Mat til Eit samarbeid med Fiskeriket UB frå Måløy VGS
Vi serverer Åsen-meny Hjortekarbonade med potetpuré Steikte grønsaker Fjellmat Campsnurrar Grove snurrar med ost og skinke Rødstranda Grillspyd med fiskekaker Barna får velje grønsaker sjølve til heimelaga fiskekaker Klenkarberget Måløyburger Fiskeburger med råsteikte poteter og ramsløkdressing Lavomat Ostesmørbrød i bålpanne, pakka i folie Turmeny 1 Kjøttbollar i tomatsaus Pasta / potetstappe Turmeny 2 Tomatsuppe med egg Turmeny 3 Tomatsuppe med makaroni Ein tilbyr alltid brød og smør i tillegg i tilfelle nokon har allergi eller intoleranse. Vi har òg glutenfritt brød.
Oppskrifter Måløyburger Ca. 10 stk. middels str. 600 g skinn- og beinfri laksefilet 300 g hyse- eller torskefilet 200 g røykelaks i terningar 3 ts salt 3 ss potetmjøl 1/4 ts kvit peppar 2 ts finklippa persille 2 ts finklippa grasløk 3 ts finhakka løk 2 dl kremfløyte 2 dl H-mjølk smør og olje til steiking Skjær fisken i bitar. Køyr det saman i kjøkenmaskin. Ikkje for lenge, det skal vere grovt. Bland inn salt, potetmjøl, kvit peppar, urter og løk. Spe med fløyte og mjølk. Rør farsen jamn. Tilsett røykelaks og form denne farsen til fine burgerar, bruk gjerne ring. Varm smøret og olje i steikepanna og steik burgerane. Ferdigsteik dei i omnen ved 170*c i 5 minutt. Marinerte agurkterningar Skrell agurken, ta ut kjernen og kutt i halvmånar. Smak til med salt, peppar, olivenolje og litt sitronsaft. Poteter Vask og skrubb potetene. 1 per person. Del dei i båtar og vend dei i olje med salt, peppar og timian i. Set potetbåtane på brett. Steikast ved 245 *c i ca. 12-15 minutt.
Ramsløkdressing 1 beger crème fraiche 2 ts ramsløk, lokal urt som vi plukkar sjølve salt og peppar litt sukker og litt sitron Burgerbrød Ca. 20 stk 100 g smør 3 1/2 dl mjølk 50 g gjær 1 ts salt 1/2 kg kveitemjøl 1/2 ts bakepulver 40 g sesamfrø egg til pensling Smelt smøret og bland med mjølka. Løys gjæra opp i væska. Bland inn salt og bakepulver. Spe med mjøl til ei god deig. La deiga heve i bollen på ein lun stad til dobbel storleik. Kjevl ut deiga og trykk ut burgerbrød. La dei heve i ca. 20 minutt. Pensle brøda med egg og dryss på sesamfrø. Steiketida er ca. 10 minutt ved 185 *c. Tomatsuppe 80 g smør 120 g med gulrot, sellerirot, purre og løk 40 g bacon 70 g mjøl 150 g tomatpuré 2 l lys kraft av kylling eller høne 2 dl fløyte Smak til med peppar, salt og litt sukker. Surr grønsakene i smør, ha på kveitemjøl, fres, ha på tomatpuré og spe med krafta. Kok i 45 min, sil og ha i fløyta. Smak til.
Hjortekarbonadar Ca. 60 stk 4 kg hjortekjøtdeig 4 kg oksekjøtdeig Ca 1,6 l kald fløyte 16 egg 8 løk (finhakka) 22 einebær (finhakka) 22 ss brødrasp 8 ss mjøl 8 ss salt 12 ts peppar Rør saman kjøtdeig, mjøl og løk. Bland inn eitt og eitt egg, innimellom brødrasp, fløyte og krydder. Form 80 gram store karbonadar. Steik i smør og olje. Ettersteike i omnen i 7-8 minutt ved 175 *c til dei blir gjennomsteikt.
Kjøtbollar Ca. 50 stk 1 kg kjøtdeig 1 ts salt 1 ts peppar 2 egg 200 g spekeskinke 4 ss hakket frisk basilikum 4 ss olje til steiking Bland egg, salt og peppar godt inn i kjøtdeiga. Kutt spekeskinka i små bitar. Bland skinka og urter forsiktig inn i kjøtdeiga. Form deiga til små bollar som er like store. Steik dei i ei middels varm steikepanne til dei får fin steikeskorpe. La kjøtbollane ettersteike på svak varme i ca. 10 minutt til dei blir gjennomsteikt. Tomatsaus 4 ss olje 2 båtar finhakka kvitløk 1 finhakka løk 4 boks hermetiske tomatar 4 ss tomatpuré 2 ts sukker 4 dl svak buljong 3 ts tørka timian salt og peppar Varm olje i ei kasserolle. Ha i kvitløk og løk, og steik på middels varme til løken er mjuk og begynner å få ein fin farge. Rør ofte. Tilset tomatar, tomatpuré, sukker og buljong. Kok opp og la sausen trekkje over svak varme i 15-20 minutt. Tilsett oliven og basilikum og smak til med salt og peppar.
Fiskefarse til fiskekaker Ca. 50 stk 1 kg fiskefilet 20 g salt 2 g malt kvit peppar 2 g malt muskat 7 dl kald mjølk 40 g potetmjøl NB! Kald væske og kaldt utstyr. Køyr fisken med salt i foodprosessor, ha i potetmjøl og krydder, spe i kald melk. Form fiskekaker og steik dei i smør og olje. Campsnurrar 5 dl vatn 4 dl mjølk 50 g gjær 50 g sukker 1 ts salt 60 g smør 400 g grovt mjøl (grov bakst) 1 kg kveitemjøl 200 g skinke 400 g reven kvitost evt. tørka oregano. Smelt smøret. Tilset mjølk og vatn, temperaturen skal vere 37 grader. Ha væska i kjøkenmaskina saman med gjær, sukker og mjøl. Elt deiga godt. Hev deiga i 30-40 min. Kjevl deiga ut som eit rektangel, etterhev i 30 min, ha på reven ost, skinke og evt. oregano. Rull og kutt opp. Pensl med vatn før steiking ved 190 *c i 10-12 minutter.
Fiskeriket UB er ei ungdomsbedrift som elevar ved VG1 restaurant- og matfag på Måløy vidaregåande skule driv. Gjennom skuleåret arbeider ungdomsbedrifta for at barn og ungdom skal få gode sjømatopplevingar. Fiskeriket er opptekne av å gje barn sunn, smakfull og spennande mat av råvarer frå distriktet. Alt som blir servert på Sommarcampen er soleis godt handtverk laga av lokale råvarer. For eksempel er egga i tomatsuppa frå klekkjeriet på Bjørhovde, ramsløken er plukka på hemmeleg stad, hjorten har gått på bøane på Haugen og fisken er fiska i Måløy. Vi gler oss til å mette alle barna som skal delta på Klenkarberget Sommarcamp 2014! Økonor Spano Rekneskap EID KOMMUNE Eid Bruk