å SUND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 22.06.2015 050/15 Saksansvarleg Arkiv Arkivsaknr Knut Ove Ekren N - 21 1 15/1094 - HØYRING - FINANSIERING AV PRIVATE BARNEHAGAR Saksutgreiing: Barnehagelova 14 angir kommunens plikt til å finansiere ikkje-kommunale barnehagar. Hovudmålet med ein finansieringsmodell er likeverdig behandling av kommunale barnehagar og ikkje- kommunale barnehagar innan for den enkelte kommune jfr. barnehagelova 14. tredje ledd. Kunnskapsdepartementet gav Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utgreie ein finansieringsmodell for finansiering av ikkje-kommunale barnehagar og utarbeiding av tilhørande forskrifter. Dei skulle sjå på forenkling av finansieringsordninga, og utgreie alternative modellar for å få eit breiare kunnskapsgrunnlag. Ein skulle og sjå på korleis løyse konstanterte skeivheter i dagens finansieringsordning: - vesentleg lågare pensjonskostandar i dei private enn i dei kommunale barnehagane - kapitalkostnadane i dei private barnehagane overstiger dei nasjonale satsane Bakgrunnen for dette er blant anna barnehageforliket i 2003, der føringar frå staten vart tydlegare, blant anna makspris på foreldrebetaling og økonomisk likeverdig behandling av ikkje-kommunale barnehagar i forhold til offentlege tilskot. Noverande reglar vart innført i 2011, då det vart det rammefinansiering av barnehagesektoren. Dei nye reglane gjorde at kommunane fekk auka rammetilskot. Kommunen har no ansvaret med å gje tilskot til dei private barnehagane, ut frå berekna satsar. Satsane vert berekna ut ifrå kommunens kostnader i dei kommunale barnehagane, og talet på born. Utdanningsdirektoratet sendte 22.mai ut forslag til to alternative finansieringsmodeller for private barnehagar på høring. Høyringsfristen er 20.august.2015. Alternativ 1: Dagens finansieringsmodell
I dagens modell er tilskotet til private barnehagar basert på utgiftene knytt til dei kommunale barnehagar i den enkelte kommune. Dette er ein kompleks modell som krev mykje arbeid for administrasjonen, private barnehagar og fylkesmannen. Dagens modell har på landsbasis vist seg vanskeleg å handtere og har skapt mykje usikkerhet og støy/klagebehandling. Modellen er fleire gongar sidan oppstart blitt justert for uheldige skeivheter. Vurdering: Fordelar med denne ordningar er: - Kommunen har reell påverknadsmoglegheit på kostnadar knytt opp mot tilskotet som bereknas til private. - Om dei kommunale barnehagane blir effektivisert, vil det redusere tilskotet til den/dei private barnehagane. - Kommunen har grunnlag for kontroll og sjølvstyre innanfor den samla barnehagesektoren. Ulemper med denne ordninga er: - Om dei kommunale barnehagane ikkje driv effektivt, vil det slå ut på høgare tilskot til den/dei private barnehagane. - Komplekse berekningar for tilskot som er arbeidskrevjande og store variasjonar i satsar mellom kommunar har medført mange klagar både til kommunane og Fylkesmannen. - Dagens modell gjev grunnlag for usikkerheit om satsane støttar formålet med likeverdig behandling av kommunale og private barnehagar. Alternativ 2: Nasjonale satsar med lokal tilpassing Denne modellen tek utgangspunkt i nasjonale satsar for tilskot til private barnehagar. Ein tek omsyn til lokale ulikheiter, knytt til bemanningstettleik (talet på vaksne pr. barn) og arbeidsgjevaravgift (ulike satsar). Denne modellen tek ikkje omsyn til pedagogtettleik, kommunestorleik og barnehagestorleik. Vurdering: Fordeler med denne ordninga er: - Små og store kommunale barnehagar kan driftast -uavhengig av tilskotssatsar. Ulike driftskostnadar i dei kommunale barnehagane påverkar ikkje grunnlaget for tilskotssatsar til private barnehagar. - Kommunen kan satse på kommunale barnehagar utan at det påverkar tilskotet til private barnehagar. - Det vert ein forenkla og føreseieleg prosess for administrasjonen og dei private barnehagane. Ulemper med denne ordninga er:
- Mogleikens økte kostnader for kommunar som driv effektivt. - Effektivisering i kommunale barnehagar gjev ikkje effekt i forhold til tilskot til private barnehagar. - Den einskilde kommune kan ikkje påverke dei nasjonale satsane og såleis tilskotet. Felles for begge finansieringsmodellane er at ein vil få endringar i grunnlaget knytt til berekning av pensjonskostnadar og kapitalkostnadar. I den nye finansieringsordninga vert pensjonskostnadene lagt til som eit sjablongtillegg på 14 %, som fastsettast i forskrift. Det vert og lagt opp til ein søknadsordning om ekstra tilskot ved høge pensjonskostnader iht. pensjonsavtalar som er inngått innan 2015. Kapitalkostnadene vert no tilrådd endra slik at ein berre vil nytte nasjonal sats frå 2016. Det vert ikkje valfritt slik det er i dag. Alle barnehagane er garantert ein minimumssats, med moglegheit for å søkje om høgare sats. Barnehagar som kan dokumentere vesentleg høgare kapitalkostnader og har ei nyare godkjenning, kan få høgare sats. Sund kommune nyttar i dag nasjonale satsar på kapitalkostnadene, lik 2/3 av landets kommunar. Både pensjons- og kapitalkostnader vert eit enkeltvedtak, og dei private barnehagane har klagerett. Fylkesmannen vert klageinstans i desse tilfella. I Sundvoll-erklæringa står det at Regjeringa vil innføre ein bemanningsnorm i barnehagane innan 2020. Dette inneber at alle barnehagar må oppfylle eit minstekrav til bemanning i barnehagane. Dette vil truleg medføre auka kostnadar, uavhengig av valt finansieringsmodell. Kva seier PBL og KS? PBL meiner at det i denne høringa er svært viktig at kommunen, i sine innspel til Utdanningsdirektoratet, er bevisst sin rolle som barnehagemynde. PBL har vore aktiv med i arbeidet for å få på plass ein ny finaniseringsmodell. PBL meiner at ein modell som tek utgangspunkt i nasjonale gjennomsnittlege utgiftar i kommunale barnehagar med lokale justering for blant anna bemanninga, i tråd med det eine forslaget i høyringsnotatet, er riktig veg å gå. KS meiner at det er ei reversering av dagens rammefinansiering av barnehagane dersom alle kommunane vert pålagt å bruke ein finansieringsmodell med nasjonalt fastsette satsar. For KS er det viktig at den nye finansieringsmodellen ivaretek at kommunane har ulike føresetnadar for drift av barnehagar og at inntektsgrunnlaget i kommunane er forskjellig. Nasjonale satsar vil innebere at den tredje største kommunale sektoren vert finansiert på andre måtar enn kommunenes ansvarsområder for øvrig, og at moglegheiten for å utøve lokale politiske prioriteringar blir svekka. KS ser samstundes at ein nasjonal sats med lokale justeringar kan vere ei ønska forenkling for mange kommunar. Ei ordning med nasjonale satsar kan difor vere frivillig, men det vil vere svært uheldig om den vert pålagt alle kommunar. Uavhengig av modell må skeivheitar for pensjon rettast opp i framtidig modell.
Økonomiske konsekvensar: Tilskotssatsar for 2015 byggjer no på endelege satsar for 2013, auka med kommunaldeflator (venta prisvekst) for 2014 og 2015. Dette var ein ny ordning gjeldande for år 2015. Forenklande for begge partar. På Udir (Utdanningsdirektoratet) sine heimeside knytt til høyringa om finansiering av private barnehagar er det eit rekneark for å kunne rekne ut alternative driftssatsar for ny modell ved nasjonale satsar. Denne modellen tek utgangspunkt i kostnad per plass justert med bemanningstettleik og pensjonskostnad. Nasjonale tall for bemanningstettleik er sat til 6,0 ( born/tilsette). Sund kommune har ein berekna bemanningstettleik på 6,6 (Basil- Inn rapportering for barnehagar finn ein desse grunnlagstalla). Jo høgare tal for bemanningstettleik ein kommune har, jo lågare grunnlag for tilskot. ( sjå vedlegg) Gjeldande tilskotssatsar til privat barnehage for år 2015. Tilskotssatsar for 2015 er 179.900,- for små born (i tillegg 9.500,- i kapital tilskot) Tilskotssatsar for 2015 er 88.487,- for stor born (i tillegg 9.500,- i kapital tilskot) Nasjonale satsar for 2015 er l97.600,- for små born ( i tillegg 9.500,- i kapital tilskot) Nasjonale satsar for 2015 er 96. 100,- for store born ( i tillegg 9.500,- i kapital tilskot) Det ligg føre forslag til endringar i kapitaltilskot frå 2016. Sats for 2015 er fast kr 9.500,- for kvart born. Ei omlegging i 2016 vil ta høgde ei auke utifrå byggets alder. Ein må pårekna ei auke i kapitaltilskot i framtida enn dagens satsar. Forslag i ny forskrift er i vedlegg.. Det er klart at kostnadane til kapitaltilskot vil kunne auke med nye reglar frå 2016. Dette vil vere gjeldande uansett kva modell ein vel. ( sjå vedlegg) Når det gjeld drifstilskot dagens modell, er ein avhengig av at kostnadane ut i frå rekneskapsmodellen held den budsjettramma som satsane bygg på. Den berekana bemanningsfaktor kommunen har vil også bli påverka av kor mange born det er i barnehagane mot kapasitet. Ikkje utnytta kapasitet vil truleg auka kostnadane Tilråding til vedtak: Med nye nasjonale satsar kan det sjå ut til at dei to finansieringsmodellane kan vere økonomisk likeverdig. Sund kommune vil likevel tilrå dagens finansieringsmodell, då kommunen i større grad kan påverke nivået på finansieringa av dei private barnehagane, ved effektiv kommunal barnehagedrift. 22.06.2015 Formannskapet Beate Husa sette fram nytt alternativt framlegg til 2. setning i tilrådinga:
Sund konzmune vil tilrå nasjonale satsar med lokal tilpasning. Det vert ein forenkla og føreseieleg prosess for administrasjonen i kommunen og for dei private barnehagane. 1. setning i tilrådinga vart vedteken samrøystes. Det vart deretter røysta alternativt over rådmannen si tilråding og endringsframlegget. Rådmannen sitt framlegg fekk 5 røyster, endringsframlegget fekk 2 røyster (Nils Kåre Skoge og Beate Husa). Eit framlegg om tilleggspunkt (pkt. 2) vart vedteke samrøystes. F- 050/15 Vedtak: 1. Med nye nasjonale satsar kan det sjå ut til at dei to finansieringsmodellane kan vere økonomisk likeverdig. Sund kommune vil likevel tilrå dagens finansieringsmodell, då kommunen i større grad kan påverke nivået på finansieringa av dei private barnehagane, ved effektiv kommunal barnehagedrift. 2. Formannskapet ber om at det vert sendt ei sak til Saksgruppe Levekår og nærmiljø for drøfting av punkta som KS spesielt peikar på i høve til avklaring rundt private vs. kommunale barnehagar: - pensjon - krav til deltaking i t.d. bmkarundersøkjingar - inntak av O-åringar Gjerne i dialog med KS.