Ulstein kommune Postboks 143 6067 Ulsteinvik Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 2016/573 07.06.2016 41913/2016/REGULERINGSPLAN/1516 Johnny Loen, 71 25 82 88 14.07.2016 - Ulstein kommune - detaljregulering - reguleringsplan - Øvre Ringen gbnr 10/159 m.fl. - fråsegn til varsel om oppstart Møre og Romsdal fylkeskommune har ut frå sine ansvarsområde følgjande merknader: Barn og unge Jamfør plan og bygningslova 28-7 (den ubebygde delen av tomta/fellesareal), Teknisk forskrift (TEK10) 8-1 (uteareal) og 8-4 (uteoppholdsareal), skal ein gjennom planarbeidet sikre uteareal for felles opphald og leik på ein slik måte at dette arealet får tilstrekkeleg storleik, utforming og plassering i forhold til bygg, tilkomst og parkering. Utearealet skal vere eigna oppholdstad for bebuarar på bakkeplan. Samtlege einingar skal ha tilgang til arealet, som skal kunne nyttast av alle, vaksne som barn. Vi vil særskilt understreke plassering i forhold til bygg, fordi dette føreset at ein i reguleringsplankartet fastsett kor dei ulike planføremåla skal vere, gjennom avgrensing av dei ulike føremåla, samt bruk av byggegrense m.m. Det må innarbeidast rekkjefølgeføresegn som sikrar opparbeiding. Opparbeiding må vere knytt til ferdigattest for første bueining. Når det gjeld nærare utforming og plassering av areal for opphald og leik, rår vi til at ein ser nærare på utformingskrava i Rikspolitiske retningsliner for å styrke barn og unges interesser i planlegging/rundskriv T-2/08. Kapittel 1 inneheld dei generelle utformingskrava, t.d.: «5.a Arealer og anlegg som skal brukes av barn og unge skal være sikret mot forurensning, støy, trafikkfare og annen helsefare. 5b. I nærmiljøet skal det finnes arealer hvor barn kan utfolde seg og skape sitt eget lekemiljø. Dette forutsetter blant annet at arealene: er store nok og egner seg for lek og opphold, gir muligheter for ulike typer lek på ulike årstider, kan brukes av ulike aldersgrupper, og gir muligheter for samhandling mellom barn, unge og voksne». I kapittel 3, finn ein rettleiing kor desse krava er nærare konkretisert, t.d.: «5.a Arealer brattere en 1:3, eller smalere enn 10 meter, areal med ekvivalent støynivå over 55 db(a), areal avsatt til kjørevei, parkering, fareområder og areal belagt med restriksjoner som hindrer barns frie lek, skal ikke regnes med». Vi vil ha særleg merksemd på areal for dei minste borna. Vi minner om at kommunen i reguleringsplanen kan gi føringar for arealføremål som sikrar utforming i forhold til funksjonskrava for universell utforming, jf. plan- og Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde Besøksadresse: Telefon: 71 25 80 00 Telefaks: e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no
Side 2 bygningslova 12-7, punkt 4. Føringane kan omfatte alt i frå føringar gjennom overordna prinsipp ved utforminga av planen, til konkrete føringar for utforminga av utomhusareal og bygg m.m. Gjennom å vere bevisst universell utforming i planlegginga og i føringar for seinare byggeprosjekt, vil kommunen kunne sikre ein funksjonell meirverdi. Det er i oppstartvarslet vist til at ein ser positivt på framlegget mellom anna fordi det kan sikre opparbeiding av leikeaeral. Det betyr at areal som var tilrettelagt i gjeldande plan ikkje er opparbeidd. Reint planjuridisk er det likevel sikra som leikeareal. Vi er ikkje kjent med føresegnene i gjeldande plan (ikkje å finne i planregister på nett), men ut frå at planen er frå 1975 er desse neppe tilstrekkelege i dag. Ikkje mindre er dette det einaste leikearealet mellom Høddvoll og Holsekervegen og er derfor tenkt å skulle dekke eit større buområde enn berre det som no er varsla omregulering av. Dersom dette aeralet eventuelt vert redusert og i tillegg tilgjengeleg berre for bebuarar i ny plan, vil dette vere lite tenleg for det samla bumiljøet, og det vil i prinsippet fordre behov erstattingsareal for «dei andre». Ei moglege løysing på dette vil vere å gjere leikearealet offentleg. Vi registrerer at det er regulert eit offentleg leikeareal rett vest for stadion, men kjenner elles ikkje status for dette. Det er relevant å omtale også dette i planomtalen som må følgje planen. Dette brevet er elektronisk godkjent og vil ikkje bli utsendt i papir. Med helsing Ole Helge Haugen Fylkesplansjef Johnny Loen Plansamordnar Kopi: Statens vegvesen, Region midt Fylkesmannen i Møre og Romsdal, her
& w Fylkesmannen i Møre og Romsdal Saksbehandlar, innvalstelefon seniorrådgivar Kari Bjømøy, 7l 25 84 05 Vår dato t8.07.2016 Dykkar dato 03.06.2016 Vår ref. 201613387/KABJl42t.4 Dykkar ref. Ulstein kommune Pb. 143 6067 ULSTEI NVIK Ulstein kommune Detaljregulering - reguleringsplan Øvre Ringen gnr1 0 bnr1 59 m.fl Oppstart Fylkesmannen har ut frå sine ansvarsområde følgiande merknader: GENERELT Det er varsla oppstart av detaljregulering for nye bustader i Øvre Ringen. Detaljreguleringa omfattar hovudsakeleg omregulering av eksisterande bustadområde med tilhøyrande trafikkareal og grønstruktur. Målet med planen er eihøgare arealutnytting av området gjennom å bygge bustadblokker. Føremålet i kommuneplanen er bustader, og tiltaket er såleis i samsvar med planføremålet i overordna plan. Støy Støytilhøva må avklarast. Miljøverndepartementets Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging T-1442, med tilhøyrande rettleiar, skal leggast til grunn for all arealplanlegging o g utbygging. Barn og unge Fylkesmannen legg til grunn at barn og unge sine interesser blir tatt vare på, jf. $ 5-1 i plan- og bygningslova. Rundskriv T-2108 om barn og planlegging frå Miljøverndepartementet gir rammer for planarbeidet på dette området. Fylkesmannen i }l4øre og Romsdal har også ei eiga satsing på barn og unge sine oppvekstvilkår. Rikspolitiske retningsliner for å styrke born og unge sine interesser i planlegginga stiller krav til den kommunale planleggingsprosessen. Dette gjeld mellom anna krav til fysisk utforming av arcal for born og unge. I nærmiljøet skal det finnast areal der born og unge kan utfolde seg og skape sitt eige leikemiljø. Areala må vere store nok og eigne seg for leik og opphald, gihøve til ulike typar leik til ulike årstider, og kunne brukast av ulike aldersgrupper og gi høve for samhandling mellom barn, unge og vaksne. Bam sin aksjonsradius er avgrensa, og det er difor viktig at leikeareal er lett tilgjengeleg og at det er trygt å kome seg dit. Detbør vere gode soltilhøve, vere skjerma for sterk vind, forureining, støy o g trafikkfar e I anna hel sefare. Områdeleikeplassar er større områder med høve til aking, balleik, sykling og anna, og skal settast av der det blir etablert 20 eller fleire bueiningar. Innan ein avstand på 150 meter skal alle ha ein områdeleikeplass, og denne bør minst vere 1500kvm. Maksimalt 50 bueiningar kan vere felles om slik leikeplass. Postadresse: Postboks 2520 6404 Molde Telefon: '71 25 84 00 E-post: finmrpostmottak@flkesmannen. no Web: www. fu lkesmannen. no/mr Org.nr: 974'164 067
side2 av 2 Ein nærleikeplass er meint for dei aller minste barna, og skal settast av der det blir etablert 5 eller fleire bueiningar. Alle bueiningane skal innan 50 meter ha slik nærleikeplass på minimum 200 kvm. Maksimalt 20 bueiningar kan vere felles om leikeplassen, som skal vere utstyrt med minimum sandkasse, benk og eit leikeapparat. Eigna areal til leikeplass(ar) må vere sikra i plankart og føresegner? og leikeareal skal vere opparbeidd før første bustad kan takast i bruk. KONKLUSJON Vi viser til merknadene ovanfor, og ber om at det takast omsyn til desse i det vidare planarbeidet. Med helsing Lars Kringstad (e.f) fung. plansamordnar KanBjørnøy seniorrådgivar Kopi: Møre og Romsdal fylkeskommune Statens vegvesen Region midt Fylkeshuset Postboks 2525 6404 6404 Molde MOLDE Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.
Ulstein - Detaljplan - Detaljregulering for Øvre Ringen gbnr 10/159 m.fl. - Melding o... file:///c:/ephortepdf/ephortepdfdocproc/ephorte_ulstein/181957_fix.html Side 1 av 2 28.07.2016 Vi har ingen kommentarar til oppstart av deljregulering for Øvre Ringen anna enn at vi vil gjere merksam på at det går ein del lavspenningskablar gjennom reguleringsområdet, sjå vedlagde kart. Minst ein av kablane og eit kabelskap må vere intakt og i drift i byggeperioden, då den straumforsyner bustadar utanfor reguleringsområdet. Vennleg helsing Norleif Nordal Ingeniør Plan Mørenett AS +47 913 49 904 norleif.nordal@morenett.no Denne meldinga er berre meint for mottakaren, og kan innehalde fortrulege opplysningar eller annan privat informasjon. Viss du får denne meldinga ved ein feil, ver vennleg å varsle avsendar og slett originalen. Fra: vegard.ertesvag@ulstein.kommune.no [mailto:vegard.ertesvag@ulstein.kommune.no] Sendt: 7. juni 2016 10:34 Til: Anders.smith-ovland@mrfylke.no; vegard.ertesvag@ulstein.kommune.no; post@mrfylke.no; postmottak@fmmr.no; firmapost-midt@vegvesen.no; postmottak@ulstein.kommune.no; cecilie.roppen@ulstein.kommune.no; Sentralbord Fellespost <sentralbord@tussa.no> Emne: Ulstein - Detaljplan - Detaljregulering for Øvre Ringen gbnr 10/159 m.fl. - Melding om oppstart Denne e-posten inneheld plandokument sendt gjennom skjemaløysninga for oversending av plansaker på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi ber om at mottakar journalfører oversendinga og eventuelle vedlegg for vidare saksbehandling/dokumentasjon. For meir informasjon om skjema for oversending av plansaker, sjå Møre og Romsdal fylkeskommunes nettside. Ulstein - Detaljplan - Detaljregulering for Øvre Ringen gbnr 10/159 m.fl. - Melding om oppstart Dato 07/06 2016 Mottakarar post@mrfylke.no postmottak@fmmr.no
Ulstein - Detaljplan - Detaljregulering for Øvre Ringen gbnr 10/159 m.fl. - Melding o... file:///c:/ephortepdf/ephortepdfdocproc/ephorte_ulstein/181957_fix.html Side 2 av 2 28.07.2016 1.1 Kommune Ulstein 1.2 Avsenders referanse sak / arkiv nr. 2016/573 1.3 Avsender Kommunen selv 2. Prosess / frist 2.1 Plantype Detaljplan 2.2 Gjeld mindre reguleringsendring Nei firmapost-midt@vegvesen.no postmottak@ulstein.kommune.no cecilie.roppen@ulstein.kommune.no firmapost@tussa.no 2.3 Plannamn Detaljregulering for Øvre Ringen 2.4 G.nr. 10 2.5 B.nr. 159 m.fl. 2.6 Prosess nivå Melding om oppstart 2.7 Utvida varsel om oppstart Nei 2.8 Utgreiingar Uten planprogram 2.14 Høyringsfrist 10.08.2016 2.15 Plan-ID 20160003 3. Vedlegg 3.1 Oversendingsbrev Oversendingsbrev OEvre Ringen.pdf 3.2 Referat frå oppstartsmøte Referat oppstartsmoete oevre Ringen.pdf 3.3 Planavgrensing PDF Plangrense-oevre Ringen-grunnkart.pdf Plangrense-oevre Ringen-plan.pdf 3.9 Politisk behandling Saksframlegg og vedtak.doc 3.13 Utdrag overordna plan Kommuneplan - OEvre Ringen.pdf