Sveio kommune Postboks 40 5559 SVEIO Vår dato: 20.10.2008 Vår referanse: 200828920-/366.10 Dykkar dato: Dykkar referanse: Vedlegg: Kopi til: Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 BERGEN Postadresse: Postboks 8140 Dep. NO-0033 Oslo, Norway Besøksadresse: Stortingsgt. 28 Telefon: +47 24 13 10 00 Telefaks: +47 24 13 10 05 E-post: postmottak@slf.dep.no Internett: www.slf.dep.no Org.nr: NO 981 544 315 MVA Bankkonto: 7694 05 02280 Kommunedelplan for Sveio sentrum. Motsegn Statens landbruksforvaltning (SLF) har den 09.10.08 motteke e-post frå Fylkesmannen i Hordaland med utskrift frå fylkeslandbruksstyret sitt møte 08.10.08. Fylkeslandbruksstyret handsama her framlegg til kommunedelplan for Sveio sentrum i Sveio kommune. Fylkesmannen hadde innstilt på motsegn til planforslaget sitt hovudalternativ H, og føreslo å knyte motsegn til alternativ KB dersom ikkje alle gardstuna vart liggjande inne som LNFområde. Fylkeslandbruksstyret avviste innstillinga med 5 mot 2 stemmer, og vedtok i staden å rå til at alternativ H vart lagt til grunn for kommunedelplanen for Sveio sentrum. SLF har den 15.10.08 også motteke oversending frå Fylkesmannen i Hordaland med sakspapir og tegningshefte med kartmateriale frå Sveio kommune. Landbruks- og matdepartementet gav i brev av 28.03.06 Statens landbruksforvaltning mynde til å fremja motsegn i dei saker der fylkesmannen innstiller på motsegn mot kommunale arealplanar, og fylkeslandbruksstyret ikkje fylgjer opp fylkesmannen si innstilling. Planforslaget og kommunen si handsaming Framlegg til kommunedelplan for Sveio sentrumsområde låg ute til offentlig høyring til 25. august 2008. Kommunen hadde som grunnlag for planframlegget fått utarbeidd ei konsekvensutgreiing frå Norconsult, dagsett 28.05.08. Denne utgreiinga vurderte tre alternativ for utbygging av Sveio sentrum; 0-alternativet - Sentrumsplanen for Sveio sentrum vert oppretthalde. Det er ikkje tillete med nye byggeområde eller andre vesentlege endringar i form av byte av planformål eller vesentlig auka utnytting. Det vert rekna med ei utvikling i området innafor planen som er vedtatt, evt. andre godkjente planer utanfor dette området.
Statens landbruksforvaltning Side: 2 av 5 Hovedalternativet H - Basert på et ein trong for 240 til 300 bustader i et 12-15 års perspektiv, og med 1 bustad pr. daa bruttoareal. Landbruksområda går ut av planen og vert erstatta av utbyggings-, frilufts- og friområde. Alternativ konsentrert utbygging KB - Basert på ein utnyttingsgrad på 1,5 bustader pr. daa. Ein del av landbruksområda går ut av planen og vert erstatta av utbyggings-, frilufts- og friområde, mens dei beste landbruksområda vert bevart til landbruk. Målet med kommunedelplanen er å legge til rette for meir utbyggingsområde innanfor planen, og sikra og byggja vidare på Sveio sentrum sine særtrekk og identitet. Målsettinga gjeld alle typar utbyggingsformål, men trongen for bustadområde er det som er størst. Sveio kommune har lagt hovudalternativet (alternativ H) til grunn for kommunedelplan for Sveio sentrum. Fylkesmannen og fylkeslandbruksstyret I Fylkesmannen si uttale til planframlegget minna landbruksdirektøren om kommunane sitt ansvar for å passe på at dyrka og dyrkbar mark ikkje vert bygd ned. Fylkesmannen viste til at fleire regjeringar har vedteke å føre ein meir aktiv jordvernpolitikk, seinast gjennom St.meld. nr. 26 (2006 2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Det er eit nasjonalt mål å halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane innan 2010. Fylkesmannen påpeikte at begge alternativa får store følgjer for landbruksdrifta innanfor planområdet. Alternativ H omfattar regulering av 376 daa landbruksareal, av dette 121 daa fulldyrka jord og 75 daa overflatedyrka jord og innmarksbeite. Alternativ KB omfattar regulering av 224 daa landbruksareal, av dette 24 daa fulldyrka jord og 63 daa overflatedyrka jord og innmarksbeite. Landbruksdirektøren uttrykte forståing for at det i Sveio sentrum er trong for auka areal til offentleg og privat utbygging og ny infrastruktur. Samtidig har han påpeikt nokre viktige prinsipp, som t.d. at det må planleggast for ein høg utnyttingsgrad når jordbruksareal skal byggast ned i sentrumsnære område, og at det må være ein føresetnad at verdifullt jordbruksareal i tilgrensa område vert beskytta mot nedbygging. Landbruksdirektøren viste også til pågåande dialog med Sveio kommune om kjerneområdekartlegging, og ba om at dette arbeidet forserast. Landbruksdirektøren tilrådde sterkt ei konsentrert utbygging av bustader innan heile planområdet. Han henstilte om at det ikkje leggast opp til nye felt med einebustader, og at i eksisterende boligfelt må vidare utbygging skje i form av fortetting eller konsentrert utbygging. Landbruksdirektøren tok også opp at våningshus og driftsbygningar på landbrukseigedomar er å sjå på som ein del av driftsapparatet på eigedomen, og må ligge som LNF-område uavhengig av om det er drift på eigedomane eller ikkje. Det er kommunen sitt ansvar å sjå til
Statens landbruksforvaltning Side: 3 av 5 at ingen gardstun er utlagt som eksisterande byggeområde eller som nye byggeområde. I reguleringsplanprosessen må gardstun regulerast til føremål landbruk. Til alternativ KB tok landbruksdirektøren opp at føresegnene ikkje seier noko om konsekvensen av konsentrert utbygging. Han meinte at føresegnene som gjeld alternativ KB er for vage når det gjeld konsentrert utbygging i Sveio sentrum sett i høve til jordvern. Landbruksdirektøren si oppfatning var at alternativ H framstår som svært uheldig for landbruket, og at alternativ KB utgjer ei mindre omfattande nedbygging av landbruksareal og kulturlandskap. Hovudargumenta for å rå i frå alternativ H er dei negative konsekvensane for jordvern, aktiv landbruksdrift, og oppretthalding av kulturlandskapet. Etter ei samla vurdering fann landbruksdirektøren at hovudalternativet ikkje kan vera tilrådeleg så lenge det eksisterar eit anna alternativ der dei samla konsekvensane vert mindre. Landbruksdirektøren rådde fylkeslandbruksstyret til følgjande uttale: 1. Fylkeslandbruksstyret viser til landbruksdirektøren si fråsegn og sluttar seg til denne. 2. På bakgrunn av jordvernet og kulturlandskapsverdiar knyter fylkeslandbruksstyret motsegn til at alternativ H vert lagt til grunn for kommunedelplan for Sveio sentrum. 3. Alle gardstuna i kommunedelplanområdet i alternativ KB må ligge inne som LNFområde. Fylkeslandbruksstyret knyter motsegn til dette punktet. 4. Føresegner knytt til LNF-område, (dette gjeld kun alternativ KB) må klargjerast i høve til jordvern. Fylkeslandbruksstyret forutset at dette vert innarbeidd i føresegnene for alternativ KB. Handsaming i fylkeslandbruksstyret: Havnerås (H), Tyssebotn, Fosse (Frp) og Veland (Krf) la fram nytt felles framlegg til uttale: 1. Fylkeslandbruksstyret viser til landbruksdirektøren si fråsegn. 2. Med bakgrunn i at det er viktig for Sveio kommune at sentrum får utvikla seg vidare der det er plass både for offentleg- og privat utbygging og næringsutvikling, vil fylkeslandbruksstyret rå til at alternativ H vert lagt til grunn for kommunedelplan for Sveio sentrum. 3. Fylkeslandbruksstyret vil be Sveio kommune forsere arbeidet med landbruksplanen for å sikre kjerneområde for landbruk i kommunen. Avrøysting gav 5 røyster (Havnerås, Tyssebotn, Fosse, Veland, Valle) til felles framlegg og 2 røyster (Ljone, Hellestveit) til landbruksdirektøren sitt framlegg. Statens landbruksforvaltning si vurdering Statens landbruksforvaltning viser til dei ovanfor nemnde faglege vurderingane i saksframlegget frå Fylkesmannen sin landbruksdirektør, og understøtter desse. SLF minner også om brev dagsett 21.02.06 frå Miljøvernministeren og Landbruks- og matministeren til m.a. kommunane og fylkeslandbruksstyra der kommunane sitt ansvar for å sjå til at jorda og kulturlandskapet takast omsyn til i den kommunale planlegginga vert omtala. Også i St.prp.nr. 1 (2008-2009) for Landbruks- og matdepartementet vert denne politikken
Statens landbruksforvaltning Side: 4 av 5 understreka. SLF vil i samsvar med Fylkesmannen påpeike kommunane sitt ansvar for å følge opp dei nasjonale jordvernmåla gjennom arealplanlegginga, og at dette må være ei overordna målsetting. Ifylgje konsekvensutgreiinga ligg landbruksområda i Sveio sentrum i beste klimasone, og vurderast å være godt eigna for matproduksjon. Det framgår at det er ca. 120 daa fulldyrka jord i Sveio sentrum som er regulert til landbruk, og at desse areala i dag nyttast til produksjon av gras. Hovudalternativ H for utbygging i sentrum inneber at alle områda som tidlegare er regulert til landbruksføremål leggast ut til byggeføremål og friområde, dvs. samla 376 daa landbruksområde, av dette 121 daa fulldyrka jord, 75 daa overflatedyrka, 118 daa skog og 63 daa andre område. Konsekvensutgreiinga syner at hovudalternativ H samla sett vil gje stor negativ konsekvens for landbruk. Om alternativet konsentrert bebyggelse, KB, seier utgreiinga at dei sentrale og mest verdifulle attverande landbruksareala fortsett å ha LNF-status, inklusive alle areala som er vurdert å ha svært høg eller meget høg verdi. Om lag all fulldyrka lettbrukt jord sparast. Bygginga konsentrerast i det som for ein stor del er høgareliggande område, bratte parti og mindre teigar vest i planområdet og sør for Mannaberget. Samla omdisponerast 224 daa landbruksområde, av dette 24 daa fulldurka jord, 63 daa overflatedyrka, 88 daa skog og 50 daa andre område. Dei 24 daa fulldyrka jord som omdisponerast er mindre lettbrukt jord. Utgriinga syner at alternativ konsentrert bebyggelse KB samla sett har liten til middels negativ konsekvens for landbruk. Statens landbruksforvaltning ser at kommunen har trong for å utvikle sentrumsområdet i Sveio. Det er likevel vanskeleg å sjå av det tilsende materialet kva for vurderingar som ligg bak kommunen sitt val av alternativ H framfor alternativ KB. SLF vil understreke at omsynet til viktige jordressursar og kulturlandskap må leggast inn som ein premiss i planlegginga. Dersom omsynet til desse verdiane må vike, må det ligge grundige vurderingar bak, og ein må søkje å legge opp til ei konsentrert og høg arealutnytting, slik Fylkesmannen har påpeikt. Når konsekvensutgreiinga syner at alternativ H gjer store negative konsekvenser for jordressurser og kulturlandskap, medan det framgår at alternativ KB har langt mindre negative konsekvensar for desse omsyna, skal det sterke grunnar til å velje alternativ H. SLF kan ikkje sjå at det i denne saka er lagt fram tilstrekkeleg tungtvegande omsyn som tilseier at alternativ H med ei omfattande nedbygging av landbruksområdane kan forsvarast. Konsekvensutgreiinga dokumenterar derimot at alternativ KB vil løyse den trongen Sveio kommune har for nye utbyggingsområde. Ut frå omsynet til jordvern og kulturlandskap støttar SLF landbruksdirektøren si innstilling til fylkeslandbruksstyret om å reise motsegn mot at alternativ H vert lagt til grunn for planen, og at alle gardstuna i kommunedelplanområdet i alternativ KB må ligge inne som LNFområde. Statens landbruksforvaltning reiser etter dette motsegn mot at alternativ H vert lagt til grunn for kommunedelplan for Sveio sentrum. SLF reiser også motsegn mot alternativ KB dersom ikkje alle gardstuna i kommunedelplanområdet ligg inne som LNFområde.
Statens landbruksforvaltning Side: 5 av 5 Fylkesmannen i Hordaland får med dette fullmakt til å følgje opp saka i eventuell mekling med Sveio kommune, og i den vidare sakshandsaminga. Med helsing for Statens landbruksforvaltning Geir Grønningsæter seksjonssjef Frode Davidsen seniorrådgjevar