Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.



Like dokumenter
Fylkesrådmannens framlegg til ØP

Fylkesutvalet Fylkestinget

Økonomiplan med budsjett for 2013

Oversyn over økonomiplanperioden

Behandling i Fylkesutvalet Toril Melheim Strand (AP) fremma følgjande forslag på vegner av AP, Sml, SP, SV. Uavh, V:

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2012

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

INVESTERINGSPROSJEKT

Behandling i Fylkesutvalet Tove-Lise Torve (AP) fremma på vegner av seg sjølv og Jon Aasen (AP), Per Vidar Kjølmoen (AP), Eva Vinje

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Økonomiplan med budsjett for 2012

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

FYLKESVEGPLANEN

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Økonomiplan

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Økonomiplan med budsjett for Fylkesrådmannen sitt framlegg, presentert 5. november 2010

Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet: informasjonssjef. seksjonsleiar konsulent

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

Tilbakemelding til forvaltningsrevisjonsrapporten "Norsk digital læringsarena (NDLA)"

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Økonomiplan med budsjett for 2011

Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Pål Farstad (V):

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Undervegs i behandlinga av saka fekk Bjarne Kvalsvik (Sml) permisjon og Inger Johanne Tafjord (Sml) tok plass som vara.

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.


Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2015.

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

HØYRINGSUTTALE - STATENS VEGVESEN SITT FRAMLEGG TIL STATSBUDSJETTET 2012

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Bompengereforma - overføring av garantiar til Ferde AS

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 14.desember 2011.

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Omklassifisering av fylkesveg til riksveg

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2014/558 Løpenr.: 9934/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Ørsta kommunestyre

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Forslag frå fylkesrådmannen

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

Skodje kommune Teknisk avdeling

Økonomiplan

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Fylkeskommunen og inntektssystemet

MØTE PROTOKOLL. Forfall til møtet: Alfred Bjørlo (V) (ikkje meldt forfall) Senea Sabanovic (Ap) Trude Brosvik (KrF)

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 29.desember 2014.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kåre Træen Arkiv: 004 &14 Arkivsaksnr.: 07/14 ÅRSREKNESKAP OG ÅRSMELDING SOGNDAL KOMMUNE.

FINANSFORVALTNINGA I 2012

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2016.

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Transkript:

Møteinnkalling Utval: Fylkestinget Møtestad: Rica Seilet Hotel, Molde Dato: 06.06.2011 Tid: 13:00 Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling. Saksnr Innhold T-27/11 Forvaltningsrevisjonsrapport nr 1/2011: "Etablerarordningar og nyskaping - forventningar og resultat" T-28/11 Forvaltningsrevisjonsrapport nr 2/2011: "Status og utfordringar i trafikktryggingsrabeidet i Møre og Romsdal." T-29/11 Melding om status for oppfølging av tidlegare forvaltningsrevisjonar T-30/11 K903 Atlanten vgs, trinn 5, byggjerekneskap. Revisors uttale T-31/11 K904 Volda vgs, byggjetrinn 4, byggjerekneskap. Revisors uttale. T-32/11 K001 Romsdal vgs, G-blokka, byggjerekneskap. Revisors uttale. T-33/11 K601 Borgund vgs byggjetrinn 3 - byggjerekneskap T-34/11 K701 Borgund vgs., idrettshall - byggjerekneskap T-35/11 Økonomirapportering pr. 1 tertial 2011 T-36/11 Strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2012-2014 T-37/11 Prinsipp for delegering av mynde i Møre og Romsdal fylkeskommune T-38/11 Offentlege virkemidlar som er etablert for verdiskaping og næringsliv T-39/11 Revidering av strategiplan for skogbruket i Møre og Romsdal 2008-2016 T-40/11 Kvalitetsplanen 2011-2015 for vidaregåande opplæring T-41/11 Kristiansund videregående skole - revisjon av utviklingsplan T-42/11 Reviderte vedtekter for fagskolestyret i Møre og Romsdal fylkeskommune T-43/11 Revidering av skyssreglement for grunnskole og vidaregåande skole i Møre og Romsdal T-44/11 Fylkeskommunal deltaking i vegselskap T-45/11 Riksvegbudsjettet 2012 (blir behandla i

T-46/11 T-47/11 T-48/11 ekstraordinært fylkesutval 6. juni, sjå eige trykk) Rapport frå arbeidsgruppa bruk av eigedomen til Ørskog vidaregåande skole Interpellasjon frå Gunn Berit Gjerde (V) om at problema kring gasstransporten må løysast av sentrale styresmakter Interpellasjon frå Camilla Storøy Hermansen (Krf) om å erstatte skuledabattane med politiske torg eller aksjonsdagar

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 19.05.2011 305/2011 Bjørn Nerland Saksnr Utval Møtedato U-87/11 Fylkesutvalet 24.05.2011 T-36/11 Fylkestinget 06.06.2011 Strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2012-2015 1 INNLEIING 1.1 Fylkesplanen Fylkesplan 2009-2012 inneheld følgjande: VISJON: Vi vågar litt meir! Vidare inneheld den følgjande satsingsområde: KULTUR Hovudmål Møre og Romsdal er ein levande, framtidsretta og dynamisk kulturregion der tradisjon, mangfald, nyskaping og verdiskaping går hand i hand, og der kultur er tilgjengeleg for alle. Fanesak Kultur kultursekk til alle barnehagane i Møre og Romsdal KOMPETANSE Hovudmål Oppvekst- og utdanningssystemet i Møre og Romsdal skal opplevast som attraktivt og godt tilrettelagt for brukarane. Det skal vere god samanheng mellom utdanningsnivåa, og skolane skal levere kompetanse næringslivet og offentleg sektor har bruk for.

Side 2 Fanesak Kompetanse eit samordna etter- og vidareutdanningssystem i Møre og Romsdal VERDISKAPING Hovudmål Møre og Romsdal har eit attraktivt, internasjonalt og nyskapande næringsliv og ein utviklingsorientert offentleg sektor, som saman medverkar til berekraftig utvikling gjennom større breidde i arbeidslivet og livskraftige lokalsamfunn. Fanesak Verdiskaping Regional forsking i verdsklasse 1.2 Nokre saker som det blir arbeidd med Vi finn grunn til å nemne kort nokre få av dei sakene som administrasjonen og andre arbeider med for å få fram eit avgjerdsgrunnlag for, men som det ikkje er lagt inn talmessige konsekvensar for i denne saka. Det gjeld følgjande saker: Runde Miljøsenter AS Runde Miljøsenter AS vart skipa i 2004 av Lars Golmen, Greta Garnes, Nils-Roar Hareide og Hans Petter Runde. Runde Miljøsenter sin forretningsidé er å vere eit utviklingssenter og møteplass mellom forsking, næringsliv, forvaltning og publikum. I skjeringspunktet mellom desse vil senteret tilby forskingskompetanse, fasilitetar, kunnskapsformidling, dokumentasjonssenter og nettverk. Aktiviteten på Runde er fordelt på to selskap. I tillegg til driftsselskapet Runde Miljøsenter AS er det oppretta eit eigedomsselskap - Runde Miljøbygg AS - som eig bygningsmassane tilhøyrande senteret på Runde. Fylkeskommunen har i to omgangar kjøpt aksjar i eigedomsselskapet driftsselskapet Runde Miljøbygg AS. Desse kjøpa utgjer kr 900.000 av ein samla aksjekapital på 8,9 mill. kr. Fylkeskommunen er no beden om å gå inn på eigarsida i Runde Miljøsenter AS med inntil 30% av aksjane, samt å gje ei årleg støtte til senteret. Samtidig er òg kommunane Herøy og Ulstein bedne om å gå inn som eigarar i selskapet. Aksjekapitalen i Runde Miljøsenter AS utgjer i dag kr 300.000, og det er dei 4 privatpersonane som starta senteret som er aksjonærar. Fylkeskommunen er òg beden om å gå inn med ei årleg driftsstøtte over ein 3-årsperiode. Fylkeskommunen vil vere i dialog med Runde Miljøsenter AS om kva type bidrag fylkeskommunen kan gå inn med. Tingvoll Økopark AS Tingvoll Økopark AS har som mål å etablere landets første økologiske kurs- og opplevingssenter. Senteret er planlagt på Tingvoll gard, og vil innehalde

Side 3 attraksjonar knytt til forsking og formidling frå Bioforsk Økologisk, sol- og bionergisenteret, aktiv gardsdrift i moderne fjøs, hageanlegg og Tingvoll kyrkje i nærområdet. Den gamle låvebygningen på garden skal vere opplevingssenteret med utstillingar og aktivitetar knytt til helse, økologi, rettferd og omtanke. Tingvoll Økopark har som mål å vere leiande på formidling av innsikt og kunnskap om praktiske løysingar og ei berekraftig utvikling til barn, unge, og vaksne i skole, arbeid og fritid. Økoparken skal bli eit unikt, nasjonalt senter i sitt slag. Møre og Romsdal fylkeskommune er beden om å bidra til finansiering av senteret. Fylkeskommunen vil vere i dialog med initiativtakarane om kva type bidrag fylkeskommunen kan gå inn med. Vitensenter i Møre og Romsdal Næringsstrukturen i Møre og Romsdal krev god tilgang på arbeidskraft med høgare teknologisk utdanning. Samtidig er det låg søking til desse fagområda, og styrking av realfaga har vore eit nasjonalt satsingsområde i fleire år i heile grunnopplæringa. Dette er satsingar som ein må halde fram med. For at næringslivet i regionen skal utvikle seg og kunne konkurrere med andre regionar, må vi lukkast med rekruttering av relevant arbeidskraft. Haldningane til barn, unge, lærarar og foreldre til eige næringsliv er i stor grad styrande for seinare yrkesval. Det er derfor viktig å etablere ein arena for oppleving, formidling og læring knytt opp mot næringslivet i ulike delar av fylket. Pr. i dag finst det 8 regionale vitensenter med statsstøtte og 3 muséum knytt til vitensenternettverket. Av desse er 5 på Austlandet, 2 i Stavangerregionen, 2 i Nord-Noreg, 1 i Trondheim og 1 i Bergen. I tillegg er det fleire initiativ i gang i dei same regionane. Ein titt på kartet viser ein påfallande mangel av slike prosjekt på vestlandet mellom Bergen og Trondheim. Dette trass i at vi har sterke næringsklynger nettopp basert på teknologisk verdiskaping. Det blir arbeidd med å få til eit mobilt vitensenter i Møre og Romsdal. Stiftelsen for etterutdanning og vitenformidling ved Høgskolen i Ålesund og Norsk Maritimt kompetansesenter har utvikla eit idéprosjekt som har gitt ei skisse for kva innhaldet i eit slikt senter må vere for å spegle næringslivet i vårt fylke og kva det vil koste å utvikle eit slikt senter. Det er sterke forventningar om at fylkeskommunen skal ta leiinga i den vidare oppfølginga av prosjektet. Dette gjeld både organisatorisk forankring, gjennomføring og ikkje minst finansiering. Målet er at det etter hovudprosjektet skal liggje føre eit grunnlag for søknad om å kome med på statsbudsjettet for finansiering av drifta etter prosjektperioden. Piloten Kultursekk i barnehagen I samband med vedtak av fylkesplanen vedtok fylkestinget å implementere piloten Kultursekk i barnehagen. Det vart sendt søknad om tilskott frå staten v/ kulturdepartementet. Søknaden vart avslått med grunngjeving om at ein ville prioritere full utbygging i vidaregåande skole før ein gjekk inn i barnehagane med slikt tilbod. Imidlertid gjer fylkesrådmannen merksam på at i Kulturløftet II, pkt 11, har regjeringa sagt at kultursekk i barnehagen er eit satsingsfelt. For m.a. å oppfylle fylkestingets vedtak er piloten innført i 9 kommunar, men med økonomiske midlar frå fylkesplanen. Tilbodet til dei kommunane som er med, er blitt særs godt

Side 4 motteke. Sidan dette er ei fanesak i fylkesplanen, vil fylkesrådmannen i samband med rullering av økonomiplanen legge fram eigen rapport til fylkestinget der ein også vurderer framtidige tiltak. Prosjekt om filmsamarbeid Kulturutvalet og nærings- og miljøutvalet vedtok eit treårig prosjekt om filmsamarbeid på vestlandet i 2009 for åra 2009-2011. Vestnorsk Filmsenter, Western Norway filmcommission og Filmfondet Fuzz er sentrale instansar i dette samarbeidet, der det m.a. er etablert avdeling for Vestnorsk Filmsenter i Volda. Dette treårige forsøket vil bli evaluert i år, og det vil bli lagt fram ei sak til behandling i fylkeskommunens politiske organ som evaluerer satsinga og tek stilling til eventuell vidare satsing innanfor filmområdet. Hovudinntrykket frå prosjektet er at dette skaper verdiar i Møre og Romsdal. Utfordringar i kulturvernseksjonen Dei siste åra har kulturavdelinga rapportert at kulturvernseksjonen har utfordringar knytt til oppgåver og rammer. Særleg knyter denne situasjonen seg til meir enn ei dobling av talet på plansaker som krev handsaming etter kulturminnelova. I 2000 var talet på saker i underkant av 600 og i 2010 over 1200. Dette har innverknad både på rammesituasjonen og framdrift i enkeltsaker. Nokre saker tek såleis uforholdsmessig lang tid på grunn av arbeidspresset. I samband med økonomiplanarbeidet er dette ein situasjon som krev ei grundig vurdering. 2 SAMANDRAG I budsjettet for 2011 er driftsrammene samla reelt auka med 40 mill. kr i høve til 2010. I 2011 forventar vi eit mindreforbruk (driftsoverskott) på 10,3 mill. kr. I dette framlegget har vi ikkje teke med konsekvensane av 1. Eit eventuelt sal av aksjane i Fjord1 Vestlandske fordi Det er ikkje endeleg avklart om det blir eit sal Sjølv om fylkestinget har gjort eit vedtak om bruken av midlane, vil det vere nødvendig å avklare nærare forvaltning og bruk av midlane. 2. Auke i pensjonskostnadene frå 2012 som følgje av at Finanstilsynet har bestemt at den garanterte avkastninga i livsforsikring skal setjast ned frå 3 til 2,5 %, jf. kapittel 5. 3. Dei sakene som det blir arbeidd med som er nemnt under kapittel 1.2. I framlegget er det foreslått investeringar på 1 732,6mill. kr (inkl. moms) i perioden.

Side 5 Oppsummert ser framlegget til samla investeringsprogram for perioden slik ut (inkl. moms): Framlegg mill. kr SEKTOR 2012 2013 2014 2015 Sum Sentrale styringsorgan og fellesutgifter 15,5 15,5 15,5 15,5 62,0 Vidaregåande opplæring 110,0 148,0 126,0 118,0 502,0 Tannhelse 5,0 5,0 5,0 5,0 20,0 Kultur 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Regional og næring 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Samferdsel 391,9 386,7 152,8 217,2 1 148,6 SUM INVESTERINGAR 522,4 555,2 299,3 355,7 1 732,6 Fylkeskommunen vil etter dette ha ei lånegjeld på 3 436 mill. kr ved utgangen av 2015. Dette er ein auke på 1 004 mill. kr samanlikna med utgangen av 2011. Fylkesrådmannen er uroa over utviklinga i lånegjelda. I framlegget er det teke med investeringar i følgjande nye skolebygg: Borgund vg. skole, restaurant- og matfag Borgund vg. skole, utviding, byggetrinn 4 Kristiansund vg. skole, bygg 10 Kristiansund vg. skole, bygg 8, byggetrinn 1 Kristiansund vg. skole, bygg 8, byggetrinn 2 Kristiansund vg. skole, bygg 04 Ålesund vg. skole, Volsdalsberga Romsdal vg. skole, byggetrinn 2 Molde vg. skole, byggetrinn 2 inkl. kantine Rauma vg. skole, brannsikring/opprusting Gjermundnes vg. skole, ridehall Vårt framlegg til investeringar i fylkesvegar er for åra 2012-2014 i samsvar med vedteken økonomiplan, men rekna om til 2011-prisar. For året 2015 har vi lagt til grunn ei investering i fylkesvegar på 216,6 mill. kr i samsvar med vårt framlegg i sak U-62/11, jf. sak T-19/11 Investeringsprogram fylkesvegar 2012-2021. I gjeldande økonomiplan er drifts- og investeringsnivået for høgt i høve til dei framtidige inntektene slik dei var forventa ved behandlinga av økonomiplanen. Økonomiplanen vart derfor saldert ved bruk av mesteparten av dei oppsamla driftsfondsmidlane. Den økonomiske situasjonen for fylkeskommunen for åra framover blir imidlertid noko lettare enn vedteken økonomiplan tilseier. Årsaka til dette er at veksten i dei frie inntektene (fylkesskatt og statleg rammeoverføring) kan bli høgare framover enn det som er føresett i gjeldande økonomiplan. I alle fall tyder kommuneproposisjonen for 2012 på det. Den økonomiske situasjonen framover vil likevel bli stram og by på utfordringar. Ei av årsakene til det er at fylkestinget har funne det rett å vedta eit drifts- og investeringsnivå som dei forventa framtidige inntektene ikkje er i stand til å bere. Ei anna årsak er det forventa

Side 6 stigande rentenivået. I følgje Noregs Bank sine prognosar skal rentenivået gradvis opp dei næraste åra. For kvart prosentpoeng utlånsrenta går opp, vil fylkeskommunens renteutgifter auke med 25-30 mill. kr pr. år. Det er eit dilemma at fylkeskommunen på den eine sida har hatt gode økonomiske resultat dei siste åra som følgje av m.a. dei gode økonomiske tidene i landet, mens ein, når ein ser framover, på den andre sida ser minkande fondsmidlar og stadig stigande lånegjeld, noko som bind økonomien i lang tid framover. Minkande reservar og bundne utgifter gjer at handlefridomen vil bli redusert, noko som betyr at fleksibiliteten blir mindre og fylkeskommunen blir stadig meir sårbar overfor uføresette situasjonar. I gjeldande økonomiplan er det føresett ein vekst i dei frie inntektene på 0,3 % pr. år for åra 2012-2014. Regjeringas framlegg til kommuneproposisjon 2012 inneber ein realvekst i dei frie inntektene for 2012 for Møre og Romsdal fylkeskommune på 26 mill. kr eller 0,9 %. Regjeringa grunngir mesteparten av veksten med behovet for å styrke satsinga på drift og vedlikehald av det fylkeskommunale vegnettet. For åra 2013-2015 har vi lagt til grunn ein årleg vekst i dei frie inntektene på 0,5 %. Dei inntekter, driftsrammer og investeringsrammer som vi gjer framlegg om, gir ein ubalanse i 2012 på 13,1 mill. kr og ein samla ubalanse for åra 2012-2015 på 201 mill. kr. Det vil vere nødvendig å gjere fleire grep for å få balanse. Basert m.a. på diskusjon og innspel i fylkestingets behandling av denne saka, vil vi kome med forslag til tiltak i høve til det som går fram av denne saka, slik at vi har eit framlegg i balanse når vi legg fram økonomiplanforslaget i november. 3 DEN ØKONOMISKE SITUASJONEN 3.1 Status for vedteken økonomiplan Møre og Romsdal fylkeskommunes økonomi har vore i balanse dei seinare åra. Dei gode rekneskapsresultata må tilskrivast auka rammeoverføringar, rammestyringssystemet og god økonomistyring i heile organisasjonen samt gode renteinntekter på likviditet og kapitalfond. Mindreforbruket i drifta på rammeområda for 2010 var på 86 mill. kr. 34 mill. kr av dette skuldast forseinkingar på ymse vegformål. På kapitalfondet og andre disponible fond (ekskl. fond tilhøyrande sektorane) stod det etter evalueringa av 2010-rekneskapen 143,2 mill. kr i driftsfondsmidlar og 175,3 mill. kr i investeringsfondsmidlar. Av desse investeringsfondsmidlane er det føresett at 25 mill. kr skal utbetalast til Møre og Romsdal Såkornfond AS i 2011, og ytterlegare 25 mill. kr er reservert til Såkornfondet i dette framlegget. Dessutan er 35,1 mill. kr av driftsfondsmidlane vedtekne disponert til saldering av gjeldande økonomiplan.

Side 7 I budsjettet for 2011 er driftsrammene samla reelt auka med 40 mill. kr i høve til 2010. 3.2 Den økonomiske situasjonen hittil i 2011 Som nemnt er det etter evalueringa av 2010-rekneskapen igjen 143,2 mill. kr i driftsfondsmidlar. I budsjettet for 2011 er det føresett å avsetje 3,2 mill. kr. Prognosen pr. 1. tertial i 2011 viser eit mindreforbruk (driftsoverskott) i 2011. Dersom det endelege rekneskapsresultatet for 2011 skulle bli i samsvar med prognosen pr. 1. tertial, betyr det at det vil vere igjen 147,5 mill. kr i driftsfondsmidlar til seinare år. 4 KOMMUNEPROPOSISJONEN FOR ÅR 2012 M.V. 4.1 Generelt Regjeringa la 13. mai fram følgjande forslag: Meld. St nr 2 (2010-2011) Revidert nasjonalbudsjett 2011 Prop. 120 S (2010-2011) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2010 Prop. 115 S (2010-2011) Kommuneproposisjonen 2012 Av det som gjeld fylkeskommunane vil vi nemne følgjande: 4.2 Endringar i det økonomiske opplegget for 2011 4.2.1 Inntektsvekst i 2011 Etter at statsbudsjettet for 2011 vart lagt fram sist haust har det kome ny informasjon som har betydning for kommunesektorens inntekter i 2011: Lønsveksten i 2011 i norsk økonomi blir no anslått til 3,9 %, mot 3 1/4 % i statsbudsjettet. Høgare lønsvekst trekkjer isolert sett kommunesektorens skatteinntekter opp. Kommunesektorens skatteinntekter er i revidert statsbudsjett oppjustert med 1,3 mrd. kr i høve til statsbudsjettet. Fylkeskommunane sin del av denne oppjusteringa er om lag 260 mill. kr og Møre og Romsdal fylkeskommunes del blir då om lag 12 mill. kr. Høgare lønsvekst bidreg isolert sett til at anslaget for den gjennomsnittlege løns- og prisveksten i kommunesektoren for 2011 blir justert opp frå 2,8 % i statsbudsjettet, til 3,4 %. 4.2.2 Tiltak mot fråfall og styrking av ungdomstrinnet Det blir foreslått å auke løyvinga over kapittel 226, post 60 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar med 15 mill. kr. Midlane skal gå til oppfølging av elevar med svak grunnleggande evne gjennom prosjektet Ny GIV (gjennomføring i vidaregåande skole).

Side 8 4.2.3 Administrasjons- og gjennomføringskostnader for fylkeskommunale oppdrag til Innovasjon Norge Løyvinga på kapittel 551, post 60 blir foreslått auka på landsbasis med 24,5 mill. kr. Midlane skal gå til å dekkje administrasjons- og gjennomføringskostnader i Innovasjon Norge knytt til forvaltninga av fylkeskommunale tilskottsordningar. 4.3 Det økonomiske opplegget for 2012 Generelt Regjeringa legg opp til at realveksten i kommunesektorens samla inntekter i 2012 skal vere mellom 5 og 6 mrd. Veksten er rekna frå det nivået på kommunesektorens inntekter i 2011 som er lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett. Hovudelementa i det økonomiske opplegget for 2012 er: Av den samla inntektsveksten i kommunesektoren er det lagt opp til at mellom 3 3/4 og 4 1/4 mrd. kr kjem som frie inntekter (skatt og statleg rammetilskott). Dette utgjer ein vekst på om lag 1 ½ %. Berekningar utført av Det tekniske beregningsutvalget for kommunal og fylkeskommunal økonomi indikerer at kommunesektoren kan få meirutgifter i 2012 i storleik 2,5 mrd. kr knytt til den demografiske utviklinga. Av dette gjeld om lag 240 mill. kr fylkeskommunane. Det er lagt opp til at fylkeskommunane får mellom ½ og ¾ mrd. kr av den samla veksten i frie inntekter. Av denne veksten er 400 mill. kr grunngitt med behovet for å styrke satsinga på drift og vedlikehald av det fylkeskommunale vegnettet. I denne saka har vi lagt til grunn at fylkeskommunane samla får 625 mill. kr av veksten i dei frie inntektene. Dette tilsvarar 1,3 %. Møre og Romsdal fylkeskommune får derimot ein vekst i høve til 2011 på 26 mill. kr eller 0,9 %. Årsaka til at Møre og Romsdal fylkeskommune får ein lågare vekst enn landsgjennomsnittet er at vår fylkeskommune får eit trekk i rammetilskottet i 2012. I kommuneproposisjonen 2012 (side 27) er dette grunngitt slik: Fylkeskommunene overtok ved forvaltningsreformen ansvaret for om lag 17 000 km veg med tilhørende ferjesamband. Midlene ble fra 2010 lagt inn i rammetilskuddet til fylkeskommunene med særskilt fordeling. Samferdselsdepartementet har vurdert fordelingen av ferjemidlene mellom fylkeskommunene bl.a. på bakgrunn av at flere anbudskontrakter er ferdigforhandlet. Samferdselsdepartementet foreslår på denne bakgrunn at fylkeskommunene Rogaland og Sogn og Fjordane får tillegg i sine rammetilskudd på hhv. 8 mill. kroner og 15 mill. kroner. Videre foreslår Samferdselsdepartementet at Møre og Romsdal og Nordland fylkeskommuner får en reduksjon i sine rammetilskudd på 11 mill. kroner hver i 2012. Fagskolar I samband med forvaltningsreforma vart drifts- og finansieringsansvaret for fagskolane overført til fylkeskommunane i 2010, og tilskottet vart innlemma i rammetilskottet. For 2010 og 2011 vart det gjort særskilt fordeling av tilskottet utanfor utgiftsutjamninga, på basis av talet på registrerte studentar. Det blir foreslått at midlane også for 2012 blir gitt som ei særskilt fordeling basert på

Side 9 studenttal. Grunnlagstala vil likevel bli oppdatert, slik at det for fylkeskommunalt finansiert fagskoleutdanning er talet på registrerte studentar hausten 2010 som blir lagt til grunn for fordelinga av midlar i 2012. Tannhelse Lov om tannhelse er under revisjon. Lovarbeidet omfattar m.a. ei vurdering av behovet for harmonisering av tannhelselova i tråd med endringar i lov om folkehelsearbeid og lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Andre tema er fylkeskommunanes ansvar for tannhelsetilbod til befolkninga, samarbeid med øvrig helse- og omsorgsteneste, ansvar og rolle i utdanning og forsking og rett til nødvendig tannhelsehjelp. Helse- og omsorgsdepartementet tek sikte på å sende utkast til lovendringar på høyring i løpet av 2011. Tilskott til tannbehandling for rusmisbrukarar blir foreslått fordelt etter kostnadsnøkkelen for den fylkeskommunale tannhelsetenesta frå 2012. 5 DEI ØKONOMISKE UTSIKTENE FRAMOVER I dette framlegget har vi ikkje teke med konsekvensane av 1. Eit eventuelt sal av aksjane i Fjord1 Vestlandske fordi Det er ikkje endeleg avklart om det blir eit sal Sjølv om fylkestinget har gjort eit vedtak om bruken av midlane, vil det vere nødvendig å avklare nærare forvaltning og bruk av midlane. 2. Møre og Romsdal fylkeskommune vil, saman med resten av kommunesektoren, frå 2012 stå overfor ei ekstra utfordring: Pensjonskostnadene vil frå 2012 auke med anslagsvis 10 % i følgje opplysningar frå KLP. For Møre og Romsdal fylkeskommune vil ein auke i pensjonskostnadene på 10 % utgjere ei årleg meirutgift på om lag 15 mill. kr. Bakgrunnen for auken er at Finanstilsynet har bestemt at den garanterte avkastninga i livforsikring skal setjast ned frå 3 til 2,5 % frå 2012. (Pensjonskostnadene blir finansiert dels gjennom premiebetalingar og dels gjennom den avkastninga som blir oppnådd på pensjonsmidlane. Dess lågare avkastning som blir oppnådd på pensjonsmidlane, dess større blir behovet for innbetaling av premie.) Vi vil kome nærare tilbake til dette ved rulleringa av økonomiplanen til hausten, når storleiken på auken og konsekvensane av den er meir avklart. I gjeldande økonomiplan er det føresett ein vekst i dei frie inntektene på 0,3 % for kvart av åra 2012-2014. Kommuneproposisjonen for 2012 inneber ein vekst for fylkeskommunane samla for 2012 på 1,3 % og på 0,9 % for Møre og Romsdal fylkeskommune. For åra 2013-2015 har vil lagt til grunn ein årleg vekst i dei frie inntektene på 0,5 %. Dette betyr at den økonomiske situasjonen for fylkeskommunen vil bli noko lettare i åra som kjem enn det gjeldande økonomiplan tilseier. Den økonomiske situasjonen vil likevel bli stram og by på utfordringar.

Side 10 6 PROFILEN I FRAMLEGGET 6.1 Prioritering 6.1.1 Prinsipp: Investeringar kontra drift Det er ein nær samanheng mellom investeringsnivået i fylkeskommunen og dei midlar ein kan bruke til drift. For kvar ekstra krone som går til dekning av renter og avdrag, blir det ei krone mindre til drift, og omvendt. Dersom nivået på låneopptak eit år blir redusert med 100 mill. kr, betrar dette ubalansen på årsbasis med om lag 7 mill. kr. Det er vanskelegare å tilpasse drifta til investeringane enn omvendt. Dette inneber at ein bør vere varsam med nye investeringar. 6.1.2 Mål nr. 1: Halde drifta på nivået i gjeldande økonomiplan Mål nr. 1 bør vere å halde drifta på nivået i gjeldande økonomiplan. Då fylkestinget for eit år sidan drøfta den økonomiske strategien vart det likevel gitt signal om at dersom det er nødvendig å redusere utgiftene for å få balanse i økonomiplanen, bør dette gjerast ved å redusere driftsutgiftene. 6.1.3 Mål nr. 2: Ta inn av etterslepet på fylkesvegane og auke investeringane Når mål nr. 1 er nådd, foreslår vi å prioritere å ta inn etterslepet av forfallet på fylkesvegane og å auke investeringane. 7 FELLESINNTEKTER/-UTGIFTER./. Med utgangspunkt i nemnde føresetnader viser vedlegg 1 stipulerte fellesinntekter/-utgifter for fylkeskommunen i 2012-2015. Til vedlegg 1 har vi følgjande kommentarar: Frie inntekter KS har ein prognosemodell for berekning av skatt og statleg rammetilskott for den enkelte fylkeskommune med utgangspunkt i oppdaterte kriterium i inntektssystemet, skatteinntekter i prosent av landsgjennomsnittet og dei inntektsføresetnader som ligg i regjeringas kommuneproposisjon for 2012. Berekningane i prognosemodellen er lagt til grunn for dei frie inntektene, jf. pkt. 1. Andre statstilskott I pkt. 2 har vi ført opp statleg renterefusjon for lån til skoleanlegg med 10 mill. kr i 2012, 9 mill. kr kvart av åra 2013 og 2014 og 8 mill. kr i 2015. Vidare har vi ført opp rentekompensasjon for investeringar i fylkesvegnettet med 7, 10, 13 og 16 mill. kr. Dessutan har vi ført opp mva-kompensasjon frå investeringar med 44, 51, 35 og 37 mill. kr. Vidare har vi ført opp overskott av konsesjonskraftinntekter med 7 mill. kr pr. år.

Side 11 Renteinntekter og utbytte Det er budsjettert med ei avkastning av likviditetsbehaldninga, kapitalfondet og aksjar på i alt 44 mill. kr. i 2012, 45 mill. kr i 2013, 48 mill. kr i 2014 og 49 mill. kr i 2015, jf. pkt. 3. Den viktigaste årsaka til auken utover i perioden er eit venta aukande rentenivå. Utgifter til renter og avdrag på lån tekne opp før 2012 Utgiftene til renter og avdrag på lån som er/blir tekne opp før 2012, er ført opp med 189 mill. kr i 2012, 190 mill. kr i 2013 og 189 mill. kr i kvart av åra 2014 og 2015, jf. pkt. 4. Overføring til investeringsbudsjettet Mva-kompensasjon frå investeringar er i så stort omfang som budsjett- og rekneskapsforskriftene krev, føresett overført til investeringsbudsjettet og brukt til delvis finansiering av dei investeringsprosjekta som genererer kompensasjonen. Dette utgjer dei utgiftene som er ført opp under pkt 5. (Resten av mvakompensasjonen frå investeringar er føresett brukt som eit av tiltaka for å få framlegget i balanse.) Avsetning til fond Det er føresett at den rentekompensasjonen som fylkeskommunen får for investeringar i fylkesvegnettet, blir inntektsført i driftsbudsjettet og at tilsvarande beløp blir sett av til eit fond som skal brukast til delvis finansiering av Nordøyvegen. Forventa rentekompensasjon er ført opp under pkt. 6. 8 DRIFTSRAMMER 8.1 Framlegg til netto driftsrammer./. Vedlegg 2 viser vårt framlegg til netto driftsrammer. Til vedlegg 2 har vi slike kommentarar: Utgangspunktet for framlegget til netto driftsrammer er sum justerte driftsrammer 2011. Framlegget til endringar utgjer ein reduksjon på 7,0 mill. kr frå 2011 til 2012. Reduksjonen kan spesifiserast slik: Fellesutgifter Av utgiftsreduksjonen er 24,5 mill. kr av rekneskapsteknisk art føring av premieavvik. (Premieavviket er eit estimert netto avvik mellom betalt pensjonspremie og berekna pensjonskostnader. Dersom pensjonspremien overstig årets netto pensjonskostnad, skal årets premieavvik førast til inntekt. Motsatt skal årets premieavvik førast til utgift dersom pensjonskostnaden er større enn pensjonspremien. Premieavviket eit år blir utlikna over to år.) Politisk verksemd I 2011 er det budsjettert med 0,8 mill. kr i samband med nytt fylkestingsval. Desse midlane er trekte ut igjen frå 2012.

Side 12 Stabsfunksjonar I 2011 er det budsjettert med 0,3 mill. kr til utskifting av rør i Julsundvegen 7. Desse midlane er trekte ut igjen frå 2012. Prosjektstilling for rådgjevar i administrativ seksjon er finansiert med 50 % av OU-midlar i 2011. Finansieringa av OU-midlar fell bort frå 2012. Ramma er derfor høgda med 0,3 mill. kr. For å halde dei budsjettrammene som fylkestinget har vedteke for sentraladministrasjonen, vart rammene til plan- og analyseavdelinga redusert med 0,750 mill. kr for 2010 og 2011. Dette har hatt som konsekvens at stillinga som har hatt koordineringsansvaret for samhandlingsarenaen, er blitt ståande vakant og at ein del prosjektmidlar er trekte inn. Frå 2012 er ramma auka igjen med 0,750 mill. kr. Vidaregåande opplæring Kultur I høve til 2011 er ramma høgda med 3,196 mill. kr på grunn av redusert inndekning av underskott ved vidaregåande skolar. Ramma er frå 2012 høgda med 2,890 mill. kr til dekning av årleg tilskott til Molde Kulturbygg AS som skal eige Teater- og jazzhuset i Molde. I gjeldande økonomiplan er ramma frå 2012 høgda med 2,9 mill. kr til årleg tilskott til dekning av renter og avdrag vedkomande lån til nytt utstillingsog magasinbygg ved Romsdalsmuseet. Men dette er ikkje nok til å dekkje fylkeskommunes del, jf. kapittel 9.2. I dette framlegget har vi førebels høgda det årlege tilskottet til 4,3 mill. kr. Løyvinga til God Helse partnarskapen blir trappa ytterlegare opp med 0,5 mill. kr frå 2012, slik at alle kommunane som ønskjer det kan delta i partnarskapen om folkehelse. Regional- og næringsutvikling I 2011 ligg det inne 0,4 mill. kr i tilskott til Bioforsk Økologisk. Frå 2012 er desse midlane trekte ut igjen. Samferdsel Frå 2012 er ramma høgda med 8,479 mill. kr til dekning av auka utgifter som følgje av at ferjerute 32 Småge Orten Finnøy Sandøy Ona startar opp som anbodssamband frå 2012. Sentrale kontrollorgan For 2012 er ramma for kontrollutvalet høgda med 0,2 mill. kr i ekstrakostnader til opplæring av det nye kontrollutvalet, m.a. ein studietur til Brussel. Frå 2012 til 2013 inneber framlegget til endringar ein auke på 1,1 mill. kr. Auken kan spesifiserast slik: Fellesutgifter Frå 2009 ligg det inne 0,1 mill. kr i støtte til høgskolestudium i Handels- og serviceleiing ved Høgskolesenteret i Kristiansund. Frå 2013 er desse midlane trekte ut igjen. Politisk verksemd I 2013 er det ført opp 0,8 mill. kr i samband med nytt stortingsval. Stabsfunksjonar Frå 2010 ligg det inne i ramma 0,4 mill. kr til universell utforming. Desse midlane er trekte ut igjen frå 2013. Frå 2011 ligg det inne kr 50.000 til finansiering av fylkeskommunens del av utgiftene med regional plan for Ottadalen villreinområde. Desse midlane er trekte ut igjen frå 2013.

Side 13 Vidaregåande opplæring I høve til 2012 er ramma høgda med 0,733 mill. kr på grunn av redusert inndekning av underskott ved vidaregåande skolar. Tannhelse Papirjournalar frå alle tannklinikkane blir samla inn og digitalisert og deretter fjernarkivert i eit sentralt arkiv. I 2012 ligg det inne 0,5 mill. kr til ei stilling som arbeider med dette. Då denne prosessen venteleg blir fullført i 2012, er desse midlane trekte ut igjen frå 2013. Sentrale kontrollorgan I 2012 ligg det inne 0,2 mill. kr i ekstrakostnader til opplæring av det nye kontrollutvalet. Frå 2013 er desse midlane trekte ut igjen. Frå 2013 til 2014 betyr framlegget til endringar ein auke på 1,5 mill. kr som kan spesifiserast slik: Politisk verksemd I 2013 er det ført opp 0,8 mill. kr i samband med nytt stortingsval. Desse midlane er trekte ut igjen frå 2014. Vidaregåande opplæring I høve til 2013 er ramma høgda med 0,590 mill. kr på grunn av redusert inndekning av underskott ved vidaregåande skolar. Tannhelse I 2013 ligg det inne eit siste trekk på 0,949 mill. kr i inndekning av underskott frå 2009. Ettersom dette trekket fell vekk frå 2014, er ramma høgda tilsvarande. Kultur Frå 2011 ligg det inne 0,5 mill. kr i samband med at næmingeordninga (utdanning av restaureringshandverkarar) er etablert som ei fast ordning. Dessutan er 0,5 mill. kr finansiert av regionale utviklingsmidlar (prosjektmidlar). Då det ikkje er høve til å bruke regionale utviklingsmidlar i meir enn tre år, er ramma høgda med ytterlegare 0,5 mill. kr frå 2014. Frå 2010 er det ført opp 1,333 mill. kr i tilskott til Skimuseum i Rindal. Desse midlane er trekte ut igjen frå 2014. I sak T-43/07 vedtok fylkestinget å gå inn som medfinansiør i opprusting og renovering av Festiviteten - Distriktsoperaens hus i Kristiansund. I samsvar med dette er ramma frå 2014 førebels høgda med 1,927 mill. kr til dekning av årleg tilskott til Distriktsoperaens hus. Planane er no endra slik at renovering av Festiviteten blir gjennomført utan økonomisk medverknad frå fylkeskommunen. Derfor er ikkje vedtaket i sak T-43/07 effektuert med noko utbetaling. Dette er i forståing med Kristiansund kommune. Situasjonen er no at fylkeskommunen har motteke førebels søknad om tilskott/medfinansiering av nytt Opera- og kulturhus i Kristiansund. Vi varslar med dette om at det i samband med rullering av økonomiplanen 2012-2015 vil bli lagt fram ny og eiga sak om dette. Endra planar kan derfor endre finansieringsopplegget. Frå 2014 til 2015 utgjer framlegget ein reduksjon på 1,7 mill. kr. Reduksjonen kan spesifiserast slik: Politisk verksemd I 2015 er det ført opp 0,8 mill kr i samband med nytt fylkestingsval.

Side 14 Regional og næring For åra 2011-2014 ligg det inne ei ekstra løyving til Fjord Norge A/S. Denne løyvinga er trekt ut igjen frå 2015. Bakgrunnen for det er følgjande: For å trygge Fjord Norge A/S sin posisjon som internasjonalt fyrtårn for reiselivet i Noreg, vart dei fire fylkeskommunane på vestlandet bedne om å auke sitt tilskott til Fjord Norge A/S i perioden 2011 2014. Det vart vist til auka fylkeskommunal satsing i andre landsdelselskap. Agder-fylka støttar Visit Sørlandet med 2,5 mill. kr kvar, fylkestilskottet til Nordnorsk Reiseliv var i 2010 5 mill. kr pr. fylkeskommune, Oppland fylkeskommune støtta Fjell Noreg med 2,5 mill. kr i 2010, og Nord- og Sør-Trøndelag fylkeskommunar til saman støtta Trøndelag reiseliv med 6 mill. kr. I Møre og Romsdal fylkeskommune sin økonomiplan for 2011 til 2014 ligg det inne ei ekstra løyving til Fjord Norge A/S på 2,5 mill. kr berre i 2011. I dei andre Vestlandsfylka ligg det inne ei løyving til Fjord Norge A/S for heile perioden 2011 til 2014. Dei andre fylkeskommunane har som føresetnad for si løyving at alle vestlandsfylka gir eit tilsvarande beløp. Møre og Romsdal fylkeskommune har nettopp fått ei evaluering frå NIBR som gjeld effekten av fylkeskommunen sitt engasjement for å støtte reiselivet i fylket. Evalueringa slår fast at fylkeskommunen oppnår god effekt av satsinga innanfor reiselivet, og det er støtten til Fjord Norge A/S som internasjonal marknadsfører som gjev best resultat for næringa. Møre og Romsdal fylkeskommune sin støtte til Fjord Norge A/S bør vere 2,5 mill. kr for kvart år i perioden 2011 til 2014. 9 INVESTERINGAR 9.1 Gjeldande økonomiplan Investeringane i gjeldande økonomiplan er på 1 354,1 mill. kr samla for åra 2012-2014. For åra 2012-2014 i vedteken økonomiplan er imidlertid 49,1 mill. kr i tilbakebetalingar av forskotteringar på fylkesvegar ved ein feil ført opp som investering. Tilbakebetaling av forskotteringar er flytting av gjeld (frå kommune til bank), og belastar fylkeskommunens økonomi på same måte som lånefinansierte investeringar, men skal ikkje førast opp i investeringsbudsjettet. Dersom vi korrigerer for dette og dessutan forlenger gjeldande økonomiplan med år 2015, med same beløp som for 2014, dvs. 266,3 mill. kr, utgjer investeringane 1 571,3 mill. kr samla for 2012-2015../. Investeringane i gjeldande økonomiplan med nemnde korrigering og forlenging, og spesifisert sektorvis, går fram av vedlegg 3. 9.2 Fylkesrådmannens framlegg til investeringar I denne saka legg vi til grunn ein rentesats på nye og flytande lån på 4,0 % i 2012, 4,3 % i 2013, 4,55 % i 2014 og 4,7 % i 2015. Dessutan legg vi til grunn ei gjennomsnittleg avdragstid på 30 år og at låneopptak skjer pr. 1.9 (dvs. ikkje avdrag og berre 4 månaders renteutgifter i investeringsåret).

Side 15./. Fylkesrådmannens framlegg til investeringar går fram av vedlegg 4. Framlegget vil samla for åra 2012-2015 påføre fylkeskommunen 226 mill. kr i nye utgifter til renter og avdrag med slik fordeling: År mill. kr 2012 7,0 2013 44,0 2014 77,0 2015 98,0 Framlegget gir rom for følgjande investeringar: År mill. kr 2012 522,4 2013 555,2 2014 299,3 2015 355,7 Sum 1 732,6 Investeringane i dette framlegget er høgda med 161,3 mill. kr i høve til vedteken økonomiplan, jf. kapittel 9.1, for heile perioden samla. Mesteparten av dei foreslåtte investeringane i perioden er tenkt finansiert ved nye låneopptak og momskompensasjon frå investeringar. Fylkeskommunen vil etter framlegget ha ei lånegjeld på 3 436 mill. kr ved utgangen av 2015. Dette er ein auke på 1 004 mill. kr samanlikna med utgangen av 2011. Fylkesrådmannen er uroa over utviklinga i lånegjelda. Mesteparten av dei investeringane som er ført opp under sentrale styringsorgan og fellesutgifter, gjeld opprusting av bygningsmassen (stort sett skolar). Vidaregåande opplæring For vidaregåande opplæring kan vi seie følgjande om framlegget: I tillegg til midlar til opprusting av bygningsmassen (15 mill. kr kvart år) og utstyr og universell utforming (13 mill. kr kvart år) inneheld framlegget følgjande skoleprosjekt: Borgund vg. skole, restaurant- og matfag Borgund vg. skole, utviding, byggetrinn 4 Kristiansund vg. skole, bygg 10 Kristiansund vg. skole, bygg 8, byggetrinn 1 Kristiansund vg. skole, bygg 8, byggetrinn 2 Kristiansund vg. skole, bygg 04 Ålesund vg. skole, Volsdalsberga Romsdal vg. skole, byggetrinn 2 Molde vg. skole, byggetrinn 2 inkl. kantine Rauma vg. skole, brannsikring/opprusting Gjermundnes vg. skole, ridehall

Side 16 Samferdsel Vårt framlegg til investeringar i fylkesvegar (inkl. rassikring) er for åra 2012-2014 i samsvar med vedteken økonomiplan, men rekna om til 2011-prisar. For året 2015 har vi lagt til grunn ei investering i fylkesvegar på 216,6 mill. kr i samsvar med vårt framlegg i sak U-62/11, jf. sak T-19/11 Investeringsprogram fylkesvegar 2012-2021. Samla for perioden 2012-2015 inneber dette investeringar i fylkesvegar (inkl. rassikring) på 1 146,2 mill. kr. I tillegg er det for perioden lagt inn 2,4 mill. kr i investeringar i betre ruteinformasjonsteneste. Totale investeringar i samferdsel i perioden etter framlegget er dermed på 1 148,6 mill. kr. I sak T-19/11 vedtok fylkestinget eit investeringsprogram for fylkesvegane som for åra 2012-2015 ligg heile 468,8 mill. kr over fylkesrådmannens framlegg. Dei viktigaste endringane i høve til vårt framlegg er at realisering av Nordøyvegen (som i vårt framlegg ligg inne med midlar frå 2014) og ei rekkje ferjekaier er flytta nærare i tid../. Av vedlagte notat av 8.4.2011 frå Statens vegvesen (vedlegg 5) går det imidlertid fram at anleggsdrifta på Nordøyvegen neppe kan kome i gang før hausten 2014. Og om det teknisk/praktisk skulle ha vore mogleg å kome i gang tidlegare, vil fylkeskommunen likevel ikkje ha økonomi til at prosjektet kan kome i gang tidlegare. Vi viser i denne samanheng til den vanskelege økonomiske situasjonen fylkeskommunen har kome opp i, og som det er gjort greie for i denne saka, jf. kapittel 10 og vedlegg 6. Vedrørande investeringar til kultursektoren Vi har førebels ikkje ført opp investeringsmidlar til kultursektoren. Vi har likevel følgjande kommentarar vedrørande investeringar til kultursektoren: Romsdalsmuseet har gjennom fleire år arbeidd med planlegging av nytt utstillingsog magasinbygg. Denne planlegginga er nå fullført. I dialog med Kulturdepartementet, alle kommunane i Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune har museet fremma søknad til dei nemnde aktørane om medverking som sikrar realisering av det planlagde bygget. I gjeldande økonomiplan er ramma for kultur frå 2012 høgda med 2,9 mill. kr til dekning av årleg tilskott til Romsdalsmuseet. Men dette er ikkje nok til å dekkje fylkeskommunens del. I dette framlegget har vi førebels høgda det årlege tilskottet til 4,3 mill. kr. Tilskottet skal dekkje renter og avdrag vedkomande eit lån (førebels sett til 46 mill. kr) til nemnde nybygg. Prosjektet kan ikkje realiserast før det er sikra fullfinansiering. Når løyving blir gitt over statsbudsjettet vil vi kome attende til søknaden frå Romsdalsmuseet i ei eiga sak om medfinansiering. Den faglege og politiske plattforma for prosjektet knyter seg til Stortingsmelding 22 (1999-2000) Om arkiv, bibliotek og museum (ABM-meldinga) og Møre og Romsdal fylkeskommune si oppfølging i sak Ku 22/02 St-meld.22 nye grep på museumsområdet i Møre og Romsdal. Stortingsmelding 49 (2008-2009) Framtidas museum, stadfester dei same nasjonale målsettingar. Fylkesplan for Møre og Romsdal 2009-2012, med handlingsprogram for kultur, har som mål ut frå nasjonale og tidlegare fylkeskommunale dokument å medverke til at byggeprosjektet blir gjennomført.

Side 17 10 TILTAK FOR Å FÅ BALANSE 10.1 Innleiing./. Ei ajourføring av dei økonomiske føresetnadene, med utgangspunkt i m.a. regjeringas framlegg til kommuneproposisjonen for 2012, dei netto driftsrammene og investeringsrammene som vi gjer framlegg om, resulterer i slik ubalanse (jf. vedlegg 6, linje 4): År mill. kr 2012 13,1 2013 44,2 2014 69,7 2015 74,0 Sum 201,0 Dette viser at den økonomiske situasjonen framover vil bli stram og by på utfordringar../. Dei viktigaste årsakene til ubalansen går fram av vedlegg 7. Den viktigaste årsaka til ubalansen er at det vedtekne driftsnivået for 2011 er svært høgt. Dette kjem av at fylkestinget ved behandlinga av gjeldande økonomiplan vedtok å høgde driftsrammene for 2011 med 49,5 mill. kr ut over fylkesrådmannens framlegg, og då fordelt slik: Vidaregåande opplæring 25,0 mill. kr Samferdsel 22,0 mill. kr Regional- og næring 2,5 mill. kr Auken til regional- og næring gjeld styrking av Fjord Norge AS. Nemnde auke til vidaregåande opplæring, regional- og næring og samferdsel gjeld formelt berre for 2011. I denne saka har vi i utgangspunktet likevel vidareført for heile perioden dei driftsrammene for desse sektorane som fylkestinget har vedteke for 2011. 10.2 Val av strategi for å få balanse Det vil vere nødvendig å gjere fleire grep for å få balanse. Basert m.a. på diskusjon og innspel i fylkestingets behandling av denne saka, vil vi kome med forslag til tiltak i høve til det som går fram av denne saka, slik at vi har eit framlegg i balanse når vi legg fram økonomiplanforslaget i november. 11 FORSLAG TIL VEDTAK Fylkestinget ber fylkesrådmannen utarbeide eit framlegg til økonomiplan 2012-2015 i balanse basert på drøftingar og signal gitt av fylkestinget ved behandlinga av saka om strategi og rammer for dette arbeidet. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann ass. fylkesrådmann Behandling i fylkesutvalet - 24.05.2011 Willy J. Loftheim

Side 18 Fellesforslag frå Veslemøy Hungnes (H), Svein Atle Roseth (Krf), Frank Sve (Frp), Reidun Klock Tjervåg (Sl/tvp), Jon Aasen (Ap), Kristin Sørheim (Sp) og Gunn Berit Gjerde (V): Votering: Nordøyvegen Viser til sak T-19/11 (vedtak i apriltinget). Oppstart av Nordøyvegen skal skje så snart det er praktisk/teknisk muleg. I noverande økonomiplan og handlingsplan er det avsett midlar til prosjektet i 2012 (ferje) og i 2013-2014. Om planlegginga dreg ut så oppstarten vert skyvd ut i tid, skal midlane overførast til fondet for Nordøyvegen (der rentekompensasjonen er plassert). Fylkestinget ber om at dette vert innarbeidd i komande økonomiplan. Tilrådinga frå fylkesrådmannen blei samrøystes vedtatt. Fellesforslaget frå Veslemøy Hungnes, Svein Atle Roseth, Frank Sve, Reidun Klock Tjervåg, Jon Aasen, Kristin Sørheim og Gunn Berit Gjerde blei samrøystes vedtatt. Samrøystes tilråding frå fylkesutvalet - 24.05.2011 Fylkestinget ber fylkesrådmannen utarbeide eit framlegg til økonomiplan 2012-2015 i balanse basert på drøftingar og signal gitt av fylkestinget ved behandlinga av saka om strategi og rammer for dette arbeidet. Nordøyvegen Viser til sak T-19/11 (vedtak i apriltinget). Oppstart av Nordøyvegen skal skje så snart det er praktisk/teknisk muleg. I noverande økonomiplan og handlingsplan er det avsett midlar til prosjektet i 2012 (ferje) og i 2013-2014. Om planlegginga dreg ut så oppstarten vert skyvd ut i tid, skal midlane overførast til fondet for Nordøyvegen (der rentekompensasjonen er plassert). Fylkestinget ber om at dette vert innarbeidd i komande økonomiplan.

MILL KR 2012 2013 2014 2015 1. Frie inntekter -3026-3041 -3056-3071 2. Andre statstilskott -68-77 -64-68 3. Renteinntekter og utbytte -44-45 -48-49 4. Utgifter til renter og avdrag på lån tekne opp før 2012 189 190 189 189 5. Overføringar til investeringsbudsjettet 27 41 35 37 6. Avsetning til fond 7 10 13 16 Netto fellesinntekter -2915-2922 -2931-2946 - = Inntekter + = Utgifter Stipulerte fellesinntekter/-utgifter

FRAMLEGG TIL NETTO DRIFTSRAMMER Mill.kr 2012 2013 2014 2015 Sum justerte driftsrammer 2011 2928,1 2928,1 2928,1 2928,1 Framlegg til endringar i rammene i høve til 2011: Fellesutgifter -26,2 1) 26,2 1)-26,2 1)-26,2 1) Politisk verksemd -0,8 0-0,8 0 Stabsfunksjonar 0,8 0,3 0,3 0,3 Reservepost 0 0 0 0 Vidaregåande opplæring 3,2 4,7 5,0 5,0 Tannhelsetenester 0-0,5 0,4 0,4 Kultur 7,7 7,7 8,8 8,8 Regional og næring -0,4-0,4-0,4-2,9 Samferdsel 8,5 8,5 8,5 8,5 Sentrale kontrollorgan 0,2 0 0 0 Framlegg til endringar -7,0-5,9-4,4-6,1 Framlegg til netto driftsrammer 2921,1 2922,2 2923,7 2922,0 1) Av utgiftsreduksjonen er 24,5 mill. kr av rekneskapsteknisk art føring av premieavvik, jf. kapittel 8.2

INVESTERINGAR I 2012-2015 ETTER GJELDANDE ØKONOMIPLAN MILL KR 2012 2013 2014 2015 2012-2015 Sentrale styringsorgan 15,5 15,5 15,5 15,5 62,0 Vidaregåande opplæring 136,0 83,0 93,0 93,0 405,0 Tannhelse 5,0 5,0 5,0 5,0 20,0 Kultur 0 0 0 0 0 Samferdsel 392,0 386,7 152,8 152,8 1 084,3 Sum 548,5 490,2 266,3 266,3 1 571,3

FYLKESRÅDMANNENS FRAMLEGG TIL INVESTERINGAR I 2012-2015 MILL KR 2012 2013 2014 2015 2012-2015 Sentrale styringsorgan 15,5 15,5 15,5 15,5 62,0 Vidaregåande opplæring 110,0 148,0 126,0 118,0 502,0 Tannhelse 5,0 5,0 5,0 5,0 20,0 Kultur 0 0 0 0 0 Samferdsel 391,9 386,7 152,8 217,2 1 148,6 Sum 522,4 555,2 299,3 355,7 1 732,6

NOTAT Til: Samferdselsavdelinga Frå: Statens vegvesen Region midt, fylkesavdelinga 8/4 2011 (SKS) Saksnr. 2010/30805-113 Fv 659 Nordøyvegen Planlegging og behov for investeringsmidlar Planlegging På Nogva på Flemsøya har det vore arbeidd mykje med å finne det beste påhogget for undersjøisk tunnel over til Fjørtofta. For ikkje lenge sidan vart vi merksam på at i dette området hadde det etter siste istid skjedd noko som er kalla fjellkollaps, ved at kanskje 50 mill. m 3 har flytta seg i forhold til kvarandre. Desse geologiske forholda gjer at vi må sjå på andre moglege tunnelpåhogg vest for Nogva. Vi vonar det blir mogleg å få planlagt tunnelen mellom Flemsøya/Skuløya og Fjørtofta på ein ny stad utan først å utarbeide kommunedelplan, eit arbeid som vil kunne forseinke planprosessen mykje. Derfor vil vi prøve å få til ein planprosess der ein skisserer aktuelle alternativ, og desse alternativa kjører ein gjennom ein silingsprosess, slik at ein venteleg kan ende opp med eitt eventuelt to alternativ. Forslaga vil vere avvikande frå godkjent kommunedelplan, men revidering av denne vil neppe vere tenleg verken ut frå tidsomsyn eller ut frå kva spørsmål som elles må avklarast. Nødvendige konsekvensar og tiltak vil måtte utgreiast direkte i reguleringsprosessen. Behov for planmidlar Nødvendige planendringar både på Flemsøya/Skuløya og Fjørtofta vil medføre auke kostnader til planlegging. Vi treng truleg om lag 5 mill. kr ekstra til denne planlegginga. Behov for investeringsmidlar Stortingsproposisjonen om førehandsbompengar på ferjerutene nr 21 og 22 til Nordøyane vil venteleg bli behandla i Stortinget i vår, og ordninga vil derfor truleg bli sett i gang i august/september i år. Innan tre år etter at dette har skjedd, er det føresetnaden at stortingsproposisjonen om bygging av prosjektet skal vere lagt fram. Endringane i planane for tunnelen mellom Flemsøya/Skuløya og Fjørtofta vil sjølv med det skisserte opplegget for planarbeidet kunne føre til noko forseinking når det gjeld å få godkjente reguleringsplanar for heile prosjektet. Fylkestinget treng eit grundig utarbeidd kostnadsoverslag for prosjektet for behandlinga si av saka, og helst burde alle reguleringsplanar ha vore godkjente før denne behandlinga. Truleg

vil dette også vere ein fordel av omsyn til behandlinga i Stortinget av proposisjonen om prosjektet. Først når alle aktuelle dokument er oversendt Vegdirektoratet/ Samferdselsdepartementet vil dei - slik vi ser det frå andre saker - starte arbeidet med å utarbeide denne proposisjonen. I dette arbeidet inngår eit svært omfattande og tidkrevjande arbeid med ekstern kvalitetssikring av dokumenta i prosjektet det som er kalla KS2. Ut frå desse omsyna er det lite truleg det blir mogleg for fylkestinget å behandle saka før våren 2012. Arbeidet med KS2 og utarbeiding av stortingsproposisjonen tek minst eitt år, mest truleg meir. Derfor er det lite sannsynleg at Stortinget kan behandle saka før våren 2013, kanskje hausten 2013. Anleggsdrifta kan derfor neppe kome i gang før hausten 2014. Anleggsmidlar er det derfor neppe behov for før etter sommaren 2014, men byggherreorganisasjonen må etablerast i god tid før dette, og denne treng også løyvingar. Oppsummering av mogleg/optimistisk framdriftsplan 1. Alle reguleringsplanane er godkjente januar - mars 2012 2. Vi reknar med å utarbeide kostnadsoverslag i perioden august november 2011 3. Finansieringsanalysen blir revidert så snart reviderte kostnadsoverslag ligg føre 4. Det blir utarbeidd ei sak om Nordøyvegen til møtet i samferdselsutvalet i mars 2012, for seinare behandling i fylkesutvalet og sluttbehandling i fylkestinget i april 2012. 5. Alle aktuelle dokument blir oversendt Vegdirektoratet i april/mai 2012. 6. St.prp. (medrekna tid til ekstern kvalitetssikring) er ferdig utarbeidd og framlagt for Stortinget våren 2013 (kanskje hausten 2013) 7. Stortingsbehandling våren 2013, kanskje hausten 2013 8. Oppstart av anlegget hausten 2014.

MILL KR 2012 2013 2014 2015 2012-2015 1.Netto fellesinntekter (vedlegg 1) -2915,0-2922,0-2931,0-2946,0 2.Framlegg til netto driftsrammer (vedl. 3) 2921,1 2922,2 2923,7 2922,0 3.Kapitalutg. vedr. foreslåtte investeringar 7,0 44,0 77,0 98,0 4.Ubalanse 13,1 44,2 69,7 74,0 201,0 - = inntekter + = utgifter UBALANSE