Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2016/3920-13 Karin Thauland Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen 3.gongs handsaming - Søknad om deling - 208/3 -Sydnes - Anne Marie Sydnes Helland Saksutgreiing: Innstilling frå rådmannen: Dispensasjon 19 - PBL: Forvaltningskomiteen i Kvinnherad syner til saksframstillinga og gir ikkje søkjar dispensasjon frå arealføremål Landbruk, Natur og Friområde i gjeldande kommunedelplan til å dele i frå to nausttomter av sin eigedom gnr/bnr 208/3. Deling etter pbl 20-1: Forvaltningskomiteen syner til saksframstillinga og gir ikkje søkjar løyve til frådeling av 2 nausttomter frå gnr/bnr 208/3. Vedtaket gjort med heimel i pbl 20-1 Saksutgreiing: Historikk: Saka vart lagt fram for Forvaltningskomiteen med tilråding om deling etter jordlova og negativ tilråding etter plan og bygningslova. Saka vart difor ikkje send på høyring. Komiteen gjorde ikkje vedtak etter jordlova, men ga tilsegn om dispensasjon og deling etter PBL. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 06.09.2017 Kvinnherad forvaltningskomité gjev tilsegn om dispensasjon til frådeling av 2 nausttomter som omsøkt. Tiltaket påverkar ikkje drifta på bruket elles. Heimel pbl. 19-2. Før det vert gjort endeleg vedtak skal saka sendast berørte statlege og regionale myndigheiter til uttale. Saka vart send på høyring 14-9-2017. Fylkesmannen rådde i frå i sitt skriv dagsett 18.9.2017. Komiteen handsama saka, og ga løyve til deling etter jordlova og Plan og bygningslova: side 1
Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 04.10.2017 Løyve til deling etter jordlova 12: Forvaltningskomiteen i Kvinnherad viser til saksframstillinga og gir Anne Marie Sydnes Helland løyve til å dele i frå to nausttomter på inntil 50 m2 kvar frå sin eigedom gnr/bnr 208/3. Vedtaket er gjort med heimel i jordlova 12. Dispensasjon 19 PBL: Kvinnherad forvaltningskomité gjev dispensasjon til frådeling av 2 nausttomter som omsøkt. Tiltaket påverkar ikkje drifta på bruket elles. Heimel pbl. 19-2. Deling etter pbl 20-1: Forvaltningskomiteen syner til saksframstillinga og gir søkjar løyve til frådeling av 2 nausttomter. Vedtaket gjort med heimel i pbl 20-1 til å dele i frå to nausttomter Saka vart send på klagevurdering den 9.10.2017.Fylkesmannen klagar på vedtaket i skriv dagsett 12.10.2017: Konklusjon Omsyn som Fylkesmannen skal medverke til å sikre i den kommunale planlegginga, og som òg er ivaretatt i gjeldande arealplan, vert etter vurderingane ovanfor vesentleg sette til side ved løyvet. Vi er heller ikkje samde i vurderinga om at fordelane ved frådeling av dei to nausttomtene veg opp ulempene tiltaket vil medføre for dei offentlege interessene i strandsona og svekkinga av kommuneplanen som styringsreiskap for forvaltinga av verdiane i strandsona. Etter vurderinga vår er difor lova sine vilkår for ein dispensasjon ikkje til stades, jf. pbl. 19-2. Fylkesmannen klagar på bakgrunn av dette på kommunen sitt vedtak. Vi ber om at vedtaket vert omgjort slik at det ikkje vert gjeve løyve til frådeling av to nausttomter. Vidare ber vi om at vedtaket vert gjeve utsett iverksetjing etter forvaltningslova 42 fram til klagesaka er avgjort. Dersom kommunen ikkje tek klaga til følgje, skal saka sendast til Fylkesmannen i Hordaland. Fylkesmannen vil deretter sende saka til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for oppnemning av setjefylkesmann, som fattar endeleg avgjerd. Hordaland Fylkeskommune syner til fornminner i næreleiken, og vil rå i frå delinga. Høyringsfristen er ikkje ute. Uttalen frå HFK vert lagt fram på møte. Om søknaden; Søknad motteke 22.11.2016. Det vert søkt om løyve til å dele frå 2 nausttomter i sørenden av strandlina til gnr/bnr 208/ 3 med tomtestorleik 50 m2. Søkjar syner til skiftesamlinga etter eit dødsbu og ei erklæring frå 1996 der frådeling av 2 nausttomter skal delast i frå. Søknad om deling er ikkje sendt kommunen tidlegare. Det er gitt vegtilkomst over gnr/bnr 208/2 og løyve til parkering. Bruket har 13,1 dekar fulldyrka jord, 5,6 dekar overflatedyrka og 1,5 dekar innmarksbeite og 21 dekar produktiv skog totalt 165,7 dekar i følgje Skog og Landskap sine gardskart. Det er driftsbygning på bruket. Arealet: Søknaden er ikkje i samsvar med vedteken plan. Arealet er i kommunedelplanen avsett til Landbruk, Natur og Friområde. side 2
Gjeldane kommunedelplan for Halsnøyområdet 2008-2017 Aktuelle lovheimlar: Den omsøkte frådelinga krev handsaming etter jordlova si 12. Det vart gitt løyve til deling etter jordlova i møte den 4.10.2017. Vidare krev den dispensasjon etter PBL 19-2 frå føremålet LNF i kommuneplan,løyve til deling etter PBL 20-1 og dispensasjon frå PBL 1-8 Forbod mot tiltak mv. Langs sjø og vassdrag. side 3
Plan og bygningslovshandsaming 1-1.Lovens formål Loven skal fremme bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjoner. «Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering.» Naturmangfaldlova Det er ikkje registrerringar av viktig naturmangfald eller naturtypar Kulturminne Parkeringsplassen ligg svært nær ei gravrøys frå bronse/jernalder som er eit freda kulturminne. Det er ikkje SEFRAK-bygning i området. Støy: Vert ikkje vesentleg endring Vatn og avløp: Ikkje aktuelt Veg: Privat veg fram til parkeringsplass. Høyring: Saka vart send på høyring etter møte i komiteen den 6 september. Fylkesmannen ga uttale: Fylkesmannen peikar i sin uttale dagsett 18.9.2017 at det er avsett område til naust rett før for omsøkte frådeling. Dei peikar på strandsovevernet og omsyn til gjeldane planar. Nausta vil privatisere strandsona og påverke allmenne interesser i området. Dei rår i frå deling. Naboar: Naboen er varsla. Det er ikkje kome merknader Vurdering etter PBL : Arealet ligg i LNF i kommuneplanen for Halsnøyområdet. I kommuneplan som er under revisjon, er og arealet er og foreslege avsett til LNF i revidert plan. Tomtene ligg i utkanten av eigedomen og inntil nabogrensa, men ligg i strandsona. Om omsynet til føremålet i lova, vert vesentleg sett til sides, vert i dette høve eit skjønsspørsmål. Føremoner ved å gje dispensasjon frå plan: Personlege føremoner kan etter rådmannen sitt syn, ikkje vektleggjast. Rådmannen finn ingen særlege føremoner ved tiltaket. Ulemper: Ei frådeling av tomter vil perforere LNF området og punktere strandsona. Kommuneplanar er kommunen sitt styringsverktøy. Eit delingsløyve vil undergrave dette. Løyve til frådeling vil og kunne føre til presedens. Oppføring av naust på eigedomen vil føre til privatisering av strandsona. Føremonene ved å setje gjeldande plan til sides ved å gje dispensasjon til frådeling av nausttomter, er klart mindre enn ulempene. Rådmannen syner til uttale frå Fylkesmannen, til Fylkesmannen sin klage, til skriv frå Hordaland Fylkeskommune og til saksutgreiinga og rår i frå den omsøkte frådelinga. Vedlegg: Søknad, Uttale frå Fylkesmannen, Klage frå Fylkesmannen, Uttale frå Fylkeskommunen side 4
side 5