DEN GODE SKULEN I FORSAND. Rapport frå prosjektgruppa, skuleåret 2016/17

Like dokumenter
Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Ungdomstrinnsatsinga

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

SAMARBEID HEIM OG SKULE

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Elev- og lærlingombod i HFK

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Rådmannsutvalet Førde

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Pedagogisk plattform

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Årsmelding for Urhei barnehage

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Ny 9a- Eit trygt. og godt skulemiljø. Kvinnherad kommune - rutinar. Anne Sofie Bjelland Kjeka KVINNHERAD KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Anne-Grete Gjerdevik Ap Ingen

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Til stades: Representant elevrådet 2, nestleiar. Representant undervisningspersonale 1

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

UTVIKLINGSPLAN FOR NESSE OPPVEKSTSENTER

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Barnerettane i SKULEN

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Internkontroll vedkomande elevane sitt skulemiljø kap 9a i opplæringslova

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Saksnr Utval Møtedato Ud-8/13 Utdanningsutvalet

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø

VFL Lom kommune. Vart kasta inn i prosjektet, lita tid til planlegging derfor litt tilfeldig organisering og val av kompetansemiljø.

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Skuleåret 2017/2018.

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Øystese barneskule April - 08

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse»

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Transkript:

SAMANDRAG I juni 2016 vedtok kommunestyret at det skulle setjast i verk eit prosjekt for «den gode skulen i Forsand». Prosjektgruppa har spesielt arbeidd med å betra kommunikasjonen mellom partane i skulen og ser godt konstruktivt samarbeid mellom tilsette, elevar og foreldre som avgjerande for god skuleutvikling. TILRÅDINGAR FRÅ GRUPPA For å utvikle ein god skule på Forsand bør ein: DEN GODE SKULEN I FORSAND Rapport frå prosjektgruppa, skuleåret 2016/17 a) Styrkja samarbeidet mellom partane i skulen gjennom gjensidig forplikting b) Utvikla gode system for informasjonsflyt c) Få på plass overordna verksemdsplan og årlege handlingsplanar, lagt ut på heimesida d) Leggja vekt på godt tilpassa og variert undervisning der og elevane har medverknad e) I større grad utvikla felles system, prosedyrar og praksis, lagt inn i skulen sitt årshjul, tilgjengeleg på heimesida f) La samarbeidsutvalet (SU) vera ein sentral arena for utviklingsarbeid, drift og samhandling g) Skulen må aktivt søkja samarbeid med andre skular Gjennom eit felles utviklingsarbeidet med «Vurdering for læring» kan ein saman arbeida mot desse måla. Gruppa vil rå til at Samarbeidsutvalet (SU) får ei meir sentral rolle, både når det gjeld utvikling av skulen som organisasjon, fagleg utvikling og eit godt og trygt læringsmiljø for alle elevane.

Bakgrunn Rådmannen la i kommunestyremøte 15. juni 2016 fram eit forslag om å etablere prosjektet «Den gode skulen i Forsand». Kommunestyret slutta seg til forslaget ved å ta det til orientering. I saka til kommunestyret skisserte rådmannen rammene for prosjektet med å peika på sentrale tema: Skule-heim samarbeid Rolleavklaringar - rolleavklaringar, skuleeigar, skuleleiar, tilsette, føresette Kultur meir open kultur Informasjon Det var ønskeleg med ei breitt samansett prosjektgruppe med representantar frå alle partane i skulen. Ragnvald Riis vart engasjert som skulefagansvarleg og fekk i oppgåve å leia prosjektet. Etablering av prosjektgruppe I etableringsfasen takka FAU nei til å vera med i gruppa. Skuleeigar hadde eit strekt ønske om å ha med representantar frå FAU. Ein engasjerte derfor Organisasjonspsykologane Bjørnson med siktemål om å finna ein felles forståing som kunne føre til at FAU ville vera med i prosjektgruppa. Dei hadde fleire møte med partane, og 27. oktober vart det halde eit dialogmøte mellom FAU, skuleeigar og skuleleiinga på Forsand skule. FAU valde likevel å ikkje ha representantar i prosjektgruppa. Men FAU ønska å bli halde løpande orientert om arbeidet med «Den gode skulen». Prosjektleiaren har derfor delteke på dei fleste møta i FAU, og har hatt jamleg kontakt med FAU-leiaren for utveksling av informasjon og drøftingar av framdrifta av prosjektet. Prosjektgruppa vart etablert på møte 29.11.16 med følgjande medlem: - Ingunn Varhaug, skuleleiinga - Ingeborg Søyland, skuleleiinga - Udda Kjærvoll, rep. for dei tilsette - Gunleif Haukelid, politisk skuleeigar - Ragnvald Riis, adm. skuleeigar og prosjektleiar Gruppa vart seinare utvida med desse medlemmane: - Torill Idland, førebyggjande teneste - Liv Kristin Eggen, rep. for småskuletrinnet - Kate Elisabeth Larsen, rep for mellomtrinnet - Marit Oaland Guse, rep for andre tilsette Skule-heim samarbeid Prosjektgruppa har hatt 6 møte. Eit av møta (08.12.16) var fellesmøte mellom FAU og prosjektgruppa «Den gode skulen i Forsand». Dette møte hadde fokus på å finna fram til «kvar skoen trykkjer» og kva som vil vera viktige utviklingsområde framover. Møtet konkluderte med 5 viktige punkt: Hyppig og grundig informasjon er viktig. Det er skulen sitt ansvar å få til eit godt foreldresamarbeid. Skuleleiinga må bli meir synleg og sjå foreldra som ein ressurs. Foreldra må vera nøye på å ikkje «snakka ned» skulen. Likeins må skulen vera nøye på å unngå negativ foreldreomtale. Arbeidet med å laga ein god plan for godt foreldresamarbeid må prioriterast! Prosjektgruppa valde etterpå å prioritera arbeidet med å laga ein plan for heim-skulesamarbeid. Det vart sett med ei arbeidsgruppe med to representantar frå FAU, Irene Thu og Anne Landsom, to lærarrepresentantar frå skulen, Kate Elisabeth Larsen og Liv Kristin Eggen, og Ragnvald Riis som representant frå skuleeigar. Denne arbeidsgruppa har laga forslag til plan for Heim-skule samarbeid. Planen vart lagt fram og drøfta på møte i prosjektgruppa 20.april, og vart sendt ut på høyring med frist 16. mai. Innspel i høyringsprosessen vart presentert for prosjektgruppa 23. mai, og

planen vart så sendt vidare til skulen sitt samarbeidsutval for endeleg vedtak der. Planen følgjer som vedlegg til denne rapporten. Ope dialogmøte 16. mars 2017 gjennomførte gruppa eit ope dialogmøte for alle føresette, dei tilsette på skulen, og skuleeigar. Ein var godt nøgd med frammøte (ca. 60 personar) og engasjementet. Møte starta med eit inspirerande innlegg frå elevrådsleiaren, før deltakarane sette i gang med gruppearbeidet. Arbeidet var todelt, i første del skulle deltakarane individuelt og i grupper vurdera kva ein ser på som viktige kjenneteikn på ein god skule i Forsand. Deltakarane trekte her fram tryggleik, gjensidig respekt, engasjement, informasjon, motivasjon, tilrettelagt undervisning for alle, og gode system og strukturar, som viktige faktorar for å få ein god skule. I del 2 av møtet brukte ein SWOT-analyse for å få fram diskusjon og dialog om korleis ein skal skapa «Den gode skulen» Engasjementet i gruppene vart stort. Oppsummert kan ein seia at deltakarane meiner at «eit lite skulemiljø» der alle kjenner kvarandre både er ein styrke, og samstundes ei utfordring. Ein av deltakarane sa: «Det er positivt når det går godt, men vanskeleg dersom det vert konfliktar». Av skulen sine sterke sider var det som oftast blei trekt fram at Forsand skulen har flinke, engasjerte tilsette med høg kompetanse, og at samarbeidet mellom kontaktlærarane og foreldra er godt. Av negative faktorar blei mangel på system og rutinar, mykje mobbing, for lite informasjon, lite tydeleg leiing og ulik praksis frå klasse til klasse trekt fram. For å få til ein betre skule anbefalte møtedeltakarane klarare planar, meir informasjon, bruk av foreldra som ressurs, meir samarbeid på tvers av trinn, og samarbeid med andre skular (erfaringsutveksling og nettverk). For å hindre ei negativ utvikling må skulen, etter råd frå deltakarane, leggje vekt på open dialog og god informasjon, internt og overfor foreldre og skuleeigar. Skulen må framstå med klarare rutinar, leiingsstruktur og ansvarsforhold. Alle partar, tilsette, foreldre, elevar og skuleeigar, har eit felles ansvar for å byggja opp eit godt omdømme av skulen. Prosjektgruppa fekk mange nyttige og konstruktive innspel på dette møtet, og takkar for stort engasjement og positiv vilje til å utvikla en god skule. Speed-dating Skulefagansvarleg inviterte i perioden desember-februar alle dei tilsette på skulen (ca. 50 personar) til speed-dating. Over 90% av dei inviterte møtte. På førehand vart dei tilsette bedne om å tenkja gjennom: * Kva meiner du er skulen sine beste sider? * Kva er det viktigaste som må til for å forbetra skulen? * Kva er dei største hindringane for at vi skal utvikle «den gode skulen»? Samtaletida var 15 min, og det viktigaste var at dei tilsette fekk sagt det dei sjølv ønska å fortelja om arbeidsplassen sin. Det som vart fortald vart sjølvsagt helde fortruleg mellom skulefagansvarleg og den tilsette. Etter at alle samtalane var ferdige laga skulefagansvarleg ei oppsummering ut frå 4 punkt: Arbeidsmiljø, Leiing, Foreldresamarbeid, Fagleg samarbeid. Flest positive utsegn vart registrert under kategorien arbeidsmiljø (91,2%). For dei andre kategoriane var fordelinga mellom positive og negative utsegn jamnare. Skulefest Skulen gjennomførte 21. februar ein «Skulefest» for elevar, elevane sine føresette og søsken, og dei tilsette. Arrangementet var svært godt besøkt, og tilbakemeldingane var at dette var eit vellukka arrangement som byggjer opp under eit godt skulemiljø. Prosjektgruppa vil tilrå at ein lagar eit slik arrangement årleg, gjerne som eit tiltak som skulen sitt samarbeidsutval (SU) står for.

Rettleiing frå Utdanningsdirektøren Kommunen v/rådmann og skulefagansvarleg har hatt 2 møter med Utdanningsdirektøren hos Fylkesmannen. Desse har vore ei oppfølging av Fylkesmannen sitt tilsyn i 2015 om skulen sitt arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Av dei pålegga som vart gjevne etter tilsynet står nå berre eit pålegg att, å utarbeida vurderingskriterier og sikre elevane sin rett til å kjenne til kva som vert vektlagt i vurderinga av kompetanse, og kva som er grunnlag for vurderinga. Dette skal framgå i dei lokale læreplanane, og vera ein del av den individuelle undervegsvurderinga. Skulen har fått frist til 1. desember 2017 med å lukke dette avviket. I møta med Utdanningsdirektøren har ein og drøfta og fått råd/rettleiing i høve til å betra den gjensidige tilliten mellom FAU og skulen. Nettverksbygging Sidan Forsand skule er den einaste skulen i kommunen, har ein sett behov for å få eit sterkare samarbeid med andre skular. Mellom anna har rektor gjennom fleire år vore med i «Ryfylkenettverket». Skulefagansvarleg har teke kontakt med Sandnes kommune med ønske om eit nærare samarbeid og erfaringsutveksling både innan drift og utviklingsoppgåver. Rektor og skulefagansvarleg har vitja Høle skule og fått ei god innføring i korleis ein driv der. Ein har og teke del i ulike konferansar og møter i Rogaland, og hatt eit godt og nyttig samarbeid på kommunalt nivå med kommunane i region Midt (KS- kommunenettverk). Informasjon Ein har informert om prosjektet «Den gode skulen i Forsand» på kommunen og skulen sine heimesider, på kommunen si Facebookside, og på ulike møte. Prosjektet har og vore omtala i lokalavisa. Rektor og skulefagansvarleg har hatt møte med skulen sitt elevråd, orientert om prosjektet «Den gode skulen» og bede om innspel på kva elevane meiner er viktig for å ha ein god skule. Prosjektgruppa rår til at tema «den gode skulen» vert drøfte fast med elevrådet minimum ein gong pr. år. Det vil gje elevrådet sine representantar i SU betre bakgrunn til aktivt å bidra i drøftingane med skuleleiing, representantar frå tilsette, foreldrerepresentantar og politisk representant i SU. Ein har og orientert om innhald og framdrift av prosjektet for skulen sine tilsette, i samarbeidsutvalet og kommunestyret. Råd og anbefalingar Prosjektgruppa meiner at vi har fått ein god oversikt over skulen i Forsand sine sterke og svake sider. Mykje er bra, og det må takast vare på, ikkje minst partane sitt engasjement for ein god skule, og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. Det er eit godt utgangspunkt for god, positiv skuleutvikling. Samstundes har ein erfart at det på nokre område er rom og moglegheiter for forbetringar og vidare utvikling. Gruppa vil i denne samanheng trekkja fram følgjande: a) Det må arbeidast aktivt og systematisk med å styrke samarbeidet mellom partane i skulen, elevar, foreldre, tilsette og skuleleiing. Det må gjerast gjennom gjensidig forplikting, tydelege strukturar og samarbeidsarenaer prega av gjensidig respekt og tillit. Den nye plane for Heim Skule samarbeid kan vera eit godt grunnlag for dette arbeidet. b) Prosedyrar og gode system for informasjonsflyt må vidareutviklast, både når det gjeld generell informasjon, og løpande informasjon frå skulen til føresette på klassenivå og individuelt. Skulen bør laga eit forslag til rutinar for dette, som vert drøfta og vedteke i Samarbeidsutvalet. c) Skulen har arbeidd mykje med lokale læreplanar, etter tilsynet frå Fylkesmannen. Ei naturleg vidareføring av dette er det planlagde utviklingsarbeidet mede «Vurdering for læring». Etter kvart bår skulen og starta med ein brei prosess for å få på plass ein god overordna verksemdsplan, med visjon og overordna, langsiktige mål for skulen. Alle partar i skulen bør delta i dette arbeidet, og planen må til slutt vedtakast i Samarbeidsutvalet. Den

overordna planen (gjerne med eit 4-5 års perspektiv) må så konkretiserast og operasjonaliserast med tiltak for kvart år i ein eigen handlingsplan/årsplan. Alle planar bør leggjast ut på skulen si heimeside. d) Skulen må leggje vekt på godt tilpassa og variert undervisning. I samsvar med intensjonane i opplæringslova og forskrifter skal skulekvardagen gi rom for at elevane skal få medverknad i eiga læring. Gjennom deltaking i prosjektet «Vurdering for læring» vil skulen få utvikla kompetanse og god praksis på dette feltet. e) Det har frå fleire hald blitt peika på det er for stor skilnad på praksis frå klasse til klasse. Sjølv om det på papiret er nedfelt felles rutinar, er ikkje desse alltid følgd godt nok opp av alle tilsette. Gruppa rår til ei gjennomgang på dette feltet for å få på plass system og rutinar der dette manglar. Leiinga, i samarbeid med rådsorgana, må sørger for at slike dokument vert levande, og følgd opp av alle. Skulen bør laga eit årshjul på heimesida der ein finn lenker til rutineomtalar, planar og andre dokument som kan vera til god informasjon for tilsette og føresette. f) For å styrke skuledemokratiet, medverknad og ein god dialog om «den gode skulen» vil vi rå til at Samarbeidsutvalet (SU) vert ein sentral arena for utviklingsarbeid, drift og samhandling. Ein må vurdera forholdet mellom rektor sin delegerte mynde opp mot nytten av brei medverknad gjennom SU. Viktige saker som planar, prosedyrar og prioriteringar av tiltak mm bør leggjast fram for SU og endeleg vedtakast der. g) Skulen bør aktivt søke erfaringsdeling og kompetanse i forpliktande nettverk med andre skular, både når det gjeld pedagogisk utvikling, fagsamarbeid og leiing. Til slutt I kommunestyresaka 56/16, der kommunestyret slutta seg til rådmannen sitt forslag om prosjektet «Den gode skulen i Forsand», står det at prosjektperioden er fram til sommaren 2017. Gruppa sluttar derfor av arbeidet om meiner at ein gjennom dialog med skuleleiing, foreldre, tilsette, elevar og skuleeigar har lagt eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med ein god skule i Forsand. Gjennom å bruke dei ordinære samarbeidsformene og møteplassane partane i skulen har (Foreldreråd/FAU, Elevråd, Avdelingsmøte for tilsette, Drøftingsmøte med tilsette sine tillitsvalde, Skulemiljøutval og Samarbeidsutval), kan ein saman utvikla ein god skule for alle elevane i Forsand. Det vil og vera viktig at skuleeigar aktivt legg til rette for god skuleutvikling gjennom å setja mål for skulen og støtta opp om arbeidet som alle aktørane på skulen gjer. Ikkje minst er arbeidet med tilstandsrapport/kvalitetsmelding eit godt høve for skuleeigar til å koma i dialog med aktørane i skulen, og utøva eit aktivt skuleeigarskap. Gruppa takkar for oppdraget. Forsand, 23 mai 2017 Liv Kristin Eggen Marit Oaland Guse Gunleif Haukelid Torill Idland Udda Kjærvoll Kate Elisabeth Larsen Ragnvald Riis Ingeborg Søyland Ingunn Varhaug

Vedlegg: Plan for Heim skulesamarbeid, vedteke i Samarbeidsutvalet på Forsand skule, 30 mai 2017.