Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Formannskapet Møtedato: 04.09.2017 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 13:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Stad Sauland, 28.08.17 Bengt Halvard Odden ordførar Informasjon om KLP sin drift og forvaltning av Hjartdal kommune sin pensjonsordning v/bodil Dimmen og Erling Bendiksen. Hjartdal Kyrkjelege Fellesråd: Orientering om økonomisk status og utvikling v/kyrkjeverje Arild Bjørnstad Sakliste Sak nr. Saktittel 032/17 GODKJENNING AV MØTEBOK 033/17 REGIONAL KLIMAPLAN FOR TELEMARK 2019-2026 - HØRING TIL PLANPROGRAM 034/17 KRAV FRÅ ABONNENT OM Å SLEPPE HYTTERENOVASJON NÅR ETABLERT TØMMEORDNING IKKJE FRAMSTÅR SOM TILFREDSSTILLANDE 035/17 KRAV OM KOMPENSASJON FOR OPPRYDDING I ELVELEIE Unntatt - ikkje offentleg
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet 04.09.2017 032/17 ISO Saksansvarleg: Ingrid Sletta Olsen Arkiv: K1-, K2- Arkivnr.: 17/1251 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå F-møtet 19.06.17 blir godkjent slik ho ligg føre.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet 04.09.2017 033/17 AEB Saksansvarleg: Anne E. Bamle Arkiv: K1-130 Arkivnr.: 17/863 REGIONAL KLIMAPLAN FOR TELEMARK 2019-2026 - HØRING TIL PLANPROGRAM Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 09.06.2017 Telemark fylkeskommune REGIONAL KLIMAPLAN FOR TELEMARK 2019-2026 - HØRING AV PLANPROGRAM Vedlagde dokument: Framlegg til Planprogram for regional klimaplan for Telemark 2019-2026 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Bærekraftige Telemark - Regional Planstrategi for Telemark 2016-2020 Saksgang: Formannskapet gir uttale, jamfør gjeldande delegeringsreglement Bakgrunn for saka: Bærekraftige Telemark - Regional Planstrategi for Telemark 2016 2020 blei vedtatt av Telemark Fylkesting i desember 2016. Strategien peiker på klima som ein av 4 samfunnsmessige hovudutfordringar i Telemark. Vidare peiker planstrategien på behov for ein regional klimaplan. Fylkeskommunen utarbeider klimaplanen i tråd med plan og bygningsloven, og legg no framlegg til planprogram ut på høyring. Eit planprogram skal gjere greie for Føremålet med planarbeidet Rammer og prioriteringa i planarbeidet Behov for innhenting av kunnskap og utgreiingar Planprosessen med fristar og medverknad Vurdering: I framlegget til Planprogram er det foreslått 3 hovudtema til sjølve klimaplanen: Reduksjon av klimagassutslepp
som mellom anna omhandlar arealbruk, transport, energiforsyning og bruk i bygg samt klimavenleg landbruk. Klimatilpassing (tilpassing til eit klima i endring) herunder klimaberedskap Samordning og formidling Det er presisert i planprogrammet at Regional Klimaplan skal utforme langsiktige mål og strategiar for den regionale klimapolitikken i fylket. Planens skal følgjast opp med årlege handlingsplanar for klimatiltak fram til 2026. Når rådmannen ser kor stor plass i planprogrammet reduksjon av klimagassutslepp får i forhold til tilpassing til eit klima i endring og samordning og formidling, finn han grunn til å minne om at for Hjartdal kommune sin del, kan tilpassing til klimaendringane vere vel så viktig som utslepp av klimagassar. Hjartdal kommune har ikkje noko utbygd kollektivtransport og me har eit landbruk som er avhengig av slått på mange små teigar rundt i fleire bygder. Kommunen har fleire som dagpendlar ut av kommunen og som er avhengig av privatbil pga manglande kollektivtilbod. Samtidig gjeng stamveg E134 gjennom heile kommunen. Biltransport bidrar i negativ retning. Busetting er viktig for Hjartdal kommune. Vi ser at klimaendringar skapar store utfordringar når det gjeld sentrumsutvikling med busetting i Sauland. For oss er det derfor viktig allereie til planprogrammet og trekke fokus bort frå dei tettbebygde delane av Telemark og minne om at utfordringar kan vere snudd på hovudet i andre delar av fylket. Regional utvikling er eit stikkord i denne samanheng. Eit anna stikkord er verkemiddelbruk. Rådmannen stiller spørsmålet om Fylkeskommunen vil stille med nokon form for verkemidlar t.d. i form av ulike tilskot til dei årlege handslingsplanane. Vidare foreslår Rådmannen at handlingsplanane vert tema i dei kommuneavtalane som Fylkeskommunen skal starte arbeidet med. Hjartdal kommune bidreg i dag til redusert klimagassutslepp og med alternativ energiforsyning når kommunen bygger ny skule i massivtre i Sauland. Hjartdal kommune ser positivt på at det vert utarbeida ein Regional Klimaplan for Telemark og ber om at dei tre foreslåtte hovudsatsingsområda blir likestilte. For Hjartdal kommune vil kunnskapsinnhenting og samordning når det gjeld klimatilpassing vere vel så viktig som reduksjon av klimautslepp. Som nemnt over er det årsaker til klimagassutslepp i Hjartdal kommune som kommunen aleine ikkje kan påverke. Vårt hovudsatsingsområde framover er å vidareutvikle Hjartdal kommune som ein god stad å bu. Denne satsing vil måtte skje på tross av klimaendingar og kjem til å krevje stort fokus på tilpassing til eit klima i endring. Hjartdal kommune er ikkje stor nok til å møte desse utfordringane aleine utan bidrag og drahjelp frå mellom anna Fylkeskommunen. RÅDMANNEN TILRÅR: Formannskapet i Hjartdal kommune ser positivt på at det vert utarbeida ein Regional Klimaplan for Telemark. Hjartdal kommune ber om at dei tre foreslåtte hovudsatsingsområda blir likestilte.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet 04.09.2017 034/17 AEB Saksansvarleg: Anne E. Bamle Arkiv: GBNR- 80/45 Arkivnr.: 16/801 KRAV FRÅ ABONNENT OM Å SLEPPE HYTTERENOVASJON NÅR ETABLERT TØMMEORDNING IKKJE FRAMSTÅR SOM TILFREDSSTILLANDE Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 25.04.2016 Grete Bolstad HYTTERENOVASJON SLÅKA 2 I 20.07.2016 Grete Bolstad HYTTERENOVASJON SLÅKA 3 I 05.09.2016 Grete Bolstad HYTTERENOVASJON SLÅKA 4 I 30.09.2016 Grete Bolstad og Jan RENOVASJON SLÅKA Oddvar Haugerød 5 U 12.10.2016 Grete Bolstad og Jan Oddvar Haugerød VEDK. RENOVASJON SLÅKA 6 I 17.10.2016 Jan Oddvar Haugerød VEDK RENOVASJON SLÅKA 7 I 24.10.2016 Jan Oddvar Haugerød VEDK RENOVASJON SLÅKA 8 U 07.11.2016 Jan Oddvar Haugerød VEDK RENOVASJON SLÅKA 9 X 05.04.2017 Plan, bygg og KOPI AV GIRO oppmåling - Anne E. Bamle 10 U 26.04.2017 Grete Bolstad og Jan Oddvar Haugerød HYTTERENOVASJON SLÅKA 11 I 10.05.2017 Jan Oddvar Haugerød FORVENTNING 12 U 11.05.2017 Grete Bolstad og Jan Oddvar Haugerød MELLOMBELS SVAR - HYTTERENOVASJON SLÅKA 13 U 12.06.2017 Grete Bolstad og Jan HYTTERENOVASJON SLÅKA Oddvar Haugerød 14 I 28.06.2017 Grete Bolstad BREV VEDK. HYTTERENOVASJON SLÅKA 15 U 30.06.2017 Grete Bolstad INFORMASJON OM SAKSGONG/-TID Vedlagde dokument: Samtlege dokument i saka samt brev datert 06.02.15
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: LOV-1981-03-13-6 Lov om vern mot forurensning og om avfall (forurensningsloven) FOR-1997-06-16-4173 Forskrift for kjeldesortering, oppsamling, innsamling, transport og gebyr for forbruksavfall, Bø, Hjartdal og Notodden kommunar, Telemark Saksgang: Formannskapet avgjer saka i møte. Bakgrunn for saka: Familien Bolstad/Haugerød vendte seg første gongen til kommunen i februar 2015. Familien Bolstad/Haugerød vendte seg deretter til kommunen igjen etter påske 2016. Dei er ikkje fornøgd med renovasjonsordninga på Heksfjell/Slåka-området og vil ikkje betale for ei teneste dei hevdar dei ikkje har fått. Skuldig uteståande beløp pr i dag er totalt på kr 1.551,60. Beløpet er fordelt slik: Første kvartal 2015 med kr 736,00 - renovasjon og eigedomsskatt med forfall mars 2015 Andre kvartal 2016 med kr 253,31 renovasjon med forfall juli 2016 Tredje kvartal 2016 med kr 253,25 renovasjon med forfall august 2016 Samla salær til Kredinor og purregebyr til kommunen med kr 309,01. Vår lokale forskrift frå 1981 sist endra i år 2000 er heimla i Forurensningsloven. Vurdering: Det gjeng fram av dokumentoversikten at familien Bolstad/Haugerød tok kontakt med kommunen skriftleg 4 gongar i 2016 før dei fekk skriftleg svar. Brevet frå februar 2015 har kommunen heller ikkje svart på skriftleg. Dette har rådmannen beklaga og gjentek her på nytt at det er ikkje slik kommunen skal opptre. Alle som vender seg til oss skal få svar innan rimeleg tid. Betaling for renovasjon Hjartdal kommune har hatt innsamlingsordning i heile kommunen for avfall frå hytter og andre fritidsbustader frå 1979/1980. Det gjekk imidlertid ein del år med registrering av eigarar av hytter før ein starta innkreving av avgift frå desse. Det første avgiftsåret var 880 hytter med. Gjeldande eigedomen fekk sin første faktura på kommunale avgifter i 2014. Det var på dette tidspunktet kommunen tok i bruk KomTek som eit for-program til fakturering. Kommunen hadde då eit grunnlag for å kvalitetssikre at alle eigedomar som skal betale for kommunale avgifter, var gebyrbelagt. Kommunen hadde ein gjennomgang òg i 2007. Da vart det ikkje fanga opp at gjeldande eigedom ikkje fekk faktura for renovasjon. Eigedomen har i fleire år levert si søppel utan å blir fakturert frå kommunen. Kommunen gav byggjeløyve i 1985. Noverande eigar overtok etter sine foreldre i 2007. Renovasjonsordninga på Slåka Renovasjonsordninga på Slåka har i fleire år fungert ved ein hytteeigar har ringt renovatøren når det var på tide å tømme konteinaren. Deretter blei det oppslag på konteinaren om kva for
telefonnummer som skulle nyttast når tida var inne for tømming. Ordninga er etter det kommunen får opplyst ei akseptert avtale mellom hyttevel et/hytteeigarane og renovatøren. Konteinaren er plassert inne i hytteområdet. Årsaka til at Irmat AS ikkje har pålagt renovatøren å kjøre inn regelmessig og tømme, har etter det selskapet opplyser, vore både lang og dårleg, privat veg. Ei alternativ plassering kan vere nede ved bommen. Denne plasseringa vil vere til ulempe for dei som vil kaste søppel under opphelder på hytta. Dei må i så fall ut i bil. Familien meiner kommunen ikkje kan krevje betaling for ei teneste dei hevdar ikkje er levert. Spørsmålet i denne saka er om det er grunnlag for å ikkje krevje betaling fordi ei inngått avtale mellom hyttevel et/hytteeigarane og renovatøren ikkje blir følgt opp. Ordninga med varsel frå hyttevel et/hytteeigarane gjeld framleis. Viss hytteeigarane ikkje er fornøgd med denne ordninga, må dei ta kontakt med Irmat AS som har kontrakt med renovatøren. Det er opp til formannskapet å eventuelt si ja til reduserte kommunale avgifter. Vidare er familien misfornøgd med den handsaminga rådmannen har gjort i saka. Dei meiner det er begått det dei kallar grove saksbehandlingsfeil. Etter at rådmannen beklaga at familien ikkje hadde fått svar frå kommunen, har familien fått svar på sine skriv. Det kan sjå ut som om kommunen og familien ikkje har hatt same oppfatning av dei svara som er gitt. Det er beklageleg. Kommunen skal kommunisere lettfatteleg for å hindre at misforståingar skjer. Rådmannen legg saka fram for formannskapet med tilråding om at heile det uteståande beløp må betalast. Rådmannen ser ingen grunn til å gripe inn i den avtala som er inngått mellom hyttevel et/hytteeigarane og renovatøren. Det er Irmat AS som på vegne av kommunen administrerar renovasjonsordninga. Rådmannen har vore i kontakt med selskapet og bedt dei om å betre informasjonen til hytteigarane i området, jamfør brev datert 07.11.16. Som det gjeng fram av oversikten over, er det tre kvartal som ikkje er betalt når det gjeld renovasjon og eit kvartal som ikkje er betalt når det gjeld eigedomsskatt. Familien bad i februar 2015 om ny faktura for kommunale avgifter som berre skulle innehalde eigedomsskatt. Slik kreditering og utsending av ny faktura skjedde ikkje. RÅDMANNEN TILRÅR: Formannskapet finn ingen grunn til eigar av gnr. 80, bnr. 45 skal sleppe, heilt eller delvis, å betale kommunale avgifter for tre kvartal fordelt på 2015 og 2016. Grunngjevinga er at det er ei avtale mellom hyttevel et/hytteeigarane og renovatøren om korleis tenesta skal leverast. Viss avtala ikkje er tilfredsstillande, må hyttevel et/hytteeigarane ta kontakt med Irmat AS som har kontrakt med renovatøren.