Fag Fordyping Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet

Like dokumenter
Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

N OU 2016: 14 Høyring - Meir å hente. Betre læring for elevar med stort læringspotensial

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

Fag og fornying sentrale begrep. Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting. fagfornying

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 037/17 Levekårsutvalet PS /17 Råd for menneske med nedsett funksjonsevne PS

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Profesjonsutvikling i styringsdokument. Unni Fuglestad (Lesesenteret) og Anne Borgersen(Udir)

1S<##> Fornying av Kunnskapsløftet

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

N OU 2016: 7 Høyring Karriereveiledningsutvalgets sluttrapport

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk)

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Høyring NOU 2015:8 Fremtidens skole - Fornyelse av fag og kompetanser

Høyring om ny overordna del av læreplanverket

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Tittel: Høyring - Forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringa

Rettleiing i forkant av FNT

Fagfornyelse i skolen Eli-Karin Flagtvedt

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Fornying av Kunnskapsløftet. Molde Einar Ove Standal

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Friskolers læreplaner og fagfornyelsen Ragnhild Falch og Trude Rime, Utdanningsdirektoratet

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Fornyelse av læreplanene - Bærekraftig utvikling i læreplanene Ellen Marie Bech, Utdanningsdirektoratet

Eigenvurdering av regelverksetterleving Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon

Søknad om forsøk med nytt valfritt programfag innan studiespesialiserande utdanningsprogram - Klima og miljøfag

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017

Påstandar i ståstedanalysen for skoler (nynorsk)

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Skolelederkonferansen 2017 Sogn og Fjordane. Erik Bolstad Pettersen, konst direktør Utdanningsdirektoratet

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

3. samling for ressurspersonar Pulje 3 Dag oktober 2012

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Fagfornyelsen sett frå Fagleg råd for helse- og oppvekstfag

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Fagfornyelse utvikling av læreplanene

IKT-strategi. for opplæringssektoren

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering. Molde 1. februar 2017

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Fagfornyelsen og nye læreplaner på yrkesfag

Fagfornyelsen og nye læreplaner på yrkesfag

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

Pedagogisk plattform

Fagfornyelsen. Skolelederdagen 14. september 2018 Status i arbeidet med fagfornyelsen. Tone B. Mittet, prosjektleder Udir

Barnehage og skole. Utdanningsdirektør Dag Løken

Læreplan i mat og helse

Utviklingsplan

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fag- Fordypning- Forståelse En fornyelse av Kunnskapsløftet

Fagfornyelsen og nye læreplaner på yrkesfag

Rådgjevarkonferansen november

Møte i Bergen kommune 10. mai Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage

KUNNSKAPSLØFTET. reforma i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Fremtidens skole Fornyelse av fag og kompetanser i norsk skole. Gøteborg 21. november Hege Nilssen Direktør, Utdanningsdirektoratet

Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Fornyelse av fagene i skolen - Hva skjer i fornyelsen av Kunnskapsløftet og hva er status i arbeidet? -- Hvordan vil dette være relevant for PPT?

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Strategi for fagfornyelsen

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø

Fag Fordypning Forståelse En fornyelse av Kunnskapsløftet Eli-Karin Flagtvedt Utdanningsdirektoratet

RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE

Vurdering i Prosjekt til fordjuping

Læreplan i kroppsøving

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet

Fagfornyelsen skolen i digital utvikling Innledning Hege Nilssen 9. november 2018

Fagfornyelsen. Lied utvalget 18. april Tone B. Mittet, prosjektleder for fagfornyelsen

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Korleis kan fagfornyinga forandre tanken vår om læring? INGVILD VIKINGSEN SKOGESTAD, KNAPPSKOG SKULE

Informasjon om Sør-Fron ungdomsskule. Skuleåret

Transkript:

Side 1 av 5 Opplæringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kenth Rune T. Måren E - post: kenth.rune.maren@sfj.no Tlf. : 41530971 Vår ref. Sak nr.: 16 / 4068-1 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 15648 / 16 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 04.05.2016 Til: Hovudutvalet for opplæring Frå: Fylkesdirektøren for opplæring Fag Fordyping Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet I juni 2013 vart det sett ned eit utval som skulle vurdere grunnopplæringa sine fag opp mot krav til kompetanse i et framtidig samfunns - og arbeidsliv. Utvalet leverte innstilling si, NOU 2015: 8 Fremtidens skole 15. juni 2015. NOU 2015: 8 Fremtidens skole vart sendt ut på ei brei høyring og hovudutval for opplæring handsama høyringssvar et i sak 24/2015. Regjeringa legg no fram ei melding for Stortinget om Fag Fordyping Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet ( melding til Stortinget 28. 2015-2016) I meldinga ver t det gjort framlegg om å fornye innhaldet i grunnopplæringa innafor rammene av Kunnskapsløftet. Kunnskapsløftet skal fornyast for å forbetrast gjennom grunnskulen sine fag og gjennomgåande fag i vidaregåande opplæring. Prinsippa som vert lagt til grunn fo r fagfornyinga vil også på sikt gjelde dei resterande faga i vidaregåande opplæring. Meldinga peikar på at d en pågåande gjennomgangen av tilbodsstrukturen i fag - og yrkesopplæringa vil kunne føre til ei endring i programområde og fag. Ei eventuell fornyi ng av læreplanar innan yrkesfaglege utdanningsprogram vil først skje når ny tilbodsstruktur er fastsett. Bakgrunn Det har gått ti år sidan innføringa av Kunnskapsløftet, og samfunnet har og vil endre seg. Dette gjer at opplæringa si rolle for arbeids - og samfunnsliv krev ei jamleg vurdering og tilpassing, slik at innhaldet i læreplanane gir eit godt grunnlag for å mø te endringar i framtida. Meldinga Fag Fordyping Forståelse peikar mellom anna på at dagens læreplanverk manglar konsistens, har store og utydelege kompetansemål og for dåleg samanheng mellom dei ulike delane i læreplanverket. Meldinga si målsetting er å fornye læreplanverket, slik at det i heilskap skal gi tydelegare retning for arbeidet i skulen. Samanhengen mellom føremål og innhald skal bli tydelegere, og skulen sitt ansvar for ei heilskapleg opplæring skal ytterlegare konkretiserast. Ei fornyi ng av Kunnskapsløftet Læreplanverket er det sentrale verkemiddelet for nasjonal styring av innhaldet i opplæringa og skildrar kva kompetanse elevane skal utvikle. Følgjande fire element inngår i læreplanverket i Kunnskapsløftet: Generell del Prinsipp for opplæringa Læreplaner i fag Fag og timefordelinga Besøk s adresse : Postadresse : E - post: post@sfj.no Fylkeshuset Askedalen 2 Heimeside: 6863 LEIKANGER www.sfj.no Telefon: 57638000 Bankgiro: 4212 02 02000 Org.nr : NO 941 388 841 MVA

Side 2 av 5 Læreplanen sin generelle del og prinsipp for opplæringa. Føremålsparagrafen i opplæringslova formulerer verdiane som opplæringa skal realisere. Generell del av læreplanverket utdjupar føremålsparagrafen og skildrar dei mange ulike rollene som skulen fyller i samfunnet. Generell del gir overordna mål for opplæringa og er grunnlaget for skulen sitt menneskesyn og syn på læring. Prinsipp for opplæringa er brua mellom generell del og læreplanar for fag. Prinsippa omtalar mellom anna sosial og kulturell kompetanse, motivasjon for læring og læringsstrategiar, elevmedverknad, tilpassa opplæring og samarbeid med heimen. Evalueringar og analyser viser at samanhengen mellom dei ulike delane av læreplanverket er mangelfull, og at gjeldande generell del og læreplanane for faga ikkje reflekterer formålsparagrafen på ein systematisk måte. På bakgrunn av desse vurderingane tilrår kunnskapsdepartementet: - å vidareføre funks jonen som Generell del har til å medverke til at den einskilde læreplan med kompetansemål speglar det store samfunnsoppdraget føremålet skildrar. - at dagens generelle del ikkje reflekterer føremålsparagrafen på ein systematisk måte og vil fornye den generel le delen for å skape betre samanheng i læreplanverket. Dette skal medverke til eit meir heilskapleg læreplanverk som er oppdatert og aktualisert for dagens og framtidas samfunn. - at Prinsipp for opplæringa blir innarbeidd i Generell del, slik at det vert ty delegare korleis måla kan bli konkretisert gjennom skulen sitt arbeid med det einskilde fag. Utkast til ny generell del blir sendt ut på høyring etter at denne meldinga er handsama av Stortinget. Læreplanar i fag. I meldinga er det godt dokumentert at det er trong for fornying av læreplanar i fag. Fagfornyinga skal gi gode skulefag med relevant innhald og syte for at elevene utviklar kompetanse gjennom djupnelæring og heilskapleg forståing i arbeidet med faga. Dagens læreplan er strukturert på følgjan de måte; føremål, hovudområder, grunnleggjande ferdigheiter, kompetansemål og reglar for sluttvurdering. Meldinga Fag Fordyping Forståelse meiner at læreplanane er for omfattande og inneheld mange element som kan tolkast i ulike retningar. Innhaldet i dagens fag er breitt, og gjer det utfordrande å få tid nok til å gå i djupna på det elevane skal lære. Dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, skriving, rekning munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter er rekna som viktige for fagleg læring, a llmenndanning og aktiv deltaking i arbeids - og samfunnsliv. Meldinga peikar på at desse i varierande grad blir utrykt og forstått i dag. På bakgrunn av desse vurderingane tilrår kunnskapsdepartementet at: - alle faga i grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring skal fornyas for å gi betre læring og forståing for elevane. Dei skal gi tydelegare retning for lærarane sine val av innhaldet i faga. - læreplanane i fag skal framleis ha føremål, hovudområde og kompetansemål for faget. Desse skal vidareutviklast og skildre elevane sitt forventa læringsutbytte etter avslutta opplæring på trinna. - det bør ligge til grunn ein definisjon av kompetanse før ein startar arbeidet med å utarbeide kompetansemål i faga. Denne må vere formulert slik at han passar like godt i alle fag på alle trinn. - fagfornyinga skal sikre tydelegare prioritering i læreplanan e ved å definere kva som er kjerneelement i faga. Med kjerneelement meiner kunnskapsdepartementet sentrale omgrep, metodar, tenkemåtar, kunnskapsområde og utrykksområde i faget. - fagspesifikk kompetanse er utgangspunktet for fornyinga i fag. Faget sin eig enart er avgjerande for korleis det einskilde fag eventuelt inkluderer fagovergripande kompetansar som å kunne lære, kommunisere, samhandle, utforske og skape.

Side 3 av 5 - fornyinga av fag skal det leggas vekt på god samanheng mellom fag. Tre tverrfaglige tema skal p rioriteras: demokrati og medborgarskap, bærekraftig utvikling og folkehelse og livsmestring. - dei grunnleggande ferdigheitene er minst like viktige no som da Kunnskapsløftet vart innført, men skal i større grad tilpassast faget på faget sine premissar der det er relevant. Læreplanane skal syne ein klar progresjonen i utviklinga, og det skal bli tydlegare kva fag som har ansvar for dei ulike sidene ved dei grunnleggande ferdigheitene. - læringsstrategiar og refleksjon over eige arbeid skal omtalast i læreplane n for fag i den grad det er relevant for kompetansen i faget. - det samtidig med at faga vert fornya skal utviklast ei rettleiing til læreplanverket som gir god støtte til lærarane si planlegging og gjennomføring av opplæringa. Desse tilrådingane meiner d epartementet vil gjere faga mindre omfattande, syne god samanheng mellom faga og gje tydlegare prioritering i faga. Vurdering Forskrift til opplæringslova definerer to ulike former for vurdering i fag, undervegsvurdering og sluttvurdering. Vurderinga ska l fremje læring, vere eit uttrykk for eleven sin kompetanse, og elevane skal gjennom vurdering få tilbakemelding og god rettleiing. Undervegsvurdering skal gi elevane tilbakemelding på kvaliteten på arbeidet deira og bidra til fagleg utvikling. Elevane si vurdering av eigne faglege prestasjonar er ein del av undervegsvurderinga, og undersøkingar viser at praksis varierer. Sluttvurdering, standpunktkarakter og eksamenskarakter, blir gjort når opplæringa i faget avsluttast. Det er vesentleg at lærarar og sensorar har relativt lik forståing av innhaldet i læreplanar for fag, kva som kjenneteiknar kompetansen kompetansemåla skildrar og kva ein kan forvente av elevane. Fylkesmannsembeta melder at det i dag er ulik forståing av samanhengen mellom kompetansem ål og undervegs - og sluttvurdering. Departementet er opptekne av at fagfornyinga skal medverke til å forenkle lærarane sitt vurderingsarbeid samtidig som elevane sitt behov for tydelege og læringsfremjande tilbakemeldingar blir ivareteke. Forsking vise r at det i større grad enn tidlegare blir drive læringsfremjande vurderingsarbeid, og departementet ynskjer å legge til rette for at det lokale utviklingsarbeidet fortset, og medverke til at vurderingspraksisen blir meir lik. På bakgrunn av desse vurde ringane tilrår kunnskapsdepartementet: - ein tydelegare progresjon i kompetansemål for fag, og mellom fag, og legge til rette for ei meir presis undervegsvurdering. Tydelege utgreiingar av progresjonen i læreplanar for fag og rettleiingar skal gi betre stø tte til lærarane sitt vurderingsarbeid. - at kvar einskild læreplan for fag skal inkludere ein fagspesifikk omtale av vurdering som vil vise korleis undervegsvurderinga skal vere læringsfremjande. - at det i utviklinga av nye læreplanar skal utviklast rettleiande kjenneteikn på måloppnåing for sluttvurdering for alle fag i grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring. Desse vil samtidig vere ei støtte for anna vurderingsarbeid i sku len. - at metakognisjon, refleksjon over eiga læring og evna til eigenvurdering skal henge tett saman, og at innhaldet i læreplanane i større grad medverkar til at elevane utviklar eit bevisst forhold til si eiga læring. - at det fagdidaktiske innhaldet i vidareutdanningstilboda i større grad legg vekt på elevvurdering. - at kunnskap om vurderings - og prøvesystem, og om elevane si læring, skal tydeleggjerast i rammeplanar for grunnskulelærarutdanningane. - å revidere og forenkle kapittel 3 i forskrift til opplæ ringslova i lys av dei endringane som bli gjort i læreplanverket.

Side 4 av 5 Prosess og framdrift av fornying av læreplanar I den nasjonale prosessen med fagfornying er det viktig med eit systematisk arbeid både på tvers av fag, og i kvart einskild fag. Departemente t vil legge opp til å fornye læreplanane i Kunnskapsløftet i nært samarbeid med fagmiljø og representantar for lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar. Etter at Stortinget har handsama denne meldinga vil kunnskapsdepartementet utarbeide ny Generell del av læ replanverket som skal utdjupe og konkretisere verdigrunnlaget i formålsparagrafen, samt skildre korleis skulen skal arbeide med dette i praksis. Ny Generell del vert sendt på høyring i løpet av 2016, blir fastsett i 2017og vil ligge til grunn for det arbe idet som skal skje vidare med fagfornyinga. Fagfornyinga av læreplanverket vil omfatte å: 1. utarbeide ein strategi for arbeidet i samarbeid med organisasjonane som r epresenterer lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar. 2. utforme retningslinjer for fornyinga av f ag og utvikling av nye læreplaner. 3. sette ned læreplangrupper som skal være breitt og føremålstenleg samansett av lærarar med praktisk erfaring frå skulen og andre med faglig og fagdidaktisk kompetanse 4. gjennomføre høyring av kvar einskild læreplan. 5. evaluere verknaden av fagfornyinga. Implementering Fagfornyinga skal bidra til at elevane gjennom fordjuping og god progresjon i opplæringa, oppnår auka meistring og forståing i fag og på tvers av fag. Dette føreset innsats frå alle aktørane i skulen og i tilknyting til skulen. Lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar må arbeide med implementering av nye læreplaner som del av sitt kontinuerege arbeid, slik at opplærin ga medverkar til læring og utvikling for elevane. Erfaringane frå tidlegare læreplanendringar syner at det særleg er to ting som er viktige. For det første er det avgjerande at lærarane tek aktivt del i endringsprosessen og for det andre at det organisera st gode prosessar lokalt slik at lærarane får nok kjennskap til dei nye læreplanane. God implementering føreset god informasjon og rettleiing saman med læreplanane, nok tid til førebuing og tydelege forventningar til kva som blir kravd av dei ulike aktø rane. Når det fornya læreplanverket skal takast i bruk, må det gjerast eit lokalt arbeid for å sikre at planar og praksis er i samsvar med mål og innhald i læreplanverket. Læremiddel er viktige for undervisninga og elevane sitt læringsutbyte. Det gir eit fagleg innhald som er tilpassa elevane og forslag til arbeidsmåtar. Forsking viser at læreboka er styrande for innhaldet i skulen og soleis blir det særs viktig at læremidlane har god kvalitet På bakgrunn av desse vurderingane tilrår kunnskapsdepartemen tet: - å sikre at det fornya læreplanverket, saman med rettleiing og informasjon, gir ei tydeleg retning og ei god støtte til det lokale arbeidet. - at rettleiinga i lokalt arbeid med læreplanar skal vidareutviklast for å medverke til felles forståing av lære planane. - å vurdere kva justeringar av statlege tiltak som kan styrke skuleleiar og skuleeigar si oppfølging av skulen sitt arbeid med det fornya læreplanverket. - utvikle kvalitetskriterier for læremidlar på bakgrunn av eit pilotprosjekt. Økonomiske og administrative konsekvensar Meldinga til Stortinget tilrår tiltak som samla sett inneber endringar i grunnopplæringa sitt innhald, og legg til grunn at desse endringane ikkje vil ha konsekvensar for dei ordinære driftsutgiftene i grunnopplæringa. Likevel syner meldinga til kostnadar knytt til utvikling av læreplanar og rettleiingsmateriell, utskifting av læremiddel, lokalt baserte kompetanseutviklingstiltak og vidareutdanning og evaluering av verknadane av fagfornyinga.

Kunnskapsdepartementet sendte meld inga Fag Fordyping Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet til Stortinget 15 april 2016. Side 5 av 5