SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 081/13 UTVAL FOR PLAN OG Solveig Alvsaker. Arkiv: GBNR-41/0007, FA-L42

Like dokumenter
Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING SAKLISTE

Austevoll kommune. Innkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste

Opphevinga er gjort med heimel i forvaltningslova (fvl) 35 fjerde ledd andre setning.

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Ny organisering av arbeidet etter plan- og bygningslova og endra praksis i dispensasjonssakene frå

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 244/2 - deling av grunneigedom - Utåker - Egil Heimvik

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1

Austevoll kommune. Møteprotokoll UTVAL FOR PLAN OG BYGGESAK

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 250/22 - driftsbygning i landbruket - Matre - Haldor Matre Skålnes

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Vår ref. 2016/ Særutskrift - Konsesjon - fallrettar - Tverrelva - Tverrelva Kraftverk AS

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 243/26 - reidskapshus og tilbygg hytte - Salbuvik - Utåker - Lars Magne Stølen

Særutskrift - 194/6 - ny grunneigedom - Sæbøvik - Fredrik Johan Øvrevik

Særutskrift - 196/49 - deling av eigedom - Sæbøvik - Egil Steinar Tofte

Særutskrift - 112/17 - deling av eigedom - Dimmelsvik - Per Harald Lunde

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING SAKLISTE

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

Vår ref. 2011/ Særutskrift - BS - 241/74 - garasje - Sandvoll - Linda Soma og Øystein Ersland

2 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 056/13 13/565 Faste saker 057/13 13/77 O

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

2015/ Dispensasjon - 170/12 - veg til naust - Varaldsøy - Haktor Gjuvsland

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Stina Nordbak 13/

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 163/6 - fasade og takendring av naust - Varaldsøy - Bjørnar Torvik

Vår ref. 2014/ Særutskrift - 100/5 - deling av grunneigedom - Dimmelsvik - Nils Hjelmeland

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 137/58 - nytt anlegg/konstruksjon - Herøysundet - Herøysund Båtlag

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Godkjenning - løyve til oppføring av garasje med dispensasjongbnr 27/263 M oldekleiv

Vår ref. 2012/ Dispensasjon frå kommuneplan - 32/15 - Hatlestrand - Arve Søfteland

Samordna uttale til detaljregulering for Uggdal bustadområde - gnr. 66, bnr. 4, 6, 101 mfl.

Vår ref. 2014/ Særutskrift - Dispensasjon frå LNF - 190/48 - Halsnøy Kloster - Johanne Emmerhoff

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

Særutskrift - 186/246 - nybygg naust - Valen - Janne og Kjell Tore Haugland

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 145/28 - frådeling av tomt - Husnes - Jorunn Marit Røsseland

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 3.gongs handsaming - Søknad om deling - 208/3 -Sydnes - Anne Marie Sydnes Helland

2 av 11 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 020/16 16/242 Delingssak GBNR 21/2 - Olderbakken, Rødne. Oversikt f

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

Særutskrift - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

2016/ Særutskrift - 189/13 - naust og utlegging av flytebrygge - Halsnøy Kloster - Paul Karsten Sjo

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Eiendom : Gbnr. 20/51

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet

Særutskrift - 136/9 - naust - Herøysundet - Hilde Bakkebø og Trond Inge Kvandal

Særutskrift - 189/66 - flytebrygger med landgang - Lykelsøyvågen - Oddvin Øvernes

HANDSAMING AV DISPENSASJON - 66/1 - GJENOPPBYGGING AV NAUST, HUGLO

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 153/97 - vedlikehald grunnmur og ny steinkai - Sunde - Bjarte Bjelland

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon og igangsetjingsløyve - 234/16 - hyttenaust - Høylandsbygd - Elisabeth og Harald Hammerseth

Austevoll kommune. Møteprotokoll UTVAL FOR PLAN OG BYGGESAK

Møteprotokoll for Utval for plan og utvikling

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

MELDING OM VEDTAK. Reguleringsplan Kleivi, Vangsnes melding om vedtak. Partar / høyringsinstansar Kleivi Vangsnes

Austevoll kommune. Innkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Vår ref. 2011/ Særutskrift - BS - 43/5 - basseng og tilbygg - Kysnesstrand - Asbjørn T. Rognaldsen

Stryn kommune Servicekontoret

Saksnr Utval Type Dato 006/18 Heradsstyret PS

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/732-4

HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN 28

Vedtak i sak som gjeld klage på løyve til planering og opparbeiding av tomt på gbnr. 1/236, i Sogndal kommune

Særutskrift - 143/3 - eigedomsdeling - Husnes - Sør - Norge Aluminium A/S

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 82/106 - garasje - Rosendal - Geir Skaala

Vår ref. 2010/ Særutskrift - BS - 221/2 - spikertelt - Borgundøy - Kari L. Haugland og Jan Harald Fosse

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

2015/ Særutskrift - Dispensasjon - 140/6 - Fritidsbustader - Raudstein - Nils Gunnar Røssland

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

Vår ref. 2014/ Særutskrift - 18/6 - garasje - Ølve - Jan Egil Skarvatun

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 3.gongs behandling dispensasjon - 146/124 - naust - Sunde - Elna Marie Fludal

Møteprotokoll SAKLISTE

ØRSTA KOMMUNE Teknisk sektor

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 59/1 - basestasjon for naudkommunikasjon - Mauranger - Technogarden Engineering Resources AS

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Kvinnherad kommune Fellestenester Politisk sekretariat

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 248/28 - bølgebrytar/støttemur ved naust - Utåker - Elias Hasan

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 155/1 - deling av eigedom - Ølve - Vidar Rune Synnevåg

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Vår ref. 2011/ Særutskrift - Dispensasjon frå kommunedelplanen - 131/6 - Uskedalen - Gunnar og Edit Kjærland

Møteprotokoll for Utval for plan og utvikling

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 037/15 15/510 Faste saker 038/15 14/989 Søknad om dispensasjon frå r

Møteprotokoll for Utval for plan og byggesaker

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Haugafossen kraftverk, gnr 30 bnr 76 mfl i Jondal.

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE Helge Andre Njåstad

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

Møteprotokoll SAKLISTE

Radøy kommune Saksframlegg

Vår ref. 2010/ Særutskrift - MS - 27/1 - restaurering og ombygging av naust - Hatlestrand - Johannes A. Ask

Vår ref. 2016/ Særutskrift - 119/3 og 119/4 - deling av grunneigedom - Uskedalen - Peder Ljosnes

Transkript:

SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 081/13 UTVAL FOR PLAN OG 04.06.2013 Solveig Alvsaker BYGGESAK Arkivsaknr. 12/1781 Arkiv: GBNR-41/0007, FA-L42 Gnr. 41 bnr. 0007 Hufthammer. Oppheving av politisk vedtak- anlegg av veg Tilråding frå rådmannen: Utval for plan og byggesak har på ny vurdert søknad motteke 13.02.13 om dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen og pbl. 1-8 for etablering av veg på gnr. 41 bnr. 0007 Hufthammer. Utval for plan og byggesak meiner det ikkje trengst dispensasjon for vegens del A, idet hovudføremålet med vegen er landbruksverksemd. Del A blir difor handsama for seg etter Forskrift om planlegging av veier for landbruksformål. Dispensasjon: Med heimel i pbl. 19-2 blir det ikkje gjeve dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen og pbl. 1-8 for etablering av vegens del B og C. Utval for plan og byggesak gjev med dette førehandsvarsel, jf. pbl. 32-2 om at det vil bli vurdert å gje pålegg om retting/tilbakeføring av vegens del B og C til opphavleg terreng. Tiltakshavar har anledning til å uttale seg i saka innan tre veker etter at varselet er motteke. Dersom dei ulovlege tiltaka ikkje rettast innan fristen, vil forholdet kunne følgjast opp med pålegg om retting, jf. pbl. 32-3. Eit pålegg som ikkje etterkommast vil kunne følgjast opp med førelegg som kan få same verknad som rettskraftig dom. Rådmannen får delegert mynde til å avgjere saka etter at uttalefristen er gått ut. Vedlagte saksdokument:

Dok.dato Tittel 14.05.2013 Gnr. 41 bnr. 0007 Hufthammer Oppheving av vedtak- stoppordre for vidare arbeid 13.05.2013 Oppheving av vedtak, Hufthammer, gnr. 41 bnr. 7 m.fl. veg til naustområde ved sjø 02.04.2013 Gnr. 41 bnr. 0007 Hufthammer. Uttale -Veganlegg i landbruket 14:20:05 30.05.2013 Vedlegg i sak PLA 081/13 31.05.2013 Uttale veg Hufthammer 2.pdf 03.06.2013 PLANTEIKNING VEG_rev1.pdf Bakgrunn for saka: Saka var til handsaming i utval for plan og byggesak i møte den 02.05.13 i saknr. PLA 058/13. Utvalet gjorde følgjande vedtak: Utval for plan og byggesak har vurdert søknad motteke 13.02.13 om dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen (heretter KP) for etablering av landbruksveg på gnr. 41 bnr. 007 Hufthammer. Det trengs ikkje dispensasjon for veg A, B og C. Dette vert rekna som veg med hovudføremål til landbruk, og vil verte handsama for seg etter forskrift om planlegging av veier for landbruksformål. I brev frå Fylkesmannen (FM) datert 10.05.13 opphever FM vedtak PLA 058/13 få 02.05.13, samstundes som det vert gjeve stoppordre for vidare arbeid. Utdrag frå brevet: Kommunen ved utval for plan og byggesak sitt vedtak manglar tilstrekkeleg grunngjeving. Etter det som kjem fram i i det som FM viser til og dei vurderingane som både kommunen v/administrasjonen samt klagar har gjort, er det lite truleg at ein kan sjå heile vegen som ein landbruksveg. Med desse vurderingane i saka er det større grunn for utvalet for plan og byggesak til å grunngje sitt syn godt. FM er også i tvil om Veg A og del av veg B er ein landbruksveg. Det går ikkje klårt fram kva som ligg til grunn for rådmannens vurdering i at deler av vegen skal handsamast etter landbruksvegforskrifta. Dette er sakshandsamingsfeil, og det gjeld for heile vegen. Vidare finn FM at sakshandsamingsfeilen har hatt bestemmande verknad for resultatet av kommunen si avgjerd. Eit løyve til å byggje vegen må vere handsama etter plan-og bygningslova, eller det må vere grunngjeve på ei god og tilstrekkeleg måte at saka ikkje skal handsamast etter denne lov. Eit eventuelt løyve på anna grunnlag for å bygge vegen er derfor ikkje tilstrekkeleg i saka, og det er ikkje lovleg å bygge vegen. Vurdering: Forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål (landbruksforskrifta) inneheld reglar om bygging av veger for landbruksføremål. Vegar som handsamast etter reglane i forskrifta er i samsvar med LNF-føremålet og treng såleis ikkje dispensasjon.

Ein landbruksveg er etter forskriftas 1-3 ein bil- eller traktorveg som skal tjene jordbruksog skogbruksdrift. Rundskriv M-2/1997 R-493 presiserer at jord- og skogbruksverksemd må vere hovudføremålet med vegen. Det følgjer vidare av rundskrivet at kommunen si handsaming og vedtak etter landbruksforskrifta skal baserast på ei heilskapleg vurdering av vegen og dei interesser og areal den skal tene. Vegen på Huftahammar kan delast inn i tre deler; del A, B og C, jf. profilteikning datert 06.02.2013. Del A Etter at vedtaket i sak PLA-058/13 blei oppheva av Fylkesmannen, har fagkonsulent for skog og vilt, Ole-Kristian Trondsen, vore på synfaring på eigedomen. Synfaringa blei halde 30.05.2013. I etterkant uttala han i møte med representantar frå administrasjonen at del A hadde eit klårt landbruks- og skogsbruksføremål. Vegen har utløyst både nye beiteområde og skogsmark, og vil styrkje næringsgrunnlaget for landbrukseigedomen. Han meiner difor at del A kan godkjennast i medhald av landbruksforskrifta. Del A går dessutan ut i eit ubygd område, slik at det er vanskeleg å sjå at denne del av vegen skal ha eit anna føremål enn å tene landbruksdrifta. Rådmannen støttar seg til fagkonsulentens vurderingar og rår til at del A av vegen handsamast i medhald av landbruksforskrifta. Del B og C Del B og C leder ned mot sjø og nausttomter på eigedomen. Det er frå tiltakshavars side opplyst i innsendt søknad at vegen har som føremål å skaffe tilkomst til nausttomter. Bildedokumentasjon i saka viser dessutan at vegen går i ulendt og bratt terreng, og det synast lite teneleg med ei landbruksveg i dette området. Fagkonsulent Trondsen har konkludert med at del B og C ikkje kan handsamast etter landbruksforskrifta. Rådmannen støtter denne konklusjonen og viser til at skog- og landbruksverksemd ikkje kan seiast å vere hovudføremålet med vegen. Del B og C må difor handsamast etter reglane i plan- og bygningslova. Tiltaket er i strid med kommuneplanens arealføremål der området er regulert som LNF-område og ligg i tillegg innan for 100-meters beltet langs sjø. Det krevjast difor dispensasjon både frå kommuneplanens arealdel og pbl. 1-8. Dispensasjon kan ikkje gjevast dersom omsyna bak føresegna det er snakk om å dispensere frå, eller omsyna i lovas føremålsføresegn blir vesentleg sett til side. I tillegg krev lova at fordelane med ei dispensasjon må vere klårt større enn ulempene etter ei samla vurdering, jf. pbl. 19-2. Omsynet bak LNF-føremålet er å sikre naturområde for landbruk og friluftsliv. Eit kvart tiltak i slike område er ulovleg, med mindre tiltaket er i samsvar med arealføremålet. Omsynet bak pbl. 1-8 er å hindre privatisering av strandsona, sikre fri ferdsel for ålmenta og verne om friluftsliv og landskap. Strandsona i det aktuelle området er lite tilgjengeleg og vanskeleg å ferdast i. Etablering av veg kan difor ikkje seiast å lede til ei privatisering av strandsona som går ut over ålmentas frie ferdsel. Likevel inneber vegen eit nokså omfattande inngrep i elles urørt natur. Området er satt av til landbruk og friluft, og etablering av ein tre meter brei bilveg vil klårt innebere ei tilsidesetting av nemnde omsyn.

Fordelane med å gje dispensasjon er at tiltakshavar får veg ned til nausttomtene sine og slik får ein betre utnytting av sin eigedom. Rådmannen vil likevel peike på at det per i dag ikkje er godkjent verken naustområde eller bygging av enkeltnaust. Ulempene ved å gje dispensasjon er at det vil bli eit stort inngrep i eit naturområde. Tiltaket er omfattande og inneber både sprenging og utfyllingar. Samstundes vil ei dispensasjon i dette tilfellet kunne skape presedens i seinare saker. Rådmannen meiner etter dette at fordelane ved ein dispensasjon ikkje kan seiast å vere klårt større enn ulempene. Rådmannen vil rår difor til at ein ikkje gjev dispensasjon frå LNFføremålet og pbl. 1-8. Så lenge det ikkje bli gjeve dispensasjon i saka er vegens del B og C ulovleg bygd. Slike tiltak skal følgjast opp i hendhald til pbl. kapittel 32 og Austevoll kommunestyre sitt vedtak i sak KST-032/12 Saksgang ved ulovleg bygging.

Austevoll kommune Magnar S. Kalvenes 5392 STOREBØ Vår ref. Arkivkode Dykkar ref. Dato 12/1781-13/7012/SAL GBNR-41/0007, FA-L42 14.05.2013 Gnr. 41 bnr. 0007 Hufthammer Oppheving av politisk vedtak- stoppordre for vidare arbeid Austevoll kommune viser til vedtak som vart gjort i utval for plan- og byggesak i saknr. PLA 058/13 den 02.05.13. I brev av 10.05.13 vert vedtaket oppheva av Fylkesmannen i Hordaland; Fylkesmannens vedtak: Fylkesmannen i Hordaland opphevar vedtak i Austevoll kommune om veg til sjø over gnr. 41 bnr. 7 m.fl. på Hufthammar, sak 058/13 i utval for plan og byggesak i Austevoll kommune. Saka må handsamast etter plan- og bygningslova eller det må grunngjevast tilstrekkeleg og riktig at det ikkje er nødvendig. Slik grunngjeving er ikkje gitt, og løyve til vegen er ugyldig. Opphevinga gjeld heile vegen, både veg A, B og C. Vi legg til grunn at det etter dette ikkje er gyldig vedtak for å bygge nokon del av den aktuelle vegen til sjø, og at det er stoppordre for denne. Utval for plan og byggesak må gjere nytt vedtak, og vil handsame saka på nytt i møte den 04.06.13. Austevoll kommune ber difor om at alt vidare arbeid med vegen vert stoppa, jf. plan-og bygningslovas 32-4; pålegg om stans og opphør med øyeblikkelig virkning. Byggesaksavdeling Helge Skugstad Kommunalsjef Solveig Alvsaker Konsulent/byggesakshandsamar Dette dokumentet er elektronisk godkjent og treng difor ikkje underskrift. Postadresse Telefon Telefaks Bankgiro E post: postmottak@austevoll.kommune.no 5392 Storebø 55 08 10 00 55 08 10 01 6518.05.00949 Foretaksreg. NO 941 139 787 MVA

Austevoll kommune Side 2 av 4 Kopi til: Austevoll kommune Fylkesmannen i Hordaland Landbruk/skogbruksansvarl eg Kommunal- og samfunnsplanavdelinga 5392 STOREBØ Midtgård, Bjørn Inge Plan Consult AS 5392 STOREBØ Plan Consult AS 5392 STOREBØ Arkivsak: 12/1781-22

Austevoll kommune Magne Instefjord 5392 STOREBØ Vår ref. Arkivkode Dykkar ref. Dato 12/1781-13/7012/SAL GBNR-41/0007, FA-L42 14.05.2013 Gnr. 41 bnr. 0007 Hufthammer Oppheving av politisk vedtak- stoppordre for vidare arbeid Austevoll kommune viser til vedtak som vart gjort i utval for plan- og byggesak i saknr. PLA 058/13 den 02.05.13. I brev av 10.05.13 vert vedtaket oppheva av Fylkesmannen i Hordaland; Fylkesmannens vedtak: Fylkesmannen i Hordaland opphevar vedtak i Austevoll kommune om veg til sjø over gnr. 41 bnr. 7 m.fl. på Hufthammar, sak 058/13 i utval for plan og byggesak i Austevoll kommune. Saka må handsamast etter plan- og bygningslova eller det må grunngjevast tilstrekkeleg og riktig at det ikkje er nødvendig. Slik grunngjeving er ikkje gitt, og løyve til vegen er ugyldig. Opphevinga gjeld heile vegen, både veg A, B og C. Vi legg til grunn at det etter dette ikkje er gyldig vedtak for å bygge nokon del av den aktuelle vegen til sjø, og at det er stoppordre for denne. Utval for plan og byggesak må gjere nytt vedtak, og vil handsame saka på nytt i møte den 04.06.13. Austevoll kommune ber difor om at alt vidare arbeid med vegen vert stoppa, jf. plan-og bygningslovas 32-4; pålegg om stans og opphør med øyeblikkelig virkning. Byggesaksavdeling Helge Skugstad Kommunalsjef Solveig Alvsaker Konsulent/byggesakshandsamar Dette dokumentet er elektronisk godkjent og treng difor ikkje underskrift. Postadresse Telefon Telefaks Bankgiro E post: postmottak@austevoll.kommune.no 5392 Storebø 55 08 10 00 55 08 10 01 6518.05.00949 Foretaksreg. NO 941 139 787 MVA

Austevoll kommune Side 2 av 4 Kopi til: Austevoll kommune Fylkesmannen i Hordaland Landbruk/skogbruksansvarl eg Kommunal- og samfunnsplanavdelinga 5392 STOREBØ Midtgård, Bjørn Inge Plan Consult AS 5392 STOREBØ Plan Consult AS 5392 STOREBØ Arkivsak: 12/1781-22

Sakshandsamar, innvalstelefon Svein Kornerud, 5557 2027 Vår dato 10.05.2013 Dykkar dato Vår referanse 2012/13322 421.3 Dykkar referanse Austevoll kommune Kommunehuset 5392 Storebø Oppheving av vedtak, Austevoll, Hufthammer, gnr. 41 bnr. 7 m.fl., veg til naustområde ved sjø Fylkesmannen viser til brev og klage av 04.05.2013 frå Bjørn Inge Midtgård og Karine Drønen. Saka gjeld klage over at Austevoll kommune har gitt samtykke til at Magnar Stein Kalvenes kan bygge veg til sjø gjennom m.a. LNF område og i strandsona utan å handsame saka etter plan- og bygningslova. Vi presiserer at klaga gjelde heile vegen. Vi gjer merksam på at vi ikkje har sendt saka til Austevoll kommune for handsaming av klaga. Vi ser det som viktig at Fylkesmannen handsamer denne saka raskt, da tiltakshavar har starta bygging av vegen, og neste steg kan vere å bygge vegen inn i strandsona med terrenginngrep der. Kommunen har tidlegare stoppa bygginga, men no har kommunen gitt løyve til ytterlegare bygging av heile vegen. Vi har funne saka tilstrekkeleg opplyst for vår handsaming no, jf. forvaltningslova 17. Det er nødvendig med ei rask klagehandsaming pga. både private og offentlege interesser, jf. forvaltningslova 17 andre ledd pkt. b. Saka gjeld m.a. ein veg til strandsona i urørt terreng, der det er både private nabointeresser og den allmente offentlege interessa. Fylkesmannens vedtak: Fylkesmannen i Hordaland opphevar vedtak i Austevoll kommune om veg til sjø over gnr. 41 bnr. 7 m.fl. på Hufthammar, sak 058/13 i utval for plan og byggesak i Austevoll kommune. Saka må handsamast etter plan- og bygningslova eller det må grunngjevast tilstrekkeleg og riktig at det ikkje er nødvendig. Slik grunngjeving er ikkje gitt, og løyve til vegen er ugyldig. Opphevinga gjeld heile vegen, både veg A, B og C. Vi legg til grunn at det etter dette ikkje er gyldig vedtak for å bygge nokon del av den aktuelle vegen til sjø, og at det er stoppordre for denne. Kommunens handsaming og vedtak: Utval for plan og byggesak i Austevoll kommune har gjort følgjande vedtak i saka: 058/13: Gnr. 41 bnr. 0007 Hufthammer. Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen, anlegg av veg i landbruket Handsaming i møtet: Framlegg frå Olav Jarnes (Frp) om endring i andre avsnitt: Veg A, B og C. Avsnitt om dispensasjon utgår. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland

Grunngjeving: Utval for plan og byggesak har vurdert heile vegen til å vera for landbruket. Jordskiftedom har gitt vegrett heilt til sjøen. Framlegget vart samrøystes vedteke. Vedtak: Utval for plan og byggesak har vurdert søknad motteke 13.02.13 om dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen (heretter KP) for etablering av landbruksveg på gnr. 41 bnr. 007 Hufthammer. Det trengs ikkje dispensasjon for veg A, B og C. Dette vert rekna som veg med hovudføremål til landbruk, og vil verte handsama for seg etter «forskrift om planlegging av veier for landbruksformål». Utvalet for plan og byggesak har tatt stilling til at saka ikkje treng handsamast etter plan- og bygningslova, og at tiltaket derfor ikkje treng dispensasjon. Det kan reisast spørsmål om dette er eit vedtak etter forvaltningslova. Utvalet har gjort det i form av eit formelt vedtak. Utvalet gjer vedtak om at saka ikkje skal handsamast etter plan- og bygningslova, og at det er tilstrekkeleg at vegen blir handsama som veg for landbruksformål. Vi kjenner ikkje til om det siste er gjort. Etter både sakshandsaminga i administrasjonen i kommunen og i utvalet er det naturleg å oppfatte at utvalet med dette gjer eit vedtak der resultatet er at vegen kan byggast når den er handsama som landbruksveg. Vi ser dette som eit vedtak etter forvaltningslova. Det er eit vedtak som gjeld rettar og plikter for tiltakshavar og også for andre som er naboar til vegen. Det er da eit enkeltvedtak etter forvaltningslova 2. Det er ikkje avgjerande for vår handtering av saka at kommunens vedtak er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, sjå våre merknader på slutten i dette vedtaket. Realiteten i saka vil også elles vere det same. Men som eit enkeltvedtak er det samsvar med kommunens formelle handsaming og det som vi legg til grunn. Det er også mest i samsvar med slik det er naturleg å oppfatte kva kommunen har gjort og realitetane i saka. Heimel for Fylkesmannens vedtak: Kommunen gjorde vedtaket i møte den 2.5.2013. Klagen er av 4.5.2013. Klagarane er naboar til eigedomen der vegen blir bygd, og har interesser i området. Dei har klagerett. Fylkesmannen i Hordaland kan også som overordna klagemyndigheit av eige tiltak oppheve kommunens vedtak som ugyldig etter forvaltningslova 35. Fylkesmannens merknader: Kommunen ved utvalet for plan og byggesak sitt vedtak manglar tilstrekkeleg grunngjeving. Utvalet har berre «vurdert heile vegen for å vera for landbruk» samt «rekna som veg med hovudføremål til landbruk». Det er seier ikkje noko om kva som er vurdert. Vi viser til framstillinga av saka frå kommuneadministrasjonen og tilrådinga frå rådmann samt det som klagarane peiker på. Vi finn ikkje grunn til å ta dette inn i vårt vedtak, men ser det som kjent for sakens partar. Etter det som kommer fram i det vi viser til her og dei vurderingane som både kommunen ved administrasjonen samt klagar har gjort, er det lite truleg at ein kan sjå heile vegen som ein landbruksveg. Med desse vurderingane i saka er det større grunn for utvalet for plan og byggesak til å grunngje sitt syn godt. 2

Utvalet viser til at ein jordskiftedom «har gitt vegrett heilt til sjøen.» Det har ikkje noko å seie i saka. Ein jordskiftedom kan berre avgjere dei private rettane mellom partar, ikkje det som gjeld offentlege løyve som etter plan- og bygningslova. Det er ikkje grunn for oss til å gå nærare inn i kva som ligg i ein eventuell dom om dette. Vi er merksame på at tilråding frå rådmannen er at det ikkje trengs handsaming og dispensasjon etter plan- og bygningslova for veg A og del av veg B. Vi er ikkje sikre på at det er tilfellet, og vi er i alle tilfelle i tvil om dette. Vi viser til at det er klaga på at heile vegen er unntatt handsaming etter plan- og bygningslova. Vi viser til innhaldet i klaga om reglane på fagfeltet. Det går ikkje klart fram kva som ligg til grunn for tilrådinga frå rådmannen om at deler av vegen ikkje skal handsamast etter plan- og bygningslova. Også for denne del av vegen har kommunens vedtak mangelfull grunngjeving, eventuelt uklar og utilstrekkeleg grunngjeving. Mellom anna viser kommunens administrasjon til uttale frå fagkonsulent for skog og vilt i kommunen: «Uttale: Hovudføremålet med vegen er tilkomst til nausttomter tilhøyrande gardsbruk i området, og søknaden vert difor handsama etter pbl. Vegens dekningsområde, utdrag: Vegen vil løyse ut om lag 20 daa skogsmark av høg bonitet. I søknaden peiker søkjar på at vegen utløyser nye beiteområde og areal for framtidig oppdyrking. Det taler for vegen. Utifrå ei vurdering av nytteverdien av vegen i samband med jordbruk og skogbruk kan ein likevel ikkje forsvara kostnadane ved byggjing av landbruksveg i området. Hovudføremålet med vegen er tilkomst til nausttomter. Konklusjon: Tiltaket er vurdert etter landbrukvegforskriftene og 8 i naturmangfoldlova (kunnskapsgrunnlaget). Landbruksfagleg er det ingen ting som tilseier at vegen ikkje kan byggjast, men søknaden må handsamast som ordinær vegsak etter plan-og bygningslova.» Kommunens vedtak manglar grunngjeving, eventuelt ei tilstrekkeleg grunngjeving. Det er ei vesentleg sakshandsamingsfeil. Det gjeld for heile vegen, alle delar av denne. Vi legg også til at for delar av vegen, der denne skal leggjast i LNF og til sjø, er det vanskeleg å sjå at det kan gis ei tilfredsstillande grunngjeving for at vegen ikkje skal handsamast etter plan- og bygningslova, og at det kan vere grunnlag for å gje dispensasjon frå m.a. det sterke strandsonevernet etter plan- og bygningslova 1-8. Det gjer den manglande grunngjevinga meir alvorleg, og fører til at sakshandsamingsfeila er særleg vesentlege. Vi finn det klart at sakshandsamingsfeilen har hatt bestemmande verknad for resultatet av kommunens avgjerd, jf. forvaltningslova 41. Kommunens vedtak er ugyldig og opphevast. Vi ser kommunens vedtak som eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, sjå ovanfor. Det viser realitetane i saka. Men også utan å sjå vedtaket i kommunen slik, vil resultatet bli det same: Eit løyve til å bygge vegen må vere handsama etter plan- og bygningslova eller det må vere grunngjeve på ei god og tilstrekkeleg måte at saka ikkje skal handsamast etter plan- og bygningslova. Det er ikkje gjort her. For heile vegen manglar det ei tilstrekkeleg grunngjeving for at saka ikkje skal handsamast etter plan- og bygningslova. Eit eventuelt løyve på anna grunnlag for å bygge vegen er derfor ikkje tilstrekkeleg i saka, og det er ikkje lovleg å bygge vegen. 3

For deler av vegen kan vi som nemnt ovanfor vanskeleg sjå anna at saka må handsamast etter plan- og bygningslova. Vi kan vidare også vanskeleg sjå at det er grunnlag for å gi dei nødvendige dispensasjonar etter plan- og bygningslova. For denne delen av vegen kan vi vanskeleg sjå at det kan gis løyve til å bygge vegen. Saka manglar i alle tilfelle desse nødvendige grunngjevingane for at det kan seiast å vere noko gyldig løyve for å bygge vegen. Av desse grunner er det ikkje avgjerande om kommunen ved utvalet har gjort eit enkeltvedtak i saka, eller om det må vurderast som noko anna. Realiteten er den same, den er at det ikkje ligg føre eit tilstrekkeleg og lovleg løyve til å bygge vegen. Fylkesmannens vedtak er endeleg og kan ikkje klagast over. Med helsing Else-Kristin Foss Vikenes avdelingsdirektør Svein Kornerud fagdirektør Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Magnar Stein Kalvenes 5392 STOREBØ Bjørn Inge Midtgård og Karine Drønen Hufthamar 5392 STOREBØ Plan Consult AS 5392 STOREBØ 4