Foto: Bo Mathisen Kursguide til Modul 3: VOKS -vidare opplæring i kommunikasjon og samhandling- Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane Loen 19.01 21.01.11 Grunnskulering for nye tillitsvalde Modul 3 VOKS Plan for tillitsvaldopplæringa i Utdanningsforbundet www.utdanningsforbundet.no
Innhald 1. Velkommen til kurs... 3 2. Oversikt over kurset...4 3. Program for kurset... 6 4. Førebuing til kurset... 7 5. Kurshaldarane...7 6. Praktisk informasjon... 7 side 2
1. Velkommen til kurs Modulen heiter VOKS som betyr Vidare opplæring i kommunikasjon og samhandling. I Modul 1 Lokal introduksjon var fokuset på grunnleggande opplæring om lokallaget og kva vervet som arbeidsplasstillitsvald går ut på. I Modul 2 Kurs i avtaleforståing lærte du meir om viktige deler av aktuelt lov- og avtaleverk innafor ditt tariffområde, og korleis denne kunnskapen praktisk kan brukast. I Modul 3 VOKS er målet å gi deg kompetanse i kommunikasjon og samhandling med medlemmer, arbeidsgivar og til ein viss grad media. I tillegg skal du få skulering i konflikthandtering. Nedanfor ser du modellen for grunnskuleringa av nye tillitsvalde i Utdanningsforbundet Modul 1: Lokal Introduksjon Modul 2: Kurs i avtaleforståing Modul 3: VOKS -vidare opplæring i kommunikasjon og samhandling Lokal oppfølging Modul 4: Utvalde tema (normalt etter 1 år) (rett etter val vår) (år 1 tidleg haust) (år 1 vinter) Dei to første trinna i opplæringa dreier seg i stor grad om konkret sakkunnskap til ulike tema. Eit av hovudmåla i Modul 3 er at du som tillitsvald skal få kunnskap om korleis denne kompetansen kan brukast i vervet du er vald inn i. Her er det mange faktorar som spelar inn, vi nemner to av dei: Ein handlingskompetanse som går ut på å bruke kunnskapen i det daglege arbeidet i forhold til: medlemmene, arbeidsgivar og til ein viss grad også media. Refleksjon om tillitsvaldrolla og seg sjølv i den rolla, ei rolle som langt frå er eintydig definert. Mål Utdanningsforbundet har to overordna mål med dette kurset: Den tillitsvalde skal få ein grunnleggande kompetanse i kommunikasjon og samhandling på spesifikke arenaer: i møte med medlemmer, i møte med arbeidsgivar, i møte med media og i handtering av konfliktsituasjonar på ein arbeidsplass. Den tillitsvalde skal utvikle sin refleksjon om tillitsvaldrolla: i forhold til eit historisk perspektiv, til forbundet sitt verdigrunnlag og til endra kultur og dynamikk i skule/barnehage og arbeidsliv generelt. side 3
2. Oversikt over kurset Kurset er bygd opp med fem hovudelement, som vert behandla som separate modular. Kvart hovudelement består av fleire aktivitetar som heng saman. Utdanningsforbundet som fagforeining og profesjonsorganisasjon Dialogbasert førelesing PP - presentasjonen legg opp til tett kontakt med deltakarane undervegs. Veksling mellom rein førelesing og oppgåver som skal diskuterast på gruppene. Vite kva det betyr å tilhøyre ein profesjon Ha fått trening i å argumentere ut frå ein profesjonstankegang Ha reflektert over kva konsekvensar dette har for tillitsvaldrolla Erfaringsdeling 1. Individuell førebuing Eigne erfaringar som tillitsvald. Notere stikkord. 2. Erfaringsdeling Deltakarane deler erfaringar i små grupper. 3. Utveksling mellom gruppene Innspel/oppsummering frå smågruppene. Ha auka medvitet sitt om seg sjølv i rollen som tillitsvald Ha styrka evna si til å handtere ulike situasjonar som tillitsvalde vil komme opp i side 4
Møte med arbeidsgivar 1. Førelesing Førelesing i tema Møte med arbeidsgivar 1. Innleiing til rollespel Demonstrasjon, oppvarming, organisering, førebuing 2. Rollespel Gjennomføring og oppsummering Kjenne til ulike perspektiv på forholdet mellom arbeidsgivar/leiar og tillitsvald Kunne kommunisere semje og usemje i møte med arbeidsgivar Ha fått utvikla evna til dialog som grunnlag for kommunikasjon med arbeidsgivar Kjenne til og ha reflektert over forhold som påverkar prosessen i eit medråderettsmøte Konflikthandtering 1. Vising av historia Konflikt: Gunnar Digital historieforteljing 2. Førelesing Kva kjenneteiknar konfliktsituasjonar? Forbundet sitt policydokument. 3. Gruppearbeid Med utgangspunkt i problemstillingar rundt konfliktsituasjonar Kjenne til kva som startar og utviklar ein konflikt Kunne identifisere muligheiter for løysing av konfliktar på ulike stadium Kjenne forbundet sitt policydokument for konflikthandtering Informasjonsarbeid 1. Førelesing Oversikt over informasjonsarbeid til medlemmene 2. Gruppediskusjon Korleis drive informasjonsarbeidet i klubben 3. Erfaringsutveksling Med utg.punkt i oppslagg/innlegg og lokalaviser. Gruppevis. Kjenne forbundet sin kommunikasjonsstrategi. Ha reflektert over rolla som formidlar av forbundet sin politikk til eigne medlemmer og omverda, inkludert media. Vere medviten på klubbtillitsvald sin rolle som formidlar av medlemmene sine erfaringar og synspunkt oppover i organisasjonen. Kjenne til korleis tillitsvalde kan bruke media til eigne føremål. side 5
3. Program for kurset Onsdag 19.01.11 12.00 13.00 Lunsj /Registrering 13.00 13.50 Opning 13.00 13.10 Op n ing 13.10 13.50 St reif b likk i h ist o ria 13.50 15.30 Utdanningsforbundet som fagforeining og profesjonsorganisasjon 13.50 15.30 Førelesing m ed d ialo g 15.30 16.00 Kaffistund 16.00 18.00 Erfaringsdeling 16.00 17.00 Erf arin gsd eling i grup p er. Delt akaran e d eler erf arin gar i grup p er 17.00 17.45 Erf arin gsd eling m ello m grup p er. Op p sum m erin g 17.45 18.00 Op p sum m erin g / avslut n in g 20.00 Middag Torsdag 20.01.11 09.00 12.00 Møte med arbeidsgivar 12.00 13.00 Lunsj 09.00 10.00 Førelesing 10.00 10.45 In nleiin g og f øreb uin g t il ro llesp el 10.45 12.00 Ro llesp el gjen n o m f ørin g og o pp sum m erin g 13.00 16.30 Konflikthandtering 13.00 14.45 Førelesing. Teo ri o m kva so m kjenn et eikn ar kon f likt sit uasjo n ar. Fo rb un d et sit t p o licyd o kum en t. 14.45 15.00 Beinstrekk 16.30 17.00 Kaffistund 15.00 15.15 Presen t asjo n av h ist o rief o rt eljin ga Ko n f likt : Gun nar 15.15 16.00 Grup p earb eid m ed ut gan gsp un kt i Ko n f likt : Gunn ar 16.00 16.30 Op p sum m erin g, d iskusjo n, sp ørsm ål, avklarin gar 17.00 18.00 Arbeid i medlemsgrupper, aktuelle tema. 20.00 Middag Fredag 21.01.11 09.00 11.30 Informasjonsarbeid 09.00 09.30 Førelesing: in f o rm asjo n sarb eid t il m ed lem m ene 09.30 10.15 Grup p ed iskusjo n ar o m inf o rm asjon sarb eid et i klub b en 10.15 11.00 Erf arin gsd eling i grup p er m ed ut gan gsp un kt i m ed ieo p p slag 11.00 11.30 Plenum. Op p sum m erin g av d iskusjo n ar o g erf arin gsut vekslin g 11.30 12.00 Utsjekking / kaffistund 12.00 13.15 Aktuelt 13.15 14.00 Avslutning Sp ørsm ål f rå d elt akaran e, kursevaluerin g, avrun d in g 14.00 Lunsj / heimreise side 6
4. Førebuing til kurset Ei viktig førebuing til kurset er å ta med deg dine eigne opplevingar frå den første tida som tillitsvald. Noter gjerne ned nokre stikkord som du tek med deg på samlinga. Då blir det lettare å hugse. (Synest du at det er vanskeleg å komme på noko, kan du gjerne ta utgangspunkt i medråderettsmøte med arbeidsgivar.) I god tid før du kjem på kurset skal du og gå inn på dei fire netthistoriene som er spesiallaga for nettopp denne mellomperioden. Du finn ei lenke til historiene på startsida til nettrommet for deltakare på kurset Modul 2: Kurs i avtaleforståing. Nettrommet til kurs i avtaleforståing: http://fronter.com/utdanningsforbundet Brukarnamn: Modul2 (utan mellomrom) Passord: Avtale Ha oppe historiene i eit eige vindauge på skjermen medan du går inn på Eg meiner... i nettrommet og svarar på spørsmåla, gjerne med utfyllande kommentarar. Merk at det er ei refleksjonsoppgåve som du ikkje skal svare på der, men notere stikkord til som du tek med på VOKS - kurset. Spørjeundersøkinga er anonym. Vi skal bruke svar og kommentarar frå dykk i diskusjonar i økta: Utdanningsforbundet som fagforeining og profesjonsorganisasjon. 5. Kurshaldarane På dette kurset vil fylkesstyret samt nokre erfarne tillitsvalde frå lokallaga vere kurshaldarar / hjelparar. Desse vert nærare presenterte på kurset. 6. Praktisk informasjon Nokre praktiske opplysningar: Kursstad: Kursstad er hotell Alexandra, Loen. Reise: Lokallagsleiar syter for samkøyring. Permisjon: Permisjonssøknad ligg ved. Meld frå til lokallagsleiar om det er spørsmål. Kontaktpersonar: Connie Hamre, connie.hamre@udf.no tlf: 23138655 / 97565206 eller Bente Hatlem, bente.hatlem@udf.no tlf. 23138650. Vel møtt til kurs! side 7
www.utdanningsforbundet.no side 8