet stort. Fysisk aktivitet Vidare kjem det fram at det er behov for opplæring i dei nye fagplanane i Samfunnsfag, KRL og musikk 5. Kompetanseutvikling for skuleleiarane. Her må ein leggja vekt på å gjera skuleleiarane betre i stand til å leia prosessane i høve til innføring av ny læreplan. 6. Framtidsval Rådgjevarane må i samarbeid med vidaregåande skule få kompetanse i korleis ein skal leggja opp faget framtidsval på ein fornuftig måte og slik at dette faget vert opplevd som meiningsfylt. Det vil kanskje og bli kravd ekstra kompetanse hos ungdomsskulelærarane for å gje eit godt nok tilbod i faget. 7. IKT. Læreplanen slår fast at digital kompetanse er sentral i alle fag. Lærarane har ulik kompetanse og det krevst kursing på ulike nivå. På ein del felt kan vi kanskje nytta folk i personalet til å kursa andre. Det er viktig å få kartlagt den enkelte sin ståstad for å til eit fornuftig tilbod. 8. Utarbeiding av målark og stegark. Skulane er komne ulikt langt i dette arbeidet, og det bør leggjast opp til eit samarbeid mellom skulane. Det trengst og oppfølging og vidare inspirasjonskurs i arbeidet slik at heile personalet kan ta målark i bruk i alle fag etter kvart. 9. Elevvurdering. Dette er eit emne som heile tida treng vedlikehaldast. Det bør difor vera kursing for heile personalet.

Organisering av kompetanseauken Skuleeigar vil prøva å leggja opp til ein kompetanseauke som rettar seg etter personalet sine behov og dei sentrale føringar som er gjevne. Over ein 3-årsperiode vil skuleeigar leggja opp til å gje undervisningspersonalet ein kompetanseauke etter ulike modellar. 1 Personalsamling vinteren 2006 over to dagar for heile det pedagogiske personalet med innføring i den nye læreplanen og tilpassa opplæring som sentrale tema. 2 Utdanningsvikariat. Mange lærarane føler behov for fordjuping/etterutdanning som går over meir enn eit par kursdagar og som gjev vekttalskompetanse, men av økonomiske og familiære årsaker har ein ikkje høve til å ta slik utdanning. Det bør difor arbeidast for å oppretta utdanningsvikariat. 3 Samla personale kursdagar 4 Grupper i personalet kursdagar 5 Lærar etterutdanning/vidareutdanning Samarbeidspartnarar Masfjorden kommune ser det som naturleg at det vert etablert eit nært samarbeid med lærarutdanningsinstitusjonane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det vil og vera naturleg å ta kontakt med kommunar og skular som har teke dei nye læreplanane i bruk, med tanke på kurs, studieturar og hospitering. Nordhordland kursregion vil spela ei rolle når det gjeld å legga til rette for fagkurs, skuleleiarutdanning og kurs for rådgjevarane. Skuleeigar vil oppmoda og støtta lærarar som tek vidareutdanning i 2. framandspråk. Økonomi Det skal på landsbasis nyttast 300 millionar kr i 2005 til kompetanseheving i skulen. Utdanningsdirektoratet har fordelt midlane til kvar einskild skuleeigar. Fylkesmannen gjev tilsagn om midlar til kommunane etter at kompetanseplan for 2005-08 og årsplan er vedtekne av kommunestyret. Kompetansemidlane skal nyttast til å auka kompetansen til lærarar og leiarar og til å utvikla kultur for læring i den einskilde skule og lærebedrift. Nasjonalt prioriterte område i grunnopplæringa er nye læreplanar, tilpassa opplæring, 2. framandspråk, fysisk aktivitet og skuleleiing. I tillegg til dei statlege midlane må ein rekna med å nytta kommunale kursmidlar som vert avsett til pedagogisk personale. Desse midlane må setjast av i kvart årsbudsjett. Ein må og ta høgde for ein del vikarutgifter i samband med vidare- og etterutdanning. Dei som tek vidareutdanning, må kunna få stipend og få dekka faktiske utgifter i samband med utdanninga.

HANDLINGSPLAN Skuleåret 2005-06 Kursregionen gjev tilbod om kurs som vil gje auka kompetanse i ein del fag, m.a 2. framandspråk. Hausten 2005 vert det vidare sett i gang kurs i matematikk, naturfag og norsk. Dette er fag som er prioriterte i planen. Dei nye faga teknologi og design og framtidsval må bli konkretiserte dette skuleåret, slik at skulen er i stand til å ta dei i bruk hausten 2006. Kommunen vil leggja til rette ei personalsamling over to dagar med ny læreplan, samarbeid mellom skulane og tilpassa opplæring som tema. 1 planleggingsdag og ein elevdag vil bli nytta til dette. Skulane må kartlegga det konkrete behovet for skulering i IKT og deretter prøver skuleeigar å løysa mest mogeleg av behovet med kommunale krefter. Skuleåret 2006-07 Framhald av kursing i ulike fag på barne- og ungdomssteget i regi av kursregionen. Hausten 2006 skal læreplanen setjast ut i livet. Etterutdanning i dei faga som ikkje kom i gang hausten 2005, må komma no. Dette vil i stor grad skje gjennom kursregionen. Men me må og vurdera om det no er tida for studioeturar/hospitering til skular som er komne lenger enn oss i arbeidet med den nye læreplanen. For einskildlærarar eller grupper kan det og vera aktuelt å ta del i kurs som lærarutdanningsinstitusjonane tilbyr. Det må vurderast om ein og dette skuleåret bør ha ei samling for alle lærarane i kommunen. Denne gongen kan temaet vera skulen som lærande organisasjon. Skuleåret 2007-08 I løpet av skuleåret 2006-07 må skulane evaluera den etter- og vidareutdanning som er i gang og prioritera satsingsområde for 2007-08 ut frå det. BUDSJETT 2005 2006 2007 Statlege tilskot 150000 150000 150000 Kommunal eigendel 60000 150000 150000 Sum 210000 300000 300000 Vedteke i kommunestyret den 22.09.2005.