Never mind the Benefits

Like dokumenter
Never mind the Benefits

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

#Norge 2030 Eit annleis OL

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Barnerettane i SKULEN

Fag og fornying sentrale begrep. Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting. fagfornying

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Medie og informasjonsplan. Utarbeidd januar 2016 av TIBE Samfunn as i tett samspel med Fylkesmannen Møre og Romsdal

Til deg som bur i fosterheim år

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Refleksjon og skriving

Easyresearch. FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet. Velkomen til Studiebarometeret!

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Kunstforeiningane har samla ein del av kulturarven vår

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Rike investerer grønt når dei tener på det

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

2014 Studiebarometeret-sept2014 (låst)

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Gode råd til deg som stiller til val

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Verdiskaping basert på naturog kulturressursar. korleis lukkast i lag?

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Psykologisk førstehjelp i skulen

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

1.0 Innleiing - Bakgrunnen for kommunikasjonsstrategien er å sørge for ei medviten haldning i kommunikasjonsarbeidet i utviklinga av Kinn kommune -

Elevundersøkinga 2016

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Å løyse kvadratiske likningar

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

STUDIEBAROMETERET 2015

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Kommunikasjonsplan Voss herad 2020

Stortinget.no Regjeringa.no Ulike massemedia. Stortings- og sametingsvalet Historie: Kap 1. Kald krig ei todelt verd

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Frå novelle til teikneserie

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Transkript:

Never mind the Benefits Kva tenkjer du på når du høyrer orda kunst og pengar? Statoils kultursponsing? Bjarne Melgaards utsmykking av Sparebankstiftelsen DNB Nor sitt nye lokale? Christian Ringnes sin skulpturpark? Telenor, Nordea eller Storebrand si kunstsamling? At Astrup Fearnley Museet er sponsa av Lundin? Og Tate av BP? Kapitalismen? Kultur og næring? Den kommersielle kunstmarknaden? Offentlege støtteordningar? Kommersialisering? Kompromiss? Definisjonsmakt? Autonomi? Instrumentalisering? Integritet? Fridom? Verdi? Marianne Heier? Andrea Fraser? Paiva Takkala? Free exchange med Pierre Bourdieu og Hans Haacke? Boka Kunst og kapital av Anne Brit Gran og Donatelle de Paoli? Eller Kunst og kunstkjøp en håndbok av Trygve Hegnar? Eg har alltid interessert meg for det motsetningsfylte. I konstruerte eller faktiske motsetnader finst det rom for ambivalente kjensler. Vi blir i stand til å sjå fleire, motstridande svar som like gode eller dårlige. Kunst og pengar er ei slik motsetning, som ofte vekkjer sterke kjensler. I dette godtvonde, emosjonelle universet, freistar eg å gjere meg sjølv til ein formidlar og oversettar, og målet er oversikt. Men når eg tek utgangspunktet i at kunst og pengar står i eit motsetningsforhold, er det ikkje fordi dei per definisjon faktisk gjer det, men fordi dei fleste av oss forstår det som motsetningsfylt - og handlar deretter. Mi interesse for dette tema starta då eg var deltidstilsett i administrasjonen i NorgesGruppen ASA (NG), som er den største aktøren i Noreg innanfor daglegvarehandel og grossistverksemd. Då dei samlokaliserte dei fleste av avdelingane sine på Skøyen i 2008, jobba eg hos dei ved sidan av å vere på atelieret. Med bakgrunnen min som kunstnar, blei eg beden om å utvikle eit konsept og budsjett for kunstkjøp. Eg opplevde nok at motivasjonen til selskapet for å kjøpe kunst var noko tilfeldig, og avhengig av kven internt ein snakka med. Å kjøpe kunst var ingen klar strategi frå NG si side, men samlokaliseringa og at eg var der gjorde det mogleg at spørsmålet om kontorutsmykking kunne bli teke opp og diskutert. Eg gjekk på med brask og bram. Målet mitt blei å skaffe meg eit sterkt mandat og budsjett, og eg fekk fort ambisjonar om at konsernet skulle bli ein viktig aktør og bidragsytar til norsk kunstproduksjon. Eg argumenterte for at vi skulle gjere ei systematisk og langsiktig kunstsatsing, og la opp til ein kunstnarisk profil som fokuserte på unge norske kunstnarar. Dette var meint å vere eit eksplisitt bidrag til ei yrkesgruppe i etableringsfasen, og NG skulle dermed bli med på å betre kåra for kunstnarar, bidra til nytenking og auka kunstproduksjon. Samstundes meinte eg at dette var ein sympatisk profil som ville spegle konsernet sine verdiar og holdningar, og gi den signaleffekten dei ynskte å identifisere seg med internt så vel som eksternt. Eg skal gjera ei lang historie kort: eg fekk ikkje det mandatet eg ynskte meg. Eg trur korkje vilje eller timing låg til rette for å gjere ei slik kunstsatsing i 2008. Sidan stillinga mi i NG trass alt heller ikkje handla om kunst, valde eg å seie opp jobben min der. Arbeidet var likevel ikkje forgjeves. Gjennom denne jobben fekk eg kjennskap til eit nytt fagområde og forskingsfelt kunst og kapital. Eg følgde med på Forum for Kultur- og Næringsliv 1 sine aktivitetar, eg henta tankar og argumentasjon hos BI-professorane Anne Britt Gran og Donatella de Paola. Eg snakka med Wenche Fuglehaug i Statoil, som på mange måtar var eit forbilde for meg: ho hadde utvikla Statoil si kunstsamling, og ikkje minst ankra kunsten i eit eige formidlingsprogram i Statoil. Det som overraska meg var å oppdage at det meste av formuleringane rundt kunst og kapital kom frå næringslivet. Eg merka saknet etter kunstfaglege termar og stemmer. I samtalar med kunstnarane opplevde eg ein viss motstand i næringslivskunsten, og at kunstnarane sjølve ikkje ynskja å virke innanfor kunst og kapital-

feltet, men heller mistenkeleggjorde næringslivets motivasjonar. Det sentrale spørsmålet for meg blei kor definisjonsmakta ligg i samarbeidet mellom kunst og næringsliv. Eg merka meg korleis pengar fører med seg diskusjonar om sann kunstnarisk motivasjon, og vidare korleis pengar spelar inn på oppfatningar om integritet og relevans i kunsten. Dette gjeld ikkje berre når det gjeld privat finansiering, men kunstfinansiering i det heile teke meir overordna - kva slags pengar spelar inn på vår lesing av verk og kunstnarskap. Kunst og pengar som tema er korkje eit nytt eller særnorsk fenomen, og reiser svært mange spørsmål og kan leia i ei mengd retningar. Med ein tematikk som potensielt inneheld veldig mykje, krev val og prioriteringar. Eg har vore nøydd til utelate mykje. Eg har gått frå å ville byggje kunstsamling for NG, til å ville utvikle eit kunstprosjekt om temaet. Når dette kunstprosjektet no har blitt ein nettpublikasjon med åtte tekstbidrag, så er det fordi det er språkleggjeringa av emnet som eg først og fremst har vore oppteken av. Eg har undersøkt korleis kunstnarar og kunstteoretikarar i Noreg snakkar om kunst og pengar. Gjennom det vonar eg å ha bidratt til å betre ordforråd, og slik ei betre sjølvforståing. To spørsmål har vore viktige premiss for arbeidet: 1. Kva påverkar korleis kunstfeltet i Noreg snakkar om kunst og pengar? 2. Kva har pengar og pengane sitt opphav å seie for vår lesing av kunst og kunstnarskap? I fleire land i Europa ser ein i desse år ei kraftig nedbygging av offentlege støtteordningar. I USA har ein så å seie ikkje offentlege kulturmidlar, og kunsten er finansiert av det private. Noreg på si side har sterke tradisjonar for offentleg finansiering av kulturlivet, og samarbeidet med private aktørar blir sett på som ein relativ ny tendens. Kulturdepartementet og Næringsdepartementet samarbeidde i 2007 om ein handlingsplan for kultur og næring, som blir følgd opp av ein ny i løpet av 2012. Dette politiske samarbeidet og viljen til eit auka engasjement - på området, har også fått eit eige kapittel i Stortingsmeldingen om visuell kunst. Som Anne Britt Gran og Donatella De Paoli viser i boka Kunst og Kapital har kulturliv og næringsliv tradisjonelt blitt oppfatta som motsetnadar. Den rådande førestillinga er den om motpolar med heilt ulike mål, verdiar og ideologiar. Innanfor kvart av felta trivast stereotypane om den andre. Dette har gjort det problematisk for dei å nærme seg einannan. Når dei først nærmar seg kvarandre, så kan det bety eit utvida nedslagsfelt for kunsten og ein større arbeidsmarknad for kunstnarane og kunsten blir meir tilgjengelig for eit breiare publikum. Samstundes kan dette møtet innebere vanskelege situasjonar for både kunstnarar og aktørar frå næringslivet, og dermed vil ei slik tilnærming vil også krevje ein refleksjon over korleis situasjonen dannar nye premiss og diskursar. Det er her eg har opplevd at diskursen og premissa hittil har blitt definert politisk (og då gjerne næringspolitisk). Det at kunstfeltet ikkje deltek, gjer at eg fryktar ein kolonisert arena med kunstprosjekt som manglar god fagleg forankring. Eg meiner det er heilt sentralt at kunstfeltet sjølv i større grad melder seg i diskusjonen om korleis kunst og pengar kan knytte seg til kvarandre, eller korleis ambivalensen bør forvaltast. Ein ting er korleis dei økonomiske strukturane fungerer, ein annan er kva for symbolsk tyding pengane sine avsendarar har for vår lesing av kunst og kunstnarskap. Frå kunstmiljøets ståstad har nok kultursponsing og samarbeid med kommersielle krefter i større grad blitt legitimt. Men enda lever ynsket om og trua på eit offentleg kulturansvar sterkt i Noreg. Det viste ikkje minst debatten om garantiinntekt til kunstnarane vinteren 2012. Mange kunstnarar finn det problematisk å samarbeide med næringslivet og fryktar at det kan påverke deira status og vurderinga av kunstnariske kvalitet. Dei opplever at næringslivet har ein instrumentell motivasjon for støtte til og bruk av kunst, og at denne typen motivasjon svekker truverdet og uavhengigheita til kunsten. Eit døme som ofte blir trekt fram for å illustrere denne spenninga i Noreg, er Statoil si kultursponsing. Internasjonalt er BP si sponsing av Tate eit tilsvarande døme. At Statoil er eit oljeselskap med staten Noreg som hovudaksjonær, gjer at mange hevdar at å ta imot pengar

frå Norsk kulturråd og Statoil er det same. Andre, som Fredrik Olsen i Bodø-bandet Kråkesølv, vil då peike på at bandet med eit sterkt engasjement mot oljeutvinning i Lofoten ikkje ynskjer og bli assosiert med Statoil og med det fungere som selskapet sin fanebærar. Når Olsen påstår: «Det at man må framstå som Jesus eller Gandhi for å få lov til å engasjere seg bør være en avleggs tankegang», 2 peikar han på forenklinga av diskusjonen om Statoil si kultursponsing. Sett bort frå miljøpolitiske argument, er Statoil óg ofte kritisert for i for stor grad å legge føringar i kontraktar til stipendmottakarar. Ein annan del av kritikken går på at selskapet har eit for objektorientert kunstsyn i si samling, som ikkje maktar å fange opp variasjonen av kunstnariske strategiar i samtidskunstfeltet. Det er lett å ty til kritikk av Statoil. Selskapet er synleg som kunstsamlar og velgjerar, og gjennom samanhengen mellom oljeinntektene i selskapet og norsk økonomi kan ein problematisere forholdet mellom eit private selskap si rolle som villeg økonomisk bidragsytar og problematisk samarbeidspartnar. Never mind the Benefits si breie plattform er eit forsøk på å inkludere fleire typar resonnement, fordi eg finn at oljediskusjonen isolert sett - blir for eksplisitt, og difor har kome til å skugge for meir intrikate poeng og synspunkt ved temaet kunst og pengar. Det same gjeld for diskusjonen kring Astrup Fearnley museet sitt sponsorsamarbeid med oljeselskapet Lundin. Det er lett å vere einig i kritikken av oljeutvinninga sine etiske implikasjonar, men det er meir komplisert for kunstfeltet å leve ut heile tankerekka om strukturen i norsk og internasjonal økonomi. Det er også andre private aktørar som er gjenstand for diskusjonar om motivasjon og definisjonsmakt, utan at det treng å handle om oljeverksemd. Til dømes Sparebankstiftelsen DNB Nor. Ein artikkel i Dagens Næringsliv i januar 2012 handla om at då stiftelsen kjøpte «Celle VIII» av Louise Bourgeoise, var det eit premiss at verket skulle deponerast i Nasjonalmuseet i Oslo. Og med Sparebankstiftelsen sitt innkjøpsbudsjett på 75 millionar kroner i 2011, uttalte direktøren på museet, Audun Eckhoff at støtten fra Sparebankstiftelsen gir helt spesielle muligheter». På spørsmål om han ser nokre betenkelege sider ved at ei privat stifting får så stor innverknad på Nasjonalmuseets innkjøp, svarer han: «Nei, overhodet ikke. Det er vel og bra med statens årlige tilskudd, men dynamikken i samarbeidet med Sparebankstiftelsen gjør det mulig å løfte ambisjonsnivået for kunstinnkjøpene betraktelig.» Så peikar han på at slikt samarbeid med private samlarar, bedrifter og stiftingar er vanleg i mange land: «Ikke minst i Danmark har private stiftelser lenge vært viktig støttespillere for museene.» 3 Ifølgje Bodil Stenseth, forfattar og historikar, var det den amerikanske tradisjonen med at folk med pengar ga noko tilbake til fellesskapet, som påverka Sonja Henie til å få Henie- Onstad Kunstsenter bygd. Mange kunstnarar var sterkt kritiske til dette privatkapitalistiske initiativet og arrangerte demonstrasjonar på opninga. I dag ser visst alle verdien av denne institusjon. Denne typen tenking ligg òg til grunn for Sune Nordgren sin argumentasjon og forsvar for Christian Ringnes sin planlagde skulpturpark. I ein artikkel i DN i 2011 kjem Nordgren med fleire døme på korleis velgjerarar har initiert prosjekt som har fått mykje å seia for kunstmiljøet og folk flest. Han avsluttar med følgjande setning: «Det er dette som er så herlig med England: til og med det som er gratis, kan være verdt noe.» 4 Eit aldri så lite spark til ei norsk, romantisk førestilling om kva som er sann kunst, og mistenkeleggjeringa av rike menneske sin motivasjonen for å engasjera seg i kunst. Denne publikasjonen starta som eit ynskje om å sjå nærare på samarbeidet mellom kunstverda og næringslivet. Den handlar ikkje lenger om berre det. Eit tredje spørsmål blei etterkvart sentralt i arbeidet med Never mind the Benefits: 3. Korleis kan kunstnariske praksisar vere med å utvikle forståing av relasjonen mellom kunst og ulike finansieringsformer? Kunstnariske strategiar er ein viktig måte å belyse tematikken kunst og pengar på. Sjølv om det finst kunstprosjekt som tek opp emnet - både i norsk og internasjonal samanheng

ynskjer eg å sjå fleire slike i Noreg. Direktør Tone Hansen på Henie Onstad Kunstsenter tek også dette opp i sitt innlegg i DN i februar i 2011. 5 Ho meiner at norsk kunst treng ei mindre eindimensjonal forståing av marknaden, og hevdar at korkje undersøkingar av marknaden som fenomen eller utforsking av marknaden sine mekanismar ser ut til å vere særskilt attraktivt som kunstnarisk materiale i Noreg. Ho trekkjer fram Marianne Heier som unntaket i norsk samanheng, og Heier fortel om sine arbeid i Never mind the Benefits. Den finske kunstnaren Pilvi Takkala har handsama temaet i arbeidet The Trainee. Ho samarbeidde med revisorfimaet Deloitte og kunstmuseet Kiasma, og laga slik sett eit konkret møte mellom kunst og næringsliv. Ho jobba i ein månad i Deloittes marknadsavdeling som Johanna Takala, ein kven som helst utplassert student. I den tida ho var der, oppfører ho seg stadig rarare. Ho sit ved arbeidspulten og gjer absolutt ingenting, hun blir heilt roleg sittande i bibliotekavdelinga, og står ein heil dag i heisen medan folk går inn og ut. Videoinstallasjonen dokumenterer perioden der dei andre tilsette reagerer og uttrykker bekymring for hennar oppførsel. Amerikanske Andrea Fraser er også ein kunstnar som er interessant i denne samanhengen. Eit av Fraser sine arbeid, Untitled, frå 2003, viser Fraser og ein ikkjenamngjeven samlar som møtast på eit hotellrom og har sex. Samlaren skal ha betalt bortimot $20,000 for å delta i dette kunstverket. Friedrich Petzel Gallery hadde ordna kontrakten som avtalte rammene for møtet og viste seinare den timeslange videoen som blei resultatet. Fraser er ein kjend institusjonskritikar, og dette arbeidet synleggjer eksplisitt korleis aktørar i kunstmarknaden utnyttar kvarandre gjensidig. Arbeida til Fraser og Takkala trekkjer ikkje berre fram økonomiske samanhengar, men like mykje dei personlege og psykologiske. På ulike måtar spelar dei på eit ubehag som oppstår i relasjonar som «ikkje høyrer heilt saman». Never mind the Benefits er eit prosjekt som byggjer på vår forståing av at kunst og pengar er eit omgrepspar som inneheld sterke motsetnader. Eg har invitert ei rekke skribentar og intervjuobjekt til å assosiere fritt rundt dette omgrepsparet, og sjølve definere kva dei meinar er interessante innfallsvinklar. Eg har ynskt å få kunstfeltet i tale om kunst og pengar. Ikkje nødvendigvis for at kunstnarar og kuratorar skal ta eit standpunkt for eller mot privat sponsing, men heller få fram kva for refleksjonar dei gjer seg om pengar som tema i kunstnarisk samanheng, enten det gjeld praktiske problem, eller som kunstnarisk materiale. Undervegs i arbeidet med publikasjonen er det aktørar som har takka nei og/eller trekt seg fordi dei ikkje hadde eigne synspunkt godt nok formulert eller rett og slett ikkje ynskja å uttale seg offentleg om dei tematikkane som publikasjonen tek opp. Difor er eg takknemleg for at ni sentrale personane på det norske kunstfeltet deler sine refleksjonar. Det har blitt til fire essay og fire samtalar. Skribent, og seniorrådgjevar i KORO, Dag Wiersholm kjem med ein kritisk åtvaring om at kunsten står i fare for å miste sin samfunnsmessige relevans, kritikar André Gali reflekterer kring integritet, kunstsosiolog Sigrid Røyseng drøftar identitet og armlengdeprinsippet, og kritikar Erlend Hammer kritiserer kulturpolitikken. I samtaledelen fortel kunstnaren Marius Martinussen at han allereie som 12-åring forstod at han kunne selje bileta sine. Galleristane Randi Thommessen (Lautom Contemporary) og Randi Grov Berger (Entrée) snakkar saman om kva kommersiell og kunstnarstyrt galleridrift har til felles og kva som skil dei. Kunsthall Oslo sin tidlegare leiar, Per Gunnar Eeg-Tverbakk fortel om korleis det har vore å starte ein kunsthall i Bjørvika midt i kapitalens rekkje av nybygg. Og ikkje minst, når kunst og pengar er på agendaen, kjem ein ikkje utanom nemnde Marianne Heier. Samtalen mellom henne og Mariann Enge tek utgangspunkt i fleire av hennar verk som problematiserer nettopp temaet for denne publikasjonen. Denne samlinga av tekstar har ikkje som mål å definere ein ståstad. Den konkluderer ikkje, men er meint til å utløyse diskusjonar og prosjekt på eit som fagområde som har eit uutnytta potensiale både politisk, kunstnarisk og verbalt. Kva meiner du? 1 Forum for Kultur- og Næringsliv har skifta namn til Arts and Business, http://www.artsbusiness.no/

2 Fredrik Olsen: Hyklerkortet. Dagbladet 24.januar 2012 3 Børrea Schau-Larsen: Velgjører med full kontroll. Dagens Næringsliv 4.januar 2012 4 Sune Nordgren: Skulpturer i parker. Dagens Næringsliv 18.juni 2011 5 Tone Hansen: Frihet til hvilken pris? Dagens Næringsliv 2.februar 2011