MØTEINNKALLING Høgskulestyret Møtedato: 24.02.2016 kl. 11:00 Møtestad: BK 287 Biblioteket Arkivsak: 15/00052 Forfall må meldast til utvalssekretæren snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed. SAKLISTE Saksnr Sakstittel Side Vedtakssaker 21/16 Godkjenning av innkalling og sakliste 2 22/16 Godkjenning av protokoll frå styremøte 2/2016 3 23/16 Vegen vidare i struktursak - februar 2016 4 1
desse krava. Men 16. februar skal NOKUT arrangere ein nasjonal konferanse med tema «Etablering av grunnskolelærerutdanninger på masternivå veien videre». Det vil bli laga eit lite notat med oppsummering av denne konferansen til styremøtet. Premissar for det vidare arbeidet Dei fleste profesjonsutdanningane våre skal dekke regionale behov. Men i strategiplanen har vi også desse nasjonale satsingsområda: Yrkesretta medieutdanning, nynorsk i utdanning, forsking og formidling og fleksible vidareutdanningstilbod. Medan medieutdanningane er merkevara på nasjonalt plan, er lærarutdanningane berebjelken i organisasjonen vår. Dei utgjer meir enn 40% av verksemda vår. Lærarutdanningane difor heilt avgjerande for studietilbodet ved HVO og for regionen. Det er to omsyn som må leggast mest vekt på i den vidare diskusjonen om val av samarbeidspartnarar, og det er lærarutdanningane og mediefaga. Lærarutdanningane fordi dei utgjer så stor del av HVO si verksemd at det blir ikkje mykje att av campustilbodet i Volda utan dei. I tillegg er det skapt (stor) uvisse om HVO kan makte å fylle krava til dei nye grunnskulelærarutdanningane. Medieutdanningane er viktige fordi dei i alle år har vore den nasjonale merkevara vår. Sjølv om HVO har det største mediefaglege miljøet i landet, er dei utsette no fordi søkninga nasjonalt har gått ned siste åra. Denne nedgangen blir no møtt med fleire offensive grep frå det samla mediemiljøet, men samarbeid med andre er likevel viktig, også med tanke på ei sterkare satsing på medieforsking. I ei samla vurdering må og omsynet til nynorskprofilen vår telje. Det er viktig for HVO å finne samarbeidspartnarar som kan støtte opp om utviklinga av høgskulens profil og satsingsområde. I tillegg er det vesentleg å ha samarbeidspartnarar som kan vere med på å styrke dei nye grunnskulelærarutdanningane. Sidan NTNU har vore nemnd som potensiell samarbeidspart, har eg gjort nokre vurderingar om tilhøvet til NTNU: Eg trur ikkje NTNU er aktuell som nær samarbeidspartnar/fusjon. Det er fleire grunnar til det. Då NTNU fusjonerte, inviterte dei med seg berre dei høgskulane som hadde interessante teknologimiljø. Høgskolen i Nord-Trøndelag fekk ikkje vere med i fusjonen fordi dei ikkje har slike fagmiljø. HVO har dei seinare åra orientert seg mest sørover når det gjeld formalisert samarbeid på dei fleste fagområda. Ikkje minst er det utvikla gode nettverk innafor fleire av profesjonsutdanningane og nynorsk. Mi vurdering er at NTNU ikkje ønskjer å ha med HVO i nokon fusjon med den fagporteføljen vi har. Her kan eg og vise til diskusjon om Molde skal gå i lag med NTNU. Rektor ved NTNU sin kommentar til det er: «..vi har ikke noen aktivitet på gang for å utvide vår institusjon nå». Dei har dessutan meir enn nok med å etablere den nye organisasjonen sin. Det er også seint å kome inn i ein organisasjon der dei fleste brikkene allereie er lagt. Eg trur også at HVO har meir å hente på samarbeid sørover. NTNU kan ikkje tilby noko som vi ikkje kan få med samarbeid på Vestlandet. Eg trur heller ikkje at eit formalisert samarbeid nordover har noko støtte i organisasjonen vår. Dette inntrykket vart styrka etter allmøtet 10 februar. Det var ingen der som tok til orde for eit formalisert samarbeid med NTNU. Alle snakka om ulike samarbeidsmodellar sørover. Mitt råd til styret er difor at vi ikkje går vidare med noko NTNU-spor. 2
Tre val Etter at Kunnskapsdepartementet vende tommelen ned for alliansemodellen, meiner eg vi står att med tre val UiB HVO avtale/partnarskap HiSF HVO fusjon (+ partnarskap med UiB?) Profesjonshøgskulen på Vestlandet UiB avtale/partnarskap Mediefag Norsk / nynorskforsking Lærarutdanning/deling av fagdidaktisk toppkompetanse Felles forskargrupper EVU og fjernundervisning Innanfor kvart av desse områda er det i ferd med å bli identifisert konkrete samarbeidsprosjekt i dialog mellom institusjonane. Døme på konkrete tiltak arbeid rundt språksamlingane som blir flytta frå Universitetet i Oslo til Bergen og Vestlandet. Her er det sett ned arbeidsgruppe. Det er også sett ned ei gruppe som skal arbeide fram ein felles søknad om senter for framifrå utdanning. Den gruppa skal også utforske samarbeid på det medieteknologiske området. Vi har også diskutert korleis vi kan styrke lærarutdanningane på HVO gjennom å dele fagdidaktisk kompetanse. Også andre fagområde som t.d. barnevern kan vere aktuelle. HiSF HVO - fusjon Det har lenge vore nære relasjonar mellom delar av fagmiljøa i Volda og Sogndal (sosialfag, lærarutdanningane, samfunnsfag). Begge høgskulane har ein studieportefølje med både profesjonsutdanningar (største delen) og fagstudium. Begge er lokaliserte i ruralt miljø, har ein klar nynorskprofil og er einingar med god regional forankring. Ein fusjon kan gi ei eining med regionalt avgjerdsmynde slik at ein unngår å bli styrt frå ein storby, kan tilby grunnskulelærarutdanningar med relativt mange fagval (truleg opp til 5?) og som kan ta godt vare på fagstudia. Det vil vere politisk vanskeleg å ikkje ha lærarutdanning mellom Bergen og Trondheim. Eininga bidrar ikkje til å styrke medieutdanningane våre. Det er difor viktig å avklare om ei slik eining kan få ein like god avtale med UiB som HVO er tilbydd. Sett frå HVO si side er det ikkje så mange ulemper knytt til ei slik eining. Profesjonshøgskulen på Vestlandet- fusjon Kan bli stor og synleg organisasjon som kan spele ein regional rolle og utvikle større fagmiljø. Høgskolen i Bergen (HiB) har doktorgrad innan lærarutdanning og vil mest truleg vere sjølvakkreditert på ny lærarutdanning. I den nye Profesjonshøgskulen kan det vere lettare å utvikle nye doktorgradar, og det kan byggast opp større administrative einingar til å støtte FoU og internasjonalisering. Men store geografiske avstandar fører til utfordringar knytt til kommunikasjon og samordning/samarbeid med fare for utvikling av negative byråkratiske strukturar. Universitetsambisjonen (som er eit uttalt mål frå HiB) vil krevje store kostnader til utvikling av master- og phd-program med påfølgande omprioritering av ressursar frå BAprogram til program på høgre nivå. Strategiske vurderingar 3
Trugsmålet for utviklinga av studieporteføljen ved HVO er størst når det gjeld dei nye grunnskulelærarutdanningane. Det kan god hende vi kan klare dei nye krava, men vi veit det ikkje, og det vil truleg gå ei tid før saka blir avklara. Vi bør difor allereie no ta aktive skritt for å sikre lærarutdanningane. Eg trur at alle tre vala skissert ovanfor kan gjere det. Eit vanskeleg spørsmål er om skal ta dette stegvis? T.d. å avklare først om det er realistisk å slå seg saman med HiSF. Då bør vi få svar på spørsmålet om ein fusjonert HVO/HiSF kan oppnå same type avtale/partnarskap med UiB som HBO har tilbod om. I så fall vil dette vere ei solid eining. Dersom vi ikkje lukkast med å til ein avtale med HiSF, skal då neste steg vere å forhandle med UiB om ein avtale som kan sikre lærarutdanningane, og sjølvsagt omfatte alle dei andre fagområda. Alternativt kan ein tenkje seg at vi køyrer fleire løp parallelt der også Profesjonshøgskulen er med. Etter møtet vi hadde med leiinga på HiSF 11. februar, sit eg att med det inntrykket at det ikkje er realistisk å få avklara om ein fusjon med HiSF er mogeleg før forhandlingane om Profesjonshøgskulen startar. Det er meir truleg at dersom forhandlingane om Profesjonshøgskulen ikkje fører fram, så kan det vere aktuelt for HiSF å velje mellom sjølvstende og fusjon med HVO. På møtet 11. februar vart vi samde om gjere framlegg om eit felles styreseminar 10. mars. Den dagen skal vi begge ha styremøte. HiSF-leiinga meinte at eit felles seminar før styremøta kan vere ein naturleg måte å følgje opp deira styrevedtak om sonderingar med HVO. Mogelege forhandlingar om Profesjonshøgskulen vil ikkje kome i gang før etter 10. mars. Etter styreseminaret 10. mars kan styret ta endeleg avgjerd i spørsmålet om vidare framdrift i saka. Men slik eg vurderer situasjon no, så ein tenkje seg at HVO parallelt fører forhandlingar med dei tre høgskulane på Vestlandet og med UiB. Når det gjeld UiB er nøkkelspørsmålet om eit slikt samarbeid/partnarskap kan bidra til å sikre dei nye grunnskulelærarutdanningane. Forhandlingane med UiB kan også inkludere spørsmålet om ein mogeleg fusjon på sikt. Når det gjeld Profesjonshøgskulen er mi vurdering at sidan vi ikkje får noka avklaring på tilhøvet til HiSF før langt ut på våren, så kan det vere nyttig å delta i forhandlingane når dei tek til. Det er for seint å hoppe på når «toget er i fart». Men dette treng ikkje styret ta stilling til før etter vi har hatt felles styreseminar med HiSF. Eg vil presisere at deg ikkje har tatt stilling til om Profesjonshøgskulen kan vere ei god løysing for HVO. Det må forhandlingane gi svar på. 4
Tidlegare vedtak i struktursaka Vedtak 220814 Sak 48/2014 Endeleg vedtak Styret vedtek utkast til notat til dialogmøtet med KD 170914 med dei endringane som kom fram på møtet. I tillegg til rektor og direktør blir desse med på dialogmøtet: Siri Rygh Jerndahl, Sølvi Lillebø Remøy, Ann-Marit Sæbønes og Pål Hamre. Vedteke notat frå HVO til KD for dialogmøtet i Molde 17. september 2014: Med tilvising til oppdragsbrevet av 26. mai d.å. får De med dette ei kort oppsummering av status i arbeidet ved Høgskulen i Volda (HVO) og ønskje om kva strukturendringar vi gjerne vil diskutere. Status i strategiarbeidet Strategiplanen for HVO vart revidert i januar. Samstundes vart det initiert ein grundigare prosess for vidare arbeid med profil og strategi ikkje minst i lys av signala frå statsråden. I tillegg til ordinære møte i leiargrupper og avdelingsråd har vi hatt eigne strategiseminar med utvida leiarmøte (februar), avdelingsråda (mai) og styret (januar og juni). Vidare har vi hatt allmøte om saka 18. august og ekstra styremøte 22. august (for m.a. å vedta innhaldet i dette notatet). Ny strategi skal etter planen vedtakast på styremøte i oktober, og dei endelege innspela til struktur i sektoren vert tema for seminar og styremøte då. Sentrale spørsmål i drøftingane er både demografisk utvikling, faglege prioriteringar, vurdering av styrker og utfordringar, viktige samarbeidspartar og mogelege scenario for endra struktur i UH-sektoren. Den strategiske profilen fram mot 2020 kan førebels formulerast slik: HVO er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal med fagog profesjonsutdanningar på bachelor-, master- og PhD-nivå. Utover den regionale rolla skal høgskulen vere nasjonalt leiande på yrkesretta medieutdanning og nynorsk i utdanning, forsking og formidling. Strukturendringar til diskusjon Høgskulen i Volda er ein av fire høgskular på Nordvestlandet og har ei sterk forankring i regionen. Både historisk og i framtida er samspelet gjennom rekruttering, utvikling av studietilbod og kompetanseutvikling for både privat og offentleg sektor avgjerande for det framtidige høgskuletilbodet i regionen. Høgskulane i Møre og Romsdal har ved fleire høve diskutert behovet for nærare samarbeid til beste for både institusjonane og regionen. I 2011 blei det levert ei utgreiing om korleis dette samarbeidet kunne utviklast. Utgreiinga førte til etableringa av Mørealliansen, eit formalisert samarbeid mellom dei tre høgskulane. I samarbeidsavtalen er det formulert ein visjon for alliansen som legg vekt på at Nordvestlandet skal utviklast til ein sterk kunnskapsregion på område der regionen har særlege føresetnader og fortrin. Dette skal skje gjennom tettare samarbeid mellom institusjonane og i samspel med næringsliv, offentleg og frivillig sektor. Styret ser på vidareutvikling og ytterlegare formalisering av dette samarbeidet som grunnlag for utdanning og forsking på Nordvestlandet i nært samarbeid med regionale og internasjonale samfunnsaktørar. Styret meiner det er viktig at Høgskulen i Sogn og Fjordane er med i eit slikt samarbeid. Kombinasjonen av komplimentære og like fag vil styrke tilbodet i regionen og dermed leggje grunnlag for auka kvalitet på forskinga, både nasjonalt og internasjonalt. Styret ser på ein felles organisasjon mellom høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som ein styrke for andre samarbeid som t.d. UH-nett Vest og andre nasjonale og internasjonale forskings- og utdanningsmiljø.
Vedtak 291014 Sak 70/2014 Styret har merka seg at alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget i Volda primært ynskjer at HVO held fram som sjølvstendig institusjon. Dersom styresmaktene meiner (jf. oppdragsbrevet av 26.05.2014) at vi må inn i ei større eining, ser styret det som mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Enten HVO held fram som eigen institusjon, eller vert slått saman med andre høgskular på Nord-Vestlandet, vil styret prioritere følgjande som nasjonale satsingsområde for høgskulen: Yrkesretta medieutdanning Nynorsk i utdanning, forsking og formidling Fleksibel vidareutdanning Styret gir leiinga fullmakt til å ferdigstille svarbrevet til Kunnskapsdepartementet. Styret gir leiinga fullmakt til å ferdigstille strategiplanen. Vedtak 290115 Sak4/2015 Styret har drøfta struktursaka i lys av korleis debatten har utvikla seg gjennom vinteren. Vi står fast på vedtaket frå oktober der vi har gått inn for ein sterk høgskule på Nord- Vestlandet: Styret har merka seg at alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget i Volda primært ynskjer at HVO held fram som sjølvstendig institusjon. Dersom styresmaktene meiner (jf. oppdragsbrevet av 26.05.2014) at vi må inn i ei større eining, ser styret det som mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Enten HVO held fram som eigen institusjon, eller vert slått saman med andre høgskular på Nord-Vestlandet, vil styret prioritere følgjande som nasjonale satsingsområde for høgskulen: Yrkesretta medieutdanning Nynorsk i utdanning, forsking og formidling Fleksibel vidareutdanning I møte 19. desember og e-post 22. desember har departementet peikt på ny femårig lærarutdanning som ei særleg utfordring i åra som kjem. Høgskulen i Volda har allereie fleire relevante mastergrader, og vi byggjer kontinuerleg opp kompetanse for å vidareutvikle gode lærarutdanningar. I tråd med vedtaket frå oktober vil vi gjerne samarbeide med fagmiljøa i Sogn og Fjordane om dei framtidige lærarutdanningane mellom Bergen og Trondheim. Vi understrekar at vi er særleg opptekne av å halde oppe ei kvalitativ god lærarutdanning i tilknyting til sterke nynorskmiljø. I samband med utviklinga i struktursaka siste vekene er styret viljug til å sjå også på Høgskolen i Lillehammer som ein nær samarbeidspart framover. Det er ein skule som har mykje sams med HVO i fagportefølje og distriktsprofil. Leiinga ved HVO diskuterer gjerne konkrete løysingar vidare både med KD og med aktuelle samarbeidspartar. Drøftingssak 240915 Sak 66/2015 Styret ønskte ikkje å gjere noko vedtak i saka på møtet. Fleire opplever situasjonen som uoversiktleg. Difor er det fornuftig på det noverande stadiet i prosessen å gå breitt ut og greie ut fleire alternative løysingar: frå sjølvstende via alliansemodellar til fusjonar. Men styret signaliserte at om ein går inn i større einingar er det viktig/avgjerande å bevare mest mogleg autonomi lokalt. I den vidare diskusjonen på HVO må fagmiljøa koplast inn og utfordrast. Strukturdebatten blir sentralt tema på styreseminaret i oktober.
Vedtak 301014 Sak 762015 Høgskulen i Volda tek initiativ til at det straks vert oppretta ei gruppe samansett av representantar for Høgskolen i Molde, Høgskolen på Lillehammer og Høgskulen i Volda for å utarbeide ei nærare beskriving av alliansemodellen som kan leggast fram for Kunnskapsdepartementet. Gruppa skal gjere greie for korleis modellen kan imøtekomme: Eigne og nasjonale kvalitetskriterium Dei nasjonale verknadene Styring og organisering Arbeidsdeling og konsentrasjon (fagleg og administrativt) ROS-analyse Høgskulen i Sogn og Fjordane vert invitert med som alliansepartnar og til å delta i utgreiinga ovanfor. Rektoratet får fullmakt til å starte drøftingar med utgangspunkt i invitasjonen frå Universitet i Bergen. Vedtak 101215 Sak 87/2015 Styret tar orienteringa om status i struktursaka til orientering, og ber leiinga vere særleg merksam på kvalitetskrava i det vidare arbeidet. Vedtak 070116 Sak 1/2016 Styret ved Høgskulen i Volda godkjenner det felles alliansedokumentet frå Høgskolen i Lillehammer, Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda som grunnlag for vidare arbeid. Styret ved Høgskulen i Volda tek til orientering den førebelse vurderinga av mulege alternativ til alliansemodellen slik det er formulert i notatet Vurdering av allianse og alternativ. Styret ber administrasjonen ta med synspunkta som kom fram i styremøtet i det vidare arbeidet. Styret ber om at saka vert teken opp att på nytt etter møtet med Kunnskapsdepartementet 14. januar 2016. Vedtak 280116 Sak 4/2016 Styret tar det framlagte dokument frå administrasjonen til etterretning, og ber om at arbeidet med alliansemodellen held fram. Styret konstaterer at strukturprosessen stadig bringer nye moment inn i debatten, og ber administrasjonen fortløpande oppgradere det framlagte dokumentet i forhold til dette - og dei måla styret har formidla i møtet.