MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Utval for drift og utvikling 16.06.2009 SVT 071/09 Avgjerd av: Utval for drift og utvikling Saksbeh.: Sveinung Toft Ansv. ANB Arkiv: N-504 Arkivsaknr 09/1860 REGULERINGSPLAN RV 564 DALSTØ - MJÅTVEIT. FRAMLEGG TIL MINDRE VESENTLEG ENDRING AV GJELDANDE PLAN. Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 27.05.2009 Statens vegvesen Region vest REGULERINGSPLAN RV 564 DALSTØ - MJÅTVEIT. FRAMLEGG TIL MINDRE VESENTLEG ENDRING AV GJELDANDE PLAN. Vedlegg Saksutgreiing: Det er i dokument frå Statens Vegvesen stempla motteke 02.06.2009 kome framlegg til mindre vesentleg endring av reguleringsplan for riksveg 564 Dalstø-Mjåtveit. Det er laga detaljteikningar med plan og profil som viser reguleringsendringa. I oversendingsbrevet frå Statens Vegvesen står det følgjande om endringane og prosjektet: Endringane gjeld i hovudsak: 1. Endring av vegstandard slik at den samsvarer med gjeldande hb 017, veg- og gateutforming. I hovudsak går dette ut på å endre utforminga frå å vere tilpassa 80 km/t til å vere tilpassa 60 km/t. Det gjev reduserte krav til geometri og sikt. Men vegbreidda er noko større, auka frå 7 til 8,5 m. Gang- og sykkelvegen har same standard som før, med breidde på 3 m og 3 m separasjon frå køyrevegen. 2. Det er nokre mindre justeringar av senterlinja, men i hovudsak ligg denne fast i høve til gjeldande reguleringsplan.
3. Utviding av vestre ende av planområdet slik at det også omfattar utbetring av kryss med Bjørnestadvegen/Dalemarka og Dalstøvegen. Utbetringa går ut på å byggje passeringslomme ved kryss med Bjørnestadvegen/Dalemarka og venstresvingefelt ved Dalstøvegen for å betre trafikktryggleiken i begge kryssa. For å få dette til er senterlinja justert litt mot nord, inn i den høge skjeringa ved krysset med Dalstøvegen. 4. Løysinga er tilpassa gjeldande reguleringsplan for Mjåtveitmarka. 5. Krysset mellom Rv 564 og Mjåtveitflaten vert omregulert frå T-kryss til 5-arma rundkøyring med ytre diameter 40 m. 6. Rundkøyringa legg til rette for å endre busshaldeplassane slik at all innkøyring skjer via rundkøyringa. Det vert separate felt for bussar som skal vidare nordover og bussar som skal tilbake mot Frekhaug/Flatøy. Bortsett frå den nemnde utvidinga av planområdet ved Bjørnestadvegen/Dalemarka og Dalstøvegen vil de andre endringane stort sett liggje innanfor område som allereie er regulert til offentleg trafikkområde. Det kan vere naudsynt å gå utanfor reguleringsgrensene for å få gjennomført anlegget. Dei innteikna skråningane er teoretiske og det kan også vere naudsynt å gå utanfor reguleringsgrensene når ein veit meir om grunntilhøva på strekninga. Alt arbeid utanfor regulert område vil bli avtala direkte med grunneigarane på førehand. Når veganlegget er ferdig bygd, vert nye vegareal målt inn og resultata oversendt til kommunen. Det arbeides med finansiering av tiltaket. Slik det ser ut no vert det ein kombinasjon av forskottering og løyvingar frå tiltakspakka. Ein håpar å lyse ut arbeidet som ei totalentreprise før sommaren 2009 og med ferdigstilling sommaren 2011. Dei fire viktigaste planendringane som no vert gjort langs riksvegen på strekninga i tillegg til mindre justeringar er med andre ord: 1. Rundkøyring i staden for T-kryss ved Mjåtveitkrysset. 2. Ny løysing for busshaldeplassen ved Mjåtveitkrysset 3. Utviding langs riksvegen forbi kryss ved Dalstø og forbi kryss til Dalemarka/Bjørnestadvegen med ny passeringslomme, busshaldeplass og venstresvingefelt ned til Dalstø. Det har i samband med detaljplanarbeidet vore forhandlingar med alle grunneigarar langs strekninga og det er også sendt nabovarsel på endringa som omfattar rundkøyringa med ny busshaldeplass m.m. Det har og vore møte med Hordaland fylkeskommune v/samferdselsavdelinga og Skysskontoret om saka. Vurdering: Gjeldande reguleringsplan for riksveg 564 Dalstø Mjåtveit vart godkjent i kommunestyret den 28.03.2001, sak 021/01. Det vart gjort ein revidering i kommunestyret den 09.01.02, der mellom anna ein jordbruksavkøyrsle på Mjåtveit vart lagt inn i planen. Administrasjonen har vurdert søknaden om mindre vesentleg reguleringsendring av tidlegare godkjent reguleringsplan, og er samd med Statens Vegvesen at planendringane i hovudsak er justeringar i høve til tidlegare plan og eksisterande vegareal. Mykje av arealet som vert berørt,
er alt eigd av Statens Vegvesen, og ligg innanfor det som kan kallast anna trafikkareal (grøfter og fylling/ skjeringar m.m.) Den største endringane er gjort av omsyn til trafikktryggleik og vil medføra eit betre veganlegg enn tidlegare reguleringsplan la opp til. Løysinga for bussane er vurdert av Hordaland fylkeskommune v/samferdselsavdelinga, og administrasjonen meiner løysinga balanserer bra i høve tryggleiken for dei mjuke trafikantane/bussbrukarane og dei trafikkale behov busselskapa vil ha. Administrasjonen vil i saka om mindre vesentleg reguleringsendring peika på at alle dei største grunneigarane i området har godkjent avtalane om grunnerverv med Statens Vegvesen, basert på dei nye detaljteikningane som no ligg føre for veganlegget. Grunnerverva langs heile strekkja skulle såleis vera ordna, unnateke to eigedomar der det framleis pågår forhandlingar. Vidare er alle som er nabo til endringane ved rundkøyringa i Mjåtveitkrysset varsla med merknadsfrist 02.06.09. Ingen merknad er motteke innanfor fristen. Administrasjonen kan difor ikkje sjå at omsøkte endringar vil koma i særleg konflikt med private interesser. Vidare meiner administrasjonen at endringane ikkje vil koma i vesentleg konflikt med interesser knytt til miljø, landbruk etc. Først når det er gjort vedtak om planendring/mindre vesentleg planendring kan Statens Vegvesen koma vidare i arbeidet med vegutbetringa. Kommunen føreset elles at Statens Vegvesen på vanleg måte tek kontakt med linjeeigarar (Telenor og BKK) for omlegging av linjer, og kontakt med BKK for eventuell oppgradering av deira infrastruktur på grunn av mellom anna det planlagde næringsområdet på Mjåtveit- Dalstø. Kommunen føreset og at det vert laga til veglys langs heile strekninga, og at dette vert eigd og drifta av Statens Vegvesen på vanleg måte. Med bakgrunn i ovannemde rår administrasjonen til at det vert gjort vedtak i medhald av planog bygningslova sin 28-1, punkt 2 om mindre vesentleg reguleringsendring som omsøkt frå Statens Vegvesen. Sidan endringen ikkje vil medføra auka utgifter for kommunen har utvalet kompetanse på vegne av kommunestyret til å gjera endeleg vedtak. Sidan det enno ikkje ligg føre sosifil, som er digital kartstandard i Norge, må det takast med eit vilkår om dette i vedtaket. Administrasjonen ser ikkje grunn til å endra på føresegnene knytt til godkjent plan. ADMINISTRASJONEN - FRAMLEGG TIL VEDTAK: Utval for drift og utvikling godkjenner i medhald av plan- og bygningslova sin 28-1, punkt 2 søknad om mindre vesentleg reguleringsendring av reguleringsplan for Rv 564 Dalstø-Mjåtveit, slik som omsøkt frå Statens Vegvesen og på følgjande vilkår: 1. Statens Vegvesen skal så snart veganlegget er ferdig sende over ferdig og feilfri sosifil for heile planområdet i sosi 4.0, kontrollert i Sosi-kontrollprogrammet. Kontrollfil skal leggjast ved sosi-filen. Kommunen kan om naudsynt få dette kartarbeidet gjort på Statens Vegvesen sin rekning.
16.06.2009 UTVAL FOR DRIFT OG UTVIKLING UDU-071/09 SAMRØYSTES VEDTAK: Utval for drift og utvikling godkjenner i medhald av plan- og bygningslova sin 28-1, punkt 2 søknad om mindre vesentleg reguleringsendring av reguleringsplan for Rv 564 Dalstø-Mjåtveit, slik som omsøkt frå Statens Vegvesen og på følgjande vilkår: 1. Statens Vegvesen skal så snart veganlegget er ferdig sende over ferdig og feilfri sosifil for heile planområdet i sosi 4.0, kontrollert i Sosi-kontrollprogrammet. Kontrollfil skal leggjast ved sosi-filen. Kommunen kan om naudsynt få dette kartarbeidet gjort på Statens Vegvesen sin rekning. Rett utskrift Dato: Kopi til: Statens vegvesen Region vest