1 Emneplan Bismo barnehage 2017 2018
2 Styrar: Mogunn Synstnes tlf. 48292406 Nørdre Pedagogisk leiar: Fagarbeidarar: Personleg assistent: Sigrid Byre Heidi Krøkje Anne Margrete Eggen Heidi Frøise Aud Ophaug Søre Pedagogisk leiar: Ingebjørg Turtum Spesialpedagog/ språkressurs: Karin Fjerdingren Fagarbeidarar: Ona Merete Hole Kari Eline Bakken
3 DAGSRYTME 07.00 Barnehagen opnar. Vi startar dagen med rolege aktivitetar 08.00 Frukost. Dei som skal ha frukost må vera i barnehagen til kl. 08.00. 09.00 Frileik/gruppedeling/tema aktivitetar 10.00 Samling 10.30 Smøremåltid 11.30 Uteleik/sovetid for dei minste 13.30 Lett måltid 14.30 Frileik inne/ute fram til henting 16.30 Barnehagen stenger Vi ynskjer ei kjernetid i tidsrommet 09.00 14.30 der alle barna er til stades pga. ulike tilrettelagde aktivitetar. Månadsplan Kvar månad vil de få ein oversikt over dei daglege aktivitetane i barnehagen.
4
5 AKTIVITETSKALENDER Månad August Oppstart og tilvenning September Tilvenning Innhausting: bærplukking og potetplukking (Søre) Smak på naturen Kulturstigen og sykkeltur (førskulebarna) Oktober Forut: Innsamlingsaksjon i samband med FN-dagen November Desember Aktivitetar knytt til tema jul Luciafeiring med beste-/oldeforeldre Julegløgg med foreldre Julebord Januar Vinteraktivitetar med snø, is og vatn Gå julebukk på Skjåkheimen (Søre) Februar Markering av at sola er komen attende Mars Ski-/akedag i Botn Aktivitetar knytt til tema påske April Brannvern/besøk på brannstasjonen (førskulebarna) Mai 17. mai- øve på å gå i tog Dugnad med foreldre Sykkeldag i barnehagen, førskulebarna har sykkeltur til Holemork Juni Motbakkeløp «Hulderholet Upp» Sommartur (vi køyrer buss) Sommarfest i barnehagen Overnattingstur (førskulebarna)
6 Feiring av bursdagar Bursdagsbarnet er med og pyntar bord og krone til feiringa. Bursdagar blir feira berre på avdelinga til den som har bursdag. Flagget blir hengt opp ved grinda for å markere at vi har bursdagsbarn. Kva barnet treng å ha i barnehagen Regnklede og støvlar Vind /vasstett parkdress eller overtrekksjakke /bukse. Gode tur /utesko Innesko Skift/ekstraklede dei må ha i korga si i garderoba (truser, sokkar, bukse, t skjorte, tynn genser, stilongs, ullsokkar, vottar, lue, hals/buff) Vinterstid: Fleece/ullgenser og bukse, vinterdress, lue, vottar, gode og varme vintersko, hals/buff i staden for skjerf Dei minste: Bleier (ikkje ynskjeleg med trusebleie), smokk, klut el. som dei brukar ved soving, vogn dei kan sove i ute. Klede og sko skal vera namna
7 GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET Søre Pulverheksa Naturvakt Forskarfrø Lokal songarv Matlaging med fokus på praktisk matematikk Nørdre Familien min Eventyr: Bukkene Bruse Gullhår 3 små griser 5 FOKUSOMRÅDE Friskus fysisk aktivitet Menneska er skapt for å vere i aktivitet. Ved at barna i tidleg alder får utvikle gode vanar og blir glade i å bevege seg, vil dei ha eit godt utgangspunkt for resten av livet, samtidig som helsegevinsten er stor. Alle barn er glade i å bevege seg denne gleda må vi ta vare på! I barnehagen vil vi leggje opp til variert motorisk aktivitet inne, ute, i idrettshallen og utanfor gjerdet i nærmiljøet. Rammeplanen Vanar og handlingsmønster tek form alt frå tidleg alder av. Gode vanar som ein tileignar seg i barnehagealder, kan vare livet ut. Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse. Barna skal inkluderast i aktivitetar der dei får bevege seg, leike og samhandle med andre og oppleve motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader. Naturen som læringsarena Med naturen som læringsarena vil vi leggje til rette for at barna skal oppleve: leik, læring og mestring utforsking og kroppslege erfaringar glede over å bruke naturen forståing av korleis ein brukar og tek vare på naturen og miljøet gode opplevingar med friluftsliv året rundt
8 Naturvakt Vi vil bruke eit opplegg i regi av Norsk Friluftsliv som ein introduksjon til forståing av Allemannsretten der målet er å ta i bruk naturen som arena for kunnskap og mestring. Barna lærer å ferdast og opphalde seg i naturen, dei lærer å hauste frå naturen og ikkje minst, dei lærer å ta vare på naturen og rydde opp etter seg. Vi har ein fast turdag i veka. Rammeplanen Opplevingar og erfaringar i naturen kan fremje forståing for eigenarten til naturen og barna sin vilje til å verne om naturressursane. Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider. Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring. Språkutvikling og språklæring Vi har fokus på tidleg innsats og systematisk språkstimulering. Å leggje til rette for god språkutvikling er ei viktig oppgåve for barnehagen. Barn lærer språk best gjennom å vera språkleg aktive. Dette er utgangspunktet for å: skape eit variert språkmiljø der barna får oppleve glede ved å bruke språket og kommunisere med andre bruke språk til å skape relasjonar, delta i leik og som reiskap til å løyse konfliktar leggje til rette for eit fleirkulturelt språkmiljø gjennom eit fleirspråkleg perspektiv skape samtalar som ein grunnleggjande aktivitet for språktileigning og læring Rammeplanen Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga, språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer. Barnehagen skal bidra til at barn leiker med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling. Synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer
9 Barns medverknad Medverking og deltaking handlar ikkje om at barna skal bestemme, men at dei skal kunne påverke eigen kvardag. Vi meiner at deltaking er eit meir beskrivande ord enn medverknad. Barna skal i stor grad delta i barnehagedagen ut i frå sine føresetnader, idear, innspel, tankar og evne til kommunikasjon I Barnehagen vil vi jobbe med barns deltaking i kvardagen generelt, og ved å fokusere på tre kvardagsaktivitetar; måltid, samling og garderobesituasjon spesielt. Rammeplanen Barnehagen skal sikre barna sin rett til medverknad ved å leggje til rette for og oppmuntre til at barna kan få gitt uttrykk for kva dei synest om den daglege verksemda i barnehagen, jf. barnehagelova 1 og 3, Grunnlova 104 og FNs barnekonvensjon art. 12 nr. 1. Barna skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga av barnehageverksemda. Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen. Leik er livet I barnehagen er leik kjernen i arbeidet og skal vektleggast ved å komme i fyrste rekkje(kunnskapsdepartementet). I barnehagen må vi derfor gje rikeleg med tid og rom for leik. Det blir og viktig å fokusere på: vennskap og inkludering konsentrasjon at barna får leike utan avbrot positive former for samver i retning av færre konfliktar læring gjennom leik Personalet må ha eit blikk for leik: sjå barnas ynskje om leik legge merke til og skjerme leik vite korleis vi kan støtte leiken til barna Rammeplanen Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og leikens eigenverdi skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode tilhøve for leik, vennskap og barnas eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for barns utvikling og læring, og for sosial og språkleg samhandling. høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga av barnehageverksemda. Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen.
10 Tilvenning Ny i barnehagen eller på ny avdeling, ny gruppesamansetting. Vi har stort fokus på å bruke god tid, og leggje til rette for å få ein god start for alle, innarbeide faste rutinar og trygger rammer når nytt barnehageår tek til. Kontaktperson Nye barn får ein kontaktperson som særskilt vil ha ansvaret for å hjelpe det enkelte barnet til rette på avdelinga, og i starten fylgje barnet opp i kvardagen. Dei første dagane i barnehagen vil det vere kontaktpersonen som har mest med barnet å gjere. Dette er viktig for at barnet skal føle seg trygg i dei nye omgjevnadane.
11