HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Administrasjonsutvalet Dato: 22. mars 2012 Kl.: 11.00 12.30 Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.: 1/12 MØTELEIAR Hellesnes, Mona Haugland (V) DESSE MØTTE Grung, Ruth (A) Selsvold, Astrid F. (A) Nøss, Nils-Olav (A) Søviknes, Terje (FRP) Ulvund, Inger Signe (FRP) Hjemdal, Silje (FRP) Nilsen, Tom-Christer (H) Strømme, Mona Røsvik (H) Kallevåg, Inge Reidar (H) Eriksen, Birthe (H) Nyborg, Torill Selsvold (KRF) Bondhus, Benthe (SP) Oen, Aud Karin (SV) Johannessen, Tore (LO-K) Bjørnsvik, Kari L. (UNIO) Andersen, Tore (YS-K) FORFALL Valle, Sveinung (A) Nilsen, Monica (FRP) Njåstad, Helge Andre (FRP) Dyrdal, Andreas (A/NITO) Veim, Sjur (UNIO) Kvamme, Eva (YS-K) DESSUTAN MØTTE Opdal, Gerd Ingunn, organisasjonsdirektør Davidsen, Geir, personaldirektør 1
MERKNADER TIL INNKALLINGA Det var ikkje merknader til innkallinga. GODKJENNING AV SAKLISTA Saklista vart godkjent slik ho låg føre. GODKJENNING AV MØTEBOKA 11.11.11 Møteboka frå møte 11.11.2011 vart godkjent slik ho låg føre. YMSE Møteleiar opplyste at det er gjort justeringar i møteplanen for administrasjonsutvalet for å tilpasse møta til same dag som møta i fylkesutvalet. Administrasjonen sender ut melding om endringane. 2
MELDINGAR Periode: 12. november 2011-22. mars 2012 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 1/12 201200558-1 Prosjekt handlefridom II - førebels fordeling av innsparingsrammer 2/12 201200558-2 Oppdragsplan - Handlefridom ll 3/12 201201822-1 Status i høve til Hordalandfylkeskommune sin oppfølging av IA-avtalen 4/12 201100838-3 Oppfølging av oversendingsforslag i folkevalde organ 5/12 201202154-1 Sjukefråvær i Hordaland fylkeskommune 2011 6/12 201200558-10 Handlefridom II - Milepelrapportering Merknader til meldingane 2/12: Ruth Grung (A) sette fram slikt oversendingsforslag: Administrasjonsutvalet ber om auka innsats for å kvalifisere eigne fast tilsette framfor å auke tal på tilsette. 3/12: Ruth Grung (A) sette fram slikt oversendingsforslag: HFK skal vere ei leiande verksemd i høve nasjonale samfunnsmål. Det må settast klåre mål på sjukefråvær på kvar eining og mål for at tilsette blir ståande i jobb etter fylte 50 år. Fylkeskommunen må tilsette lærlingar i alle aktuelle lærefag, samt tilby utprøving til arbeidssøkande som har utfordringar med å kome i varig arbeid. Kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn skal bli kalt inn til intervju. Administrasjonsutvalet ber om å få rapport på IA på kvart møte i administrasjonsutvalet og at rapporteringa skjer på einingsnivå med unntak av små einingar der personvern kan verte eit problem. 5/12: Ruth Grung (A) sette fram slikt oversendingsforslag: Sjukefråværet i HFK er for høgt og administrasjonsutvalet ber om løpande kvartalsvis rapportering per eining. Dei tre oversendingsforslaga frå Ruth Grung (A) vart oversendt til fylkesrådmannen. 3
SAKNR. 1/12 STATUS I HØVE DELTIDSTILSETTE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE OG STRATEGI FOR Å REDUSERE TALET PÅ DELTIDSTILSETTE. Aud Karin Oen (SV) sette fram slikt forslag: Alle tilsette skal få tilbod om fast tilsetjing i den stillingsprosenten dei faktisk har arbeidd i dei to siste åra. Alle einingar og avdelingar skal omgjere midlar frå overtid- og vikarkostnader til å auke faste stillingsheimlar. Kari Bjørnsvik (Unio) sette fram slikt forslag: Det vert greidd ut eit system for større mobilitet for tilsette i HFK, eit system for at tilsette kan bytte arbeidsstad innan sin stillingskategori ved ledige stillingar. Administrasjonen vert beden om å greie ut eit system for vikarpool. Tore Johannessen (LO-K) sette fram slikt forslag: HKF skal tilstrebe at delstillingar som eit minimum er så store at dei er pensjonsgivande. HFK skal tilstrebe å samordne stillingar som er under pensjonsgivande grense dersom den tilsette også har stilling(ar) i kommunen(ar). Ruth Grung (A) sette fram forslag til endring/tillegg i innstillinga frå fylkesrådmannen: Pkt. 1, ny setning: Det skal i hovudsak lysast ut heiltidsstillingar. Pkt. 2, tillegg på slutten av setninga:.,eller i samarbeid med andre arbeidsgjevarar. Pkt. 3, tillegg på slutten av setninga:.,og vert fast fast tema i medarbeidarsamtalar for deltidstilsette. Nytt pkt. 5: Administrasjonsutvalet ber om årleg rapportering om uønska deltid. Tom Christer Nilsen (H) sette fram forslag til endring i innstillinga punkt 4: uønska deltid vert endra til ønskje om auka stillingsstorleik. Røysting: Forslaget frå Aud Karin Oen fekk 6 røyster ( SP, KRF, SV, tillitsvalde) og fall. Forslaget frå Kari Bjørnsvik fekk 9 røyster ( A, SP, SV, KRF, tillitsvalde) medan 8 røysta mot. Forslaget frå Tore Johannessen fekk 9 røyster (A, SP, SV, KRF, tillitsvalde) medan 8 røysta mot. Det var deretter røysta over forslaget til endring/tillegg i innstillinga frå fylkesrådmannen. Det vart røysta punktvis. Punkt 1: Vedteke med 9 (A, SP, SV, KRF, tillitsvalde) mot 8 røyster. Punkt 2: Vedteke med 9 (A, SP, SV, KRF, tillitsvalde) mot 8 røyster. Punkt 3: Samrøystes vedteke. Punkt 4: Vedteke med 16 mot 1 røyst ( SV) Nytt punkt 5: Samrøystes vedteke. Tom Christer Nilsen (H) peika på at saka hadde fått eit slikt innhald at den må vidare til fylkesutvalet evnt. fylkestinget slik at det blir ei innstilling frå administrasjonsutvalet. Etter forslag frå Terje Søviknes (FRP) bad administrasjonsutvalet om at det vert lagt ved eit tilleggsnotat frå administrasjonen til fylkesutvalet sidan saka no har teke ein litt annan retning. 4
INNSTILLING I arbeidet med å redusere omfanget av uønska deltid vert det lagt opp til følgjande tiltak i Hordaland fylkeskommune: 1. Hordaland fylkeskommune skal arbeide for å få ned talet på deltid gjennom aktiv bruk av lov- og regelverket ved rekruttering. Det skal i hovudsak lysast ut heiltidsstillingar. 2. Det blir lagt ytterlegare til rette for at deltidstilsette kan få tilbod om arbeid på tvers i eininga t.d. ved å ha fleire delstillingar, eller i samarbeid med andre arbeidsgjevarar. 3. Deltidsproblematikken blir sett på dagsorden i møte med hovudtillitsvalde minst ein gong kvart år og vert fast tema i medarbeidarsamtale for deltidstilsette. 4. Det blir sett i gang eit arbeid for å kartleggje ønskje om auka stillingsstorleik i fylkeskommunen og spesielt sjå på kvifor deltid er så utbredt i einskilde sektorar. 5. Administrasjonsutvalet ber om årleg rapportering om uønska deltid. 6. Det vert greidd ut eit system for større mobilitet for tilsette i HFK, eit system for at tilsette kan bytte arbeidsstad innan sin stillingskategori ved ledige stillingar. 7. Administrasjonen vert beden om å greie ut eit system for vikarpool. 8. HFK skal tilstrebe at delstillingar som eit minimum er så store at dei er pensjonsgivande. 9. HFK skal tilstrebe å samordne stillingar som er under pensjonsgivande grense dersom den tilsette også har stilling(ar) i kommunen(ar). Mona H. Hellesnes Leiar i administrasjonsutvalet Karstein Oen Utvalssekretær 5