MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 5/07 06/1207 SØKNAD OM FRÅDELING AV HYTTETOMT - DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLANEN OG PBL 17.



Like dokumenter
MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN FOR HOLMAMYRANE NÆRINGSOMRÅDE

MØTEPROTOKOLL. Planutvalet. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 5/09 08/1778 REGULERINGSENDRING BALAFJØRA 6/09 08/1864 SØKNAD OM DISPENSASJON TIL RIVING AV HUS

MØTEBOK. 17/11 Formannskapet /11 Formannskapet /11 Kommunestyret

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 8/13 13/344 Søknad om løyve til utviding av skjenkeareal - Det gylne hus

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

MØTEPROTOKOLL. Planutvalet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaksnr.: 09/1162

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: rådhuset Møtedato: Tid: Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 243/26 - reidskapshus og tilbygg hytte - Salbuvik - Utåker - Lars Magne Stølen

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: Tid: 12.30

2 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 056/13 13/565 Faste saker 057/13 13/77 O

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Fræna kommune Teknisk forvaltning Plan

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Saksansvarleg Giske formannskap /14 BJFR Giske kommunestyre

Privat reguleringsplan Mevold bustadfelt - Eigengodkjenning

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0038/05 04/01566 SØKNAD OM KJØP AV TOMT 230

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

MØTEINNKALLING SAKLISTE 7/11 10/582 PROTOKOLL: SØKNAD OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT - DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM

Møteprotokoll SAKLISTE

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Erland Fagermoen Britt Grimelid Menes Anders I. Balevik Leif Grinde Hanne Sæbø

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 244/2 - deling av grunneigedom - Utåker - Egil Heimvik

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for Kubbedalen gnr 41/756 m.fl. - Arefjord. Slutthandsaming. Tiltakshavar: Kubbedalen AS

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0262/04 04/ /28,57, FINNEBREKKA, BYGGESAK - FELT A NY BEHANDLING

MELDING OM VEDTAK. Reguleringsplan Kleivi, Vangsnes melding om vedtak. Partar / høyringsinstansar Kleivi Vangsnes

Møteprotokoll. Til stades var og rådmannen, teknisk sjef, planleggjar og politisk sekretær. Sistnemnde førde møteboka. SAKLISTE

Vår ref. 2011/ Særutskrift - BS - 241/74 - garasje - Sandvoll - Linda Soma og Øystein Ersland

Saksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon og igangsetjingsløyve - 234/16 - hyttenaust - Høylandsbygd - Elisabeth og Harald Hammerseth

ØRSTA KOMMUNE Teknisk sektor

o

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Varsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot og næringsområde

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 ASFL

Møteprotokoll SAKLISTE

Møteprotokoll. Tilstades var og rådmannen, teknisk sjef, planleggjar og fagleiar sakshandsaming og arkiv. Sistnemnde førde møteboka.

2015/ Særutskrift - Dispensasjon - 140/6 - Fritidsbustader - Raudstein - Nils Gunnar Røssland

Vår ref. 2008/ BS - 196/51 - naust og brygge - Toftevåg - Liv Karin Helvik Skjærven

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør

SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutvalet for Teknisk og Næring /09. Saka vert avgjort av: Det faste utval for plansaker

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 058/2017 Formannskapet PS /2017 Kommunestyret PS

Tilleggsinnkalling av Plan- og kommunalteknisk utval

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Stekka hyttefelt, gnr 32 bnr 176 mfl Sætveithagen, Jondal kommune

Vår ref. 2014/ Særutskrift - Dispensasjon frå LNF - 190/48 - Halsnøy Kloster - Johanne Emmerhoff

(Sjå dei 2 siste sidene i saka)

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 067/2018 Formannskapet PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 008/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 015/18 Bystyret PS

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Austevoll kommune. Innkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste

Vedtak i klagesak som gjeld dispensasjon frå reguleringsplan for deling av hyttetomt frå gbnr. 54/34 i Sogndal kommune

ØRSTA KOMMUNE Teknisk sektor

Stryn kommune Servicekontoret

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr.

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Haugafossen kraftverk, gnr 30 bnr 76 mfl i Jondal.

MASFJORDEN KOMMUNE. Vedtaksprotokoll for Teknisk utval

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

VESTNES KOMMUNE MØTEBOK

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste

Saksframlegg. Sakshandsamar: Cornelis Erstad Arkivsaksnr.: 13/ gangs handsaming - Reguleringsplan for Langavellene hyttefelt

Saksframlegg. Sakshandsamar: Svein Ålhus Arkiv: MTR 54/3 Arkivsaksnr.: 14/556-2

HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN 28

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaksnr.: 12/608. Arkiv: L12. Reguleringsplan for Sæle sag

Vår ref. 2012/ Dispensasjon frå kommuneplan - 32/15 - Hatlestrand - Arve Søfteland

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 34 / 19. Tittel: Saksprotokoll - Reguleringsplan Botn, Hafslo PlanID Arkivsak: 16 / 1729

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 141/49 Arkivsaksnr.: 18 / 3073

Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 45/14 Plan- miljø og ressursutvalet /14 Kommunestyret

Reguleringsplan for Rindarøy ( ) - 1. offentlege ettersyn

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 3.gongs handsaming - Søknad om deling - 208/3 -Sydnes - Anne Marie Sydnes Helland

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

Møteinnkalling for Formannskapet

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Møteprotokoll. Frå administrasjonen møtte: Rådmannen, teknisk sjef og planleggjar. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste.

Transkript:

MØTEINNKALLING Utval: PLANUTVALET Møtestad: rådhuset Møtedato: 06.06.2007 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 5/07 06/1207 SØKNAD OM FRÅDELING AV HYTTETOMT - DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLANEN OG PBL 17.2 6/07 07/386 REGULERINGSPLAN FOR VEGANESET MILJØSTASJON - ENDELEG VEDTAK 7/07 07/517 SØKNAD OM BRUK AV OMRÅDE TIL MOTORSPORT - DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLAN 8/07 07/527 SØKNAD OM FRÅDELING AV TOMT - DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLAN YMSE Balestrand 14.11.15 Erland Fagermoen Ordfører

Sak 5/07 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 5/07 Planutvalet 06.06.2007 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: GBNR 95/2 Arkivsaknr.: 06/1207 SØKNAD OM FRÅDELING AV HYTTETOMT - DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLANEN OG PBL 17.2 Vedlegg: Søknad frå Magnar Stokkabø, 05.12.06 Uttaler Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga, 12.04.2007 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, landbruksavdelinga, 17.04.2007 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, miljøvernavdelinga, 11.05.2007 Statens vegvesen, 14.05.2007 Bakgrunn: Gjeldande kommuneplan Brev frå Balestrand kommune til uttalepartar, 02.04.2007 Lovheimel: Plan og bygningsloven 7 SAKSOPPLYSNINGAR Balestrand kommune har motteke søknad om frådeling av tomt til fritidsbustad frå gbnr 95/2 på Stokkabø i Balestrand kommune. Ved søknaden er det vedlagt eit kart som viser lokalisering av tomta. Tomta vil ligge ned mot fjorden, og vil etter opplysning frå søkjar vere på ca 1 da. Avkjøring er tenkt ca 50 m nord for tomta nær avkjøring til garden, men på motsett side av vegen. Området er LNF-område i kommuneplanen. Arealet har ingen verdi i jord- og skogbrukssamanheng. Området er i dag lite/ikkje nytta til almen bruk i friluftssamanheng. Planutvalet drøfta saka i møte 28.03.2007, og var samde om at kommunen skulle sende søknaden ut på høyring. Det har kome inn i alt 4 uttaler. Det vert vist til desse. VURDERING Uttalene er kort oppsummert og vurdert kvar for seg. Fylkesmannen, miljøvernavdelinga Viser til det at det er eit særskild vern i strandsona etter 17-2 i Plan og bygningsloven, og at dispensasjonspraksisen i denne sona skal vere streng. Viser til styringsignal frå MD og regjering på dette punktet. Ser i denne saka med frådeling heilt nede i strandsona i eit smalt belte mellom riksveg og sjø, at allmenne interesser som allmen bruk i friluftssamanheng, og omsyn til landskap og naturmiljø vil bli skadelidande med bygging og privatisering. Viser og til at dispensasjon i ei sak ut frå

Sak 5/07 prinsipp om likebehandling, vil gjere det vanskeleg å styre bruken av strandsona seinare. Ser ikkje at det ligg føre særlege grunnar etter 7, samt at tiltaket er i strid med intensjonane i 17-2 i Plan og bygningslova, og at det med dette ikkje er grunnlag for å gje dispensasjon i denne saka. Dei frårår sterkt å gje dispensasjon, og ber om å få tilsendt vedtak i saka. Fylkesmannen si miljøvernavdeling er som venta rimeleg klar i si haldning til frådeling og utbygging av private hytter i 100-metersbeltet nede i strandsona som dispensasjonssak. Dei har tidlegare akseptert slike saker når frådelinga skjer oppom riksveg eller godt tilbaketrekt frå sjølve strandsonen. Elles ynskjer dei utbygging i strandsona avklart gjennom kommuneplan/ reguleringsplan slik at det vert ei planmessig og ikkje tilfeldig utbygging. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, kulturavdelinga Ser ikkje at det ligg føre særlege grunnar og med dette ikkje er grunnlag for å gje dispensasjon i denne saka. Ber om å få tilsendt vedtak i saka. Har slik ein forstår det same haldning til søknaden som Fylkesmannen si miljøvernavdeling, det vil si dei ikkje ser at det er grunnlag for å gje dispensasjon og at kommunen som følgje av dette ikkje bør imøtekomme søknaden. Fylkesmannen, landbruksavdelinga Har ikkje særleg merknader til at det vert gjeve dispensasjon. Er understreka frå kommunen si side at arealet ikkje har verdi til tradisjonell jordbruks eller skogbruksproduksjon. Det er difor ikkje interessekonflikt opp i mot landbruksavdelinga sitt ansvarsområde. Statens vegvesen Viser til at det er jordbruksavkjørsle i dag, og at utvida bruk til avkjørsle til fritidsbustad er å sjå på som handsaming av ny avkjørsle. Går i mot at det vert gjeve løyve til dispensasjon frå kommuneplanen ut i frå omsyn til trafikktryggleik. Viser også til ynskje om avklaring i reguleringsplan, fartsgrense som er 80 på staden og at vegen ligg i tiltaksklasse 2 i rammeplan for avkjørsler. Det må vere godkjent avkjørsle før frådeling av tomt til slikt føremål kan gjennomførast, jf PBL 66 (utdrag) 1. Eiendom kan bare deles eller bebygges dersom byggetomta(ene) enten er sikret lovlig atkomst til veg som er åpen for alminnelig ferdsel eller ved tinglyst dokument eller på annen måte er sikret vegforbindelse som kommunen godtar som tilfredsstillende. Avkjørsel fra offentlig veg må være godkjent av vedkommende vegmyndighet, jf. vegloven av 21. juni 1963 1 40-43. Slik ein forstår vegvesenet si uttale vi ein ikkje ut i frå ein einskild søknad gje utvida bruk av avkjørsle til tomt til fritidsbustad. Det vil i så fall ut i frå Plan og bygningslova ikkje vere grunnlag til å gjennomføre omsøkt deling. Som venta er dette ei prinsipiell sak i høve til utbygging i 100-metersbeltet til sjø, og kommunen har fått klåre frårådingar om ikkje gje dispensasjon ut frå det generelle byggeforbodet i denne sona. Når Statens vegvesen i tillegg ikkje vil gå inn for å gje løyve til utvida avkjørsle er det vanskeleg/uråd for kommunen å gjennomføre frådelinga sjølv om det

Sak 5/07 vert gjor eit vedtak om dispensasjon etter PBL 7. Ut frå desse uttalene finn ein ei samla vurdering å tilrå at det ikkje vert gjeve dispensasjon til omsøkte frådeling. Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune gjev ikkje dispensasjon frå kommuneplanen til omsøkte frådeling av tomt til fritidsføremål på gbnr 95/2 på Stokkabø i Balestrand kommune. Dette vert grunngjeve med at omsøkt tomt ligg nede mot sjøkanten, og med dette byggeforbodssona i 100-metersbeltet til sjø, samt at det ikkje er godkjent avkjørsle til tomta.

Sak 6/07 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 3/07 Planutvalet 28.03.2007 6/07 Planutvalet 06.06.2007 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaknr.: 07/386 Arkiv: L12 REGULERINGSPLAN FOR VEGANESET MILJØSTASJON - ENDELEG VEDTAK Vedlegg: Reguleringsplan for Veganeset miljøstasjon, 21.03.2007 Innkomne uttaler Statens vegvesen, 03.05.2007 Sogn og Fjordane Turlag, 11.05.2007 NHO Reiseliv Vest-Norge, 11.05.2007 Sognefjord Reiseliv BA, 18.05.2007 Fylkesmannen, miljøvernavdelinga, 18.05.2007 Bakgrunn: Reguleringsplan for Veganeset, 15.02.1990. Kommunestyresak 6/06, Miljøstasjon vurdering av ulike alternativ, 17.03.2006 Planutvalssak 3/07 Utlegging av planutkast til off ettersyn, 28.03.2007. Brev om utlegging /høyring frå Balestrand kommune, 02.04.2007 Kunngjering om off.ettersyn, 02.04.2007 Lovheimel: Plan og bygningslova 27-1 SAKSOPPLYSNINGAR Planutvalet vedtok i sak 3/07 å legge utkast til reguleringsplan for Veganest Miljøstasjon på offentleg ettersyn/høyring. Høyringsfristen var sett til 21.05.2007. Det har kome inn i alt 5 uttaler (vedlagt). Det vert vist til desse. Det er ikkje kome inn motsegn mot planen. Uttalene er kort oppsummert i samband med vurderingane. VURDERING Statens vegvesen Viser til at Rv 13 fram til ferjekaia på Dragsvik er nasjonal turistveg og at det er viktig at det ikkje vert lagt opp til bygging som øydelegg opplevinga langs vegen. Meiner at miljøstasjonen er godt skjerma frå riksvegen og ferjekaia, og har ut i frå dette ikkje merknader til planen. Ut i frå Statens vegvesen sitt ansvarsområde kan planen bli vedteke slik den ligg føre.

Sak 6/07 Sogn og Fjordane turlag Har ikkje merknader til utforming av stasjonen då denne ser god og gjennomtenkt ut. Stiller spørsmål om Veganeset er rett lokalisering. Meiner Veganeset er eit svært attraktivt og unikt område Meiner kommunen har vore svært flinke og eit føredøme på å tilretteleggje for å gjere område tilgjengeleg og meir attraktive for ålmenta. Ber kommunen sterkt å vurdere anna plassering av miljøstasjonen. Lokalisering av miljøstasjonen handsama i kommunestyresak 6/06 Miljøstasjon vurdering av ulike alternativ, 17.03.2007. Som utgangspunkt for denne saka var det vurdert fleire alternative lokaliseringar. Kommunestyret gjorde då følgjande vedtak: Balestrand kommune skal jobbe vidare med siktemål å få permanent lokalisering av miljøstasjon i Balestrand på Veganeset. Føresetnadene som er lagt fram i denne saka for løysing/utforming skal ligge til grunn for vidare planmessige avklaringar med omsyn til: Detaljplanlegging/utforming plan og byggesakshandsaming avklaring av eksakt kostnad og finansiering. Dette vedtaket vert no følgt opp. Det er så langt laga detaljplanar for utforming, og denne saka gjeld det andre punktet som går på plan og byggesakshandsaming. Kommunestyret står gjennom denne handsaminga fritt til å vurdere om ein skal halde fast på vedteken lokalisering, eller om ein vil sjå på lokaliseringsspørsmålet på nytt. Når det gjeld detaljutforming og utarbeiding av reguleringsplanen er det for å redusere ulempene så langt som råd, lagt opp til at miljøstasjonen samstundes som den er funksjonell skal ha god utforming, vere godt skjerma samt at ein skal oppretthalde tilkomsten til Veganeset både til austsida og vestsida. Så langt ein kan vurdere det er det her lagt opp til ein optimal tilrettelegging under den føresetnaden at miljøstasjonen skal vere lokalisert på dette arealet på Veganeset. NHO Reiseliv, Vest-Norge Uttalen går mot lokalisering av stasjonen på Veganeset. Viser til at Balestrand ligg i eit midtpunkt i fjordane mellom Geirangerfjorden og Nærøyfjorden som i 2005 fekk verdsarvstatus. Viser vidare til reiselivet sitt vekstpotensial. Meiner med bakgrunn i dette at lokalisering av stasjonen i nærmeste nabolag til allereie eksisterande reiselivsverksemder vil forringe naturmiljøet, svekke oppleving til besøkande og redusere bedriftene sitt potensial til vekst, stabilitet og sysselsetjing. Vedk lokalisering vert vist til vurdering av uttale til Sogn og Fjordane turlag. Sognefjord Reiseliv BA Meiner kommunen må prioritere skjerming for støy og innsyn særleg høgt. Meiner anna lokalisering burde vore vald, og trekker fram at Esebotn burde vore betre utgreidd. Det vert lagt stor vekt på skjerming og terrengtilpassing. Når det gjeld alternativ lokalisering var Esebotn eit av alternativa som var utgreidd i kommunestyresak 6/06. Det vert elles vist til ovanståande vurdering av lokaliseringa.

Sak 6/07 Uttalen går mot lokalisering av stasjonen på Veganeset. Viser til at Balestrand ligg i eit midtpunkt i fjordane mellom Geirangerfjorden og Nærøyfjorden som i 2005 fekk Fylkesmannen, miljøvernavdelinga Merker seg at stasjonen er godt tilpassa terreng og godt skjerma. Har ikkje merknader til planframlegget. Ingen særskild. Det har kome fleire uttaler som argumenterer for anna lokalisering. Som tidlegare nemnt står kommunestyret gjennom denne handsaminga fritt til å vurdere om ein skal halde fast på vedteken lokalisering, eller om ein vil sjå på lokaliseringsspørsmålet på nytt. Slik ein vurderer det må dette spørsmålet takast opp frå politisk hald då føringane for tilrettelegging av permanent miljøstasjon ligg i tidlegare kommunestyrevedtak. Det er ingen som har direkte merknader til reguleringsplanen og dei krav og føresetnader som er lagt inn for miljøstasjonen. Tvert om vert god terrengtilpassing og skjerming trekt fram frå nokre høyringsinstansar. Ut i frå dette vil ein tilrå: Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune vedtek med heimel i Plan og Bygningslova 27-2 reguleringsplan for Veganeset miljøstasjon slik den ligg føre.

Sak 7/07 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 7/07 Planutvalet 06.06.2007 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 142 Arkivsaknr.: 07/517 SØKNAD OM BRUK AV OMRÅDE TIL MOTORSPORT - DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLAN Vedlegg: Søknad om dispensasjon, grunneigar Jarle Midttun og Balestrand Motorklubb ved Vidar Heier, 12.04.2007. Brev frå Balestrand kommune, 13.04.2007 Uttaler Statens Vegvesen, 03.05.2007 Fylkesmannen, landbruksavdelinga, 03.05.2007 Sogn og Fjordane Fylkeskommune, kulturavdelinga, 02.05.2007 Fjordane Grendalag, 30.04.2007 Olav Kåre Rendedal, 12.05.2007 Fylkesmannen, miljkøvernavdelinga, 16.05.2007 Bakgrunn: Gjeldande kommuneplan Lovheimel: Plan og bygningslova 7 SAKSOPPLYSNINGAR Balestrand kommune har motteke søknad om dispensasjon til å ta i bruk område på gbnr 29/1 i Vetlefjorden til motorsportføremål. Då arealet er LNF-område i gjeldande kommuneplan var det lagt opp til handsaming som dispensasjon frå denne. Søknaden har vore sendt ut med høve til uttale og kommunen har motteke 6 uttaler. I uttalene er det ingen som har merknader til at det vert gjeve dispensasjon som omsøkt, med unntak frå fylkesmannen si miljøvernavdeling. Dei meier at kommunen ikkje kan gje dispensasjon til omsøkte tiltak ut i frå ei formulering i rundskriv T -1/96 om lov om motorferdsel i utmark og vassdrag; Når det gjelder kjøring på terrengbaner i utmark, kan det i medhold av 6 gis tillatelse når banen er lagt ut i reguleringsplan, og når den benyttes til kjøring i organiserte former. I disse tilfellene vil interessekonfliktene bli avklart i planbehandlingen. Det siktes her til treningsbaner som disponeres av en snøscooterklubb, idrettsforening eller lignede. Dei framheld at etablering av slik bane bør avklarast i overordna plan og der omsyn til andre interesser vert sikra gjennom føresegnene i ein reguleringsplan.

Sak 7/07 Det vert vist til vedlagde dokument. VURDERING Det er frå kommunen si side i samband med at søknaden vart sendt ut til uttale lagt føringar på at det vert gjeve tidsavgrensa dispensasjon som gjeld i 2-3 år eller fram til tiltaket er innarbeidd i kommuneplan og reguleringsplan. Det er vidare i tråd med søknaden sett som aktuelt å setje vilkår i form av avgrensing av aktivitetane gjennom døgnet, vilkår knytt til støy og at fysiske inngrep vert avgrensa. Ein er av den oppfating at tiltaket er mykje etterspurt og er samfunnsmessig viktig ut i frå busetnad, fritidstilbod og trivsel. Slik vi vurderer området ligg dette godt avskjerma i høve andre interesser og aktivitetar. Området ligg likevel like inntil riksveg og har god tilkomst. Tiltaka som er planlagt gjennomført er svært beskjedne med omsyn på inngrep i terreng. Det er i alle høve ikkje aktuelt å etablere bygg før permanent løyve eventuelt er gjeve. Balestrand motorklubb er også ein nystarta og liten klubb. Aktiviteten vil naturleg bli avgrensa også ut i frå dette. Ein er ikkje samd i Fylkesmannen si miljøvernavdeling sin forståing av rundskriv T-1/96. Krav til planmessig avklaring i reguleringsplan gjeld for dei fleste tiltak. Det er gjennomgåande forståing av at 7 i PBL ikkje utrykker avgrensingar i arten av bestemmelsar det kan dispenserast for når det gjeld materielle reglar. Det er også fastsett gjennom korrespondanse mellom miljøverndeparetementet, kommunal og arbeidsdepartementet og sivilombodsmannen i 19988/89 at det ikkje er høve å avgrense dispensasjonsavdgangen gjennom forskrift, vedtek eller planvedtak. Det er derimot klåre regler for sakshandsaming med varsling og uttaler på line med planhandsaming dersom saka gjeld dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel, noko som er fulgt opp i denne saka. Ein ser det ikkje berre som mogeleg, men og som svært fornuftig å imøtekomme søknaden med ein tidsavgrensa dispensasjon. Krav som i reguleringsplan vert sett i føresegner vert sett som vilkår til dispensasjonen. Med ein slik prøveperiode vert det mogeleg å vinne erfaringar med omsyn på støy, og andre forhold i høve til andre interesser. Ein vil få eit godt grunnlag til å vurdere eventuelle framlegg til føresegner og tilpassing av anlegget som best mogeleg ivaretek omgjevnadene. Det er også mogeleg på ein enkel måte å avslutte aktiviteten om erfaringar skulle tilseie det. Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune gjev Jarle Midttun og Balestrand Motorklubb ved Vidar Heier dispensasjon frå gjeldande kommuneplan til å nytte del av areal på eigedom gbnr 29/1 i tråd med vedlagd søknad/kart til motorsportføremål. Området kan og nyttast til annan paintball, skiløype og andre liknande aktivitetar. Dispensasjonen er tidsavgrensa for inntil 2 år, og det er sett følgjande vilkår: Aktiviteten med motorsport skal avgrensast til mandag-fredag kl 10-22, laurdag kl. 10-18 og sundag kl 13-18. Aktiviteten skal ikkje føre til støy over SFT sine retningsliner til ein kvar tid. I prøveperioden skal det gjennomførast målingar av støy og gjerast vurderingar av eventuelle

Sak 7/07 støyreduserande tiltak. Midlertig støyskjerming kan etablerast dersom støymålingane viser behov for dette. Terrenginngrep skal vere avgrensa og tilpassa terrenget på ein god måte. Dersom det ikkje vert etablert permanent bane gjennom avklaring i reguleringsplan, skal terrenget tilbakeførast til opprinneleg terreng. Det er ikkje høve til å setje opp permanente bygningar til motorsportaktiviteten i prøveperioden. Permanent lokalisering skal avklarast gjennom overordna plan og vidare særskild reguleringsplan for området.

Sak 8/07 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 8/07 Planutvalet 06.06.2007 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: GBNR 3/3 Arkivsaknr.: 07/527 SØKNAD OM FRÅDELING AV TOMT - DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLAN Vedlegg: Søknad om frådeling av tomt, 17.04.2007 Uttaler Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, landbruksavdelinga 09.05.2007 Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga 14.05.2007 Hans Mikalsen, 21.05.2007 Bakgrunn: Gjeldande kommuneplan Brev frå Balestrand kommune til uttalepartar, 04.05.2007 Lovheimel: Plan og bygningslova 7 SAKSOPPLYSNINGAR Hans Henrik Lundsgaard søkjer om å få frådele tomt til fritidsføremål frå gbnr 3/3 i Balestrand kommune. Tomta ligg på Tue ca 3 km sør for Balestrand sentrum. Det vert vist til vedlagt søknad. Tomta ligg i gjeldande kommuneplan LNF-område der det er opna for spreidd bustadbygging. Det er i dag bygd ut felles tilkomstveg og avkjørsle til riksveg for 3 bustadhus der eitt vert nytta som fritidsbustad. Tilkomst til denne tomta er føresett frå same avkjørsle/veg. Tomta ligg oppom riksveg ca 200 meter frå strandsone. Eigedomen tomta vert skilt i frå har eit totalareal på 80 da. Eigedomen er nytta som fritidsbustad. Innmark på ca 12 da nedom riksveg vert beita og slått av nabo. Oppom riksvegen er ca 8 da gamal frukthage som vert beita av nabo. Resten er skog. Omsøkt tomt ligg dels i gamal frukthage og dels i skogsmark/impediment. Søknaden har vore sendt til uttale med frist 01.06.2007. Det har så langt kome inn 3 uttaler. Ein gjer merksam på at høyringsfristen ikkje har gått ut når saka vert sendt ut, og at det av den grunn kan komme uttaler som vert ettersendt/lagt fram i møtet. VURDERING Sett frå kommunen si side er frådeling av ei tomt i dette området ikkje i konflikt med andre bruksinteresser. Det er også positivt at tomta ligg i eit område med annan bebyggelse og kan knytte seg til eksisterande tilkomst. Det er ikkje kome vesentlege merknader eller uttaler som frårår å gje dispensasjon.

Sak 8/07 Søknaden er frå potensiell kjøpar av tomt. Slik saka er framsett er dette avklart med grunneigar, og det er dei som må fremme formell søknad om frådeling i etterkant av ein eventuell dispensasjon. Det bør i tillegg setjast vilkår for utnytting av tomta slik at administrasjonen kan handsame påfølgjande byggesak utan at ein treng ny dispensasjonshandsaming av denne. Dersom det ikkje kjem avgjerande merknader tilrår rådmannen følgjande: Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune gjev med heimel i Plan og bygningslova 7 dispensasjon frå kommuneplanen til frådeling av tomt til fritidsføremål på eigedom 3/3 i Balestrand kommune som omsøkt og vist på vedlagt kart. Det vert sett følgjande vilkår: eksisterande tilkomstveg og avkjørsle til eigedomane 3/3 og 3/11 vert nytta. Fritidsbustad skal oppførast innanfor følgjande rammer BYA = 0,15 Maks mønehøgd = 7 meter, Gesimshøgd = 4 meter Utforming skal vere i tradisjonell byggestil i tråd med bygg i området, alternativt bygg med materialbruken av tre, stein, glas, torv o.l tilpassa terreng og med fargebruk som er moderat og dempa.