Luster kommune. Formannskapet / kommuneplannemda sitt framlegg 1. gongs handsaming sak 13/102

Like dokumenter
Luster kommune. Handsama:

Opplæring. Plansystem og planarbeid

REVISJON AV AREALDELEN I KOMMUNEPLANEN UTLEGGING TIL HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN

Planprogram. Kommuneplanen Samfunnsdelen

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli

Luster kommune. Handsama: Vedteke av Luster kommunestyre , sak 95/12

Planprogram Kommuneplan sin arealdel for Hyllestad kommune Vedteken

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret Reguleringsplan(detaljregulering) for Fretheimshaugane - del 2 - oppstart av planarbeid

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

Planprogram for Storesunde - del av Kommunedelplan Langeset - Stryn - Storesunde

2. Referat frå oppstartsmøte

Planprogram for revisjon av Kommuneplan

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Ny arealplan for Fjaler. Folkemøte i Dale 13. desember 2018

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Leikanger kommune. Kommunal planstrategi Vedteken i kommunestyret 8.desember 2016, sak 54/16

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Kommunal planstrategi. Tilrådd av formannskapet den 27/ , sak 97/16. Øystre Slidre rein naturglede!

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet

Planstrategi

SAKSFRAMLEGG. Revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel for Fitjar kommune. Oppstart av Planprogram.

Kommuneplan Samfunnsdel

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

PLANPROGRAM Endring av deler av kommunedelplanen for Dale

Kulturminne og kulturmiljø

Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø Framlegg til planprogram

Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

Kommuneplanen samfunnsdelen

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Vedlegg 2. Referat fra oppstartsmøte

Radøy kommune Saksframlegg

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Kommunedelplan for sti og løyper Utkast til planprogram

Referat basert på mal i Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar.

Bustadplan for Kvam herad

Planstrategi for Balestrand kommune

Ny arealplan for Fjaler. Folkemøte i Guddal 6. desember 2018

KOMMUNEDELPLAN FOR TUR- OG SKILØYPER, BYKLE KOMMUNE PLANPROGRAM Forslag pr Vår ref. 2016/13 Foto: Grete Breivik

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Radøy kommune Saksframlegg

Kommuneplanen sin samfunnsdel

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

: Kjellaug Brekkhus, rådmann, Johannes Sjøtun, næringssjef. Saksnr./Arkivkode Stad Dato 12/608 - L12 BALESTRAND

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen

Jølster kommune Saksutgreiing

Fastsetting av planprogram til kommuneplan for Valle kommune

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Plankontoret Hallvard Homme AS. Per Kåre Kvålen [PLANPROGRAM] Planprogram for detaljreguleringsplanarbeid på Vadnuten

Eid Kommune Planprogram for avgrensa revisjon av Kommuneplanen sin arealdel

Skodje kommune Teknisk avdeling

Mellom fjell, fonn og fjord beste staden på jord! Kommuneplan Samfunnsdel. Høyringsutkast PLANPROGRAM

PLANPROGRAM FOR OMRÅDEREGULERINGSPLAN SMIEHOGEN

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda

Regional transportplan Sogn og Fjordane

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Områderegulering Undredal. Planprogram

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSFRAMLEGG. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 101/19 Planutval Detaljregulering Øvre Geiskelid 1. gongs høyring (planid )

Luster kommune. Plan-ID Vedteken av Luster kommunestyre i k.sak 13/15. Handsama: Gondolbane - Gaupne

KOMMUNEDELPLAN TINGVATN - SNARTEMO PLANPROGRAM

Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR )

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet KRN 109/10. Ansv. ANB

Kommuneplanen sin arealdel Folkemøte 13. januar 2015

Luster kommune. Formannskapet/kommuneplannemnda sitt framlegg 1. gongs handsaming sak 14/86 Plan-ID

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Områdenavn: FO 5 Øystese Gnr/bnr: 44/9 mfl. -Busdalen- Tilrådd

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

PLANPROGRAM ENDRING AV FØRESEGNENE TIL KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL

Kommuneplanen sin arealdel Planomtale og føresegner Vedteken av Luster kommunestyre K-sak 36/2019. Plan ID

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Kvar skal handel og kjøpesenter bli plassert i byane og bygdene våre?

SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

Kvam herad. Sakspapir

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 100/2017 Formannskapet PS Samarbeidsavtale om utarbeiding av områdeplan for Dalstø/Mjåtveitstø

Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune

PLANPROGRAM Interkommunal næringsarealplan for REGION VEST Eit samarbeid mellom kommunane i Region Vest

Planstrategi for Ullensvang herad

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

FRAMLEGG Oppstart av planarbeid og forslag til planprogram. Angelica Talley Avdelingsingeniør PLAN FOR KLIMA OG ENERGI I GISKE KOMMUNE

Tokke kommune Arkiv: 141 Saksnr.: 2013/ Saksbeh.: Gunhild Austjord Direkte tlf.: Dato:

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Transkript:

Luster kommune Formannskapet / kommuneplannemda sitt framlegg 1. gongs handsaming 28.08.2013 sak 13/102 Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr: 964 968 241

Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet... 3 1.1. Planprogram... 3 2. Overordna utviklingstrekk og utfordringar... 3 3. Lokale føringar... 6 1.1 ROS... 6 1.2 Bustadområde... 6 1.3 Næringsareal... 6 1.4 Sentrumsområde... 6 1.5 Hytteområde... 6 1.6 Landbruksområde og jordvern... 7 1.7 Friluftsliv... 7 1.8 Universell utforming... 7 1.9 Miljø og berekraftig utvikling... 7 1.10 Kulturminne... 7 3.1 Fokusområde... 8 4. Nasjonale og regionale føringar... 9 4.1 Nasjonale føringar... 9 4.2 Regionale føringar... 9 5. Planprosess og opplegg for medverknad... 10 6. Konsekvensutgreiingar og behov for utgreiingar... 13 7. Sentrale problemstillingar som bør avklarast i arealdelen... 13

1. Bakgrunn for planarbeidet Kommuneplanen sin arealdel (KPA) skal vera Luster kommune sitt overordna styringsdokument for korleis ein ynskjer arealutviklinga i kommunen skal vera, og ein reiskap for korleis ein skal møta nye og endra utfordringar i eit langsiktig perspektiv. Planstrategi vedteken oktober 2016 fastset at kommunen skal ha ein kommuneplan som består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Føremålet med revisjon av KPA er å sikre ein langsiktig og berekraftig arealbruk som legg til rette for ynskt vekst og utvikling i Luster kommune. Arealdelen skal vere eit effektivt styringsverktøy for politikarar og administrasjon. Det skal vera ein arealdel for heile kommunen. Det er viktig å sikra god samanheng mellom kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel. Sosiale, økonomiske, kulturelle og teknologiske utviklingstrekk i samfunnet er med på å bestemma arealbruken. Endringar i folketalsutviklinga, næringsstruktur og sysselsetjingsutvikling vil ha innverknad på lokaliseringa av byggeområde. Luster kommune har kommuneplan vedteken slik: Samfunnsdelen 2013 2024 20.06.2013 K-sak 48/13 Under revisjon. Forventa vedtak desember 2017 Arealdelen 2015 2026 05.03.2015 K-sak 13/15 Plan-ID 1426-2014001 Kommunestyret summerte i 2016 opp kommuneplanarbeidet i førre periode gjennom ei kommuneplanmelding. Gjeldande kommuneplan vart evaluert og dåverande kommunestyre sitt råd til det noverande kommunestyre var at samfunnsdelen vert revidert innafor rammene av strukturen som er i «KPS 2013 2024» og «KPA 2015 2026». Oppbygging og tema i gjeldande arealdel skal vidareførast i revidert plan. 1.1. Planprogram Plan- og bygningslova har innført eit lovbestemt krav ( 4-1) til at det vert utarbeidd eit planprogram ved revisjon av kommuneplanen. Planprogrammet skal leggja til rette for ein god planprosess, og skapa best mogeleg rammer for arbeidet og skal minst gjera greie for: føremålet med planarbeidet planprosessen deltakarar, fristar opplegg for medverknad skildring av evt alternativ som vert vurdert behov for utgreiingar spesielt i høve til forskrift om konsekvensutgreiingar 2. Overordna utviklingstrekk og utfordringar I høve til å stå fram som ein attraktiv kommune for innbyggjarane, besøkjande og næringslivet står Luster jfr KPS, overfor mange muligheiter og utfordringar i tida som kjem. Kommunen sine sentrale roller er: 3

Kommunen som tenesteytar og velferdsprodusent Kommunen som tilretteleggjar og samfunnsutviklar Kommunen som forvaltar av fellesskapet sine verdiar Kommunen som demokratiutøvar I planen vert det sett opp felles målsetjingar for kommunen og det vert utforma klare strategiar for korleis desse ein skal nå desse måla. Folketalsutvikling I den siste 10-årsperioden har det vore ein gradvis vekst i folketalet i Luster. Veksten samsvarar med talet på personar med innvandrarbakgrunn i kommunen. Hovudtyngda av desse er personar Aust- Europa og flyktningar. Dette er ei utvikling me ser i heile landet. Luster kommune er likevel mellom dei kommunane i regionen med lågast tal innbyggarar med utanlandsk bakgrunn. Luster kommune har også hatt ei positiv tilflytting i aldersgruppa 0-15 år. I praksis betyr det tilflytting av barnefamiliar. SSB sine framskrivingar av folketal, syner vekst for Luster kommune i perioden 2014 2030 på 5 prosent. Auka folketal der arbeidsinnvandring, busetjing og familietilflytting utgjer veksten, føreset nye oppgåver og tenester tilpassa ei mangfaldig befolkning. For å nå samfunnsmåla kommunen set seg, må innvandring leggjast til grunn for planlegging på alle samfunnsområde. Luster kommune legg vekt på gode tilbod i alle delar av kommunen. Likevel er det ei utviklinga der folketalet aukar mest i Gaupne og på Hafslo, og held seg stabilt eller er i nedgang i dei andre krinsane. Gaupne og Hafslo har også størst del av den yngre befolkninga. Ei slik fordeling av befolkninga gjer at det vil vera behov for ulike typar offentlege tenester i dei ulike delane av kommunen i åra framover som barnehage/skule og eldreomsorg. Ei ny eldrebølgja vil fyrst slå inn i 2025-2030. Det vil vera viktig å arbeida fram nye bustadmodellar for eldre, yngre som skal etablera seg i bustadmarknaden og innvandrarar/flyktningar. I næringslivet er det ei positiv utvikling i fleire av industriverksemdene og innan vasskraftutbygging. Det har vore stor investering og utvikling i reiselivet dei siste åra. Det er også stor investeringsvilje innanfor landbruket, men tilgangen på midlar i Innovasjon Noreg legg avgrensingar på tal bruksutbyggingssaker kommunen får gjennom kvart år. Andre viktige næringsområde for Luster er; bygg og anlegg og privat tenesteyting. Sysselsetjinga er stabil. Nedgangen i landbruket har stoppa opp. Talet på aktive bruk er det same i 2017 som i 2010. Dette påverkar også folketalsutviklinga i grendene. Næringslivet i Luster vert påverka av internasjonale konjunktursvingingar innan t.d. reiselivet og industrien. Den regionale arbeidsmarknaden er også viktig for busetjinga i Luster. Kommuneøkonomien er god, men under press. Kommunen har årlege driftsinntekter godt utover ein «gjennomsnittskommune», investeringsnivået har over tid vore høgt, men noko lågare dei siste åra. 4

Kommunen er ein aktiv aktør for utvikling av tenester, næring og lokalsamfunn. Det er likevel nokre mørke skyer, med svikt i inntekter, som tilseier at ein må gjennomføra tiltak for å betre balansen i økonomien. Hovudutfordringa for den kommunale økonomien er å setja i verk tiltak som sikrar eit godt tenestenivå og held oppe tilstrekkeleg utviklings- og investeringskraft med nødvendig eigenkapital og god balanse mellom inntekter og utgifter. 5

3. Lokale føringar I Kommuneplanen sin Samfunnsdel (KPS) (framlegg som vert lagt ut til offentleg ettersyn i september 2017) er det gjeve føringar for arealdelen: Kap 13 Føringar for arealdelen (framlegg): Ved utarbeiding av arealdelen vert desse føringane lagt til grunn: 1.1 ROS Vektleggja kunnskap om naturendringar som flaum, skred og havnivåstiging i arealdelen som førebyggjande tiltak for Risiko og sårbarheit med utgangspunkt i: a. Skredrapport 2015 b. Havnivåstiging c. Vurdera kva reguleringsplanar som bør reviderast med bakgrunn i ny kunnskap om skredfarlege område 1.2 Bustadområde a. Trygge og veleigna areal til bustadbygging i alle bygder b. Tilretteleggja for bustadtilbod for grupper med særskilde behov c. Tilretteleggja for tomter til einebustad i bustadfelt d. I bygder utan regulerte byggeområde kan det i arealdelen setjast av område for spreidd bustadbygging utanfor jordbruksareal (dvs fulldyrka og overflatedyrka jord, innmarksbeite) e. Leggja til rette for utbygging av fjernvarme i samband med bustadbygging ved å stilla krav om bioenergi, fjernvarme, fjordvarme, varmepumpe eller vassboren varme ved godkjenning av nye bustadkompleks med meir enn 4 bueiningar f. Arealøkonomisering skal vektleggast i planlegging av nye og eksisterande byggeprosjekt 1.3 Næringsareal a. Tilgjengeleg regulert næringsareal i Gaupne og Hafslo b. Tilgjengeleg næringsareal i andre bygder ved behov 1.4 Sentrumsområde a. «Stadanalyse for Gaupne» skal leggjast til grunn i planarbeidet for fortetting og vidare sentrumsutvikling i Gaupne b. Fastsetja langsiktige mål for utvikling av fellesareal i kommunesenter og bygdesenter med vekt på «Born og unge i sentrum» og universell utforming 1.5 Hytteområde a. Bærekraftig hyttebygging skal i hovudsak konsentrerast i hyttefelt framfor spreidd utbygging. b. Hyttebygging bør i hovudsak skje utanfor jordbruksareal eller areal der det er konflikt med beiteinteresser. 6

1.6 Landbruksområde og jordvern a. Med bakgrunn i globale klimaendringar og matvaresituasjonen i verda, skal det vera fokus på å sikra dei areala i kommunen som er eigna for matproduksjon b. Ved bustadbygging på dyrka mark skal dette skje gjennom høg arealutnytting. 1.7 Friluftsliv a. Sikra tur- og rekreasjonsområde i sentrumsnære område b. Ivareta areal langs fjord og vassdrag for ålmenta som er eigna for bading og fiske c. Ivareta dei visuelle verdiane og bruksverdiane som vassdragsnaturen har; både som trivsels- og aktivitetsfremjande element for innbyggjarane og som trekkplaster, fotomotiv og vassbaserte aktivitetar for tilreisande. d. Ivareta inngrepsfrie samanhengande strandområder med vekt på fri ferdsel e. Vurdera vilkår for terrengsykling i LNF-område f. Vurdera vilkår for bruk av vannscooter 1.8 Universell utforming a. Nasjonal handlingsplan «Norge universelt utformet til 2025» skal fylgjast opp gjennom arealdelen. b. Uteområde og byggverk skal utformast slik at dei så langt det er mogleg kan brukast av alle innbyggjarane på ein likestilt måte. 1.9 Miljø og berekraftig utvikling a. Større samanhengande områder med høg landskaps- og opplevingskvalitet skal takast vare på b. Biologisk mangfald (jfr. kartlegging av biologisk mangfald i kommunen) skal vektleggjast c. Utbyggingsareal skal som hovudregel leggjast på uproduktive/lågproduktive areal utan spesielle økologiske eller biologiske funksjoner med særlig verdi for trua, sårbare, sjeldne artar eller bestandar d. Ivareta viktig dyreliv og botaniske verdiar i vassdragsnaturen g. Ivareta inngrepsfrie samanhengande strandområder med vekt på biologisk mangfald og viktige naturkvalitetar 1.10 Kulturminne a. Fastsetja omsynssone for kulturminne som har prioritet 1 og 2 i Kulturminneplanen b. Solvorn skal styrkast som inngangsportal til verdsarvområdet Urnes stavkyrkje 7

3.1 Fokusområde I KPA vil det vera viktig å fylgja opp dei tre hovudfokusområda i KPS og leggja til rette for utvikling innafor desse. Luster ein god stad å bu - «gode tenester og tilbod for innbyggarar og tilflyttarar» Strategiar: Me skal leggja til rette for ei god bustadutvikling Me skal leggja til rette for at folk trivest med å bu i Luster Me skal leggja til rette for gode kommunale tilbod/tenester for innbyggjarane Luster ein god stad for å driva bedrift «aktiv næringspolitikk for etablering og utvikling av næring» Strategiar: me skal tilby gode rammevilkår for etablering og vidareutvikling av verksemder me skal vera aktive for vidareutvikling av landbruket me skal leggja til rette for ein infrastruktur som gjev gode vilkår for verksemder og for busetnad i kommunen Luster ein god stad å besøkja - «gode opplevingar som får besøkande, frå både nære og fjerne område, til å komme og bli» Strategiar: me skal leggja til rette for at det vert god kvalitet på besøksnæringa i Luster me skal vera i framkant i utvikling og tilrettelegging av berekraftige kultur- og naturopplevingar me skal vera attraktiv å besøkja for folk i regionen 3.2 Gjennomgåande tema Gjennomgåande tema er sektorovergripande og føreset eigarskap og oppfylging frå alle einingar for å oppnå ei ynskt samfunnsutvikling. Planstrategien har fastsett desse 4 tema: Miljø og berekraftig utvikling Det fleirkulturelle Luster Folkehelse Beredskap risiko og sårbarheit 8

4. Nasjonale og regionale føringar 4.1 Nasjonale føringar Nasjonale og regionale planar og retningsliner/politikkdokument skal leggjast til grunn for planarbeidet i kommunane. Sentrale dokument er: Plan- og Bygningslova av 2008 Naturmangfaldslova av 2009 Folkehelselova av 2011 Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. 25.3.2011 Rikspolitiske retningsliner for samordna areal- og transportplanlegging. (T-5/93) Rikspolitiske retningsliner for å styrke barns og unges interesser i planlegginga. (T-5/95) Nasjonale forventingar til kommunal planlegging jfr PLBL 6. (Kongelig resolusjon 12.06.2015) Jordlova av 1995 4.2 Regionale føringar Sogn og Fjordane fylkeskommune som regional planstyresmakt har ei rekkje overordna planar som er vedtekne eller under utarbeiding, og gjev føringar for kommunen sitt planarbeid. Vedtekne regionale planar: Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 2016-2020 Fylkesdelplan for arealbruk Fylkesdelplan for klima og miljø Handlingsprogram for klima og miljø 2016-2017 Fylkesdelplan for landbruk Regional plan for folkehelse 2015 2025 Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2019 Regional plan for Ottadalsområde Regional transportplan - analyse- og utfordringsdokument Regional transportplan - handlingsprogram Regional plan for vasskraft Verdiskapingsplan på nett Regional plan for Sogn og Fjordane vassregion 2016-2021 Planar under arbeid Regional plan for kultur Fylkesdelplan for arealbruk Regional plan for klimaomstilling - Planprogram 9

5. Planprosess og opplegg for medverknad Framdrift Luster kommune har etablert ein «4-års-syklus» for kommuneplanarbeidet som omfattar desse delane: Planstrategi Samfunnsdelen med planprogram Arealdelen med planprogram Kommuneplanmelding Dette skal igjen koplast nær opp til kommunen sit «årshjul» som omfattar årsmelding, handlingsdel med budsjett, økonomiplan, planprogram og tenestplan og handlingsprogram. Kommuneplanarbeidet 4-års syklus : 2017 2018 2019 2020 3. kv 4. kv 1.kv 2. kv 3. kv 4. kv 1.kv 2. kv 3. kv 4. kv 1.kv 2. kv 3. kv 4. kv Planprogram KPA Arealdelen Samfunnsdelen KPS * her er me no Planprogram - KPA VAL Kommuneplanmelding Planstrategi Luster kommune som planmynde skal (jfr PLBL 5-1) syrgja for ein open og brei medverknadsprosess. Ansvar for kommuneplanarbeidet er lagt til kommunestyret (jfr PLBP 9-1) og arbeidet er elles organisert slik: Gruppe Medlemer Styringsgruppe/kommuneplannemnd Formannskapet Arbeidsgruppe / prosjektgruppe Plangruppe Rådmann, plansjef, kommuneplanleggjar, landbrukssjef, næringssjef og eigedomssjef Plansjef, kommuneplanleggjar, arealplanleggjar og ingeniør-gis 10

Tabell: Planprosessen framdriftsplan Fasar Oppgåver Samarbeid og medverknad Vedtak utlegging av planprogram og varsel om oppstart av planarbeid Planoppstart og planprogram Konsekvensutgreiing og planløysingar Planframlegg og planhandsaming Bygdemøter : Gaupne, Hafslo og Skjolden Frist: Innspel til arealdelen og merknader til planprogram Handsaming av innkomne innspel og utarbeiding av planprogram (inkludert område som skal konsekvensutgreiast ) Samråd med regionale sektormyndigheiter avklaringar Vedtak av planprogram Utarbeida framlegg til arealdel: Kunnskapsgrunnlag og situasjonsskildring kart, føresegner, planomtale, KU og ROSanalyse Ansvarleg Fristar / Framdrift Kommuneplannemnd 13.09. 2017 X Rådmann September/oktober 2017 X November 2017 Rådmann Oktober desember X Rådmann November 2017 Kommuneplannemnd Kommunestyret Rådmann 06.12.17 14.12.17 Nov mars 2017/2018 Januar Drøftingsutkast Kommuneplannemnd Februar 2018 Samråd med regionale sektormyndigheiter X Rådmann Februar - mars 2018 1. g. handsaming og utlegging til offentleg Kommuneplannemnd Mars 2018 ettersyn vedtak Offentleg ettersyn av planframlegg 6 X Rådmann / Mars april 2018 veker kommuneplannemnd Handsaming av merknader, utarbeiding av Rådmann Mai 2018 endeleg planframlegg 2. gongs handsaming av planframlegget Kommuneplannemnd juni 2018 Vedtak arealdelen Kommunestyret Juni 2018 Føresetnad for denne framdrifta er m.a. at endringane etter 1.g. offentleg ettersyn ikkje er så omfattande at det medfører krav om ny utlegging. I så fall kan det føra til forlenging av planarbeidet med vedtak ca desember 2018. Forlenging av prosessen kan også skje dersom det er mange nye tiltak som krev meir omfattande konsekvensutgreiingar. Innspel og medverknad Planprogrammet vert lagt ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker. I denne perioden skal innspel til ny/endra arealbruk fremjast overfor Luster kommune. 11

Bygdemøte I perioden planprogrammet er utlagt til offentleg ettersyn vert det gjennomført bygdemøte i Gaupne, Hafslo og Skjolden I møta vert det informert om planarbeidet og føresetnader som er lagt til grunn. Frist for innspel er den same som frist for høyring av planprogrammet. Innspel Innspela som skal leverast kommunen skal omfatta m.a. fylgjande opplysingar: Informasjon om eigartilhøve og gbnr Kart med tydeleg avgrensing av område med framlegg til endra arealbruk Omtale av framlegg til endra arealbruk og omfanget av eventuell framtidig utbygging, og tidsramme for gjennomføring av tiltaket Kort skildring og grunngjeving for forslag til endring/ny arealbruk Kart med eintydig avgrensing av arealet som vert føreslått endra Vurdering av innspel Planprogrammet er eit utgreiingsprogram der det skal takast stilling til kva område som skal konsekvensutgreiast og handsamast i arealdelen. Rådmannen vil vurdera alle innspel og i denne fasen føreta ei siling av område. Erfaringsmessig er det ein del område som vil gå ut m.a. grunna store konfliktar i høve andre arealbruksinteresser. Det vert så utarbeidd ein rapport som grunnlag for politisk handsaming om kva område som bør gå ut og kva område som vil verta med til vidare vurdering og konsekvensutgreiing. Sentrale kriterier for siling av område: Er i samsvar med lokale føringar gjeve i samfunnsdelen eller andre sentrale politiske dokument som er handsama av Luster kommune (KPS) Er ikkje i sterk konflikt med viktige verneverdiar og overordna føringar Er aktuelle for oppstart i komande planperiode Kommunestyret skal vedta planprogrammet. Dette vedtaket omfattar kva område som skal konsekvensutgreiast og endeleg handsamast i arealdelen Samråd er ein diskusjon med regionale forvaltningsmynde om prinsippløysingar, for på eit tidleg tidspunkt avklara vanskelege saker. Føremålet er å gje muligheit for ei tidleg konfliktløysing, betre innsikt og muligheit for å drøfta alternativ, kunnskapsbehov og konsekvensar, og behov for planoppfylging. Dette kan gje eit betre grunnlag for avgjerd og for den politiske handsaminga før utlegging til offentleg ettersyn ved at synspunkt og eventuelle konfliktar er godt kjent og vurdert. Samråd med regionale / nasjonale forvaltningsmynde vert gjennomført i to omgangar: Etter offentleg ettersyn av Planprogram Før offentleg ettersyn av KPA 12

6. Konsekvensutgreiingar og behov for utgreiingar KPA er ein plan som gjev føringar og retningslinjer for framtidig utbygging og som kan få vesentleg innverknad på miljø og samfunn. For ein slik plan skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing (KU) jf Plan- og bygningslova 4-2. KU skal skildra verknadene av nye utbyggingsområde, og vesentlege endringar av eksisterande byggeområde. Ved handsaming av planprogrammet skal det på grunnlag av innkomne framlegg, takast stilling til kva område som skal konsekvensutgreiast ved utarbeiding av arealdelen. KU skal vera tredelt: Del I: er ei konsekvensutgreiing for dei einskilde endringsframlegga på overordna nivå tilpassa kommuneplanen sine intensjonar. Vurderinga vil byggja på planfaglege vurderingar, temakart, flyfoto og utgreiingar som er offentleg tilgjengeleg i kommunen eller i regionale eller statlege databasar. ROS-analyse skal utarbeidast for kvart framlegg (sjå vedlegg 2). Som hovudregel vil det i samband med konsekvensutgreiinga vera gjennomført synfaring til dei aktuelle områda. Del II: er ei utgreiing av dei samla verknadene av KPA innafor dei ulike utgreiingstema. Aktuelle tema vil vera økonomi, samfunn og miljø. Del III: er ei utgreiing av dei samla verknadene innafor dei ulike arealbruksføremåla. Analysar og utgreiingar som grunnlag for planarbeidet: Med utgangspunkt i gjeldande arealdel er det siste åra utarbeidd dokument som grunnlag for komande plan: Overordna heilskapleg ROS-analyse 2014 Skredfarekartlegging i Luster kommune, NVE 2014 Stadanalyse Gaupne 2010 Folkehelseoversikt Luster kommune 2016 2020 7. Sentrale problemstillingar som bør avklarast i arealdelen Etter vedtak av gjeldande arealdel har fleire sentrale saker som har vore til handsaming/ drøfta i kommunen, vorte vist vidare til avklaring i samband med revisjon av arealdelen. Aktuelle saker er: Helikopterlandingsplass - Skjolden Bustadutvikling - Gaupne sentrum Bustadutvikling - Indre Hafslo 13