Finnøy kommune Formannskapet Tilleggsinnkalling Møtedato: 23.08.2017 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt innkalling. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er på tlf. 51 71 47 00 eller på e-post: politisk.sekretariat@finnoy.kommune.no Saker som vert ettersendt: - Skyttarhus - Søknad om støtte til kultursoge - Sjernarøy og Ombo Finnøy 18.08.2017 Henrik Halleland ordførar Marie Urdal sekretær
Sakliste Sak nr. Saktittel 077/17 Skyttarhus - forskottering 078/17 Søknad om støtte til kultursoge - Sjernarøyane og Ombo Side 2 av 7
Saksframlegg Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Nils Petter Flesjå K1-243, K2 - D12 17/6173 Saksnr Utval Dato 077/17 Formannskapet 23.08.2017 Kommunestyret Skyttarhus - forskottering Vedlegg 1. Vegen vidare nytt skytthus og ny innandørs skytebane Forslag til vedtak frå rådmannen: Finnøy kommune forskotterer 800.000,- i spelemidlar. Beløpet blir utbetalt i budsjettåret 2018. Finnøy 18.08.2017 Helene M. Ohm rådmann Saksopplysningar Finnøy skyttarlag fekk i budsjett 2017 løyvt totalt 600.000,- fordelt på 300.000,- i 2017 og 300.000,- i 2018. Desse midlane skal gå til nytt skyttarhus og ny innandørs skytebane. Det vart satt som vilkår at kommunestyret skal handsama finansieringsplan før tilskotet kan utbetalast. Finnøy kommune fekk i mai 2017 eit skriv kor skyttarlaget gjer greie for finansieringa og framdrifta i prosjektet. I tillegg til finansieringsplan inneheld skrivet to konkrete spørsmål: 1. Kan heile beløpet på totalt 600.000,- utbetalast I 2017? Ikkje fordelt på 2017 og 2018, som økonomiplanen legg opp til. 2. Har Finnøy kommune høve til å utbetala alle tippemidlane på førehand? Leiar i Finnøy skyttarlag har i etterkant av dette skrivet opplyst at det går greitt at dei 300.000,- som var satt av i økonomiplanen for 2018 kan venta til då, men at beløpet då bør koma tidleg januar 2018. Det er også opplyst om at det ikkje er nødvendig at kommunen forskotterer spelemidlane som det allereie er gitt tilsagn om. Finnøy kommune har også fått tilsendt tilsagnsbrev frå Fylkeskommunen om spelemidlar til Side 3 av 7
Kvameheia skyttarhus, kor det går fram at Finnøy Skyttarlag har fått tildelt tilskot på 986.000,- Samt tilsvarande brev frå Fylkeskommunen med avslag på spelemidlar til innandørs skytebane. Vurdering Rådmannen vurderer då saka til å omhandla eit forhold, det er om Finnøy kommune kan forskottera dei spelemidlane som det no i 2017 er gitt avslag på frå Rogaland fylkeskommune. Dette er i følge vedlagt budsjett frå Finnøy skyttarlag om lag 800.000,- Rådmannen legg til grunn at Finnøy skyttarlag skal betala tilbake beløpet som er forskottert umiddelbart etter at spelemidlane er utbetalt, eller seinast innan utgongen av 2018. Det vil alltid laupe ei viss risiko ved å forskottere midlar som det ikkje er gitt godkjenning på, men utifrå tidlegare erfaringar er det grunn til å tru at det vart tildelt midlar som søkt om til prosjektet i 2018. Konklusjon Rådmannen ser det som viktig at Finnøy Skyttarlag får realisert prosjektet med nytt skyttarhus og ny innandørs skytebane på ein så økonomisk og praktisk god måte som råd er. At frivillige lag og organisasjonar legg til rette for eit bredt fritidstilbod er viktig for heile kommunen. Rådmannen tilrår at Finnøy Skyttarlag får forskottering på 800.000,- i spelemidlar. Det er viktig å understreka at dette er ei forskotering som kommunen vil krevja tilbake når midlane er utbetalt. Skulle ein koma i den situasjonen at Finnøy Skyttarlag ikkje fekk desse midlane over tildelinga av spelemidlar, vil Finnøy Skyttarlag vera ansvarleg for tilbakebetaling av dette forskotet. Side 4 av 7
Saksframlegg Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Jonas Jørstad K2 - C86 17/6274 Saksnr Utval Dato 078/17 Formannskapet 23.08.2017 Kommunestyret Søknad om støtte til kultursoge - Sjernarøyane og Ombo Vedlegg 1. Søknad om støtte til kultursoga i Sjernarøy Forslag til vedtak frå rådmannen: Finnøy kommunestyre legg vekt på at dei to kultursogeprosjekta som er i arbeid i størst mogleg grad blir behandla likt når det gjeld kommunal stønad. Det skal takast omsyn til at arbeidet med kultursoga i nord er kome mykje lenger enn arbeidet med kultursoga i sør. Når det gjeld kronebeløp, må tilskota i noko grad avspegla at kultursoga i sør i dekkjer eit i folketal langt større område. Kommunestyret ber rådmannen om å arbeida inn 600.000 kroner i kommunalt tilskot til ferdigstilling av kultursoga for Sjernarøyane og Ombo i budsjettet for 2018. Finnøy 16.08.2017 Helene M. Ohm rådmann Saksopplysningar Gards- og ættesoga for tidlegare Sjernarøy kommune og Jelsa-delen av Ombo, kom ut i to band i 2006. Arbeidet med ei kultursoge for det same området har vore i gang ei tid. Nemnda har ein innsamla eigenkapital på rundt rekna 440.000 kroner, og Finnøy kommunestyre løyvde i vedtak 22. juni i fjor 100.000 kroner til prosjektet. Vedaket lyder: (KS-022/16) «Finnøy kommune løyver 100.000 kroner til Kultursoge i Sjernarøy og Ombo. Midlane blir tatt frå disposisjonsfond til kulturføremål. Finnøy kommune har utover dette ikkje ansvar for framdrift og økonomi av prosjektet. Rådmannen tek sikte på å utbetale tilskottet så snart kommunen har motteke naudsynt dokumentasjon over organisering, framdrift og økonomi.» Etter søknad løyde kummunestyret 14. juni i år 500.000 kroner i startkapital til kultursogearbeidet Side 5 av 7
i den søre delen av kommunen. Utanom dette, ligg det inne 300.000 kroner for kvart av åra 2018 og 2019 i den vedtekne økonomiplanen. Dette var ikkje i samsvar med tilrådinga frå rådmannen, som gjekk ut på at kommunal støtte til begge kultursogeprosjekta burde vurderast i budsjettarbeidet. (KS-043/17) «Finnøy kommunestyret ser det som naudsynt med kommunal startkapital til arbeidet med kulturhistorie for Finnøy, Fogn, Talgje, og Fisterøyane. Kommunestyret yter derfor kr. 500 000,- i tilskot til Finnøy Historielag til dette arbeidet. Tilskotbeløpet vert dekka inn ved bruk av dispensasjonsfond.» Kultursogenemnda i nord skriv i brev 29. juni (vedlagt) at disposisjonen for arbeidet er klar, for ei bok på ca. 300 sider med eit førebels budsjett på 2 500 000 kroner. Boka blir skriven av tidlegare statsarkivar Hans Eyvind Næss. Dei ser med glede på løyvinga til det parallelle prosjektet i sør, og søkjer om ei tilsvarande løyving som den som er komen kultursogearbeidet i sør til gode. Vurdering Utgangspunktet for rådmannen, er at dei to kultursogeprosjekta er likeverdige, og at dei bør behandlast likt med omsyn til kommunale løyvingar. Rådmannen ser er at kultursogearbeidet i sør femnar om eit langt større område i befolkning. Det er difor rimeleg at det også er meir kulturhistorie å samla inn og å skriva om på Finnøy, Fogn, Talgje og Fisterøyane samla, enn i Sjernarøyane og på Ombo samla. Ein skal ikkje leggja føringar på om sluttresultatet blir at den eine kultursoga får fleire sider eller fleire band enn den andre. Ein vurderer det likevel slik at likebehandling betyr at det kommunale tilskotet i noko grad må vektast etter det svært ulike befolkningsgrunnlaget. Rådmannen understrekar at hennar forslag til vedtak i juni, var å avslå søknaden frå Finnøy Historielag slik han låg føre i vår. Grunngjevinga i forslaget til formannskapet 31. mai var at ein «...avslår [ ] søknaden frå Finnøy Historielag om ei løyving til kultursoge Finnøy sør nå. Dette er dels fordi det er naturleg å vurdera kommunale løyvingar til desse to store prosjekta i det ordinære budsjettarbeidet, og dels fordi det er viktig at behova for kommunale løyvingar til dei to prosjekta blir vurderte parallelt.» Som det blir antyda i søknaden, er det ikkje rimeleg at kultursogearbeidet i nord «berre» skal få dei 100.000 kronene i tilskot som blei løyvde i fjor, når kultursoga i sør får 500.000 i tilskot nå, og blir sett opp med 300.000 + 300.000 i økonomiplanen. Etter KS-vedtaket 14. juni, vel rådmannen å tolka det som at den delen av KS-vedtak 22. juni i fjor som lyder «Finnøy kommune har utover dette ikkje ansvar for framdrift og økonomi av prosjektet [i nord]» ikkje lenger kan vera bindande. Rådmannen foreslår at det i budsjettet for 2018 blir arbeidd inn 600.000 kr. i tilskot til kultursoge nord. I det same budsjettet skal det etter vedtak 14. juni arbeidast inn 300.000 kr i tilskot til kultursoge sør. Då blir dei to prosjekta tilgodesette på denne måten: 2016 2017 2018 2019 Sjernarøyane, Ombo 100.000 600.000 Finnøy, Fogn, Talgje, Fisterøyane 500.000 300.000 300.000 Sjernarøyane og Ombo får då samla sett meir i tilskot, når ein tek høgde for befolkningsgrunnlaget. Dette kan forsvarast ut frå at eit slikt prosjekt har store faste kostnader, som er samanliknbare sjølv om stofftilfanget er større og eventuelt også sidetalet blir høgare for kultursoga i sør. Side 6 av 7
Konklusjon Rådmannen vurderer det slik at dei to kultursogeprosjekta bør behandlast likt når det gjeld kommunale tilskot. Kultursogeprosjektet i sør er potensielt så mykje større i omfang, at kommunal støtte til dei to prosjekta ikkje kan samanliknast krone for krone. Fordi kultursogearbeidet i Sjernarøyane og Ombo er kome så langt, konkluderer rådmannen med at heile tilskotet på 600.000 kroner bør arbeidast inn i budsjettet for 2018. Det må vurderast om midlane skal takast frå drift eller frå disposisjonsfond. Side 7 av 7