FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet 12.11.2013 048/13 Sakshandsamar: Steinar Furnes Arkiv: ARP-20130106, K2-L12 Objekt: Arkivsaknr 13/1009 ENDRING AV PRIVAT REGULERINGSPLAN FOR BREIVIKA SMÅBÅTHAMN. PLANID 20010106. OFFENTLEG ETTERSYN. Kva saka gjeld: På vegne av Breivika båthamn fremjar Kinn Arkitektar AS endring av reguleringsplan for Breivika småbåthamn vedteken i 2001. Planforslaget vil endre utforminga av reguleringsplan Breivika Småbåthamn når det gjeld moloanlegget i vestre del. Administrasjonen har tilrådd oppstart av planarbeidet. Det vert ikkje kravd konsekvensutgreiing eller planprogram for gjennomføring av reguleringssaka. Båthamna har vore utsett for skadar etter kraftige stormar og uver dei seinare åra. For å skjerme hamna betre har det vore planlagt fylling mellom "moloøya" og stranda i nordre del av anlegget, og etablering av bølgevern med forlenging av hovudmoloen. Ein naurskadetakst tilrår attfylling for å verne hamna mot framtidige skadar. For dette arbeidet har det vore søkt dispensasjon frå plan. Naboar har klaga på dispensasjonssøknaden bl.a. fordi den er i strid med gjeldande plan. Kommunen har i sak 135/13 gjeve midlertidig dispensasjon til flytande bølgebrytar og dispensasjon frå reguleringsplan til ferdigstilling av vernemur, for så langt som mogeleg ivareta tryggleiken for/i anlegget. Med bakgrunn i føringane som vart lagt i godkjenninga av bystyret ved handsaming av reguleringsplanen, har kommunen kravd at evt. endringar av planen skal gjennomførast som ei vesentleg reguleringsendring. Formål med planendringa er å legge til rette for permanent utviding av skjermingstiltak/moloanlegg mot vest og nord og såleis trygge anlegget mot naturkreftene. Framlegget til endring av reguleringsplanen er datert 26.08.13. FRAMLEGG TIL VEDTAK: Plan- og miljøutvalet viser til saksutgreiinga og godkjenner at framlegg til endring av moloanlegget i Breivika småbåthamn, PlanID 20010106, dat. 26.08.13, vert utlagt til offentleg ettersyn etter PBL 12-09, 12-10 og 12-11.
12.11.2013 PLAN- OG MILJØUTVALET Røysting: Tilrådinga vart samrøystes vedteken. PMUV-048/13 VEDTAK: Plan- og miljøutvalet viser til saksutgreiinga og godkjenner at framlegg til endring av moloanlegget i Breivika småbåthamn, PlanID 20010106, dat. 26.08.13, vert utlagt til offentleg ettersyn etter PBL 12-09, 12-10 og 12-11. Terje Heggheim Rådmann Rolf Bjarne Sund plansjef
Innleiing: På vegne av Breivika båthamn fremjar Kinn Arkitektar AS endring av reguleringsplan for Breivika småbåthamn vedteken i 2001. Planforslaget vil endre utforminga av reguleringsplan Breivika Småbåthamn når det gjeld moloanlegget i vestre del. Administrasjonen har tilrådd oppstart av planarbeidet. Det vert ikkje kravd konsekvensutgreiing eller planprogram for gjennomføring av reguleringssaka. Båthamna har vore utsett for skadar etter kraftige stormar og uver dei seinare åra. For å skjerme hamna betre har det vore planlagt fylling mellom "moloøya" og stranda i nordre del av anlegget, og etablering av bølgevern med forlenging av hovudmoloen. Ein naurskadetakst tilrår attfylling for å verne hamna mot framtidige skadar. For dette arbeidet har det vore søkt dispensasjon frå plan. Naboar har klaga på dispensasjonssøknaden bl.a. fordi den er i strid med gjeldande plan. Kommunen har i sak 135/13 gjeve midlertidig dispensasjon til flytande bølgebrytar og dispensasjon frå reguleringsplan til ferdigstilling av vernemur, for så langt som mogeleg ivareta tryggleiken for/i anlegget. Med bakgrunn i føringane som vart lagt i godkjenninga av bystyret ved handsaming av reguleringsplanen, har kommunen kravd at evt. endringar av planen skal gjennomførast som ei vesentleg reguleringsendring. Formål med planendringa er å legge til rette for permanent utviding av skjermingstiltak/moloanlegg mot vest og nord og såleis trygge anlegget mot naturkreftene. Framlegget til endring av reguleringsplanen er datert 26.08.13. I samband med kunngjering om planoppstart er det komne inn følgjane merknader som er vurdert og kommentert av søkjar: Eli Sande: Motset seg attfylling mellom moloøy og land. Meiner det vil føre til auka trafikk framfor sin eigedom. Hevdar også at det vert dårlegare vassgjennomstrømning som vil føre til auka forurensing i hamna. Kommentar: Planleggar kan ikkje sjå at det er grunnlag for å hevde trafikkauke. Landfast moloøy vil i alle høve vere lite eigna som opphaldsstad. Rapport frå Fjord-Lab AS om vassgjennomstrøyming syner at straum ikkje vert påverka av attfylling. Eventuell forurensing vil ikkje auke som følgje av tiltaket. Motset seg forlenging av molo vestover som bølgevern. Hevdar at anlegg vil vere visuelt skjemmande og er skeptisk til at tiltakshavar vil gjennomføre tiltaket på ein estetisk god og strategisk måte. Kommentar: Moloen vil ikkje vere høgre enn eksisterande molo og skal ikkje lyssettast utover kva som er naudsynt i høve trafikktryggleik. Moloen er eit vesentleg element for å sikre Breivika Båthamn mot skadar. Planleggar kan ikkje sjå at den vil føre til vesentlege ulemper for klagar. Mary Pedersen: Motset seg utviding/forlenging av molo. Vil føre til verditap for hennar eigedom p.g.a. nedbygging av sjøutsikt. Hevdar vidare at ein molo vil tvinge båtar for nær land på nordsida, noko som vil hindre opplagring av båtar i bøye og bading. Påpeikar også at endringa må behandlast som vesentleg endring av plan. Kommentar: Frå eigedom på land vil ein ha sjøutsikt over planlagt molo. Moloen vil ikkje vere høgre enn eksisterande. Båttrafikk inn i båthamna rundt planlagt moloutviding skal styrast slik at den ikkje kjem for nær land. Klagar har tidlegare fått tildelt båtplass i hamna som kompensasjon for eventuell ulempe med opplagring av båt i bøye. Endringa vert handsama som reguleringsendring av detaljreguleringsplan.
Flora kommune. Teknisk Drift og Prosjektleiing : Forlenging av molo som bølgevern vil komme i konflikt med kommunale utsleppsleidningar. Teknisk Drift skal godkjenne plan for utføring med flytting avløpsledning og krev at tiltakshavar kostar arbeidet. Kommentar: Teknisk plan for flytting av utløpsledning vil bli framlagt for Teknisk Drift og Tiltakshavar vil ivareta arbeidet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Natur og Miljø: Tilrår bruk av flytande bølgedempar som alternativ til utfylling for å minske negative verknadar for m.a. naturmiljø og landskap. Peikar på diverse tema som planomtalen skal gjere greie for. Kommentar: Tiltakshavar tenkjer seg utfylling dersom det lukkast å få tildelt fyllmassar etter utsprenging av innseglinga til Florø hamn. Alternativet vil vere bruk av tunge flyteelement. Utgreiingstema vert omtalt i kap.2. Beredskapseininga: Presiserer krav til ROS-analyse. Kommentar: ROS-analyse vert utarbeidd i kap. 4 ved sjekkliste med kommentar ved aktuelle tema. Plan- og bygningslova 12-11 legg opptil at kommunen kan tilrå eller avslå om det skal kunne settast i gang planarbeid som omsøkt. I denne saka har administrasjonen tilrådd at planarbeidet vert igangsett slik at det kan gjennomførast nødvendige tryggingstiltak for båthamna. Planutvalet kan avslå at planarbeidet vert gjennomført, men det mest realistiske i denne saka vil vere evt. å sette andre premissar for dei planlagte tryggingstiltaka enn det som framgår av planframlegget slik det ligg føre. Vurdering: Administrasjonen har ikkje vesentlege merknader til planendringa eller til den vurderinga av innkomne merknader som så langt er gjort av søkjar. Administrasjonen merkar seg at permanent flytande skjermingstiltak kan bli vurdert, og ser for så vidt på dette som eit alternativ som bør inngå i vurderingsgrunnlaget. Det er imidlertid klart at slike konstruksjonar er driftsteknisk krevjande, og kan ved dårlege vedlikehald og tilsyn medføre store følgjeskader også for øvrige anlegg og omgjevnader. Området er sterkt ver- og stormutsett, og administrasjonen vil i utgangspunktet ikkje gå mot den permanente løysinga for moloanlegget som det her er lagt opp til i planframlegget. Rapporten frå Fjord-Lab AS om vassgjennomstrøyming syner dessutan denne ikkje vert vesentleg påverka av attfyllinga, og at evt. forurensing vil ikkje auke som følgje av tiltaket. Administrasjonen kan ut frå ei samla vurdering tilrå at planframlegget vert utlagt til offentleg ettersyn. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Prenta/uprenta vedlegg: Nr T Dok.dato Til/Frå Tittel Vedlagt (x) 1 I 13.05.2013 Kinn Arkitekter AS Varsel oppstart reguleringsendring Breivika Småbåthamn 2 I 14.06.2013 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fråsegn til varsel om planoppstart for reguleringsendring - Breivika Småbåthamn 3 I 27.08.2013 Kinn Arkitekter AS Reguleringsendring Breivika Småbåthamn. ID: 20010106 Kopi til: Kinn Arkitekter AS Pb. 531 6901 FLORØ