Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk)

Like dokumenter
Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Påstandar i ståstedanalysen for skoler (nynorsk)

Påstander i Ståstedsanalysen bokmålsversjon

Påstander i Ståstedsanalysen (bokmål)

1. Arbeid med å konkretisere nasjonale læreplaner er en kontinuerlig prosess ved skolen

Fase 2: Egenvurdering av skolens praksis Rennesøy skule

Utviklingsplan

Pedagogisk plattform

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

1. Beskriv målet/måla

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Kjetil Andreas Hansen Leder, Karmøy PPT

Læreplan i mat og helse

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

A Faktaopplysninger om skolen

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Rettleiing del 3. Oppfølging av. resultata frå. nasjonal prøve i rekning. 8. steget

FORMÅLET MED OPPLÆRINGEN

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Alteren skole Plan for kvalitetsutvikling Denne planen er laget ut fra Rana kommunes Plan for skole og kvalitetsutvikling

Verksemdsplan for Flatdal skule

Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

Innhold: Satsingsområdene: Regning, lesing, skriving og klasseledelse. Grunnleggende ferdigheter i LK06 og læreplanforståelse

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra

HALVÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 6. TRINN HØSTEN 2016

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

PfDK Profesjonsfaglig digital kompetanse. Inger Lise Valstad Maja Henriette Jensvoll

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Vurdering i Prosjekt til fordjuping

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

LÆREPLANER PÅ TVERS: UTDRAG FRÅ NOEN AV FAGPLANENE SOM ER SENDT UT PÅ HØRING

Tiltaksplan (med utgangspunkt i Kvalitetsplan og tilhøyrande prioriteringar) VOLDA VIDAREGÅANDE SKULE

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Prinsipp 1. Elevene skal forstå kva dei skal lære og kva som blir forventa av dei.

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

Løpsmark skole Utviklingsplan

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

SKULE I UTVIKLING Skulebasert kompetanseutvikling, Rubbestadneset skule

Utviklingsplan

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

VURDERING FOR LÆRING HASVIK KOMMUNE. Plan for underveisvurdering i

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Velkommen til felles foreldremøte - intro. Hovudtema: Saman for kvalitet - læring i skule og SFO

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Saman om Ørstabarnehagen

VEDLEGG: TILTAKSPLAN. 6.1 Kompetanseheving hos barn og unge i matematikk

INNHOLD. Satsingsområde: Klasseledelse. Grunnleggende ferdigheter i LK06. Satsingsområdene: Regning, lesing, skriving.

Strategi for kompetanseutvikling

RAPPORT FRA SKOLEVURDERING. Solvin skole, november 2014

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse»

Ungdomstrinn i utvikling. Om den nasjonale satsingen og arbeidet ved vår skole

Strategisk Plan Ytre Arna skule

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole

S T R A T E G I S K P L A N H A U G L A ND SKULE R E V I D E R T A U G U S T

Kom i gang med skoleutvikling

Transkript:

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk) Hovudtema: Kompetanse og motivasjon 1. Arbeid med å konkretisere nasjonale læreplanar er ein kontinuerleg prosess ved skolen 2. Lærarane forklarer elevane kva som skal til for å nå kompetanse- og læringsmåla 3. Elevane forstår kva kompetanse- og læringsmål dei arbeider mot 4. Foreldra blir gjort kjent med kva kompetanse- og læringsmål elevane arbeider mot 5. Skolen har etablert felles forståing av kva grunnleggjande ferdigheiter inneber 6. Elevane utviklar digitale ferdigheiter som reiskap for læring i alle fag 7. Elevane utviklar munnlege ferdigheiter som reiskap for læring i alle fag 8. Elevane utviklar leseferdigheiter som reiskap for læring i alle fag 9. Elevane utviklar rekneferdigheiter som reiskap for læring i alle fag 10. Elevane utviklar skriveferdigheiter som reiskap for læring i alle fag 11. Elevane samarbeider med medelevane sine 12. På skolen vår er vi bevisste på korleis vi kan utvikle elevane si sjølvkjensle 13. På skolen vår er vi bevisste på korleis vi kan utvikle elevane si ansvarskjensle 14. Elevane kan løyse konfliktar på ein konstruktiv måte 15. Opplæringa utviklar elevane si evne til kritisk tenking 16. Opplæringa utviklar elevane si evne til kreativitet 17. Skolen legg til rette for fysisk aktivitet kvar dag for alle elevane (grunnskole) 18. På vår skole er lærarane bevisste på korleis dei kan motivere elevane i læringsarbeidet 19. Elevane er motiverte i læringsarbeidet sitt 20. Elevane på skolen er engasjerte i eiga læring Hovudtema: Tilpassa opplæring og vurdering 21. På vår skole er det samanheng mellom mål for opplæringa, arbeidsmåtane og vurderingsarbeidet 22. Skolen utnyttar handlingsrommet i lokale læreplanar for å variere opplæringa 23. I dagleg læringsarbeid blir det systematisk nytta varierte arbeidsmetodar 24. Elevane får oppgåver tilpassa sitt nivå 25. Skolen vår legg til rette for at alle elevane opplever meistring 26. Skolen bruker resultat frå kartleggingar når vi planlegg nye læringsaktivitetar 27. Lærarane følgjer opp resultat frå kartleggingar og prøver i det daglege arbeidet med kvar enkelt elev 28. Når skolen oppdagar at enkeltelevar har svak fagleg progresjon, får dei raskt ekstra støtte for å kome over i eit positivt læringsløp 29. Skolen gjennomfører planlagte elevsamtalar 30. På skolen har vi ei felles forståing av kva som er god vurderingspraksis 31. Vurderingspraksisen på vår skole bidreg til å fremje elevane si læring 32. Elevane er kjente med kva kriteria dei blir vurderte på grunnlag av 33. Elevane får grunngitte tilbakemeldingar om korleis dei står i høve til kompetansemåla 34. Elevane får trening i det å vurdere korleis dei best lærer 35. Skolen gjennomfører skolebasert vurdering basert på nasjonale og lokale data 36. Skolen bruker kunnskap frå den skolebaserte vurderinga som grunnlag for utviklingsarbeidet sitt 37. Skolen vurderer jamleg den samla kompetansen sin i lys av skolen sine resultat 1

Hovudtema: Læringsmiljø og rådgjeving 38. Skolen arbeider systematisk for å betre læringsmiljøet sitt 39. På vår skole har lærarane god forståing av leiarrolla si overfor elevane 40. Lærarane viser interesse for kvar enkelt elev 41. Lærarane har ein positiv relasjon til kvar enkelt elev 42. På vår skole arbeider vi bevisst med å utvikle positive relasjonar mellom elevane 43. På vår skole blir krenkande ord og handlingar raskt følgt opp 44. Alle elevar er inkluderte i skolen sin fellesskap 45. På vår skole utviklar vi ein læringskultur der elevane opplever at det er positivt å gjere sitt beste 46. Lærarane på vår skole har høge forventningar til alle elevane 47. Skolen samarbeider med ulike fagmiljø for å løyse utfordringar i læringsmiljøet 48. Skolen tilbyr utdannings- og yrkesrådgjeving i samsvar med lov og forskrift 49. Skolen tilbyr sosialpedagogisk rådgjeving i samsvar med lov og forskrift 50. Skolen samarbeider med relevante aktørar utanfor skolen om utdannings- og yrkesrådgjeving 51. Skolen samarbeider med relevante aktørar utanfor skolen om sosialpedagogisk rådgjeving 52. Skolen styrkjer elevane sin kompetanse til å gjere gode val for seg sjølv 53. Skolen har eit system for å følgje opp elevar med høgt fråvære 54. Skolen har eit system for å identifisere elevar som er i ferd med å droppe ut av skolen (vgs) 55. Skolen har eit system for å følgje opp elevar som er i ferd med å droppe ut av skolen (vgs) 56. Skolen har rutinar for gode overgangar i utdanningsløpet Hovudtema: Kultur for læring 57. På vår skole har vi eit aktivt verdigrunnlag 58. Vår skole har ein tydeleg visjon 59. På vår skole har vi ei felles plattform for det pedagogiske arbeidet 60. Vår skole ein lærande organisasjon 61. Læringskulturen på denne skolen gir rom for å prøve og feile 62. Kulturen på denne skolen stimulerer til leik og kreativitet 63. Skolen set av tid til endringsarbeid 64. Skolen arbeider kontinuerleg for å fremje elevane sin medverknad i skolesamfunnet 65. Skolen har eit elevråd som fungerer godt 66. Elevane deltek når skolen utformar reglar og rutiner 67. Lærarane har saman med elevane innarbeidd tydelege reglar og rutinar for elevgruppa 68. Når ei avgjerd er teken, blir ho lojalt følgt opp av alle tilsette 69. Skolen handterer motstand mot endring 70. Forventningane mellom skolen og foreldra er avklarte 2

Hovudtema: Leiing 71. På vår skole er det tydeleg kven som bestemmer kva 72. Skolen har ei tydeleg pedagogisk leiing 73. Lærarane på skolen tek ansvar for alle elevane på skolen 74. Skolen har retningslinjer for god klasseleiing 75. Lærarane følgjer skolen sine retningslinjer for god klasseleiing 76. På vår skole har vi gode rutinar for den daglege drifta 77. Leiinga ved skolen er godt orientert om det daglege arbeidet ved skolen 78. Skoleleiinga og medarbeidarane er einige om kva som er utfordringane for skolen 79. Skoleleiinga tek ansvar for å setje mål for skolen si utvikling 80. Skoleleiinga initierer lokalt læreplanarbeid 81. Skoleleiinga motiverer til utviklingsarbeid 82. Skoleleiinga stimulerer til entreprenørskap og nyskaping 83. Skoleleiinga gir tilbakemelding på utført arbeid 84. Lærarane får god støtte, hjelp og rettleiing av leiaren sin 85. Skoleleiinga er dyktig til å rekruttere rett kompetanse 86. Skoleleiinga har god innsikt i lov- og avtaleverk 87. Skolen får tydelege styringssignal frå skoleeigar 88. Skolen får systematisk oppfølgjing av skoleeigar 89. Skolen tar imot ekstern rettleiing ved behov Hovudtema: Profesjonsutvikling og samarbeid 90. Skolen jobbar systematisk med å utvikle fagleg og pedagogisk kompetanse 91. Skolen tek den samla kompetansen i personalet i bruk 92. Lærarane ved skolen har nødvendig kompetanse til å bruke digital teknologi i det daglege læringsarbeidet 93. Skolen har ein klar plan for bruken av fellestid for dei tilsette 94. Skolen har arenaer for felles refleksjon og læring 95. Lærarane samarbeider om det å planleggje, gjennomføre og vurdere opplæringa 96. På skolen vår drøftar vi pedagogiske utfordringar 97. På skolen vår diskuterer vi korleis arbeidsmåtar kan betrast 98. På skolen vår gir vi kvarandre ærlege tilbakemeldingar 99. Skolen tilbyr rettleiing til nyutdanna 100. Skolen har gode rutinar for det å samarbeide med tillitsvalde 101. På skolen vår arbeider vi bevisst med korleis foreldra kan bidra positivt til elevane si læring og utvikling 102. På skolen vår har vi gode rutinar for å ta opp eventuell uro med heimen 103. På skolen vår gir vi ærlege tilbakemeldingar til heimen 104. Skolen møter kritikk med faglege argument 105. Skolen bruker lokalmiljøet aktivt i undervisninga 3

Tilleggstema: Læreplanarbeid 1. Skolen har ein lokal plan for arbeid med læreplanverket som heilskap 2. Lokale læreplanar for det enkelte faget konkretiserer nasjonale kompetansemål til lokale læringsmål 3. Arbeid med å konkretisere nasjonale læreplanar er ein kontinuerleg prosess ved skolen 4. Arbeid med å konkretisere nasjonale læreplanar er godt forankra i lærarkollegiet 5. Arbeid med å konkretisere nasjonale læreplanar sikrar progresjon i læringsarbeidet i det enkelte faget 6. Arbeid med å konkretisere nasjonale læreplanar sikrar heilskap og samanheng på tvers av fag 7. Lokale læreplanar for det enkelte faget synleggjer samanhengen i innhaldet, organiseringa, arbeidsmiljøet og vurderinga 8. Lokale læreplanar synleggjer systematisk arbeid med vurdering 9. Lokale læreplanar synleggjer systematisk arbeid med grunnleggjande ferdigheiter i det enkelte faget 10. Dei lokale læreplanane gir nødvendig fleksibilitet for å variere opplæringa 11. Elevane er involverte i det lokale læreplanarbeidet 12. Skoleleiar er pådrivar i det lokale læreplanarbeidet 13. Skoleleiar har sett av nok tid til det lokale læreplanarbeidet 14. Lærarkollegiet diskuterer jamleg innhalds- og metodemessige konsekvensar av læreplanar i fag 15. Læringsutbytte ved skolen blir følgt opp og blir knytt til lokale læreplanar 16. Lokale læreplanar er jamleg tema i personalet si fellestid Tilleggstema: Grunnleggjande ferdigheiter 1. Skolen har etablert ei felles forståing for kva grunnleggjande ferdigheiter er 2. Skolen har etablert ei felles forståing for kva arbeid med grunnleggjande ferdigheiter inneber 3. Undervegsvurdering blir brukt systematisk for å fremje elevane si utvikling av grunnleggjande ferdigheiter 4. Lærarane legg vekt på lesing som reiskap for læring i alle fag 5. Elevane bruker ulike lesestrategiar som er tilpassa føremålet med lesinga 6. Elevane lærer seg å lese kritisk i alle fag 7. Lærarane har fokus på omgrepsopplæring i alle fag 8. Elevane lærer seg å kjenne att rekning i ulike faglege samanhengar 9. Elevane bruker rekning som reiskap for refleksjon og læring i alle fag 10. Lærarane har fokus på skriving i alle fag på det enkelte fag sine premissar 11. Elevane bruker skriving for å tileigne seg kunnskap i alle fag 12. Lærarane gir den enkelte eleven strategiar som støttar eleven si skriving 13. Elevane bruker munnlege ferdigheiter som reiskap for læring i alle fag 14. Lærarane legg til rette for at elevane kommuniserer med og lyttar til andre 15. Det blir lagt til rette for at elevane kan utvikle munnlege ferdigheiter i ulike samanhengar 16. Det blir lagt til rette for at elevane kan utvikle munnlege ferdigheiter ved å bruke ulike metodar 17. Elevane bruker digitale ferdigheiter som reiskap for læring i alle fag 18. Det blir lagt til rette for at elevane kan bruke digitale verktøy i opplæringa 19. Lærarane legg vekt på at elevane skal bruke digitale verktøy på ein forsvarleg måte 4

Tilleggstema: Undervegsvurdering 1. På vår skole har lærarane forventningar om at elevane kan nå måla for opplæringa 2. På vår skole diskuterer vi korleis lærarane sin vurderingspraksis kan hjelpe elevane å lære betre 3. På vår skole diskuterer vi kva lærarane legg vekt på når det gjeld å vurdere elevane sin kompetanse i fag 4. På vår skole er undervegsvurdering ein integrert del av opplæringa hos alle lærarane 5. Vurderingspraksisen på vår skole bidreg til at elevane lærer meir 6. Vurderingspraksisen på vår skole bidreg til at elevane reflekterer over eiga læring 7. På vår skole er erfaringsutveksling mellom lærarane sett i system 8. På vår skole får alle elevane systematisk tilbakemeldingar om kva dei meistrar i høve til måla for det enkelte faget 9. På vår skole gir vi elevane tilbakemeldingar undervegs, tilbakemeldingar som elevane kan bruke for å bli betre i faga 10. På vår skole får elevane vere med å utvikle vurderingskriteria for læringa 11. På vår skole får elevane vere med å velje arbeidsmåtar 12. På vår skole får alle elevane delta aktivt i det å vurdere eigen kompetanse 13. På vår skole bruker lærarane ulike metodar for å vurdere elevane sin kompetanse 14. På vår skole har lærarane strategiar for å sjekke elevane si førforståing 15. På vår skole har lærarane strategiar for å sjekke elevane si forståing undervegs 16. På vår skole justerer lærarane opplæringa undervegs slik at ho møter elevane sine læringsbehov 17. På vår skole kommuniserer lærarane med elevane om vurdering (f. eks. stiller spørsmål, oppmuntrar til refleksjon og dialog i klasserommet) 18. På vår skole bruker lærarane resultat frå kartleggingar og prøvar når dei planlegg opplæringa slik at ho møter elevane sine læringsbehov 19. På vår skole er det samanheng mellom måla og kva lærarane legg vekt på når dei vurderer elevane sitt arbeid Tilleggstema: Klasseleiing 1. På vår skole har lærarane god forståing av leiarrolla si overfor elevane 2. Lærarane på vår skole har god innsikt i det sosiale samspelet i elevgruppene dei underviser 3. På vår skole arbeider vi bevisst med å utvikle positive relasjonar mellom elevane 4. På vår skole opplever alle elevane at dei tilhøyrer ein sosial fellesskap 5. Lærarane på vår skole bryr seg om alle elevane 6. På vår skole er lærarane bevisste på korleis deira eige språk og kroppsspråk påverkar elevane 7. På vår skole arbeider vi bevisst med korleis foreldra kan bidra positivt til elevane si læring og utvikling 8. Lærarane på vår skole har høge forventningar til alle elevane sine 9. Lærarane på vår skole legg opplæringa til rette slik at alle elevane opplever meistring 10. På vår skole gir lærarane tydelege framovermeldingar til alle elevane sine 11. Lærarane på vår skole aktiviserer elevane sine forkunnskapar 12. På vår skole utviklar vi ein læringskultur der elevane opplever at det er rom for å prøve og feile 13. På vår skole utviklar vi ein læringskultur der elevane opplever at det er positivt å gjere sitt beste 14. Lærarane på vår skole legg til rette for at elevane får reflektere over si eiga læring 15. På vår skole har vi ei forventning om at alle elevane kan nå måla for opplæringa 16. På vår skole kjenner alle reglane for orden og åtferd 17. Lærarane på vår skole har saman med elevane innarbeidd tydelege reglar og rutinar for klassen/elevgruppa 18. På vår skole kjem lærarane presis til timane 19. På vår skole startar timane presis 20. Det er god arbeidsro i undervisningsøktene på vår skole 5

Tilleggstema: Fag- og yrkesopplæring i skole 1. Opplæringa i fellesfaga er relevant for opplæringa i programfaga 2. Opplæringa i skolen er relevant for arbeidet i bedrift 3. Fellesfaga er relevante for arbeidet i framtidig yrke 4. Det er god samanheng mellom programfaga og fellesfaga 5. Opplæringa integrerer kompetansemål frå fellesfag og programfag 6. Skolen vurderer jamleg yrkesrettinga si av fellesfaga 7. Programfaglærarar og fellesfaglærarar kjenner kvarandre sine kompetansemål 8. Programfaglærarar og fellesfaglærarar samarbeider om å planleggje, gjennomføre og vurdere opplæringa 9. Skolen har sett av møtetid til samarbeid og erfaringsdeling mellom programfaglærarar og fellesfaglærarar 10. Lærarane har kompetanse for å sikre elevane ei yrkesrelevant opplæring 11. Programfaglærarane har fokus på grunnleggjande ferdigheiter i opplæringa 12. Skolen har sett av tid til samarbeid mellom lærarane og bedriftene om yrkesretting av opplæringa 13. Skolen samarbeider med bedrifter om kompetanseutvikling for elevar og lærarar 14. Skolen samarbeider med bedrifter om å plassere ut elevar 15. Skolen samarbeider med bedrifter om hospiteringsordningar for lærarar 16. Skolen og bedrifta har god dialog om elevane si faglege utvikling 17. Skolen gjer bedriftene kjent med kompetansemåla i dei aktuelle faga 6

Tilleggstema: Realfag 1. På skolen vår bruker vi aktivt læreplanane i matematikk og naturfag i Kunnskapsløftet som utgangspunkt for den kompetansen elevane skal tileigne seg i realfag 2. På skolen vår legg vi til rette for ein god og tydeleg progresjon i realfaga (f.eks. veit vi kva elevane kan frå før, og kvar dei skal) 3. På skolen vår legg vi til rette for at høgt presterande elevar og lågt presterande elevar opplever meistring og får faglege utfordringar i realfag 4. Når skolen oppdagar at enkeltelevar har svak fagleg progresjon i realfag, får eleven raskt ekstra støtte for å komme over i eit positivt læringsløp 5. På skolen vår legg vi til rette for varierte arbeidsmetodar i realfag 6. På skolen vår legg vi til rette for at elevane utforskar, samtalar og diskuterer realfaglege tema 7. På skolen vår har vi utstyr og materiell i realfag som gjer at elevane kan utforske faglege samanhengar 8. På skolen vår samarbeider lærarar for å sjå samanhengar mellom realfaga 9. På skolen vår deler vi undervisningsopplegg og kunnskap om god undervisning i realfag med kvarandre 10. Vurderingspraksisen i realfag på vår skole medverkar til å fremje elevane si læring 11. På skolen vår legg vi til rette for at elevane kan forstå og bruke matematiske omgrep 12. På skolen vår er vi opptekne av at elevane skal utvikle god talforståing som utgangspunkt for vidare matematikklæring 13. På skolen vår legg vi til rette for at elevane bruker digitale verktøy for å utforske og forstå matematiske samanhengar 14. På skolen vår er vi opptekne av å bruke elevane sine feilsvar og misoppfatningar i matematikk aktivt i opplæringa for å auke deira forståing 15. På skolen vår er vi opptekne av at elevane skal forstå ulike representasjonar og omsetje mellom dei, til dømes frå konkretiseringar til matematisk symbolspråk 16. På skolen vår legg vi til rette for at elevane kan forstå og bruke naturfaglege omgrep 17. På skolen vår legg vi til rette for at elevane bruker digitale verktøy for å utforske og forstå naturfaglege samanhengar 18. På skolen vår arbeider elevane med naturfaglege problemstillingar knytte til sitt lokalmiljø 19. På skolen vår arbeider vi systematisk for at elevane skal kunne planleggje og gjennomføre eigne undersøkingar og eksperiment 20. På skolen vår legg vi til rette for at elevane skal kunne lese og forstå ulike typar naturvitskaplege tekstar 7

Pedagogisk bruk av IKT 1. Skolen vår har ein strategi for å fremje pedagogisk bruk av IKT i alle fag 2. På vår skole har vi ei felles forståing av kva digitale ferdigheiter er 3. På vår skole er vi motiverte for pedagogisk bruk av IKT i arbeidet med faga 4. Skoleleiinga jobbar systematisk for å utvikle personalet sin kompetanse i pedagogisk bruk av IKT 5. Skoleleiinga jobbar systematisk for å integrere bruk av IKT i alle fag 6. På vår skole har lærarane tilstrekkeleg kompetanse til å bruke IKT i opplæringa 7. På vår skole meistrar vi utfordringane som teknologibruken til elevane skapar 8. Lærarane bruker IKT i faga for å fremje læring 9. På vår skole er IKT integrert i det lokale arbeidet med læreplanar 10. På vår skole har vi elevane si læring som utgangspunkt for val av digitale læringsressursar 11. På skolen vår utnyttar vi elevane si kompetanse i læringsarbeidet 12. På vår skole bruker vi digitale verktøy for å variere arbeidsmåtane som ein del av tilpassa opplæring 13. På vår skole har vi internett-tilkopling med tilstrekkeleg fart og stabilitet 14. Elevane har tilfredsstillande tilgang til digitalt utstyr 15. Skolen har tilstrekkeleg teknisk støtte til IKT 16. På vår skole har vi digital samhandling og deling 17. Skolen nyttar digitale verktøy i arbeidet med elevane si læring og utvikling 18. På vår skole kommuniserer vi digitalt på ein føremålstenleg måte 19. Skolen nyttar digitale plattformer for å drive heim-skole-samarbeidet 20. Skolen har gode rutinar for å sikre personopplysningar 8