SAMARBEIDSFORUM I SUNNFJORD Årsrapport 2015 Jølster Naustdal Flora - Gaular Førde
1. Innleiing Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS) er eit interkommunalt samarbeidsorgan for kommunane Flora, Naustdal, Gaular, Jølster og Førde. Medlemer av SIS består av ordførarar og rådmenn i medlemskommunane. Aktiviteten i SiS i 2015 har i stor grad vore retta mot arbeid med kommunereform. Det var SiS som initierte arbeidet som etter kvart òg femna om 10 kommunar med mål om ein regionkommune i Sunnfjord. Medlemmene i SiS har likevel vore særs tydlege på verdien av å SiS som sin regionale og strategiske møteplass i tillegg til arbeidet med kommunereforma. Samarbeidsforum i Sunnfjord har hatt slik samansetjing i 2015: Medlem Ordførar Mathias Råheim, leiar (fram til 27.11.2015, deretter nestleiar) Ordførar Håkon Myrvang, nestleiar (fram til 27.11.2015) Ordførar Oddmund Klakegg Ordførar Olve Grotle (leiar frå 27.11.2015) Ordførar Bengt Solheim-Olsen (fram til 27.11.2015) Ordførar Ola Teigen (frå 27.11.2015) Rådmann Øyvind Bang-Olsen Rådmann Børge Tvedt Rådmann Ole John Østenstad Rådmann Helge Følid Rådmann Terje Heggheim Kommune Gaular Naustdal Jølster Førde Flora Naustdal Jølster Førde Gaular Flora Administrasjon/sekretariat: Førde kommune, kommunalsjef Trond Ueland 2. Samarbeidsforum i Sunnfjord si verksemd i 2015 SIS har hatt slik møteaktivitet i 2015: Møtedato Møtestad 30.01.2015 Gaular kommune, Møte i SIS kommunehuset på Sande 27.02.2015 Rica Sunnfjord Hotel, Førde Møte i SIS 10.04.2015 Scandic Sunnfjord Hotel, Førde Møte i SiS 19.06.2015 Gaular kommune, Møte i SIS kommunehuset på Sande 25.09.2015 Førde kommune, Rådhuset i Møte i SiS
Førde 27.11.2015 Førde kommune, Rådhuset Møte i SiS SIS har hatt 7 ordinære møte i 2015 og handsama 39 saker. I regi av kommunereforma er det gjennomført 14 møter med styringsgruppa, der alle ordførarar og rådmenn i kvar av dei ti kommunane samt representantar frå dei tillitsvalde har delteke, 3 felles formannskapsmøter med alle formannskapa i dei ti kommunane, og 19 prosjektgruppemøter der alle rådmennene deltek. 3. Rekneskap 2015 SiS brukar etter måten lite midlar til si verksemd. Tilskotet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til arbeidet med regionråd er på kr. 550.000 kvar og vert fordelt ut likt til dei fire regionråda i fylket. For 2015 har midlane som tidlegare blitt nytta til sekretariatshjelp og vanleg møteverksemd. I tillegg har midlane i stor grad blitt brukt til å delta i Kommunal- og regionaldepartementet sitt «Byregion program» med prosjektet «Sunnfjordbyen» og kommunereformarbeidet, som SiS i starten var prosjekteigar for. Elles har SiS hatt utgifter med rekrutteringsmesser. Vidare er utgifter med kontorhald inkludert i rekneskapen. I samsvar med nye signal frå fylkeskommunen om bruk av regional midlar er tilskotet ikkje nytta til sekretærhjelp. Detaljar i rekneskapen inngår i Førde kommune sitt årsrekneskap og syner slikt resultat: 4. Samarbeidsavtale Sogn og Fjordane fylkeskommune og SIS For 2015 har vi ikkje hatt noko felles avtale med fylkeskommunen. Det vil bli følgt opp i 2016. Vi forstår derfor slik at tidlegare avtale derfor òg vil gjelde for 2015. I den avtalen heiter det m.a. at: «Samarbeidsavtalen gjeld for 2013 og 2014 og tar utgangspunkt i utfordringar i fylkeskommunen sin regionale planstrategi om folketalsutviklinga som den største utfordringa for Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen legg vidare i sin planstrategi vekt på etablering av ein plattform for kommunal- og interkommunal planlegging. Her trekk fylkeskommunen spesielt fram utvikling av større og meir funksjonelle bu-, sørvis- og arbeidsmarknadsregionar med attraktive kommune- og regionsentra som sentrale for å nå måla i den regionale planstrategien. Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS) har følgt dette opp m.a. gjennom interkommunal planstrategi for Sunnfjord. Samarbeidsavtalen for 2013 og 2014 går endå eit steg vidare og vil m.a. arbeide vidare med ein strategi for næring i samsvar med planstrategie. Det overordna målet er å følgje opp SIS sin interkommunale planstrategi gjennom tiltak, handlingsprogram, utvikle arena for samspel, aksjonar og strategiske samarbeid i Sunnfjord. Deler av samarbeidsavtalen regulerer m.a. driftsretta tiltak for
Samarbeidsforum for Sunnfjord. Det gjeld drift av sekretariat, møter, konferansar og samhandling elles. Hovudinnhaldet er likevel å følgje opp prioriterte deltame: o Deltema 1: Gjennomføre arbeid med ein næringsstrategi for Sunnfjord med vekt på kompetanse, verdiskaping og lokal forankring i kommunane. o Deltema 2: Regionforstørring, verdiskaping og næringsutvikling. Analyse for vidareutvikling av transportsystemet i Sunnfjord og regionane rundt som middel for å oppnå regionforstørring. o Deltema 3: Identifisere og finne tiltak som styrkar kommunane si evne til systematisk plan- og utviklingsarbeid med vekt på snøggare planlegging og gjennomføring. Det vil bli lagt vekt på samspel og samarbeidsmekanismar med det regionale nivå. o Deltema 4: Syte for å få fram forsking/data som er relevant for utvikling av regionen. I dette ligg det og å utvikle Fylkesspegelen i tråd med ynskjer og behov frå regionen. o Deltema 5: Vidareføre arbeidet med reiselivsutvikling, deltaking på rekrutteringsmesser og å utvikle vidare samarbeidsnettverk innan IKT, Helse (legevakt/samhandlingsreforma), undervisning, samferdsle.» 5. Oppfølging av samarbeidsavtalen med fylkeskommunen Interkommunal næringsstrategi SiS har i samsvar med samarbeidsavtalen utarbeidd ein eigen interkommunal næringsstrategi. Denne er vedteken i alle kommunestyra og i SiS. Strategien er med på å sikre ein meir integrert og funksjonell regionalpolitikk i Sunnfjord. Ei viktig utfordring er å etablere relevante og strategiske møteplassar slik at næringsaktørar i regionen kan møtast, etablere kontakt og drøfte tettare regionale partnarskap. Interkommunal planstrategi har m.a. vore viktig i forhandlingane med ny kommune i Indre Sunnfjord. Deltaking i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt byregionprogram SiS har frå 2014 delteke i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt byregionprogram med prosjektet «Sunnfjordbyen». Utviklingsprogrammet for byregionar skal bidra til å styrke vekstkrafta for byregionane som er med i programmet og til auka kunnskap om samspelet mellom by og omland. Arbeidet starta opp i 2014 og SiS fekk kr. 500 000 til m.a. å gjennomføre ei regional næringsanalyse om «Sunnfjordbyen». Analysane vart gjennomført av Telemarksforsking. Arbeidet i det som blir omtala som Fase 1 vart avslutta i 2015. Det vart sendt ein eigen søknad om deltaking i fase 2 der SiS fekk eit tilskot på 2,5 million kroner. Fase 2 er å rekne som handlingsprogrammet for den interkommunale næringsstrategien og blir gjennomført i eit samarbeid mellom SNU og Fram Flora. SiS er styringsgruppe for arbeidet og SNU prosjektleiar. Internasjonalt Gjennom «Sunnfjordbyen» er vi òg med i eit nordisk forskingsprosjekt i regi av Telemarksforsking saman med samarbeidspartnar i Danmark og Sverige. Prosjektet handlar tillit som drivkraft i regional utvikling og om stader sin utviklingskultur og betyding for
attraktivitet og vekst. Rekrutteringsmesse i Bergen, Oslo og Trondheim Det vart som tidlegare år gjennomført karrieremesse både i Bergen, Oslo og Trondheim. Kommunereformarbeidet SiS har vore prosjekteigar for kommunereforma i Sunnfjord og arbeidet har vore særs krevjande. I samsvar med ønskje frå kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund (HAFS) og Gloppen vedtok SiS tidleg i 2015 å inkludere også desse kommunane i kommunereformprosjekt Sunnfjord. Prosjektet vart organisert som eit samarbeid mellom SiS og HAFS og det vart etablert eit sekretariat med ein eigen prosjektleiar og sekretærane for HAFS og SiS. I 2015 vart gjennomført 14 møter med styringsgruppa for kommunereformprosjektet. Her deltek alle ordførarar og rådmenn i kvar av dei ti kommunane samt representantar frå dei tillitsvalde. Vidare vart det arrangert 3 felles formannskapsmøter med alle formannskapa i dei ti kommunane. Prosjektgruppa for kommunereformarbeidet gjennomførte 19 prosjektgruppemøter der alle rådmennene deltok. Arbeidet med kommunereform Sunnfjord har fått stor merksemd både i lokal og nasjonal media. I tillegg har vi blitt inviterte til å formidle erfaringar frå måten vi har arbeidd på i andre fylker. Vi ser òg at metodikken og arbeidsdokument har danna mal for mykje arbeidet med kommunereform i andre kommunar og regionar. Dette er sjølvsagt positivt sett frå SiS si side. Men på den andre sida er det rimeleg å tolke det slik at nettopp den arbeidsinnsatsen som ordførarar, rådmenn og sekretariar har investert i reformprosessen har vore naudsynt for å gjennomføre så store reformer. Kronikk verdien av å stå samla SiS skreiv ein eigen kronikk om verdien av å samarbeide og heie på naboen. Bodskapen i kronikken var å peike verdien av felles politisk vilje til å arbeide saman og skape ein felles plattform for verdiskaping i regionen. Samarbeidsforum i Sunnfjord Jølster Kommune Flora Kommune Naustdal kommune Oddmund Klakegg Ola Teigen Håkon Myrvang Ordførar Ordførar Ordførar Gaular Kommune Mathias Råheim Ordførar Førde kommune Olve Grotle Ordførar