Osterøy kommune ÅRSPLAN Hauge barnehage. Saman gjer vi kvarandre gode

Like dokumenter
Osterøy kommune ÅRSPLAN Hauge barnehage. Saman gjer vi kvarandre gode

Osterøy kommune ÅRSPLAN Hauge barnehage. Saman gjer vi kvarandre gode

Osterøy kommune ÅRSPLAN Hauge barnehage. Saman gjer vi kvarandre gode

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

AVDELINGSPLAN

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Årsmelding for Urhei barnehage

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Månadsbrev for Rosa september 2014

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

SYKEHUSBARNEHAGEN INFORMASJONSHEFTE. VELKOMMEN TIL OSS!

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Blåbærskogen barnehage

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

ÅRSPLAN Haus barnehage. Osterøy kommune

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Årsplan Venåsløkka barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Barnehagen mål og satsingsområder.

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

JEG KAN! " Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

ÅRSPLAN FOR KREKLING

Vetlandsveien barnehage

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

E-post til barnehagen:

Økernveien familiebarnehage, Veksthusfløtten

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Der lek og læring går hånd i hånd

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

NORBANA BARNEHAGE ÅRSPLAN

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

NORBANA BARNEHAGE ÅRSPLAN

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

PERIODE: SEPTEMBER, OKTOBER OG NOVEMBER 2012

Ellingsrud private barnehage Årsplan

Informasjon til foreldre

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Årsplan med læringsmål Kidsa Nyhavn HØST 2017

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Årsplan for 2013/2014

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Årsplan for Jakobsli Familiebarnehage

ÅRSPLAN FOR BARNAS HUS for barnehageåret 2010/2011

- et godt sted å være - et godt sted å lære

Periodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling,fjellstrand-høst 2017

Årsplan. Klinga familiebarnehage 2014 / 2015

Skjema for eigenvurdering

Årsplan Klinga familiebarnehage 2015 / 2016

OM ÅRSPLANEN OG KOMMUNENS MÅL FOR BARNEHAGENE OM BARNEHAGEN TILVENNING. Våre tiltak

Stokkalandsmarka barnehage

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

1/2 ÅRSPLAN 2012 GRØNBERG BARNEHAGE

Du må tru det for å sjå det

Transkript:

ÅRSPLAN 2016-2017 Osterøy kommune Hauge barnehage Saman gjer vi kvarandre gode

Innhald INNLEIING... 2 1. HALDNINGAR OG VERDIAR... 3 2. SATSINGSOMRÅDER... 4 3. DANNING GJENNOM OMSORG, LEIK OG LÆRING... 6 4. MEDVERKNAD... 7 5. MÅL FOR KVARDAGSAKTIVITETAR... 8 6. FAGOMRÅDA MED PROGRESJONSPLAN... 10 7. OVERGANG TIL SKULE... 11 8. PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING... 12 9. FORELDRESAMARBEID... 14 10. KULTUR OG TRADISJONAR I BARNEHAGEN... 15 11. AVDELINGSPLAN... 17 Side 1

INNLEIING Årsplanen vår er todelt: Del ein: kommunal årsplan for alle barnehagane på Osterøy. Denne skal vera førande for barnehagen sitt arbeid med eigen årsplan. Planen finn de på Osterøy kommune si heimeside. Del to: årsplanen til barnehagen skal gje informasjon om det faglege innhaldet; kva satsing vi har og korleis vi vel og arbeide med føringane i rammeplanen. Den gir og oversikt over tema og prosjekt på avdelingane. Alle nye foreldre får utdelt velkomstskriv før barnet startar opp i barnehagen. Skrivet inneheld praktisk informasjon, informasjon om rutinar og organisering, viktige datoar, informasjonsrutinar, vedtekter m.m. En glede du kan dele med andre, er en dobbel glede (Goethe). Side 2

1. HALDNINGAR OG VERDIAR Osterøy kommune sin visjon for barnehagane Saman får me verdas viktigaste verdiar til å veksa og verdiane omsorg, respekt, tydeleg og ærleg legg, saman med Rammeplan for barnehagar, føringar for vårt pedagogiske arbeid. Vår visjon: Saman gjer vi kvarandre gode. Hovudmålsetting: Vi ønskjer at alle barn i barnehagen skal lukkast i samspel med andre. Personalet er rollemodellar og bidreg gjennom eigen veremåte til barns læring og sosiale ferdigheiter. Eit tydeleg og aktivt personale er naudsynt for å skape eit varmt og inkluderande sosialt miljø. Vi har fokus på å skapa gode relasjonar og å visa omsorg for kvarandre i daglegdagse situasjonar. Sosial kompetanse er eit vidt omgrep og famnar desse kompetanseområda: Evne til å hevde seg sjølv, sjølvkontroll, empati, samarbeid, ansvarligheit og leik, glede, humor. Leik er ein heilt sentral side ved barns sosiale liv vi ser på leiken både som eit mål og middel i arbeid med sosial kompetanse. For å kunne jobbe målretta i forhold til enkeltbarn og det sosiale miljøet i barnegruppa har vi utarbeidd ein eigen plan for arbeidet. I hauge barnehage er kvart barn unikt ser den vaksne det einskilde barnet står leiken i sentrum tar vi vare på gleda og humoren i kvardagen går leik og læring hand i hand er vi alle del av eit fellesskap undrar vi oss saman med barna får barna medverke har vi aktivt samarbeid med heimen Side 3

2. SATSINGSOMRÅDER NATUR OG FRILUFTSLIV Vi vil at alle skal oppleva glede ved å vera ute og å ferdast i naturen. Naturen er ein unik læringsarena og ein god arena for utvikling av sosial kompetanse. Satsingsområdet er så mangfaldig og innhaldsrikt at det og passer inn under alle sju fagområda i Rammeplanen. Dette krev deltakande vaksne som stimulerer barna sin nysgjerrighet og vektlegge undring som kvalitet for læring - ein nøkkel er nærleik til barna i leik. Hovudmål: Å lære barna å bli glade i naturen. Delmål: få kjennskap til dyr og planter få begynnande forståing for samanhengar i naturen tileigne grunnleggande motoriske ferdigheiter og kroppsbehersking Tiltak for å nå måla: Tiltak vert tilpassa dei ulike aldersgruppene dei yngste barna får ein gradvis tilvenning til det å vera ute og å ferdast i naturen følgje årstidene og få erfaringar med alle typar vær og endringar i naturen legge til rette for leik og aktivitetar i naturen formingsprosjekt ute og inne, med naturmateriale hauste frukt og bær dyrke i kjøkkenhage lage mat av naturens råvarer turar til leirplassen lage mat på bål turar i nærmiljøet; vi vektlegg medverknad i planlegging og evaluering av turane med dei største barna (skoggruppemetoden) kjeldesortering, fokus på miljøvern og samarbeid med miljøstasjon studerer dyr, fuglar, insekt og plantar vi føl med fuglekassane våre Side 4

TIDLEG INNSATS OG BARN SIN TRIVSEL VAKSNE SITT ANSVAR er felles satsingsområder for dei kommunale barnehagane på Osterøy. Arbeid med språk og gode system er tidleg innsats vi har jamleg bruk av bøker, eventyr og konkretar vi brukar snakkepakken eit praktisk språkverktøy vi har fast system for overgangar i barnehagen, tilvenning av nye barn og foreldresamarbeid. vi bruker dagsplan, observasjon og kartleggingsverktøy der det er nødvendig. For å skapa gode relasjonar mellom barn-vaksen og barn-barn er personalet samkøyrte og grip raskt tak i episodar som oppstår er vaksne på golvet og tar barna sine uttrykk på alvor har vi fokustid for å sikre at alle barn vert sett og høyrt drøftar personalet verdiar, haldningar og eigen praksis gjennom bruk av dialogspel/igp metoden for å oppnå felles forståing for jobben vi gjer. For å sikra at all barn vert sett og høyrt, har ein ven, og for å hindre mobbing får alle barn kontaktperson. Denne vaksne har eit ekstra ansvar for å følgje opp «sine» barn tar vi i bruk sosiogram, kontaktskjema og gjennomfører barnesamtaler med 4 og 5 åringane gir vi barna veiledning i leik og hjelp til handlingsalternativ sett vi i verk handlingsplan om vi avdekker mobbing. VÆRE SAMMEN Barnehagane i Osterøy kommune starta med prosjektet Være Sammen hausten 2015. Være Sammen er ein god metode for våre barnehagar for å kunne lukkast i arbeidet med satsingsområda «Tidleg innsats» og «Barn sin trivsel-vaksne sitt ansvar». For inneverande barnehageår fortsett vi opplæringa av personalet gjennom arbeid med teori, refleksjonsoppgåver og kollegaveiledning. Prosjektet inneber arbeid med å implementere ein autoritativ vaksenrolle. Vi vil i relasjonen med barna vere varme og grensesettande vaksne. Det vil sei: finne balansen mellom varme og kontroll gi tryggleik og gode rammer vere forutsigbare vaksne Autoritativ vaksenstil er grunnleggande for Være Sammen. Vaksenstilen påverker barn generelt i positiv retning, også når det gjeld barn med utfordrande åtferd. Alle voksne har ansvar for å ivareta barnets medfødte tillit til omverdenen. (Knut Løgstrup) Side 5

3. DANNING GJENNOM OMSORG, LEIK OG LÆRING Gjennom danning legg ein grunnlag for utviklinga til barna vi gir barna gruppeopplevingar gjennom samlingsstundar, måltid og andre felles aktivitetar vi lar barna medverke. Barna sine innspel vert tatt på alvor og følgt opp av vaksne vi lar barna delta i daglege gjeremål, lærer dei å vente på tur, lytte til andre og vise omsyn, lærer dei bordskikk, hygiene og å ta i mot beskjedar. Alle barna skal bli møtt med omsorg i barnehagen vi gir kvart barn kontakt og omsorg i løpet av dagen ved og vera tilgjengelege vaksne alle barn blir møtt og tatt i mot på ein god måte (prat, smil, god morgon, velkommen) vi oppfordrer barna til og trøyste kvarandre og sette ord på kjensler Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen alle avdelingar praktiserer fokustid dette er fastsett tid der vaksne har ekstra fokus på leiken (praktiske gjeremål må vente) fysisk plass og skjerma tid er viktig for at god leik kan utvikla seg. Vi har fokus på innreiing av romma og at leiken er hovudreiskap for læring vi deler barna i mindre grupper for meir ro til god leik alle barna skal vera inkludert i leik. Dei vaksne er observante og tilstade. Læring heng nært saman med leik store delar av dagen er sett av til frileik ute og inne - barna lærer gjennom erfaringar i leik vi føl opp barna sine interesser og spørsmål. Dette krev engasjerte og motiverte vaksne! vi stillar ut konkretar som føl tema. Desse er tilgjengelege for barna i leik (t.d. eventyrfigurar) vi gir alle barna høve til å delta i varierte aktivitetar. Side 6

4. MEDVERKNAD Medverknad handlar om at barna skal vera med å setja sitt preg på kvardagen og få lov til å vera synlege i det som vert gjort. Mål: Å sikra barna retten til å verta sett og høyrt og moglegheit til å påverke eigen kvardag. I Hauge barnehage legg vi til rette for medverknad: ved å plassere utstyr og leikar tilgjengeleg for barna ved å observere og tolke barna sitt kroppsspråk og ha kunnskap om barn sin utvikling (gjeld spesielt dei yngste) vaksne på golvet som ser kva barna held på med ved å la barna delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar gjennom barnesamtale, samtale i mindre grupper og ved bruk av tankekart knytt til tema/aktivtetar oppgåver som ordensperson (gjeld dei eldste) skoggruppemetoden med dei største dei er med og planlegg og evaluerer turar. Kjernen i barn sin medverknad er evna vaksne har til å støtte barna sine initiativ. Dei vaksne må by på seg sjølv og vera ekte. Barn treng tydelege og ansvarsfulle vaksne som tek omsyn til heile gruppa. Ein føresetnad for å ta barn sin rett til medverknad på alvor er god kommunikasjon mellom barna og personalet, og mellom personalet og foreldra. Ta vare på barns livskraft (Nuria Moe). Side 7

5. MÅL FOR KVARDAGSAKTIVITETAR I vår barnehage har alle avdelingar felles mål for kvardagsaktivitetar. Vi er tilgjengelege vaksne og barna skal sjølv være med å påverke eigen kvardag. Velkomst og avskjed: - vi må sjå barnet først lytte til barna og ta deira perspektiv - barn og foreldre skal føle seg velkomne om morgonen ved at vi tar oss tid, viser interesse og møter dei med varme og glede - møte foreldra med respekt - personalet og foreldra utvekslar informasjon Måltid: - gje ro og anledning til gode samtaler (små grupper) - fellesskap rundt bordet inkludere alle - stimulere til god språkutvikling namngje alt på bordet - lydhøre vaksne og fokus på barna - la barna bidra og hjelpe til før og etter mat - sunn og variert mat - bordskikk Stell/toalett: - tryggleik til situasjonen og den vaksne - vaksne som lyttar og tolkar signaler barna gir - hjelpe barna til tryggleik og sjølvstende - god oppleving og god kommunikasjon Kvile: - tilpasses barna sine behov - barna skal føle omsorg/nærleik - fast soveplass faste rutinar tid til å vakne - godt samarbeid personal/foreldre Side 8

Garderobe: - utgangspunkt i barnet sin modning og alder førebu barnet godt - ta barnet sitt perspektiv. Snakk roleg og tydeleg: «eg vil at» - føl opp med ros og oppmuntring undervegs - ha gode system og vær samkøyrte som vaksne. Ha få barn i garderoben samtidig. Vent eventuelt med opprydding på kjøkken. - Om ein ikkje handterer situasjonen be om hjelp frå ein annan vaksen. Samlingsstund: - alle skal bli sett og høyrt følgje barna sine initiativ - gruppetilhørigheit felles oppleving - fast oppsett kjent begynnelse og slutt variasjon - fast tidspunkt - språkstimulerande aktivitetar - legge til rette for vidare undring og inspirasjon til leik - førebudde vaksne og nok vaksne - rom for bevegelse - variasjon: vennesamling, songstund, drama, tema, forteljing/bøker - månadssong og vers Leik inne/ute - gi tid og rom for leik skjerma leiken - på barna sine premiss, følgje barna sine initiativ - vaksne som deltek, føl med og er tett på for å fange opp om nokon vert utestengt - tilgjengelige vaksne som støttar, oppmuntrar og inspirerer barna - godt tilrettelagt fysisk miljø, inndeling i grupper og gode system - legge til rette for læring og variasjon - alle skal ha nokon å vera med støtte og veilede barna inn i leik - aktiv deltaking frå vaksne vere i forkant PÅLOGGA vaksne! - vaksne fordelt på heile uteområdet Side 9

6. FAGOMRÅDA - PROGRESJONSPLAN KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST. Vi legg det fysiske miljø til rette slik at vi på best mogeleg måte kan gje barna allsidige språklege erfaringar. Vi har bøker, bilete, bokstavar og tal godt synleg på alle avdelingar! Vi gir barna eit rikt og variert språkmiljø i kvardagen gjennom systematisk bruk av snakkepakken og samlingsstund. Vi tar i bruk månadssong, månadsord, rim, reglar og har aktiv bruk av eventyr. Gjennom satsingsområdet vårt arbeidar vi med fagområdet slik: Vi samtalar om opplevingar på tur og namngjev det vi ser og finn i naturen. KROPP, RØRSLE OG HELSE. Kvardagen vår er organisert slik at barna får allsidige og varierte kroppslege erfaringar ute og inne, tilpassa alder og modning. Vi er opptekne av eit sunt kosthald. Vi er «5 om dagen barnehage», barna får frukt og grønt kvar dag. Vi er «Rein hand barnehage», vi har fokus på god handhygiene. Gjennom satsingsområdet vårt arbeidar vi med fagområdet slik: Vi har uteaktivitetar kvar dag og faste turdagar for dei eldre barna, og utedagar/turar tilpassa dei yngre barna. KUNST, KULTUR OG KREATIVITET. Barna får ta del i ulike formingsaktivitetar. Vi lager utstilling av barna sine uttrykk og inviterer foreldre/andre til å ta del i dette. Gjennom satsingsområdet vårt arbeidar vi med fagområdet slik: Vi har inspirerande rom ute der barna kan velje materialar og aktivitetar for kreativ leik. Vi markerer norske merkedagar. Vi går på gardsbesøk, deltek på arrangement på biblioteket og nyttar bokbussen. Vi besøker Osterøytunet og lokale bedrifter. NATUR, MILJØ OG TEKNIKK. Vi har natur og friluftsliv som satsingsområde (sjå kap.2). Vi bruker naturen aktivt og har stor naturtomt i barnehagen. På turar og i uteleik får barna oppleve ulike årstider, og dei får kjennskap til bruk av ulike reiskap og matlaging i naturen. Side 10

ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI. Vi markerer kristne høgtider som jul og påske. Vi formidlar historier og undrar oss saman med barna. Vi gir tid og rom til samtaler, undring og forteljingar rundt filosofiske, religiøse og etiske spørsmål. Gjennom satsingsområdet vårt arbeidar vi med fagområdet slik: Vi filosoferer og undrar oss over ulike fenomen i naturen. Vi møter barna sin tru og undring med respekt og alvor. Om vi har andre nasjonalitetar representert i barnegruppa, vil det være naturlig å ha fokus på desse. NÆRMILJØ OG SAMFUNN. I barnehagen vår har vi eit inkluderande miljø der alle skal føle seg godt mottekne. Vi ønskjer velkommen på språk representert i barnegruppa og har flagg i garderobane. Gjennom satsingsområdet vårt arbeidar vi med fagområdet slik: Vi bruker nærmiljøet aktivt i forhold til friluftsliv. Vi går på turar til Osterøytunet og til ulike bedrifter. Vi bruker tankekart i tilknytting til tema; barna får på denne måten delta og påverke fellesskapet. TAL, ROM OG FORM. Vi tel når vi lager mat, dekker bord, ute, har samling og i leik. Vi ser på ulike former rundt oss. Vi leiker med dei, tel dei og namngjer dei. Vi måler og veier og undrar oss saman over kva som er størst og minst. Vi bruker eventyr. Vi bruker tal, bokstaver og former på veggene slik at barna blir vant til å sjå dei og bruker dei i kvardagen. Gjennom satsingsområdet vårt arbeidar vi med fagområdet slik: barna blir kjent med orientering på turar og ute på området vårt. Vi har progresjonsplan for fagområda som personalet nyttar som arbeidsverktøy. 7. OVERGANG TIL SKULE Alle 5/6 åringane deltek siste året i barnehagen på førskulegruppe. Det vert sett av faste dagar til denne gruppa. Her er det fokus på sjølvstende og felles opplevingar. PPT har i samarbeid med barnehagekonsulent utarbeidd eit hefte om kva tilrettelegging som er nyttig for 5 åringane i barnehagen for å ivareta deira læringsbehov, og for å skapa kontinuitet i opplæringa ved overgang til skulen. Vi bruker denne aktivt i arbeid med førskulebarna. Barna får ta del i skuleførebuande aktivitetar og får øvd på tal, mengde, bokstavar og det å skrive namnet sitt. Vi har fokus på sosial kompetanse, språk og metodisk språkleik. Vi føl elles kommunen sin plan for overgang frå barnehage til skule (kan lesast på heimesida til barnehagen). Side 11

8. PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING PLANLEGGING Personalet har 5 planleggingsdagar i løpet av året. Her legg vi føringar for det pedagogiske tilbodet i barnehagen. Detaljplanlegging og oppfølging av barn vert gjort gjennom personalmøter, avdelingsmøter og leiarmøter. Leiargruppa består av styrar og pedagogiske leiarar. Pedagogiske leiarar har fire timar i veka til planlegging, dokumentasjon og vurdering/etterarbeid. Barnehagen lagar årsplan, avdelingsplan, temaplanar, månadsplanar og vekeplanar. Årsplanen er felles for heile barnehagen. Vi har utarbeida felles mal for planane våre for å sikre god planlegging og felles prosessar på alle avdelingane, med utgangspunkt i felles mål. I planane våre kjem vi nærare inn på aktivitetar og arbeidsmetodar. Gjennom barnesamtalar, direkte innspel og bruk av tankekart får barna delta i planarbeidet. Sentrale spørsmål er kva dei liker å gjere i barnehagen. Vi observerer i tillegg kva dei er opptekne av, og tar dette med i planarbeidet. Foreldre deltek gjennom foreldremøter, møter i samarbeidsutvalet og brukarundersøkingar. Spørsmål om innhald og kva foreldra ønskjer å medverke i blir diskutert i SU kvar haust. DOKUMENTASJON Gjennom dokumentasjon tydeleggjer vi kva vi gjer og oppnår i barnehagen. Det er informasjon om barna sine opplevingar og kva dei lærer og gjer i barnehagen. Vi dokumenterer slik: Foreldre/andre: bileter av barna i leik og ulike aktivitetar foreldrearrangement i barnehagen og foreldresamtalar utstillingar og bruk av solmodell, dagsrapportar, månadsbrev, rapportar frå turar/andre aktivitetar og årsplanen vår. Personalet: observasjonar, praksisforteljingar, solmodell av fagområda og ulike kartleggingsverktøy (sosiogram, kartlegging av kvardagsaktivitetar m.m.) formålet er refleksjon og utvikling. Er det slik vi vil har det? Får alle barn erfaringar og utfordringar dei treng? Side 12

Barn: tekstskaping, bileter og perm til alle barna. Permen skal innehalde gode opplevingar frå tida i barnehagen skulestartarane har eigen perm som dokumenterer noko av arbeidet siste året i barnehagen. Det blir og sendt felles dokumentasjon til skulen: «dette har vi med oss i barnehagesekken» alle barn har kontaktperson. VURDERING Vi vurderer den totale verksemda, samspel barn-barn og barn-vaksen, fagområda/innhald, enkeltbarn sin trivsel og utvikling, og om vi har nådd måla våre. Dokumentasjonen vi har er ein viktig reiskap for å vurdera. Vurderingane dannar grunnlag for planlegging og oppfølging av barn. KVA VERT VURDERT KVEN DELTEK NÅR VURDERER VI ANSVARLEG Barn sin trivsel, utbytte og utvikling. Aktivitetar på avdeling. Felles aktivitetar. Metodeplanar/ temaplanar. Årsplan. Innhald. Fagområda. Foreldresamarbeid. Tilsette på avdeling. Foreldre. Barn. Barn og tilsette. Foreldresamtaler. Barnesamtaler. Kartleggingsskjema. Observasjon. Brukarundersøking. Fortløpande. Samlingsstund. Avdelingsmøter. Personalmøter. Pedagogisk leiar. Styrar Pedagogisk leiar. Leiargruppa/styrar. Tilsette på avdeling. Avdelingsmøter. Pedagogisk leiar. Alle tilsette. Foreldre. Foreldre. Tilsette. Avdelingsmøter. Personalmøter. Plandagar. Foreldremøter. Samarbeidsutvalet. Brukarundersøking. Foreldresamtaler. Samarbeidsutvalet. Brukarundersøking. Personalsamarbeid. Alle tilsette. Personalmøter. Plandagar. Styrar. Pedagogisk leiar. Pedagogisk leiar. Styrar. Styrar. Vi har utarbeidd veiledningshefte for årsplanarbeid. Heftet inneheld skjema som skal nyttast i arbeid med planlegging, dokumentasjon og vurdering. Side 13

9. FORELDRESAMARBEID i samarbeid og forståelse med hjemmet Målet for foreldresamarbeidet er at barn og foreldre skal trivast i barnehagen. Foreldre/føresette er den viktigaste samarbeidspartnaren vår. Vi ønskjer openheit og tillit i kommunikasjon med alle foreldre. Foreldra må føle at dei har innverknad på arbeidet med barna, og kjenne seg trygge nok til å ta opp saker og synspunkt med dei tilsette. Vi ønskjer at foreldre/føresette skal komme med innspel og idear på det arbeidet vi gjer i barnehagen! Ris, ros og idear er alltid velkomen! Personalet i barnehagen har god kompetanse på barn i gruppe, men det er foreldra som er spesialistar på eigne barn. Dagleg kontakt personalet tek i mot barnet med glede og varme. Det vert gjeve rom for at foreldre/barn har behov for samvær åleine ved henting og levering vert det gitt rom for naudsynt informasjon. Personalet formidlar litt om kva barnet har gjort på i løpet av dagen. Møter vi har oppstartsamtale med alle nye foreldre vi har avdelingsvise foreldremøter kvar haust og foreldremøte for nye foreldre før oppstart vi tilbyr to foreldresamtaler årleg vi har eitt-to møter i samarbeidsutvalet, og foreldrerådsmøter (les meir om SU i kommunal plan på heimesida til Osterøy kommune). Foreldre og personalet har eit felles ansvar for trivselen og utviklinga til barnet (Rammeplan for barnehagen). Side 14

10. KULTUR OG TRADISJONAR I BARNEHAGEN FELLES SAMLING Mål: bli kjent på tvers av avdelingar. Vi har ein felles samling med song, musikk og drama for alle avdelingar ca. kvar månad. Kvar avdeling har ansvar kvar sin gong. Samling vert gjennomført på den avdelinga som er ansvarleg eller ute. BURSDAGSFEIRING Mål: fremje positive haldingar ved å ha fokus på barnet. Barnet vert feira med krone og får velje seg nokre glansbilete/klistremerke frå bursdagsboksen. I samling sitt barnet på bursdagsstolen. Barnet får velje songar vi skal synge og det vert tatt bilete av barnet. Vi skriv kort til barnet alle får etter tur sei noko fint til barnet (gjeld dei større barna). BRANNVERNVEKE Mål: å lære barna om brannvern og brannsikkerhet. Vi tar i bruk pedagogisk opplegg og har ulike aktivitetar knytt til brannvern. Brannøving for alle. FN DAG Mål: å lære om barn i andre land. Å hjelpe dei som ikkje har det så bra som oss. Vi har aktivitetar for barna i forkant av dagen, og avsluttar arbeidet med foreldrekafe og innsamlingsaksjon til Redd Barna. JUL Mål: å oppleve glede, stemning og forventning i førjulstida Vi førebur oss til høgtida gjennom ulike aktivitetar og tradisjonar knytt til vår barnehage. Vi formidlar juleevangeliet og andre forteljingar. Vi har adventskalender, markerer Lucia og arrangerer nissefest for barna. Nokre aktivitetar er felles og andre avdelingsvis. SAMEFOLKETS DAG Mål: lære om andre kulturar/likeverd/toleranse. Vi lærer om samiske tradisjonar gjennom felles aktivitetar i barnehagen. FASTELAVN Dagen vert markert i barnehagen med bakeaktivitet vi baker bollar. Side 15

BARNEHAGEDAGEN Mål: la andre få eit innblikk i det vi gjer. Vi synleggjer barnehagen med utgangspunkt i det som er sett opp som tema. Tema for 2017: Leik og leikens betyding for vennskap. TEMAFEST Mål: leik og moro for store og små. I mars har vi temafest i barnehagen. Barna kler seg ut og vi har ulike aktivitetar. PÅSKE Mål: kjennskap til høgtida og påskebodskapen. Vi førebur oss til høgtida og fordjupar oss i påskebodskapen gjennom ulike aktivitetar og tradisjonar. Heile familien blir invitert på påskefrukost. 17.MAI - AKTIVITETSDAG Vi samtaler med barna om kvifor vi feirar 17.mai. Vi syng songar og fargelegg flagg. Barnehagen har 17.mai fane på skulen som kan nyttast til feiringa på 17.mai dagen. Vi gjennomfører aktivitetsdag ute i barnehagen med ulike postar med tradisjonelle 17.mai leikar: ball på boks, potetløp, løping, risposekasting og natursti. SOMMARFEST SU kan i samarbeid med foreldrerådet arrangere sommarfest om det er ønskeleg. Vi stiller barnehagen til disposisjon. Tradisjonelt har dette vore ein grillfest/korgfest i mai/juni. AVSLUTNING FOR FØRSKULEBARN Vi har høgtidleg avslutning i barnehagen for dei barna som skal starte på skulen. Formiddag: felles samling og måltid ute for alle i barnehagen. Ettermiddag: markering på avdelinga. Det blir utdeling av perm og fokus på kvart enkelt barn. Føresette vert invitert til å vera med - rose vert overrekt føresette som takk for tida med barnet. Side 16

11. AVDELINGSPLAN Side 17