Lom kommune er av den oppfatning at alle setrer innanfor vernegrensene bør ligge i landskapsverneområde, ikkje i nasjonalparken.

Like dokumenter
Verneplan Breheimen - referat frå møte i referansegruppa i Lom på Norsk Fjellmuseum

Verneplan Breheimen - referat frå møte i referansegruppa på Fossberg Hotell

Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved til hytte ved Kollungstjønn og Haukberghytta - Skjåk JFL

Saksnr. Innhald Arkivsaksnr. Eg stadfestar med mi underskrift at det som er ført i protokollen er i samsvar med det som vart vedteke i møtet.

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL

Breheimen nasjonalparkstyre hadde møte I møte vart søknaden handsama.

Verneplan Breheimen-Mørkridsdalen. Høyringsuttale: Verneforslag, KU og forvaltningsplan.

REFERAT FRÅ SYNFARING MØRKRIDSDALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - YNSKJE

Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014.

Vi viser til e-post av med søknad om dispensasjon for å drive forskring ved Hellstugubreen i Jotunheimen.

Fylkesmannen i Oppland Miljøvernavdelinga

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Oppland

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Søknad om bruk av helikopter ved merking av vernegrenser - melding om vedtak

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN DISPENSASJON - UTLADALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - ETABLERING AV NYTT VANNINNTAK OG HELIKOTERTRANSPORT

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Åseral kommune EINING FOR SERVICE OG IKT

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Vår ref. Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2014/564/27/ 2015/11167 Laila Nersveen

Møteprotokoll. Følgende medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Ivar Vistekleiven MEDL Oppland fylkeskommune

Referat frå førebuande møte 21. juni 2006 Breheimen Mørkridsdalen

Møteinnkalling. Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Vågå kommune Fellestenester

Vilkår: REINHEIMEN NASJONALPARK; LORDALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - SØKNAD OM BRUK AV SNØSKUTER TIL FRAKT AV. Utskrift av saka følgjer vedlagd.

Melding om vedtak. HOVDEN FJELLSTOGE AS Postboks HOVDEN I SETESDAL. 2017/369-3 Ingunn Hellerdal

Nærøyfjorden verneområdestyre - melding om vedtak - tilrettelegging av lagerrom på Salthella

Saksnr. Innhald Arkivsaksnr.

Møteinnkalling. Breheimen nasjonalparkstyre

Vedtektene skal s0rgje for at nasjonalparkstyret skal kunne oppfylle foremalet med vernet i trad med nasjonale mal og internasjonale forpliktingar.

«Nasjonalparkstyret for Reinheimen sluttar seg til at det blir utarbeidd ein besøksstrategi for Reinheimen der viktige element vil vera knytt til:

Vilkår: REINHEIMEN NASJONALPARK; LORDALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - BRUK AV SNØSKUTER FOR FRAKT AV VED OG SALTSTEIN. Med helsing

Vår ref Dykkar ref: Saksbehandlar Dato

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Møteprotokoll. Breheimen nasjonalparkstyre

Kopi til: Fylkesmannen i Oppland. Miljødirektoratet. Lom kommune. Finndalen fjellstyre NASJONALPARKSTYRET FOR REINHEIMEN

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Viser til søknad av Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen har behandla saka i møte og gjort slik vedtak:

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

Viser til søknad av Nasjonalparkstyret har behandla saka i møte , og har gjort slik

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Erfaringar frå arbeidet med forvaltingsplan for Reinheimen

Møteprotokoll. Følgjande faste medlem møtte: Navn Funksjon Representerer Ivar Kvalen Norunn Lunde Furnes. Nestleiar Styremedlem.

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Verneverdiar Trugsmål mot verneverdiane

Saksbehandlar Bjørn Dalen Vår ref. 2017/ Dykkar ref. Dato Delegert vedtak

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Linda Nyvoll Antonsen

Møteprotokoll. Breheimen nasjonalparkstyre

6/2012 Formannskap Klage på delegert vedtak: Løyve til transport med snøskuter til Sterringen og Vesl-Lusa - Arild Fallingen/ Mona Bøhle

Arbeidsutvalet for nasjonalparkstyret har behandla saka ved e-post i dag, og gjort slik vedtak:

Fastsetting av planprogram til kommuneplan for Valle kommune

Vilkår: REINHEIMEN NASJONALPARK - DISPENSASJON - MOTORFERDSEL TRANSPORT MED SNØSCOOTER AV UTSTYR, Med helsing

Arealdelen til kommuneplanen , grunnlagsdokument 4, vurdering av innspel om område for fiskebuer og naust

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Saksansvarleg Giske formannskap /14 BJFR Giske kommunestyre

Uttale: Forslag til forvaltningsplan for Hovden landskapsvernomra de, Vidmyr naturreservat og Lislevatn naturreservat i Bykle kommune

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Breheimen nasjonalparkstyre. Utvalg: Møtested: E-post Dato: Tidspunkt: 12:00

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Høyring av forslag til endring i motorferdsellova med forskrift - opning for catskiing. Merknad frå villreinnemnda for Setesdalsområdet

Bøthun, S. W., Clemetsen, M. og Skjerdal, I Breheimen Mørkridsdalen, kartlegging av landskap. Aurland Naturverkstad Rapport 2/2007.

Møteprotokoll. Breheimen nasjonalparkstyre

Møteprotokoll. Breheimen nasjonalparkstyre

Delegert vedtak - Løyve til helikoptertransport i samband med sau i skårfeste - Buer landskapsvernområde og Folgefonna nasjonalpark

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/917-9 Berit Lundeberg,

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

Møteinnkalling. Breheimen nasjonalparkstyre. Utvalg: Møtested: Avgjerd pr. e-post Dato: Tidspunkt: 12:00

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re Møtesta d: Skei Hotell i Jølster Dato: Tidspunkt : 14:00

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Stekka hyttefelt, gnr 32 bnr 176 mfl Sætveithagen, Jondal kommune

Melding om oppstart av frivillig skogvern på Skarvatun i Kvinnherad

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Møteinnkalling. Breheimen nasjonalparkstyre Møtested: E-post Dato: Tidspunkt: Svar per e-post så snart som råd. Utvalg:

ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE

3.10 UREINING, AVFALL OG STØY

Høyring- revidering av forskrift om hausting av tare i Sogn og Fjordane

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Christian Hillmann Arkiv: K12 &18 Arkivsaksnr.: 07/2480

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Øystre Slidre kommune

Løyve til motorferdsel med helikopter i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Norges geologiske undersøkelser

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 009/15 Bystyret PS /15 Bystyret PS

Reguleringsplan for Rindarøy ( ) - 1. offentlege ettersyn

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

- 1 landing ved Stølsmaradalen turisthytte i perioden frå

1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring for detaljreguleringsplan av Fjellbyggvegen 50

Møteinnkalling. Breheimen nasjonalparkstyre

5. SAKSHANDSAMING 5.1 FORVALTINGSSTYRESMAKT LOKAL FORVALTING. Forvalting av verneområda i Breheimen involverer følgjande styresmakter:

Melding om vedtak. KOMMUNAL- OG MODERNISERINGS- DEPARTEMENTET Postboks 8112 DEP 0032 OSLO. 2017/ Sigrid Bjørgum

Gunhild Austjord,

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Transkript:

Lom Miljo. Teknisk. Næring 13? Fylkesmannen i Oppland serviceboks 2626 LILLEHAMMER Vår ref: DvIkkar ref: Saksbehandlar Dato 2006/10221210/2009/K 12 SASA / 10.03.2009 Verneframlegg for Breheimen - høyringsuttale frå Lom kommune Etter behandling i formannskapet 17.02.2009 og i kommunestyret 04.03.2009 vil Lom kommune med dette gje følgjande uttale til verneframlegget for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande landskapsvernområde og naturreservat: Vedtak: Namn på verneområda: Lom kommune støttar dei framlegg til namn som går fram av høyringsframlegget, med "Breheimen " som namn på den sentrale nasjonalparken. Lom kommune støttar framlegget til vernegrensene for Breheimen nasjonalpark og for Høydalen landskapsvernområde slik det går fram av høyringsforslaget, med følgjande endring. Grensa skal innskrenkast ved at den følgjer almenningsgrensa aust for Netosætrin og opp til knekkpunkt på Runningsfjellet. Herifrå i rett line mot Eirikhøe (1461 m. o. h.) vidare mot knekkpunkt på grense mellom Lomseggen sameige og privatskog sør for Bordvassvegen og deretter framover fjellet mot Fossbergom slik det er skissert i høyringsframlegget. Vernegrensa blir flytta slik at den vil krysse ryggen mot Eggjapiken som vist på alternativ 3 i saksutgreiinga. For Høyrokampen naturreservat bør det vurderast å flytte vernegrensa langs Bøvertunvatnet noko lenger unna R V55, slik at det blir rom for nødvendig vegutviding og rassikring for ein eventuell framtidig heilårsveg. Lom kommune er av den oppfatning at alle setrer innanfor vernegrensene bør ligge i landskapsverneområde, ikkje i nasjonalparken. Forvaltningsmodell: Gjennom verneplanprosessen er det skapt klare forventningar om at del vil bli etablert ei lokal forvaltning av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde. Lom kommune krev derfor at dette blir fylgd opp i vernevedtaket. Postadresse Besøksadresse Telefon Bank Midtgard Midtgard 61217300 2085.07.00010 2686 Lom Telefaks Org.nr E-post : post i lom.kommune.no www.lom.kommune.no 61217301 959377677

Side 2 av 2 Økonomiske kompensasjon: Det er heilt nødvendig at oppretting av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde blir fylgd opp med nok ressursar til vidare forvaltning, oppsyn og tilrettelegging. Vidare må kommunane få økonomisk kompensasjon for reduserte mogelegheiter til næringsutvikling i dei områda som no blir bandlagt på grunn av arealvern. Lom kommune vil derfor krevje slik kompensasjon gjennom auka overføringar, alternativt at staten opprettar eit nærings-/ utviklingsfond i kvar kommune for å avhjelpe dette. Kostnadene til gjennomføring og drift av forvaltninga for verneområda må dekkast av staten. Lom kommune krev at staten finansierer opprusting av Høydalsvegenfrå RV 55 ved Bøvertjønnen til Nordre Høydalen til nødvendig teknisk standardfor å ta i mot forventa trafikkauke som følgje av vernevedtaket. Vidare ber kommunen om at det blir gjennomført ei undersøking av tilgjengelege grusressursar for framtidig vedlikehald av Høydalsvegen, og at det blir gjeve tilskot til transport. Lom kommune ber om at verneforskrifta for Høydalen landskapsvernområde blir endra slik at det kan gjevast løyve til nybygg knytt til drifta av Høydalsseter turisthytte. Lom kommune meiner at samordning av informasjon om dei ulike verneområda i regionen må sikrast ved at dei etablerte nasjonalparksentra får ein sentral plass i dette arbeidet. Skisse til forvaltningsplan: Lom kommune ser på utkastet som eit godt grunnlag for vidare arbeid med forvaltningsplanen. Kommunen vil kome tilbake med innspel i prosessen fram mot ein ferdig forvaltningsplan. Med helsing Sander Sælthun Vedlegg: Saksutgreiing frå Lom kommune med politisk behandling og 2 kartvedlegg

Miljø, Teknisk, Næring Arkivsak: 2006/1022-55 Arkiv: K12 Saksbehandlar : Sander Sælthun Dato: 09.02.2009 Saksframlegg Utv.saksnr i Utvalg 9/2009 Formannskap 8/2009 1 Kommunestyret Motedato 17.02.2009 04.03.2009 Høyringsframlegg for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande landskapsvernområde og naturreservat 1 I Verneplan Breheimen 2 I Innspel til melding om oppstart av planarbeid etter naturvernlova for Breheimen - Mørkridsdalen (kopi av brev til Fylkesmannen i Oppland) Magne M. Røhr m.fl. Høydalsseter 3 I Verneplan Breheimen Sigurd Eggen 4 I VS: Uttale verneplan Breheimen-Mørkridsdalen Sigurd Eggen 5 I Verneplan Breheimen - innspel til oppstartmelding - AcosWebsak skaspapir frå ACOSWEBSAK 6 S Verneplan Breheimen 7 I høyring av melding om oppretting av verneområde Breheimen - Mørkisdalen 8 I Verneplan Breheimen. Innspel til arbeidet med oppstarting av verneplanen 9 I Kommentarer til arbeid med framlegg til verneplan for området betegnet Breheimen - Mørkridsdalen 10 U Verneplan Breheimen - innspel frå Lom kommunestyre 11 I Referat førebuande møte 21. juni Breheimen- Mørkridsdalen 12 I Utgreiing av vern i Breheimen- Mørkridsdalen 13 S Verneplan Breheimen - representasjon og mandat for referansegruppe 14 U Breheimen 15 I VS: Referat frå møte i Skjåk 11.08.06 16 U Breheimen 17 U Verneplan Breheimen - representasjon og mandat for referansegruppe 18 U Verneplan Breheimen - invitasjon til møe i referansegruppa 23. oktober 19 U Verneplan Breheimen - dokument til møte i referansegruppa 20 U Verneplan Breheimen - referat frå møte i referansegruppa 23.10.06 21 I Invitasjon til møte 23. oktober og oppnemning av representant til referansegrupper fodr verneplan Breheimen 22 1 Verneplan for Breheimen /Mørkridsdalen - Utsending Skjåk kommune Lom Fjellstyre Bøvertjønnin Hytteforening v/ola Toftemo Fylkesmannen i Oppland - Miljøvernavdelinga Fylkesmannen i Oppland og Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Oppland, Miljøvernavdelinga Bjørgen, Simen Dalen, Bjørn Fylkesmann Kristin Hille Valla Fylkesmannen i Oppland Adresseliste Adresseliste Adresseliste Loom fjellstyre Fylkesmannen i Oppland,

av fagrapport om Reiseliv / friluftsliv 23 U Verneplan Breheimen - innkalling til møte i referansegruppa 6. februar 24 U Verneplan Breheimen - referat frå møte i referansegruppa 06.02.07 25 I Forslag til konsekvensutgreiingsprogram for Breheimen-Mørkridsdalen 26 I Fastsett utgreiingsprogram. Verneplan for Breheimen- Mørkridsdalen 27 I Utgreiingsprogrammet for Breheimen-Mørkridsdalen er fastsett 28 U Verneplan Breheimen - innkalling til møte i referansegruppa 14.mai 2007 29 S Verneplan Breheimen - innspel frå referansegruppa om utviding av utgreiingsområdet 30 U Verneplan Breheimen - referat frå møte i referansegruppa 14.05.07 31 I møteref utkast.doc 32 U Verneplan Breheimen - innspel frå referansegruppa om utviding av utgreiingsområdet 33 I Kommentar til fagrapport om Geologi / Grotter og Karst i Breheimen 34 I Ad. Verneplanprosess og arbeid i referansegruppe for Breheimen - Mørkridsdaleni 35 I Utgreiingsområdet Breheimen - Lom 36 U Utgreiingsområdet Breheimen - Lom 37 I Justering av utgreiingsområde for vern i Breheimen- Mørkridsdalen. 38 U Breheimen - innkalling til møte i referansegruppa 19.11.2007 39 U Referat møte i referansegruppa 19.11.2007 40 I Verneplan Breheimen - kartlegging av friluftsområder i Lom 41 I Verneplan Breheimen - kartlegging av friluftsområder i Lom (2) 42 I Breheimen - kartlegging av friluftsområder i Lom (3) 43 U Breheimen - friluftsområder, merknader 44 U Innkalling til møte i referansegruppa for Breheimen 23.04.2008 45 I Referat frå Samrådingsutvalget for Breheimen 46 U Referat frå møte i referansegruppa for Breheimen 23.04.08 47 U Referat frå møte i referansegruppa 17.10.2008 48 U Referansegruppa for verneplan Breheimen - innkalling til nytt møte 27.10.2008. Referat frå møte 18.10.2008. 49 I Dumdalsgrottene - kommentar til verneforslag 50 U Referat frå møte i referansegruppa for Lom 27.10.2008 51 I Breheimen nasjonalpark med tilgrensande landskapsvernområde og naturreservat. Høyring av verneframlegg og konsekvensutgreiing Miljøvernavdelinga Adresseliste Adresseliste Fylkesmannen i Oppland, Miljøvernavdelinga Direktoratet for naturforvaltning Fylkesmannen i Oppland, Miljøvernavdelinga Ola Magnar Hoft m.fl. Adresseliste Karlsen, Jørn Referansegruppa i Lom Tom Ording Dahl Naturvernforbundet i Lom og Skjåk Jørn Karlsen Jørn Karlsen Statens Vegvesen.Region øst. Lom fjellstyre m.fl. Adresseliste NINA v/ Kirstin Fangel NINA v/ Kirstin Fangel NINA v/ Kirstin Fangel Sælthun, Sander Lom fjellstyre v/ Harald Onsum Berg m.fl. Dalen, Bjørn Lom Fjellstyre v/ Harald Onsum Berg m.fl. Lomseggen sameige v/ Ola Magnar Hoft m.fl. Stein-Erik Lauritzen, Universitetet i Bergen Fylkesmannen i Oppland m.fl.

52 I SV: Breheimen - Møte i felles kontaktutval i februar Dybwad Tom 2009: 17.-18.02. 53 1 Referat frå møte i Samrådingsutvalget for Breheimen. Dalen, Bjørn 54 U Opent møte om framlegget til verneplan for Medlemmer i referansegruppa - Breheimen - Bøverdalen samfunnshus 09.02.2009 verneplan Breheimen 55 S Høyringsframlegg for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande landskapsvernområde og naturreservat 56 1 Rettingar i verneframlegget for Breheimen 2 Alternativ vernegrense Storhøe/ Bakkebergsfjellet - kart 3 Alternative vernegrenser Lomseggen - kart Saksutgreiing Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane varsla oppstart av verneplanarbeidet for Breheimen - Mørkridsdalen i november 2005. Oppstartsmeldinga vart behandla i Lom kommunestyre 06.04.2006, og innspel til planarbeidet vart oversendt fylkesmannen. Området verneplanen omfattar går over tre kommunar: Skjåk, Lom og Luster. Tre referansegrupper, ei i kvar kommune, har medverka i verneplanprosessen. Referansegruppa i Lom har vore samansett av representantar frå Lom Bondelag, Lom Bonde- og småbrukarlag, Lom fjellstyre, Lom tamreinlag, Norsk fjellmuseum, Jotunheimen reiseliv, Lom og Skjåk naturvernforbund, Lomseggen sameige, setereigarane i Høydalen, ordføraren og plan- og miljøvernrådgjevaren. Referansegruppa har hittil hatt 7 møter. Dei tre kommunane har også delteke i eit felles kontaktutval og samrådingsutval, samansett av ordførar og ein representant for grunneigarinteressene frå kvar kommune. Framlegg til verneplan for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde vart lagt ut til offentleg høyring i desember 2008 med høyringsfrist 25.02.2009, 10.03.09 for kommunane. Framlegget omfattar verneforskrifter for kvart verneområde, kart med avgrensing av verneområda og ei skisse til forvaltningsplan. Konsekvensutgreiingar for 13 deltema (utsendt tidlegare) ligg til grunn for verneplanen - også konsekvensutgreiingane er til høyring. Dei enkelte verneområda: Verneplanen omfattar totalt 1796 km2 15%iLom 31 % i Luster 54%i Skjåk 72% av arealet som blir omfatta av verneplanen er privat grunn, 28 % er statleg grunn. Forslaget omfattar følgjande verneområde: Breheimen nasjonalpark Vigdalen landskapsvernområde Mørkridsdalen landskapsvernområde Strynefjellet landskapsvernområde Høydalen landskapsvernområde Høyrokampen naturreservat Røykjelskålsvatnet naturreservat Mysubytta landskapsvernområde 1707 km2 (14,6 % i Lom, Luster 30.1 %, Skjåk 55,3 %) 29,4 km2 (Luster) 14,3 km2 (Luster) 11,8 km2 (Skjåk) 11,1 km2 (Lom) 9,9 km2 (Lom) 7,5 km2 (Skjåk) 5,6 km2 (Skjåk)

I planprosessen har det også blitt utgreidd eit alternativ utan naturreservat og med færre landskapsvernområde, og eit alternativ med heile området som landskapsvernområde. Dei utgreidde alternativa er i samsvar med Lom kommune sitt innspel til oppstartsmeldinga. Vurdering Namn på verneområda: Administrasjonssjefen støttar namneforslaga i høyringsframlegget. "Breheimen nasjonalpark" er å føretrekkje framfor eit samansett namn. Dette er i samsvar med tidlegare innspel frå kommunen. Avgrensing av verneområda - Breheimen nasjonalpark: Generelt er dei tre kommunane samde i at alle setrer innanfor vernegrensene bør ligge i landskapsvernområde, ikkje i nasjonalparken. Dette er ivareteke innanfor Lom kommune, da alle setrer som blir omfatta av verneplanen ligg i Høydalen landskapsvernområde. Arbeidsgrensa for Breheimen vart utvida mot Sognefjellsvegen etter innspel frå referansegruppa og kommunestyret i Lom (vedtak 31.05.07), slik at nasjonalparken no omfattar Krosshø-området. Det er først og fremst to område der avgrensinga av Breheimen Nasjonalpark har skapt debatt i referansegruppa i Lom: Bakkebergfjellet/ Storhøe I dette området lanserte Per Tore Berg planar om alpinanlegg for nokre år tilbake. Lom kommunestyre bad i sin merknad ved oppstart av verneplanarbeidet om at Bakkebergfjellet og Storhøe måtte haldast utanfor verneområdet. Dette av omsyn til mogelegheiter for framtidig næringsutvikling i eit elles næringssvakt område. Det vart sett fram forslag om at vernegrensa skulle trekkjast innover fjellet langs almenningsgrensa aust for Netosætrin, innafor Bakkebergsfjellet/ Storhøe og ut att til grensa mellom Lomseggen sameige og privatteigane på sørsida av Bordvassvegen. Dei nemnde planane om alpinanlegg på denne sida av Bøverdalen er seinare lagt på is. Lomseggen sameige har likevel bede om at området må haldast utanfor nasjonalparken, med tanke på framtidig næringsutvikling i Bøverdalen. I samband med utgreiingsarbeidet for verneplanen er det dokumentert spesielle verneverdiar i dette området, mellom anna ein kalkrik botanisk lokalitet på nordvestsida av Storhø, klassifisert som svært viktig. Dette er rekna som eit av dei mest artsrike fjellpartia i regionen. Området Runningsfjellet - Stordalen er verdsett som svært viktig viltområde, med funn av to raudlisteartar. Mesteparten av området vil ligge innanfor nasjonalparken også etter den alternative avgrensinga, men søre del vil koma utanfor vernegrensa. Nordre Kutjønni er verdsatt som lokalt viktig hekkeområde for andefugl. Større inngrep/ tiltak i dette området vil gje ein vesentleg reduksjon av INON-området (inngrepsfrie naturområde) i Breheimen-regionen. Området ligg også sentralt i Lom tamreinlag sitt vinterbeite. Administrasjonssjefen si totalvurdering er at vernegrensa bør følgje høyringsframlegget. Lomseg ei n/ ggj spiken: I framlegget følgjer vernegrensa for austre del av nasjonalparken for det meste grensa mellom Lomseggen sameige og skogteigane nedanfor. Over ei strekning på om lag 3,0 km rundt Eggjapiken er vernegrensa trekt lenger ned i privatteigane. På det lågaste punktet går grensa om lag på 775 m.o.h., dvs. ned i det øvre skogbandet, men berre i lite omfang ned i den produktive skogen. Til saman er det 14 privatteigar som blir omfatta av verneframlegget her, G.nr. 70 b.nr. 1 Lom Prestegard får størst areal innanfor nasjonalparkgrensa, om lag 180 dekar. Dei andre privatteigane får frå ca 2 til ca 125 dekar innanfor grensa. Grunngjevinga for å trekkje grensa så pass langt ned her er todelt, delvis for å få ein større del av Lomseggen som landskapselement med i nasjonalparken, og delvis for at nasjonalparken skal få større nærleik og tilknyting til Fossbergom/ Lom sentrum.

Slik vernegrensa er trekt i området rundt Eggjapiken vil framlegget ha som konsekvens at ein gondolbanetrase frå RV 15 ved NordreVike/ Nissegarden mot Eggjapiken ikkje kan realiserast. Frå grunneigarhald er det reist krav om at privatteigane må haldast utanfor nasjonalparken, og at vernegrensa bør følgje sameigegrensa. Dette vil likevel ikkje gjere det mogeleg å gjennomføre gondolbaneplanane, vernegrensa må i så fall trekkast ein god del høgare opp mot Eggjapiken. Administrasjonssjefen si vurdering er at ein kan sjå for seg 3 mogelege alternativ for korleis vernegrensa skal trekkjast rundt fremste Eggjapiken ( 1289 moh). 1. Slik det går fram av høyringsframlegget 2. Justering av vernegrensa slik at den fylgjer grensa mellom Lomseggen sameige og dei private teigane, dermed vil vernegrensa ligge på 960-1120 moh. i dette området. 3. Justering av vernegrensa slik at gondolbane mot Eggjapiken kan realiserast slik den er skissert. Vernegrensa må i så fall flyttast slik at den vil krysse ryggen mot Eggjapiken på ca 1300 moh. eller høgare. Alternativ 3 ovanfor vil vere mest konfliktfylt, vernegrensa må flyttast minimum 1,25 km vestover samanlikna med framlegget. Ei realisering av gondolbana slik som det har vore skissert vil flytte grensa for inngrepsfrie naturområde sone 2 (område 1-3 km frå tyngre tekniske inngrep) ca 1 km. I eit rapport som NGI har utarbeidd på oppdrag frå Lom kommune går det fram at mesteparten av gondolbanetraseen ligg innanfor risikosone der faren for skred er større enn 1/1000 pr. år. Dette medfører at det må setjast strenge krav til dimensjonering av master og endestasjon for eit gondolbaneanlegg, og for rutinar omkring stenging av anlegget under vertilhøve som medfører rasfare. Ei grundigare vurdering av skredrisikoen må gjennomførast før arbeidet med ei gondolbane kan setjast i gang. Med utgangspunkt i den usikkerheit som dermed eksisterer omkring ei realisering av gondolbaneprosjektet finn administrasjonssjefen det vanskeleg å gå inn for alternativ 3 ovanfor. Når det gjeld alternativ 1 og 2 ovanfor er det administrasjonssjefen sitt syn at alternativ 1 gjev fordeler for marknadsføringa av reiselivet i Lom/ Fossbergom. Nærleik til nasjonalparken kan vere ein måte å bygge opp under og styrke Lom sin status som nasjonalparklandsby. Lom kommune har gjennom nasjonalt pilotnettverk med dei 4 andre nasjonalparklandsbyane gått i front for å utvikle dette konseptet som ei drivkraft for berekraftig samfunns- og distriktsutvikling i tilknyting til nasjonalparkar og andre verneområde. Sannsynlegvis er derfor fordelane ved alternativ 1 større enn dei ulempene det medfører for grunneigarane å få øvre del av skogteigane inn i nasjonalparken. Dette først og fremst fordi areala det er snakk om må reknast som marginale for skogbruk og anna næringsmessig utnytting. I den grad bandlegginga av privat grunn innanfor verneområdet medfører økonomiske ulemper for grunneigarane må ein forvente at det blir gjeve økonomisk kompensasjon for dette. Høydalen landskapsvernområde: Framlegget til vernegrense for Høydalen landskapsvernområde har vore justert i området ved Vassenden etter drøftingar i referansegruppa. Det har nyleg kome eit innspel frå Luster om framtidig heilårsveg i tunnel mellom Fortunsdalen og Bøverdalen, der Høydalen har vore trekt fram som alternativ for tunnelinnslag på austsida. Etter administrasjonssjefen sitt syn er ikkj e dette eit realistisk alternativ - både på grunn av at ein riksveg gjennom Høydalen ikkje kan foreinast med verneverdiane i området, og på grunn av dei vegtekniske utfordringane det vil medføre. Sjå elles det som er skrive om dette spørsmålet under Høyrokampen naturreservat nedanfor.

Høyrokampen naturreservat: Slik vernegrensa er trekt i høyringsframlegget, vil ingen hytter bli liggande innanfor naturreservatet. Fleire hytter på nordsida av Bøvertjønnin vil bli liggande svært nær vernegrensa, og med verna areal på to og opptil tre sider av hytta, med dei ulemper som dette kan ha. Bakgrunnen for dette er at viktige botaniske verneverdiar (Aursundløvetannen) ligg ned mot Bøvertjønnin, meir eller mindre inne i hyttefeltet. Etter administrasjonssjefen sitt syn er det gjennom avgrensinga av verneområdet og utforming av verneforskrifta gjort dei tillempingar som er nødvendig for å ivareta interessene til hytteigarane på ein tilfredstillande måte. Fortetting eller utviding av hyttefeltet på nordsida av Bøvertjønnin vil ikkje kunne gjennomførast dersom høyringsframlegget blir vedteke. Frå Naturvernforbundet i Lom og Skjåk og frå det nasjonale fagmiljøet knytt til grotter er det reist krav om at Høyrokampen naturreservat må utvidast vestover slik at grottene i Dumdalen blir liggande innanfor. Grunngjevinga for dette er at berre den strengaste verneforma - naturreservat - vil gje godt nok vern for desse grottene, som er eineståande i Sør-Noreg. I høyringsframlegget ligg grottene i nasjonalparken, ikkje i naturreservatet. Bakgrunnen for dette er i følgje fylkesmennene at vern som nasjonalpark vil gje eit godt nok vern i høve til formålet. Utviding av naturreservatet vestover vil i tillegg gje ei dårlegare arrondering av nasjonalparken. Administrasjonssjefen støttar fylkesmennene på dette punktet. Luster kommune har lansert ideen om ein framtidig heilårsveg i tunnel mellom Fortunsdalen og Bøverdalen. Etter administrasjonssjefen sitt syn er Bøvertun-området det mest aktuelle som endepunkt for tunnelen mot aust. Eit slik vegprosjekt vil ganske sikkert gjere det nødvendig med omfattande rassikring langs Bøvertunvatnet. Slik vernegrensa er trekt i framlegget - 15 m frå midtlina på RV55 - kan det vanskeleggjere nødvendige tiltak som rasoverbygg m.m. Ein er kjent med at det finst store botaniske verneverdiar nær inn til vegtrassen. Det bør likevel vurderast om ikkje vernegrensa for deler av strekninga langs vatnet kan trekkjast noko lenger unna vegen med tanke på framtidig vegutviding og rassikring, eller at det gjennom verneforskrifta blir opna for slike tiltak innanfor vernegrensa. Verneforskriftene Framlegg til verneforskrifter har vore drøfta i referansegruppene i fleire omgangar. Etter administrasjonssjefen sitt syn har forskriftene for det enkelte verneområde i hovudsak fått ei utforming som tek vare på landbruksnæringa og lokalsamfunnet sine interesser. Av justeringar som er gjort i løpet av prosessen kan nemnast at det i framlegget no er opna for oppføring av nødvendige tilsynsbuer for beitebruken i nasjonalparken. Lom kommune vil likevel peike på at verneforskrifta for Høydalen landskapsvernområde ikkje opnar for uttak av grus til vedlikehald av Høydalsvegen. Alt tyder på at mangel på grusressursar blir eit problem som vil medføre ekstra kostnader for setereigarane. Samtidig kan ein forvente at biltrafikken inn i Høydalen aukar som følgje av vernet, sidan Høydalen/ Høydalsseter vil vere ein naturleg innfallsport mot Breheimen nasjonalpark. Lom kommune vil derfor be om at det det blir gjennomført ei utvida undersøking av tilgjengelege grusressursar for bruk på Høydalsvegen, slik som også Fylkesmannen i Oppland har signalisert. Vidare bør verneforskrifta for Høydalen landskapsvernområde opne for nødvendig utvikling av eksisterande turistbedrifter i området, dvs. Høydalsseter. Slik framlegget til forskrift er utforma kan løyve til oppføring av bygningar berre gjevast for jordbruksformål og tamreinsdrift. Dette må endrast slik at det kan gjevast løyve til nybygg knytt til drift av Høydalsseter turishytte.

Forvaltningsmodell Høyringsframlegget går i liten grad inn på framtidig organisering av forvaltninga for verneområda. Det går likevel fram at forvaltningsmodellen truleg vil bli avgjort samtidig med vernevedtaket. Fylkesmennene held vidare fram at det er viktig å halde fram med den gode dialogen mellom lokalt og regionalt statleg nivå, og at det uavhengig av forvaltningsmodell bør bli oppretta rådgjevande tilsynsutval (som i Jotunheimen). Gjennom verneplanprosessen er det skapt klare forventningar om lokal forvaltning av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde. Kravet om lokal forvaltning har heile tida stått sentralt i planprosessen i alle tre kommunane, og ligg som ein føresetnad for det gode samarbeidsklimaet som har prega verneplanarbeidet. Konsekvensutgreiinga om framtidig forvaltning viser også at det finst ei klar formeining blant innbyggjarane i dei tre kommunane om at lokal forvaltning vil vere ein fordel. Utfordringa blir å finne fram til den modellen som best mogeleg greier å ta vare på både lokale og nasjonale interesser, og leggje til rette for ei heilskapleg forvaltning av verneområda. DN er som kjent negativ til lokal forvaltning av verneområde i si evaluering av ulike forvaltningsmodellar (tilråding til Landbruksdepartementet 28.10.2008), og går i staden inn for ein modell med statleg tilsette nasjonalparkforvaltarar. Fylkesmannen i Oppland har i dei opne informasjonsmøta signalisert at ein vil gå inn for lokal forvaltning med utgangspunkt i ein modell der forvaltningsmynde er lagt til eit interkommunalt samarbeidsorgan (dvs. etter modell av "Dovrefjellrådet"). Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har på generelt grunnlag tilrådd ein slik forvaltningsmodell i felles formannskapsmøte 28.11.2008. Etter forvaltningsmodellen for Dovrefjell - Sunndalsfjella Nasjonalpark har kvar enkelt kommune forvaltningsmynde for dei tilgrensande landskapsvernområda. Det interkommunale organet har forvaltningsmynde for nasjonalparken, og i tillegg eit overordna ansvar for samordning av kommunane si forvaltning av landskapsvernområda. I samarbeidsutvalet for Breheimen er det fleirtal blant kommunane for ein forvaltingsmodell der kommunane sjølve har forvaltningsmynde for sin del av verneområdet, og med eit rådgjevande samarbeidsorgan som skal samordnande forvaltninga mellom kommunane (etter same modell som forvaltninga av Reinheimen). Grunneigarinteressene må vere representert i samarbeidsorganet. Erstatning Breheimen nasjonalpark, Høydalen landskapsvernområde og Høyrokampen naturreservat utgjer 13,7 % av totalarealet til Lom kommune. Når denne verneplanen er vedteken vil 60 % av arealet i kommunen vere underlagt vern etter naturvernlova - for Skjåk kommune om lag 75 %. Vidare er Bøvre verna mot kraftutbygging, og Bøverdalen er nasjonalt verdifullt kulturlandskap. Dette gjer at handlingsrommet for ny næringsetablering blir avgrensa. Hittil har statlege ressursar til forvaltning og tilrettelegging i verneområda vore avgrensa. Det må derfor vera eit krav ved oppretting av nye verneområde at vernet vert fylgd opp med nødvendige ressursar til vidare forvaltning. I tillegg må lokalsamfunn som får reduserte mogelegheiter til næringsutvikling få økonomisk kompensasjon for dette. Lom kommune har tidlegare gått inn for at det blir utløyst ekstra overføringar i inntektsgrunnlaget for kommunar med mykje verna areal. Alternativt vil kommunen krevje at det vert oppretta eit nærings-/ utviklingsfond for å avhjelpe dei ulempene som bandlegging av areal i dei nye verneområda medfører. I den grad bandlegginga av privat grunn innafor verneområdet medfører økonomiske ulemper for den enkelte grunneigar må ein forvente at det blir gjeve økonomisk kompensasjon for dette. Ny erstatningsordning for rettshavarar og grunneigarar som kan få økonomiske tap på grunn av arealvern vil sannsynlegvis bli klarlagt gjennom ny lov om naturmangfald, som skal erstatte gjeldande naturvernlov. Lova vil truleg bli behandla av Stortinget i løpet av 2009, men

departementet har gjort det klart at eventuelle nye erstatningsordningar som blir innført vil gjelde for verneområda i Breheimen (alle verneområde med frist for å krevje erstatning etter 01.01.2002). Når ein modell for lokal forvaltning av verneområda er etablert må staten dekke kostnadene som ordninga medfører, slik det blir gjort i Reinheimen. Informasjon Informasjon til brukarane av verneområda må stå sentralt i det vidare arbeid med forvaltning etter vernevedtaket. Administrasjonssjefen støttar dei vurderingane som fylkesmennene har gjort på dette punktet. Dei etablerte nasjonalparksentra må få ein sentral plass i dette arbeidet, gjerne i samarbeid med andre naturlege informasjonspunkt rundt Breheimen. Slik kan ein sikre at informasjon om dei ulike verneområde i regionen blir samordna. Innstilling frå administrasjonssjefen: Namn på verneområda: Lom kommune støttar dei framlegg til namn som går fram av høyringsframlegget, med "Breheimen" som namn på den sentrale nasjonalparken. Avgrensing av verneområda: Lom kommune støttar framlegget til vernegrensene for Breheimen nasjonalpark og for Høydalen landskapsvernområde slik det går fram av høyringsforslaget. For Høyrokampen naturreservat bør det vurderast å flytte vernegrensa langs Bøvertunvatnet noko lenger unna RV55, slik at det blir rom for nødvendig vegutviding og rassikring for ein eventuell framtidig heilårsveg. Lom kommune er av den oppfatning at alle setrer innanfor vernegrensene bør ligge i landskapsvernområde, ikkje i nasjonalparken. Forvaltningsmodell: Gjennom verneplanprosessen er det skapt klare forventningar om at det vil bli etablert ei lokal forvaltning av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde. Lom kommune krev derfor at dette blir fylgd opp i vernevedtaket. Økonomiske kompensasjon: Det er heilt nødvendig at oppretting av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde blir fylgd opp med nok ressursar til vidare forvaltning, oppsyn og tilrettelegging. Vidare må kommunane få økonomisk kompensasjon for reduserte mogelegheiter til næringsutvikling i dei områda som no blir bandlagt på grunn av arealvern. Lom kommune vil derfor krevje slik kompensasjon gjennom auka overføringar, alternativt at staten opprettar eit nærings-/ utviklingsfond i kvar kommune for å avhjelpe dette. Kostnadene til gjennomføring og drift av forvaltninga for verneområda må dekkast av staten. Lom kommune ber om at det blir gjennomført ei utvida undersøking av tilgjengelege grusressursar for vedlikehald av Høydalsvegen. Lom kommune ber om at verneforskrifta for Høydalen landskapsvernområde blir endra slik at det kan gjevast løyve til nybygg knytt til drifta av Høydalsseter turisthytte. Lom kommune meiner at samordning av informasjon om dei ulike verneområda i regionen må sikrast ved at dei etablerte nasjonalparksentra får ein sentral plass i dette arbeidet. Skisse til forvaltningsplan: Lom kommune ser på utkastet som eit godt grunnlag for vidare arbeid med forvaltningsplanen. Kommunen vil kome tilbake med innspel i prosessen fram mot ein ferdig forvaltningsplan.

Saksprotokoll i Formannskap - 17.02.2009 Behandling Forslag frå Senterpartiet: Nytt kulepunkt 2 - Avgrensing av verneområdet Lom kommune støttar framlegget til vernegrgensene for Breheimen nasjonalpark og for Høydalen landskapsvernområde slik det går fram av høyringsforslaget, med følgjande endring. Grensa skal innskrenkast ved at den følgjer almenningsgrensa aust for Netosætrin og opp til knekkpunkt på Runningsfjellet. Herifrå i rett line mot Eirikhøe (1461 m.o.h.) vidare mot knekkpunkt på grense mellom Lomseggen sameige og privatskog sør for Bordvassvegen og deretter framover fjellet mot Fossbergom slik det er skissert i høyringsframlegget. For Høyrokampen naturreservat bør det vurderast å flytte vernegrensa langs Bøvertunvatnet noko lenger unna RV55, slik at det blir rom for nødvendig vegutviding og rassikring for ein eventuell framtidig heilårsveg. Lom kommune er av den oppfatning at alle setrer innanfor vernegrensene bør ligge i landskapsverneområde, ikkje i nasjonalparken. Forslag frå Odd Arne Kroken: Nytt kulepunkt 2 - Avgrensing av verneområde Som forslaget frå Senterpartiet med slik tillegg: Vernegrensa blir flytta slik at den vil krysse ryggen mot Eggjapiken som vist på alternativ 3. Forslag frå Mai Bakken. Som alternativ 2 i saksutgreiinga med grense sammanfallande med Lomseggen sameige grense. Votering vart gjort kulepunkt for kulepunkt. Pkt 1 - samrøystes Pkt 2 Alternativ votering mellom forslaget frå administrasjonssjefen og forslaget frå Senterpartiet, fekk forslaget frå Senterpartiet tre røyster. To røysta for forslaget frå administrasjonssjefen. Til pkt 2 vedr. avgrensing av verneområde Det vart halde skriftleg avstemming med slik resultat: Administrasjonssjefens framlegg, alternativ 1-1 røyst Framlegget frå Mai Bekken, alternativ 2-1 røyst Framlegg frå Odd Kroken, alternativ 3-3 røyster. Framlegget frå Odd Arne Kroken vart vedtatt med 3 røyster. 2 røyster for andre framlegg. Kulepunkt 3-8. - Samrøystes vedtatt.

Forslag frå formannskapet: Namn på verneområda: Lom kommune støttar dei framlegg til namn som går fram av høyringsframlegget, med "Breheimen" som namn på den sentrale nasjonalparken. Lom kommune støttar framlegget til vernegrgensene for Breheimen nasjonalpark og for Høydalen landskapsvernområde slik det går fram av høyringsforslaget, med følgjande endring. Grensa skal innskrenkast ved at den følgjer almenningsgrensa aust for Netosætrin og opp til knekkpunkt på Runningsfjellet. Herifrå i rett line mot Eirikhøe (1461 m.o.h.) vidare mot knekkpunkt på grense mellom Lomseggen sameige og privatskog sør for Bordvassvegen og deretter framover fjellet mot Fossbergom slik det er skissert i høyringsframlegget. Vernegrensa blir flytta slik at den vil krysse ryggen mot Eggjapiken som vist på alternativ 3 i saksutgreiinga. For Høyrokampen naturreservat bør det vurderast å flytte vernegrensa langs Bøvertunvatnet noko lenger unna RV55, slik at det blir rom for nødvendig vegutviding og rassikring for ein eventuell framtidig heilårsveg. Lom kommune er av den oppfatning at alle setrer innanfor vernegrensene bør ligge i landskapsverneområde, ikkje i nasjonalparken. Forvaltningsmodell: Gjennom verneplanprosessen er det skapt klare forventningar om at det vil bli etablert ei lokal forvaltning av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde. Lom kommune krev derfor at dette blir fylgd opp i vernevedtaket. Økonomiske kompensasjon: Det er heilt nødvendig at oppretting av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde blir fylgd opp med nok ressursar til vidare forvaltning, oppsyn og tilrettelegging. Vidare må kommunane få økonomisk kompensasjon for reduserte mogelegheiter til næringsutvikling i dei områda som no blir bandlagt på grunn av arealvern. Lom kommune vil derfor krevje slik kompensasjon gjennom auka overføringar, alternativt at staten opprettar eit nærings-/ utviklingsfond i kvar kommune for å avhjelpe dette. Kostnadene til gjennomføring og drift av forvaltninga for verneområda må dekkast av staten. Lom kommune ber om at det blir gjennomført ei utvida undersøking av tilgjengelege grusressursar for vedlikehald av Høydalsvegen. Lom kommune ber om at verneforskrifta for Høydalen landskapsvernområde blir endra slik at det kan gjevast løyve til nybygg knytt til drifta av Høydalsseter turisthytte. Lom kommune meiner at samordning av informasjon om dei ulike verneområda i regionen må sikrast ved at dei etablerte nasjonalparksentra får ein sentral plass i dette arbeidet. Skisse til forvaltningsplan: Lom kommune ser på utkastet som eit godt grunnlag for vidare arbeid med forvaltningsplanen. Kommunen vil kome tilbake med innspel i prosessen fram mot ein ferdig forvaltningsplan. Saksprotokoll i Kommunestyret - 04.03.2009

Behandling Saksbehandlar Sander Sælthun kom til møtet for å svare på evt. spørsmål. Forslag frå Arbeiderpartiet v/harald Onsum Berg: Som innstillinga frå administrasjonssjefen Forslag frå Bygdalista v/per Bådshaug: Som innstillinga frå administrasjonssjefen, med slik tillegg: Punkt om vernegrense: Lom kommune støttar framlegget til vernegrense for Breheimen Nasjonalpark og for Høydalen landskapsvernområde slik det går fram av høyringsforslaget med følgjande endring: Vernegrensa ved Eggjapiken, Lomseggen blir flytta til alternativ 2 i saksutgreiinga med grense samanfallande med Lomseggen sameige grense. Framlegg frå Senterpartiet v/simen Bjørgen: Lom kommune krev at staten finansierer opprusting av Høydalsvegen frå RV 55 ved Bøvertjønnen til Nordre Høydalen til nødvendig teknisk standard for å ta i mot forventa trafikkauke som følgje av vernevedtaket. Vidare ber kommunen om at det blir gjennomført ei undersøkjing av tilgjengelege grusressursar for framtidig vedlikehald av Høydalsvegen, og at det blir gjeve tilskot til transport. Først vart det votert over framlegget frå Senterpartiet vedr. Høydalsvegen. Forslaget vart samrøystes vedtatt. Deretter vart det votert mellom framlegget frå Arbeiderpartiet og forslaget frå formannskapet. Fem røysta for forslaget frå Arbeiderpartiet. Tolv røysta for forslaget frå formannskapet. Til slutt vart det votert over framlegget frå Bygdalista. Tre røysta for framlegget frå Bygdalista. Forslaget fell. Vedtak Namn på verneområda: Lom kommune støttar dei framlegg til namn som går fram av høyringsframlegget, med "Breheimen" som namn på den sentrale nasjonalparken. Lom kommune støttar framlegget til vernegrgensene for Breheimen nasjonalpark og for Høydalen landskapsvernområde slik det går fram av høyringsforslaget, med følgjande endring. Grensa skal innskrenkast ved at den følgjer almenningsgrensa aust for Netosætrin og opp til knekkpunkt på Runningsfjellet. Herifrå i rett line mot Eirikhøe (1461 m.o.h.) vidare mot knekkpunkt på grense mellom Lomseggen sameige og privatskog sør for Bordvassvegen og deretter framover fjellet mot Fossbergom slik det er skissert i høyringsframlegget. Vernegrensa blir flytta slik at den vil krysse ryggen mot Eggjapiken som vist på alternativ 3 i saksutgreiinga. For Høyrokampen naturreservat bør det vurderast å flytte vernegrensa langs Bøvertunvatnet noko lenger unna RV55, slik at det blir rom for nødvendig vegutviding og rassikring for ein eventuell framtidig heilårsveg.

Lom kommune er av den oppfatning at alle setrer innanfor vernegrensene bør ligge i landskapsvemeområde, ikkj e i nasjonalparken. Forvaltningsmodell: Gjennom verneplanprosessen er det skapt klare forventningar om at det vil bli etablert ei lokal forvaltning av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde. Lom kommune krev derfor at dette blir fylgd opp i vernevedtaket. Økonomiske kompensasjon: Det er heilt nødvendig at oppretting av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde blir fylgd opp med nok ressursar til vidare forvaltning, oppsyn og tilrettelegging. Vidare må kommunane få økonomisk kompensasjon for reduserte mogelegheiter til næringsutvikling i dei områda som no blir bandlagt på grunn av arealvern. Lom kommune vil derfor krevje slik kompensasjon gjennom auka overføringar, alternativt at staten opprettar eit nærings-/ utviklingsfond i kvar kommune for å avhjelpe dette. Kostnadene til gjennomføring og drift av forvaltninga for verneområda må dekkast av staten. Lom kommune krev at staten finansierer opprusting av Høydalsvegen frå RV 55 ved Bøvertjønnen til Nordre Høydalen til nødvendig teknisk standard for å ta i mot forventa trafikkauke som følgje av vernevedtaket. Vidare ber kommunen om at det blir gjennomført ei undersøkjing av tilgjengelege grusressursar for framtidig vedlikehald av Høydalsvegen, og at det blir gjeve tilskot til transport. Lom kommune ber om at verneforskrifta for Høydalen landskapsvernområde blir endra slik at det kan gjevast løyve til nybygg knytt til drifta av Høydalsseter turisthytte. Lom kommune meiner at samordning av informasjon om dei ulike verneområda i regionen må sikrast ved at dei etablerte nasjonalparksentra får ein sentral plass i dette arbeidet. Skisse til forvaltningsplan: Lom kommune ser på utkastet som eit godt grunnlag for vidare arbeid med forvaltningsplanen. Kommunen vil kome tilbake med innspel i prosessen fram mot ein ferdig forvaltningsplan.

Utskrift Page 1 of 1 Kvåmme3 16 ffirikhøi LOM KOMMUNE Målestokk 1:75000 Det tas forbehold om at det kan forekomme feil på kartet, bla. gjelder dette eiendomsgrenser, ledninger/kabler, kummer m.m. som i forbindelse med prosjektering/ anleggsarbeid må undersøkes nærmere. http://kart.regiondata.no/contentlprintdynaleg.asp?left=457205.5416920367&bottom=6841620.56421 1 8 1 1 &Right=472730.54169203... 09.02.2009

Utsnitt Loinseggen med eigedomsgrenser Framlcgg Brehcimen iiasjonnlpark,.-''forslag gondolbane Alt.3 ralt.2 Alt.1 4.- Alt.2 lt"^ I^." y`.. A r&u,gn-rw \, -' i y,. -.-.. M11.Z hf'y^ t SF.ta ' '^.i > \ r=awv*.y^r,+v ^ 4Dtiv.1! ø"^^ 9cpi ^P p` Ti rk..,w Mr ; ii ei