Rapportar frå eigarutsendingar til heilt eller delvis fylkeskommunalt eigde selskap

Like dokumenter
Tittel: Eigarmelding 2014

2. Fylkestinget sluttar seg til omtalen og vurderinga av dei einskilde selskapa og stiftingane i del II av eigarmeldinga, jf. vedlegg 1.

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Oppfølgingsliste 3/2017

Saksframlegg. Krav om lovlegkontroll av habilitetsavgjerder i fylkestingssak 33/14 SAKSFRAMSTILLING. 1. Samandrag. 2.

Oppfølgingsliste 2/2016

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Oppfølgingsliste 5/2016

Oppfølgingsliste 7/2015

Ullensvang herad MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: Kl.: Stad: Saknr.: MØTELEIAR DESSE MØTTE FORFALL DESSUTAN MØTTE Sakliste: Saknr.

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

Sakliste: Saknr. Sak 32/12 Godkjenning av innkalling og sakliste MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Fylkeshuset, Leikanger, møterom Skåla. Møtedato Kl. 10:00 15:45

Utkast til selskapsavtale (vedtekter) etter samanslåing av Indre Hordaland Revisjonsdistrikt (IHR) og Sogn og Fjordane Revisjon IKS(SFR)

Oppfølgingsliste 6/2015

Oppfølgingsliste 1/2017

Oppfølgingsliste 7/2016

MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 10/11 21/11. MØTELEIAR Georg Lønning (FrP)

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE


Eigarmelding. Balestrand kommune

VEDTEKTER. 30. mars ;.. ` '~ ` , ~~ : ~ ~ ~ 7. M. - f~- '~~. ~f N- ' ~~~.r r - ~ '' ~ _~ j ~~ ~~~~~.~.. - ~~ r 7A / ht~ ` ~~ +-

36/12 SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK - RAPPORT ETTER SELSKAPSKONTROLL

Oppfølgingsliste 4/2017

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Fortid & notid for framtid

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

KONTROLLUTVALET I SOGNDAL KOMMUNE ÅRSMELDING 2013 UTKAST

Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 9: Møtestad: Rådhuset, Kommunestyresalen Saksnr.: 12/ /2016

Partsbrev - Selskapskontroll av Storeholmen VTA AS - Styreleiar orienterer og status i arbeidet ved Deloitte

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

Tilbakemelding til forvaltningsrevisjonsrapporten "Norsk digital læringsarena (NDLA)"

Rolla til kontrollutvala i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune ved samanslåing - Arbeidsmøte 3

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom Bømlo sjukeheim Saknr.: 22/11 30/11

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

KONTROLLUTVALET FOR FEDJE KOMMUNE FRAMLEGG MØTEUTSKRIFT. Erling Walderhaug (leiar), Anna Marit Storemark (nestleiar) og Inger Steinsbø

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Dato: 25. august 2010 Kl.: Stad: Fleischer's Hotel, Voss Saknr.: 25/10-31/10. MØTELEIAR Hermansen, Terje (A)

Fylkestinget 3. desember 2018 Fylkeskommunens eierskap i SFE

ÅRSREKNESKAPEN 2008 FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE, UTTALE FRÅ KONTROLLUTVALET

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Oppfølgingsliste 9/2014

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Oppfølgingsliste 6/2016

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS

HORDALAND FYLKESKOMMUNE SITT VIDARE ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE OPPFØLGING AV FYLKESTINGET SITT VEDTAK FRÅ JUNI 2010.

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Fylkeshuset, møterom Skåla. Møtedato Kl. 09:00 15:00. Fjærestad, Kåre Jarl Langeland, Turid Vassliås Borgund

Tilleggsinnkalling av Kommunestyret

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

BOKN KOMMUNE FOR 2010 KONTROLLUTVALET BOKN KOMMUNE

Plan for gjennomføring av selskapskontroll i Balestrand kommune

TYSVÆR KONTROLLUTVAL

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Guri Olsen

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS

Ullensvang herad Møteprotokoll

Engasjements- og eigarskapskontroll i Møre og Romsdal fylke

Flora kontrollutval SEKOM-sekretariat

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Trond Hansen Riise Medlem V

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 01/12 06/12

MØTE B OK. Møtebok Kontrollutvalet Kontrollutvalet. Møtestad Fylkeshuset, Hermansverk, møterom Skåla. Møtedato Kl.

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

ETNE KOMMUNE FOR 2011 KONTROLLUTVALET ETNE KOMMUNE

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

VINDAFJORD KOMMUNE FOR 2010 KONTROLLUTVALET VINDAFJORD KOMMUNE

SVEIO KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Tysdag 23. september 2014 blei det halde møte i Sveio kontrollutval under leiing av utvalsleiar Håkon J. Skimmeland.

FINNØY KONTROLLUTVAL ÅRSPLAN 2018

Plan for selskapskontroll

Dato kl. 14:00-16:00 Stad: Fjell Rådhus. Eli Bergsvik, Kristian Johannessen, Gro Heidi Skoge,

SELJE KOMMUNE Kontrollutvalet. Møteprotokoll. Møtedato: 28. FEBRUAR.2017 Møtetid: Kl. 13: Møtestad: Kommunehuset, 2 etg. Saksnr.

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Møtedato: Møtetid: Kl Forfall meldt frå følgjande medl. Par ti Følgjande varamedlem møtte Parti

BOKN KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Torsdag 28. mai 2015 blei det halde møte i Bokn kontrollutval under leiing av leiar Daghild G. Alvestad.

Svar på partsbrev - Handlingsplan- Forvaltningsrevisjonen av NDLA 1

Oppfølgingsliste 3/2016

Eigarmelding Fylkeskommunalt eigarskap i selskap.

Fitjar kommune Møteprotokoll

1. Fylkestinget sluttar seg til vurderingane og prinsippa for eigarpolitikk i del I av eigarmeldinga, inkludert:

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Inge Reidar Kallevåg Leiar H Kristian Helland Nestleiar FL KRF/SP

Sogn og Fjordane Energi AS-innkalling til generalforsamling

Engasjements- og eigarskapskontroll i Møre og Romsdal fylkeskommune

SVEIO KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Måndag 20. april 2015 blei det halde møte i Sveio kontrollutval under leiing av utvalsleiar Håkon J. Skimmeland.

TYSVÆR KONTROLLUTVAL

Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset i Austevoll Dato: Tidspunkt: 09:30-12:30

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

Oppfølgingsliste 2/2015

INNKALLING TIL EKSTRAORDINÆR GENERALFORSAMLING I SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE

Møtebok. Kontrollutvalet i Lærdal kommune. Møtedato: Møtetid: 12:30 15:30. Møtestad: Møterom 2. etasje Saksnr.

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Omklassifisering av fylkesveg til riksveg

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Dato: Kl.: Stad: Kommunehuset møtelokale på NAV-kontoret Saknr.: 30/13 37/13

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Transkript:

Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Ina Therese Sørfonden, Fylkesrådmannen Sak nr.: 13/6795-108 Rapportar frå eigarutsendingar til heilt eller delvis fylkeskommunalt eigde selskap Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1. Fylkesutvalet tek rapportane til orientering. 2. Fylkesutvalet stiller seg bak alternativet som styret i Sogn og Fjordane Revisjon IKS legg fram i høyringsbrevet datert 23. juni 2014 vedkomande samarbeidet med Indre Hordaland Revisjonsdistrikt. Vedlegg: Vedlegg 1 Botnaneset industriselskap AS: Vedlegg 2 F1 Holding AS: Årsmelding og årsrekneskap 2013 Vedlegg 3 F1 Holding AS: Rapport om selskapet Vedlegg 4 F1 Holding AS: Protokoll frå generalforsamling Vedlegg 5 Firda Billag AS: Årsrekneskap og årsmelding 2013 Vedlegg 6 Firda Billag AS: Protokoll frå ordinær generalforsamling 2014 Vedlegg 7 Fjord Invest Såkorn AS: Vedlegg 8 Fjord1 AS: Eigarvurdering av fylkesordføraren Vedlegg 9 Framtidsfylket AS: Vedlegg 10 Gulen/Masfjorden Utvikling AS: Protokoll frå ordinær generalforsamling 2014 Vedlegg 11 Innovasjon Norge AS: Vedlegg 12 KLP AS: Årsrapport 2013 Vedlegg 13 Kommunekraft AS: Årsberetning 2013 Vedlegg 14 Kunnskapsparken S. og Fj. AS: Vedlegg 15 Luna Industri AS: (ikkje off., jf. offl. 23, 4 ledd). Vedlegg 16 Lutelandet Utvikling AS: Vedlegg 37 Mentro AS (tidlegare Firda Produkt): Vedlegg 18 Njøs Næringsutvikling AS: Vedlegg 19 Norsk Fjordhestsenter AS: Vedlegg 20 Opplæringsfartøy AS: Innkalling til generalforsamling med årsoppgjer 2013 og brev til aksjonærane (ikkje off., jf. offl. 23, 4. ledd) Vedlegg 21 Opplæringsfartøy AS: E-post frå Jan Torvanger 12.08.14 (ikkje off., jf. offl. 23, 4. ledd) Vedlegg 22 Opplæringsfartøy AS: E-post frå Jan Holvik 11.12.08 (ikkje off., jf. offl. 23, 4. ledd) Vedlegg 23 Opplæringsfartøy AS: Internt notat frå FRM til fylkesutvalet (ikkje off., jf. offl. 23, 4. ledd) Vedlegg 24 Origod AS: Vedlegg 25 Sandane Industri AS: Vedlegg 26 SF Revisjon IKS: Protokoll representantskap 2014 Vedlegg 27 SF Revisjon IKS: Årsmelding 2013 Vedlegg 28 SF Revisjon IKS: Årsrekneskap 2013 Vedlegg 29 SF Revisjon IKS: Høyringsbrev datert 23. juni 2014 Vedlegg 30 SFE AS: Eigarvurdering av fylkesordføraren Vedlegg 31 Sogn og Fjordane Holding AS: Årsmelding og årsrekneskap 2013 Vedlegg 32 Sogn og Fjordane Teater L/L: Vedlegg 33 Sogneprodukt AS: Vedlegg 34 Trivselshagen AS: SAKSFRAMSTILLING

Side 2 av 6 1. Bakgrunn for saka Eigarmelding 2013 punkt 3.5 lyder: - Utsendingane eller vara møter på generalforsamling/representantskap. Her opptrer eigarutsendinga i tråd med styringsinstruksane ho eller han har fått av det politiske fleirtal i fylkesutvalet - I etterkant av eigarmøtet i selskapa utarbeider eigarutsendinga ein skriftleg rapport til fylkesutvalet. Rapporteringsfristen er 31. juli. Rapporten skal omhandle hovudtrekka i årsrekneskapen, årsrapporten og andre viktige saker - Rapportane frå utsendingane vert sendt ut i høveleg tid før første fylkesutvalsmøte etter sommaren. Fylkesutvalet tek rapportane til orientering, og det er høve til å drøfte eventuelle spørsmål. I løpet av hausten kan fylkesutvalet møte eigarrepresentanten dersom det er ynskjeleg med ytterlegare informasjon om enkelte selskap. Informasjonen frå rapporten og ev. dialog i etterkant vil tene som grunnlag for ev. styringssignal som blir gjeve fram mot komande eigarmøte i selskapet. 2. Vurderingar og konsekvensar Vedlagde rapportar Vedlagt følgjer rapportane frå nesten alle selskapa som fylkeskommunen har eigarinteresser i. Det er ikkje kome rapport om Firda Billag. Det var ingen frå fylkeskommunen som møtte på selskapet si generalforsamling. Protokoll frå generalforsamlinga, samt årsmelding og årsrekneskap for 2013, er lagt ved saka. Det møtte ingen eigarrepresentant på Gulen og Masfjorden Utvikling AS si generalforsamling, det er heller ikkje skreve rapport om selskapet. Protokoll frå ordinær generalforsamling er lagt ved. For F1 Holding er det skreve rapport, jf. vedlegg 3. Fylkesordføraren si orientering til fylkestinget i juni 2013 om Fjord1 AS og F1 Holding AS, samt årsmelding og konsernrekneskapen for Fjord1 AS og F1 Holding AS, supplerer rapporten. Vidare er det ikkje lagt ved rapport for KLP AS, SF Holding AS, Opplæringsfartøy AS, SF Revisjon IKS, Kommunekraft AS og VIGO IKS. For desse selskapa er anna dokumentasjon med selskapsinformasjon, som t.d. årsmelding, årsrekneskap og/eller protokollar frå generalforsamlingar eller representantskap lagt ved saka. For SFE AS og Fjord1 AS har fylkesrådmannen lagt ved fylkesordføraren si orientering til fylkestinget i juni 2013 i staden for eigen rapport. Det er ikkje meld om særskilde tema til drøfting i høve i desse selskapa ut over det som går fram av omtalen nedanfor. Merknader til einskilde selskap Fylkesrådmannen trekker nedanfor fram nokre rapporterte innspel som fylkesutvalet bør vere merksame på og kome med ev. merknader til. Merknadane kan innarbeidast i eigarmeldinga som skal handsamast i fylkestinget i oktober 2014. Eigarmeldinga er «styrande» for utsendingane til generalforsamlingane i 2015. Botnaneset Industriselskap AS Fylkeskommunen sin eigarutsending møtte på fylkesutvalet sitt vårmøte 2014 for å diskutere selskapet. Som ei oppfølging av vedtak i vårmøte, sak 28/14, vart det lagt fram eit notat om korleis fylkeskommunen gjennomfører sine oppgåver innan petroleumsektoren, sjå FU-sak 76/14 «Skriv og meldingar».

Side 3 av 6 Føremålsparagrafen til selskapet vart endra 31. mai 2012. Gjeldande føremål til selskapet er: «Å legge til rette for næringslivet på sunt økonomisk grunnlag i regionen og spesielt bidra til å legge forholdene til rette for en videreutvikling av den olje- og gassrettede virksomheten i regionen, blant annet gjennom deltakelse i høringsrunder og politiske prosesser. Dessuten kan selskapet være med i andre selskap med lignende formål.» Eigarutsending skriv følgjande i sin rapport: «Fylkeskommunen har hatt ein gjennomgang av eigarskap i selskapa. Eigarskap og styresamansetning i Botnaneset Industriselskap har vore drøfta i fylkeskommunen. Det har kom signal frå styreleiar at tidspunkt for å endre eigarskap kan synast uheldig. Signal frå fylkesutvalet om storleik på styrehonorar vart tatt opp i møtet. Det vart orientert om at honorara har vore uendra sidan 1998.» Firda Billag AS Fylkeskommunen sin eigarutsending og administrerande direktør Peter Midtun møtte på fylkesutvalet sitt vårmøte 2014 for å orientere om selskapet. Årsresultatet var på 3 202 213 kroner for morselskapet. Konsernet viser eit årsoverskott på 1 316 509 kroner i 2013. Det er sett av 1 000 000 kroner til utbytte. Konsernet nådde ikkje sine økonomiske mål i 2013. Det er godsaktiviteten som i hovedsak tynger resultatet. Drifta er betydeleg betre enn året før, men fortsatt driv selskapet Transferd AS med underskott. Det er budsjettert med overskott i Transeferd for året 2014. Transferd er tilført ny kompetanse, endring av rute og ei betydeleg heving av kvaliteten på tenestene er tiltak som er gjort for å betre årsresultatet frå 2012 til 2013. Halvparten av aksjane i Firda Billag Buss AS vart i 2013 selt til Norgesbuss AS eit selskap i Torghatten-konsernet -, dette vil gjere selskapet i betre stand til å kjempe om bussmarknaden på delar av Vestlandet. Fjord Invest Såkorn AS Eigarrepresentant orienterer i rapporten om at selskapet informerte om planer og drøftingar om å få etablert eit presåkornfond. Eigarrepresentant skriv vidare at dette bør drøftast i fylkeskommunen. Resultatet for rekneskapsåret 2013 var eit underskot på 5,6 millionar kroner. Samla eigenkapital ved utgangen av året er ca. 28 millionar kroner. Selskapets si likviditetsbeholdning ved årsskifte var på ca. 15, 2 millionar kroner. Selskapet har frie midlar til å betale gjeld og gjere nye investeringar. Styret vil ha fokus på å auke kapitalen i selskapet. Det er viktig å følgje opp om selskapet klarar å få til exit-strategiar i selskap som gjev selskapet gevinst dei komande åra. Vidare underskot vil tære på kapitalen til selskapet. Fjord1 AS Fylkeskommunen si eigarutsending møtte på FU sitt vårmøte 2014 for å diskutere selskapet. Lars Birkeland er ny fylkeskommunal representant i styret i Fjord1 frå våren 2014, medan Jan Kildal er Havila sin nye representant i styret. Det vart ikkje utbytte for eigarane i fjor. Fylkeskommunen sitt (ev.) utbytte går gjennom F1 Holding og kjem difor eitt år seinare. Fylkeskommunen vert difor ikkje tilført utbytte frå 2012 i år. Rekneskapen til Fjord1 for 2013 viser eit overskot på 24 millionar kroner. Dette resultatet er 123,2 millionar kroner betre enn i 2012. Styret i F1 Holding AS har oppretta ein rutine der Fjord1 AS sender over kvartalsvise rapportar saman med styrehandsaminga av desse. Denne rapporteringa går også til fylkesutvalet. Framtidsfylket AS

Side 4 av 6 Selskapet vurderer å utvide aksjekapitalen. Dette er for å få fleire aktive eigarar, som igjen vil gi eit betre grunnlag for å utvikle selskapet. Årsresultatet for selskapet er på vel 43 000 kroner. Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane I sak om rapportane i 2013 vart det informert om at selskapet var involvert i strategiprosessen både for Gulen og Masfjorden Næringshage og Sognefjorden Næringshage. Begge desse næringshagane er etablerte og tekne opp i SIVA sitt program. Kunnskapsparken har ikkje vore direkte involvert i arbeidet med etableringa av Nord-Hordaland Næringshage i Solund, men har ved fleire høve samarbeida med dei. I forkant av generalforsamlinga vart det halde eigarmøte der ein drøfta bl.a. etableringa av eit presåkornfond. Luna Industri AS I saka om rapportane i 2013 vart det opplyst at selskapet vurdert å slå saman dei to selskapa Luna Industri og Luna Mineral. I Eigarmeldinga 2013 bestemte fylkestinget å vidareføre eigarskapen, då det gjev selskapet størst moglegheit for å skape aktivitet og arbeidsplassar. I rapport frå utsendt representant frå fylkeskommunen står det følgjande: «Det har ikkje vore aktivitet i selskapet siste år. Ingen spesielle planar framover.» I forkant av generalforsamlinga har Stig Vattekar (som styreleiar) teke opp spørsmålet på nytt om kva fylkeskommunen skal gjere med aksjane i selskapet. Saka er drøfta og fylkesrådmannen meiner at vi skal avhende aksjane. Dette vart det orientert om på generalforsamlinga. Fylkeskommunen sin eigarrepresentant foreslo ovanfor Luna Mineral AS (som eig 34% av aksjane i Luna Industri AS), at dei overtek alle aksjane i Luna Industri AS. Dette forslaget vil bli drøfta i komande styremøte i Luna Mineral AS.» Fylkeskommunalt eigarskap er ikkje lenger føremålstenleg.» Fylkesrådmannen vil formalisere denne førespunaden til Luna Minerals gjennom eit brev. Lutelandet Utvikling AS Fylkeskommunen sin eigarutsending møtte på FU sitt vårmøte 2014 for å diskutere selskapet. Frå fylkeskommunen sit Karen Marie Hjelmeseter og Audun Erik Sunde i styret. Lutelandet Utvikling eig 100 prosent av aksjane i Lutelandet Eigedom. Selskapet har eit fylkeskommunalt lån på 1,7 millionar kroner. Det er etter låneavtalen forventa nedbetalt i 2017. Eigarutsending vart orientert om aktivitet i selskapet som kan tale for at det ikkje er riktig tidspunkt for fylkeskommunen å trekke seg ut som eigar. Opplæringsfartøy AS Sjå eige notat som ligg ved saka, vedlegg 23. Delar av informasjon som vert gjort greie for her er ikkje offentleg inntil generalforsamlinga har godkjent årsmelding og årsrekneskap. Norsk Fjordhestsenter AS Fylkeskommunen sin eigarutsending møtte på FU sitt vårmøte 2014 for å diskutere selskapet. Det er gjennomført ein strategiprosess og etablert ein strategi for åra 2013-2016 og det er etablert ein samarbeidsavtale mellom sentra for dei ulike nasjonale hesterasane.

Side 5 av 6 I år vart det gjennomført eit nordisk seminar med deltaking frå Sverige. Vidare skal det som eit konkret tiltak i strategiplanen gjennomførast ein workshop med andre nasjonale kompetansesentre, regionale frivillige og private aktørar. Det skal skje ei revideringa av vedtektene. Styret skal gjere framlegg om endringar/ modernisering av vedtektene Njøs Næringsutvikling AS Fylkesrådmannen vil trekke fram det eigarutsendinga skriv i rapporten: «Driftsresultatet endra seg frå negativt i 2012 (- kr 9104) til positivt i 2013 (kr 64738). Dette på trass av at sum driftsinntekter gjekk ned frå 5.297.696 i 2012 til 4.306.850 i 2013. Nedgangen skuldast at store prosjekt vart avslutta tidleg i 2013. Den finansielle risikoen er knytt til tilgang på prosjekt. Det kom ikkje fram opplysingar som tyder på spesiell stor risiko no.» Sandane Industri AS Selskapet skal skifte namn. Det nye namnet blir truleg presentert i løpet av hausten. Selskapet vil flytte forretningskontor frå Sandane til Eid i mars 2015. Det skal utarbeidast ein strategiplan for dei neste 3 åra, 2015-17. Elles er det for dette selskapet som for dei andre arbeidsmarknadsbedriftene ei uvisse rundt rammevilkåra for drift av arbeidsmarknadsbedriftene. Regjeringa har varsla omleggingar Sogn og Fjordane Revisjon AS Fylkeskommunen sin eigarutsending møtte på FU sitt vårmøte 2014 for å diskutere selskapet. Rekneskapen for 2013 syner eitt overskot på kr 1 156 688,-. Overskotet skuldast vesentlig at vi i store delar av året har vore underbemanna. Ved handsaming av rekneskapet gav representantskapet styret fullmakt til å tilbakebetale delar av overskotet til kommunane forholdsmessig etter innbetalt honorar. Styre i SF Revisjon IKS har vedteke å tilbakebetala 1 million der fylkeskommunen sin del utgjer 317 833 kroner. Samanslåing med Indre Hordaland Revisjonselskap Representantskapet i SF Revisjon IKS gjorde 25.04.14 fylgjande vedtak om samanslåinga med Indre Hordaland Revisjonsdistrikt: «Utkast til selskapsavtale blir sendt på høyring til eigarane første halvår 2014. Representantskapet får seg førelagt endelig forslag til selskapsavtale hausten 2014 og sender den då til vedtak hjå eigarane, med tanke på oppstart 1.1.2015» Styra i dei to selskapa har fått utarbeida eit utkast til selskapsavtale og felles høyringsdokument med forslag til kostnadsfordelingsmodell. Styret i Indre Hordaland Revisjonsdistrikt handsama forslaga i møtet 26. mai og tilrår samanslåinga berre under føresetnad om at alle kommunane i SF Revisjon IKS også kjøper forvaltningsrevisjonen frå det nye selskapet. Ut frå signala som var gitt i representantskapsmøtet i SF Revisjon IKS 26. april 2013 om at fusjonen ikkje skulle gjelda forvaltningsrevisjon, vil styret i SF Revisjon IKS ikkje tilrå dette alternativet, sjå vedlagt høyringsbrev. Styret tilrår derfor at fusjonsplanane vert lagt på is og at SF Revisjon IKS fortsetter som revisjonsordning for eigarane som i dag. SF Revisjon IKS vil fortsette og utvikle samarbeidet med Indre Hordaland Revisjonsdistrikt. Styret har bede om attendemelding innan 15.09.14 på at revisjonsselskapa fortset å levera revisjonstenester som i dag og at revisjonssamarbeidet mellom selskapa vil fortsetta. I forkant av vedtaket i representantskapet den 26. april 2013 vart det gjeve klart uttrykk for at ein ikkje ynskte noko obligatorisk forvaltningsrevisjon og at ein var nøgde med å kjøpa den slik ein har gjort tidlegare. Det vart understreka at det var samarbeid om rekneskapsrevisjon dei var interessert i å gå inn i.

Side 6 av 6 Fylkesrådmannen tilrår at fylkesutvalet stiller seg bak alternativet som styret foreslår i dette brevet. Dette vil vere i samsvar med det vedtaket som vart fatta i representantskapsmøtet i SF Revisjon IKS 26. april 2013. Jf. tilråding til vedtak. Sogneprodukt AS Eigarutsendinga skriv i sin rapport: «Rammevilkåra er i endring og ein veit framleis ikkje kva som kjem ut av Brofossutvalet si innstilling. Attføringsbedriftene ønskjer seg ei stortingsmelding på området. Ein ønskjer å halde fram det gode samarbeidet med NAV fylke og NAV lokalkontor. Det er framleis noko usikkerheit knytt til korleis politikken til den nye regjeringa vil slå ut» Årsmelding og rekneskap syner at selskapet har ein sunn økonomi, men at det er små marginar for selskapet: eit overskot på 880 000 på ei omsetning på rundt 30 millionar. Strategiplanen for 2011-2013 har blitt systematisk følgt opp. Eigarutsendinga skriv vidare i sin rapport: «Som det er peika på i fylkeskommunen si eigarmelding for 2011, ligg selskapet si verksemd utanfor det fylkeskommunen sjølv har definert ein skal drive med. Selskapet sitt føremål er ikkje endra. Mi vurdering, som det vert bede om her, er at fylkeskommunen likevel skal halde fram som eigar av di selskapet leverer ei teneste som lokalsamfunnet vårt (Sogn og Fjordane) treng og tenesta som vert levert er på eit høgt nivå. Fylket vårt er grisgrendt og næringslivet smalare enn mange andre stader. Eg meiner det er grunnlag for å kunne peike på at det er usikkert om andre aktørar vil kunne levere ei like god og målretta teneste her i fylket. Samarbeidet med det lokale næringslivet er framifrå og det tek lang tid å opparbeide alt dette.» Informasjon om nye selskap og avviklingar Stiftinga Sagastad er under etablering. Dei vil ha fylkeskommunen til å nemne opp eit medlem til dette styret (vi er ikkje bedt om å stå som medstiftar). Hovudutvalet for kultur kjem med framlegg på éin styremedlem. Selskapet Fjord Norge AS vil komme med i eigarmeldinga 2014. Jan Heggheim sit som styremedlem peikt ut av fylkeskommunen, sjå hovudutvalet for plan og næring si sak 35/14. Fylkesordføraren er valt eigarutsending til generalforsamlinga, med fylkesvaraordførar som vara, sjå FU-sak 63/14. 4. Konklusjon Fylkesrådmannen tilrår at fylkesutvalet tek rapportane til orientering. Fylkesrådmannen tilrår at fylkesutvalet stiller seg bak alternativet som styret i Sogn og Fjordane Revisjon IKS legg fram i høyringsbrevet datert 23. juni 2014 vedkomande samarbeidet med Indre Hordaland Revisjonsdistrikt.