ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR.'--SAKSGANG. -' R.f Styre, råd, utval m.v. Møtedato Saksnr PLAN Planutvalet 24.05.2011 096/11 Arkiv: K2-K53, K3-&18 Arkivsaknr: 08/2132-4 KONSESJON FOR OPPTAK AV SKJELSAND FOR ROSLAGEN AS Sakshandsamar: Råmund Skjold KORT OM SAKA: Hordaland Fylkeskommune har motteke to søknader frå Roslagen AS om forlenging av selskapet sine to konsesjonar for opptak av skjelsand i Øygarden kommune. Saka er sendt på uttale til kommunen. Rådmannen meiner at ein bør vurdere å ikkje gje forlenga konsesjon til opptak i Rongesundet grunna konflikt med støy og anna bruk av området. INNSTILLING TIL VEDTAK: Planutvalet har vurdert innhald i søknad om forlenging av konsesjon og auka årleg opptaksvolum av skjelsand på lokalitetar i Rongesundet og ved Langeskjæret. Planutvalet vil tihå at ein ikkje gjev forlenga konsesjon til opptak i Rongesundet. Bakgrunn for dette er opptak på lokaliteten over lang tid, og klager frå naboar om støy på kvelds- og nattestid når ein grabbar sand. Ein vil tihå at lokalitetane ved Langeskjær kan vidarefizfrast i neste 5 års periode. Opptaksvolum kan aukast som omsøkt frå 8000 m3 til 15.000 m3. Dersom det i merknader frå andre høyringsinstansar viser konflikt i høve nærleik til Greipingen naturreservat, må ein eventuell konsesjon justerast i høve dette. RONG, dato for rådmannen (e.f) Sakshandsamar: Råmund Skjold Kopi: Hordaland Fylkeskommune, Klima og naturressursavd. Postboks 7900, 5020 BERGEN
Skriv/fråsegner: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 27.06.2008 Hordaland fylkeskommune MELDING OM VEDTAK TIL SØKNAD OM KONSESJON FOR OPPTAK AV SKJELSAND FOR ROSLAGEN AS 2 I 02.07.2008 Hordaland fylkeskommune KONSESJON FOR OPPTAK AV SKJELSAND FOR ROSLAGEN AS 3 I 08.04.2011 Hordaland fylkeskommune HØYRING TIL SØKNAD OM FORLENGING AV TO SKJELSANDKONSES JONAR FRÅ ROSLAGEN AS 5 I 05.05.2011 Hordaland fylkeskommune STADFESTAR UTSETT v/jomar Ranghildstveit HØYRINGSFRIST I HØVE SØKNAD OM KONSESJON FOR OPPTAK AV SKJELSAND FOR ROSLAGEN AS AKTUELLE LOVER, FORSKRIFTER, AVTALAR M.M.: Kontinentalsokkellova SAKSOPPLYSNINGAR: Øygarden kommune har fått to søknader om forlenging og utviding av konsesjon for opptak av skjelsand på uttale. Konsesjonshavar er Roslagen AS, eit firma med adresse i Lindås kommune. Den eine konsesjonen gjeve i 2008 gjeld "Langeskjær Nord" og "Rongesundet", medan den andre konsesjonen vart tildelt i 2006 og gjeld "Langeskjær SørAust". Begge konsesjonane varer til 27.06.2011, og er søkt forlenga med 5 år til 27.06.2016. Skjelsanden skal ifølgje søknad brukast til jordbruksføremål og industri, og opptak skal skje med grabb. Sesong for opptak er året rundt, men mest om vinter og vår. Søkjar ynskjer å auke volum for årleg opptak frå 5000 m3 til 10.000m3 i Rongesundet, frå 3000 m3 til 5000m3 for "Langeskjær N" og frå 5000 m3 til 10.000m3 for "Langeskjær SØ" Søkjar meiner sjølv at det er godt med skjelsand på lokalitetane og at det ikkje skal vera kjente mteressekonflikter. Øygarden kommune har kunngjort saka på heimesidene/servicekontor i perioden 10. april til 1 mai. Det er ikkje motteke merknader. Formannskapet bad i mars 2011 administrasjonen leggje fram eit notat kring vilkår for opptak av skjelsand i Rongesundet. Dette med bakgrunn i fleire merknader om støy ved opptak på kvelds- og nattestid.
Innhald i notat til Formannskapet: "GJELD. SANDUTTAK I RONGESUNDET - STØYPROBLEM I NÆRMILJØET Formannskapet har bede administrasjonen undersøkja nærare konsesjonsvilkåra for uttak av sand i Rongesundet med siktemål å finna ut om aktivitet på kvelds- og nattetid er i tråd med desse. Det har kome klager frå nærmiljøet på plagande støy i desse tidsromma frå skjelsandbåten som ligg på same staden i Rongesundet, ikkje langt frå land. Det er fylkeskommunen som gjev konsesjon for skjellsandopptak. Administrasjonen tok kontakt 24. mars og snakka med Jomar Ragnhildstveit (Klima- og naturressursseksjonen). Vi har fått oversendt konsesjonsdokumentet til Roslagen AS, detaljkart over konsesjonsområdet i Rongesundet og kopi av opptaksjoumal for opptak i 2010, som viser dato og tidsrom for opptak. Det går fram at det ikkje er sett vilkår i konsesjonsdokumentet om opptakstider eller støy. Administrasjonen sendte følgjande e-post til fylkeskommunen vi Jomar Ragnhildstveit same dag 24. mars 2011: "Takkar for tilsendt informasjon. Saka har vore drøfta i formannskapet. Administrasjonen vil tilbakemelda: Øygarden kommune finn det ikkje tenleg at aktiviteten med sanduttak i Rongesundet føregårpå sein kvelds- og nattetid. Dette skapar mykje støy som plagar dei som bur nærast i Torsvik. Det har kome klager til kommunen på dette. Vi ber difor om at dei ansvarlege vert gjort merksam på tilhøvet og innrettar ei drift som ikkje uroar og støyar i nemnde tidsrom. Hadde dette vore ei verksemd på land med tilsvarande "støyutslepp ", er det tvilsamt om det hadde vore gitt løyve til slik aktivitet utover ei ordinær verketid på dagen. Øygarden kommune ber om ei tilbakemelding om kva som vert gjort med saka." Same dag mottok kommunen følgjande e- post frå Ragnhildstveit: "Her er tilbakemelding om kva som er gjort med saka: Har i dag snakka med Jon Fredrik Mostraum i Roslagen AS. Han opplyser at hovudsesongen for opptak av skjelsand varer framover til mai. Roslagen AS vil prøve å unngå opptak av skjelsand sein kvelds- og nattestid, og vil ha problematikken med støyutslepp i bakhovudet framover. Konsesjonsområdet i Rongesundet vert for det meste nytta når veret er for dårleg til å ta opp skjelsand andre stader. Roslagen AS har to båtarfor opptak av skjelsand. Det er ein stor båt (MS Straumvik) som det tek 35-36 timar å fylle opp, og ein mindre båt (MS Roslagen) som det tek ca 10-11 timar å fylle opp. Den minste båten har vore ute av drift sidan før jul, og difor har det vore ekstra mykje bruk av den store båten. Den minste båten vil no kome i drift att, og med den er det lettare å unngå opptak nattestid." Mostraum seier at det er ein del støy kvar gong grabben opnar seg, men også at det kan vere meir jamn motorstøy. I ein hektisk sesong frå januar til mai kan nok skjelsandopptakarane ofte ha det travelt med å greie å halde leveranseavtalar, og då vert det viktig å utnytte tida når veret er godt nok for opptak.
Mostraum seier i alle fall at han er innstilt på å tilpasse seg så godt som råd for at folka nærast i Torsvik skal få sein kvelds- og nattero. Vi får håpe det vert ein akseptabel situasjon for alle framover. " Dette er så langt det som er kartlagt i saka. Som det framgår er det ikkje sagt noko i konsesjonsvilkåra om opptakstider og støy. Samstundes har konsesjonsgjevar teke munnleg kontakt med selskapet. Sesongen varar fram til mai og er hektisk. Snart vil ein mindre båt som ei tid har vore ute av drift, verta sett inn i Rongesundet. Med denne på plass opplyser selskapet at det vert lettare å unngå opptak nattestid. Selskapet skal etter beste evne prøva "...å tilpasse seg så godt som råd for at folka nærast i Torsvik skal få sein kvelds- og nattero." VURDERING: Norges Geologiske Undersøkelser (NGU) gjorde i 1995 ei grundig kartlegging av skjelsandførekomstane i Øygarden kommune. Samla ressurs for kommunen vart estimert til 20,5 mill m3 sikker forekomst og 15,8 mill m3 usikker førekomst. Det vart flinne omlag 70 "felt" med ulik mengde sand. Kvaliteten på sanden er noko varierande, men nokre av felta har svært god kvalitet, medan andre har dårlegare. Ein snakkar då om meir finmateriale, innblanding av evje, stein osv. Grunne skjelsandbankar der straum og bølgjer har vaska vekk finmaterialet får ein grovkorna sand som er svært etterspurt. Området i Rongesundet er i 1995 vurdert til å ha 720.000 m3 med sikker førekomst av sand. I rapporten står det av ein ved avlesing av seismikk kan sjå lydlege grabbegroper etter uttak av sand. Dette er 16 år sidan og har ein nytta konsesjonen er det etter 1995 tatt opp omlag 80.000 m3 fram til i dag. Roslagen jmskjer å auke årleg konsesjonsvolum til 10.000 m3 - noko som teoretisk kan tømme området på vel 60 år. Skjelsand er ein ikkje fornybar ressurs og sjølv om Øygarden har mykje sand, vil ein i eit langt perspektiv kunne redusere mengda betydeleg. Dei to områda ved Langeskjær er vurdert til å ha ei sikker førekomst på 450.000 m3 sand av god kvalitet. Roslagen har her søkt om å auke volum frå 8000 m3 til 15.000 m3. Teoretisk har ein då sand til 30 år med uttak. Ein veit i dag lite om kva effekt uttak av skjelsand har på livet i sjøen i dei aktuelle områda. Ein veit heller ikkje mykje om effekt på sjøfugl. Øygarden kommune har fått fleire merknader (ikkje til denne konkrete saka) som går på bekymring for livet i havet ved grabbing - der ein samanlikar det med å grava opp jord frå myrer/enger og kjøra det bort frå kommunen. Ein meinar vidare at dette i eit langsiktig perspektiv ikkje kan halde fram. Opptak av skjelsand har vore ei tradisjonsrik næring i kommunen og vi har forståing for ynskje om opptak av skjelsand, men meiner ein veit for lite om langsiktige verknader. Vi meiner og at fylkeskommunen burde hatt ein meir langsiktig strategi på opptak av skjelsand dvs kor mykje som kan takast opp i eit lengre perspektiv. Ein bør og ha ei meining om kor mykje sand ein skal kunne ta opp på ein lokalitet, før ein seier stopp/tar ein pause. Me meiner at lokaliteten i Rongesundet kan ha godt av ein pause, med bakgrunn i opptak over lengre tid og klage frå naboar i høve støy. Rongesundet har gode straumtilhøve, og har frå gamalt av vore ein god fiskeplass. Vi har forståing for at Rongesundet er ein god lokalitet når veret tilseier at ein ikkje kan grava på vestsida, men slik vil det og vera i framtida. Dersom Fylkeskommunen ikkje gjev konsesjon til vidareføring av området i Rongesundet, vil ein ved revisjon av kommuneplanen tilbakeføre planføremål til fleirbruksområde i sjø.
Roslagen har pr i dag løyve til å ta opp 13.000m3 på dei tre lokalitetane. Det bør ikkje vera sjølvsagt at konsesjonsvolumet skal nær doblast. Øygarden kommune tilrår difor at opptak på lokaliteten "Langeskjær N" kan vidareførast i neste 5 års periode, og at opptaksvolum kan aukast frå 3000 til 5000 m3. Vidare vert det tihådd at ein i området "Langeskjær SØ" kan auke volum frå 5000 til 10000 m3. Dette gjev Roslagen samla eit auka konsesjonsvolum. Dersom Fylkeskommunen i høyringa av søknaden skulle frå opplysnmgar eller vurderingar frå andre myndigheiter som tilseier at lokalitetane ved Langeskjær ikkje bør få auka opptaksvolum, stiller Øygarden kommune seg bak dette. Vi tenkjer særleg på nærleik til Greipingen naturreservat, og vurdering frå Fylkesmannen si miljøvernavdeling.
Skjelsandkonsesjon 125904 Roslagen AS
Skjelsandkonsesjon 125904 Roslagen AS 270400 270500 270600 270700 270800 270900 271300 271 271500
Skjelsandkonsesjon 125904 Roslagen ÅS 275600 276700 276800 276900 276000 276200 276300 276600 276600 276700 276800