SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Erling Bjørnetun/Liv Helen Nystuen Arkiv: 223 C Arkivsaksnr.: 12/186 Tilskot til kulturføremål - tilskot til nærmiljøtiltak 2012. Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommune vedtek eit samla prosjekttilskot på 67.915 etter fylgjande oppstilling: 2) Lyngmo ungdomssenter, - betre tilkomst for rullestolbrukarar 27.320 3) Sandvik nord grendalag - oppsetjing av ballvegg på leikeplassen 3.000 4) Sandvik nord grendalag, - kjøp av leikeapparat 21.120 5) Sandvik nord grendalag, - drift av leikeplassen kr 3.480 6) Øyane velforening, - drift av leikeplass/friareal 7.245 7) Marifjøra Vel, - vedlikehald av gang- og sykkelveg 500 8) Hafslo bygdelag, - vedlikehald av traktorvegen Hillestad Solbakken Skyttarhuset 5.250 Tilskotet vert å tilvisa over budsjettpost: 14711.200.38504 Tilskot til nærmiljøanlegg. Prosjektmidlane vert tilrådd som tilsagn om tilskot med utbetaling innan 1. november 2012 etter framlagt rapport og rekneskap. 2. Luster kommune vedtek at søknaden frå Jostedal bygdelag om solselleanlegg på Styggevasshytta vert avslegen med grunngjeving i at prosjektet ikkje er prioritert for kommunal medverknad i Kommunal Plan for idrett og fysisk aktivitet 2012-2015.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg: Søknader Samandrag: Luster kommune har for 2012 motteke 8 (24 søknader i 2011) søknader om prosjekttilskot til nærmiljøtiltak. Søknadene er fordelt i 3 hovuddelar: Nye prosjekt i 2012: a) ut frå Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet 2012-2023 b) ut frå kommunal plan for lokale kulturhus. c) andre tiltak Luster kommune vedtek å gi samla prosjekttilskot på 67.915 for år 2012. Prosjektmidlane er tilrådd som tilsegn om tilskot med utbetaling innan 1. november 2012 etter framlagt rapport og rekneskap. Søkarar som tidlegare har fått innvilga tilsegn om tilskot, men ikkje levert ferdigrapport for desse, vert ikkje prioriterte for nye tiltak i 2012. Tilskotet vert å tilvisa over budsjettpostane: 14711.200.38504 Tilskot til nærmiljøanlegg. Utval som har vedtaksmynde: Plan og forvaltningsstyret Mynde til utvalet er gjeve i fylgjande lov, forskrift eller delegeringsmynde: K.sak 90/11: Reglement for tilskot til kulturføremål 2012 2015. Fakta: Tilskotsordninga vert kunngjort årleg i januar/februar med søknadsfrist 1. mars. Det er innført elektronisk søknadsrutine frå søknadsfristen 1. mars 2012. Søknadene vert handsama etter reglement for tilskot til kulturføremål, som vart gjort gjeldande i K.sak 90/11. Budjettert sum til nærmiljøanlegg 2012 (14711.200.38504) 516.000,00 - det er i d-sak 94/12 løyvt til drift av private forsamlinghus til saman 406.145,00 Disponibel budsjettsum pr. d.d. 109.855,00 Budsjettsummen for 2012 skal finansiere prosjekttilskot til nærmiljøtiltak, og refusjon for drift og vedlikehald av private forsamlingshus. Kommunen kan yte tilskot til nærmiljøtiltak (prosjekt og større vedlikehald av anlegg til kulturføremål) med inntil 1/3 av totalkostnaden, der totalkostnaden er på minimum 75.000 for lokale kulturhus og for idrettsanlegg. Desse prosjekta skal vera innarbeida i kommunal plan og prioriterte for gjennomføring av kommunestyret i handlingsprogrammet. Til nærmiljøtiltak for born (utbygging av leikeplassar og sikring og vedlikehald av leikeplassar) kan kommunen yte tilskot med inntil 50% av godkjent kostnadsoverslag, jfr. reglement for tilskot til kulturføremål 2012 2015, pkt. 5 og pkt. 6.. 1. NYE PROSJEKT I 2012:
a) SØKNADER HANDSAMA UT FRÅ KOMMUNAL PLAN FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET 2012 2023 (vedteken i K.sak 15/2012): A 1) ORDINÆRE ANLEGG FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET: 1) Jostedal bygdelag: Søknaden gjeld tilskot til montering av toalett med solcelleanlegg på Styggevasshytta. Samla kostnad: 90.000 Breheimenmidlar 40.000 Eigenkapital 20.000 Kommunalt tilskot 30.000 Prosjektet er ikkje prioritert for kommunal medverknad i Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2012 2023, og kan difor ikkje tilrådast for tilskot. b) SØKNADER HANDSAMA UTFRÅ KOMMUNAL PLAN FOR LOKALE KULTURHUS 2010 2021 (vedteken i K.sak. 66/2009). A 2) ORDINÆRE ANLEGG FOR LOKALE KULTURHUS: 2) Lyngmo ungdomssenter: Søknaden gjeld tilskot til betre tilkomst for rullestolbrukarar. Oppjustering av toalettanlegg vil verta prioritert seinare i denne 4-års perioden. Samla kostnad: 54.637,50 Eigenkapital 2.600,00 Kommunalt tilskot Betre tilkomst for rullestolbrukarar og oppjustering resepsjonsområde og toalettanlegg 80.000 ved Lyngmo ungdomssenter er prioritert i Plan for lokale kulturhus 2010 2021 i planen sin fire årige handlingsplan. Maksimalt tilskot er 50%, jfr. reglement for tilskot til kulturføremål 2012 2015, pkt. 5. Søkjaren får eit tilskot på (inntil 50%) 27.320 til prosjektet med betre tilkomst for rullestolbrukarar. c) ANDRE TILTAK: 3) Sandvik Nord grendalag: Søknaden gjeld tilskot til oppsetjing av ballvegg på leikeplassen. Samla kostnad: 6.000 Eigenkapital Kommunalt tilskot Søkjaren får eit tilsegn om tilskot på (inntil 50%) 3.000 til oppsetjing av ballvegg på leikeplassen. 4) Sandvik Nord grendalag: Søknaden gjeld tilskot til kjøp av Supernova leikepparat. Samla kostnad: 42.238 Eigenkapital 7.200
Kommunalt tilskot Søkjaren får eit tilsegn om tilskot på (inntil 50%) 21.120 til kjøp av Supernova leikeapparat. 5) Sandvik Nord grendalag drift av leikeplass: Søknaden gjeld dugnadsarbeid i samband med vedlikehald og oppsetjing av leikeapparat, klipping av busker, maling av gjerde og huskestativ og skliehus totalt 6.960 (inkl. 87 timer dugnad). Søkjaren får eit tilskot på (50%) 3.480 vedlikehald og oppsetjing av leikeapparat, klipping av busker, maling av gjerde og huskestativ og skliehus. 6) Øyane velforening drift av leikeplass/friareal: Søknaden gjeld service plenklyppar, bensin og arbeid med slåing totalt 14.487,36. Søkjaren får eit tilskot på (50%) 7.245 til service plenklyppar, drivstoff og plenslått. 7) Marifjøra Vel vedlikehald av gang- og sykkelveg: Søknaden gjeld tilskot til vedlikehald av gang- og sykkelveg i Røneidsberget. Velforeninga leiger området i sommarhalvåret hjå grunneigar, og har teke på seg ansvaret for drift og vedlikehald av vegen. Totalkostnad 500 pr. år. Jfr. vedtak i Hovudutval for undervisning og kultur, sak 26, i 1996 får søkjaren eit (årleg) kommunalt tilskot på 500. 8) Hafslo bygdelag vedlikehald av turvegen Hillestad Solbakken Skyttarhuset: Søknaden gjeld refusjon av utgifter til vedlikehald av vegen totalt 10.500. Søkjaren får eit tilskot på (50%) 5.250 til vedlikehald av turvegen Hillestad Solbakken - skyttarhuset. Vurdering: Søknadene er handsama og vurderte ut i frå dei føringane som ligg i reglement og kommunale delplanar, jfr. Reglement for tilskot til kulturføremål 2012-2015, pkt. 5. Søkarar
som tidlegare har fått innvilga tilsegn om tilskot, men som ikkje har ferdigrapportert desse, vert ikkje prioriterte for nye tiltak i 2012. 1. Rådmannen vil tilrå at det vert gitt eit samla prosjekttilskot på 67.915 etter fylgjande oppstilling: 2) Lyngmo ungdomssenter, - betre tilkomst for rullestolbrukarar 27.320 3) Sandvik nord grendalag - oppsetjing av ballvegg på leikeplassen 3.000 4) Sandvik nord grendalag, - kjøp av leikeapparat 21.120 5) Sandvik nord grendalag, - drift av leikeplassen kr 3.480 6) Øyane velforening, - drift av leikeplass/friareal 7.245 7) Marifjøra Vel, - vedlikehald av gang- og sykkelveg 500 8) Hafslo bygdelag, - vedlikehald av traktorvegen Hillestad Solbakken Skyttarhuset 5.250 Tilskotet vert å tilvisa over budsjettpost: 14711.200.38504 Tilskot til nærmiljøanlegg. Prosjektmidlane vert tilrådd som tilsagn om tilskot med utbetaling innan 1. november 2012 etter framlagt rapport og rekneskap. 2. Rådmannen tilrår at denne søknaden vert avslegen: 1) Jostedal bygdelag, - montering av toalett med solcelleanlegg på Styggevasshytta. Søknaden vert ikkje innvilga med grunngjeving i at prosjektet ikkje er prioritert for kommunal medverknad i Kommunal Plan for idrett og fysisk aktivitet 2012-2015. Dato: 21. mai 2012 Jarle Skartun Inger Marie Evjestad rådmann rådgjevar - oppvekst Særutskrift skal sendast: m/kopi til: Søkarane Økonomiavdelinga og revisor, her