Politisk sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «UTLANDSADRESSE» Saksbehandlar Tlf. direkte innval Vår ref. Dykkar ref. Dato Jon Harald Kjærland 90478841 2016/4150-12 «REF» 13.06.2017 Særutskrift - 144/62 - påbygg bustadbygg med 14 husvære på Husnes Hotell - Husnes - SHL eigedom AS Kvinnherad forvaltningskomite hadde saka føre i møte 07.06.2017 med vedtak nr 2017/60. Vi legg ved utskrift av møteboka og syner til vedtaket. Dersom du vurderer å klaga på vedtaket, viser vi generelt til reglane i forvaltningslova og spesielt til plan og bygningslova 1-9. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke dette vedtaket. Vi viser også til pbl 21-9 om at eit løyve fell bort etter 3 år dersom tiltak ikkje er igangsett. Tiltak omfattar også oppretting og endring av eigedom (frådeling). Med helsing Bente Høyland Møtesekretær Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Jon Harald Kjærland Mottakarar: Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal Tlf: 534 83 100 Fax: 534 83 130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www.kvinnherad.kommune.no
Mottakarar: Grung Arkitektur as Fantoftveien 5072 BERGEN SHL eigedom AS Handelandsvegen 61 5451 VALEN
Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe 2016/4150-11 Saksbehandlar Jon Harald Kjærland Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2017/60 Forvaltningskomiteen 07.06.2017 Behandling rammesøknad - 144/62 - påbygg bustadbygg med 14 husvære på Husnes Hotell - Husnes - SHL eigedom AS Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad Forvaltningskomite gjev med heimel i pbl 20-1 rammeløyve for oppføring av påbygg på eks. bygning med 2 etasjar som inneheld 14 husvære samt heis i samsvar med revidert rammesøknad m/teikningar og situasjonsplan motteken 05.05.2017. Løyve vert gjeven på fylgjande vilkår: 1. At tiltaket stettar universell utforming, både husværa og utomhus-anlegg. Event. merknader frå Miljøretta helsevern må etterkomast. 2. Tiltaket må støyskjermast iht støysonekrav knytt til Opsangervegen. 3. Det må ordnast med tilknytingsløyve til offentleg vatn og kloakk. Utvida bruk av avkøyrsle må skje i samråd med einingsleiar Veg og Park. Det må søkjast om igongsetjingsløyve m/nødvendig dokumentasjon og erklærte ansvarsrettar før arbeida kan ta til. Behandling i Forvaltningskomiteen den 07.06.2017 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 07.06.2017 Kvinnherad Forvaltningskomite gjev med heimel i pbl 20-1 rammeløyve for oppføring av påbygg på eks. bygning med 2 etasjar som inneheld 14 husvære samt heis i samsvar med revidert rammesøknad m/teikningar og situasjonsplan motteken 05.05.2017. Løyve vert gjeven på fylgjande vilkår: 1. At tiltaket stettar universell utforming, både husværa og utomhus-anlegg. Event. merknader frå Miljøretta helsevern må etterkomast. 2. Tiltaket må støyskjermast iht støysonekrav knytt til Opsangervegen. 3. Det må ordnast med tilknytingsløyve til offentleg vatn og kloakk. Utvida bruk av avkøyrsle må skje i samråd med einingsleiar Veg og Park. Det må søkjast om igongsetjingsløyve m/nødvendig dokumentasjon og erklærte ansvarsrettar før arbeida kan ta til.
Søkjar: Grung Arkitekter AS, Fantoftvn. 16, 5072 Bergen Tiltakshavar: SHL Eigedom AS, c/o Geir Rusten, Handelandsvn. 61, 5451 Valen Søknad dagsett: 05.05.2017 Om søknaden og eigedommen: Det vert søkt om påbygg på eksisterande dekke, nærmast Opsangervegen som inneheld 14 nye husvære fordeler seg over 2 plan over eksisterande underetasje(vift) med 7 husvære på kvart plan. Det er 10 stk 2-roms husvære kvar på 53 m2, og 4 stk 3-roms husvære kvar på 80 m2. Utebodar kjem i tillegg. Kvart husvære har altan på 7 m2 samt felles uteareal på dekke mellom 1 etj. og hotellet. Påbygget vert avgrensa til dekket over eksisterande Vift som ligg nærmast Opsangervegen. Det er heis og tilrettelagt for universell utforming. Det er vist parkeringsplan med 15 p-plasser. Den revidert rammesøknaden motteken 05.05.2017 er i tråd med reguleringsplan Byen Husnes. Situasjonsplan
Fasade mot Opsangervn. Arealstatus og strandsone Her er reguleringsplan Byen Husnes PlanID 20110009 sist rev 05.10.2012 som viser arealformål for S1 til sentrumsformål som omfattar forretning, kontor, bustad, offentleg og privat tenesteyting, hotell/overnatting og servering. Sikttrekant for Sentrumsvn mot Opsangervn. er vist med 20 meter x 50 meter. Reguleringsplan for Opsangervegen, PlanID 20090004 vedteken 04.02.2010 viser at siktsone frå Sentrumevn mot Opsangervn. skal vera 10 meter x 54 meter. Komm.vegsjef skriv at Opsangervegen vert bygd etter denne. Nabovarsel Nabovarsling er gjort rekomandert og det er ikkje kome merknader til tiltaket. Naturmangfaldlova Søknaden gjeld påbygg, ikkje aktuelt. Kulturminne Søknaden gjeld påbygg, ikkje aktuelt. Støy Ein må ta omsyn til støysonekart for Opsangervegen. Veg, vatn og avløp Her er offentleg veg, vatn og kloakk. Universell utforming Innsende planar er til vurdering hos Miljøretta Helsevern. Det vert heis i bygningen. Eventuelle merknader må rettast og retta planar føreliggja før igongsetjingsløyve vert handssama. Plan husvære 1. etj over u-etj.
Aktuelle lovheimlar Rammeløyve etter pbl 20-1. Vurdering Det vert søkt om rammeløyve for 14 husvære over 2 etasjar på den eksisterande Vift verksemda. Påbygget samsvara med eksisterande dekke. Påbygget får flatt tak og det er altanar til kvart husvære. Det er felles uteareal på dekke mellom 1.etj og hotellet. Her er heis og lagt til rette for universell utforming. Bygningen framstår enkelt i sitt uttrykk med trekledning. Tiltaket med 14 husvære over to plan framstå modernistisk i sitt utrykk og avspeglar vår tids arkitektur. Parkeringsplan viser 15 p.plasser. Krav i reg.planen er 1,2 p.plasser pr 100 meter buareal som gjev min. 11 p.plasser. Vi ser at denne parkeringsplanen brukar opp parkeringstrong for framtidige aktivitetar i attståande bygningsareal. Dette må i så fall løysast ved bygging av parkeringshus på eigedomen eller felles parkeringshus i sentrum. Grunngjeving Rådmannen tilrår rammeløyve til omsøkt tiltak slik det ligg føre i rev. søknadsdokumentasjon motteke 05.05.2017. Vedlegg: 1. Revidert søknadsinformasjon av 05.05.2017. 2. Omtale av universell utforming. 3. Situasjonskart 4. Teikningar.