ÅRSMELDING ØVRE TELEMARK JORDSKIFTERETT 2006
1 Innleiing Jordskifteretten er ein særdomstol; jf. domstollova 2 pkt. 2, som byggjer på vanlege domstolsprinsipp. Dette betyr at retten har eit avgrensa saksfelt som går fram av reglane i jordskiftelova. Særdomstolen er uavhengig i si dømmande verksemd, og vart administrativt underlagt Domstoladministrasjonen i Trondheim frå 01.01.2006. 2 Hovudoppgåvene for jordskiftearbeidet Hovudoppgåver og mål for jordskifterettane er: Dei tradisjonelle jordskifta skal gjere eigedomane betre skikka for utnytting. Målet er å tilpasse rettar, eigedomsutforming og transportnett i samsvar med behovet i framtida. Rettspleie for eigedoms- og bruksrettstilhøve. Sørge for å skape ro om eigedoms- og bruksrettstilhøvetilhøva med tanke på optimal utnytting. Grunnerverv gjennom arealbyte og skjønn i ei og same sak. Dette er aktuelt i saker der eit tiltak fører til inngrep i eigedomen (-ane). Målet er å redusere skadeverkandene av tiltaket for dei eigedomane det gjeld, og sette eigarane i stand til å halde fram med bruken av eigedomane trass i at dei avstår areal til tiltaket. Eit anna mål er å gje tiltakshavaren og grunneigarane eit alternativ til erstatning i pengar. For å nå desse måla har retten følgjande virkemiddel til disposisjon: oppløysing av sameige ombyting av grunn og rettar bruksordning for utnyttinga av eit område (t.d. jakt, fiske, beite) avløysing av bruksrettar (t.d. vegrettar, beiterettar) fellestiltak for fleire eigedomar (t.d. felles vegar og gjerdehald) fordeling av tilleggsjord og deling av landbrukseigedomar grensegang rettsutgreiing for å klarlegge eigedomsrettar og bruksrettar i eit område utbyggingsjordskifte, t.d. der nye offentlege vegar deler opp eigedomar på ein uheldig måte vernejordskifte, t.d. der det er vedteke vern av barskog skjønn etter gjerdelova, veglova (private vegar) og servituttlova Omfanget av sakene kan variere frå nokre dagsverk til fleire årsverk. Jordskifterettane kan avgjera rettsspørsmål og vedta tiltak mellom grunneigarar og rettshavarar som gir meir rasjonell bruk, måler inn og merker grenser samt lagar eigedomskart i ei og same sak. Jordskifteretten sikrar ei effektiv ressursutnytting ved å vere eineinstans gjennom heile prosessen, og grunneigarane får utført dei nødvendige offentlege tenester knytt til eigedomsendringane i ein rettsinstans. Frå Vinje
3 Øvre Telemark jordskifterett Øvre Telemark jordskifterett omfattar kommunane Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Seljord, Hjartdal og Tinn. Kontoret held til i tidsmessige lokale i Statens Hus i Kviteseid. Tilsette ved kontoret: Jordskifterettsleiar/jordskiftedommar Svein Dag Midtsund Jordskiftedommar Gunnar Bjerke Osen. Avd. ing. Terje Skinstad. Avd. ing. Bjørgulf Ruud Konsulent Gerd A. Nordskog 4 Saksarbeidet. Nøkkeltall for saksarbeidet: Skifta Slutta Km merka areal saker grenser (i daa.) Tvistar Vedtak Tal parter Gj.snittsalder slutta saker Føreliggjande saker pr. 01.01.2007 Gj.s.alder føreliggjande saker Nye krav 35 6 478 45,2 26 69 198 1,7 35 0,7 29 Det vart slutta 35 saker i 2006. Gjennomsnittsalderen for slutta saker var 1,7 år og for føreliggjande saker er gjennomsnittsalderen 0,7 år. Saksbehandlingstida for avslutta saker er 1,1 år og vi legg vekt på å oppfylle serviceerklæringa om oppstart på saker innan 12 månader frå kravtidspunktet. I tillegg blir det lagt stadig meir vekt på å få saka avslutta utan unødig opphald i saksbehandlinga. Det kom inn 29 nye krav i 2006. Det er framleis overvekt av jordskiftesaker framfor rettsutgreiings- og grensegangssaker. Dominerande sakstype i distriktet vårt er bruksordning etter 2 c i jordskiftelova. For 2006 hadde Øvre Telemark jordskifterett driftsutgifter på tilsaman kr 2 780 000,-, inklusive husleigeutgifter. Dette var i samsvar med løyvinga. Gebyrinntektene er rekneskapsført med kr 428 914,-. I 2005 og 2006 har funksjonærar ved Øvre Telemark jordskifterett utført arbeid i Lista jordskifterett for å redusere restansen i dette soknet. I alt er det handsama 7 saker, og alle er nå avslutta og rettskraftige. Litt om einskilde saker: Vi har dette året hatt 8 saker som har gått ut på avmerking av grenser for naturreservat kravd av Fylkesmannen i Telemark. Desse sakene er heimla i 88 fyrste ledd i jordskiftelova. Det meste av arbeidet er av teknisk karakter, og vi har hatt mellombels tilsette (studentar) til å utføre ein del av dette merke- og landmålingsoppdraget. Den største av desse sakene er Solhomfjell naturreservat som ligg dels i Nissedal kommune, Telemark fylke og dels i Gjerstad kommune, Aust- Agder fylke. I samråd med Aust-Agder jordskifterett vart det avgjort at vi skulle ha denne saka. Reservatet er på 23,3 km 2 daa og avmerka grenselengde er 20,1 km. Blant dei nye sakene i 2006 ligg det føre krav om rettsutgreiing, grensegang og ev. bruksordning for store delar av Fyresdal sentrum, Folkestadbyen. Dette er ei omfattande sak som nærmast går ut på totalavklaring for rettslege forhold i området.
5 Kompetanseutvikling Fylgjande deltaking på kompetansetiltak i 2006: Dømmemøte Agder jordskiftedøme, 8. 10. mars, alle. Temadag jordskifterettane i Telemark, 7. 8. desember, alle. Tingsrett for landmålarar, 10 vekters kurs, 2006-2007, avd. ing. Terje Skinstad Saksbehandlarkurs, 2005-2006, konsulent Gerd Nordskog Kurs hevd, 30. november, jordskiftedommar Gunnar Bjerke Osen og Svein Dag Midtsund Kurs i jordskiftefaget, jordskiftedommar Gunnar Bjerke Osen og Svein Dag Midtsund I tillegg er det arrangert interne kompetansetiltak ved kontoret. Øvre Telemark jordskifterett Tlf. 21 55 33 10 Statens Hus Fax 21 55 33 11 3850 Kviteseid E-post: ovre.telemark.jordskifterett@domstol.no Internett: www.jordskifte.no