Politisk og administrativt sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «UTLANDSADRESSE» Saksbehandlar Tlf. direkte innval Vår ref. Dykkar ref. Dato Jon Harald Kjærland 2017/3434-13 «REF» 13.12.2017 Særutskrift - 82/82-2 tremannsbustader - Rosendal - Tommy Røssland Kvinnherad forvaltningskomite hadde saka føre i møte 06.12.2017 med vedtak nr 2017/130. Vi legg ved utskrift av møteboka og syner til vedtaket. Dersom du vurderer å klaga på vedtaket, viser vi generelt til reglane i forvaltningslova og spesielt til plan og bygningslova 1-9. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke dette vedtaket. Vi viser også til pbl 21-9 om at eit løyve fell bort etter 3 år dersom tiltak ikkje er igangsett. Tiltak omfattar også oppretting og endring av eigedom (frådeling). Med helsing Bente Høyland Møtesekretær Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Jon Harald Kjærland Mottakarar: Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal Tlf: 534 83 100 Fax: 534 83 130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www.kvinnherad.kommune.no
Mottakarar: Tommy Røssland Lundshagen 43 5464 DIMMELSVIK Thoralf Gjuvsland Boks 60 5486 ROSENDAL Svein Jarle Mehl Træsvn. 26 5470 ROSENDAL ArchideaAS Sandvollvegen 15 5452 SANDVOLL
Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe 2017/3434-11 Saksbehandlar Jon Harald Kjærland Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2017/130 Forvaltningskomiteen 06.12.2017 Behandling ett-trinns-søknad - 82/82 2 stk tre-mannsbustader - Rosendal - Tommy Røssland Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad forvaltningskomite gjev md heimel i pbl 20-1 igangsetjingsløyve til oppføring av 2 stk tre-mannsbustader over to plan med bruksareal på 122 m2-130 m2 i samsvar med søknad motteke 05.09.2017, 17.10.2017 og 22.11.2017 og tilhøyrande planar, teikningar og situasjonsplan sist motteken 22.11.2017. godkjenninga omfattar og tiltaksklassar, gjennomføringsplan og erklærte ansvarsrettar frå fylgjande firma: Archidea AS, Sandvoll (SØK, PRO t.kl. 1.), Dimmelsvik Entreprenør AS, Dimmelsvik (UTF t.kl. 1), Johansen Rør AS, Skånevik ( PRO, UTF t.kl. 1) Kvinnherad Bygg AS, Seimsfoss,(UTF t.kl. 1), Sandvoll Entreprenør AS, Sandvoll, (kontroll). Løyve vert gjeve på fylgjande vilkår: 1. at det vert sendt inn avfallsplan både for riving av bustad over 100 m2 BRA, og for oppføring av husvære som samla overstig 300 m2 BRA, konf. TEK10 kap. 9. 2. at det vert gjort avtale om bruk av privat veg for alle 6 bu-einingane. 3. Dersom det under gravearbeid i marka vert gjort funn av kulturhistorisk verdi, må arbeida stansa og rapport sendast vernemynda for nærmare gransking. Igongsetjing av arbeida kan starta når pkt. 1-2 er innfridd. Behandling i Forvaltningskomiteen den 06.12.2017 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 06.12.2017 Kvinnherad forvaltningskomite gjev md heimel i pbl 20-1 igangsetjingsløyve til oppføring av 2 stk tre-mannsbustader over to plan med bruksareal på 122 m2-130 m2 i samsvar med søknad motteke 05.09.2017, 17.10.2017 og 22.11.2017 og tilhøyrande planar, teikningar og situasjonsplan sist motteken 22.11.2017. godkjenninga omfattar og tiltaksklassar, gjennomføringsplan og erklærte ansvarsrettar frå fylgjande firma: Archidea AS, Sandvoll (SØK, PRO t.kl. 1.), Dimmelsvik Entreprenør AS, Dimmelsvik (UTF t.kl. 1), Johansen Rør AS, Skånevik ( PRO, UTF t.kl. 1) Kvinnherad Bygg AS, Seimsfoss,(UTF t.kl. 1), Sandvoll Entreprenør AS, Sandvoll, (kontroll). Løyve vert gjeve på fylgjande vilkår: 1. at det vert sendt inn avfallsplan både for riving av bustad over 100 m2 BRA, og for oppføring av husvære som samla overstig 300 m2 BRA, konf. TEK10 kap. 9.
2. at det vert gjort avtale om bruk av privat veg for alle 6 bu-einingane. 3. Dersom det under gravearbeid i marka vert gjort funn av kulturhistorisk verdi, må arbeida stansa og rapport sendast vernemynda for nærmare gransking. Igongsetjing av arbeida kan starta når pkt. 1-2 er innfridd. Søkjar: Archidea AS, Sandvollvn. 15, 5452 Sandvoll. Tiltakshavar: Tommy Røssland, Lundshagen 43, 5464 Dimmelsvik. Søknad motteken: 05.09.2017 og 17.10.2017 Om søknaden: Det vert søkt om å riva eksisterande einebustad på eigedom 82/82 som er 1797 m2, samt oppføring av to stk vertikaldelte tre-mannsbustader over to plan med tak som kombinerer saltak og flatt tak. Golv plasserast på kote +36 moh og topp møne er på kote +43 moh. Det er vist 2 parkeringsplasser ved kvar inngang og utomhusplan viser leikeplass på kvar side av innkøyrsla til tunet. Parkering og inngang vert asfaltert med universell utforming då stigning vert 1:20. Kvart husvære er over to plan og har fylgjande bruksareal BRA; R1-1=122 m2, R1-2= 130 m2, R1-3= 122 m2, R2-1=122 m2, R2-2=122 m2, R2-3= 122 m2. Alle er 4-roms husvære, har 2 bad/wc og livslaupsstandard.
Arealstatus Arealet er i kommunedelplan for Rosendal Dimmelsvik-Uskedalen godkjent 12.03.2003 regulert til bustad-område. Her er ikkje reguleringsplan. Nabovarsel Det er den 26.08.2017 motteke nabomerknad frå Svein J. Mehl, eigar av 82/157, som skriv at mange husvære her vil medføra auka trafikk, ferdsel og støy. Vegen er smal og har avgrensa kapasitet. Her er eit roleg bustadområde som ein ikkje ynskjer skal endra seg radikalt. Det er videre kome merknad frå Thoralf Gjuvsland, eigar av 82/83 som skriv at han har felles hovedstoppekran med eigar av 82/82 og endring på hovedvatn må kostast av utbyggjar. Videre at det kan vera fornminne i jorda i den delen som ikkje er bygd frå før. Tilsvar til merknader: Søkjar skriv at det er teke omsyn til alle punkta som nabo på 82/157 har notert. Vegen vil bli utbetra, fortetyting er ei naturleg utvikling i samfunnet. Søkjar skriv videre at alle utgifter i samband med flytting av hovedvassførsel blir dekka. Det er ikkje registrert kulturminner på tilgjengelege kulturregister om at her er gjort funn. Naturmangfaldlova Grei ut om eventuelle registreringar i området om spesielle naturtypar eller biotopar Stadfest også dersom det ikkje ligg føre registreringar Kulturminne Det er ikkje registrert kulturminner på tilgjengelege kulturregister om at her er gjort funn. Dersom det vert gjort funn under gravearbeida, må arbeidet stansa og det må rapporterast til Fylkeskommune/Fylkeskonservator om funna for nærmare gransking. Støy Ser ikkje at desse fleirmannsbustader kan støya meir enn nabolaget som består av to- og tremanns bustader. Klimatilpassing Ingen registrering. Veg, vatn og avløp Det er gjeve tilknytingsløyve til komm. kloakk den 07.09.2017. Videre er det gjeve tilknytingsløyve til komm. veg den 10.11.2017 på ymse vilkår. Vatn frå Rosendal og omland vassverk.
Vurdering Eksisterande einebustad med gr.fl på 60 m2 oppført i 1949 på 3 plan blir riven, og då tomta på 1,8 daa og langstrakt er her planlagt 6 husvære fordelt på to bygningar. Køyreveg til eigedomen og nabo 82/84 blir flytta og lagt midt mellom 3-mansbustadane. Utnyttingsgrad vert noko høg då vegareal tar relativt mykje areal sidan her vert privat parkering ved kvar inngang. Det vil likevel vera minste uteopphaldsareal (MUA) som overstig minstekrav på 50 m2 på husvære. Elles har tiltaket kvalitet som 2 leikeplasser. Desse er imidlertid plassert ved innkøyringa til tunet og må sikrast med gjerde mot bilveg. Nabo i to-mannsbustad på 82/157 bur i tun med konsentrert to-manns og tre-manns bustader. Vi ser ikkje at det vert urimelege ulemper for dette tiltaket då tilkomstveg er ein annan enn klagar sin, samt at uteopphaldstaden hans er vendt bort frå tiltaket. Her er avsett areal til bustader. Byggetrenden i dag er moderande fleirmannshusvære i grupper der uteareal er mindre og krev mindre arbeid. Grunngjeving Rådmannen tilrår ettrinns-løyve til riving av gamal einebustad og bygging av to stk tremannsbustader på bustadeigedom 82/82 i Rosendal. Tiltaket har ein tiltalande utforming og plassering. Her er tilrettelagt for eit godt bumiljø, universelt utforma. Tiltaket er ei videreføring av konsentrert bustadbygging her. Arealet her har ikkje reguleringsplan, men innsendt situasjonsplan oppfyller mange av dei kvalitertar som ein løyser i ein reguleringsplan. Klagefrist: Dersom du vurderer å klaga på vedtaket, viser vi generelt til reglane i forvaltningslova og spesielt til plan og bygningslova 1-9. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtaket. Vedlegg: 1. Nabomerknader. 2. Oversynskart/kommuneplankart. 3. Situasjonsplan for 82/82 4. Fasade- og snitt-teikningar