Handlingsprogram for samferdsel Fylkeskommunale mål om regional utvikling, robuste regionar, effektivt, tilgjengeleg, sikkert, miljøvennleg transportsystem kva utfordringar gir det for veg
Økonomisk perspektiv NTP opererer med: 0-alternativ +20% ramme +45% ramme Basert på tildelingsmodellen frå 2010: +45% ramme på drift er nok til eit forsvarleg drifts-og asfaltbudsjett +45% til investering er nok til fornying av ei ferjekai og 1-2km gangveg pr år eller ein middels brureparasjon, eller alternativt eit større investeringstiltak i 4-perioden. Ukjent om all tildeling kjem i rammetilskottet.
Ambisiøse mål gir rom for tolking: Mitt utgangspunkt:kva vil vegbrukarane i fylket ha? Familie kjem flyttande frå Austlandet. Vil busette seg på Averøya. Ein har fått lokal jobb. Den andre skal pendle (Pendlingsavstand til to byar).kva er familien sin kvardagsituasjon og familien sine forventningar til vegsystemet? Tek ikkje opp noko om stikkrenner og grøfter sjølv om det er viktigast. Lite om fjordkryssingar det blir ivareteke av andre. T/S vert her berre indirekte omtala.
Vegen som blir brukt kvar dag. Gang- og sykkelvegen frå heim til barnehage/ skule. Mykje bra- men for få/for korte Ca.50 innmeldte prosjekt på lista Med stiv liste blir tiltak planlagt for 6-åring og bygd for 25-åring med bustad på Grunerløkka. Driftsutfordring på vinter universell tilgjenge dårleg ivaretatt. Dyr investering enda dyrare drift. Lokalvegen til arbeid og butikk er god nok med med dagens drifts-, T/S- og vedlikehaldstiltak Pendlarvegen til by/tettstad er nøkkelen
Kvifor er pendlingsvegen utfordringa For ein pendlar med familie er både reisetida og opningstida på SFO/barnehage kritisk. Påstand: Stresset til reisande med høge krav om presis framkomst er mindre knytt til låg køyrefart enn utforutsigbar reisetid. På Averøya er delar av fylkesvegen ( fv 64) dårleg. Kommunen vil ha ny veg opprusting eller ny veg? Analyse av heile strekninga er naudsynt. Ny veg treng ikkje vere svaret(kollektiv, utbetring).
Pendlarreisa forts. For pendlaren til Kristiansund (eller Molde) er det tidsbruk inn til og ut av byen som er utfordringa. Fylkeskommunen har nøkkelrolle med ansvaret for kollektivtilbodet og for «matevegar» til riksveg i sentra. Både riks- og fylkesvegar har kapasitetsproblem i alle byane. Målsettinga om busetnad og sterkare arbeidsmarknadsregionar krev at fylkeskommunen fjernar flaskehalsar på heile strekninga. Budsjettet krev at tiltak ut over forbetring får lokal medfinansiering.
Bypakker løyser problema? Berre Ålesund er teken opp i den nasjonale gruppa, men er ein av dei mindre medlemmane Molde og Kristiansund er kandidatar. Volda/Ørsta søkjer å bli kandidatmedlem. Nasjonale målsettingar vil bli nådd lettare ved fortsatt satsing på dei største byområda fangar best opp folkevekst og nasjonale miljømål. Frykt: Bypakkene i MogR kan falle gjennom fordi Staten får betre måloppnåing andre og større stader Fylkeskommunen har ikkje økonomiske musklar til å ta «ei avgrensa» men naudsynt rolle i spleiselaget.
Regional utviklingsaktør- Raskare og tryggare næringstransport Dagleg vegdrifting er tilfredstillande (med salt). Både 40 år gamle ferjer og vegar er «pengesluk» framover. Nye ferjer/frekvens/opnigstid. Dårlege ferjekaier, bruer. 20-100 mill x 10+) Både t d fv65,fv64,fv62,fv61,fv653/654 har flaskehalsar som gir dyrare transport. Flaskehalsar på nokre lavtrafikkerte vegar fram til bedriftene. Gladmelding: Rassikring det største løftet er i ferd med å bli gjort for varetransporten. 2014 blir eit merkeår. Vi opplever ikkje våren 2010 igjen.
Litt meir om framkomst for næringstransport Reelle utfordringar : Kjem det forslag om å skrive ned til aksellast til 6 tonn utan investering? Stenge ferjesamband/tunnelar/bruer i periodar (utan god omkøyringsveg) ei tid for oppgradering? Trafikkavvikling utan omkøyringsvegar er blitt svært dyrt. Endre strategi for nybygging slik som truleg skjer på riksveg. Planlegginga må effektiviserat. Satse på konsentrert utbygging og oppgradere heile strekninga.
Fylkeskommunen som pådrivar og aktør i riksvegspørsmål Har vi ei felles oppfatning av vegnettet? Transportkommiteen fortel at vi ikkje kan gjere greie for kvar eksportvegen er. Er det tvil om at eksportvegen er E136 Ålesund Dombås? E136 har dårleg budsjettuttelling trass i at jernbanen har svekka godstilbodet. Etter 2014 er E136 (Romsdalen og Ørskogfjellet) mest utrygge hovedveg. E39 mellom Betna og Volda (Rotsethorntunnelen) med sidevegar er viktigast innan fylket. Vi har berre nokre km med veg med midtrekkverk Fordi vi ikkje har vegbredde får vi dårlig måloppnåing (fordi vi også må breddeutvide.) Sjølv om vi får Møreaksen i løpet av 10-15 år, vil reisetida ikkje bli vesentleg endra før ny veg frå Tomrefjord - Håhjem (?)) er på plass. Nytt busstilbod kan forsterke nytten på kort sikt.
Utfordringar Trafikkavvikling og miljøkrav i byane er hovudutfordringa. Kollektiv er eit viktig bidrag. Sykle og gå blir truleg viktigare enn mange av oss har forstått. Fylkeskommunen vil ikkje ha råd til (mange)nye vegar utan store lokalbidrag, men vil ha kjempeoppgåver i fjerning av flaskehalsar. Omklassifisering av gamle fylkesvegar til kommunevegar (?) ønskjeleg for å ha fokus. Gode kollektivtilbod blir dyre. Frekvensen må opp og kreative tiltak må til for å få opp bruken.
Andre utfordringar Auka investeringar fører og til større driftskostnader (over tid) i tillegg til rente. Høgt ambisjonsnivå på universell utforming vil kreve eit vesentleg høgare driftsbudsjett. Vegeigar skal markere seg. Treng vi investeringar for 1 mrd og store måltider for å få med oss god PR? Får vi samfunnsnytten godt nok fram?