Dyrkingsverdi av 21 eplesortar

Like dokumenter
Sortsprøvinga i eple- Kva skal me satsa på under norske tilhøve? Mekjell Meland og Oddmund Frøynes Bioforsk Ullensvang

Sortsprøvinga i eple- Kva skal me satsa på under norske tilhøve? Mekjell Meland og Oddmund Frøynes Bioforsk Ullensvang

Storskalaforsøk med nye eplesortar

Storskalaforsøket i eple og. Bioforsk Ullensvang

VEKSTREGULERING HJÅ EPLE, FYSISK OG KJEMISK, ROTSKJÆRING ELLER SPRØYTING. Mekjell Meland og Frank Maas NIBIO Ullensvang Gaute Myren, NLR Viken

Haustetilrådingar for Nordfjord 25. september 2017

Prosjekt: «Øke omsetning og etterspørsel av norske epler»

Haustetidsvurdering eple NLR Viken. Fellespakkeriet Lier 30.Mai 2011

Storskalaforsøk nye eplesorterresultater

Eplesortar for økologisk dyrking

Haustetilrådingar per 12. sep (etter prøveuttaking11. sep.)

Resultat frå eit lite forsøk med oppfølging av vekst og utvikling av trea. Samt måling av tilvekst av pærekarten og rett haustetid for pæresorten.

Haustetilrådingar per 5. sep (etter prøveuttaking 4. sep.)

Plommesortar for økologisk dyrking

Frukt - Sorter. Ulike Elstar'-kloner i hauste- og lagringsforsøk

Prosjektorganisering: Mål: Utvikle regime for langtidslagring av dei viktigaste eplesortane våre for å

To etablert felt med gjødselvatning til eple. Det er gjort nødvendige tilpassingar for å få til forsøka.

Avling i økologisk epledyrking. v/ Gaute Myren, Liv Lyngstad og Marianne Bøthun

Økologisk avlingsregulering i eple og plomme under blomstringa med bakepulver

Viktige sortseigenskapar for bær til industri. Arnfinn Nes

Ribes. Mette Feten Graneng- rådgiver i hagebruk

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

Gartnerhallen. Modningsgrad ved hausting av Edda. Bilete 1: Umogen plomme med synleg grønleg grunnfarge. Skal ikkje haustast.

KURS I ØKOLOGISK EPLEDYRKING MODUL APRIL DEL 2. Fruktkonsulenten MTLK

Gjødselvatning. pr daa:

Finn rett haustetid for eple

Web: Facebook: Telefon:

Strategiar mot skurv i økologisk epledyrking. Arne Stensvand

Nytt om sortar i bringebær

Frukt Plantevern. Frukttrekreft og risiko for fruktråte

Næringsforsyning til rett tid i økologiske eple. Eivind Vangdal, NIBIO Frukt og Grønt Ullensvang

Erfaringar frå økologisk dyrking. Nordre Nes, Gvarv Tone Ness og Mikkel Aanderaa

Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2

Jordbærsortar Strawberry cultivars

Avlingsregulering i eple og plomme ved hjelp av mekanisk tynning av blomar

Næringsforsyning i frukt

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Oppsummeringsmøte Gaute Myren

Oppsummeringsmøte Gaute Myren

Sortsprøving i bringebær

Delrapport Utprøving av jordbærsorter Sør-Troms, Målselv og Alta. Borkenes den Landbrukstjenesten Midtre Hålogaland v/ Ingrid Myrstad

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

NØKKELDATA ANSVAR OG LEIING MÅL OG OPPDRAG MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR OVERORDNA MÅL OG FORVENTA EFFEKT BAKGRUNN, UTFORDRINGAR OG FØRESETNADER

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Raud Aroma haustetidsvurdering 26. september, samanlikna med målingar forrige veke:

Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga. Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs

Delrapport Utprøving av jordbærsorter Sør-Troms, Målselv og Alta. Borkenes den Landbrukstjenesten Midtre Hålogaland v/ Ingrid Myrstad

Resultat frå sortsforsøk i bringebær i Planteforsk Results from the cultivar trials in raspberry in Planteforsk

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren

FYLKESMANNEN I HORDALAND

Nettside: varsling frå NIBIO.

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

Effekter av gjødselvatning under høsting i bringebær

Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng

FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA

Produksjon av delikatessepotet

Utbytte av ei raigras/kvitkløvereng eller engrapp/kvitkløvereng jamført med ei timotei/raudkløvereng

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

Internasjonale trendar og norsk plommedyrking

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Delrapport Utprøving av jordbærsorter Sør-Troms, Målselv og Alta. Borkenes den Landbrukstjenesten Midtre Hålogaland v/ Ingrid Myrstad

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Vårmøte 22.mars Gjødselplanlegging Eplesortprosjekt Rognebærmøll Frukttrekreft Skurv Gaute Myren 1

Lønnsomhetsvurderinger ved investering i skogplanteforedling! Harald Kvaalen, Skog og landskap

Økonomi i økologisk og konvensjonell eple og plommedyrking

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning

Reduserte dosar av soppmiddel mot gråskimmel i jordbær

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

1P eksamen våren 2017

Stell og drift av tettplantingar Konvensjonell og økologisk drift

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Hausten 2014

Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015

2P eksamen våren 2016

2P-Y eksamen våren 2016

Rapport prosjekt «høy til hest»

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

Raisvingel - Resultat frå rettleiings- og storskalaforsøk i Sør-Noreg.

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Luserne kan gje god avling

Øko møte. Innhold beskjæring Basis regler Nyplantet trær Kvalitet STS. Kilde: jeg brukte bilder og materialer fra AWIKA og Fruitconsult

Fruktdyrking i Rissa? Mette Feten Graneng Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag

Mekaniske tiltak mot siv i eng og beite

Eksamen 2P MAT1015 Vår 2012 Løysing

Vurdering av produksjon av eple til industri

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Grovfôr til hest - Er timotei det beste og einaste alternativet?

Rips og stikkelsbær for frisk konsum

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Transkript:

10 Dyrkingsverdi av 21 eplesortar TEKST OG FOTO: ODDMUND FRØYNES OG MEKJELL MELAND, NIBIO ULLENSVANG NIBIO Ullensvang har ansvaret for den offentlege rettleiingsprøvinga i frukt i Noreg med årleg finansiering frå LMD. Målsetjinga er å få dokumentert kva sortar som har dei beste dyrkingseigenskapane for norske tilhøve. I Europa er det foredlingsprogram innan eple i dei fleste landa og om lag 25 program samla. Tilsvarande er det for oversjøiske land. Hovudmålsetjinga i foredlingsprogramma i desse landa (som i regelen har betre klima enn Norge) er å foredla produktive lagringssortar med høg kvalitet som er godt klimatilpassa. Sortsprøvinga er langsiktig. Årleg vert det teke inn aktuelle sortar frå aktuelle program saman med sortar frå Graminor. I den praktiske prøvinga vert sortane testa i 4-5 år med årleg vurdering av pomologiske eigenskapar, fruktkvalitet, smak og dyrkingseigenskapar under norske klimatilhøve. Eit omløp frå import av podekvist, karantenedyrking, oppformeiring av tre og dyrking i felt tek minst 7 år. I denne prøvinga er det med sortar frå foredlingsprogram i ulike land i Europa, men og frå USA, Canada og Japan. Kort prøveperiode med få tre gjer resultata usikre. Erfaringsmessig endrar vurderingane av dyrkingsverdien seg når tre kjem i produksjonsmessig balanse. Observasjonar på plantesjukdomar som kreft vert tydelegare med aukande alder i feltet. Forsøksopplegg og gjennomføring 19 eplesortar og kontrollsortane Discovery og Aroma Fagravoll vart planta som grønpisk i september 2007 ved Nibio Ullensvang Santana med frukt. med planteavstanden 1,5 m og radavstand 4 m i eit bord -system med strengestøtte. Trea var poda på grunnstamme M9 Lancep. Prøveperioden var frå 2007 til 2015. Forsøksopplegget var eit blokkforsøk med tilfeldig fordeling med to tre i forsøksruta og fire gjentak. Trea vart forma etter moderne skjæringsprinsipp med ei gjennomgåande midtstamme og bord med 4-6 greiner. Kulturmåten var gras i køyregangen og vegetasjonsfritt i planterekkjene. Jorda var ei grushaldig sandjord med høgt moldinnhald og årleg tilførsel av næringsstoff var basert på kjemiske jordanalysar. Trea vart tilførde handelgjødsel på bakken om våren og overgjødsla ut på sommaren og vatna etter behov basert på måling med Watermark-sensorar. Trea vart stelte som ei tradisjonell handelsplanting når det gjaldt plantevern med moderat plantevern mot skurv. Sortane stod blanda eller nær andre sortar i felta. Det vart introdusert bier ved byrjande bløming. Dei flest av prøvetrea har hatt god helse i prøveperioden, men ein del tre har fått frukttrekreft og har gått ut eller fått skade. På kvart tre vart det årleg notert dato for blomstring og blomstermengd. Etter hovedfruktfall, vart det dømt fruktsetting og trea vart tynna. Trea vart tynna til 1 frukt pr. spore og 2 frukter pr. spore ved særs svak

2-2016 NORSK FRUKT OG BÆR 11 Tabell 1. Haustedato, dømd fruktsetting, akkumulert avling, sorteringsresultat, avvlingseffektivitet, trestorleik, blomemengd og blømingstid hjå 21 ulike eplesortar, gruppert etter haustetid ved NIBIO Ullensvang. Middel av 7 hausteår (2009-2015). Sort/seleksjon Haustedato Dømd fruktsetting 1 (1-9) Akkumulert avling Kg/tre % kg avling > 60 mm fruktdiameter Effektivitet kg avling/cm 2 tverrsnittareal Trestorleik cm 2 tverrsnittareal 2015 Blomemengd dømd 2 Dato full blom William s Pride 31. aug 6,3 33,4 71 2,20 15,2 6,5 19. mai Silken 05. sep 5,2 39,6 64 2,66 15,5 5,9 23. mai Collina 06. sep 4,3 39,5 97 1,61 25,5 4,1 25. mai Arkcharm 07. sep 4,6 46,2 98 2,87 16,3 4,8 27. mai Discovery 3 07. sep 5,6 21,9 97 2,17 10,2 6,7 24. mai MA932 08021 10. sep 5,6 23,3 79 1,93 12,0 6,0 26. mai Zonga 11. sep 6,4 54,8 98 4,68 12,0 7,0 22. mai Apache 17. sep 4,2 33,1 94 2,11 16,3 4,6 23. mai Sansa 19. sep 4,6 30,6 78 2,71 11,5 5,0 29. mai Machiels 20. sep 4,4 25,2 98 2,66 10,0 4,7 24. mai Zari 23. sep 5,1 42,6 98 2,58 17,2 5,4 26. mai Deljeni 23. sep 5,7 44,9 95 3,91 11,7 7,0 24. mai Retina 27. sep 5,2 39,2 95 3,09 13,7 6,2 25. mai Aroma Fagravoll 3 02. okt 5,6 44,7 99 3,24 13,8 5,2 27. mai Rajka 04. okt 5,1 35,5 92 2,16 17,1 5,1 24. mai Santana 05. okt 5,6 42,0 96 2,03 21,3 5,2 26. mai Isabell 09. okt 4,7 39,1 96 2,12 20,4 4,3 25. mai Ecolette 11. okt 4,7 52,6 88 2,63 20,7 5,4 27. mai Bellida 13. okt 5,2 41,6 96 2,32 18,6 5,1 26. mai Dalinbel 14. okt 4,6 32,7 90 1,58 22,5 6,4 29. mai Rubens 15. okt 4,9 41,1 81 2,90 14,1 6,6 28. mai 1: Fruktsetting der 1 er ikkje setting og 9 tydeleg oversetting 2: Blomemengd der 1 er ingen blomar og 9 er svært mange blomeklasar 3: Kontrollsortar setjing. Årleg vart avlingsmengd (tal frukter og tal kg>60 mm fruktdiameter og tal kg<60 mm fruktdiameter) registrert. Frå hovedhaustinga vart det teke ut 2 prøvar med kvar 10 frukter for fruktkvalitetsanalysar og lagring. Det vart analysert for fruktfastleik, oppløyst tørrstoff, grunnfarge og dekkfarge, syreinnhald og smak. Fruktkvalitetsanalysar vart gjort straks etter hausting og på frukt som deretter var lagra frå 1 til 2 månader avhengig av vurdert beste brukstid. Mengda av støytflekker, skurv, mjøldogg, frukttrekreft og bekarrote vart notert. Kvar haust vart det målt stammediameter som mål på trestorleiken. Resultat Tabell 1 viser resultat av fenologiske data (gjennomsnittleg haustedato og full bløming ), avlingsdata og vekstkraft. Blomstringstid og blomemengd Gjennomsnittsdato for full blom varierte med opp til 10 dagar i feltet desse åra. Alle sortane har kvart år hatt overlappande blømingstid av kompatible pollineringssortar i prøvefeltet eller frå nabofelta. Dei fleste sortane blømde relativt rikt med unntak av sortane Collina, Isabell, Appache, Machiels og Arkcharm. Størst blomemengd hadde Deljeni og Zonga. Det er liten samanheng mellom sterk trevekst og svak bløming. Unntaket for dette er tydelegast for Isabell og Collina, og til dels for Arkcharm. Avling Dømd fruktsetjing er eit bilete på mengd frukter på treet i høve til trestorleiken. Størst akkumulert avling hadde sortane Zonga, Ecolette, Arkcharm, Deljeni, Aroma Fagravoll, Zari, Santana, Bellida og Rubens. I mellomsjiktet finn ein sortar som Silken, Collina, Retina, Isabell, Rajka, William s Pride, Appache og Dalinbel. Låge avlingar hadde Sansa, Machiels, seleksjon MA932 08021 og Discovery. Avlingane av Graminor-seleksjon MA932 08021 og Discovery må sjåast i samanheng med svaktveksande tre. Seint i bering kom seleksjon MA932 08021, Appache, Arkcharm, Zari, Collina, Machiels og Isabell. Meir enn 2/3 av sortane viste sorteringsresultat over 90 % kl. 1 frukt. Mange av sortane fyllte ikkje plassen sin i rada. Effektivitetsresultata viser stort sett at tre med høg effektivitet hadde høge avlingar. Av unntak kan nemnast Appache og Discovery som hadde medels til låge avlingar, men har trestorleik og produksjonseffektivitet som tilseier vesentleg tettare planteavstand enn nytta her (1,5 m). Dei minst produksjonseffektive var MA932 08021, Collina og Dalinbel.

12 Fruktkvalitet Fruktstorleik er ein viktig kvalitetseigenskap og kriterium for å velja ut sortar med stor dyrkingsverdi. Det er også ynskjeleg med jamn fruktstorleik. Dei største fruktene hadde Aroma Fagravoll, Zonga, Rajka, Appache, Arkcharm og Isabell med snittvekt på over 200 gram. Av desse hadde Aroma Fagravoll og Appache mest ujamn fruktstorleik. Sortane Machiels, Collina, Bellida, Zari, Deljeni, Santana, Discovery hadde fruktvekter mellom 150 og 200 gram. Minst frukter (150 og 120 g) hadde Retina, Dalinbel, Rubens, Ecolette, William s Pride, MA932 08021, Silken og Sansa i avtakande rekkefylgje. Høgast dekkfargedøming fekk kontrollsortane Aroma Fagravoll og Discovery. I sjiktet under finn ein fleire sortar med god fargedekking, men med ein mindre tiltalande valør (Isabell, William s Pride og Rajka). Tørrstoffanalyse på nyhausta frukt viste i snitt verdiar frå 11,3 % til 14,2 %. Dei fleste (15 sortar) låg mellom 12,0 og 13,0 %. Smak i kjernebrukstida er svært ulik frå uferdige Ecollette og Dalinbel til smaksvinnarane Sansa, Discovery og MA932 08021. Erfaringsmessig gjev høge sukker/syre-forhold også høge smakspoeng så som Sansa og Silken, men dette er ikkje eit generelt mønster her. Trehelsa Dei fleste av sortane i prøvinga er skurvsterke og har vore utan skurv med moderat skurvmiddelbehandling. Unntaket er Silken som tydeleg var mottakeleg og Bellida som har hatt åtak enkeltår. Andre året etter planting fann ein mjøldogg på Arkcharm, William s Pride, Dalinbel, Rajka, Retina og Zari. Bekarrote i avgrensa omfang vart observert enkeltår på frukt av Sansa, Isabell og Collina. Frukttrekreft (Neonectria ditissima) er ein alvorleg og aukande sjukdom i mange eplefelt. Sortane var ulikt disponerte for sjukdomen. Eit tre av kvar av sortane; Appache, Isabell, Rajka og Rubens vart rydda på grunn av kreft. I tillegg vart kreftsår registrert på Dalinbel, Bellida, Discovery, Isabell, Zonga, Appache, Collina, Seleksjon MA932 08021, Machiels, Tabell 2. Fruktvekt, trykkfastleik, oppløyst tørrstoff, fruktsyrer, smakspoeng, dekkfarge og støytflekker hjå 21 ulike eplesortar, gruppert etter haustetid ved NIBIO Ullensvang. Middel av 7 hausteår (2009-2015). Sort/seleksjon Aroma Fagravoll, Rajka, Retina, Rubens, Santana, Silken og William s Pride. Kort sortsomtale Fruktvekt gram Trykkfastleik 1 Tørrstoff 2, % Collina Collina (Priscilla x Elstar): Ein sort frå Nederland som vart lansert i 1995. Collina modnar i Discovery-tida. Den er skurvsterk. Collina ber store frukter som presenterer seg godt, er saftige og sprø med god mild, litt syrleg, kremaktig smak. Frukta får noko dekkfarge. Avlinga var medels, og trea var utsette for vekselbering. Fruktene har medels fastleik ved hausting og tapar fastleik etter kort lagringstid. Collina får lett trykkmerke og har difor svake handteringog transporteigenskapar, og svake Fruktsyrer 3, % Smaks poeng dømd 4 Dekkfarge dømd 5 Støytflekker dømd 6 William s Pride 128 8,0 11,3 0,83 4,9 5,4 1,0 Silken 124 9,6 12,6 0,56 7,3 1,1 5,5 Collina 183 7,6 12,2 0,67 7,1 4,4 5,8 Arkcharm 205 7,3 12,0 0,86 4,8 3,4 2,0 Discovery 153 8,7 12,5 0,60 7,6 6,4 1,0 MA932 08021 128 9,0 11,4 0,71 7,5 5,0 1,8 Zonga 221 7,4 11,8 0,91 6,1 3,7 2,7 Apache 206 7,1 12,8 0,70 7,3 4,6 2,5 Sansa 121 7,3 13,3 0,48 4,5 4,7 2,8 Machiels 189 7,3 12,3 0,59 7,3 4,4 2,3 Zari 173 7,6 12,7 0,63 7,1 4,5 5,0 Deljeni 157 9,6 12,2 0,57 4,5 1,9 3,0 Retina 148 9,0 11,5 0,60 5,1 3,9 2,8 Aroma Fagravoll 226 7,2 12,2 0,72 6,8 6,6 1,5 Rajka 217 7,9 12,2 0,76 5,6 5,4 1,5 Santana 155 8,5 12,9 0,90 6,3 4,6 3,5 Isabell 204 9,5 12,4 0,81 4,2 5,4 1,3 Ecolette 130 11,0 12,7 0,92 4,0 4,6 3,0 Bellida 176 9,5 12,7 0,73 6,0 4,8 3,0 Dalinbel 139 10,8 14,2 0,82 5,1 3,0 2,8 Rubens 134 8,6 12,5 0,58 5,8 3,9 2,0 1: Fruktfastleik målt med instrumentet Penefel CTIFL France Faste frukter har det høgaste talet 2: Oppløyst tørrstoff (%) er målt med Atago Palette Digital Refractometer PR-101 3: Fruktsyrer (%) 4: Smakspoeng er gitt i skala 1-9 der 1 er svært dårleg og 9 er best 5: Mengd dekkfarge er dømd i skala 1-9 der 1 ingen og 9 heildekt frukt 6: Mengd støytflekker er dømd i skala 1-9 der 1 ingen og 9 svært mykje lagringseigenskapar. Collina-eple passar difor best til direktesalg. Delcorf-mutantar Den franske sorten Delcorf har store frukter med moderat oransje-raud farge heil/stripa på solsida. Fruktene har fast, sprøtt fruktkjøt. Dei er saftige, aromatiske og har frisk syrleg, god smak. Godt lyseksponerte frukter vert store og velutvikla, medan frukter på låggreiner og inne i treet får svak utvikling. Delcorf-mutanten Appache vart funnen av Hugo Jacobs, Belgia og lansert 1982. Fruktene er sylinderforma med ljost raudstripete dekkfarge og med høge åsar kring begeret. Fruktene hadde meir og jamnare raud-oransje raudfarge på solsida enn standard Delcorf. Appache vart i snitt

2-2016 NORSK FRUKT OG BÆR 13 Zari hausta ein dag etter standard Delcorf. Delcorf-mutant Machiels er ein annan mutant funnen av Donald Machiels, Belgia. Machiels hadde vekslande, men meir dekkfarge enn Appache. Machiels vart hausta 3 dagar etter standard Delcorf. Begge Delcorf-mutantane ser ut til å ha same svakheiter som standard Delcorf; noko skurvutsette, utsette for vekselbering, ujamn fruktstorleik, ujamn modning og kvalitet, oftast mykje støytflekker og moderate avlingar. Arkcharm Arkcharm (Prima x Hybrid 36055) er ein tidlegmodnande sort frå Univ. of Arkansas, USA og introdusert i 1993. Fruktene er store, Gravensteins-liknande med litt kantete beger. Relativt fast fruktkjøt og litt flekkete dekkfarge på solsida. Smaken er frisk med innslag av bitterheit. Frukta kan få prikksjuke og får lett støytflekker. Sorten lagrar normalt dårleg og må konsumerast kort tid etter hausting. Bellida Bellida (Idared x Elstar) frå Nederland er ein sein sort som i Nederland modna 7-10 dagar etter Elstar. Fruktene er runde og litt flattrykte med omlag 30 % dekkfarge. Søtt og godt eple med toleg fast fruktkjøt. Frukta kan få skurv. Skalet er blankt, hardt og tungt å tyggja. Antarès Dalinbel Dalinbel (Elstar x X3191) er fransk. Frukta er rund med litt dekkfarge, 15-20 %. Fruktkjøtet er fast. Frukta verkar uferdig ved hausting. Kan verta særs småfallen. Presenterer seg ikkje særleg godt fordi den får litt korkdanning og kan somme år få klump ved stilken. Dalinbel har Vfgen og er motstandsdyktig mot skurv, men kan få litt mjøldogg. Trea har hatt god, stigande avling utan markante svingingar. I 2014 fekk frukt lagra i 1,5 månader lagerskaden brown core. Dalinbel kan verta for sein for våre tilhøve. Primgold Deljeni Deljeni er ein fransk sort som ber rikt, med kan bli småfallen. Frukt med fast fruktkjøt, lite dekkfarge og moderat smakskvalitet. Frukta kan også få litt støytflekker. Ecolette Ecolette er ei kryssing av Elstar og Prima frå Nederland. Den er ein seintmodnande lagringssort med svært stor avling og moderat fruktstorleik. I Nederland haustar ein sorten 10 dagar etter Elstar. Eggforma frukt med ein del raudfarge på solsida. Trea og frukta er skurvsterke og får lite mjøldogg. Frukta har høgt syreinnhald og moderat smakskvalitet med litt bitter, tørr ettersmak. Isabell Isabell er ein norsk sort laga av Johannes Øydvin. Sorten ber runde eple med kraftig raud, litt blåaktig, kald dekkfarge på solsida. Frukta har tydelege kvite skallpunkt. Fruktkjøtet er fast, men ikkje særleg sprøtt. Smaken er god. Låge blomstermengder har ikkje hindra sorten å setja medels til gode avlingar med store frukter. Fruktene kan få korkdanning og sprekking ved stilkhola og stor klump på stilken på toppblomen. I 2014 fekk epla litt bekarrote. På lager vart det observert glaseple rundt kjernehuset og frukta kan utvikla skalfeitt. Graminor seleksjon MA932 08021 Seleksjon MA932 08021 (Aroma x Discovery) vart hausta i snitt 3 dagar etter Discovery. Veksemåten i treet og frukta liknar mykje på Discovery. Trea kom seint i bering, men har etter beringstart hatt ei brattare avlingskurve enn Discovery. Fruktvekta var i snitt på 128g og er gjennomgåande vesentleg mindre enn for Discovery med 153g. Seleksjonen har ein tiltalande, skarpare raudfarge med meir striper og lågare fargedekning enn Discovery. Epla kan sprekka ein del (som Discovery) og få prikksjuke. Seleksjonen kan og få kreft. Smaken er god, - på høgd med Discovery. Seleksjonen ser ut til å lagra betre og ha lenger brukstid enn Discovery. MA932 08021 ber kvalitetsfrukt, men har i sum ikkje vist tydelege framsteg i dyrkings- og kvalitetseigenskapar i høve til Discovery. Rajka Rajka (Shampion x Katka) frå Tjekkia vart lansert i 1998. Den er ein storfrukta, sein sort med medels avling. Frukta har god dekkfarge, 30-40 % av overflata. Den har moderat god smak, lite syreinnhald, held dårleg på kvaliteten under lagring og sveittar. Rajka er skurvresistent. Retina Retina (Apollo x BX 44,2) er ein tysk, skurvtolerant (Rvi6-gen), medels sein sort med mellomstore frukter og god avling. Eple får spraglete raudfarge på solsida 10-30 %. Tidleg etter hausting har det frisk, god smak, men tørr ettersmak. Epla lagrar dårleg, er utsette for fruktrote, vert mjølne, mjuke og taper smakskvalitet. Epla presenterer seg også noko svakt i både form og utsjånad. Rubens Civni Rubens Civni (Gala x Elstar) er ein seintmodnande, italiensk sort som i prøvinga har fått stor avling med moderat fruktstorleik utan at den har vist teikn til vekselbering. I Tyskland modnar Rubens 7-10 dagar etter sorten Gala. Frukta er bra fast, har god smak og lagrar godt, - gjerne til ut i februar. Frukta sveittar ikkje. I prøvinga fekk den ikkje den ljost raude dekkfargeutviklinga sorten er kjend for på kontinentet. Dette inneber at frukta ikkje når fullgod utvikling hjå oss. Sansa Sansa (Gala x Prime Rouge) er ein japansk sort som fekk sortsvern i 1990. I prøvinga har den vorte hausta i Delcorf-tida. Frukta er rund med inntil 40 % dekkfarge. Den kan få korkdanning og sprekking rundt stilkfestet.

14 Smaken er søt med lite syre og svært god smak. Fruktene var små. Somme år har frukta sveitta på lager. Beste brukstid er til midt i oktober. Sorten skal vera toleg mottakeleg for skurv, men har ikke fått angrep i denne prøvinga. Santana Santana (Elstar x Priscilla) er ein nederlandsk sort som har vore tilrådd i økologisk dyrking nokre år. Varierande haustedatoar, men modnar normalt nokre dagar etter Aroma. Avlinga var stor og jamt stigande utan teikn til vekselbering med medels store frukter. Frukta er smakfull (12,9 % oppløyst tørrstoff), sprø, saftig og syrleg (høgt syreinnhald) den fyrste tida etter hausting. Ved lengre lagring, går smakskvaliteten ned og vert skarpare og med turrare ettersmak. Trea er resistente mot skurv (Vf-gen) og moderat mottakelege for mjøldogg. Frukta kan få ein del trykkskade, og må handterast deretter. Santanaeple gjev mindre allergiske reaksjonar for konsumentar med epleallergi. Silken Silken (Honeygold x Sunrise) er ein kanadisk sort utan dekkfarge. Den modnar tidleg, omlag 2 dagar før Discovery. Avlingane er gode, men frukta er småfallen med ei snitt fruktvekt på 124g. Fruktforma er avlang konisk oftast med kantete beger. Endå om fruktfastleiken er god, får frukta lett synlege trykkskader. Smaken er god, men det låge syreinnhaldet er med å gjera smaken svakare etter 2-3 veker på lager, altså relativt kort brukstid. Silken er svært utsett for skurv. I 2014 fekk epla ein del prikksjuke. William s Pride William s Pride er ein mørkt raudfarga, tidlegmodnande, amerikansk sort som modnar i slutten av august. Til å vera tidlegsort, er avling bra i høve til trestorleiken. Velutvikla eple har god, søt smak, med litt tørr ettersmak. Dei fyrste bereåra var fruktstorleik og kvalitet god, men seinare har desse eigenskapane vist seg svakare og meir ujamne. Mørkraud farge og ofte kantete beger, gjer at fruktene presenterer seg svakt. Trea er svaktveksande og bladverket har vorte svakare dei siste prøveåra.trea er sterke mot skurv og mjøldogg. Brukstida er kort, maksimum 3 veker. Zari Zari (Elstar x Delcorf) er ein belgisk sort som modnar like etter Delcorf-mutantane. Den ber høgbygde eple med 30-40 % dekkfarge. Frukta er sprø, saftig og syrleg med god til svært god smak. Skalet kan verka litt hardt og seigt. Sorten gav høge avlingar utan tydelege teikn til vekselbering. Fruktre er store med 98 % over 60 mm. Med det høge avlingsnivået i feltet, veks trea medels sterkt. Zari bør haustast med godt utvikla ljost raud-rosa farge og presenterer seg då svært godt. Frukta er svært utsett for støytflekkar. Brukstida er sterkt avhengig av stive-nivået på haustetidspunktet, men fullmodna frukter held til midt i november. Zonga (tidl. Dara) Zonga (Alkmene x Delcorf) er også ein belgisk sort i same serie som Zari og modnar 4-5 dagar etter Discovery. Zonga gav den største avlinga i feltet med svært store frukter i snitt på 221g. Den stripete, lyst raud-rosa dekkfargen dekkar berre ein mindre del av frukta. Epla er sprø og smaken er syrleg og god, men svakare enn for Zari. Svak dekkfargeutvikling og svært store, kantete frukter er mindre tiltalande enn Zari. Brukstida er kortare enn for Zari, gjerne til siste halvdel av oktober. Konklusjon Å finna produksjonssterke eplesortar med høg kvalitet og stor sjukdomsmotstand for våre forhold, som er betre enn dei me dyrkar no, er ei utfordring. To av sortane kan ha ein plass i kommersiell dyrking. Santana har gode produksjonseigenskapar, god kvalitet og lågt allergeninnhald som egnar seg både til konvensjonell og økologisk dyrking. Zari er ein sort med gode produksjons- og kvalitetseigenskapar, men fruktene er utsette for støytflekkar. Dei kommersielle sidene med tilgang av plantemateriale, sortsrettar, plantehelse m.m. ligg utanfor ansvarsområdet til NIBIO Ullensvang som nøytral utprøvingsinstans. Litteratur Koster, P. 2009. Het zomerras Delcorf en zijn mutanten. Fruitteelt 4. Okie, W.R. 1999. Register of New Fruit and Nut Varieties List 39. HortScience 34(2):181-205 Bundessortenamt (Hg.) (2000): Beschreibende Sortenliste Kernobst. Apfel, Birne. Hannover. ISSN 1615-6153.