SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 12/1010-2 Rapport om finansforvaltning 2.tertial 2012 TILRÅDING: Rapporten vert teken til vitande. DOKUMENT: Månadsrapportar frå Pareto Forvaltning AS (ikkje vedlagt) Reglement for finansforvaltning i Leikanger kommune (ikkje vedlagt) SAKSUTGREIING: Finansforvaltninga vert mellom anna regulert av Forskrift om finansforvaltning samt kommunen sitt eige finansreglement. Rapporten er forsøkt bygt opp slik at ein kan etterprøve om dei retningslinjer og avgrensingar som er gitt i forskrift og kommunen sitt eige reglement er fulgde. Rapporten skal og vise korleis kommunen sine finansielle aktiva og passiva har endra seg gjennom året. Kortsiktig finansiell aktiva. Pr. 31.08.2012 er all kortsiktig finansiell aktiva plassert på konto i Sparebanken Sogn og Fjordane, rentesats pr. 31.8.2012: 2,58 %. Langsiktig finansiell aktiva (aktiv forvaltning) Pr.1.1.2012 var det investert for totalt kr.79.935.156,-. Ved utgangen av august er det totalt plassert kr.85.227.037,-. Ei positiv endring på 5,3 mill kroner.
Månadleg utvikling av totalporteføljen tom august: Mnd. Beløp Januar -2 388 143 Februar -1 801 217 Mars (nedgang) 379 201 April -151 676 Mai (nedgang) 1 847 225 Juni -1 392 574 Juli -1 155 766 August -628 931 Utvikling tom 31.8.2012-5 291 881 Avkastning av totalportefølje pr.31.8.2012: kr.5.291.881,-. Avkastning i prosent, på 0,67 år er på 6,72 %. Aksjebeholdningen har hatt ein avkastning på 14,2 %. Utviklinga på Oslo Børs har for same periode vore 11,74 %. Referanseindeks ST1X er pr.18.9.2012 på 3,3 %. Ein vekta indeks som kan samanlikninast med samansetninga av kommunen sin portfølje vil for periden vere 6,27 %. Det er då gjort ei vekting med 65 % rentepapir og 35 % aksjar. Kredittrisiko Krav iflg. finansreglementet til kommunen: Renteberande investeringar kan plasserast i verdipapirfond med betre eller lik gjennomsnittleg kredittrisiko slik i matrisen under (prosent av total porteføljen) viser: Leikanger kommune plasserer midlar i fond med rating slik det er vist i tabellen under og investeringane er innafor dei rammer som er gitt i finansreglementet: Beholdning Rating Vekt
Kommunalbanken AIO 07/14 6.000.000 AAA 7 % Pareto Høgrente 43.670.403 BBB 51 % Pareto kreditt 4.898.040 B- 6 % Porteføljesammensetning Krav iflg. finansreglementet til kommunen: Samansetning av portefølje (som er del av aktiv forvaltning): Kontantar (bank) 1 383 243 1,6 % Obligasjonsfond 48 568 442 57,0 % Obligasjoner Nullkupong 5 580 000 6,5 % Aksjar 29 695 352 34,8 % Totalt 85 227 037 100,0 % Plassering i aksjar ligg med ein andel på 34,8 % og godt innafor dei grenseverdiar som er gitt i finansreglementet. I starten av året var andelen aksjar 33 %. Auken skuldast verdistigning på aksjeporteføljen. Buffer- /kursreguleringsfond Leikanger kommune har sett av midlar på bufferfond og har såleis teke høgde for variasjonar i aksjemarknaden. Fondet skal målast mot aksjeporteføljen pr.31.12. og utgjere 50 % av marknadsverdien på aksjeporteføljen. Pr.31.12 hadde vi eit buffer-/kursreguleringsfond på kr. 14 mill. Aksjebeholdninga var på same tidspunkt ca.26 mill kroner og storleiken på fondet er i samsvar med kravet som er sett i finansreglementet. Dersom aksjeporteføljen utviklar positivt også utover hausten, må bufferfondet tilførast meir midlar.
Gjeldsporteføljen Utvikling i gjeldsporteføljen Lånegjeld 01.01.2012 123 159 241 Lånegjeld 30.04.2012 134 333 302 Endring sidan 01.01.2012 11 174 061 Samtidig med at ordinært låneopptak for 2012 vart utført, nytta ein og høve til å betale avdrag for 2012 samt få effektuert låneopptak for finansieringsbehov som kom til gjennom året 2011. (Ref. vedtak des. 2011.) Påløpte renter utgjorde ved utgangen av august i overkant av 2 mill kroner. I tillegg kjem renter på lån i Husbanken. Oversikt låneportefølje Rente reg.mnd Forfall Durasjon Rente Beholdning Pl.rente Husbanken 95/25 apr 1.12.2025 0 2,08 1 833 202 17 101 Kommunalbanken FRN 10/13 sep 18.9.2013 0,1 2,8 41 000 000 519 789 Kommunalbanken FRN 11/15 mar 16.9.2015 0,1 2,79 28 500 000 360 026 Kommunalbanken FRN 12/14 sep 19.3.2014 0,1 2,76 50 000 000 624 833 Leikanger kommune 2.82 % jan 20.3.2013 0,6 2,82 13 000 000 163 715 Totalt 2,77 134 333 202 1 685 464 Flytande rente Flytande rente er pt avrunda til 2,8 %. Fastrente / rentederivat Det er gjort sikringsavtalar for ca. halve gjeldsvolument. Gj.snittsrente på fastrenteavtalane er avrunda til 3,9 %. Gjeld pr. innbyggjar År 2011 Lånegjeld per innbyggjar Leikanger Sogndal Balestrand Vik Årdal Førde 52 795 36 876 37 523 38 370 71 012 73922 I kostragruppe 2, som er den gruppa Leikanger kommune nyttar som samlikningsgrunnlag, har kr 20 174 i lånegjeld per innbyggjar. Gjennomsnitt i Sogn og Fjordane er kr.56 174 i lånegjeld per innbyggjar medan landsgjennomsnittet (utan oslo) ligg på kr. 41 914.