Fylkesmannen i Rogaland
|
|
|
- August Knutsen
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Fylkesmannen i Rogaland Rapport frå tilsyn med Sokndal kommune Adressa til verksemda: Gamleveien 20, 4380 Hauge i Dalane Tidsrom for tilsynet: Kontaktperson i verksemda: Nav-leiar Kjell Håland Samandrag Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen omhandla følgjande område: Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram (KVP). Tilsynet undersøkte om kommunen sikrar at tenesta kvalifiseringsprogram er tilgjengeleg for aktuelle deltakarar, om det blir gitt tilstrekkeleg informasjon om tenesta, og om det blir gjort forsvarlege kartleggingar, vurderingar og avgjersler ved behandling av søknader om KVP. Vidare undersøkte vi om innhaldet og omfanget av programma er forsvarlege, og om oppfølginga av brukarane er forsvarleg. Det blei funne 1 avvik under systemrevisjonen. Det blei ikkje gitt merknad. Dato: Pål Iden avd.direktør Lillian K. Gjennestad revisjonsleiar 1
2 Innhald Samandrag Innleiing Omtale av verksemda - spesielle forhold Gjennomføring Kva tilsynet omfatta Funn Vurdering av kommunen sitt styringssystem 5 7. Regelverk Dokumentunderlag Deltakarar ved tilsynet
3 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Nav Sokndal, Sokndal kommune, i perioden Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen dette året. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga 9. Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Ved revisjonen blei følgjande forhold undersøkt: kva for nokre tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor temaet som tilsynet omfattar om tiltaka blir følgde opp i praksis og ev korrigerte ved behov om tiltaka er gode nok til å sikre at lovgivinga blir følgd Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir difor inga fullstendig vurdering av tilstanden på det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike potensial for betring. 2. Omtale av verksemda - spesielle forhold Sokndal kommune har knapt innbyggjarar. Nav-kontoret blei opna i 2009 og har på tilsynstidspunktet 3,05 stillingar inklusiv leiar. Nav-leiaren har det administrative og faglege ansvaret for kontoret. Nav-kontoret er plassert direkte under rådmannen. Følgjande kommunale tenester er lagt til Nav-kontoret: råd og rettleiing, økonomisk stønad og råd og rettleiing i forhold til gjeldsrådgjeving, formidling av bustad og oppfølging av vanskelegstilte på bustadmarknaden, introduksjonsordning for flyktningar, bustønad og Husbanken sine låneog tilskottsordningar. Arbeidet med kvalifiseringsprogrammet er i utgangspunktet lagt til 2 rettleiarar. Alle vedtak på kommunale tenester blir underteikna av rettleiar og Nav-leiar. 3. Gjennomføring Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar: Revisjonsvarsel blei sendt ut Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag, punkt 7. Opningsmøte blei halde tysdag
4 Intervju 4 personar blei intervjua. Namn på dei som blei intervjua er gitt under punkt 8. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag, punkt 7. Sluttmøte blei halde torsdag Kva tilsynet omfatta Tema for tilsynet var om kommunen sikrar forsvarleg tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram, mellom anna: Om aktuelle kandidatar blir identifisert og får tilstrekkeleg informasjon om KVP Om det blir gjort forsvarleg kartlegging og vurdering, og om avgjerdene som blir tatt ved behandling av søknader om KVP er forsvarlege Om KVP blir sett i verk innan tidsfristen Om programmet er individuelt tilpassa Om programmet inneheld arbeidsretta tiltak, arbeidssøking og ev andre tiltak Om programmet er heilårleg og på full tid Om programmet blir evaluert og justert ved behov, og om tid for evaluering går fram av programmet, og Om det blir gitt forsvarleg oppfølging av deltakarane 5. Funn Det blei funne 1 avvik: Sokndal kommune sikrar ikkje forsvarleg gjennomføring av kvalifiseringsprogram. Avvik frå følgjande myndigheitskrav: Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga 4, 5 og 30, jf. forskrift om kvalifiseringsprogram og stønad 1 og 2 og forskrift om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga 4 og 5. Avviket byggjer på følgjande: Ein gjennomgang av brukarmapper viste at det i fleire saker ikkje går fram av programma, og heller ikkje av annan dokumentasjon, at programma er på full tid (37,5 timar per veke) Vidare viste det seg at fleire program ikkje inneheld arbeidssøking Det går ikkje fram av brukarmappene at det er gjort tilstrekkelege evalueringar i alle saker, og det er ikkje sett tidspunkt for evaluering i programma I 2 saker mangla program, og i 1 sak var programmet utarbeidd fleire månader etter at tiltaket var starta opp Kommunen har ikkje laga skriftlege prosedyrar for gjennomføring av kvalifiseringsprogram Kommunen sikrar ikkje at tiltaksarrangørar gir forsvarleg oppfølging av deltakarar i arbeidsretta tiltak, og det er uklare ansvarsforhold med omsyn til oppfølging av andre aktuelle tiltak som inngår i programma 4
5 Leiinga utførar ikkje systematisk kontroll med gjennomføring av kvalifiseringsprogram. Det går ikkje fram av brukarmapper eller journalnotat at det er gitt forsvarleg oppfølging i alle saker Kommunen har ikkje internkontrollsystem, og heller ikkje system for handsaming av avvik på det reviderte området Tilsette har ikkje fått opplæring i kva tid det skal meldast avvik og det blir i praksis ikkje meldt avvik på dette området 6. Vurdering av kommunens styringssystem På tilsynstidspunktet hadde ikkje Sokndal kommune eit avvikssystem på det reviderte området. Det blei opplyst i intervju at kommunen no er i ferd med å utarbeide eit internkontrollsystem. Det blei opplyst at det statlege avvikssystemet blei nytta, men det var ikkje meldt avvik på området kvalifiseringsprogram. 7. Regelverk Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker Lov om arbeids- og velferdsforvaltninga Forskrift om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad Forskrift til forvaltningslova Forskrift om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga Forskrift om rammer for delegering mellom stat og kommune om utføring av oppgåver i dei felleslokale kontora i arbeids- og velferdsforvaltninga 8. Dokumentunderlag Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd: Organisasjonskart/-oversikt over kommunen Organisasjonskart/-oversikt over Nav Sokndal Delegasjon av mynde Oversikt over tilsette på Nav Sokndal Samarbeidsavtale mellom kommunen og Nav fylket Driftsavtale for drift av felles Nav-kontor mellom Sokndal kommune og Nav Rogaland Årsmelding Sokndal kommune 2012 Kompetanseplan for Nav Sokndal mapper på brukarar som har fått tildelt kvalifiseringsprogram Oversikt over mottakarar av sosialhjelp i 2012 og 2013, kor brukarar som dei tilsette meiner er langtidsmottakarar av økonomisk stønad er merka Dokumentasjon som blei ettersendt: 9 mapper på brukarar som har mottatt sosialhjelp i lengre tid Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen: 5
6 Diverse e-postar angåande praktisk gjennomføring av tilsynet 9. Deltakarar ved tilsynet Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua. Namn Funksjon / stilling Opningsmøte Intervju Sluttmøte Edland-Hansen, Torill June Rettleiar X X X Håland, Kjell Nav-leiar X X X Rekeland, Jostein B. Rettleiar X X X Sørensen, Dag Rådmann X X X Andresen, Birgitte H. Rettleiar X Frå tilsynsorganet deltok: Gunn Idland, revisor Torunn Salte, revisor og Lillian K. Gjennestad, revisjonsleiar 6
Rapport frå tilsyn med Nav Øygarden kommune Samandrag
Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato Dykkar dato Vår referanse Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Øygarden kommune 2013 Adressa til verksemda: 5337 Rong Tidsrom for
Avvik 1: Nav Osterøy sikrar ikkje at tenesta kvalifiseringsprogram er tilgjengeleg for alle aktuelle deltakarar.
Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55 57 26 01 Vår dato 25.6.2013 Dykkar dato Vår referanse 20/1595 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Osterøy kommune 2013 Adressa til verksemda:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i kommune Adressa til verksemda: Grandavegen 9, 6823 Sandane Tidsrom for tilsynet: 04.07.2014
Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 26. og 27. april 2016 tilsyn med Nav Etne kommune.
Sakshandsamar, innvalstelefon Birthe Lill Christiansen, 55 57 22 35 Vår dato 10.05.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/1424 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Etne kommune Adressa til verksemda:
Tyssevegen 217, 5650 Tysse Tidsrom for tilsynet: 13. og 15. oktober 2015 Kontaktperson i verksemda: Tone Ramsli, rådmann
Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato Dykkar dato Vår referanse 2015/9798 622 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Samnanger kommune Adressa til verksemda: Tyssevegen
Rapport frå tilsyn med Nav Os kommune 2014
Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato Dykkar dato Vår referanse 2014/2325 721.0 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Os kommune 2014 Adressa til verksemda: Postboks
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i Adressa til verksemda: Kommunehuset, 6740 Selje Tidsrom for tilsynet: 25.11.2013 13.05.2014
Lindås kommune Kvernhusmyrane ISDALSTØ
Sakshandsamar, innvalstelefon Birthe Lill Christiansen, 55572235 Vår dato 30.05.2017 Dykkar dato Vår referanse 2017/2207 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Lindås kommune Adressa til verksemda: Lindås
Fylkesmannen i Rogaland
Fylkesmannen i Rogaland Rapport frå tilsyn med barnevernstenesta i Tysvær kommune sitt arbeid med oppfølging av meldingar Adressa til verksemda: Tysvær kommune, Postboks 94, 5575 Aksdal Tidsrom for tilsynet:
Rapport frå tilsyn med Nav Kvinnherad kommune
Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 5557 2244 Vår dato 13.11.2015 Dykkar dato Vår referanse 2015/11057 721.0 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Kvinnherad kommune Adressa til verksemda:
Rapport frå tilsyn med Nav Bømlo kommune Samandrag
Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato Dykkar dato Vår referanse 2014/2297 721.0 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Bømlo kommune 2014 Adressa til verksemda: Postboks
Fylkesmannen i Rogaland
Fylkesmannen i Rogaland Rapport frå tilsyn med kvalifiseringsprogrammet (KVP) ved Vindafjord kommune Adressa til verksemda: Rådhuset, 5580 Ølen Tidsrom for tilsynet: 27.01.14 28.07.14 Kontaktperson i verksemda:
Rapport frå tilsyn med Kasa Ungdomssenter Samandrag
Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55 57 26 01 Vår dato 6.5.2013 Dykkar dato Vår referanse 2013/204 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Kasa Ungdomssenter 2013 Adressa til verksemda: Fjøsangerveien
Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A. Lærdal kommune
Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A Lærdal kommune Adressa til verksemda: Postboks 83, 6886 Lærdal Tidsrom for tilsynet: 12.06.2015 til 19.10.2015
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med sosiale tenester til personar mellom 17 og 23 år i Eid kommune Adressa til verksemda: Rådhusvegen 11, 6771 Nordfjordeid Tidsrom for tilsynet: 21.01.2016
Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.
Fylkesmannen i Oppland Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma i Skjåk kommune Samandrag Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med Helse Førde, psykiatrisk klinikk, Nordfjord psykiatrisenter og Indre Sogn psykiatrisenter Adressa til verksemda: Postboks 1000, 6807 Førde Tidsrom
Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013
Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013 Adressa til verksemda: Postboks 184 5342 STRAUME Tidspunkt for tilsynet: 20. november 2013 Kontaktperson i verksemda: Kristoffer Møvik Kontaktperson
Fylkesmannen i Rogaland
Fylkesmannen i Rogaland Rapport fra tilsyn med Rennesøy kommune ved Nav Rennesøy Virksomhetens adresse: Postboks 24, 4159 Rennesøy Tidsrom for tilsynet: 11. og 16. mai 2017 Kontaktperson i virksomheten:
Fylkesmannen i Rogaland
Fylkesmannen i Rogaland Rapport frå tilsyn med Indre Ryfylke Barnevern sitt arbeid med undersøkingssaker Adressa til verksemda: Sauda kommune, Postboks 44, 4201 Sauda Tidsrom for tilsynet: 10.07.2017 07.12.2017
Østre Nesttunsvei 6 - Nesttun. Kristine Skjælaaen. Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller merknader innanfor tema for tilsynet.
Sakshandsamar, innvalstelefon Eirik Lyssand. 55 57 21 11, Vår dato Dykkar dato Vår referanse 2012/13117 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Familievernkontoret i Fana Adressa til verksemda: Østre Nesttunsvei
Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Hyllestad kommune
Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Hyllestad kommune Adressa til verksemda: 6957 HYLLESTAD Tidsrom for tilsynet: 25.11.2015 02.05.2016 Kontaktperson
Avvik 2: Leiinga ved Nav Voss har ikkje sørgja for at praksis er likeverdig ved tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram.
Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55 57 26 01 Vår dato 25.6.2013 Dykkar dato Vår referanse 2013/1583 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Voss kommune 2013 Adressa til verksemda: Postboks
Utkast til rapport frå tilsyn med Kvinnherad kommune, Husnestunet
Vår ref. 2017/7575 Utkast til rapport frå tilsyn med Kvinnherad kommune, Husnestunet Adressa til verksemda: Kvinnherad kommune Rosendalsvegen 10 5410 Rosendal Tidsrom for tilsynet: 24.-25. oktober 2017
Fylkesmannen i Oppland
Fylkesmannen i Oppland Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken til personar med psykisk utviklingsheming ved Vestre Slidre kommune Adressa til verksemda: 2966 Slidre Tidsrom for tilsynet: 14.09.12 10.12.12
Rapport frå tilsyn med Styve Gard Samandrag
Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55 57 26 01 Vår dato 18. april 2013 Dykkar dato Vår referanse 2013/213 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Styve Gard 2013 Adressa til verksemda: Postboks
Rapport frå tilsyn med Sofus Barnevern
Sakshandsamar, innvalstelefon Eirik Lyssand 5557 2111 Vår dato 02 april 2013 Dykkar dato Vår referanse 2013/225 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Sofus Barnevern Adresse til verksemda: Sofus barnevern,
Rapport frå tilsyn med Garnes ungdomssenter Samandrag
Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato 09.04.13 Dykkar dato Vår referanse 2013/208 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Garnes ungdomssenter 2013 Adressa til verksemda: Garnestangen
Rapport frå tilsyn med Bergen Akuttsenter Samandrag
Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato 21. mars 2013 Dykkar dato Vår referanse 2013/368 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Bergen Akuttsenter 2013 Adressa til verksemda:
Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Psykiatrisk divisjon, Bjørgvin DPS, Avdeling allmennpsykiatri Tertnes
Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Psykiatrisk divisjon, Bjørgvin DPS, Avdeling allmennpsykiatri Tertnes Adressa til verksemda: Postboks 1, 5021 Bergen Tidsrom for tilsynet: 27.-28.april 2010 Kontaktperson
Fylkesmannen i Telemark
Fylkesmannen i Telemark Foreløpig rapport fra tilsyn med kvalifiseringsprogrammet - tildeling og gjennomføring ved Notodden kommune, NAV Notodden Virksomhetens adresse: Heddalsvegen 38 Tidsrom for tilsynet:
Fylkesmannen i Rogaland
Fylkesmannen i Rogaland Rapport frå tilsyn med barneverntenesta i Vindafjord kommune Adressa til verksemda: Vindafjord kommune, Kommunehuset, 5580 Ølen Tidsrom for tilsynet: 08.07.- 18.12.2014 Kontaktperson
Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 17, 19. og 20. november 2015 tilsyn med Nav Årstad sosialtjeneste.
Saksbehandler, innvalgstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato Deres dato Vår referanse 2015/11867 Deres referanse Rapport fra tilsyn med Nav Årstad sosialtjeneste Adressen til virksomheten: Postboks
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av barn i fosterheim i Høyanger kommune Adressa til verksemda: Høyanger kommune, Pb. 159, 6991 Høyanger Tidsrom for
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med Familiekontora for Sunnfjord og Sogn Adressa til verksemda: Storehagen 1 B Tidsrom for tilsynet: 31.07.2013 28.11.2013 Kontaktperson i verksemda:
Fylkesmannen i Vest-Agder Samfunnsavdelingen
Fylkesmannen i Vest-Agder Samfunnsavdelingen Saksbehandler: Trond Sælør Deres ref.: Vår dato: 07.05.2014 Tlf.: 38 17 62 43 Vår ref.: 2014/340 Arkivkode: 721.10 Søgne kommune Postboks 1051 4682 Søgne Endelig
Fylkesmannen i Oslo og Akershus
Fylkesmannen i Oslo og Akershus Endelig rapport fra oppfølgingstilsyn av de sosiale tjenestene i arbeids- og velferdsforvaltningen ved Aurskog-Høland kommune Virksomhetens adresse: Rådhusveien 3, 1940
Rapport frå tilsyn med Bergen kommune - barnevernstenesta i Åsane
Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55 57 22 44 Vår dato 16.10.2014 Dykkar dato Vår referanse 2014/9868 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Bergen kommune - barnevernstenesta i Åsane Adressa
Fylkesmannen i Oslo og Akershus
Fylkesmannen i Oslo og Akershus Rapport fra oppfølgingstilsyn med sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen - økonomisk sosialhjelp ved Vestby kommune Virksomhetens adresse: Postboks 144, 1540
FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA
FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA TILSYN MED LUND KOMMUNE TIDSPUNKT: 24. november 2009 Vår ref: 09/9947 KOMMUNEN SI ADRESSE: Lund kommune, Moiveien 9, 4460 MOI KOMMUNENUMMER: 1112 TILSYNSGRUPPE:
Fylkesmannen i Oslo og Akershus
Fylkesmannen i Oslo og Akershus Endelig rapport fra tilsyn med kommunens plikt til å tilby forsvarlige tjenester innen økonomisk rådgivning ved Sørum kommune Virksomhetens adresse: Postboks 113, 1921 Sørumsand
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med institusjonens tilrettelegging og oppfølging av fritid og fritidsaktivitetar, og bebuarens rett til medverknad ved Stiftelsen Klokkergården - avdelingane
Fylkesmannen i Oslo og Akershus
Fylkesmannen i Oslo og Akershus Rapport fra tilsyn med lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen kommunens ansvar for å sikre forsvarlig tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram
Endelig rapport fra tilsyn med Bergen kommune ved Nav Ytrebygda 2014
Endelig rapport fra tilsyn med Bergen kommune ved Nav Ytrebygda 2014 Adressen til virksomheten: Postboks 24 Sandsli 5861 Bergen Tidspunkt for tilsynet: 06. november 2014 Kontaktperson i virksomheten: Hilde
Fylkesmannen i Østfold. Endelig rapport fra tilsyn med tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram ved NAV Fredrikstad
Fylkesmannen i Østfold Endelig rapport fra tilsyn med tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram ved NAV Fredrikstad Virksomhetens adresse: Postboks 1405 1602 Fredrikstad Tidsrom for tilsynet:
Fylkesmannen i Telemark
Fylkesmannen i Telemark Foreløpig rapport fra tilsyn med sosiale tjenester til personer mellom 17 og 23 år ved Notodden kommune, NAV Notodden Virksomhetens adresse: Heddalsveien 28 B, 3674 Notodden Tidsrom
Rapport frå tilsyn med Sunnhordland Interkommunale Barnevern
Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55 57 22 44 Vår dato 2.6.2014 Dykkar dato Vår referanse 2014/1470 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Sunnhordland Interkommunale Barnevern Adressa til
Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte februar 2016 tilsyn med barnevernstjenesten i Arna.
Saksbehandler, innvalgstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato Deres dato Vår referanse 2015/16106 621 Deres referanse Rapport fra tilsyn med Bergen kommune, Arna barnevernstjeneste Adressen til virksomheten:
Rapport frå tilsyn med behandling av eldre pasientar med hoftebrot. ved Helse Førde HF Kirurgisk klinikk, Ortopedisk avdeling, seksjon Førde
Rapport frå tilsyn med behandling av eldre pasientar med hoftebrot ved Helse Førde HF Kirurgisk klinikk, Ortopedisk avdeling, seksjon Førde Adressa til verksemda: postboks 1000, 6807 Førde Tidsrom for
FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA
FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA TILSYN MED BJERKREIM KOMMUNE TIDSPUNKT: 8. mars 2006 VÅR REF: 2006/1057 KOMMUNEN SI ADRESSE: Bjerkreim kommune, Postboks 17, 4389 Vikeså KOMMUNENR: 1114 TILSYNSGRUPPE:
Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Sogndal kommune
Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Sogndal kommune Adressa til verksemda: Postboks 153, 6851 SOGNDAL Tidsrom for tilsynet: 25.11.2015 30.05.2016
Rapport frå tilsyn med. behandling av hjerneslag. Helse Fonna HF, Haugesund sjukehus 2013
Sakshandsamar, innvalstelefon Signe Marit T. Stephanides, Vår dato 19.12.2013 Dykkar dato Vår referanse 2013/11447 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med behandling av hjerneslag Helse Fonna HF, Haugesund
