Pedagogisk analysemodell Problemstilling: Det må vere uvisst kvifor det er avvik mellom noverande og ynskt situasjon
Analysemodellen sine fasar ANALYSEDEL Formulering av problemstillingar Målformulering Innhenting av informasjon Analyse og refleksjon STRATEGI- OG TILTAKSDEL Utvikling av strategiar og tiltak Gjennomføring Evaluering Revidering
Grunnleggande føresetnad for analysemodellen Elevane sine handlingar i skulen har stort sett alltid samanhang med vilkåra eller omgjevnadane i skulen. NB: Vi må vere opne for nye perspektiv!
Opne og lukka målformuleringar Finne rette balansen mellom åtferd- /ferdigheitssendring og haldningsendring. Nordahl 2006: om vi skal utvikle barn og unge som aktørar i sitt eige liv, vil det ikkje vere tilstrekkeleg å styre dei utanfrå.
Innhenting av informasjon Hensikta med informasjonsinnhentinga er å kunne sjå utfordringane i skulen frå ulike side og posisjonar. Lærarar som står i og opplever problemfylte situasjonar, har i utgangspunktet ikkje tilstrekkeleg informasjon for å kunne sjå og forstå det som foregår.
Informasjon frå fleire kjelder: fleire informantar Må nytte metodar som bidreg til at informasjonen blir dokumentert: observasjon, kamera, samtalar, spørjeskjema (NB: spørjeskjema utarbeidd av spesifikk kompetanse) Kartlegge flest muleg faktorar Ikkje leite etter stadfesting på det vi veit ikkje fungerer (døme: eigenskapar hjå elev som kan forklare problemåtferd) Legge vekt på positive tilhøve: styrke det som fungerer
Analyse og refleksjon Kva faktorar opprettheld dei utforderingane lærarane står overfor? ( oppretthaldande faktorar ) Ein oppretthaldande faktor er ein faktor i den pedagogiske situasjonen som med stor sannsynlegheit bidreg til at utfordringar i skulekvardagen førekjem over tid.
Dei tre perspektiva 1. Det kontekstuelle perspektivet Dei omgjevnadane og den sosiale samanhangen ulike hendingar føregår innanfor: -undervisninga -lærar som leiar -relasjonar -normer og reglar -det fysiske miljøet - osb.
2. Aktørperspektivet Elevane er aktørar i sitt eige liv, og føretek sjølvstendige vál. Aktørperspektivet inneber ei grunnleggande forståing av læring : Læring er ein subjektiv prosess som føregår i den einskilde elev.
3. Individperspektivet Eigenskapar og føresetnadar hjå eleven som eleven ikkje kan styre sjølv. Døme: intelligens, temperament, angst, depresjon,diagnosar, lærevanskar, familietilhøve m.m.
Samanhangssirkelen Oppretthaldane faktor Oppretthaldande faktor Ver open for nye perspektiv og nye tilnærmingar! Oppretthaldande faktor Problem eller utfordring Fjerne eller endre dei faktorane som opprettheld dei uønska situasjonane Oppretthaldande faktor Oppretthaldande faktor
Etter analysen: Vál av strategiar og tiltak STRATEGI: Framgangsmåte TILTAK: Spesifikke metodar og aktivitetar Det er først når vi er rimeleg sikre på kva faktorar som opprettheld situasjonen, at vi kan finne ut korleis vi kan redusere betydninga av desse!
Val av strategiar og tiltak forts. Det største potensialet for endring og utvikling ligg i å korrigere tilhøve i miljøet kring elevane (kontekstuelle tilhøve). Individuelle opplegg skal evt komme i tillegg. Altså: Dei fleste strategiane vil innebere at lærarane sjølve må gjere endringar og ta initiativ i eigen praksis.
Bruk forsking! I bruk av analysemodellen skal vál av tiltak så langt råd er baserast på forskingsbasert kunnskap om kva som kan gje resultat. Analysemodellen skal bidra til kunnskapsbasert pedagogisk praksis i skulen. Ikkje bruk tiltak som kun er knytt til personlege erfaringar og gode intensjonar! Dette krev at lærarane les og drøftar pedagogisk litteratur.
Gjennomføring av valde strategiar Strategiar og tiltak må gjennomførast av alle vaksenpersonane i skulen. I gjennomføringa må dei vaksne forplikte seg til å iverksette tiltaka eller strategivála på ein strukturert og nøyaktig måte innanfor ei bestemt tidsramme (tiltaksintegritet)
Etter to til fire veker: Evaluering Alle lærarane i lærargruppa må ta del. Viktige spørsmål: Er alle tiltaka gjennomførde? Er dei gjennomførde kontinuerleg og på ein systematisk måte? Kva faktorar har vore til hinder for gjennomføring av tiltaka (hindringsfaktorar)?
Evaluering forts Vurdering av resultata: Er utfordringane eller problema blitt redusert? Har det vore positiv utvikling? I kva grad er måla nådd?
Revidering Strategiar som ikkje har gitt ynskte resultat, må betrast. Er det naudsynt å revidere formuleringa av problem/ målsetting? Må vi hente inn meir informasjon? Bør vi ta ei ny analyse: finst det andre oppretthaldande faktorar? NB: Strategiar og tiltak som har fungert, må oppretthaldast!