Sakshandsamar, innvalstelefon Line Sperre, 5557 2085 Vår dato 28.02.2017 Dykkar dato 05.10.2016 Vår referanse 2016/12983 323 Dykkar referanse Bergen kommune v/ Bystyrets kontor Bergen Rådhus 5020 BERGEN Lovlegkontroll - vedtak i bystyresak 164-16 - vedtakspunkt 6h, v) Skolebruks-plan 2016-2030 Fylkesmannen i Hordaland har 5. oktober 2016 fått til handsaming sak om lovlegkontroll av vedtak i sak 164-16, vedtakspunkt 6 h, v), «Ja til å beholde ungdomstrinnene på Eidsvåg skole». Vedtak Fylkesmannen finn at det ikkje er grunnlag for å oppheve Bergen bystyre sitt vedtak i sak 164-16. Bakgrunn for saka Marit N. Albertsen sette fram eit innbyggjarinitiativ «Ja til å beholde ungdomstrinnene på Eidsvåg skole», jfr. kommunelova 39a, som vart mottatt av bystyret sitt kontor 28. februar 2016. Forslaget hadde slik ordlyd: «Vi er i mot en eventuell nedleggelse av ungdomstrinnene, og ønsker å bevare 1. 10. trinn ved Eidsvåg skole». Innbyggjarforslaget hadde 598 underskrifter frå personar busette i Bergen kommune. Forretningsutvalget handsama saka den 9. mars 2016 og hadde følgjande forslag til vedtak: Innbyggerforslaget «Ja til å beholde ungdomstrinnene ved Eidsvåg skole» tas opp til realitetsbehandling. Innbyggerforslaget oversendes byrådet for videre saksbehandling Byrådet bes om å fremlegge sak for bystyret senest til bystyrets møte 15. juni 2016.» I byrådsmøte den 17. mars 2016 i byrådssak 1105/16 blei det i punkt 1 h vedtatt følgjande: Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Utdanningsavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
«Opptaksområde for ungdomstrinnene på Eidsvåg og Åstveit skole slås midlertidig sammen ved at Åstveit overtar opptaksområdet til ungdomstrinnet på Eidsvåg. Den midlertidige ordningen praktiseres slik at elever på 8. og 9. trinn fra Eidsvåg integreres sammen med elever fra Åstveit, mens 10. trinn fra Eidsvåg går i 2 egne klasser på Åstveit skole. Dette innebærer at elevene på ungdomstrinnet fra Eidsvåg blir Åstveitelever skoleåret 2016/2017.» Bergen bystyre fatta vedtak 16. juni 2016 i sak 164-16 «Skolebruksplan 2016-2030. Rett bygg på rett sted til rett tid» vedtakspunkt 6 h, v) med følgjande ordlyd: «Ungdomstrinnet på Eidsvåg skole legges ned, og elevene overføres til Åstveit fra skoleåret 2016/2017.» Den 16. juni 2016 sette bystyrerepresentantar fram krav om lovlegkontroll av punkt 6 h, v) i vedtaket. Bergen bystyre handsama kravet om lovlegkontroll i møte 21. september 2016 i sak 204-16, med følgjande vedtak: Bystyrets vedtak 16. juni i sak 164-16 pkt. 6 h, v) opprettholdes. Saken oversendes Fylkesmannen for videre behandling.» Saka vart sendt til Fylkesmannen for handsaming 5. oktober 2016. Fylkesmannen si vurdering Det følgjer av kommunelova 59 første ledd første punktum : «Tre eller flere medlemmer av kommunestyret eller fylkestinget kan sammen bringe avgjørelser truffet av folkevalgt organ eller den kommunale eller fylkeskommunale administrasjon inn for departementet til kontroll av avgjørelsens lovlighet». Krav om lovlegkontroll er sett fram av Sofie Marhaug, Hilde Maria Boberg Andresen, og Ingrid Randsdatter Fjellberg når det gjeld vedtak fatta av Bergen bystyre 16. juni 2016 i sak 164-16 vedtakspunkt 6 h, v: Ungdomstrinnet på Eidsvåg skole legges ned, og elevene overføres til Åstveit fra skoleåret 2016/2017. Bystyrerepresentantane bak kravet om lovlegkontroll hevdar at innbyggjarinitiativet ikkje har fått den handsaminga det skulle hatt. Bystyredirektøren og forretningsutvalet innstilte på at innbyggjarinitiativet skulle realitetshandsamast av Bergen bystyre som ein del av skulebruksplanen. Fordi det vart vedtatt av byrådet den 17. mars 2016 å justere skulens opptaksområder 2
og dermed flytte ungdomsskuletrinna frå Eidsvåg til Åstveit, har innbyggjarinitiativet ikkje fått den handsaminga det skulle hatt, jfr. innstillinga til forretningsutvalet og bystyredirektøren. I konklusjonen sin for kravet om lovlegkontroll skriv dei tre representantane: «På bakgrunn av dette ber underskriverne om å få vurdert lovligheten av behandlingen av innbyggerinitiativet «Ja til å beholde ungdomstrinnene på Eidsvåg skole» og av bystyrets vedtak om å legge ned ungdomstrinnene på Eidsvåg skole». Vilkår for rett til lovlegkontroll Det følgjer av kommunelova 59 første ledd første punktum: «Tre eller flere medlemmer av kommunestyret eller fylkestinget kan sammen bringe avgjørelser truffet av folkevalgte organ ( ) til kontroll av avgjørelsens lovlighet». Fylkesmannen må først ta stilling til korleis bystyret sitt vedtak skal tolkast. Slik det er sitert over i kommunelova kan representantar bringe inn «avgjørelser» til lovlegkontroll. Det følgjer av rettleiar H-2299 om lovlegkontroll etter kommunelova 59 side 11 at «Beslutninger som avgjør realiteten i en sak må anses som en «avgjørelse» etter kommuneloven 59». Fylkesmannen meiner at vedtaket fatta av bystyret er ei avgjerd, jfr. kommuneloven 59. Vilkåret er da oppfylt. Fylkesmannen finn også at avgjerda er gjort av eit folkevalt organ, bystyret. Vidare finn vi at tre bystyrerepresentantar, Sofie Marhaug, Hilde Maria Boberg Andresen, og Ingrid Randsdatter Fjellberg saman, ved å underskrive kravet, har brakt avgjerda inn til lovlegkontroll, jfr. kommunelova 59 første ledd første punktum. Fylkesmannen finn også at kravet er sett fram innan fristen på tre veker, jfr. kommunelova sjuande ledd og forskrift om tidsfrist for krav om lovlegkontroll 1. Slik det kjem fram av dokumentasjonen i saka vart krav om lovlegkontroll sett fram 16. juni 2016, same dag som vedtaket vart fatta. Fylkesmannen vurderer at alle vilkår for rett til lovlegkontroll er oppfylt i denne saka. Generelt om lovlegkontrollen I kommunelova 59 første ledd første punktum er det fastsett at det som skal kontrollerast er «avgjørelsens lovlighet». I fjerde ledd i kommunelova 59 er det presisert slik: «Ved lovlighetskontroll skal det tas stilling til om avgjørelsen a. er innholdsmessig lovlig, b. er truffet av noen som har myndighet til å treffe slik avgjørelse, og c. er blitt til på lovlig måte. 3
Departementet skal oppheve avgjørelsen hvis det er gjort slike feil at den er ugyldig.» Materiell kompetanse om vedtaket er innhaldsmessig lovleg Fylkesmannen sin overprøvingsrett er snevrare i ei sak om lovlegkontroll enn til dømes i ei sak om klage på enkeltvedtak etter forvaltningslova. I ei sak om lovlegkontroll kan Fylkesmannen berre prøve kommunen sitt frie skjønn i den grad kommunen har gått ut over sitt mynde (misbruk av mynde) Fylkesmannen har same kompetanse som domstolane har i deira rett til prøving av forvaltningsvedtak. Innhaldet i vedtaket til bystyret må vere i samsvar med gjeldande rettsreglar. Fylkesmannen understrekar at det i utgangspunktet er opp til kommunen sitt frie skjønn om den vil leggje ned skular og om han vil ha forskrifter om kommunale skulekretsgrenser, jfr. opplæringslova 8-1 første ledd andre punktum. Fylkesmannen finn at innhaldet i vedtaket er i samsvar med gjeldande rettsreglar, og ser at dette punktet heller ikkje er bestridt av partane. Personell kompetanse om vedtaket er treft av nokon som har rett myndigheit Når det gjeld personell kompetanse, eller om avgjersla er treft av nokon som har mynde til å treffe ei slik avgjersle, er utgangspunktet at all avgjerslemynde ligg hos det øvste organet. I Bergen kommune er bystyret det øvste kommunale organet. Bystyret gjer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna går fram av lov eller delegasjonsvedtak, jfr. kommunelova 6. Fylkesmannen kan ikkje sjå at det er brot på vilkåra om personell kompetanse, jfr. kommunelova 59 fjerde ledd bokstav b. Prosessuell kompetanse om sakshandsamingsreglane er følgt Vidare skal Fylkesmannen vurdere kor vidt sakshandsamingsreglane er følgde, jfr. kommunelova 59 fjerde ledd bokstav c. Fylkesmannen nemner at kommunale vedtak om endring av skulestrukturen ikkje er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Dermed gjeld ikkje reglane i forvaltningslova (fvl) kap. 4-6 direkte, jfr. fvl. 3. Fvl. 41 om «virkningen av feil ved behandlingsmåten» gjeld berre direkte der det blir gjort enkeltvedtak, men må brukast analogisk for alle eventuelle sakshandsamingsfeil i saka. Underskrivarane av lovlegkontrollen krev mellom anna å få vurdert lovlegheita av handsaminga av innbyggjarinitiativet. Det er i utgangspunktet ikkje gjenstand for Fylkesmannen sin lovlegkontroll. Fylkesmannen viser til at «Beslutninger som avgjør realiteten i en sak må anses som en «avgjørelse» etter kommuneloven 59», og det er «avgjørelser» som kan 4
bringes inn for lovlegkontroll. Fylkesmannen vil difor ikkje gå spesifikt inn på ei vurdering av lovlegheita av innbyggjarinitiativet. På den andre sida, når Bergen bystyre vel å handsame innbyggjarforslaget i samband med eit anna vedtak, om skolebruksplan, opnar det for at fleire sakshandsamingsreglar må følgjast, i denne saka kommunelova 39a. Når det gjeld innbyggjarforslaget, viser Fylkesmannen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin rettleiar om innbyggjarforslag. Det kjem fram av rettleiaren at innbyggjarane i ein kommune eller fylke har rett til å setje ei sak på den politiske dagsorden, og det er sett visse minimumsvilkår for at det skal oppstå ei plikt for kommunestyret eller fylkestinget til å handsame forslaget. Dei som står bak forslaget har ikkje krav på noko bestemd utfall i saka. Forslag som vert nedstemt kan ikkje klagast på, med mindre dette følgjer av særlege reglar. Fylkesmannen ser at innbyggjarforslaget tydeleg er gjennomgått og godkjent av forretningsutvalet, som fatta vedtak om realitetshandsaming i bystyret. Underskrivarane ber om å få vurdert lovlegheita av handsaminga av innbyggjarinitiativet, i samband med at eit slikt initiativ skal handsamast av kommunens øvste organ. Kravet om lovlegkontroll gjeld da vilkåret i kommunelova 39a om at innbyggjarforslaget skal takast stilling til av det øvste politiske organet. Spørsmålet i saka er om innbyggjarforslaget har blitt tatt stilling til. Fylkesmannen forstår vilkåret i lovregelen slik at det ikkje er meint at forslaget skal måtte handsamast i ei eigen sak, eller at det skal fattast ei individuell avgjersle på bakgrunn av forslaget. Forslaget ligg som vedlegg til handsaminga av det relaterte spørsmålet og vedtaka om nedlegging, i både byrådet og bystyret. I saksdokumenta for bystyresak 164-16 går det tydeleg fram at saka om temaet i innbyggjarforslaget er diskutert, da det er stemt over som eit eige punkt. Samtidig er det gjort ei protokolltilførsle som gjeld innbyggjarforslaget. Det at innbyggjarforslaget ikkje er direkte kommentert i protokollen, ser Fylkesmannen ikkje som avgjerande, men er einig i bystyredirektøren si vurdering om at det hadde vore ein fordel dersom det gjekk fram av vedtaket at innbyggjarforslaget var handsama, men ikkje vart tatt til følgje. På bakgrunn av dette konkluderer Fylkesmannen med at innbyggjarforslaget har blitt tatt stilling til av det øvste politiske organet, bystyret. Vilkåret for handsaming av dette forslaget etter kommunelova 39a er difor oppfylt. Fylkesmannen har etter dette konkludert med at det ikkje er grunnlag for å oppheve bystyret sitt vedtak i sak 164-16. Vidare nemner vi at vedtaket som vart fatta i byrådet ikkje er vedtaket det er kravd lovlegkontroll av. Dette vedtaket omhandlar endring av Bergen kommune sine skulekretsgrenser, som har bakgrunn i ei forskrift. Det følgjer av rundskriv Udir-2-2012 at for 5
kommunar som har gitt forskrifter om skulekretsgrenser må det i tillegg til vedtak om nedlegging, også skje ei endring av forskrifta om skulegrensene/opptakskretsane. Vedtak om nedlegging, og vedtak om forskriftsendring kan handsamast i to ulike sakshandsamingsprosessar. Innbyggjarinitiativet har rett til å bli handsama av det øvste organet, og det er ikkje byrådet. Underskrivarane påpeikar at forretningsutvalet sitt vedtak om realitetshandsaming av bystyret vart fatta kort tid før byrådet fatta sitt vedtak om mellombels nedlegging. Det er ikkje relevant, da bystyret, det øvste politiske organet, fatta sitt vedtak på eit seinare tidspunkt og da tok stilling til forslaget. Fylkesmannen har etter dette, som nemnt, konkludert med at det ikkje er grunnlag for å oppheve bystyret sitt vedtak i sak 164-16, angåande vedtakspunkt 6 h, v). Vi ber om at kommunen orienterer dei som har sett fram kravet til lovlegkontroll om Fylkesmannen si avgjerd.. Med helsing Rune Fjeld assisterande fylkesmann Line Sperre rådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. 6