Norsk sjukepleiarforbund HTV/NSF. Helse Sunnmøre. Volda sjukehus Dagny Botn Brautaset Volda 17.02.10. Innspel til strategi 2020 Utfordringsbilde: Eldrebølge, mindre tilgang på helsearbeidarar, auka krav til dokumentert kvalitet på tenestene, og omfordeling av midlar frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta, i takt med innføring av Samhandlingsreforma. Dette er signal vi må ta på alvor, og vi vil vere med å utforme helsetilbudet inn i framtida, men vi er uenig i delar av strategien som er lansert ift. korleis desse utfordringane skal møtast. Endring og omstilling har nærast blitt eit kvalitetsstempel innan spesialisthelsetjenesta, men fører endring alltid til noko betre? Det er relevant i denne prosessen å spørje seg. Finst det ingen verdi på strukturar som er velfungerande, og som yter tenester med god kvalitet, er kostnadseffektive, og har nærheit til befolkninga? Korleis møte utfordringsbildet? Framtida sine utfordringar møtest med kortare liggetid, meir dagbehandling, og auka poliklinisk virksomheit. Kritisk blikk på vaktberedskap på alle sjukehusa. Kostnad pr. beh pasient pr. vaktteam/ månadsverk. Samhandlingsreforma vil bygge ut førstelinjetenesta, og det er bra. Komunehelsetenesta må ta større utfordringar enn i dag, for å avlaste spesialisthelsetenesta.. Dette er god pasientbehandling, men reforma må ikkje fjerne lokalsjukehustilbudet med fullverdig beredskap. Lokalsjukehuset må også i framtida være ein kunnskapsbase der pasientar vert utreda, får starte opp behandling, for så å bli over flytta til eit lågare omsorgsnivå. Fleire ambulante team er ønskelig, men NSF er uroa over realismen i at stadig færre pleiarar, i takt med reforma, skal ta på seg endå fleire oppgåver. Volda sjukehus i framtida slik vi ser det.
Volda sjukehus skal innehalde dei spesialitetane som Norsk legeforening og fagmiljøa er enig om må være på plass for å gje eit fullverdig lokalsjukehustilbud. Spesialitetane er indremedisin, kirurgi, gynekologi/føde, og anestesi. Med støttefunksjoner som røntgen og lab. Vi gjev i dag eit godt tilbud innan det vanligste av det vanlige som rammar folk flest før eller seinare i livet. Alt tilseier at dette er det fornuftig og å satse på i framtida i takt med eldrebølga. Modellen som er foreslått der både fødeavdeling og kirurgi er fjerna, og indremedisinsk akutt tilbudet som før, er å føre befolkninga bak lyset. Vi veit at dette vil gå utover rekruttering av spesialistar til det medisinske fagfeltet i framtida, og fagmiljøet vil forvitre. Så då kan ein spørje seg kva er agendaen, er det Volda sjukehus som avansert sjukeheim? Både legeforeninga og det medisinske fagmiljøet meiner, at for å ha eit fullverdig indremedisinsk tilbud, er ein avhengig av dei fire funksjonane for å ha det breddeverktøyet som trengs for å stille rett diagnose og starte rett behandling. Dette er fakta ein ikkje kan sjå bort i frå. Kritisk blikk på 2020 dokumentet/samhandlingsreforma Det er ikkje utarbeidd konsekvens/rosanalyse ved ei rekke forhold. Dokument utan konsekvens analyse er lite truverdige i forhold til mål og motiv, og skaper mykje uro. Spesielt i ei så alvorleg sak, som får så store konsekvensar både for tilsette og befolkninga på Søre Sunnmøre. Vi er uroa over at spesialisthelsetenesta skal byggast ned. Samhandlingsreforma er ikkje ferdig utforma, og det er usikkert om ønska effekt er realistisk å oppnå. Kvifor: Vi har tjenester på to forvaltningsnivå i dag. Kommunestruktur og geografi er et hinder. Primærhelsetjenesten er fragmentert og privatisert. Profesjon og kulturkontraster kombinert med kompetansemangel. Stortingsmelding 47, fjerner ingen av desse hindringene ( O.H.Førde,Sykepleien 4 feb2010 ) Analysebyrået Agenda har sett på dansk modell, som var innført i 2007, og som er tilnærma lik Stortingsmelding 47. Modellen har ikkje gitt ønska effekt. Tre år etter reforma, viser det seg at kommuner heller betaler enn å bygge ut tilbodet sjølv. Det økonomiske incintamentet er ikkje stort nok. Dette skjer trass i at dei fleste kommuner i Danmark har over 50 000 innbyggjarar, i sterk kontrast til våre mange små kommuner.
Erfaringane frå Danmark viser at kommunane er for små til å ta risiko ved kostnadskrevande behandling, og gevinsten er for liten til å få til samarbeid mellom kommunene. Ein generell auke i kommunal helsetilbud vil ikkje dempe etterspørsel av spesialisthelsetjenester. Foreslåtte 20 % overføring frå spesialisthelsetjenesta, vil ikkje føre til ei utbygging av teneste tilbodet i kommunehelsetenesta. Då det vil bli billegare å kjøpe desse tenestene med spesialisthelsetenesta. (Kilde: Sykepleien 4feb2010, O.H.Førde, T.Hagen, J.E.A.Rokkosenteret, Analysebyrået Agenda ) Konsekvensar for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus: Kompetanse og rekruttering har vore god innan dei fleste fagfelt, dette vil forvitre. Faktiske kostnader med beredskap er låg, med passive vaktlag både på lege og sjukepleiesida, samt rtg. og lab. Beredskapen er knytt opp mot mange oppgåver utover det å vente på pasientar. Døme på sjukepleieoppgåver på vakttid.: Sjå til nyopererte pasientar, bistå poliklinikk og skadestue behandling, reinhald opr. stover natt/helg. Sterilforsyningsarbeid, då vi ikkje har egne tilsette der, støttefunksjon for avdelingane, som veneflonar og sårskift osv. Ålesund sjukehus: Det vert truleg store utfordringar med dagens bygningsmasse eller personell til å overta den auka pasientstraumen omlegginga vil medføre. ØH vil forskyve elektiv virksomheit, og ventelistene vil verte lenger. Pasienten vert flytta frå ei lavkostnadsnivå til eit dyrare nivå. Det vil verte auka transportkostnader med fleire ambulansar og truleg behov for utvida helikoptertilbud. Sentralisering av fleire spesialfunksjonar vert truleg ein konsekvens på sikt. 6 delt vakt for legar Det er oppsiktsvekkande at arbeidsgivar brukar utspel frå ei av fagforeningane som grunnlag for strategiarbeidet. Når arbeidsgivar går ut og nærast lovar YLF eit gode utan at dei verken har forhandla eller stillt formelt krav, kan det virke som arbeidsgivar har ekstra omsorg for legestanden, eller at nokon sit på begge sider av bordet. Eit anna paradoks er at strategi 2020 skal dempe veksten i spesialisthelsetenesta. Det å love legane seksdelte vakter, vil føre til behov for fleire stillingar noko som er sterkt
kostnadsdrivande og sentraliserande. I tillegg kan dette gje store konsekvensar for små avdelingar også på store sjukehus. Sjukepleiarar All reduksjon i stillingar foregår stort sett på pleiesida, legimetert som sengereduksjon. I 2008 vart antall årsverk for sjukepleiarar redusert med 233 i Helseforetaka Samstundes har stillingar til administrasjon auka med 5% som utgjer 600 nye stillingar i Helseforetaka( kilde Sykepleien 5 nov 2009 ) Det vert stort behov for sjukepleiarar i framtida. Samstundes som det vert færre til å utføre oppgåvene. Korleis desse skal rekruterast er eit aktuelt spørsmål å stille. Det arbeidsgivar har å tilby denne gruppa er reduserte stillingsbrøkar, stadig meir arbeid på helg ( ma. annakvar helg), stadig aukande krav til effektivitet, samstundes som støttefunksjoner er tatt bort. Større pleietyngde på mange avdelingar, og auka krav til dokumentasjon, som tek tid som kunne våre brukt til pasientkontakt. Kor mange av dagens unge vil bli sjukepleiarar, og ha ein slik jobb i framtida? Distriktspolitikk Søre Sunnmøre har stor verdiskapning, og nedbygging kan få store konsekvensar for rekruttering til industri og høgskule. Distriktspolitikk med fokus på bulyst, er samanfallande med nærheit til sjukehus. For Søre Sunnmøre betyr dette fergefri forbindelse. I samfunnperspektiv utgjer sjukehuset stort volum av kvinnearbeidsplassar. Som er viktig for distriktspolitikken. Ingen i dette landet er tent med at alle skal bu rundt dei store byane. Nærheit til sjukehus ved behov for akutthjelp, betyr tryggheit for befolkninga. Demokratiet Oppdragsgiver v. Storting har det øverste ansvaret for det tototale helsetilbudet til befolkninga. Når store endringar i spesialisthelsetilbudet vert foreslått, er det naturleg at øverste leiing i landet tek desse avgjerslene. Det er ein fare for demokaratiet slik vi ser det, at dette vert deligert til helsebyråkratar i Helseforetaka. Det var ikkje dette vi stemte på ved valget, og det som no skjer er imot folkeviljen.
Sentraliseringa som no pågår vil føre til at dei store byane vil få eit endå betre spesialisthelsetilbud, på bekostning av distrikta.