Kontrollutvalet i Leikanger kommune Sak 08/2012 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Leikanger kommune Sakshandsamar Møtedato Saknr Bente Hauge 11.05.2012 08/2012 KONTROLLUTVALSSEKRETARIATET SI INNSTILLING: Kontrollutvalet vedtek fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Leikanger kommune slik den ligg føre. Fråsegna vert oversendt kommunestyret, med kopi til formannskapet. VEDLEGG: Nr. Dok. Dato Avsendar Tittel 1 11.05.12 Kontrollutvalet Fråsegn frå kontrollutvalet, rekneskap, årsmelding og revisjonsmelding (utkast). 2 Leikanger kommune Årsmelding 2011 3 Leikanger kommune Rekneskap 2011 4 SF Revisjon IKS Revisjonsmelding 2011 Vedlegg 2,3 og 4 er utsendt frå kommunen sin administrasjon til medlemmane i kontrollutvalet per post den 27.04.2012 BAKGRUNN I samsvar med kommunelova og forskrift om kontrollutval kap. 4, 7 skal kontrollutvalet gje ein uttale til kommunerekneskapen. Uttalen skal sendast til kommunestyret, med kopi til formannsskapet. Uttalen skal vere formannskapet i hende tidsnok til at formannskapet kan ta omsyn til den før formannsskapet gjer innstilling til kommunerekneskapen. Leikanger kommune har lagt opp til at årsrekneskapen skal handsamast i formannskapet den 31. mai og i kommunestyret den 13. juni. AKTUELLE LOVER, FORSKRIFTER, AVTALER MV. Kommunelova Forskrift om kontrollutval Forskrift om revisjon 1
SAKSUTGREIING Sekretariatet mottok kommunen si årsmelding onsdag 2. mai, årsrekneskap onsdag 25. april og revisjonsmelding måndag 23. april. Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen for Leikanger kommune i 2011 er basert på årsrekneskapen 2011, samt årsmelding 2011 frå rådmann og revisor si revisjonsmelding. I uttalen er det teke omsyn til følgjande punkt: Netto driftsresultat Netto driftsresultat viser kva kommunen sit igjen med av løpande inntekter etter at alle løpande utgifter er trekt i frå. I tillegg til inntekter og utgifter vedrørande den ordinære drifta, det vil seie til administrasjon og tenestetilbod, inngår også finansinntekter (renteinntekter, mottatt utbytte og eventuelle kursgevinstar på finansielle omløpsmidlar) og finansutgifter (renteutgifter, avdrag på lån og eventuelle kurstap på finansielle omløpsmidlar) i resultatomgrepet. I tillegg er indikatoren korrigert for avskrivingar slik at desse ikkje gjev resultateffekt. Netto driftsresultat vert og brukt som samanlikningsgrunnlag mellom kommunar. Netto driftsresultat kan nyttast til finansiering av investeringar eller avsettast til seinare bruk, og gir dermed ein indikasjon på kommunen sin økonomiske handlefridom. For Leikanger kommune var netto driftsresultat for 2011 negativt med kr 4 669 298 medan ein i 2010 hadde eit positivt driftsresultat med kr 14 661 040. Rekneskapsmessig mindreforbruk i 2011 var kr 0 mot kr 10 086 446 i mindreforbruk i 2010. Kommunen sitt resultat er sterkt påverka av marknadssvingingane knytt til verdipapir. I 2011 er det bokført eit urealisert tap på kr. 4,9 mill., det var budsjettert med ein gevinst på kr. 2,5 mill. så resultatet vart kr 7,4 mill dårlegare enn budsjett som følgje av marknadssvingingar. Ser ein tilbake i tid hadde kommunen i 2010 og 2009 gevinst på verdipapira på hhv ca kr 11 mill og kr 16 mill. I 2008 var det derimot eit urealisert tap på rundt kr 17 mill. Utan tap/gevinst på verdipapir ville kommunen sitt netto driftsresultat vore positivt med kr 0,2 mill i 2011, positivt med omlag kr 4 mill i 2010, positivt med omlag kr 2 mill. i 2009 medan det i 2008 ville vore negativt med omlag kr 9,3 mill. Kommunen har såleis hatt ei vesentleg resultatforbetring sidan 2008 når ein ser vekk frå marknadssvingingane knytt til verdipapir, men med ein forverring på omlag kr 4 mill i 2011 sett i høve til 2010. KS og Kommunal- og regionaldepartementet har sett opp eit mål på 3 % for nøkkeltalet netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene. Skal kommunen ha økonomisk handlingsrom og kunne avsetje til investeringar, tiltak som kjem utanom planane og ivareta formuesbevaringsprinsippet i kommunelova, bør netto driftsresultat opp på 3 % av driftsinntektene over tid. I Leikanger kommune var netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene negativt med 3% i 2011, mot positivt med 9,7% i 2010, positivt med 12,4% i 2009 og negativt med 19,7% i 2008. Utan tap/gevinst på verdipapir ville netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene vore på omlag 0% i 2011, positivt med 2,6% i 2010, positivt med 1,4% i 2009 og negativt med 7% i 2008. I 2011 er resultatet såleis vesentleg lægre enn det som er anbefalt av KS og KRD sjølv om tap på verdipapir vert helde utafor. 2
Rekneskapen sett mot revidert budsjett Tenesteområda syner samla sett eit rekneskapsmessig mindreforbruk i 2011 på omlag kr. 2,2 mill. Av dette står tenesteområdet fellestenester for eit positivt avvik på omlag kr 2,6 mill som er knytt til pensjonsordninga (mellom anna positivt premieavvik som er inntektsført). Det er fleire av einingane som har mindreforbruk mot budsjett, dei med størst mindreforbruk er fellestenester (pga pensjonsordninga), sosial/barnevern/psykiatri og vatn/avløp/renovasjon. Eininga med størst meirforbruk er pleie og omsorg. Dette samla mindreforbruket på kr. 2,2 mill frå tenesteeiningane har gått med til å dekke opp for det negative avviket for netto finanspostar på omlag kr 6,2 mill. Det negative avviket for netto finanspost er hovudsakleg knytt til tap på verdipapir (negativt avvik kr 7,4 mill). I tillegg til inndekning gjennom mindreforbruket frå tenesteeiningane er det avsett kr 3,1 mill mindre til disposisjonsfond enn budsjettert. Det er og overført kr 1,3 mill. mindre til investeringsregnskapen enn budsjettert. Overføring/bruk av bundne avsetningar har eit negativt avvik mot budsjett på omlag kr 0,4 mill. Samla sett har meirkostnadene knytt til finans blitt dekka gjennom mindreforbruk på tenesteeiningane samt redusert avsetning til disposisjonsfond og redusert overføring frå drift til å dekke investering. Dette har igjen medført at omlag kr 2,6 mill står igjen som udekka investering i 2011, dette skal ut frå rådmann si årsmelding budsjetterast og dekkast inn i 2012. Det kan og nemnast at ein i 2011 rekneskapen har nytta 60% av mva-kompensasjonen til drift. Ein er no i ein overgangsordning, der målet er at all mva-kompensasjonen skal gå til investeringsføremål. For 2012 vil ein kunne nytte 40% av mva-kompensasjonen i drift og vidare nedtrapping fram til 2014. Arbeidskapital Arbeidskapitalen gir uttrykk for likviditeten i kommunen, dvs deira evne til å betale gjeld ved forfall. Arbeidskapitalen omfattar bankinnskot, verdipapir og fordringar etter frådrag for kortsiktig gjeld, herunder offentlege avgifter, kassakredittlån og leverandørgjeld. Arbeidskapitalen har forverra seg med omlag kr 9 mill og var kr 85,3 mill per 31.12.11. Til samanlikning var den kr 94,3 mill i 2010. Nedgangen skuldast hovudsakleg tap på verdipapira (som reduserer omløpsmidlane). Langsiktig gjeld Låneutvikling Langsiktig gjeld har auka med om lag 3 mill kr. Forholdstalet langsiktig gjeld i høve til driftsinntektene har helde seg stabilt frå 2010 til 2011 og ligg på rundt 79,3%. Pensjonsforpliktingar Pensjonsforpliktingane til kommunen aukar framleis og dei utgjer no 189,1 mill kr mot 166 mill kr året før. Samla langsiktig gjeld som inkluderer pensjonsforpliktingane utgjorde per 31.12.11 201,7% av driftsinntektene, mot 189,5% i 2010. 3
Til samanlikning var gjennomsnittet for kommunane i fylket på 199,9% for 2011 og landsgjennomsnittet var 185,7% (førebelse Kostratal). Som det går fram av årsmeldinga side 4 er netto lånegjeld per innbyggar noko høgre enn for kommunane i kommunegruppe 2 som er samanliknbare kommunar. I forhold til snittet i fylket er den litt lågare. Budsjettoverskridingar Iflg. rekneskapsskjema 1B har tenesteområda samla sett kome ut med eit mindreforbruk på ca kr. 2,2 mill i høve til revidert budsjett. I skjema 1B er det totalt 16 einingar, ca halvparten har mindreforbruk. Einingane med størst mindreforbruk er fellestenester (mindreforbruk kr 2,6 mill), sosial/barnevern/psykiatri (mindreforbruk kr 1,2 mill) og vatn/avløp/renovasjon (mindreforbruk kr 1 mill). For fellestenester skuldast det positive avviket pensjonsordninga. For sosial/barnevern/psykiatri skuldast avviket hovudsakleg reduserte utgifter til barnevernstiltak utanfor heimen, færre brukarar på kvalifiseringsstønad samt ein større refusjon for tidlegare utbetalt sosialhjelp/forskot trygd. Viser til årsmeldinga side 20. For vatn/avløp/renovasjon skuldast avviket meirinntekter, iflg årsmeldinga side 47 går deler av dette til dekning av tidlegare års underskot på tenestene. Dei einingane som har størst meirforbruk er: Tenesteeining Meirforbruk Forklaring: Pleie- og omsorg 0,8 mill kr Avviket er samansett iflg årsmeldinga side 24. Ca kr 0,6 mill vedr overskriding på sjukeheimen (meirutgifter medisinske forbruksvarer, matvareutgifter og vaskeriutgifter). Vidare kome heimetenesta ut med ei overskriding på ca kr 0,8 mill, der lønnsutgifter knytt til fleire og meir pleietrengande brukarar er årsaka (medfører oftare bruk av 2 pleiarar i stellet). Særtiltaka kom ut med ein innsparing på rundt kr 0,4 mill som skuldast at nokre av tiltaka ikkje kom i gang før ut på nyåret. Brannvern 0,6 mill kr Skuldast høgare utgifter til Sogn Brann og Redning enn budsjettert iflg årsmeldinga side 46-47. Det er ikkje nærare forklart i årsmeldinga kva dette skuldast. Miljø, areal og næring 0,6 mill kr Avviket er samansett og forklart i årsmeldinga side 42. Det største avviket er knytt til idrettsaktivitetar, eit tilskot til kunstgrasbane til idrettslaget Syril som det ikkje var budsjettert for. Vegar 0,5 mill kr Iflg årsmeldinga vart det budsjettert for ein normalvinter medan den vart snørik og kald noko som har medført større utgifter. I tillegg var det flaumskader i mars 2011 samt Dagmar i romjula som resulterte i ekstra kostnader med opprustning av kommunale vegar og eigedomar. 4
Revisjonsmeldinga Revisor har per 16.04.2012 avlagt revisjonsmeldinga. Revisor har ikkje merknader til årsrekneskapen for 2011 for Leikanger kommune. Konklusjon Med bakgrunn i denne saksutgreiinga, årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding er det utarbeidd ein uttale til Leikanger kommune sin årsrekneskap for 2011. 5