Årsrapport Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.

Like dokumenter
Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane

Årsrapport Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.

1.0 Årsrapport for 2015

Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane. Årsrapport 2018

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Kvifor og korleis lage årsplan som ressurssjukepleiar i lag med leiar? Av Marit Eikemo Halsnes

Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2017

Tema 2019: «Sorg» «Barn som pårørande» «Når noko går galt» «Rehabilitering og aktivitet»

Satsingsområde frå strategiplanen Det er vald ut satsingsområde for nettverket ut frå strategiplanen. I 2019 vil ein ha fokus på desse emna:

Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2018

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Årsrapport Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde

Ved årsskiftet 2016/2017 er det 130 ressurssykepleiere i nettverket.

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Årsrapport Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Avtale mellom. XX kommune og Helse Førde HF. Fagnettverk innan eldremedisin/eldreomsorg

Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde. Årsrapport 2018

Vedlegg 1. Prosjektplan for lindrande behandling i Førde kommune

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling

ÅRSPLAN Pasient- og pårørendearbeid. Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

KOMPETANSEPLAN FOR RESSURSSJUKEPLEIARAR I

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Frå brosjyren vår kreftsjukepleietenesta i Vindafjord

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Drift av nettverk innen kreftomsorg og lindrende behandling.

Samhandlingsreforma i Sogn

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Målsetting. Formålet Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling Helse Bergen foretaksområde

KS & Helse Førde HF ønsker velkommen til. Erfaringskonferansen 2019

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

Eldremedisinsk poliklinikk

Handlingsplan Nettverk for læring og mestring i Helse Vest

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde ÅRSRAPPORT FOR 2017

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde. Kunnskap Samarbeid Trygghet mot felles mål

Målsetting. Formålet. Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helseregion Vest

Presentasjon v/ Svanhild Løge Skålheim Kreftsjukepleiar Suldal kommune April-12

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Visjon og verkelighetframtidas

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Samhandlingsavvik frå 2018 Erfaringskonferansen på Skei februar 2019

Delavtale Samarbeid om kunnskap og kompetanse

Nytt frå Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane

Samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Telemedisin Sogn og Fjordane Fagrådet

Målbilete og modellar

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Å ta i bruk tiltaksplan for døyande i Kvinnherad kommune

Sogn lokalmedisinske senter

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Telemedisin i Sogn og Fjordane. Hovudprosjekt

Palliativ ressursgruppe, Flora kommune. Prosjektbeskriving. Palliativ ressursgruppe. Prosjektbeskriving.

DIS- Sogn og Fjordane

TRONDHEIM KOMMUNE. for ressurssykepleiere i fagnettverk for kreft og palliasjon i Midt- Norge

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

colourbox FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene

Helse Førde. Nytt frå Helse Førde. Nettverkssamling helse og omsorg Samhandlingssjef Vidar Roseth

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Kva skal til for at vi skal klare å fylle kompetansekravet?

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå

Frå visjon til realitet November 2012

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS. Presentasjon nettverksmøte fredag v/ Linda Meier og Jo Inge Gåsvær

Avtalen er basert på Plan for nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde (mars 2006).

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

Rapport status måloppnåing Demensplan 2015 i Møre og Romsdal

Å sende pasienten ut til heimen (frå sjukehus) Kan det verkeleg gå bra?? Jan Helge Dale Kommuneoverlege Flora kommune

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Pasientens helseteneste Helse Førde Utviklingsarbeid for framtidas spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane

Å INFORMERE OG UNDERVISE PÅ EIGEN ARBEIDSPLASS. Berit Ullebust Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane

Helse Førde Koordineringsrådet - status i samhandlingsprosjekt

Kick off for innføring av palliativ plan i Møre og Romsdal.

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Ungdomstrinnsatsinga

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Transkript:

Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane Årsrapport 2016 Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.

Innhald Samandrag 1.0 Mål for nettverket s. 3 2.0 Årleg rapportering frå ressurssjukepleiarane og leiarar s. 3 3.0 Arbeid i lokalgruppene s. 5 3.1 Introduksjonskurs s. 5 3.2 Fellessamling Årleg fagdag s. 5 3.3 Lokale samlingar i nettverksgruppene s. 6 4.0 Utviklingsarbeid s. 7 5.0 Pasient- og pårørandearbeid s. 8 6.0 Presentasjon av Nettverket s. 8 7.0 Informasjonsutveksling i Nettverket s. 9 8.0 Arbeid med drift av nettverket s. 10 8.1 Møte i driftsgruppa s. 10 8.2 Møte i styringsgruppa s. 10 9.0 Økonomi s. 11 Årsrapport 2016 Side 2

Samandrag 2016 har vore eit aktivt år for nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane. I overgangen 2016/2017 var det 98 ressurssjukepleiarar fordelt rundt i 25 kommunar. Det har vore tre fastsette arenaer for læring og erfaringsutveksling året gjennom. Dette er: Introduksjonskurs, lokale samlingar og årleg fagdag. Det deltok 16 på introduksjonskurset i juni og 96 deltakarar på den årlege fagdagen i februar. Oppmøte i lokalgruppene har variert i dei ulike sonene, men det har gjennomsnittleg vore god oppslutning samanlikna med tidlegare år. Det var færre som sende inn rapportering både av ressurssjukepleiarar og leiarar i 2016, samanlikna med tal frå 2015. Rapporteringa syner elles små skilnader frå året før. Nettverket har marknadsført seg sjølv gjennom oppslag i media og ved stand rundt markering av verdsdagen i lindrande behandling. Økonomien har vore god grunna dei midlar vi fekk frå fylkesmannen i 2016. Gjennom desse midlane kan nettverket arrangere den årlege fagdagen i eigna lokale og invitere inn dyktige førelesarar. Det var færre ressurssjukepleiarar i 2016 som søkte om støtte til å delta på palliative fagdagar i Bergen eller til å hospitere, samanlikna med året før. I løpet av 2016 har det blitt eit par utskiftingar i samansetninga i driftsgruppa for nettverket. Alt i alt opplever vi som driftar nettverket i Sogn og Fjordane ei positiv og optimistisk haldning når vi møter ressurssjukepleiarar og leiarar på samlingane eller via kontakt på e-post/telefon. 1.0 Mål for nettverket Målet for nettverket er å sikre kvalitet og kontinuitet i pleie- og omsorgstilbodet til kreftpasientar og pasientar med behov for lindrande behandling. Omsorgstilbodet skal også inkludere pårørande. Målet er at pasienten og familien skal oppleve god kvalitet, tryggleik og samhandling i alle nivå av helsetenesta. Årsplan for nettverket skal vere med å sikre at måla for nettverket blir tatt i vare. Årsplanen er utforma i tråd med kompetanseplan for nettverk for ressurssjukepleiarar. Årleg rapporterer ressurssjukepleiarane og deira leiarar om ulike tema knytt til nettverket. Rapporteringa har som hensikt å sjå om mål er oppnådd i forhold til strategiplanen for nettverket. Oppsummering vert gjort av Kompetansesenter i Lindrande Behandling Helseregion Vest (KLB) og rapportert attende på årleg fagdag og i årsrapporten. Hovudtrekk frå denne rapporteringa vil bli presentert i neste avsnitt. 2.0 Årleg rapportering frå ressurssjukepleiarane og leiarar I 2016 sende 52 av ressurssjukepleiarar og 37 av leiararne inn årleg rapportering om nettverket. Det er ein nedgong i tal rapporteringar både hos ressurssjukepleiarar og leiarar, samanlikna med 2015. Under følgjer eit utdrag frå resultata. Fagutvikling implementering og bruk av verkty Nasjonale retningslinjer: 96% av ressurssjukepleiarane brukar retningslinjer for symptomlindrande behandling frå Nasjonalt handlingsprogram for palliasjon i kreftomsorgen eller Lindring i Nord til aktuelle pasientar. 34% seier at Årsrapport 2016 Side 3

retningslinjene er implementert i avdelinga sitt kvalitetssystem, 32% veit ikkje og 34% svarar nei. ESAS-r: 80% rapporterer at dette verktyet er tatt i bruk på arbeidsplassen. Kun 5 % seier det er brukt i stor grad, medan 43 % seier det er brukt i moderat grad og 52% seier det er brukt i liten grad. Individuell plan: Kun 24 % av 52 ressurssjukepleiarane hadde i 2016 utarbeidd ein individuell plan. Livets siste dagar - plan for lindring i livets sluttfase (LCP): 46 % av dei 52 ressurssjukepleiarane sa at dei hadde tatt i bruk dette verktyet på sin arbeidsplass. Samhandling Samarbeidsmøter med lege i kommunen: 66 % av ressurssjukepleiarane rapporterte at dei hadde hatt møter med lege i kommunen om aktuelle pasientar Organisering Ressurssjukepleiarfunksjonen: 63 % rapporterte at dei ikkje hadde avsett tid til ressurssjukepleiarfunksjonen. På frie kommentarar kom det likevel fram at ein del fekk avsett tid når det var behov. Av dei 37 % som hadde avsett tid, varierte tida frå ein dag kvar 6. veke til 20 % stilling. Plan for mål som ressurssjukepleiar: 43 % av ressurssjukepleiarane sa dei hadde hatt eit møte med leiaren sin kring mål for rolla som ressurssjukepleiar. Av dei 37 leiarane som svarte, rapporterte 72 % at dei hadde hatt eit møte med ressurssjukepleiar om plan for rolla. Kjelde: SurveyMonkey Årsrapport 2016 Side 4

3.0 Arbeid i lokalgruppene 3.1 Introduksjonskurs Kurset vart gjennomført 7. juni 2016 med 13 ressurssjukepleiarar og 3 leiarar. Kurset vart gjennomført i samsvar med Kompetansesenter i lindrande behandling (KLB) sin kompetanseplan og skal gje ei innføring i rolla som ressurssjukepleiar. Bruk av kartleggingsverkty og retningslinjer for symptomlindrande behandling blir brukt som kvalitetsindikatorar for det kliniske arbeidet. Deltakarane blei introdusert for ulike verkty som ESAS og Individuell plan (IP), og blei presentert for nasjonale retningslinjer. For å få ei overordna forståing av kreftbehandling i Norge, fekk deltakarane ein gjennomgang av oppbygging av kreftomsorg nasjonalt, regionalt og lokalt. Deltakarane fekk ei innføring i ressurssjukepleiarrolla. Ressurssjukepleiarane Magnhild Solheim og Irene Lesto frå Gloppen fortalde om korleis dei utførte sine oppgåver som ressurssjukepleiarar, og avdelingssjukepleiar Evelyn Stavang frå Kirurgisk avdeling ved Sentralsjukehuset i Førde, fortalde om sin ståstad som leiar for ressurssjukepleiarar. Som gruppearbeid jobba deltakarane med å setje seg mål for rolla som ressurssjukepleiar på eigen arbeidsplass. 12 deltakarar leverte evaluering, med positiv respons. 3.2 Fellessamling Årleg fagdag Samlinga vart gjennomført 9. februar 2016. Totalt 96 deltakarar var samla denne dagen. Tema: Religion og kulturforståing i møte med alvorlig sjukdom. Dagen starta med ein rask presentasjon frå hovudtrekk frå den årlege rapporteringa frå ressurssjukepleiarar og deira leiarar. Nyhende frå Kompetansesenteret i lindrande behandling, Helseregion Vest blei formidla, før dagen vidare fult blei via til dagens tema. Ressurssjukepleiar Hildegunn Risnes frå Sentralsjukehuset i Førde starta med å presenterte eit case, som fungerte som ein raud tråd gjennom dagen ved å vere eit referansepunkt i førelesning og diskusjonar. Vi hadde leigd inn to profilerte føredragshaldarar til fellessamlinga. Dosent Jan Opsal engasjerte deltakarane med føredraget «Tverrkulturelle utfordringar i arbeidet med alvorleg sjuke og døyande. Korleis kommunisere med pasientar og pårørande med muslimsk bakgrunn?» Professor Tove Giske gav oss eit lærerikt føredrag om det å gje god sjukepleie til pasientar frå andre kulturar. Dagen blei avslutta med ein paneldebatt. Panelet var samansett av onkolog Marianne Klee, leiar ved lokalmedisinsk senter i Indre Sogn Vivian Kvam, ein pårørande, førelesarane Tove Giske og Jan Opsal. Debatten blei leia av leiar for styringsgruppa Geir Andvik. Den årlege fagdagen blei svært godt evaluert. Årleg fagdag- Skei 2016 Årsrapport 2016 Side 5

3.3 Lokale samlingar i nettverksgruppene Det er blitt arrangert to heildags samlingar i dei fire lokale gruppene, ei vår og ei haust. Hovudtema for lokalsamlingane er henta frå kompetanseplan. Tema vår 2016: - Ressurssjukepleiarfunksjonen. Utveksling av erfaring. Alle ressurssjukepleiarar fekk dele sine erfaringar gjennom runde rundt bordet. - Førebygging og behandling av obstipasjon. Føredrag av ulike ressurssjukepleiarar. Teori med utgangspunkt frå ei nasjonal retningslinje frå Helsebiblioteket. Erfaringsutveksling undervegs. - Framlegg av masteroppgåve omhandlande eldre kreftpasientar som bur heime og deira tilgang til informasjon og rådgjeving frå heimetenestene. Diskusjon rundt funn og konklusjon frå forskinga. - Tips og råd for å utforme plan for ressurssjukepleiarfunksjonen ilag med leiar på eigen arbeidsplass. Ressurssjukepleiarane fekk gjennom gruppearbeid jobbe med eigne planar. Tema haust 2016: - Nærværskompetanse og åndeleg omsorg. KLB-medarbeidar og sjukeheimsprest Lars Helge Myrset hadde regien for denne delen av samlinga. Myrset engasjerte ressurssjukepleiarane gjennom både teori og refleksjonar, og det var gode diskusjonar kring tematikken i alle fire lokalgruppene. - Ressurssjukepleiarane jobba på slutten av samlinga med innspel til ny strategiplan for nettverket for ressurssjukepleiarane etter ynske frå Kompetansesenter i lindrande behandling, Helseregion Vest. Det kom mange gode innspel gjennom bruk av SWOTanalyse. SWOT = Strengths, Opportunities, Faults and Threats Oversikt over møtte ressurssjukepleiarar på lokalsamlingar i 2016 Lokalgruppe Arrangør/Kommune Ressurssjukepleiarar Kollegaer og andre som møtte etter lunsj Vår 2016 Nordfjord Bremanger 22 ressurssj.pl. av 25 Sunnfjord/ Sogn I Sunnfjord/ Sogn II Naustdal 12 ressurssj.pl av 22 Hyllestad 16 ressurssj.pl av 20 Indre Sogn Sogndal 15 ressurssj.pl av 20 Årsrapport 2016 Side 6

Haust 2016 Nordfjord Nordfjordeid 22 ressurssj.pl av 26 Sunnfjord/ Sogn I Sunnfjord/ Sogn II Jølster 16 ressurssj.pl. av 23 Gaular 13 ressurssj.pl av 19 Indre Sogn Sogndal 15 ressurssj.pl av 19 4.0 Utviklingsarbeid Felles undervisningsmalar Kompetansesenter for lindrande behandling har utvikla felles undervisningsmalar. Malane kan vere eit fint utgangspunkt for ressurssjukepleiarar si undervisning til kollegaer. I 2016 har desse malane vore til revidering og har derfor diverre ikkje vore tilgjengelege på nettsida til Kompetansesenteret. Malane vil bli lagt ut så fort revisjonen er godkjent. Møte med fastlegar. Som eit fastpunk på lokalsamlingane blir fastlegane i vertskommunen for samlinga invitert. Formålet er å informasjon om nettverket og ressurssjukepleiarane sin rolle/funksjon. Fastlegane blir invitert til å fortelje litt om sin kvardag og sine erfaringar kring samhandling til pasientgruppa nettverket skal vere ein ressurs for. I 2016 var det kunn på samlinga til våren at fastlegane blei invitert. Dette var fordi vi på haustsamlinga måtte setje av til å jobbe med den nye strategiplanen. Ingen faslegar kunne møte på våren. Felles fagseminar innan palliasjon er eit tiltak for å forbetre samhandling og samarbeid. I 2016 har driftsgruppa samarbeida med praksiskonsulent og lege i palliativt team for å utforme program for felles fagseminar i 2017. Andre samarbeidspartar Ressurssjukepleiarane og palliativt team har stor nytte av kvarandre i sitt daglege arbeid. Ergoterapeutar og fysioterapeutar frå vertskommunane har vore inviterte inn på delar av møta ved lokale nettverksgrupper i 2016. Samarbeid mellom ressurssjukepleiarnettverka i Helse Vest: Leiarane for driftsgruppene har to møter i året. Her blir saker som er felles i dei fire nettverka tatt opp, spesielt gjeld det gjennomføring av KLB sin kompetanseplan og erfaringsutveksling i drifta av nettverka. Det føreligg referat frå møta. Samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling helsefag om vidareutdanning i Lindrande behandling: Mange av ressurssjukepleiarane i nettverket er blant dei som har teke denne utdanninga. Førelesarane har høg kompetanse innan sine fagfelt. Tilsette i KLB og Årsrapport 2016 Side 7

Palliativt team har vore mellom førelesarane. I januar 2016 vart det start opp eit nytt kull for del 1 i Lindrande behandling. Eit par av ressurssjukepleiarane i nettverket deltok på denne modulen. Del 2 blei diverre ikkje starta i 2016 på grunn av få søkjarar. Der er og ressurssjukepleiarar som er i gong med vidareutdanning i kreftsjukepleie og anna etterutdanning ved andre undervisningsinstitusjonar. Hospitering I 2016 har 3 ressurssjukepleiarar nytta seg av tilbod om å hospitere på kreftavdelinga, ein dag på poliklinikk og ein dag på sengepost. Hospiteringa bidreg til auka kunnskap gjennom erfaringsutveksling og betrar samhandlinga. Fagutviklingssjukepleiar ved kreftavdelinga i Helse Førde organiserer hospiteringstilbod for sjukepleiarar i kommunehelsetenesta. I 2016 har FSS ikkje fått til at ressurssjukepleiarar frå sjukehusa har hospitert ut i kommunane. I den årlege rapporteringa kjem det fram at det er vanskeleg å få avsett tid til hospitering i ein travel arbeidsdag, men at fleire ynskjer å få det til i næraste framtid. Palliative fagdagar i palliasjon To gongar i året arrangerer Kompetansesenteret i lindrande behandling i samarbeid med Sunniva senter fagdagar i grunnleggjande palliasjon. I 2016 søkte kunn ein ressurssjukepleiar og fekk midlar til å delta på desse dagane i Bergen. Det har blitt halde palliative fagdagar både i Førde (arr: Palliativt team og Forum for kreftsjukepleiarar) og på Nordfjordeid (arr: Kreftkoordinator i Nordfjord og Læringsog mestringssenter ved Nordfjord sjukehus) i 2016, noko som kan forklare det låge talet av deltakarar frå nettverket til kurset i Bergen. Det var ikkje budsjettert i 2016 for dei to sistnemnde kursa. 5.0 Pasient og pårørandearbeid Ressurssjukepleiarnettverket skal bidra til at pasientar med kreft eller pasientar med behov for lindrande behandling får tilbod om hjelp utifrå den sjukdomsfasa dei er i, både i 1. og 2. line tenesta. Tilbodet skal også ivareta pårørande. Ressurssjukepleiarane blir mellom anna kontakta via ressurssjukepleiarar inne på sjukehus, fastlege, kreftkoordinator eller leiinga i kommunane. Dei fleste ressurssjukepleiarane besøker pasientane heime. Ofte er det også pårørande til stades. Der det lar seg gjere, møter ressurssjukepleiar frå kommunen på samarbeidsmøte på sjukehuset før heimreise. Ressurssjukepleiaren tilpassar tilbod etter behov. Få ressurssjukepleiarar har nytta individuell plan (IP) i møte med pasientane sine. Sjå punkt 9.0. Det blir stadig jobba mot å auke bruken av IP, men verktyet verkar å ha vanskar med å bli implementert. Styringsgruppa og driftsgruppa har oppmoda ressurssjukepleiarane til å nytte Kompetansesenteret i lindrande behandling sin versjon av individuell plan, sidan denne er meir tilpassa pasientgruppa for nettverket enn Helse Førde sin versjon. Fleire av ressurssjukepleiarane i fylket er saman med Kreftforeningen med å drive Treffpunkt-kafear for kreftpasientar og deira pårørande. 6.0 Presentasjon av Nettverket Nettverket vert presentert i fora der ressurssjukepleiarane, medlemar av drifts- og styringsgruppa deltek og gjennom informasjonsfoldar. Ressurssjukepleiarane i fleire kommunar har laga eigen foldar som mellom anna vert presentert på kommunen si heimeside. Marknadsføring er og gjort gjennom presentasjon av ressurssjukepleiar sin funksjon i bygde-/lokalaviser. Årsrapport 2016 Side 8

Nettverket blei presentert under ein stand ved Sentralsjukehuset i Førde i anledning markering av World Palliative Day 11.11.16. Standen blei godt besøkt både av pasientar, pårørande og tilsette. Dette var eit samarbeid mellom Nettverk av ressurssjukepleiarar i Sogn og Fjordane, Palliativt team og Kreftkoordinator i Førde kommune. Som ein del av markeringa skreiv medlemar frå driftsgruppa ein kronikk om kva lindrande behandling er og kva tilbod som finst i fylket. Kronikken blei publisert på fleire nettstadar og i lokalaviser. Link her til meir informasjon om markeringa I høve mogleg avvikling av den interkommunale kreftkoordinatorstillinga i Lærdal, Årdal og Aurland blei driftsgruppa einige om å utforme eit brev til rådmenna i dei nemnde kommunane. Brevet blei sendt i desember 2016. Gjennom erfaringar frå våre ressurssjukepleiarar, veit driftsgruppa at dei ofte blir definerte som kreftsjukepleiarar og kreftkoordinatorar gjennom sin funksjon som ressurssjukepleiar. Vi ynskte derfor å formidle fakta om skilnadar på ressurssjukepleiarrolla og kreftkoordinatorrolla. Eit anna viktig moment var å få fram at det er skilnad frå kommune til kommune i kor stor grad den enkelte ressurssjukepleiar har avsett tid (jfr. rapportering avsnitt 8.0). Skulle ein velje å avvikle kreftkoordinatorstillinga, vart det derfor viktig for driftsgruppa å spele inn eit behov om å frigje meir prosentvis tid til ressurssjukepleiar i dei kommunane som ville bli råka. 7.0 Informasjonsutveksling i Nettverket Nyhendebrev Det er sendt nyhendebrev til ressurssjukepleiarane med siste nytt frå nettverket og KLB i september 2016. Brevet ligg på nettsida til KLB. Velkomstbrev Velkomstbrev med nyttig informasjon vert sendt pr. e-post til nye ressurssjukepleiarar, som kvittering for innmelding. Nettsider Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) administrerer nettsidene til nettverket i samarbeid med dei regionale medarbeidarane i nettverket. Nettsida vert fortløpande revidert. Ressurssjukepleiarane har ansvar for å sjekke at opplysningane om dei sjølv er rette og melde endringar direkte til KLB. Facebook Sidan desember 2013 har nettverket i Sogn og Fjordane ei eiga lukka facebookgruppe til ressurssjukepleiarar. Facebookgruppa har hemmeleg profil. Ressurssjukepleiarane brukar gruppa litt oftare, men aktiviteten er ikkje høg. Også i 2017 skal vi fortsetje med denne facebookgruppa. All skriftleg kommunikasjon i nettverket går via e- post. Årsrapport 2016 Side 9

8.0 Arbeid med drift av nettverket Sjukepleiarnettverket er delt opp i fire lokale nettverksgrupper. Ei driftsgruppe med representantar frå dei fire gruppene og samarbeidspartane i nettverket har ansvar for samlingar og rutinar knytt til nettverksarbeidet jamfør mål i kompetanseplan. Per 31.12.16 var det 98 ressurssjukepleiarar i Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane. Dei kjem frå 25 av 26 kommunar, dei tre sjukehusa i fylket og frå Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. I tillegg er 6 kreftkoordinatorar tilknytt nettverket. Gulen kommune blei i løpet av 2016 tilknytt spesialisthelsetenestene i Helse Bergen, og ressurssjukepleiarane frå denne kommunen har dermed blitt ein del av ressurssjukepleiarnettverket i Helse Bergen. På kvar av dei medisinske avdelingane på lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid er det 2 ressurssjukepleiarar. Førde Sentralsjukehus har følgjande ressurssjukepleiarar: 1 på medisinsk avdeling, 1 på nevrologisk avdeling, 2 på kirurgisk avdeling, 1 på kirurgisk poliklinikk, 1 på kreftsengeposten og 1 på kreftpoliklinikk. Driftsgruppa har i 2016 sendt førespurnad om å få med fleire ressurssjukepleiarar frå andre medisinske avdelingar med ikkje-maligne sjukdomar. Det vil vere ein ressurs for kompetansebygginga i nettverket å få med ressurssjukepleiarar frå desse avdelingane og håpar derfor dette vil bli ein realitet i 2017. 8.1 Møte i driftsgruppa Driftsgruppa har hatt fire møter i 2016. Det føreligg referat frå alle fire møta. Sakene som har vorte handsama, er i hovudsak samanfallande med årsrapporten. Det har vore utskifting av medlemar i driftsgruppa i 2016. Ressurssjukepleiar Elin Raad frå Jølster kommune gjekk ut av driftsgruppa sommaren 2016. Ho har vore lokalgruppeansvarleg i gruppa Sunnfjord/Sogn 1. Ressurssjukepleiar Wenche-Lin Hess frå Naustdal kommune har overtatt hennar rolle i driftsgruppa. Ressurssjukepleiar Elin Hunderi frå Lærdal sjukehus blei takka av i driftsgruppa ved årsskiftet etter mange år. Inn for henne som ny lokalgruppeansvarleg kjem Oddny-Else Ylvisåker frå Sogndal kommune. I tillegg har driftsgruppa meldt inn ynskje til Nordfjord sjukehus om å få med ein ressurssjukepleiar til å representere lokalsjukehusa i fylket. Kreftsjukepleiar og ressurssjukepleiar Camilla Nordstrand frå Askvoll kommune takka i 2016 ja til å overta jobben som lokalgruppeansvarleg i gruppa Sunnfjord/Sogn 2. Marit Halsnes har tidlegare hatt denne rolla, men vil vidare framover konsentrere seg om jobben som regional medarbeidar i KLB og å drifte nettverket i fylket. Marit Halsnes vil framleis sitje i driftsgruppa som regional representant for KLB. 8.2 Møte i styringsgruppa Styringsgruppa har hatt to møter i 2016. Det føreligg referat frå begge møta. Ved styringsgruppemøtet 22 november melde medlemane Anita Pettersen (fastlege) frå Gulen kommune og Marit Andersen (avdelingssjukepleiar) frå Vik kommune at dei kunne tenkje seg å gje vervet vidare til nye medlemar. Det blei i årsskiftet 2016/2017 jobba med nye medlemar inn i styringsgruppa. Namn på ny samansetjing av styringsgruppa vil bli presentert på lokalgruppene utover våren. Årsrapport 2016 Side 10

9.0 Økonomi Det blei overført 130 500 kr i årsskiftet 2015/2016. Overførte midlar blei nytta for å betale årleg fagdag i 2016. Nettverket søkte også dette året midlar frå kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot og vart tildelt kr.50.000,-. Pengane kom inn på konto i oktober 2016. Kostnader for Årleg fagdag og introduksjonskurs er dei største utgiftspostane for Nettverk i Sogn og Fjordane. Gjennom tilskotet frå fylkesmannen i 2016 kan nettverket budsjettere for årleg fagdag, introduksjonskurs, fagsamlingar, stønad til hospitering og fagdagar også i 2017. Tre ressurssjukepleiarar fekk støtte til overnatting/reise ved hospitering og ein ressurssjukepleiar fekk støtte til kursavgift/reisekostnad til dei palliative fagdagane i Bergen i mai 2016. Eit medlem av driftsgruppa fekk gjennom søknad støtte til kursavgift til den 14. landskonferanse i palliasjon «Liv til dagene» som blei arrangert i Stavanger i september. Det står kr 146 248,- på kontoen til nettverket ved årsskiftet 2016/2017. Det er endå venta inn rekningar frå 2016. Overskot frå 2016 blir overført til 2017. Årsrapport 2016 Side 11