VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: S30 Arkivsaksnr.: 2015/1021 Saksbehandlar: Mona Janne Johansen Dato: 17.07.2015 Fjernvarmeleveranse. Investering i energiløysing på Myra Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes kommunestyre løyver 5 mill. kr til å investere i nytt varmeanlegg for dei byggja som blir fasa ut frå fjernvarmeleveransen til Vestnes Bioenergi AS. 2. Investeringa blir finansiert ved låneopptak. 3. Administrasjonssjefen legg fram eiga sak om reserveløysing for oppvarming for aktuelle kommunale bygg. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Biobrenselanlegget, som Vestnes kommune overtok frå Møre og Romsdal fylkeskommune i samband med ansvarsreforma (1992), blei i mars 2013 overført til Vestnes Bioenergi AS, eit dotterselskap til Vestnes Energi AS. I mange år, og lenge før utskiljinga til eige aksjeselskap, har det vore klart at det må gjerast omfattande investeringar i biobrenselanlegget. Ein ser no på korleis ein skal sikre at behovet for oppvarming blir dekt - dvs. fjernvarmeleveransen frå biobrenselanlegget og om det kan vere andre løysingar. I tillegg er det ønskjeleg å sjå på plassering av fjernvarmeanlegget. Kommunestyret behandla i sak KST 77/2013, møte 12.12.2013, endring i organisering av Vestnes kommune si eigedomsdrift. I vedtaket punkt 3 står det følgjande: Vestnes Biobrensel AS kjøper for 2014 tenester frå Vestnes kommune. Drift og eigedomsforhold for biobrenselanlegget vert å kome attende til når fusjonsprosessen for Nordvestnett er ferdig.
I møte 29. 04.2015 fekk kommunestyret til behandling sak 33/2015 Biobrenselanlegg framtidig drift og eigedomsforhold. Saka var ei oppfølging av KST 77/2013. Kommunestyret vedtok å utsette saka. Den 18.06.2015 behandla generalforsamlinga i Vestnes Energi AS sak (orienteringssak) om framtidig drift av Vestnes Bioenergi. Generalforsamlinga ga uttrykk for at dei var positive til dei framlagte planane. Føreliggande sak er ei oppfølging av saka i generalforsamlinga. Styret i Vestnes Bioenergi AS har uttrykt ønskje om å fase ut fjernvarmeforsyning til ein del av bygga på Myraområdet. Dette er i all hovudsak dei eldste og minste bygga. Bakgrunnen for dette er at dei står for ein stor kostnad knytt til utskifting av røyr og installering av målesystem for energiforbruk. Vestnes Bioenergi AS planlegg å skifte ut alle fjernvarmerør som er frå før om lag 1998. I tillegg vil dei installere energimålarar for fjernvarme på alle bygg som mottek fjernvarme. Dersom Vestnes Bioenergi AS også skal skifte ut fjernvarmerøyr og installerer målesystem i dei byggja som ein foreslår å fase ut, vil dette utgjere ein meirkostnad på om lag 5 mill. kr. Ei investering i alternative energikjelder til oppvarming truleg vil utgjere ca. 2,6 mill. kr. Uansett kva løysing ein vel, er det større investeringar som må til. Styret i Vestnes Bioenergi AS har diskutert fleire løysingar, bla. investering i ny biokjel og nye fjernvarmerør med målarsystem på alle bygg eldre enn 1998. Vestnes kommune og Vestnes Bioenergi AS har hatt fleire møter om situasjonen for biobrenselanlegget. Den løysninga vi no i fellesskap har landa på, er den mest optimale tekniske og økonomiske for begge partar. Både når det gjeld investering og drift. Begge partar har nytta ekstern kompetanse i arbeidet Norsk Enøk og Energi AS (NEE). Det er utarbeidd ein rapport til Vestnes Bioenergi AS og ein rapport til kommunen med tilrådingar. Kommunen sin rapport er lagt ved saksutgreiinga som vedlegg 1. For Vestnes kommune sin del viser rapporten kva tiltak som er aktuell for dei ulike bygga, og kva kostnadene er. Vestnes Bioenergi AS opplyser at driftssituasjonen for biobrenselanlegget er no slik: - Anlegget er gammalt og slitt. Dette aukar drifts- og vedlikehaldskostnadane. Leveringstryggleiken blir stadig dårlegare. - Biokjelen verker dårlegare enn tidlegare og det er høge tap i røyrnettet. Ein får uforhaldsmessig høge kostnader for levert energi. - Målesystem er ikkje installert. Ein har ikkje målebare tall for levert energi og ein har ikkje eksakt oversikt over driftsøkonomi. Ein ønskjer å investere minst mogleg for å auke leveringstryggleiken og redusere kostnadane for levert energi. Som alt nemnt er den billigaste løysinga å kutte leveransen av fjernvarme til ein del av bygga på Myra. Dei ti byggja som til slutt enda på lista over utfasing og der alternative kjelder må på plass er: Oppigarden, Ivartun, Mariebo, Steinrøysa, Bakketun, Gartneriet, T-3, Furulia, Solstua og Gult Adm. Bygg. Til orientering kan det nemnast at det er fem bygg som blir tatt ut av bruk og/eller der ein ikkje treng å tenkje nytt: Rødt hybelhus, Brunt hybelhus, Strandbo, Hjertebo/Stokkhaugen, Hjelpepleiarskulen. Dei bygga som framleis skal ha levert fjernvarme er: Kariplassen, Ressurssenteret, Myra Kulturbygg, Kjøkkenbygget, Helland Barnehage Nedre, Helland Barnehage Øvre, Nye
Gulhuset, Vestnes kommunehus/sjukeheimen, Aktivitetssenteret, Senior Plaza, Kjøpmannsgata, Vestnes Brann- og Ambulansestasjon, Vonheimhusa, Vestneshallen og Helland Skule. Dei investeringane som Vestnes Bioenergi vil gjere er kostnadsrekna til 4,5 mill. kr. og inneber: - Å installere ein ny elkjel på 1 000 kw som saman med eksisterande elkjel som blir hovudforsyning frå fjernvarmeanlegget. - At den gamle biokjelen vil fungere som ein reserve og beredskap - Å skifte ut ein del eldre rørleidningar - Å installere målesystem i alle bygg som skal ha fjernvarme. I Vestnes kommune sin rapport frå NEE er det forslag til nytt oppvarmingsanlegg for dei ti byggja som ein ønskjer å kutte fjernevarmeleveransen til, vedlegg 1. Det er i stor grad lagt opp til el-kjelar i kvart bygg der vi framleis er avhengig av vatnbåre varme, og luft/luft varmepumper og/eller panelomnar der det er mest gunstig. Kommunen har fått utarbeidd oversikt over korleis kapasiteten på inntakssida er viss ein vel å kutte ut fjernvarmen for dei tidlegare nemnte byggja, sjå vedlegg 2. Konklusjonen er at nokre av byggja har ikkje nok kapasitet på inntakssida til å erstatte fjernvarme med t.d. elkjel. Det må altså til ein del investeringar også her. NEE anslår våre totale kostnader til kr. 2 750 000,- + mva., og anbefaler en budsjettsum på 3 mill. kr. + mva. Vestnes Bioenergi AS rår til at kommunen budsjetterer med 4 mill. kr + mva. til desse investeringane. Erfaring tilsei at det ofte kjem til uventa kostnader og følgjekostnader med slike konverteringar (t.d. bygningsmessige endringar, oppgradering av inntakstavler, sikringar, m.m.) Tabellen under viser kva løysing som må til på dei byggja som blir fasa ut, og kostnaden. Bygg Løysing Kostnad Oppigarden 70 kw El. kjel 300 000,- Ivartun 70 kw El. kjel + ny inntakskabel 350 000,- Mariebo 70 kw El. kjel 300 000,- Steinrøysa 40 kw panelovner + ny Vv. bereder 300 000,- Bakketun 40 kw panelovner + ny Vv. bereder 300 000,- Gartneriet 70 kw elektriske varmevifter + ny inntakskabel 250 000,- T-3 30 kw panelovner + luft/luft varmepumper 250 000,- Furulia 40 kw El. kjel 200 000,- Solstua 35 kw El. kjel 200 000,- Gult Adm. Bygg Luft/luft varmepumper + ny Vv. bereder 150 000,- Sum andre løysing 2 600 000,- + Reservesum 1 400 000,- SUM eks. mva. 4 000 000,- + mva. 25 % 1 000 000,- Totalt 5 000 000,- Plassering av fjernvarmeanlegget Fjernvarmeanlegget ligg i dag på Myraområdet nede ved Flatevågen. Kommunen har utfasa bruken av bygget Strandbo, som var brukt til arbeids- og dagtilbod. Bygget ligg like bak fjernvarmeanlegget og må etterkvart rivast. I same område ligg også 2 bygg som har vore brukt til husvære, såkalla Brunhuset og Raudhuset. Det eine av desse står allereie tomt og det andre skal også utfasast, dette grunna elde. Det blir såleis eit rimeleg stort sentrumsnært
område ledig. Det kan vere framtidsretta å ha disponibelt til formål som kommunestyret seinare kan bestemme. Dette er eit av dei få sentrumsnære områda kommunen disponerer og bør kunne være attraktivt til mange formål. Vurdering: Vestnes kommune er den største kunden til Vestnes Bioenergi AS. Som nemnt tidlegare er leveringstryggleiken til biobrenselanlegget blitt stadig dårlegare. Biokjelen, som er gamal og slitt, verker dårlegare. Og, ein har ikkje eksakt oversikt over driftsøkonomien. Det er naudsynt med investeringar uansett kva løysing ein vel. Vestnes Bioenergi AS og Vestnes kommune har hatt fleire møter om situasjonen. I fellesskap har ein komme fram til ei løysing der det er fornuftig å kutte ut fjernvarmeleveransen til ein del av bygga på Myra-området. Behovet for oppvarming må dekkast på anna vis, sjå vedlegg 1. Dette arbeidet bør gjerast så snart som råd. Administrasjonssjefen meiner at ei slik løysing vil være billigast for kommunen. Og, den gjev oss t.d. høve til å legge meir til rette for ENØK-tiltak og dermed sparte driftskostnader. I dag er det slik at kommunen betaler Vestnes Bioenergi pr. produsert kwh på biobrenselanlegget. Kommunen betaler altså for varmetapet og ein er ikkje sikker på at energimålaren er korrekt (målaren er ugunstig montert). Når det gjeld den elektriske energien er den målt på eit felles strømabonnement for heile Myraområdet. Det er berre nokre få bygg som har eigen intern energimålar. Ved å etablere eit Energioppfølgingssystem (EOS) vil vi synliggjere energiforbruket pr. bygg, og lett kunne spare ca. 5 10% energi. For å etablere eit sånt system, må byggja ha installert energimålarar for alle energikjelder. Pr. juli 2015 betaler vi kr. 0,75 pr. kwh produsert energi til Vestnes Bioenergi AS. I tillegg må vi rekne med et måleavvik på ca. 15 % og et varmetap på ca. 20 %. Dvs. at vi i praksis betaler kr. 1,01 pr. kwh. Til samanlikning var strømprisen i juni ca. kr. 0,40 pr. kwh, inkl. nettleige. Dette gir en differanse i vår disfavør på ca. 61 øre/kwh. Den energimengda som ein reknar med går til de 10 byggja som ein ønskjer å konvertere til andre energikjelder er ca. 1 450 000 kwh/år. Ei innsparing i energiprisen på 61 øre/kwh utgjer då kr. 884 500,- pr. år. Dette er berre på spart energikostnad. I tillegg kan ein legge på ytterlegare 5 10 % for spart energiforbruk. Ei anna problemstilling som nyleg dukka opp igjen, er reserveløysingar for å sikre oppvarming av byggja ved mogleg brott på røyr til fjernvarmen. Kariplassen er for ein kort periode utan fjernvarme pga. utbetring av lekkasje. Viss dette hadde skjedd midt på vinteren, kunne det har vore krise for dei som bur der. Administrasjonssjefen vil seinare kome med ei oversikt over sårbare bygg, og kva tiltak ein bør sette inn for å sikre oppvarming av byggja ved mogleg framtidige brott på røyr eller anna bortfall av fjernvarme. Det kan ta tid før Vestnes kommune finn ut korleis ein vil nytte Myraområdet på best mogleg måte. Når det gjeld flytting av Vestnes Bioenergi AS sitt anlegg, er det opplyst at eit nytt anlegg med elkjel er meir mobilt enn det ein har i dag. Det betyr at ein ved eit seinare høve kan flytte anlegget utan alt for store kostnader. Administrasjonssjefen rår difor til at ei mogleg flytting er noko ein kan utsette til seinare i t.d. ein planprosess. Det som er avgjerande no er at Vestnes Bioenergi AS og Vestnes kommune kan komme i gang med dei utskiftingane som er nødvendige.
Som nemnt over, blei det i sak KST 77/2013, møte 12.12.2013 vedteke å kome attende til drift og eigedomsforhold for biobrenselanlegget, når fusjonsprosessen for Nordvestnett var ferdig. I sak 33/2015 foreslo administrasjonssjefen å sette ned eit ad hoc utval for å vurdere både framtidig drift og eigarskap. Det vart ikkje votert over dette då saka vart utsett. Dersom kommunestyret held fast på vedtaket av 12.12.2013 om å utgreie framtidig eigarskap, bør administrasjonssjefen eksplisitt bli beden om, innan ein tidsfrist, å utgreie sak om dette. Særutskrift til: Vestnes Bioenergi AS Vedlegg: 1 Rapport - Vudering av nytt varmeanlegg 2 Rapport angående effekt og energiforsyning av kommunale bygg Myra