Mhoo. Heime bra, men borte best



Like dokumenter
Captain Credible. Daniel Lacey-McDermott - Captain Credible. Konsert for årstrinn

Eplemøya Om jenter og sauer

Eplemøya. Om jenter og sauer. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Frevo. gitarheltar. Konsert for årstrinn

Melankoliens historie. Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo. Konsert for årstrinn

Ugress. Konsert for årstrinn

Lyden av Munch. Hvordan ville det høres ut hvis maleriene fikk musikk? Konsert for årstrinn

Musikk på serbisk. Konsert for årstrinn

Fannaråken Blåsekvintett

Livets dans, Edvard Munch. Lyden av Munch. Hvordan ville det høres ut hvis maleriene fikk musikk? Konsert for årstrinn

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Captain Credible. Daniel Lacey-McDermott - Captain Credible. Konsert for årstrinn

Bassoversveis. Jørun Bøgeberg. Konsert for årstrinn

LIK, LIK, ULIK. Er det bra eller dårlig å skille seg ut? Konsert for årstrinn

: Frevo. Produksjonsnummer: 109H112 Oslo

Frevo. gitarhelter. Artist - instrument. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

SONGS AND SWEET POTATOES

SONGS AND SWEET POTATOES

Sagoland. The JETS ein jazzkonsert med smak av Sverige. Klassetrinn trinn

Foto John Hughes/Rikskonsertene. Ila Auto. En konsert med bluegrassmusikk spilt av bandet Ila Auto. Konsert for årstrinn

JAZZINTRO. Konsert for årstrinn

Musikk i bilete. ein konsert med Trondheim Symfoniorkester. Konsert for årstrinn

Transjoik og Sher Miandad Khan. Transjoik lager musikk som er opphissende, vital og kraftfull! Konsert for årstrinn

TO TOBI. Lek og tradisjonsmusikk fra Marokko. Konsert for årstrinn

Double Focus. Afrikanske dikt og afrikansk musikk = Rytmisk poesi = Historieforteljing gjennom musikk. Konsert for

Klassetrinn: klasse

Blues for barna. Har du en dårlig dag, spill en blues, så blir det kanskje bedre? Konsert for årstrinn

Bevinget Bach. Woodpeckers Blokkfløytekvartett. Konsert for årstrinn

Konsert for årstrinn

SOLO SOLO. - ein griot fortel si historie. Konsert for årstrinn

Vennskap. SISU perkusjonensemble. Konsert for årstrinn. Foto Morten Eckersberg

Forest & Crispian New Wave Baber Shop Rock

Intro klassisk. Ung stjerne. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Petter Carlsen A taste of what s to come

Besøk frå Brasil. Choro betyr liten gråt, men er eigentleg ein ganske glad og munter musikk

RARE DYR. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Nils-Olav Johansen. Utdanningsetaten. Oslo kommune. Konsert for årstrinn

FRA BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Lyden av Munch. Anders Lønne Grønseth - saksofon Audun Ellingsen - kontrabass Ulrik Ibsen Thorsrud - trommer. Konsert for

Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Klangbein. Klassetrinn: klasse Produsent: Scene Finnmark Produksjonsnummer: 113HY17

Gode melodier Olav Kallhovd, piano Ola Fjellvikås, sang

Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene. Kouame møter barna

Musikkfantasier - for solobratsj elektronikk og elever

BULDREBLUES OG BLÅSUS. Arle Hjelmeland vokal, munnspill Stein Urheim strengeinnstrumenter, vokal. Konsert for årstrinn

Frevo. Gitarhelter. Konsert for årstrinn

Vidar Vang. - Sleepless Songs - Konsert for årstrinn

Misty Range. Konsert for årstrinn

ZWAI MBULA. Du kan gjøre hva som helst med musikk og instrumenter, spørsmålet er hvordan du gjør det. Zwai Mbula. Konsert for

Brazalsa samba + salsa = sant

Konsertinformasjon MUSIKKMAT. Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Turneen er eit samarbeid mellom. Klassetrinn 1-4 trinn.

Årstrinn:

Klassetrinn klasse

Ekornes i 100. Med én musiker på scenen og 100 trommer presenteres rytmer fra 100 land på instrumenter som er opptil 100 år gamle!

Solo Solo. - en griot forteller sin historie. Konsert for årstrinn

Litjtausa. -to feler kan lyfte tak. Marie Forr Klåpbakken- fele Julie Alapnes Normann -fele. Konsert for årstrinn. Foto: Anne Marit Jota

Raya & the gypsy legacy

Elsker - Elsker ikke. Ragnhild Furholt - sang Jon Solberg - gitar Anders Erik Røine - munnharpe. Konsert for årstrinn

Melankoliens historie

Kim & Trym. med hjemlengsel og utferdstrang. Konsert for årstrinn. Kim André Rysstad (sang) / Trym Bjønnes (sang, gitarer, perkusjon, loops)

MUNTRE MUSIKANTER. konserter med elevmedvirkning. Konsert for årstrinn. Forsvarets musikk

SONGS AND SWEET POTATOES

Bøygard Røre Ved Deg

Jeg angrer ingenting

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv.

SKAKKE SANGER. - både rare, skumle og litt ekle. Konsert for årstrinn

Radio Musical. Frekvenser fra Bolivia og Peru. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Konsert for årstrinn

Tonje ror aleina. Konsert for årstrinn

The Only Way To Travel

SPOR. -om oppturer og nedturer. Konsert for årstrinn

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Litjtausa. - to feler kan løfte tak. Konsert for årstrinn

Lyriaka. - en fantasiforestilling på ungdommenes premisser. Konsert for årstrinn

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv.

Tomlene opp! Per Jørgensen trompet/sang/perkusjon. Thomas Dahl gitar/perkusjon. Frank Jakobsen trommer/perkusjon. Konsert for

Buenos Aires de la Habana

Den musikalske regnbuen

Dirty Beasts Fryktelige dikt og traumatiske toner

Dokumentarfilm. undervisningsopplegg på ein eller to timar for niande og tiandeklasse

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET


Foto: Jørgen Gomnes. «Hands off!» En konsert med slagverkgruppen Pinquins. Konsert for årstrinn

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Panamahatten. En rytmisk fortelling. Artist - instrument. Konsert for årstrinn

ISBJØRNTEMMER. v / RSP & Thomax. Skoleinfo/skuvladieđut MUSIKK/MUSIHKKA. Den kulturelle skolesekken på turné til klasse

SOFIA JANNOK - Lidenskap og kontraster

Indiske musikktradisjoner. Murad Ali - sarangi Akram Khan - tabla. Konsert for årstrinn

Samansette tekster og Sjanger og stil

Sagoland. The JETS-en jazzkonsert med smak av Sverige

Gode melodier Ola Fjellvikås - sang Merethe Trøan - sang

June Strask og musikere fra Scene Finnmark

LyDoku. Klassetrinn: klasse

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje

Benedicte Maurseth. - Benedicte Maurseth, årets norske folkemusiker Konsert for årstrinn

Vennskap. SISU perkusjonensemble. konsert for årstrinn

Bård & Bach. Konsert for årstrinn

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Konsertinformasjon. Musikk fra en blå dal. Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Turneen er et samarbeid mellom. Carl Petter Opsahl og Åsmund Reistad

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Transkript:

2012 2013 Mhoo Heime bra, men borte best Mhoo skriv bra låtar heime, men aller best når dei er tusen mil unna kvardagane og kan sjå det store i dei små, enkle tinga. Konsert for 8.- 10. årstrinn

: Mhoo - Borte bra, men heime best programmet Hoo, hoooo Hoo, hooo.. The rhythm of the train, leads me where to go Musikken til Mhoo høyrest ut som om han er skriven på reiser til Nashville i USA, til Mexico, Cuba, Spania og Brasil. Det let som cowboyar i støvete solnedgangar, tog som køyrer gjennom flate kaktuslandskap, mexicanske trompetar, flamencokledde damer med svart hår og djupraude roser bak øyret. Mens gitarfingerspelet sprett lett og forventningsfullt av stad, er det spor av lengt og triste avskjedar i den tostemte songen med langtrekte tonar. MUSIKaRaNE Mhoo skriv bra låtar heime, men aller best når dei er tusen mil unna kvardagane og kan sjå det store i dei små, enkle tinga. Dei kjem frå det ville Vestfold, og har hatt god fart frå musikklinja på vidaregåande, til landsfinalen i Ungdommens kulturmønstring, knallsuksess på by:larm, debutplata Talking in the Streets, festivalar og konsertar rundt om i verda. Snart kjem dei til skolen din! Mhoo er: Oda Karoline Dahl Song, gitar Miriam Kjølen Song, gitar, trompet 2 2012-2013

: Mhoo - Borte bra, men heime best PRAKTISK KONSERTFørebuing Musikarane bruker langsida av gymsalen, eller gjerne ein scene der det finst. Plasser elevane i vifteform, så nær scenen som mogleg. De kan få ein liten amfi-effekt ved å leggje ut matter fremst, deretter benker og til slutt stolar bakarst. På den måten blir det også lettare for alle å sjå scenen. Vi ber lærarane om å setje seg saman med elevane som publikum og såleis ta del i konserten saman med elevane, heller enn å stå på linje bakarst i lokalet. Musikarane treng hjelp av fire sterke elevar til å bere utstyr før og etter konserten. Musikarane kjem ca. ein time før første konsert. Den driftsansvarlege og involverte lærarar må få ein kopi av denne konsertinformasjonen. Kulturkontakten må vere tilgjengeleg under besøket. Det er alltid hyggjeleg å bli møtt med ein kopp kaffi eller te når ein kjem til ein ny stad. Musikarane treng tilgang til straumuttak, to gonger 16 ampere. Sidan Mhoo også har med ein liten lysrigg, er det fi nt om konsertlokalet kan blendast. KORLEIS SKOLANE KAN STYRKJE SI EIGA KONSERTOPPLEVING Bruk konsertinformasjonen og informer elevar, skoleleiing og lærarar om innhald og praktiske opplysningar. Rikskonsertane har god erfaring frå skolar som bruker elevvertar og elevarrangørar. Sjå www.rikskonsertene.no/eleversomarrangorer for meir informasjon. Gå til http://www.rikskonsertene.no/mhoo så elevane kan sjå musikkvideo med Mhoo som førebuing til konserten. Sjå også boka Bruk konserten! for fleire undervisningsopplegg www.rikskonsertene.no/brukkonserten Velkommen til konsert! 3 2012-2013

: Mhoo - Borte bra, men heime best SPØRSMÅL OM TURNEPLANEN Turnélegger Solfrid Bygstad, Møre og Romsdal fylke tlf: 78 96 42 08 e-post: SPØRSMÅL OM PROGRAMMET Produsent Matias Hilmar Iversen Rikskonsertene, tlf. 22 02 59 45 E-post: mhi@rikskonsertene.no FAKTA Rikskonsertane har det heilskaplege ansvaret for skolekonsertordninga i Noreg og legg dei faglege rammene for verksemda. Skolekonsertane er statleg fi nansierte gjennom budsjettet til Kulturdepartementet. Fylkeskommunane har ansvar for turnéplanlegging og delar av konsertproduksjonen i sine respektive fylke. Kommunane abonnerer på skolekonsertane til Rikskonsertane, ei ordning som i dag omfattar 99,7 % av alle grunnskolane i landet. 600 000 barn får to årlege besøk av profesjonelle musikarar på skolane sine. Den enkelte skolen står som arrangør av skolekonsertane. Kvart år gjennomfører rundt 800 musikarar 10 000 skolekonsertar i Noreg. Du finn meir informasjon på www.rikskonsertene.no 4 2012-2013

Konsertanalyse frå oppleving til eigen idé Konsertdramaturgi eller konsertproduksjon handlar om ha eit bevisst forhold til korleis ein konsert er iscenesett og bygd opp. Dette inkluderer verkemiddel som musikkformidling, regi, arbeid med lys og lyd, bruk av rom og repertoarutval. Ved å analysere ein konsert kan elevane tileigne seg konkret kunnskap som dei vidare kan omsetje i eigen konsertproduksjon. Fag Emne Målgruppe Tidsramme Ressursar Musikk, norsk Konsertanalyse, konseptutvikling 8. - 10. årstrinn Modul 1: ca. 2 timar. Modul 2: ca. 2 timar Modul 1: penn, papir, tavle. Modul 2: penn, papir, ev. PC Mål LK06 Eleven skal kunne bruke relevante faglege omgrep i presentasjon av eit arbeid med sjølvvald musikk (musikk, 10. årstrinn). Eleven skal kunne velje uttrykk og formidlingsform i eiga musisering og grunngi vala (musikk, 10. årstrinn). Eleven skal kunne bruke ulike medium, kjelder og estetiske uttrykk i eigne norskfaglege og tverrfaglege tekstar (norsk, 10. årstrinn). Framgangsmåte Modul 1: Ta utgangspunkt i konserten de har opplevd. Før elevane ser konserten, får dei små oppgåver eller spørsmål om kva dei skal høyre eller sjå ekstra etter i konserten. Fordel det slik at minst to elevar skal observere dei same tinga. Eksempel på spørsmål kan vere: Korleis opnar musikarane konserten? Skaper dei gjennom opninga ein tydeleg kontrakt med og ei forventning for publikum om det som skal skje, og blir denne forventninga innfridd i løpet av konserten? Korleis er rekkjefølgja på låtane bygd opp? Var det mykje variasjon i songane musikarane spelte, når det gjeld stemning, toneart og tempo? Balanserer musikarane det kjende og det ukjende i konserten? Korleis er det generelle tempoet og energinivået i konserten? Kva var det dramaturgiske høgdepunktet på konserten? Var det nokon klare vendepunkt i konserten? Blir publikum inkludert aktivt i nokon delar av konserten? Korleis var forholdet mellom tekst og musikk? Kva verkemiddel tok musikarane i bruk? Korleis kommuniserer musikarane? Er dei seg sjølve? Eller speler dei kanskje ei rolle? Kjem bodskapen til konserten klart fram? Korleis bruker musikarane rommet dei speler i? Korleis avsluttar musikarane konserten? Er avslutninga klar og tydeleg, eller trur vi det er slutt mange gonger i løpet av konserten? Etter konserten samlast elevane i klassen og snakkar om det dei har opplevd. La alle elevane komme med sine observasjonar. Lag eit felles referat frå diskusjonen som kan brukast som ein observasjonsrapport og hugseliste for skolen sine eigne konsertar. Det er heilt lov å la seg inspirere av andre sine idear når ein skal skape noko sjølv. 5

Modul 2: La elevane beskrive si oppleving av konserten med berre eitt ord. Lag ei liste med alle orda som kjem fram. Eksempel på beskrivande ord kan vere humoristisk, artig, personleg, provoserande, overraskande, nært, absurd, spektakulært, glad, trist osv. La elevane velje tre av orda på lista, og ut frå desse orda skal dei vidare lage sin eigen konsertidé. Beskriv ideen i ei konsertskisse, som kan innehalde desse punkta: tittel, besetning, målgruppe, lengd, beskriving av tema for konserten, målsetjingar og intensjon, forslag til repertoar og rekkjefølgja på låtane. Vidare kan elevane jobbe med forslag til form, oppbygging, opning og avslutning av konserten. Alt etter kor omfattande oppgåva skal vere, kan elevane vidare skissere korleis publikum skal plasserast, bruk av rom og bruk av element frå andre estetiske fag. Kulissar, teknisk utstyr og bruk av kostyme kan også inkluderast. Kvifor Elevane trenar opp evna til observasjon og til å motta auditive og visuelle inntrykk. Elevane blir oppfordra til å bruke og utvikle fantasien til nyskaping. Elevane ser samanhengen mellom det handverket musikarane utøvar, og eiga utøving. Elevane får eit ordforråd til å jobbe med idéskaping og konseptutvikling. Elevane øver på å omsetje inntrykk til eigne uttrykk og inspirasjon til konkrete idear. Tips for vidareføring Dersom de vil lage og gjennomføre ein eigen konsert, kan de velje eitt av konsepta og jobbe vidare med det. Sjå då Bruk konserten-opplegga Disposisjon til gjennomføring av egen konsert og Elever som arrangører for tips om organisering og gjennomføring av konserten. www.rikskonsertene.no/brukkonserten 6