Kommunal planstrategi for Vestnes kommune

Like dokumenter
Kommunal Planstrategi

Kommunal planstrategi for Vestnes kommune Vegen vidare

Kommunal planstrategi for Vestnes kommune Vegen vidare

Kommuneplan Samfunnsdel

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Målselv mulighetslandet. Kommunal planstrategi

Planstrategi for Ullensvang herad

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Regional planstrategi Møre og Romsdal

Kommunedelplan for oppvekst

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR BYKLE KOMMUNE

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Kommuneplan for Hattfjelldal Kommune. Planstrategi

Regional og kommunal planstrategi

Kommunal planstrategi. Tilrådd av formannskapet den 27/ , sak 97/16. Øystre Slidre rein naturglede!

Planstrategi for Vinje kommune Synspunkt

Regional planstrategi Høyringsmøte, 18 og

Utvalg Utvalgssak Møtedato Plan og utviklingsstyre 16/ Eide kommunestyre 16/

Regional planstrategi

Klæbu kommune. Planstrategi

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

VANYLVEN KOMMUNE. Beredskapsoversyn

Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet /2015

Planstrategi

RULLERING AV KOMMUNEPLANEN

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Innspel frå FUNK til kommuneplanen sin samfunnsdel

Skodje kommune Teknisk avdeling

Opplæring. Plansystem og planarbeid

Årssamling i regionalt planforum 2017 regional planstrategi Marit Rødseth, plansjef 12.september 2017

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

DELPROGRAM A. Regional planstrategi prosess og medverknad

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Til veljarane i Tysnes

Saksnr Utval Type Dato 068/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Helhetlige planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken

Regional og kommunal planstrategi

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Skodje kommune Teknisk avdeling

STYRINGSDOKUMENT FOR BEREDSKAP

Kommunal planstrategi for Midsund kommune

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Planstrategi for Spydeberg kommune

ETAT FOR LOKAL UTVIKLING. Utforming av kommuneplan

Helhetlig planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, Husbanken

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Kultur i samfunnsplanlegginga Trivsel; ein føresetnad for eit godt samfunn. Tor Arne Gangsø Molde,

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Høringsutkast planstrategi for Ålesund kommune

Informasjonshefte om Brekke for idédugnad - arbeidsgrupper

Jølster kommune Saksutgreiing

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Regional planstrategi - RPS

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Planstrategi for Nesna kommune

Regionale roller og regionalt samarbeid i klimatilpassingsarbeidet

Saksfremlegg. Saksnr.: 11/ Arkiv: 140 &13 Sakbeh.: Berit Erdal Sakstittel: KOMMUNAL PLANSTRATEGI

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Ingen for å ivareta deira interesser i Odda kommune.

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskap 80/ Kommunestyret 85/

Planstrategi for Kvitsøy kommune

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Kommunal planstrategi for Midsund kommune

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Ål Venstre. Ål Venstre

Hvordan skape meir folkehelse?

SAMORDNINGS- OG BEREDSKAPSSTABEN. Rapport frå tilsyn med samfunns-sikkerheit i Skjåk kommune.

Kommunal planstrategi Tjøme kommune

Forslag til planstrategi for Fauske kommune

Regionale utviklingstrekk Møre og Romsdal. Fylkeskulturkonferansen 2011, Molde

Plannettverkssamling Vestnes 10.desember Planarbeid i Vestnes Tresfjordbrua sett fra Kataholmen

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Saksnr Utval Type Dato 088/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

ULSTEIN KOMMUNE Plan- og bygningsavdelinga

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Hytter i Gol. Kommuneplan og litt meir

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR HERØY(NORDLAND)

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging. Jarle Jensen, Miljøverndepartementet Bergen, 7. november 2011

Erfaringar frå arbeidet med samordna bustad- areal- og transportplanlegging

Forslag til planstrategi for Leksvik, Rissa og Indre Fosen. Høringsutkast,

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Transkript:

Kommunal planstrategi for Vestnes kommune 2012-2015 1 Vegen vidare er vanskeleg å velje, når ingen kan sjå korleis den vil ende Skimtar vi stjerner der borti det fjerne? Eller lysa frå by n som eit lokkande syn? (NB! Forslag av 16.04.2012)

Kommunal planstrategi for Vestnes kommune 2012-2015 2 Innhald: Side Bakgrunn Lova og målet 3 Nasjonale forventningar 3 Regional planstrategi 3 Andre føringar 3 Kommunal forventning 3 Utviklingstrekk og utfordringar Innleiing 4 Befolkningsutvikling 4 Trivsel og folkehelse 4 Næringsutvikling 5 Infrastruktur 5 Klima- og energi 6 Tettstadutvikling 6 Samfunnstryggleik og beredskap 7 Kommuneøkonomien 7 Gjeldande planer Samfunnsdelen 8 Arealdelen 8 Oversikt eksisterande planer 9 Behov og prioritering 2012 2015 Samfunnsdelen 10 Arealdelen 10 Framdriftsplan 10 Vedlegg Nasjonale forventningar: http://www.regjeringen.no/pages/16723462/t-1497.pdf Forslag regional planstrategi: http://mrfylke.no/tenesteomraade/plan-og-analyse/regional-planlegging/regionalplanstrategi/regional-planstrategi-lagt-ut-til-hoeyring Kommunestatistikk for Vestnes: http://mrfylke.no/tenesteomraade/plan-og-analyse/statistikk-og-analyser/kommunestatistikk Folkehelseprofil for Vestnes: http://khp.fhi.no/pdfvindu.aspx?nr=1535&sp=1

Kommunal planstrategi for Vestnes kommune 2012-2015 3 Bakgrunn: Lova og målet Kommunal planstrategi blei innført i den nye Plan- og bygningslova av 2009. Kommunestyret skal 1 gong i kvar valperiode, seinast 1 år etter konstituering, vedta kommunal planstrategi. Strategien er altså ikkje ein plan, men ei oppskrift for vidare kommunalt planleggingsarbeid. Dokumentet skal gi ei kortfatta og oppdatert oversikt over utfordringane kommunen har, som følge av samfunnsutviklinga. Dette dannar igjen grunnlaget for at kommunestyret kan ta stilling til om gjeldande kommuneplan treng samt ei bevisst prioritering av planer kommunen har behov for og kapasitet til i valperioden. Målet er å ha eit effektivt og resultatorientert styringsreiskap, tilpassa aktuelle behov og ikkje meir omfattande enn nødvendig. Nasjonale forventningar Regjeringa utarbeider kvart 4. år Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, for å fremme nasjonal politikk og bærekraftig utvikling. Dei nasjonale forventningane skal følgast opp i arbeidet med planstrategi, som generelle retningsliner. Klima og energi, tettstadutvikling, infrastruktur, næringsutvikling, natur- og kulturmiljø, helse, livskvalitet og oppvekstmiljø er alle tema regjeringa har formulert forventningar til. Regional planstrategi Fylkeskommunane skal utarbeide eigen planstrategi, som grunnlag for regional planlegging. Mellom anna er det stilt nasjonale forventningar til planer for senterstruktur, samordna arealog transportplanlegging, regionale planer for vindkraft, småkraft og kystsone. Kommunane må ha eit auge på den regionale strategien, slik at kommunar og fylke dreg i same retning. Andre føringar Folkehelse, universell utforming, klima, strandsone, kulturhistoriske verdiar, naturmangfald og jordvern er tema som vil gå igjen i all planlegging. Dette betyr ikkje at alle desse omsyn til ein kvar tid skal ha forrang, men at dei skal telje med på vektskåla når vi legg våre planer for nye generasjonar sin eksistens i Vestnes, Møre og Romsdal og landet generelt. Kommunal forventning Den store aktiviteten og verdiskapinga som skjer og historisk har skjedd langs vår langstrakte kyst, har hatt enorm betydning for utviklinga i landet. Dette leiar fram til følgjande postulat: Det norske busettingsmønsteret, med heile landet i bruk, er av stor verdi også for framtida. Sidan regjeringa stiller nasjonale forventningar til kommunane, er det også rimeleg at også kommunane har forventningar andre vegen. Det er såleis ei kommunal forventning at regjeringa fører ein bevisst politikk, som gjer det attraktivt å etablere kunnskapsbaserte arbeidsplassar også mindre sentralisert og sikrar ein balansert busettingsutvikling. Dette kan skape ein vinn/vinn - situasjon som både sikrar grunnlaget for framtidig verdiskaping i distrikta og samtidig lettar på presset i sentrale strøk.

Kommunal planstrategi for Vestnes kommune 2012-2015 4 Utviklingstrekk og utfordringar: Innleiing I dette kapitlet blir utviklingstrekk både for Vestnes og delvis fylket drøfta, med bakgrunn i regionale utviklingstrekk, kommunestatistikk for Vestnes, folkehelseprofil for Vestnes og lokale erfaringar sidan siste av kommuneplanen. Delvis i samsvar med nasjonale forventningar og delvis i samsvar med forslag til regional planstrategi er kapitlet tematisk inndelt i: Befolkningsutvikling, trivsel og folkehelse, næringsutvikling, infrastruktur, klima og energi, tettstadutvikling, samfunnstryggleik og beredskap og kommuneøkonomi. Befolkningsutvikling Vestnes har eit relativt stabilt folketal med omkring 6500 innbyggarar. Netto innflytting frå utlandet har medverka til stabilisering av folketalet. Statistikk med framskriving til 2021 viser at vi truleg blir færre i dei yngste årsklassane, medan vi blir fleire pensjonistar både i faktiske tal og i høve andre kommunar. Dette kan gi press i pleie- og omsorgsektoren. Samtidig får vi mindre overført frå Staten til skuledrift. På den positive sida kan faren for press i Pleie- og omsorg bli motverka av at pensjonistane i framtida blir friskare og i mindre grad brukarar av offentlege omsorgstenester. Gjeldande omsorgsplan er utgått og ny plan aktuell i lys av befolkningsutvikling, samhandlingsreforma og økonomiske realitetar. Det er positivt at Vestnes har full barnehagedekning og eit godt oppvekstmiljø for dei fleste. Utfordringa er å bli betre til å spreie bodskapen om vår strategiske plassering og det gode liv ved Romsdalsfjordens sørlege breidd, slik at fleire ungdomar og unge familiar busett seg her. Trivsel og Folkehelse Vestnes kommune har eit yrande kulturliv i høve folketalet, der idrett, musikk, teater/revy m.m. er vesentlege trivselsfaktorar. Mange kulturtilbod fungerer identitetsskapande og er møteplassar som fremmer sosial tilhøyrigheit, utvikling av fellesskap og engasjement for samlande mål i samfunnet. Kommunen har vore bevisst på å støtte opp om frivillige lag og organisasjonar og har medverka til oppgradering av mange lokale kulturbygg. Eit sentralt felles kulturhus for heile kommunen manglar. Kommunane rundt oss har greidd det. Vestnes bør vidareføre plass til denne funksjonen i sine planer til den dagen kjem at dei rette ideane, samarbeidspartar og økonomi er på plass. Både fysisk og åndeleg trivsel er vesentlege faktorar for folkehelsa. Vandring i vår storslåtte natur gir i dobbel forstand eit vidare perspektiv på livet og er ei gratis og utømeleg kjelde til fysisk og åndeleg velvære. Gjeldande kommuneplan legg i stor grad opp til å gjere både strandsone og fjellområda våre tilgjengeleg for fysisk aktivitet. Ein del er godt lagt til rette med parkeringsplassar og turstiar, men det er fortsatt ei utfordring å realisere fleire av ideane samt å vidareutvikle tilrettelegginga i revidert plan. Det er neppe muleg i praksis å gjere alt tilgjengeleg for alle, men universell utforming må vere med i all planlegging så langt som råd. I Vestnes sin folkehelseprofil kjem det fram et kommunen er overrepresentert i statistikken når det gjeld røykevanar og diabetes. Vestnes ligg også høgt på sjukefråværsstatistikken. Eit framtidig bærekraftig helsevesen er truleg avhengig av styrka folkehelse. Dette er vinn/vinn både for det offentlege og den enkelte. Førebyggande arbeid er eit vesentleg element i denne samanheng I lys av dette og ny lov om folkehelse kan det vere formålstenleg å utarbeide både temaplan for folkehelse og personalpolitisk plan med fokus på trivsel og mindre sjukefråvær.

Kommunal planstrategi for Vestnes kommune 2012-2015 5 Næringsutvikling Karakteristisk for Vestnes er at relativt mange er tilsett i offentleg sektor og industri. Samtidig er det færre med utdanning utover vidaregåande skule enn fylket og landet elles. Omsorga for menneske med utviklingshemming har i stor grad vore kvinnedominert og talet på tilsette vil gå ned i tida frametter. Trass i at likestilling er kome langt, veit vi at industrien i stor grad er mannsdominert. Utviklinga kan dermed gå mot eit meir og meir maskulint arbeidsliv. Dette gjeld også for store deler av fylket. Utfordringa er at både Vestnes, fylket og regjering legg til rette slik at vi får vår del av framtidig, nyskapte kunnskapsbaserte arbeidsplassar, som også appellerer meir til kvinner. Med Vestnes sin strategiske plassering midt i fylket, er potensialet til stades for både utvikling av eksisterande næringsliv og nyetableringar. For å sikre vidare verdiskaping i næringslivet er det viktig å legge til rette næringsareal som dekker ulike behov. Det er spesielt attraktivt å klargjere sjønære næringsareal. Ved rullering av kommuneplanens arealdel i 2006 lykkast det ikkje å finne tilstrekkeleg eigna næringsareal. Det er eit vesentleg moment som talar for revidering av arealplanen. Infrastruktur Fotomontasje: Statens vegvesen Vestnes kommune er lokalisert midt i fylket, i knutepunktet mellom kyststamvegen E39 og Eksportvegen E136. Dette gjer Vestnes til eit av dei mest sentrale og strategiske punkta i fylket, med potensiale for vekst både i næringsutvikling og busetting. Utsikt til realisering av vegprosjekta Tresfjordbrua, Vågstrandstunnlen og Møreaksen understrekar endå tydelegare Vestnes som knutepunkt, og vil gjere kommunen til del av ein større arbeidsmarknadsregion. Trasé for Møreaksen må leggast inn i arealplanen, samtidig som det vil vere relevant å vurdere lokalisering av nye næringsareal i tilknyting til stamvegane. Hurtigbåtruta mellom kommunesentra i Vestnes og Molde vil vere av stor verdi for arbeidsmarknadsregionen også i framtida, uavhengig av dei store samferdselsprosjekta Kort avstand til flyplassane i Molde og Ålesund understrekar den sentrale posisjonen Vestnes har. Det er likevel ei utfordring å koordinere ferjeruter slik at fly frå Molde blir nyttige i praksis. Likså er det ei utfordring å forbetre transportservice mellom Årø og Molde sentrum, som er så godt som fråverande med mindre ein brukar eigen bil.

Kommunal planstrategi for Vestnes kommune 2012-2015 6 Klima og energi Global oppvarming er den største miljøutfordringa verdssamfunnet har. I følgje FN sitt klimapanel er dei menneskeskapte utsleppa avgjerande for oppvarminga av kloden. EU sin klimapolitikk tek utgangspunkt i reduksjon av klimagassutslepp, for å avgrense global temperaturauke til 2 C. Utslepp av klimagassar handlar i hovudsak om fossile brennstoff, noko som er tett knytt opp mot generell samfunnsutvikling world wide. Ein konsekvens av varmare klima, ser ut til å vere at været blir villare og våtare. Dette må takast omsyn til både i planer for arealbruk, driftsplanar og beredskap. Vestnes kommunestyre vedtok i juni 2011 Energi- og klimaplan 2011-2015. Det er derfor ikkje aktuelt med ny plan denne perioden, men heller arbeide bevisst for å nå måla i planen. Tettstadutvikling Foto: Axel N. Sømme På Vestnes-konferansen i 2011 understreka fylkesplansjefen kor viktig det er å styrke senteret i ein kommune. Indre rivalisering er lite fruktbart og eit svakt sentrum vil føre til at større sentra vinn kampen om tilflytting og busetting. For bygdene rundt er det ikkje Helland som er problemet, men Ålesund, Trondheim, Bergen, Stavanger, Oslo osv. I gjeldande kommuneplan er det m.a. sett som mål at Helland skal vere eit livskraftig handelsog servicesentrum mellom Molde og Moa, der vi finn alt vi treng i det daglege. Helland sentrum har ein fordel med at tilboda er samla på eit lite og kompakt areal, med nærleik til sjø og kort veg til attraktive friluftsområde ved naturperla Flatevågen. Denne fordelen bør Vestnes vere bevisst på å behalde og utvikle. Det knappe arealet må utnyttast optimalt med tanke på både handel, service og bustader, samtidig som det blir lagt vekt på at senteret også skal romme trivelege, kulturelle og sosiale møteplassar og aktivitet. Landsbyen Helland må utviklast slik at den tilfredsstiller unge og moderne menneske sine stadig meir urbane behov. Ei aktiv sentrumsnemnd med sentrale politikarar arbeider bevisst med denne utviklinga. Utfordringa vidare består i å følgje opp i økonomiplan og budsjett samt at det vil vere naturleg summere opp arbeidet i ein samla og oppdatert reguleringsplan for kommunesenteret.

Kommunal planstrategi for Vestnes kommune 2012-2015 7 Samfunnstryggleik og beredskap Lov om kommunal beredskapsplikt med krav til gjennomføring av overgripande risiko- og sårbarheitsanalyser og utarbeiding av beredskapsplanar tredde i kraft frå 2010. Ny plan- og bygningslov har bestemmingar for å førebygge risiko for tap av liv, skade på helse, miljø og viktig infrastruktur o.a. Kommunen skal vere rusta til å møte kriser av forskjellig storleik og konsekvens; Ulykker, naturkatastrofar, oljeforureining, pandemiar og kriminelle handlingar. Kompetanse og planverk må tilpasses nye krav. Overordna ROS - analyser må gjennomførast slik at samfunnstryggleik blir tema i areal- og verksemdsplanar. Vestnes kommune har utarbeidd Plan for kriseleiing og Beredskapsplan, men begge er aktuelle for. Kommuneøkonomien Kommunen sine totale årlege inntekter er pr. dato i storleik 400 millionar og kjem i hovudsak frå skatt og statlege overføringar. Ein stor del av overføringane er vertskommunestilskottet Vestnes får til å yte omsorg til dei mange bebuarane på sentralinstitusjonen Hellandheimen, som fekk bu i Vestnes også etter reforma. Pensjonsforpliktelsane for dei mange som er eller har vore tilsett i denne sektoren følgjer med på lasset utan at vertskommunetilskottet tek omsyn til desse relativt store kostnadane. Vestnes kommune har innført eigedomsskatt frå og med 2012 og budsjetterer med totalt 10-12 mill i kapitalinntekter frå Vestnes Energi og kraftfondet. Ca. 180 av landets kommunar har i tillegg kraftinntekter som ikkje blir utjamna i inntektssystemet. Vestnes er ikkje ein av dei. Gjennom dei statlege overføringane og andre inntekter skal kommunane i utgangspunktet vere i stand til å løyse lovpålagte oppgåver og lokale prioriteringar. Forventningane aukar både hos innbyggarane og staten i forhold til tenesteomfang, tenestekvalitet og effektivitet. Staten krev meir rapportering og gjennomfører stadig fleire tilsyn, som presser dei kommunale ressursane. Ofte høyrer eller les vi om saker kommunar er dårlige eller gode på. Slik fokus må vi venne oss til. Kvalitet og effektivitet på våre tenester er viktig for kommunen sitt omdømme og attraktivitet. Vestnes kommune har hamna på ROBEK - lista etter stort underskot i 2008 og nytt underskott som følgje av sviktande kapitalinntekter i 2011. Akkumulert underskot utgjer om lag 25 mill, som i utgangspunktet skal tilbakebetalast innan 2014. Den samla drifta er nokolunde i balanse, men det er fortsatt overforbruk i høve budsjett i enkelte sektorar. Skulesektoren har store utfordringar med å tilpasse drifta til færre elevar og dermed lågare statlege overføringar. I tillegg har barnevernet utfordringar det er vanskeleg å ha økonomisk kontroll over. Utfordringane komande periode blir å balansere drifta etter inntektene, skaffe seg stabile kapitalinntekter og gjenopprette handlefridomen, ved å kvitte seg med underskottet og kome seg ut av ROBEK. Samtidig med desse utfordringane skal kommunen finne rom for utviklingstiltak og stadig gjere kommunen meir attraktiv for nye etableringar og busetting. Den årlege rulleringa av handlingsplanen/økonomiplanen er viktig for fortsatt god budsjettstyring. Her vil det måtte føretakast krevande politiske prioriteringar.

Kommunal planstrategi for Vestnes kommune 2012-2015 8 Gjeldande kommuneplan Gjeldande kommuneplan vart vedtatt i juli 2006. 3 politiske adhocutval, frå høvesvis austre, midtre og vestre del av kommunen arbeidde fram idear til ny kommuneplan. Prosessen var svært arealfokusert, med mindre merksemd rundt samfunnsdelen. Samfunnsdelen Vestnes kommune har ei rekkje planer (side 9) som i gagnet er delplanar eller temaplanar i kommuneplanens samfunndel. Kommuneplanen inneheld både visjonar, mål og strategiar, men har ikkje formelle knytingar til desse aktuelle planane for kommunens mangfaldige verksemd. Det synes derfor naturleg at ein av samfunnsdelen samlar planverket i eitt felles dokument, slik at visjonar og mål heng saman med temaplanane for dei ymse sektorane. Kommunale planer er ofte initiert av sentralt lovverk, ikkje ut frå lokale behov. Det er sagt at det er lett å legge ein plan, men ofte vanskeleg å vite kor ein har lagt den. Det må derfor vere eit mål at kommuneplanen ikkje blir ein skrivebordsplan, men eit realistisk og nyttig styringsreiskap for politikarar og administrasjon. Gjeldande kommuneplans samfunnsdel med visjonar, mål etc. har vore lite framme i lyset i perioden etter 2006. Skal den ha nokon verdi, må planens mål og strategiar ha større fokus ved årleg rullering av handlings-/økonomiplan. Arealdelen Det blir stadig vanskelegare å få gjennomslag for søknader om arealbruk, som ikkje er forankra i kommuneplanens arealdel. Mange søknader om dispensasjonar vitnar om at planen ikkje er god nok som styringsreiskap. Dette medfører mange og lange høyringsprosessar og krev mykje tid til saksbehandling. Ressursbruk som kunne vore redusert. På plankartet er svært mykje av arealet vist som LNF - område (landbruk, natur, friluft), sjølv om det ofte er eigedomar som tidlegare er godkjent til andre formål. Dette gjeld mellom anna strandsone, hytteområde, setrar og ein del etablerte bustadtomter. Ny plan ha større nøyaktigheitsgrad. Vedtekter for naust, bruk og vern av strandsone, og bygging på setrane er aktuelle nye tema. Når det gjeld kystsona er det sett i gang eit interkommunalt samarbeid om felles kystsoneplan for store delar av Romsdalsfjorden. Resultatet skal inngå som del av kommuneplanen. Det er eit nasjonalt mål å redusere omdisponeringa av dyrka jord. Planen treng ei klargjering av kva landbruksareal og kulturlandskap som er mest verdifullt og treng sterkast vern. I gjeldande plan er potensielle småkraftverk omtalt verbalt, men ikkje kartfesta. Dette er også eit tema som bør synleggjerast på kart ved av arealdelen. Gjeldande arealplan lykkast i brukbar grad med å finne attraktivt nytt areal for bustader, men for m.a. Daugstad, Fiksdal og Helland/Vestnes er det behov for å finne nye eller andre areal. Det lykkast i mindre grad å finne nytt eigna areal til næringsverksemd. Dette er ei stor og vesentleg oppgåve, som også må sjåast i samanheng med framtidige samferdselsstrukturar. Konklusjonen er at kommuneplanens arealdel generelt er utgått på dato. Ny plan for heile kommunen er nødvendig, sidan unøyaktigheitene i gjeldande plan er gjennomgåande for alle delar av kommunen. Likevel er det nesten uråd å produsere ein plan som tek høgde for alle gode idear som måtte dukke opp i 4-årsperioden. Dispensasjonssøknader må vi såleis leve med og ikkje stemple som negative i utgangpunktet. Målet er likevel at ein oppdatert plan lukar vekk mykje unødig ressursbruk og så langt råd blir ein framtidsretta reiskap for både politikarar, administrasjon og innbyggarar.

Kommunal planstrategi for Vestnes kommune 2012-2015 9 Oversikt over eksisterande planer: PLANSTATUS 2012 Plan Type Vedtatt Gyldig til Kulturplan 2008-2011 Temaplan 20.12.2007 2008-2011 Rusmiddelpolitisk plan Temaplan 26.06.2008 Ut juni 2012 Bustadsosial handlingsplan Temaplan xx.10.2010 2011-2014 Beredskapsplan Temaplan K 42/2004 til nytt vedtak Plan for kriseleiing i Vestnes Temaplan 2007-2011 Handlingsplan for kulturskulen Temaplan 19.05.2011 (v)årlig rullering Utviklingsplan barnehagane Temaplan rev. Feb -12 2015 Plan for overgang barnehage - skule Driftsplan vår 2009 til nytt vedtak Kvalitetssikring språk i førskulealder Driftsplan vår 2009 til nytt vedtak Veiledning nytilsett førskulelærar Driftsplan okt.11 evaluering 2013 Plan for tilsyn med barnehagane Driftsplan okt.11 2011-2015 Handlingsplan for grunnskulen Temaplan 19.05.2011 Ut juni 2012 Kvalitetsvurdering i grunnskulen Driftsplan årlig 2012 Plan for skulebesøk Driftsplan Rutiner når mobbing blir oppdaga Driftsplan adm.18.06.10 til ny rutine? Skulebasert vurdering Driftsplan Rutiner ved elevfråvær Driftsplan adm.17.02.10 Omsorgsplan Temaplan 16.06.2005 2005-2008 IKT-plan Temaplan 2006 2007-2010 Rammeplan avløp Temaplan ukjent utgått Trafikktryggingsplan Temaplan 20.11.2008 2012 Klima- og Energiplan K.delplan 16.06.2011 2011-2015 Kystsoneplan K.delplan 20.02.2003 2003-2010 Kommuneplan Vestnes 2006 Kommuneplan 06.07.2006 Inntil vidare

Kommunal planstrategi for Vestnes kommune 2012-2015 10 Prioritering og framdrift: Samfunnsdelen 2012 2013 2014 2015 Visjonar, mål og strategiar Handlings-/økonomiplan Årleg Årleg Årleg Årleg Omsorgsplan Personalpolitisk plan/reduksjon sjukefråvær Folkehelseplan Handlingsplan for grunnskulen Kulturplan Beredskapsplan/ROS-analyse Plan for kriseleiing IKT-plan (interkommunalt samarbeid) Eigarmelding Rammeplan avløp Trafikktryggingsplan ny ny Rusmiddelpolitisk plan Bustadsosial handlingsplan Arealplanar Kommuneplanens arealdel (Heile planen) Kystsoneplan i samarbeid med nabokommunar Reguleringsplan Helland sentrum ny Kanskje er det frå dette området vegen går vidare nordover frå Vestnes i framtida? Foto: J.R.Jacobsen