SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING GISKE OPPVEKSTSENTER



Like dokumenter
Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Månadsbrev for Rosa september 2014

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Blåbærskogen barnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Informasjonshefte Tuv barnehage

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Månadsbrev for ROSA mars 2015

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Årsplan for 2013/2014

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

ÅRSPLAN FOR KREKLING

Fladbyseter barnehage 2015

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Barnehagen mål og satsingsområder.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

LANGMYRA OG BANEHAUGEN BARNEHAGER Årsplan 2017

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Sandeid skule SFO Årsplan

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

Halvårsplan for Steinrøysa Høst 2016

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

En unik og mangfoldig barnehage! Humor Engasjement Trygghet

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Årsplan SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING GISKE OPPVEKSTSENTER

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

Du må tru det for å sjå det

ÅPEN BARNEHAGE ÅRSPLAN

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

ÅRSPLAN FOR 2015/2016

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Vi bruker ofte smågruppepedagogikk, dvs. at vi deler barna inn i smågrupper sammen med en voksen.

Alna Åpen barnehage - Tveita

Halvårsplan for Nerskogen og Voll barnehager, avd. Nerskogen

PROGRESJON betyr å avansere. Det betyr det du ikke får til nå, får du kanskje til om 1 time, 1 dag eller 1 år! Alle ønsker vi å komme.

Vi lærer om respekt og likestilling

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Halvårsplan for Trestubben Høst 2016

"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

Trollnytt for januar og februar

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Halvårsplan for Maurtuå Høst 2015

Periodeplan for HOVEDMÅL: Vi ønsker å gi barna rett til å leke, lære, drømme og utforme, leve og være. (Årsplan for Leksdal barnehage)

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

Årsmelding for Urhei barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

HALVTÅRSPLAN FOR FUGLAREIRET OG ANDUNGANE

Halvårsplan for Maurtuå Vår 2016

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/ En god start på livet

Transkript:

SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING GISKE OPPVEKSTSENTER

Giske oppvekstsenter har avdeling Giske skule og Giske barnehage og vart oppretta 01.08.14. Målet med samanslåinga er at det skal betre samanhengen for heile oppvekstløpet, gi eit tettare samarbeid mellom barnehage og skule, betre muligheit for sambruk av rom, kompetanse, uteområde, større fagmiljø for tilsette og kompetansebygging. Barnehagen er bygd som ein basebarnehage, men alle barna har fast tilknyting til ei avdeling i barnehagekvardagen store delar av dagen. Om morgonen og på ettermiddagen vil barna vere samla på ei av avdelingane. Giske barnehage har totalt 51 barn dette barnehageåret. Eigar: Giske kommune Assisterande styrar: Hilde Nyvoll Avdelingar: Adresse: Bedehusvegen 1 Mobil: 976 72 573 Høvdingsetet: 19 barn 6052 Giske E-post: hiny@giske.kommune.no Vikingskipet:14 barn Tlf:70 18 17 40 (kontoret) Stedfortredar: Solveig Dyb-Sandnes Langhuset: 9 barn Tlf:70 18 17 42 (Fellesrom) Arnungane: 9 barn Arnungane: 482 07 461 arnungane@gmail.com Langhuset: 482 51 086 langhuset@gmail.com OPNINGSTID: 06.45-17.00 Vikingskipet:482 15 397 vikingskipet@gmail.com Høvdingsetet: 482 13 988 hovdingsetet@gmail.com

INFORMASJON, DOKUMENTASJON OG VURDERING Dokumentasjon av innhald i barnehagen vert vektlagt. Gjennom dokumentasjon synliggjer vi barna sine prosjekt, temaarbeid og kvardag. Vi nyttar følgjande verkty for å dokumentere innhaldet i barnehagen: Whiteboard tavle i garderoben til dei einskilde avdelingane der det kvar dag vert skrive ein kort dagsrapport. Månadsplanar/månadsbrev vert utsendt via e-post kvar månad Det vert i gjennomsnitt utsendt ei photostory eller ein collage pr. veke frå barnehagekvardagen på dei einskilde avdelingane. I tillegg vil kvart einskild bursdagsbarn få photostory frå feiringa i barnehagen. Alle med eit obervasjonsskjema der den generelle utviklinga til barnet vert observert og registrert. Gjennomgang av skjemaet på foreldresamtalar. Månadsplanane vert evaluert fortløpande og i tillegg har vi evalueringar i samla personalgruppe ein gong pr halvår. Mot slutten av barnehageåret vil det bli sendt ut ein brukarundersøking til alle foreldra der vi ynskjer tilbakemelding på innhald og samarbeidsrutine.

BARNEHAGELOVA OG RAMMEPLAN Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankra i menneskerettighetene. (barnehagelova 1 Formål) Rammeplanen og dei 7 fagområda Rammeplanen gir styrar, pedagogiske leiarar og vårt øvrige personale ei forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og evaluering av barnehagen si verksemd. Barnehagen som læringsarena står sentralt, både i formelle planlagde situasjonar som er leia av personalet og dei uformelle som er knytt til kvardagsaktivitetar, samt her og no situasjonar, i leik, oppseding og i anna samhandling. Personalet sine handlingar og holdningar i møte med barna sine læringserfaringar vert avgjerande då tidlige opplevingar og erfaringar hos barn påverkar barna si oppfatning av seg sjølv. Vi ser kvalitet i samspillet mellom barn og personale som ein avgjerande nøkkelfaktor for livslang læring. I tråd med rammeplanen jobbar vi tverrfagleg og heilskapleg i forhold til dei sju fagområda som omtalast der. Vi trekker fagområda inn i kvardagsaktivitetar, leik og sosialt samspel, samt i temagruppe og turar ut av barnehagen. Fagområda er i stor grad dei same som barna seinare vil møte i skulen. Etikk, religion og filosofi Barnehagane i dag er eit mangfald av humanetisk, kristen og kulturell bakgrunn. Dette området skal hjelpe barna til å ta vare på og respektere andre sin tilhørigheit, samtidig som dei skal utvikle sin eigen identitet. Natur, miljø og teknikk Dette fagområdet vil bidra til at barna får kunnskap til og blir kjent med plantar, dyr, landskap, årstider, ver og tekniske hjelpemiddel. Det å vere mykje ute i naturen bidreg og til at barna får ei forståing for samspel og endringar som skjer i naturen. Barna er undrande når det gjelder forandringane som skjer i naturen, snakkar om veret og kva kle vi må ha på og liknande.

Kropp, rørsle og helse Barn tilegnar seg tidleg dei grunnleggande motoriske ferdigheitene gjennom sanseinntrykk og rørsle ved å bruke kroppen. For barna er fysisk aktivitet og rørsle forbundet med utvikling av motoriske ferdigheiter, god behersking av eigen kropp, koordinering av rørsle og mobilitet. Det er ein nær samanheng mellom god kroppsbehersking og ei god helse. Vi er mykje ute og brukar kroppen godt, i tillegg til at vi kan nytte gymsal og kunstgrasbana på skulen. Kunst, kultur og kreativitet Barn skapar ofte eigen kunst og kultur frå felles eller eigne erfaringar. Gjennom desse erfaringane vil barna igjen uttrykkje seg estetisk og ta i bruk fantasien og kreativiteten. Faget omhandlar mellom anna biletkunst, musikk, dans og språk. Barna er glad i å høyre på musikk, vi nyttar rytmeinstrument i samlingsstundar. Barna likar godt å teikne, både på frihand og etter mal. Nærmiljø Dette området handlar om barna sin deltaking i eige samfunn. Barna skal verte kjent med lokalsamfunnet når det gjeld arbeidsliv, tradisjonar og levesett. Dei skal og erfare at alle er med og bidreg til fellesskapet.

OVERORDNA TEMA 23.juli 2014 ville Alf Prøysen fylt 100 år, og vi gler oss i den forbindelse til å besøke Alf Prøysen sin eventyrlege verd. Vi leikar oss gjennom kjente og kjære forteljingar som Geitekillingen som kunne telle til ti, Teskjekjerringa, og Snekker Andersen, og har hovudfokus på fagområda kommunikasjon, språk og tekst og tal, rom og form. Songar som blåbærturen, Bolla Pinnsvin, Nøtteliten og Helene Harefrøken følgjer oss gjennom barnehageåret. Gjennom arbeidet ynskjer vi at barna skal få gode opplevingar, og at det skal gis muligheit til å uttrykke eigne kjensler. Vi vil fortelje eventyr, synge songar, teikne, bruke flanellograf, lage eigne figurar m.m. Korleis dei ulike avdelingane vil arbeide med det, vil verte noko forskjellig, ut i frå barna sin alder og modning. I månedsplanane vil det stå målsetningar og metoder for historie og songar som er tema den komande månaden. KOMMUNIKASJON SPRÅK OG TEKST TAL, ROM Barnehagen skal bidra til at barna utvikler språklege ferdigheter Barnehagen skal bidra til at barna utviklar sin matematiske kompetanse i mengde, tal, symbol og form. Vaksne i barnehagen skal legge til rette for eit språkstimulerande miljø ved mellom anna å oppmuntre til å lytte, samtale og leike med lyd, rim og regle, stille spørsmål, uttrykke kjensler, fabulere, diskutere og forklare. La barna få oppleve glede over å utforske og leike med tal, form og mønster

BARNEHAGEN SIN PEDAGOGISKE PLATTFORM Vårt syn på barn er at dei er aktive og utforskande og som i samspel med andre sjølv skapar læring og utvikling. Barnet er forskaren og den vaksne skal vere medforskande og medundrande i lag med barnet. Barnet lærer gjennom sansing og stimulering. Det barnet gjer saman med ein vaksen i dag, vil det gjere aleine i morgon. Vygotski. Barnet skal ha muligheit til å tenke og undre seg, få muligheit til å gå inn i problemløysingar og kome med eigne tankar/forslag. Dei vaksne må bygge vidare på barna sine initiativ, forslag og idear. Dialog mellom barn og mellom barn og vaksne sjåast som eit berande fundament for læring og utvikling. Visjonen vår Saman i tryggleik og undring, uttrykker eit ynskje om at barna skal vere trygge og undrande i barnehagekvardagen. Barna skal utvikle sosial kompetanse til å kunne møte samfunnet rundt seg på ein god måte, samt oppleve leik og læring i eit sosialt samspel der det er rom for det einskilde barn. Vi skal vere fysiske og mentalt tilstede der kor barna er og vi skal vere her og no orientert. Vi skal møte barna på deira utviklingsnivå, og delta i og gå inn i ulike samhandlingar med borna på deira premiss. Vi skal ha ein aktiv dialog med foreldra og vere gode på å fortelje om og dokumentere barna sin kvardag og dei prosessane som skjer. Avdelingane vil jobbe på ulike måtar etter alder og nivå, men fortrinnsvis vil alle jobbe i mindre grupper. På den måten blir barna sett og hørt og vi vaksne kan lettare undre oss saman med, og bruke barna sine innspel og idear til å jobbe vidare med. Alle barna skal oppleve å bli høyrt og teken på alvor. Alle avdelingane er tilrettelagt etter barnegruppa sine interesse, alder, samansetning og behov. Foreldra vil gjennom jamn dokumentasjon på avdelingane og faste månadsbrev og photostory tilsendt på e post, få informasjon om kva dei einskilde gruppene arbeidar med og plan for vidare arbeid. Dette vil gi heimen den informasjonen den treng for å vere oppdatert og vere tilstede i barna sin kvardag i barnehagen. SOSIAL KOMPETANSE - Leik, læring, omsorg og danning Barn er sosiale frå fødselen av og kommuniserer gjennom kroppslege og språklege handlingar. Sosial kompetane er sentralt for at kvart einskild barn skal kunne lykkes og trivast. Barna sin evne til å etablere vennskap heng saman med den sosiale kompetansen som inneber eit sett ferdigheiter som sjølvkjensle, empati, prososial åtferd, sjølvhevding og sjølvkontroll. Vennskap er viktig for barn i alle aldra og det bidreg til følelse av deltaking og fellesskap som igjen bidreg til positiv sjølvkjensle. Å tilhøyre ei gruppe gir barn tryggleik og sosial tilknyting. Vennskap er ein viktig faktor i sosialiseringsprosessen og førebyggande faktor mot uheldig negativ utvikling. Dersom ein skal få eit godt liv, så er det grunnleggande å kunne fungere saman med andre menneske. Dette kan vere vanskeleg for små barn som i utgangspunktet er egosentriske. Personalet skal vere sin oppgåve som rollemodell bevisst. Vi rettleiar og forklarer barna ønsket væremåte. Vi jobbar med å være til stede i alle situasjonar. Alt kva vi vaksne sei og gjer skal fremme sosial kompetanse

Omsorg: Vi skal sjå kvart einskilde born og sørgje for at alle har det bra, borna skal føle seg trygge. Vi vaksne er førebilete for borna og vi må gi dei tid og muligheiter til å utvikle seg i eige tempo og etter eigne føresetnader. Vi vaksne skal vere lyttande og anerkjennande, og til ei kvar tid vise at vi bryr oss. Dette skal prege alle situasjonar i kvardagen og komme til uttrykk når borna leikar og lærar, i stellesituasjonar, måltid og påkledning. Vi vaksne må vere fleksible og tilstedeverande, og føre samtalar med borna Leik Leiken skal ha en framtredande plass i borna sin kvardag i barnehagen, den har en eigenverdi og er ein grunnleggande livs - og læringsform som barn kan uttrykke seg gjennom. I leiken vert grunnlaget for å danne vennskap lagt. Å få delta i leik og få venner er grunnlaget for barna sin trivsel i barnehagen. Samhandling med andre betyr mykje for utviklinga av sosial kompetanse. Barnehagen må legge til rette for variert leik. Personalet skal være tilgjengelig for barna for å støtte, inspirere og oppmuntre barna. Barn som holdast utanfor eller barn som øydelegg andre sin leik skal få spesiell oppfølging for å forsøke å løyse dette. Danning Er en livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og veremåte. Danning er ein prosess der vaksne leiar og rettleiar borna i forankring av våre verdiar. Barnehagen skal ha ei oppdragarrolle i nært samarbeid med barna sin heim, der foreldresamtalane er eit viktig arbeidsreiskap. Borna skal gjennom her og no situasjonar lære seg korleis dei skal oppføre seg. Vi skal vere engasjerte vaksne som er gode rollemodellar, som følgjer opp ynskjer frå foreldra. Vi vaksne skal sette grenser og ha fokus på sosial kompetanse. Læring I barnehagen lærer barna gjennom både uformelle og formelle læringssituasjonar. Med uformelle læringssituasjonar tenker vi på her- og- nåsituasjonar og ulike kvardagsaktivitetar som frileik, uteleik, måltider osv. Dei meir formelle læringssituasjonane er situasjonar som er tilrettelagt og ofte leia av vaksne. Eksemplar på det er samlingsstund og temaarbeid / prosjektarbeid. All læring har som mål å styrke barnas sosiale og faglige kompetanse. Barna skal lære gjennom heile barnehagedagen, i samspill med andre menneske. Vi vaksne skal legge til rette for at læring skal kunne skje. Dette vil vi gjere gjennom å ha varierande innhald i kvardagen med tema og nye opplevingar.

PEDAGOGISKE VERKTØY Grøne tankar glade barn I arbeid med sosial kompetanse skal vi nytte grøne tankar glade barn som er eit psyko-pedagogisk materiale som har til hensikt å stimulere borna sin tanke og medvit om kjensle Verktyet kan brukast for å hjelpe barna til å utvikle gode haldningar til seg sjølv og andre, og fremme evne til eigen omsorg og prososial åtferd. Det kan nyttast både i samla barnegruppe og i arbeid med einskild barn som treng ekstra stimulering på desse områda. Innhald: Steg for steg Er eit pedagogisk opplegg som vi vil nytte med dei minste borna. Dette er eit opplegg som har til hensikt å auke barna sin sosiale kompetanse gjennom å øve på ferdigheiter i empati, problemløysing og meistring av sinne i sosiale samanhengar. Den grunnleggjande drivkrafta i arbeidet er å byggje vidare på det positive barnet gjer i staden for å fokusere på det negative. Steg for steg inneheld konkrete leksjonar som vi kan bruke i barnegruppa: vi trener empati, vi trener meistring av sinne og vi trener problemløysing. Vi ser på plansjar med ansikt som formidlar dei ulike følelsane og tildømes øve på å lage dei. To raude og to grøne bamser En flippover med rettleiing Bok med tre historier og foreldrerettleiing TARKUS barna sin trafikkvenn Eit trafikkpedagogisk opplegg for barnehagar. Dette vert nytta under trafikkveka om våren ELDAR OG VANJA Eit undervisningsopplegg om brannvern utgitt av norsk brannvernforeining. Dette vil verte nytta i samband med brannvernveka om hausten.

Dokumentasjon Dokumentasjon kan være et middel for å få fram ulike oppfatninger og åpne for en kritisk og reflekterende praksis. Barnehagens dokumentasjon kan gi foreldre, lokalmiljøet og kommunen som barnehagemyndighet informasjon om hva barn opplever, lærer og gjør i barnehagen (Rammeplanen 2006:49). Vi brukar dokumentasjon som arbeidsform og prosess for å synleggjere det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Vi vel ut det vi meinar er verdt å dokumentere, særleg prosjektarbeid og temaarbeid. I dokumentasjonen av barna sin leik, læring og arbeid vert dei etiske retningslinjene lagt til grunn. I dialog med born og kollega kan praksisforteljingane analyserast og reflekterast over i prosjekt og temaarbeid knytt til satsingsområde. Den gir oss og muligheit til å forstå korleis vår kommunikasjon og veremåte hemmar eller fremmar borna si læring og utvikling. BARNS MEDVERKNAD At born skal vere aktive og ha moglegheit til å påverke sin kvardag er viktig og har og blitt lovfesta i barnehagelova. Medverknad betyr ikkje at born skal bestemme alt. Vi skal høre på barna og ta på alvor når dei uttrykker sine meiningar.dei skal få påverke val av turmål, velje kva dei ynskjer å leike med, velje kva dei vil ete ut av det utvalet vi har. Dei får vere med å bestemme innhald i samlingsstunder og gruppeaktivitetar. Barna sine synspunkt skal sjåast i samanheng med deira alder og modning. Barna skal delta når vi lager kjørereglar om korleis vi skal ha det i barnehagen.

KVARDAGSAKTIVITETANE I BARNEHAGEN PÅKLEDNING/GARDEROBE Borna skal kle på seg sjølv ut frå eigne føresetnader Borna skal oppleve meistring Arbeide for ro og orden i garderoben Vi tek ut borna i små gruppe, ca. 7 8 born. Gi borna ro til å konsentrere seg om påkledningen, lære å halde orden på plassen sin i garderoben. Ein pedagogisk aktivitet med den vaksne som «støttande stillas» for barnet, som oppmuntrar og hjelpar undervegs. Legge til rette ved å la kleda vere tilgjengelige for bornet.

MÅLTID Barna skal vere med på førebuinga til måltidet gjennom å vere kjøkkenhjelp. Skal vere ei fin stund der alle får tid og ro til å ete maten sin. Lære bordskikk, lære å smøre maten sin sjølv. Skal vere eit felles punkt for born og vaksne på avdelinga. Borna skal ete seg mette, og samle krefter til resten av dagen. Kjøkkenhjelpa er med på å bestemme påleggsortar, dekke bord med alt som trengst til måltidet. Vi syng for maten, kjøkkenhjelpa får velje song eller telle før oss syng. Ein vaksen sit på kvart bord. Vi brukar innestemme, og snakkar berre med dei som sit rundt bordet.

TOALETT/BLEIESKIFT Tryggleik og tillit til den vaksne. Hygiene og reinslegheit. Ta oss tid til samtale med borna, slik at borna kan oppleve meistring. Ei regle eller to på stellebordet, styrkjer språket og omgrepa til barnet. Førebu barnet på bleieskiftet. KVILESTUND Gi dei borna som treng det kvile. Gi barna god omsorg til ro og kvile. Gi dei barna som ikkje søv, kvalitetstid på avdelinga eller i leik ute. Vi ynskjer å skape gode rutinar for kvilestunda i barnehagen.

SAMLINGSTUND Førskulegruppe Skal gi kjensle av samhald og fellesskap. Språkstimulering. Lære å vente på tur. Øving i å vere i sentrum/vere midtpunkt kvar sin gang. Formidle kunnskap Øve på konsentrasjon. Få kjennskap til kva som vil møte dei i skulen Skape godt gruppefellesskap før skulestart. Trene på å kunne sitte i ro og oppretthalde konsentrasjon over tid. Bli kjent med skulerelaterte aktivitetar Besøk på skulen Aldersinndelte grupper: I samlingstunda er alle i eit fellesskap. Formidling av dagsplan vidare samtalar, har høgtlesing og song tilpassa tema. Aktivitetar der barna etter tur får vere i fokus. Mål: La barna bli kjent på tvers av avdelingane. At barna skal få leike med barn på same alder. Leik på andre avdelingar. Turar. Samlingar om tema.

RYDDING Lære borna å ta ansvar. Gi materialet og leike faste plassar. Borna kan hjelpe til med å rydde leike og materialet på sine faste plassar. Dei vaksne må hjelpe og støtte borna i ryddesituasjonen LEIK Bruke kroppen og språket, bearbeide inntrykk og få uttrykke desse. Legge grunnlag for vennskap og sosialt fellesskap. Humor og glede må vere sentrale faktorar. TURAR Legge til rette det fysiske miljøet. Dei vaksne må gi næring til leiken gjennom litteratur, samtalar, turar og temaval i barnehagen. Gi borna moglegheit til å verte kjent i natur og barnehagen sitt nærmiljø. Auke kroppsbehersking til borna. Regelmessig turgåing. Gi borna gode opplevingar. Engasjerte vaksne.

ARNUNGANE I år er det ei heilt ny småbarnsavdeling på Arnungane. Vi reknar med at vi treng ekstra tid på tilvenning når alle er nye. Alle barna er født i 2013. Vi har 5 jenter og 4 gutar. Å skape tryggleik for barna er det viktigaste for oss. Vi vaksne på Arnungane er klar over at det er ikkje berre for barna at overgangen er stor. Det er eit stort steg også for dykk som foreldre. Men vi håper vi kan vere med å gjere overgangen så mild som mogleg. Barnehagen har i år Kommunikasjon, språk, og tekst, og Tal, rom, og form. Og ut frå det skal vi i år ha Alf Prøysen og det store forfattarskapet som han har laga, som overordna tema. Vi på Arnungane vil arbeide med enkle rim og regle, songar, og enkel dramatisering. Vi vil arbeide opp imot mål og metode som det står i hovuddelen av årsplan. Vi vil konkretisere tema, mål, og metode i månadsplan kvar månad. Vi jobbar også ut frå progresjonstrappa som er eit arbeidsreiskap som vi brukar i barnehagen, der er mål inndelt etter alder. Vi legg stor vekt på å gje barna eit rikare språk og ei større språkforståing. Eit godt og tydeleg språk er derfor svært viktig når vi kommuniserer med barna. Så vi vaksne har eit stort ansvar med å vere gode rollemodellar. Årstidene er eit viktig tema i barnehagen, og vi vil gi barna dei opplevingane det er når naturen endra seg. Sjølv om barna er små så trur vi at dei vil vere med på endringane i dei ulike årstidene. Høgtidene er også eit tema for barnehagen, vi skal markere dei ulike høgtidene, som jul og påske. Det er også mange faste aktivitetar i barnehagen i løpet av eit år, det står det om i hovuddelen. Ole Johan Alexander Månadsplan er eit dokument som dykk får på e-post i starten av kvar månad, der vil vere konkret informasjon om tema, mål, og metode som vi skal ha i månaden, samtidig får dykk aktuell info som gjeld vår avdeling. Den vil også innehalde ei evaluering av månaden som er gått. Inger Lise Millian Lars Ivar Agnes Hanna Alma Thea Alle vaksne på barnehagen skal vere med på å» fylle kjelda» som barnet skal ause av vidare i livet.

LANGHUSET På Langhuset i år har vi ni kjekke barn. Aldersgruppa er 1-3 år. Vi har då sju 2012 barn og to 2013 barn. Vi har i år valt å arbeide med tema Alf Prøysen. Måten vi vil jobbe med dette tema på Langhuset er med samlingsstund der vi les, fortel og syng, formingsaktivitet og flanellograf. Alf Prøysen har jo mange gode songar og forteljingar så dette gleder vi oss til. Samt vil vi ha dei ulike tema som følgjer årstidene. Haust, vinter, jul, påske, vår og sommar. Vi brukar også her samlingsstunda til desse tema samt formingsaktivitetar og går på turar. I månadsplanen blir det meir detaljert med mål og metode. I den daglege samtalen med barna ligg det mykje læring. Vi undrar oss ilag og ser etter ulike endringar i naturen etter årstidene, men også anna læring skjer i den denne samtalen. Omsorg og tryggleik er eit tema som står sterkt i fokus hos oss. Vi skal vere trygge i barnehagen og ha det kjekt ilag. Vi vil snakke om det å vere gode med kvarandre og sjå at andre har det bra. Charly Emil Magnus Olai Erika Sunniva Seva Gabrielle Jonah

VIKINGSKIPET I år har vi 14 flotte barn på Vikingskipet som tilbringer mykje tid saman med kvarandre. Vi vil gjere vårt beste for at alle i gruppa skal oppleve glede og tryggleik på avdelinga. Å starte opp etter ferien kan vere vanskelig for både barn og foreldre. Derfor er det viktig å bruke god tid på å bli godt kjende med dei små. Vi har fire guter og ti jenter. Tre barn født i 2010, ni barn født i 2011 og to barn født i 2012. Overordna tema i år er Alf Prøysen. Gjennom å jobbe med rim & regler, forteljingar og songar kan vi knytte dette tema til fagområda våre, som i år er tal, rom og form og kommunikasjon, språk og tekst. Mål og arbeidsmetode vil vi skrive meir om i månadsplan. I organiserte kvardagssituasjonar som måltid, formingsaktivitetar, samling og gruppedelingar stimulerast barnas språk og utvikling. Det er viktig å nemne at aktivitetar som blant anna påkledning, toalettbesøk, frileik og opprydding (sortering) også er med å bidreg til at barna vert kjend med fagområda. Vi har faste songar, forteljingar og regler gjennom ein månad. Dette gjer at borna får god kjennskap til tema vi held på med, og dei deltek meir aktivt i samlinga. I tilegg til Alf Prøysen, vil vi jobbe med tema tilpassa dei ulike årstidene. Vi lærer barna kva som skjer i naturen, og kva mat/frukt dei ulike årstidene gjer oss. Høgtidene markerer vi med forteljingar, song og formingsarbeid. Det vert også baka og laga mat som høyrer til dei ulike høgtidene og årstidene. Kristiane Mathias Jorunn Sofia Alma Neo Alette Ella Marie Fride Veronika Julie Bertine Axel Eliah

HØVDINGSETET I år er vi ei fin gruppe på 19 barn. 12 førskulebarn, 6 4-åringar, og 1 3-åring. Vi deler gruppa under måltid og samling, så vi skal få ei rolig stund ved måltida, der vi kan prate saman. Samlingane er delte fordi då har vi større moglegheit til å lage opplegg ut frå modning. Kvar veke har vi tilgang til gymsalen på skulen, vi har tur, ein matdag (der vi lagar noko anna enn brødskive) og stasjonstrening. Tema for året er Alf Prøysen, Viking og vennskap. Mål og arbeidsmetodar vil bli konkretisert på månadsplanen, og der vil stå både kva songar og forteljingar vi vil bruke. Vi har valt å bruke opplegget «grøne tankar, glade barn» dette året. Der barna skal få betre verktøy til å kjenne igjen eigne følelsar, og korleis handtere dei. Vi snakkar mykje om det å vere ein god ven, korleis ein skal vere mot andre, at alle som vil vere med i leiken skal få vere med. Vi skal ikkje stenge andre ute frå leiken. Vi har og førskulegruppe kvar fredag. Då får førskulebarna skuleretta opplegg som skal førebu dei til skulestart. Der øver vi på alt frå rim og regle, øve på konsentrasjon, matematiske omgrep og regelleik. Alt blir fortalt nærare i ein detaljert plan kvar månad. Førskulebarna: Sunniva Olve Magnus Alida Flora Vetle Birk Sofie Elisabeth Victoria Elina Hedda 4 og 3-åringane: Vilja Ådne Christian Martine Philip Nikolai Ulrik

BARNEHAGERUTA 2014/2015 AUGUST PLANLEGGINGSDAGAR 11 OG 12 FORELDREMØTE 27 SEPTEMBER OKTOBER HENTESUPPE 02 NOVEMBER PLANLEGGINGSDAG 12 DESEMBER FRIST PÅMELDING ROMJUL 01 ADVENTSFEST NESTUN 11 GUDSTENESTE 16 JANUAR FEBRUAR KARNEVAL 6 PLANLEGGINGSDAG 16 MARS FRIST PÅMELDING PÅSKEVEKA 01 BARNEHAGEDAGEN 10 GUDSTENESTE 26 PÅSKEFRUKOST 27 APRIL BESTEFORELDREKAFFI 17 MAI AKTIVITETSDAG 08 PLANLEGGINGSDAG 15 JUNI SOMMAROPENT VEKE 26 32