Regional konferanse Drammen, Bergen og Bodø oktober 2015 Aud Marie Stundal Tidlegare instituttleiar, no prosjektmedarbeidar
Erfaringar frå BLU- pilot haust 2012 vår 2015 UTGANGSPUNKTET var: * Departementet spurde HiSF om å vere pilot for BLU * Kort tid på oss frå april 2012 til studiestart august 2012 * Hadde vore rimeleg «PÅ» i høyringsrunden * Ein passeleg stor høgskule * Hadde berre ein heiltidsklasse med 40 studentar * Svært stabilt undervisningspersonale * Rimeleg god tilgang på gode praksisbarnehagar * Støttande leiing og administrasjon
Det nye høgskulebygget - like gamalt som BLU- piloten og med felles Kjenneteikn: Flott, aktivt og livsfriskt
Utfordringar * Ville me stange hovudet: * mot veggen? * mot oss sjølve? * Eller ville me finne passasje? * Ville me risikere å dette på røvi (godt sogna- uttrykk) * Eller??
Utfordringar * For nokre fåe var det vel mest som å gå inn i ein mørk tunell, men * heldigvis så var det alltid einkvan som var klar til å hjelpe ut
Utfordringar * I ein periode så var nok «øyet både stort og vått» - for fleire av oss
Utfordringar * Me visste at me nok måtte strekkje oss maksimalt.
Kva gjorde me * Sette oss rundt bordet * Drøftingar * Fagtilsette * Praksisrepresentantar * Fylkesmannen * Studentar (i klassens time) * Utvikla programplanen parallelt med emneplanar
Målet var rimeleg klart * Få til ei best mogeleg utdanning * Då måtte me trekkje mest mogeleg i lag * Me hadde og har eit fantastisk flott lærarteam * Me med leiaransvar veksla mellom å * * * * Motivere Skubbe Dra Styre
Solid grunnmur * La i botnen det gode arbeidet me hadde lagt ned i F- utdanninga gjennom mange år * M.a. gode prosjekt og tverrfaglege opplegg * Same sp- fordelinga som i F- utdanninga * Ei god NOKUT- evaluering
MEN * Klart at mykje av vegen måtte bli til medan me gjekk.. og * framleis går me eller køyrer me..
Stp.fordelinga i piloten som «svar» på den nye forskrifta * BULL: Barns utvikling, lek og læring (30 sp) (17 sp ped., 3 sp musikk, 1sp samf., 1 sp RLE, 3 sp norsk, 2 sp matematikk, 2 sp fys.fos. og 1 sp naturfag) * STM: Språk, tekst og matematikk (20 sp) (2 sp ped., 9 sp norsk, 7 sp matematikk, 1 sp forming og 1sp drama) * NHR: Natur, helse og rørsle (20 sp) (1 sp ped., 9 sp fys.fos. og 10 sp naturfag) * KKK: Kunst, kultur og kreativitet (20 sp) (2 sp ped., 6 sp forming, 6 sp drama, 6 sp musikk) * SRLE: Samfunn, religion, livssyn og etikk (30 sp) (8 sp ped., 2 sp forming, 6 sp samf., 10 sp RLE, 1.5 sp norsk, 0.5 sp naturfag og 2 sp drama) * LSU: ledelse, samarbeid og utviklingsarbeid (15) (10 sp ped. og 5 sp samf.) * Bachelor (15 sp) * Pedagogisk leiing med vekt på * Kroppsleg leik * Språk
Studiepoengfordelinga i dag * BULL: Barns utvikling, lek og læring (20 sp) (14 sp ped., 0.5 sp RLE, 1.5 sp norsk, 1 sp matematikk, 2 sp fys.fos. og 1 sp naturfag) * STM: Språk, tekst og matematikk (20 sp) (1 sp ped., 11 sp norsk, 8 sp matematikk ) * NHR: Natur, helse og rørsle (20 sp) (1 sp ped., 9 sp fys.fos. og 8 sp naturfag, 2 sp musikk) * KKK: Kunst, kultur og kreativitet (30 sp) (6 sp ped., 7.5 sp forming, 7.5 sp drama, 7 sp musikk, 2 sp naturfag) * SRLE: Samfunn, religion, livssyn og etikk (30 sp) (7 sp ped., 1.5 sp forming, 7 sp samf., 10.5 sp RLE, 1.5 sp norsk, og 1.5 sp drama) * LSU: ledelse, samarbeid og utviklingsarbeid (15) (10 sp ped. og 5 sp samf.) * Bachelor (15 sp) * Pedagogisk leiing (30 sp) med vekt på * kroppsleg leik eller * språk
Spørsmål til kunnskapsgruppeleiarane * Kva meiner du er positivt med den nye utdanninga og i sær for det kunnskapsområdet som du leier * Kva tenkjer du var/er spesielt utfordrande
NHR Positivt * Tenkje meir heilskapleg * Sette seg inn i andre fag * Må vere tverrfagleg * Bra at me må tenkje meir på barnehagekvardagen Utfordrande * Misser noko av faget «fysisk fostring» * Kan vere utfordrande med samarbeid (spesielt i starten) * Mange små fag inne i KO korleis me skulle sy saman faga tverrfagleg og naturleg * Det var også utfordrande å finne eksamensordningar og fordeling av st.p.
BULL Positivt * Vi har vore nøydde til å kaste opp korta og legge dei på nytt. Dette har gjort at vi har forandra og forhåpentligvis forbedra det studentane møter sitt første studieår * BULL har fleire studiepoeng enn pedagogikk hadde første studieår tidlegare. Sjølv om det er andre fag i tillegg til pedagogikk som har studiepoeng i BULL, så er nok heilheitsopplevinga til studentane at dette er eit «pedagogikk- kunnskapsområde». * Det at vi har måtta tenkje på nytt og/ eller den nye organiseringa har ført til at vi har utvikla (eller er på veg til å utvikle) betre og meir heilheitlege praksisoppgåver
BULL Utfordrande * I starten bestod BULL av endå fleire fag med fåe studiepoeng. Det viste seg fort at dette blei for komplekst og uoversiktleg både for oss og studentane. No står vi igjen med nokre færre, men meiningsfulle studiepoeng * Mulegheitene for samarbeid mellom fag har faktisk blitt tyngre med den nye organiseringa. Før kunne fag samarbeide om prosjekt og tema, nå blir det fort uoversiktleg for studentar og tilsette dersom eit kunnskapsområde skal samarbeide med eit anna om noko. Det er ikkje rom for særleg meir tverr- /fleir- fagligheit enn det som inngår i kvart enkelt kunnskapsområde. Desse samarbeida er i mykje større grad standardiserte og «låst» til studiepoengfordeling. Gir rett og slett mindre fleksibilitet.
STM Utfordrande * At vi har innarbeida rutinar for ein- faglegheit som vi i liten grad er villige til å sleppe taket i når vi jobbar tverrfagleg * Ulik praksis knytt til ressursbruk * Vi skulle redusere tal eksamenar - klarer vi då å halde same læringstrykk?
KKK Positivt * Meir samarbeid mellom fleire fag i KKK * Samarbeidet med pedagogikk og naturfag har gitt spennande nye tverrfaglege prosjekt og arbeidskrav Positivt at ped no skal vere meir involvert i «faga» og motsett * Me har vorte utfordra til å finna felles møtepunkt, og til å utvikla ei (meir eller mindre) felles forståing av sentrale omgrep knytt til kunnskapsområdet og dei einskilde faga t.d. kreativitet, estetikk * I tillegg til praksisperioden har studentane fleire dagsbesøk i barnehagar der dei prøver ut faglege opplegg med born * Studentane skal òg ha ei framsyning for barnehageborn før eksamen. Dette er ei vidareføring av det tverrestetisk, musikk og drama har hatt av utprøvingar med born tidlegare år
KKK Utfordrande * At tre uttrykks- og ferdigheitsfag av til dels svært ulik karakter skal få nok plass innanfor eitt kunnskapsområde * I starten strevde me og var noko usamde om balansen mellom det tverrfaglege/fleirfaglege som skulle gjennomsyra kunnskapsområdet, og det einfaglege. Det gjaldt særleg måten me omtala kunnskapsområdet, og t.d. kor tydeleg det einskilde faget skulle vera i planane. Strukturen har vorte meir tydeleg etter kvart, med einfagleg undervisning og tverrfaglege/fleirfaglege forelesingar, prosjekt, arbeidskrav og eksamen.
KKK * Utfordrande * At kunnskapsområdet på heiltid går over eit semester. Dette gir kort tid til å jobba med mange ulike ferdigheiter i tre ulike ferdigheitsfag, og til å koma inn i tankegangen rundt og reflektera over estetiske læreprosessar * Knappare ressursar til dei praktisk- estetiske faga har i tillegg ført til mindre undervisning pr student i kvart fag, sidan seminargruppeundervisning er norma i musikk, drama og kunst og handverk * Studiepoenget knytt til bacheloroppgåva er tapt sidan studentar berre unntaksvis har valt eitt av desse faga som fokus for bacheloroppgåvene sine * Fleire faglærarar har uttrykt at dei to punkta over i sum har ført til ei fagleg utarming
SRLE Positivt * Lærarar innafor eit kunnskapsområde må samarbeide tettare. Det gir truleg større oppleving av samanheng for studentane * Her er «like» fag som har gjort det enklare å få til tydelege temaperiodar og studentane melder at dei ser samanheng mellom faga i SRLE, og får godt tak i nokre «raude trådar» som går på tvers av fag
SRLE Utfordrande * Meir planlegging saman tar tid og ressursar. Når vi skal produsere meir FOU og ressursen til undervisning har gått sakte nedover i mange år, er meirarbeid med planlegging problematisk * SRLE: Vi er for like. Det er eit teoritungt semester. Heldigvis har vi «småfaga» * Studentane ser ut til å ha problem med å forstå kunnskapsområda som fenomen. Kanskje var det eit startproblem? Vi meiner at det går greit i SRLE
«Å drive med denne fotmålinga er noko av det kjekkaste eg har gjort i løpet av dei fire åra eg har jobba i barnehagen» Holi Palmesøndag av boss. Skjærtorsdag i ei kasse med same Jesus. Påskehagen med naturmateriale.
LSU Positivt * Samarbeid på tvers av fag * Tidlegare fag har fått større plass i praksis * både i praksisoppgåve og * praksisbesøk * Betre teamfølelse
LSU Utfordrande * Lage gode eksamensoppåver på tvers av fag * Tydeleggjere faget i kunnskapsområdet - faget kan bli utydeleg
Bachelor * HiSF har hatt bacheloroppgåve i mange år, men tidlegare som del av fordjupingseininga * Prøvde frå 1. klasse å motivere studentane til å velje breitt og ope * Men studentane valde svært «smalt» * mange fekk inspirasjon av temaet «barn med spesielle behov» som låg i vårsemesteret i 2. klasse * og/eller dei valde ut i frå behov og ynskje om meir kunnskap om dette temaet
Fordjupingseiningar * Pedagogisk leiing og språk * Pedagogisk leiing og kroppsleg leik * Global knowledge med 3 mnd i Zambia * Tilbod til studentar frå BLU, GLU, sosialarbeidar- utdanningane og idretts- utdanningane * Ca halvparten av studentane er kvotestudentar frå Zambia * Sjå elles emneplanane på www.hisf.no
Studieår PRAKSIS 1. studieår Semester Omfang Type praksis 1 Haust 1 dag Barnehage 1 Haust 20 dagar Barnehage 1 Vår 5 dagar Barnehage med tema overgang barnehage/ skule 1 Vår 5 dagar 1. klasse grunnskule med tema overgang barnehage/skule
PRAKSIS 2. studieår 2 Haust 20 dagar 2 Vår 24 dagar I same barnehage
PRAKSIS 3. studieår 3 Haust 20 dagar Barnehage med ei veke overtaking 3 Vår 5 dagar Fordjupings- praksis
Praksis * Faste praksisbarnehagar og 4 høgskulebarnehagar * Krav om 15 sp, helst 30 sp rettleiingsutdanning * Har lagt stor vekt på informasjon om ny BLU og vore bevisst på å skulere praksisfeltet i høve oppbygging av studiet og kva rolle dei har som praksisbarnehage
Praksis * Praksisseminar på høgskulen i førekant av dei lange praksisperiodane * Innhald og organisering spesialtilpassa det enkelte studieåret * Rimeleg stor endring av praksisoppgåver tverrfaglege * Praksisansvarleg knytt til kvart årssteg. Praksisansvarleg henta både frå tidlegare pedagogikk og fagleg.ped. * Individuell rettleiing frå HiSF 1. studieår og gruppe- rettleiing frå HiSF 2. og 3. studieår med sterk vekt på profesjonsperspektivet * I gang med å utvikle opplegg for faglærarbesøk i praksis
Tilbakemeldingar frå praksis * Meir relevante oppgåver, prosessoppgåver * Tverrfaglege oppgåver og kunnskapsområde er meit likt den måten barnehagen arbeidar på * Fag og praksis er meir integrert * Er det mindre fokus/tid til å gi studentane grunnleggjande pedagogisk kompetanse, sidan pedagogikk er innarbeidd i kunnskapsområda? Må praksisfeltet vera meir "på" når det gjeld dette? Har praksisfeltet fått eit større ansvar her? * Leiing er meir i fokus i oppgåver og på praksisseminar * Den nye utdanninga fordrar sterkare samarbeid Høgskule praksisfelt * Svært bra med fast praksisseminar
Pedagogisk leiing profesjonell kommunikasjon? Ane Bergersen, Hege Fimreite, Merete Nymark Eitt av forskingsarbeida knytt til piloten: * Korleis vert leiing vektlagt i utdanninga og kva er forståinga av pedagogisk leiing? * Ein av våre problemstillingar er: Kva er studentane og lærarane i den nye BLUutdanninga si forståing av omgrepet pedagogisk leiing,og endrar studentane si forståing gjennom utdanninga?
Tendensar i materialet * Vi finn ulike forståingar av omgrepet pedagogisk leiing i dei ulike informantgruppene: Fagkunnskap/fagdidaktikk, tilrettelegging av faglege aktivitetar for barn Leiing, å leie personalet i ein organisasjon * Tendensane viser at studentane endrar si forståing av omgrepet over tid, frå didaktikk og kjerneaktivitetar for barn til meir merksemd mot å leie medarbeidarar og utvikle organisasjonen.
Samandrag * Omgrepet pedagogisk leiing er for oss upresist og fleirtydig både i vår empiri og i faglitteratur. Eit nytt omgrep kan vere naudsynt for å få ei felles forståing av kva pedagogisk leiing er. Barnehagelærarutdanninga er ei leiarutdanning der kompetanse er knytt til profesjonell kommunikasjon i høve vaksne og barn. * Pedagogisk leiing er meir enn leiing og meir enn å vere pedagog, men kva er det lille ekstra?
Fag- didaktikk? Leiing
Bileta er henta frå * Rones barnehage i Sogndal * Studentarbeid i SRLE v/hisf * emuk.dk
Ein glad og letta instituttleiar * Kan stå som symbol på meg sjølv då eg fekk sjå ein del digitale praksisforteljingar etter praksis i 1 BLU- piloten hausten 2012. * Reflekterte studentar med gode fagblikk både mot * eige barnehagelærarstudium og * arbeid som barnehagelærar